Sulaposten

Page 1

18

TO R S D A G 2 0 . J U N I 2 0 1 9 - N R 2 5

Kultur

Store smil i strålande solskin under festivalveka ved Bjørkavåg barnehage. Foto: Odd Solnørdal

Festivalveke i Bjørkavåg Barnehagebarna med friskt opplegg – og overskot til ei god sak. Leiken går for fullt i solskinet i Bjørkavåg denne torsdagen - og det er ikkje mangel på ting å ta seg til med. Under festivalveka til barnehagen slår dei til med feiring tre dagar til endes, akkurat som i eventyra, og gjennomføringa går då også heilt på eventyrvis. T R A D I S J O N . – Det er åttande

året vi gjer dette, og det er kjekt å kunne ha ei veke

med litt utanom det vanlegeaktivitetar, seier Therese Khile Urke. Barnehagestyraren viser veg gjennom både aktivitetsområde og utstillingar, i eit fint pynta og sprekt festivalområde. – Vi er svært stolte av den flotte utstillinga vår. Her syner vi fram produkt, bilde og planar som fortel litt om korleis vi har arbeida og leika oss gjennom årstemaet i barnehagen.

Kva skal du bli når du blir stor? Brannmann, du også, ja? Sula brann- og redningsvesen har akkurat skaffa seg brannbåt. Neste steg då er eige brann-helikopter. Og kan du telefonnummeret om du oppdagar brann? 110, ja. Korrekt! Foto: Odd Solnørdal

Årets tema er Leik og magi i kvardagen. Den rutinerte festivalkomiteen har tidlegare knytt til seg både nynorsk-senteret og musikkpedagogar, og dei små har fått boltra seg med ulike typar moro som både har leik og læring. Tirsdag var det leseaktivitetar og dukketeater, onsdag var her klovneshow og torsdag køyrde dei i gang 17. mai-

Einkvar barnehage bør vere utstyrt med ein robotverkstad. Det seier seg sjølv! Foto: Odd Solnørdal.

leikar - potetløp, kaste på boks, sykling og hinderløyper. Så var det generalprøve til ettermiddags-forestillinga. G O D S A K . – Det er kvar sin

dag å opptre og kome med innslag for foreldra og andre interesserte. Dans, musikk, skodespel…, fortel festivalgeneral Urke. – Vi har også open kafé, og overskotet blir gitt til veldedige formål.

I fjor ga vi pengane til barneavdelinga på sjukehuset, året før til kreftavdelinga og før der igjen var det sjukehusklovnane vi støtta. God støtte har det også blitt. Salet av kaffi og kaker, fruktbeger og fiskeburgarar, har kvart år sørga for beløp mellom 9.000 - 13.000 kr. I år vart det 9.584 kr til sjukehusklovnane. ODD SOLNØRDAL odd@sulaposten.no

Innandørs busstur er stor stas. Ruta er det berre fantasien som set grenser for. Eventyrland neste stopp! Foto: Tone Molnes.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.