Sulaposten 11. november

Page 1

TO R S D A G 1 1 . N O V E M B E R 2 0 2 1 - N R 4 2

Günderane på Aannø-fabrikken har utvikla ein ny type bålpanner, og all produksjon skal foregå i Langevåg. Her ser vi Vitalijus Ragulis (fremst), Tobias Aag (bak til venstre) og Christoffer Opsahl i produksjonsavdelinga, saman med styreleiar Rune Idar Frostad og dagleg leiar Ole Martin Molvær Godø.

VARME STUNDER MED FROST


Ole Martin Molvær Godø demonstrerer langsaum-sveiseautomaten, som sørger for perfekt sveis – kvar gong.

Tobias Aag monterer saman oskeskuffa, som Frost opplyser at dei er åleine om i bålpanne-marknaden.

Sveisne karar: Vitalijus Ragulis er i full gang med handarbeidet.

Bålpannene frå Frost kjem i mange ulike størrelsar, frå den vesle som du kan ta med deg på tur, til den store som du har på terrassen, ved huset eller hytta

Frost-røyken svir ikkje i augene. Ikkje luktar den heller. Her er det berre kos – og varme! – Det har vore positive tilbakemeldingar heile vegen. Folk har vore veldig fornøgde, seier Ole Martin Molvær Godø. Den daglege leiaren i Frost produkter AS fortel at dei skal sørge for varme stunder på frostige dagar. Produktet deira er nemleg ei modernisering av den t rad i sjonel le bå lpa n n a – og med denne versjonen er det ikkje lenger noko som heiter ein dårleg sitjeplass kring flammane.

er meir miljøvennlege og avgir meir varme, får du heller ikkje røyk i ansiktet eller lukt i klea, seier Molvær Godø. Han fortel at prinsippa dei arbeider etter har vore brukte i innepeisar i mange år, men det er først i seinare tid at det har vorte prøvd ut i bålpanner. – Vi starta opp i januar, med produktutvikling og å lære oss produksjonen. Først med ein liten modell, og så har vi utvikla oss vidare.

REINTBRENNANDE.

G O D S T A R T . Første bål-

– Dette er reintbrennande bålpanner. I tillegg til at dei

panna vart selt i mars, og i november bikka salstala 750.

Er dette eit produkt dokke er åleine om? – Nei, her er andre også som leverer slike bålpanner, men vi har anna design og andre løysingar, til dømes med oskeskuff, slik at du slepp å snu heile bålpanna når du skal tømme oske. Konstruksjonen er også slik at du kan flytte på bålpanna medan det er fyr i den – og både panne og stativ er enkelt å montere og demontere. Frost leverer også bålpanner i ulike størrelsar, heilt frå den vesle som du kan ta med deg på tur, til den store som du har på terrassen, ved huset eller hytta. LOK ALT

PRODUKT.

Kvar foregår produksjonen? Molvær Godø smiler lurt. – I enden av bygget her! Og trekka til bålpannene blir også laga her på fabrikken, dei får vi levert frå naboane våre i Sula bedriftsteneste.

Frost-leiaren viser veg inn i produksjons-lokala, der Christoffer Opsahl, Tobias Aag og Vitalijus Ragulis er i full gang med å skjere, sveise og montere. Mykje godt arbeid, og endå meir er i vente. Sjølv om bedrifta er relativt nystarta, er det allereie lagt planar om utviding. – Akkurat no leiger vi 760 kvadrat, men når laserskjeraren vår kjem i februar, treng vi ytterlegare 1.000 kvadrat. Då vil vi vere heilt

sjølvforsynte, og kan ta heile produksjons-prosessen her på fabrikken. Det er kjekt å kunne skape produkta våre lokalt, og å kunne gi ungdomane våre arbeid. I tillegg håper vi at andre firma vil bruke oss, vi kan ta på oss mange typar sveiseog montasjeoppdrag. ODD SOLNØRDAL odd@sulaposten.no

Det er kjekt å kunne skape produkta våre her lokalt, og å kunne gi ungdomane våre arbeid


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.