2 minute read
TEST AV HAIKERUTER FØR LANDSLEIR
HAIK
på landsleir
Advertisement
Å gå på haik er det same som å gå på overnattingstur saman med patruljen, utan leiar. Haik er ein viktig del av programmet på landsleir, og målet med ein haik er å skapa ei kjensle av meistring og at du skal få lyst til å gå på fleire turar!
FOTO: Privat
TEKST: Astrid-Amalie Heldal
Er det første gong du er patruljeførar på haik?
– Det øydelegg ikkje for sjølve turen. Det einaste som er annleis med å vera patruljeførar er at du må passa på at du har med deg alle i patruljen. God stemning og pausar og sånt ordnar seg nesten sjølv, seier Martin. Når rundt 5000 speidarar skal ut på tur nesten samtidig må det mykje planlegging til på førehand. Ein del av planlegginga er å prøva å gå haikerutene før leiren. I haust deltok derfor ein del patruljar på pilothaik og testa ut nokre av dei førebels 19 haikane de kan velja mellom når de melder dykk på Gnist.
Martin Liseth og Leander Helle er patruljeførar og patruljeførarassistent i Lemen frå Gand KFUK-KFUM-speidere. Deira patrulje var ein av patruljane som gjekk på pilothaik. – Det var tungt i starten, men det blei betre etter kvart, fortel gutane. På veg opp den brattaste bakken blei dei likevel fort einige om at det var eit godt val av haikerute. – Det var på eit punkt på turen opp, at me fekk ekstremt fin utsikt over Forsand, så der måtte me berre ta ein pause og nyta det, fortel Martin. – Ja, og vêret var nydeleg. Det var berre fint!, seier Leander.
Haik for alle
Mange gler seg til å gå på haik, medan andre kanskje synest det er litt skummelt. Martin meiner uansett at alle som får moglegheit til å gå på haik burde gripa sjansen, for det er veldig gøy å gå på haik! Det er ikkje alle som vil eller kan gå like langt. Derfor er det lagt opp fleire haiker med lengre eller kortare ruter, og på landsleiren kan de delta på haik frå 3 til 14 kilometer.
Leander sine beste tips for å få ei god oppleving på haik er å starta turen med ei positiv innstilling. – Det går fort dårlegare viss du har ei negativ innstilling, seier han. Då Martin gjekk på pilothaik hadde han litt for små sko. Martin sitt beste haiketips er derfor kort og greit: – Pass på at du har gode sko å gå med! Han legg til at du også bør prøva å pakka sekken så lett som mogleg.
– Pilothaiken var som vanleg tråkk, seier Leander. Det blir likevel litt annleis på leiren. Der får de nokre oppgåver de skal gjennomføra. For dei som ikkje har moglegheit til å gå på haik i det heile, er det mogleg å gjennomføra haikeoppgåvene på leirområdet og framleis få haikemerket.
Delta på geocaching under haiken
Til slutt har Leander eit siste tips: – Det ligg ein geocache i området rundt haikeruta me gjekk på, så om du liker geocaching, må du ta med deg noko til den, fortel Leander. Det kan være lurt å sjekka på førehånd om det ligg geocachar i nærleiken av akkurat den haikeruta du skal gå.