Vestlandsnytt 25.10.2019

Page 1

12 FREDAG 25. OKTOBER 2019 VESTLANDSNYTT

VESTLANDSNYTT FREDAG 25. OKTOBER 2019 13

ABB leverer autonom teknologi til Singapore hamn ABB, saman med Keppel Offshore & Marine, skal automatisere ein slepebåt i Singapore i 2020. ILLUSTRASJON: FOTO: ABB

ABB skrivi ei pressemelding at dei, i samarbeid med Keppel O & Ms teknologidivisjon, Keppel Marine og Deepwater Technology (KMDTech), skal utvikle

teknologien som mogleggjer prosjektet. Planen er å ettermontere nyskapande, digitale løysingar på ein 32 meters tauebåt, noko som mogleggjer testing av autonome fartøyoperasjonar på hama i Singapore mot slutten av 2020. Når løysinga er på plass anslår selskapet at fartøyet vil vere Sør-Asias fyrste autonome slepebåt.

– Dette prosjektet er ein viktig milepæl på vår digitale reise, ettersom det demonstrerer våre evne som leiande innan intelligent shippingteknologi og demonstrerer suksessen til vår visjon om elektrifisering, digitalisering og oppkopling for den maritime næringa, seier Juha Koskela, administrerande direktør, ABB Marine & Ports.

– Intensjonen med vår teknologi er ikkje å fjerne mannskapet heilt, men heller å avlaste mannskapet for oppgåvene som kan automatiserast, og dermed gjere det mogleg å utføre oppgåvene på ein enda betre måte under kritiske operasjonar, held direktøren fram. BJØRNAR SÆVIK bjornar@vestlandsnytt.no

Spår litt rolegare tider i næringslivet Onsdag vart årets utgåve av Konjukturbarometeret presentert. Etter to år med høg aktivitet er det meir usikkert om tempoet blir like høgt i 2020, opplyser Sparebank 1 Søre Sunnmøre. – 2018 og 2019 har vore gode år for næringslivet på Sunnmøre. Det har vore høg omsetningsvekst og gode resultat. 2020 vil også vere prega av høg

aktivitet, men kanskje ikkje like mykje som dei to føregåande åra som vi har lagt bak oss, seier Stig Brautaset, adm. direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre i ei pressemelding onsdag. Konjukturbarometeret har vorte presentert sidan 2012 og er eit samarbeid mellom Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Sparebank 1 Nordvest og Sparebank 1

SMN. Konklusjonen er basert på analysar av 2018-rekneskapen til 41.000 midtnorske bedrifter, dialog med ca. 15.000 næringslivskundar, vurderingar frå bransjeekspertar, banken sitt forventningsbarometer samt eigne og andre side makroanalysar. For Søre Sunnmøre viser barometeret at talet på verksem-

der ligg på eit stabilt nivå, med ein vekst i samla omsetnad på 0,7 prosent. Også driftsmarginane er stabilt gode og eigenkapitalen er på nivå med fjoråret. Det har også vore få konkursar siste året. Særleg fiskeri og havbruk har gode tider, medan maritim næring og offshore slit med lønsemda. – Det er særleg gledeleg å sjå

at næringslivet på Sunnmøre skil seg ut med stor omstillingsevne. Det er både investeringsvilje og evne til å vri drifta si mot andre næringar, seier Sigrun Heltne Vartdal, banksjef for bedriftsmarknaden i Sparebank 1 Søre Sunnmøre. BJØRNAR SÆVIK bjornar@vestlandsnytt.no

• Barnehagebarna i Gnist Myklebust er med i nasjonalt prosjekt:

– Vi skal gjere dei glade og spreie livsglede! Gnist Myklebust har byrja med eit heilt nytt konsept som dei håpar vil slå godt an for både born og vaksne.

Sigbjørn Myrseth kikar spent ut vindauget. Eit vindkast riv godt i husveggane på Herøy Produksjon, og ein solid knirke-lyd ljomar gjennom lokalet. – Der kjem dei, annonserer Sigbjørn, som stiller seg opp ved inngangsdøra for å ønskje barnehagebarna frå Gnist Myklebust barnehage velkomen inn i varmen, denne stormfulle tysdagen. – Det var kjempe-, kjempemasse vind der ute. Kofferten vår flaug, seier barna ivrig, i det dei vrenger av seg dyvåte jakker. Dei er alle iført knallgule Tskjorter under regntøyet, noko dei er snare med å påpeike. – Sjå da, sjå da, seier dei i kor til avisa. Dei viser oss spesielt det som står med store raude bokstavar over brystkassa. «Livsglede». – Vi skal gjere dei glade og spreie livsglede, seier Marikke Storøy Skar (5).

Deltek i prosjekt

Marikke har, som fleire av barna, forstått konseptet barnehagen er med på. Gnist Myklebust har nemleg denne våren valt å vere med på ei nasjonal satsing, å bli ein livsgledebarnehage. Dette inneber at barnehagen gjennomfører ulike fellesaktivitetar med mål om å glede andre, som til dømes å besøke sjukeheimar, omsorgsbustadar eller dagsenter jamleg i sitt nærmiljø. I Gnist Myklebust sitt tilfelle var Herøy Produksjon ei naturleg bedrift å besøke, og dei skal etter kvart også innom sjukeheimen.

– Generasjonsmøte

Dei tilsette i Barnehagen snakkar varmt om tiltaket så langt. – Vi har jo støtt og stadig besøkt eldreheimar og liknande for å underhalde, men dette tek det eit steg lengre. Å vere

ein livsgledebarnehage handlar ikkje berre om å «underhalde». Det legg mykje meir fokus på at barna skal få møte og vere saman med menneske i ulike situasjonar og frå ulike generasjonar enn dei sjølve, forklarar barnehagelærar Linda Myrseth Kvalsund. – Det vert lagt vekt på generasjonsmøte og den gode samtalen. Vi brukar spel, song og musikk, forming, leik og moro til å skape felles opplevingar. Gjennom desse møta vil barna oppleve å vere gledesspreiarar for andre, men også kjenne på gleda dei får tilbake. Livsglede er svært helsefremmande og effektfullt, fortel barnehageleiar Ann-Kristin Bøe Myklebust til Vestlandsnytt. Korleis dette «generasjonsmøtet» går føre seg i praksis får vi sjølv vere vitne til, sidan barnehagebarna vert inviterte til å vere med inn i kjøkenlokala til Herøy Produksjon. Barna blir plassert på kvart sitt bord saman med dei tilsette i bedrifta. Det er klart for kviss. – Kva blir 1+2? Det er det fyrste spørsmålet. Oline Myklebusthaug (5) skyt handa sjølvsikkert i vêret. Ho får svare. – Ehm, politi! Ikkje så langt unna nødnummeret nei, heiderleg forsøk. Etter ei runde med kviss, er det tid for litt musikk. Barnehagebarna har nemleg budd seg på å framføre nokre songar, noko dei gjer med brask og bram. Seansen vert så avslutta med litt arbeid, med ein snikstart på årets juleverkstad. – Ja, dette er bra greier, slår Theodor Kvalsund Voldsund fast, før han smør tjukt på med lim på det som skal bli juletrepynt. Barna ser ut til og kose seg, og gleda ser ut til å vere noko også brukarane og dei tilsette delar.

BJØRNAR SÆVIK bjornar@vestlandsnytt.no

TOMMY WALAUNET: Island Offshore sin administrerande direktør er klar på at lønsemda må bli betre. PRESSEFOTO

Fleire kontraktar til Island Offshore, men … Island Offshore har denne hausten sikra seg fleire kontraktar til skip i ulike segment, men reiarlaget meiner vilkåra må betrast ytterlegare framover.

JULEPYNT: Marikke (t.v.) hjelper Herøy produksjon med årets julepynt. Gjennom livsglede-prosjektet som Gnist Myklebust er med i får ho og dei andre barna gjere aktivitetar med eldre og vaksne folk. Barnehageleiinga tur dette er sunt for både dei små og dei som dei møter.

SONG AV HJARTANS LYST: Underhaldning må ein også ha, og det sørga barna for då dei song for gjengen på Herøy produksjon.

THEODOR KVALSUND VOLDSUND: Denne karen meinte opplegget var «bra greier».

OG LITT TØYS: Sigbjørn Myrseth gir barna eit hint under kvissen. Kva slags påskefigur har lange øyrer?

OLINE MYKLEBUSTHAUG: Var skikkeleg flik til å svare på kviss-spørsmål.

I ei pressemelding onsdag opplyser reiarlaget at deira plattform-forsyningsskip Island Commander tidlegare i haust fekk eitt års forlenging av kontrakten sin med Lundin, eit selskap båten har jobba for sidan 2016. Etter å ha fått montert landstraumskopling i september, gjekk også søsterskipet Island Chieftain rett på kontrakt for Repsol med ei varigheit på seks månadar pluss opsjonar. LNG-drivne Island Contender har sikra seg jobb for Neptune Energy Norge, og går på kontrakt for selskapet om få dagar, 3 månadar fast og 6 månadlege opsjonar. Også søsterskipet Island Crusader tok til på ei 30+60 dagars kontrakt for Well Expertise denne veka. – Aktiviteten i dette segmentet har vore god i 2019, men vi ventar noko lågare aktivitet gjennom vinteren. Det er difor svært gledeleg å skaffe arbeid til desse skipa no, for strategisk viktige kundar, seier administrerande direktør Tommy Walaunet i Island Offshore i presseledinga. Direktøren er elles klar på at han ynskjer betre lønsemd i marknaden. – Vilkåra er på linje med marknaden; kontraktane er korte og konkurransen skarp. Vilkåra må nok betrast ytterlegare i 2020 for å sikre berekraf-

tig lønnsemd, Walaunet.

påpeikar

Arbeid også i andre segment

I 2020 ventar også 200 nye dagar med arbeid for subseakonstruksjonsfartøyet Ocean Intervention III som har vore på jobb for Oceaneering heilt sidan 2007. Island Offshore har over lang tid hatt eit omfattande og godt samarbeid med Oceaneering, og båten har vore på oppdrag for selskapet i Angola sidan 2012. Brønnintervensjonsfartøyet Island Constructor har hatt eit godt driftsår i 2019. – Vi har tatt eit stort steg mot berekraftig drift for skipet, og mannskapet skal ha solid honnør for godt og sikkert utført arbeid. Dette er vi stolte og takksame for, seier Walaunet. No har innretninga vorte tinga av ConocoPhillips for 65 dagar med arbeid på norsk sokkel med oppstart tidlegast i mai 2020. – Vi har høge forventingar til dette segmentet også framover. Arbeid gjennom vinteren er framleis utfordrande, og fartøyet vil difor ligge i varmt opplag til vi kan mobilisere for meir arbeid, seier Walaunet. Også dei to andre brønnintervensjonsfartøya, Island Frontier og Island Wellserver som er på kontrakt for Equinor, har fått ekstra dagar i potten i år og har dermed arbeid til ut i november. BJØRNAR SÆVIK bjornar@vestlandsnytt.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.