3 minute read

EIT HAV AV

Next Article
MINIGUIDE TIL

MINIGUIDE TIL

Eit hav av internasjonale sjansar

TEKST PER STRAUME FOTO DINA STORVIK, HANNA THEVIK

Advertisement

Som student i Volda har du utruleg mange moglegheiter til å oppleve verda. Gjer som Dina og reis til Australia eller vel eit av dei andre 40 landa høgskulen har samarbeidsavtaler i.

Høgskulen i Volda (HVO) er blant universiteta og høgskulane i landet med høgast del av studentane sine som reiser på utveksling. Gjennom mange år har høgskulen scora høgt på internasjonalt arbeid som kjem studentane til nytte. – Vi har mange gode og spennande utvekslingsmoglegheiter i heile verda. Totalt har vi avtale med over 100 universitet i over 40 land, fortel Arne Humberset, leiar ved Internasjonalt kontor ved HVO.

UTVIDE HORISONTEN Han kan freiste med opphald i land som Australia, India, Island, Japan, Storbritannia, Spania og USA. – Vi er opptekne av at studentane skal kome til ein god skule, samtidig som vi ønsker at dei skal få oppleve noko heilt nytt og vekse som menneske. Gjennom utveksling får dei moglegheita til å utvide horisonten sin. Erfaringar frå utveksling og praksisopphald i utlandet gir studentane ny språkkunnskap og større kulturell forståing. Totalt sett gjer eit slikt opphald at ein også gjerne er meir attraktiv i arbeidsmarknaden når ein skal søke jobb, påpeikar Humberset, som saman med sine kollegaer har lang erfaring med å gi gode råd og hjelp til Volda-studentar som ønsker å reise ut.

MEDISIN FOR KROPP OG SINN Dina Storvik kjenner seg igjen i det Humberset fortel. Ho reiste til Australia på utveksling, og fekk eit halvår ho aldri vil gløyme. Mest av alt blei ho betre kjent med seg sjølv, og fekk prøvd ting ho aldri ville gjort i Noreg. – Det viktigaste eg lærte av å vere i Australia var å roe litt meir ned. Før eg reiste på utveksling, hadde eg hundre og tretten ballar i lufta, og hadde ikkje moglegheit til å vere spontan eller sette av tid til meg sjølv. I Australia kjende eg ingen frå før, og hadde ingen verv, jobbar eller andre forpliktingar. I tillegg fekk eg inntrykk av at australiarane er oppteken av å ta det litt meir med ro enn det vi gjer i Noreg. Eg fekk difor endeleg tid til å roe ned. Det var ein god medisin for både kropp og sinn, smiler den alltid så blide journalistikkstudenten.

BETRE VERSJON AV SEG SJØLV Ho skaffa seg bustad rett ved stranda med nydeleg utsikt over havet. Med bølgeskvulp og sand mellom tærne som ein del av kvardagen, blei Storvik også freista til å gjere ting ho ikkje var vand med frå heime. Å ta med seg surfebrettet ut kvar morgon og teste bølgene var absolutt ikkje feil. – Ved sida av skulen gjekk eg inn for å prøve nye aktivitetar. Eg har tatt med meg mykje av det vidare, blant anna surfing, symjing, kiting, longboard, måling og yoga. Det skal seiast at eg også lærte og opplevde masse spennande på skulen, fordi eg valde å ta kreative og litt enklare fag. Ein kjempefordel med å studere i Australia er også at juleferien er ekstra lang. Etter at semesteret var over, hadde eg to spennande månadar på reisefot.

Til dei som skal begynne å studere, eller vurderer utveksling som student, er Storvik klokkeklar. – Eg elskar utveksling, og har trua på at alle som dreg på det, kjem tilbake som ein enda litt betre versjon av seg sjølv. Det er så verdifullt å sjå nye ting og klare seg litt meir på eiga hand. Sjølvsagt bør du vurdere å reise sjølv, oppmodar Dina.

INTERNASJONALT I VOLDA Utanom å reise på utveksling har ein fleire andre måtar å internasjonalere seg som student i Volda. Det er mogleg å ha praksis i utlandet, nokre reiser på feltarbeid eller mindre studieturar utanlands, og studentar blir også kopla på internasjonale prosjekt. I tillegg er også Pangaia ein internasjonal smeltedigel i Volda – ein fysisk møtestad med eigne lokalar midt i hjartet av campus ved høgskulen. – Kvart år har vi om lag 200 internasjonale studentar i Volda, som er med på å sette sitt preg på studentmiljøet i bygda. Det gjer at dei norske studentane har ein unik sjanse til å også oppleve verda frå Volda, smiler Humberset.

– EG ELSKAR UTVEKSLING, OG HAR TRUA PÅ AT ALLE SOM DREG PÅ DET, KJEM TILBAKE SOM EIN ENDA LITT BETRE VERSJON AV SEG SJØLV.

This article is from: