Magasinet Meir, 2020

Page 14

NYHEITER

På biblioteket får du jobben gjort! Høgskulebiblioteket held til i Berte Kanutte-huset, og er meir­ope. Det betyr at du kjem deg inn med nøkkelkortet ditt stort sett når du vil. Dei som jobbar der er ein dyktig gjeng som brenn for å gjere studie­­tida di enklare. Dei kan mellom anna bistå deg i litteratursøk, APA-referanser og aka­demisk skriving. «Kjelde­sortering», eksamenstips, fine utstillingar, koselege lese­krokar og sjølv­sagt utlån av bøker er berre noko av det du kan få om du tek turen innom. Det tilrår vi alle å gjere når semesteret startar! På heimesida www.hivolda.no/biblioteket finn du utfyllande informasjon om tenester og opningstider. Dessutan bør du følgje biblioteket på Facebook og Instagram: @hivolda_ biblioteket (dei hadde ein episk påskekrim i fjor!). Du kan også kontakte dei på e-post: skranke@hivolda.no

Opnar toppmoderne auditorium I løpet av 2020 vil eit nyskapande auditorium med all nødvendig tekno­ logi og gruppebord i staden for tradisjonelle rekker med stolar stå klart ved Høgskulen i Volda. Det nye auditoriet, som har fått namnet Vekselstrøm, skal bli heilt omgjort frå dagens Strøm-auditorium og kostast på 6 millionar kroner.  Kunnskapsdepartementet har gitt løyving på 3 millionar,  og Høgskulen betalar 3 millionar sjølv. Strøm-auditoriet har i dag 196 sitteplassar. Det er sjeldan heilt fullsett og høgskulen har også eit anna stort auditorium for dei verkeleg store samlingane. Veksel-Strøm skal ha 12 gruppebord med plass til seks-sju studentar. Kvart av desse gruppeborda vert utstyrt med AV-utstyr. Ved gruppeborda er det ein felles skjerm som studentane kan kople til eige utstyr. Kvar gruppe har også mikrofon/høgtalar/kamera og «rekk opp handa»funksjon som gjer at dei kan få kontakt med undervisar og snakke i plenum. Det vert også lagt til rette for trådlaus deling internt i gruppene og frå gruppene til plenum.

– Ei ny verd for studentane Ein aktiv dugnadsgjeng har sørga for at høgskulens friluftslivbase på Yksnøya har fått på plass splitter nye flytebrygger til studiestart 2020. – Det blir fantastisk å få ta med studentar ut dit og nytte dei, seier høgskulelektor Ola Einang. – Det var på høg tid, nesten på overtid, seier Einang og sikter til utskifting av flytebryggene på Yksnøya. Han var med då den første flytebrygga vart kjøpt inn i 1992. I åra etter blei det bygd to brygger til på dugnad.  To av desse er no skifta ut, saman med landgangen. Med det har ein fått på plass to heilt moderne nye flytebrygger og landgang. – Dette gjer vi for at sikkerheita skal vere god. Det blir mykje enklare for alle å halde på med båtane rundt bryggene. Det vil ikkje vere så glatt som det har vore før og no kan fleire gå der samtidig. Dette blir ei ny verd for studentane, meiner Einang.

Unik praksiserfaring i Afrika og Asia

KUN ILLUS

Å hjelpe rusavhengige, foreldrelause barn og trengande eldre i land som Tanzania og India var ein del av praksiskvardagen til barnevernspedagogog sosionomstudentar førre studieår. Klientretta praksis­studium er obliga­ torisk i sosialarbeidarstudia, som gjeld bachelorgradene Sosialt arbeid, barne­ verns­pedagog og Sosialt arbeid, sosionom. I haustsemesteret 2019 var 107 studentar i praksis i Noreg og i utlandet.  Høgskulen i Volda har i mange år vore sterke på interna­sjonalisering, mellom anna ved å ha studentgrupper i praksisstudiar i utlandet. I år valde 37 av 107 studentar å ha praksisen sin i utlandet. Studentane vart fordelte slik: Tanzania 17, India 14, Hellas 5, Kenya 4 og Irland 1. Dei har arbeidd med og fått unik praksiserfaring i sosialt arbeid ved barneheimar, skular for funksjonshindra, rusinstitusjonar, samfunns­arbeid og arbeid med eldre. Aldri før har så mange vald å ha praksis i utlandet.  ARK:

AG Plan og Arkitektur AS RÅDGJEVANDE ARKITEKT OG INGENIØR

Webjørn Svendsengt. 12, 6150 Ørsta TLF : 70 06 16 00 E-post : firmapost@agplan.no www.agplan.no

14

MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA

Prosjekt:

Prosjektnr.:

HANS STRØM AUDITORIUM HS-143

Fase:

Type teikning:

Filnamn

2241

Tiltakshavar:

Gnr/Bnr:

HØGSKULEN I VOLDA

19/753

ANBOD

3D-Illustrasjon - inngang

2241-2 HS Auditorium 31.01.2020.pln

Dato

JOPLASSVEGEN 11 6100 VOLDA

31.01.2020


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.