Kildenmagasinet 10

Page 5

KJÆRE PUBLIKUM!

B

erre sju år etter opninga, kan vi nok framleis kalle Kilden Teater og Konserthus nytt. Men ein annan måte å sjå det på er at Kilden i tida etter 2012 er blitt eit fast punkt i ei omskifteleg tid, ein velkjent møteplass for alle i Agder. Publikumstalet har passert 1,3 millionar og alt i alt har vi gjennomført meir enn 5 500 framsyningar, konsertar og andre arrangement. Sjølv om vi ofte er ute etter å overraske, tyder besøkstala på at vi og har fått fram at folk kan vere trygge på at dei uansett får dette i Kilden: mangfald og høg kunstnarisk kvalitet. Vi frydar oss over å presentere programmet for det neste halvåret i dette Kildenmagasinet. Håpet er at det skal overbevise deg om å ta turen til Kilden mange gonger i 2019. Fordi vi prøver å nå alle, vil vi også innrømme: Vi blir ikkje skuffa om du også finn noko i dette programmet som du ikkje liker, som slett ikkje interesserer deg. Kanskje noko som også irriterer deg at Kilden set opp.* For dette vil vere ein annan sin grunn til å gå i Kilden – og det ville begeistre oss om de møtte kvarandre. Mens vi i samfunnet elles meir og meir grupperer oss med folk som liker det same og meiner det same, er det vår idé å bygge eit fellesskap rundt å vere ulik, like ulikt og likevel føle seg velkommen og høyre til. Vi trur at Norge treng det no, og at kunst og kultur er det beste utgangspunktet for å bygge slike meiningsfulle fellesskap. Kulturminister Trine Skei Grande og regjeringa har gitt oss eit godt utgangspunkt med den nye stortingsmeldinga om kultur, som slår fast at kunst og kultur er frie, samfunnsbyggande ytringar som både er grunnleggande og kritisk viktige i eit demokrati. Bråket rundt Black Box Teater si oppsetting av stykket Ways of Seeing viste oss dessverre at den forståinga på ingen måte er sjølvsagt. Men nettopp dette gir kunsten oss: å kunne sjå på nytt, sjå på ein annan måte. Og på sitt beste føre oss dit ingenting anna kan: «For meg er kunst fridom til å vere den andre», sa den amerikanske forfattaren Siri Hustvedt då ho besøkte Sørlandet i 2017. Eit besøk vi gleder oss spesielt til er Assitej Artistic Gathering 2019, det næraste du kjem eit OL i scenekunst for barn og unge, for å låne arrangørens ord. Festivalen, som fann stad i Beijing i fjor og skal vere i Tokyo neste år, blir arrangert i Kristiansand og Kilden i starten av september. Frå eit utruleg utval på 500 oppsettingar, skal ti visast. Det blir eit fantastisk høve til å sjå det beste av ny scenekunst for barn og unge frå heile verda i dagane 2.–7. september. Også for deg som berre hadde tenkt å stikke innom for å sikre deg billettar til Abba-hyllesten i veka etterpå.

Hans T. Antonsen Administrerande direktør

*Men skulle du ikkje finne noko av det, vil eg gjerne høyre frå deg om kva du saknar. Kontakt meg gjerne om dette eller andre tilbakemeldingar i e-post hans.antonsen@kilden.com, telefon 414 46 657 eller i sosiale medier.

5


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.