3 minute read
VERDAS BESTE MEDIEHUS
Fakta
Advertisement
Om lag 4000 m2, to etasjar Skal huse om lag 550 studentar og 50 tilsette Co2-venleg byggeprosjekt Byggherre: Statsbygg Arkitekt: Link Akustikk: Cowi Elektro: ECT Systematisk ferdigstilling: Norconsult Prosjekteringsleiing: ART Byggetid: 2019-2021 Pris: Om lag 201 millionar kroner
Verdas beste mediehus
TEKST LINE LAUVSNES ODDEKALV FOTO TONE SOLHAUG
Når studieåret 2020 startar, vil det vere med ein byggeplass i «hagen». Midt mellom Hans Strøm-huset og Berte Kanutte-huset på høgskuleområdet ser vi konturane av det som skal bli vårt splitter nye mediehus, tilpassa ei medieutdanning for framtida. Det skal stå klart til haustsemesteret 2021.
Mediehuset ved Høgskulen i Volda (HVO) har vore under arbeid og planlegging i fleire år. I 2018 vart det litt enklare å sjå for seg, då PEAB K. Nordang vann anbodskonkurransen for arbeidet med sitt alternativ EXPO. – Det har vore ein grundig og spanande evalueringsprosess for å kome fram til vinnaren, og vi er sikre på at dette bygget vil møte dei behova HVO og medieutdanningane våre har. Skal HVO halde fram med å vere leiande på praktisk medieutdanning i Noreg, må vi også ha dei beste lokala. Det tør eg påstå at vi no får, sa dåverande høgskuledirektør Per Halse.
TOMMEL OPP FRÅ REGJERINGA I 2019 kom endeleg godkjenninga ein trong for å starte bygginga. Det var under opninga av studieåret 2019 at dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø ga tommel opp frå regjeringa: – Høgskulen i Volda har ei av dei leiande medieutdanningane i landet og regjeringa er glad for å kunne vere med på å gi høgskulen eit topp moderne mediebygg. Det skal vere tilpassa nyare og framtidsretta medieproduksjon, undervisning og forsking. Samstundes som det skal støtte opp under digital læring, sa Nybø. KORLEIS FEKK HUSET STATUS SOM VERDAS BESTE? Vi spolar litt fram, til november 2019. Boblejakke, kåpe og dress er neppe gjengs utstyr på ein byggeplass, men så var det heller ikkje gjengs byggingsarbeidarar som tok første spadetaket då gravearbeidet på det nye mediehuset starta. Boblejakka tilhøyrer Reidulf Botn, mangeårig tilsett ved Avdeling for mediefag, og sentral figur i byggeprosjektet. Kåpa sit på journaliststudent Juni H. Johansen, ei av dei som får vere med på flytting frå gamalt til nytt lokale. Den dresskledde, også kjent som rektor Johann Roppen, er mannen bak utsegna: «Dette vert verdas beste mediehus»! Sitatet kom rett i forkant av spadetaket, som var av den symbolske sorten, og vart markert med taler og besøk frå pressa. Statusen «verdas beste» vart ikkje justert etter trioen hadde gjennomført den særs avgrensa jordflyttinga, og difor reknar vi med det står. Altså: verdas beste mediehus. Så enkelt kan det gjerast. Eit oppfølgingsspørsmål er kanskje på sin plass. Korleis skal huset BLI verdas beste?
FLEKSIBELT OG DET BESTE UTSTYRET Vi veit at huset skal romme studio, FutureLab, teiknesalar og redaksjonslokale for praktisk trening i medieyrka. 550 studentar og 50 tilsette. Kva meir? – Det er sjølvsagt ikkje lett å spå korleis medieverda ser ut om 20−30 år. Men det er likevel der vi må legge lista når vi planlegg for utdanningane våre og kva vi skal fylle huset med, seier rektor Roppen i dag.
Eit stikkord er fleksibilitet. Huset skal raskt kunne tilpassast endringar og kunne både følgje og helst ligge i forkant av utviklinga. Viktig vert det også å vidareføre at HVO skal ha det beste utstyret, uansett. Førstelektor i journalistikk, Steinar Høydal, fortel at høgskulen alltid har vore langt framme, reint teknologisk. – I medieverda skjer det store endringar heile tida, og utviklinga går raskt. Difor er det heilt avgjerande at vi ligg eit hestehovud foran! Og slik har det eigentleg alltid vore i Volda. Då eg jobba i TV 2 og framleis nytta videotape til opptak, byrja høgskulen med harddisk. Og det var lenge før oss. Vi har eit stort lager med utstyr studentane våre har tilgang til når som helst. Det skal dei framleis ha i nytt hus.