2 minute read

NYTTÅRSFEIRING På speidarvis

Next Article
GRØNN SONE

GRØNN SONE

Etter mykje rar speiding dei siste to åra kan det vera ekstra fint å starta det nye året på skikkeleg speidarvis! Med litt planlegging kan det bli ei heilt uforgløymeleg oppleving.

TEKST: Astrid-Amalie Heldal FOTO: Kell Krogh Jacobsen

Advertisement

Feire utandørs

NYTTÅRSFEIRING PÅ SPEIDARVIS går ut på å gjera så mange speidarting de berre klarer i løpet av nyttårskvelden. Kva du har lyst til å gjera er opp til deg, men det kan vera fint å overnatta ein stad med god utsikt til fyrverkeriet som blir skote opp ved midnatt, for eksempel på ein fjelltopp.

Nyttårskvelden er eit fint høve å laga eit skikkeleg festmåltid på bål. Kva med ein treretters? Her er det berre fantasien som sett grenser. Me har samla nokre forslag du kan bruka.

Speidarrelaterte nyttårsføresett

Eit nyttårsføresett er eit mål eller eit ønske du har for det nye året. Du kan ha så mange eller få mål du vil, det viktigaste er at du lagar deg nyttårsføresett som du har lyst til å gjennomføra. Uansett om du vil starta det nye året på skikkeleg speidarvis eller ikkje, her er nokre speidar-nyttårsføresett du kan ha:

Forrettar

• Pinnebrød med urter • Arabiske netter • Brimilompe • Osterullader Hovudrettar

• Innbakt villmarkspizza • Falafel i tortillalefse • Fisk i folie • Fylt paprika Dessert

• Eple i folie • Sjokoladebanan • Appelsinmuffins • Kake med bær

Foto: Helene Moe Slinning

Oppskriftene på rettane finn du i aktivitetsbanken på kmspeider.no.

Forrett: Pinnebrød med tørka tomat og urter

Bland saman 6 koppar kveitemjøl, 3–4 ts tørrgjær, 3 ts salt, 3–3,5 koppar vatn. I tillegg blandar du i ei halv krukke tørka tomatar, og dei urtene du sjølv ønsker å bruka. Fordel deigen på pinnar og steik dei over bålet.

Hovudrett: Innbakt villmarkspizza

Lag ein pizzadeig, eller kjøp ferdig deig i butikken. Smør aluminiumsfolie med litt olje eller smør, og legg deigen på folien. Smør tomatpuré og anna fyll på halve deigen. Legg den andre halvparten av deigen i eit tynt lag på toppen, og klem deigen saman i kanten. Pakk folien rundt og steik pizzaen i glørne i 15–20 minutt.

Foto: Håkon Kristofersen

Dessert: Sjokoladebanan i folie

Snitt opp ein banan på langs. Plasser sjokoladebitar i snittet. Pakk bananen inn i aluminiumsfolie og steik i glørne på bålet i 5–10 minutt.

Foto: Helene Moe Slinning

Sova ute minst ein gong kvar månad Sova ute minst ein gong kvar årstid Læra 5, 10, 15 eller 20 nye knutar Delta på Gnist Forsand 2022 Bli betre på å tenna bål Gå på ein ny type tur, til dømes klatretur, langtur, grottetur, isbretur, kanotur, hytte til hytte-tur, skitur eller trugetur Bli betre på kart og kompass Ha shoppestopp Delta på minst eitt kurs, som deltakar eller stab

Ta ein ny grad i gradsprogrammet Ta fleire merker enn i fjor Invitera minst ein ny venn med på eit speidarmøte Lesa meir i Bibelen

Delta på fleire gudstenester Delta på Globalaksjonen Gå tur opp til ein topp som er over 2 000 meter høg Prøva ein ny overnattingsmetode, til dømes telt, hengekøye, open himmel, bivuakk eller bivuakk i høyden Kjøpa meir av det du treng brukt eller låna frå vener, familie eller utlånssteder som BUA

This article is from: