2 minute read
STUDENTKJÆRLEIK
Studentkjærleik
TEKST LINE LAUVSNES ODDEKALV FOTO TONE SOLHAUG
Advertisement
Gratis kveldsmat i eksamenstida, samtalar om alt frå kjærleikssorg til studieteknikk, hukommelseskurs, stress-ned-yoga og «kjeldesortering» på biblioteket er berre nokre få døme. Tilboda til studentane i Volda går langt utover dei faglege. – Studietida handlar om heile studielivet, ikkje berre studia, seier den engasjerte Velferdsgruppa ved Høgskulen i Volda. – Her bryr vi oss om kvarandre!
Velferdsgruppa ved Høgskulen i Volda er sett saman av representantar for ulike tilbod som skal vere med på å gjere tida som student enklare, kjekkare og tryggare. I gruppa finn vi rådgjevarar, studentprest, studenthumanist og bibliotekstilsette. Studentparlamentet er med, likeeins studieadministrasjon, studentsørvis og kommunikasjonskontoret ved høgskulen. Felles for dei alle er at dei ønskjer å gjere studietida magisk. – Det er noko eige med Volda. Her bryr vi oss om kvarandre, seier Eli Anne Løksa, studentrådgiver ved Studentsamskipnaden. Studenthumanist Lone Ellingvåg Knutsen (første studenthumanisten i Noreg!) supplerer: – Og alt ligg til rette for at det skal vere enkelt å vise studentkjærleik. Her er korte avstandar mellom folk, bokstavleg tala. Dørene er opne, vi opererer ikkje med kø-lapp, smiler ho.
FØRSTEHJELP, KJELDESORTERING OG KORONA-PAKKAR Velferdsgruppa vart først skipa for å jobbe med tilbakemeldingar og tiltak basert på SHoT-undersøkinga (Studentenes helse- og trivselsundersøkelse). Å skape fleire sosiale møteplassar var eit av hovudmandata. Det vart også sett opp kurs med psykolog Peder Kjøs, stressmeistringskurs og timar i den prisløna kursserien Tankevirus. Oktober vart «Psykisk helse-månad» ved HVO, med ei rekkje kurs, avspennande trening og tilbod om samtale, for å nemne noko. Responsen og effekten ga meirsmak. Fleire idear kom opp, fortel Eli Anne og Lone: – Vi ville gjerne gjere noko for studentane i eksamensperioden, hjelpe dei med alt frå stressnivå til konkrete studieteknikkar. Og slik vart «førstehjelp i eksamensperioden» fødd. Lange køar av svoltne studentar snirkla seg inn til kantina på kveldstid for å innta gratis kveldsmat. Felles lesestundar, fysisk trening og den populære «kjeldesorteringsstasjonen» på biblioteket (der ein altså ikkje kastar noko, men får hjelp til å navigere i kjeldelandskapet!) var mellom aktivitetane. Studentane bad om meir. – Super nice! Came for free food, but then actually did my homework, skreiv ein i si tilbakemelding. Også i vår ønskte Velferdsgruppa å hjelpe i eksamensperioden, men Korona-restriksjonane gjorde at gjengen måtte tenkje nytt. Resultatet vart ein «pop-upeksamensboost», der Velferdsgruppa møtte opp på ulike studentbustader med «Koronapakkar» til oppmuntring og hjelp.
PODCAST OG ZOOM-SAMTALER Eit anna Korona-drive initiativ, er den nystarta podcasten «podkrastinasjonen». – Den kom til i eit forsøk på å nå ut til studentar som sat heime, seier Lone. Ho og kollegaene har kjent ekstra på ønsket om å hjelpe studentar i denne tida. – Alt frå redsle for virus til vanskar med å sitte åleine, motivasjon og støtte, vi kjenner at tenestene og kunnskapen vår verkeleg kan kome til nytte og trengst no, seier studenthumanisten. Ho har mellom anna hatt samtalar på Zoom i denne perioden. No håper Velferdsgruppa på fleire fysiske møter framover, og dei gler seg til studiestart. – I fjor hadde vi ein «omsorgsturné» der vi var innom alle nye klasser og presenterte tenestene våre. Vi skal sørge for å både presentere oss og ta særs godt vare på alle nye studentar i år også, sjølv om vi kanskje må gjere noko meir digitalt i år, seier Lone og Eli Anne. Det dei KAN love, er at Volda er ein trygg og fin studiestad. – Velkomen hit! Vi lover å ta godt vare på deg, og håper at vi saman kan skape ein heil masse studentkjærleik og ei kjekk og fin studietid!