2 minute read
GRØNN SONE
Lag popkorn på leir
På landsleir er det gruppa som må stå for matlaginga heile veka. Heldigvis får de utdelt dei matvarene de treng for å laga både frukost, lunsj, middag og kvelds. Det kan likevel vera godt med litt ekstra snacks rundt bålpanna på kveldstid.
Advertisement
Speidarpopkorn
Har du prøvd å laga speidarpopkorn før? Det kan vera fint å testa det ut i forkant av leiren, sånn at de veit korleis de skal gjera det når plutseleg heile gruppa står i kø og vil ha.
DETTE TRENG DU • Ei stor gryte med lokk og tykk bunn, eller to store dørslag av stål, som kan brukast over bålet. • Upoppa popkorn • Olje • Salt • Spikkekniv • Ved og opptenningsutstyr • Vassbøtte eller annet sløkkjeutstyr ved sida av bålet
Lenger bak i bladet finn du forskjellige oppskrifter på kakao. Det er godt saman med ein kopp popkorn!
SLIK GJER DU • Start med å tenna opp bålet.
Viss du har ei stor gryte med lokk: • Ha litt olje i botn av gryta, saman med litt upoppa popkorn. • Hald gryta over varmen til det byrjar å poppa. • Når det byrjar å poppa kan du flytte gryta til ein stad utanfor glørne, men pass på at popcornet fortsatt får varme til det sluttar å poppa. • Ha salt over popkornet og nyt det.
Viss du har to dørslag av stål: • Fest dørslaga saman mot kvarandre som ein ball.
Det kan vera lurt å bruka ståltråd i motsett side av der handtaka er sånn at det blir enkelt å opna ballen når popkornet er ferdig poppa. • Ha litt upoppa popkorn i ballen og hald han over varmen. • Ta ballen ut og inn av varmen sånn at ikkje popkornet svir seg. • Når det er ferdig poppa kan de salta popkornet og kosa dykk rundt leirbålet.
TEKST:
Astrid-Amalie Heldal
Foto: Pylz Works/Unsplash
Foto: Dave Bird Kva med å ha utekino med gruppa? Foto: Peter B. Strauman
UTEKINO
Popkorn er den perfekte filmsnacksen. Dersom de får tak i eit lerret, ein projektor, høgtalar, leidningar og straum, kan de prøva å arrangera utekino for patruljen eller gruppa, og servera popkornet til fimen. Det er fint om alle speidarane tek med seg sovepose og liggeunderlag sånn at det ikkje vert kaldt.
Når de er mange som skal dela på popkornet er det lurt om alle har kvar sin kopp eller skål dei kan få popkornet i. Det er både meir hygienisk og lettare å fordela når alle har sin eigen behaldar med popkorn.
PASS PÅ PLASSEN
Popkornet veks ganske mykje når det poppar. Pass på at du ikkje har meir upoppa popkorn i gryta eller ballen enn at det framleis er plass til det etter at det er poppa.