6 minute read

NYHENDE

På biblioteket får du jobben gjort!

Høgskulebiblioteket held til i Berte Kanutte-huset, og er meirope. Det betyr at du kjem deg inn med nøkkelkortet ditt stort sett når du vil. Dei som jobbar der er ein dyktig gjeng som brenn for å gjere studietida di enklare. Dei kan mellom anna bistå deg i litteratursøk, APA-referanser og akademisk skriving. «Kjeldesortering», eksamenstips, fine utstillingar, koselege lesekrokar og sjølvsagt utlån av bøker er berre noko av det du kan få om du tek turen innom. Det tilrår vi alle å gjere når semesteret startar! På heimesida www.hivolda.no/biblioteket finn du utfyllande informasjon om tenester og opningstider. Dessutan bør du følgje biblioteket på Facebook og Instagram: @hivolda_ biblioteket (dei hadde ein episk påskekrim i fjor!). Du kan også kontakte dei på e-post:

Advertisement

skranke@hivolda.no Opnar toppmoderne auditorium

I løpet av 2020 vil eit nyskapande auditorium med all nødvendig teknoved Høgskulen i Volda. Det nye auditoriet, som har fått namnet Vekselstrøm, skal bli heilt omgjort frå dagens Strøm-auditorium og kostast på 6 millionar kroner. Kunnskapsdepartementet har gitt løyving på 3 millionar, og Høgskulen betalar 3 millionar sjølv. Strøm-auditoriet har i dag 196 sitteplassar. Det er sjeldan heilt fullsett og høgskulen har også eit anna stort auditorium for dei verkeleg store samlingane. Veksel-Strøm skal ha 12 gruppebord med plass til seks-sju studentar. Kvart av desse gruppeborda vert utstyrt med AV-utstyr.

– Ei ny verd for studentane

Ein aktiv dugnadsgjeng har sørga for at høgskulens friluftslivbase på Yksnøya har fått på plass splitter nye flytebrygger til studiestart 2020. – Det blir fantastisk å få ta med studentar ut dit og nytte dei, seier høgskulelektor Ola Einang. – Det var på høg tid, nesten på overtid, seier Einang og sikter til utskifting av flytebryggene på Yksnøya. Han var med då den første flytebrygga vart kjøpt inn i 1992. I åra etter blei det bygd to brygger til på dugnad. To av desse er no skifta ut, saman med landgangen. Med det har ein fått på plass to heilt moderne nye flytebrygger og landgang. – Dette gjer vi for at sikkerheita skal vere god. Det blir mykje enklare for alle å halde på med båtane rundt bryggene. Det vil ikkje vere så glatt som det har vore før og no kan fleire gå der samtidig. Dette blir ei ny verd for studentane,

logi og gruppebord i staden for tradisjonelle rekker med stolar stå klart meiner Einang.

Ved gruppeborda er det ein felles skjerm som studentane kan kople til eige utstyr. Kvar gruppe har også mikrofon/høgtalar/kamera og «rekk opp handa»- funksjon som gjer at dei kan få kontakt med undervisar og snakke i plenum. Det vert også lagt til rette for trådlaus deling internt i gruppene og frå gruppene til plenum.

Unik praksiserfaring i Afrika og Asia

Å hjelpe rusavhengige, foreldrelause barn og trengande eldre i land som Tanzania og India var ein del av praksiskvardagen til barnevernspedagogog sosionomstudentar førre studieår. Klientretta praksisstudium er obligatorisk i sosialarbeidarstudia, som gjeld bachelorgradene Sosialt arbeid, barneARK: AG Plan og Arkitektur AS RÅDGJEVANDE ARKITEKT OG INGENIØR vernspedagog og Sosialt arbeid, sosionom. I haustsemesteret 2019 var 107 Webjørn Svendsengt. 12, 6150 Ørsta TLF : 70 06 16 00 E-post : firmapost@agplan.no www.agplan.no

studentar i praksis i Noreg og i utlandet. Høgskulen i Volda har i mange år vore sterke på internasjonalisering, mellom anna ved å ha studentgrupper i praksisstudiar i utlandet. I år valde 37 av 107 studentar å ha praksisen sin i utlandet. Studentane vart fordelte slik: Tanzania 17, India 14, Hellas 5, Kenya 4 og Irland 1. Dei har arbeidd med og fått unik praksiserfaring i sosialt arbeid ved barneheimar, skular for funksjonshindra, rusinstitusjonar, samfunnsarbeid og arbeid med eldre. Aldri før har så mange vald å ha praksis i utlandet.

Prosjekt: HANS STRØM AUDITORIUM HS-143

Tiltakshavar: HØGSKULEN I VOLDA JOPLASSVEGEN 11 6100 VOLDA Gnr/Bnr: 19/753

Fase: ANBOD

Type teikning: 3D-Illustrasjon - inngang

Filnamn 2241 -2 HS Auditorium 31 .01 .2020.pln

Partnar i FNs framtidslab

Som partnar i FNs framtidslab vil Høgskulen i Volda kunne knyte enda tettare kontakt med ulike aktørar i fylket, og spesielt i Ålesundsregionen. Odd Helge Mjellem Tonheim, prorektor ved Høgskulen i Volda, underteikna avtalen med den nye framtidslaben som vert drifta av nye Ålesund kommune i november 2019. Laben er den andre av sitt slag i Europa og er ein del av FNs smartbyprogram. Då Tonheim sette blekk til papir, vart HVO ein av førebels 29 partnarar i laben – som samla representerer stor breidde i aktørar både frå akademia, offentleg og privat sektor, som alle skal samarbeide for at ein med tida skal kunne oppfylle dei 17 berekraftsmåla til FN. – Vi ønsker å vere synlege i regionen og ein attraktiv samarbeidspartnar, difor synest vi dette er ein god idé. Nye Ålesund kommune og kommunane rundt er eit viktig nedslagsfelt for oss. I tillegg er det fleire andre spennande aktørar, både offentlege og private, som vi vil knyte tettare relasjonar til gjennom ei slik etablering.

Klimarapport for HVO: Lågare utslepp i 2019

Som sertifisert miljøfyrtårn leverer HVO ein årleg rapport som dokumenterer miljøarbeid og målingar. Rapporten for 2019 viser at Høgskulen i Volda har lågare utslepp som følgje av reiser, og at fokus på kjeldesortering gir resultat. I året som har gått er det sett opp nye kjeldesorteringsstasjonar, og fleire skal kome. I samarbeid med studentar vil det bli laga informasjonsmateriell og filmar for å oppmode til meir sortering framover. Høgskulen vil også bygge tak over sykkelparkeringane sine og legge til rette for sykling til jobben. Nokre tal frå rapporten: • Tal på leverandørar som har eit miljøleiingssystem har auka til 17 i 2019. • Energiforbruket per kvadratmeter er redusert med 16 prosent samanlikna med 2018. • Co2-utslepp frå flyreiser er redusert med 54 prosent. • Totalt drivstoffbruk er redusert med 13 prosent. • Mengda kjeldesortert avfall har auka.

Til Portugal for å lære om EU

– Det er greitt nok å sjå summane av pengar frå EU på eit papir, men mykje meir lærerikt å sjå kva dei fysisk blir brukt til, synest Rebekka Schubert. Ho var ein av studentane som fekk oppleve korleis EU sin politikk vert praktisert og deira innverknad på eit medlemsland. Gjennom emnetThe European Union and Regional Development: Theories and Practice reiste ei gruppe studentar som går siste året på bachelorgraden Planlegging og administrasjon, saman med internasjonale studentar, til Portugal under leiing av professor Nathalie Homlong og førsteamanuensis Margit Ystanes før jul 2019. I fire dagar med innhaldsrikt program besøkte studentane ulike bedrifter, forskingssenter og eit samarbeidsuniversitet av Høgskulen i Volda i Lisboa. I tillegg til å besøke hovudstaden i Portugal, fekk også reisefølget sjå mindre urbane strøk og besøke regionar med økonomiske utfordringar. – Ein del av målet med turen var å sjå kva EU gjer for slike regionar i medlemslanda sine. Kva tiltak set dei inn og kva verknader har det for næringsliv og ikkje minst folket som bur der, fortel Homlong.

This article is from: