Vestmannen nr. 3 2010

Page 1

Bergen juli/august 2010

Nr. 3

26. årg

Minneåret 2010

P

Bøn Av Zbigniew Herbert (1924–1988) Frå polsk ved Torvid M. Edvardsen Herre eg takkar Deg for heile livskramet som eg frå frumtid hjelpelaust søkk ned i på stendigt dødspinlegt søk etter småting. Lova vere Du, for at Du gav meg munlause knappar, nålar, bukseselar, brillor, straumar av blekk, alltid gjestmilde blanke papirark, plastpermar, tolmodige mappor som ventar. Herre, eg takkar Deg for sprøytone med tjukke og hårtunne nålar, sårbindingssakene, allslag heftplåster, dei mjuke kompressane, takk for dråpflaskor, mineralsalt, kanylane og framfor alt for sovetablettane med namn som romerske nymfor, som er gode, for dei beder, minner um, er sette i staden for dauden. (1998)

å programmet i Vestmanna­ laget hausten 2010 vert det møte med kulturhovdingar som på ulikt vis fekk eit tilhøve til laget. Bjørnstjerne Bjørnson var i si tea­ tertid i Bergen for norskdomsmann å rekna og hadde eit nært hopehav med fleire av dei som skulde koma til å standa i brodden for Vestmannalaget. Og i pionertidi veit me at Bjørnson fleire gonger var talar i laget og let falla dei kjende ordi um «at Dannel­ sen udgå fra Vestmannalaget». Henrik Krohn umsette «En farlig friing» til landsmål, og det heiter seg at Bjørnson likte betre landsmålsversjonen enn sin eigen originaltekst. Seinare veit me at han braut med vestmennene og vart ein hovudfiende i målstriden sist på 1800-talet. Presten og salmediktaren Anders Hovden hev i alle år havt ei høg stjerna i Vestmannalaget. Han var stor folke­ talar og nasjonalskald, og få stader hev vel det meinhogget mot salmediktaren som Norsk salmebok representerte (då Nynorsk salmebok vart avskipa) vekt større harme enn just i vårt lag. Då vestmenne drog til Færøyane i 1911, spela Hovden ei hovudrolle, med talor, høgmesse og hyllingskvad. Han gjorde ogso det fyrste upptaket til Snorremo­ nument på Island og i Bjørgvin. På jolemøtet vert det eit attersyn på livet og livsverket til Ole Bull. Han var ein virtuos som ikkje berre lyfte fram den norske folkemusikken, men norsk mål og kultur i det heile. Han var na­ sjonsbyggjar av rang, og ei av storhendingane frå den tidlege lags­ soga vår var då Ole Bull heldt konsert for vestmennene i Arbeiderforeningen 17. mai 1870. (Sjå elles møte­ programmet på side 3)

Ole Bull


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.