![](https://assets.isu.pub/document-structure/201201182738-e88025aecf562360e5eeff8c5ea6ddaa/v1/cab6340c01e4b404d3ed9fd542220735.jpg?width=720&quality=85%2C50)
3 minute read
NKF prosjekthjelper tatt i bruk
F.v.: Per Bosvik (prosjektleiar), Petter Karlsen (byggeleiar) og Odd Magne Anderdal (leiar eigedom). Foto: Hemsedal kommune
NKF prosjekthjelper tatt i bruk hjå Hemsedal kommune
Advertisement
Hemsedal er ein liten kommune med ca. 2 500 innbyggjarar. Me er ein vekstkommune med stadig aukande innbyggjartal og større satsing og utvikling innan reiseliv. Sist med nytt hotell som aleine viser til eit personalbehov på nærare 100 årsverk. Hemsedal kommune har difor større utbyggingsbehov innan infrastruktur, skule og barnehage, og snart kjem også eldrebølga til Hemsedal.
Odd Magne Anderdal
Leiar eigedom Hemsedal kommune
I desse dagar arbeider alle kommunane med budsjett og handlingsplan for komande år. Som tidlegare år viser kommunane til større utfordringar. Fleire må redusere både økonomisk og personalmessig.
I kvardagen er det tre sentrale grunnverdiar hjå eigedom Hemsedal kommune. Tillit – Ansvar – Samhald handlar om å gi tillit, ta ansvar og ha samhald. I tillegg skal me være visjonære, og med det ligge i forkant. Den siste grunnverdien er at me skal sikte mot optimal drift med tanke på organisering, ressurs og ressursbruk.
Kjøp av prosjekthjelperen Eigedom Hemsedal kommune ser på kjøp av prosjekthjelperen som ei god investering jamføre to av grunnverdiane våre, og med tanke på kommunens ressurssituasjon. Dette sjølv-
sagt tross den årlege lisensutgifta på prosjekthjelperen.
Med kjøp og bruk av prosjekthjelperen oppnår kommunen blant anna: • Meir effektiv bruk av personalressursane – mindre tidsbruk • Mindre bruk av konsulentbistand • Veileder frå A til Å. Heilt frå planleggingsfase – anbod – bygg og driftsfase. • Veileder kjem med forslag. Du velger, og tek med det som er viktig for ditt prosjekt • Kvalitetssikring. Her ligg alt. Din oppgåve er å tilpasse til ditt prosjekt • Prosjekthotell. Lagring av dokument • Link til IK-bygg
Prosjekthjelperen er etablert av og for kommunane. Fyrst og fremst dei største kommunane i storbynettverket har vore sentrale bidragsytarar. No må alle sørge for å vedlikehalde og oppdatere prosjekthjelperen til det beste for alle. Eigedomsavdelingas krav til nybygg Tidlegare har eigedomsavdelinga i Hemsedal etablert dokumentet Eigedomsavdelinga – krav til nybygg Hemsedal kommune. Her viser me eksempelvis til:
• Eigedomsavdelinga/kommunens krav til golvbelegg • Formålsbygg i massivtre • Kommunens SD toppsystem
Bruk av prosjekthjelperen og våre krav til nybygg, inklusive kontinuerleg oppdatering av desse, gjer oss svært trygge og effektive ved ulike byggeprosjekt. Me føler me har begge hender godt plassert på rattet. Dette heilt frå planleggingsfase og inn i driftsfasen.
Vår erfaring med NKF prosjekthjelper Hemsedal kommune har nyleg gjennomført to anbod på skule og omsorgsbygg. Anbodskonkurranse med:
• Prekvalifisering • Tre inviterte til å utarbeide skisseutkast mm • Samspelfase med vinnar • Totalentreprise på gjennomføringa
Med prosjekthjelperen og kommunens eige dokument på eigedomskrav til nybygg erfarer me tross lite personalressursar å ha full kontroll og ikkje vera nokon brems overfor entreprenør. Me har spelt entreprenør god i høve til deira arbeid og samarbeid godt omkring etablering av målpris, som er like viktig uansett type konkurranse og gjennomføringsform.
Samspelfasen er kraftig redusert. Nesten alt er på plass og avklart i våre dokument på førehand. Dessutan er me langt tryggare på at me får det bygget me ynskjer - med dei kvalitetane me ynskjer og krev - når me kjem til driftsfasen.
Sug- og spylebiler
![](https://assets.isu.pub/document-structure/201201182738-e88025aecf562360e5eeff8c5ea6ddaa/v1/685cf57c686c4d178325310d9721c634.jpg?width=720&quality=85%2C50)
Kommunalteknisk sug- og spylevogn
![](https://assets.isu.pub/document-structure/201201182738-e88025aecf562360e5eeff8c5ea6ddaa/v1/b58d993602f6d85f5e67ca4b65d6bdee.jpg?width=720&quality=85%2C50)
Brann og beredskapsvogn Mobil avvanning for slam
![](https://assets.isu.pub/document-structure/201201182738-e88025aecf562360e5eeff8c5ea6ddaa/v1/27817ca830408c91c8a58e81e3d7bdc5.jpg?width=720&quality=85%2C50)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/201201182738-e88025aecf562360e5eeff8c5ea6ddaa/v1/c29cccaff4a3ebc92055e2776e35dcc6.jpg?width=720&quality=85%2C50)
Spesialister innen MILJØPÅBYGG OG KOMMUNALTEKNISKE Vi produserer: SPESIALPRODUKTER NORSKPRODUSERT
Slamsugere Avvanningsbiler Spylebiler Minislamsuger Løsninger tilpasset traktor
Nomek driver produksjon og utvikling av miljøpåbygg for slamhåndtering og spesialpåbygg/løsninger for våre kunder. Bedriften er også et anerkjent påbyggerverksted for krokbiler og trekkvogner, kjent for gode løsninger, høy kvalitet og pålitelige leveranser. Nomek leverer til et bredt spekter av kunder i hele Norge.
NOMEK AS Grandevegen 13 | 6783 STRYN TELEFON 57 87 07 70 | post@nomek.as