Speiderbladet nr. 4 - 2021

Page 14

TE K ST : Astrid-Amalie Heldal

Lag popkorn på leir På landsleir er det gruppa som må stå for matlaginga heile veka. Heldigvis får de utdelt dei matvarene de treng for å laga både frukost, lunsj, middag og kvelds. Det kan likevel vera godt med litt ekstra snacks rundt bålpanna på kveldstid.

Lenger bak i bladet finn du forskjellige oppskrifter på kakao. Det er godt saman med ein kopp popkorn!

Speidarpopkorn

DETTE TRENG DU

• Ei stor gryte med lokk og tykk bunn, eller to store dørslag av stål, som kan brukast over bålet. • Upoppa popkorn • Olje • Salt • Spikkekniv • Ved og opptenningsutstyr • Vassbøtte eller annet sløkkjeutstyr ved sida av bålet

TE K ST :

Astrid-Amalie Heldal

14

SLIK GJER DU

• Start med å tenna opp bålet. Viss du har ei stor gryte med lokk: • Ha litt olje i botn av gryta, saman med litt upoppa popkorn. • Hald gryta over varmen til det byrjar å poppa. • Når det byrjar å poppa kan du flytte gryta til ein stad utanfor glørne, men pass på at popcornet fortsatt får varme til det sluttar å poppa. • Ha salt over popkornet og nyt det. Viss du har to dørslag av stål: • Fest dørslaga saman mot kvarandre som ein ball. Det kan vera lurt å bruka ståltråd i motsett side av der handtaka er sånn at det blir enkelt å opna ­ballen når popkornet er ferdig poppa. • Ha litt upoppa popkorn i ballen og hald han over varmen. • Ta ballen ut og inn av varmen sånn at ikkje popkornet svir seg. • Når det er ferdig poppa kan de salta pop­kornet og kosa dykk rundt leirbålet.

Foto: Pylz Works/Unsplash

Har du prøvd å laga speidar­popkorn før? Det kan vera fint å testa det ut i ­forkant av leiren, sånn at de veit korleis de skal gjera det når plutseleg heile gruppa står i kø og vil ha.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.