Konferanse Kulturbasert næring

Page 1

Kulturbasert næring som distrikts- og stadutviklar

Onsdag 3. november 2010 Nordfjordeid – Operahuset Arrangør: VAKN, Forum for Kultur og Næringsliv og Eid kommune Påmeldingsfrist 22. oktober 2010 på www.questback.com/sfj/eid


Kulturbasert næring som distrikts- og stadutviklar

For å oppretthalde og utvikle distrikta er det viktig at vi fokuserer på bulyst og næringsutvikling. Kulturbasert næring gir både nye arbeidsplassar og eit kulturelt innhald lokalt. Det vert skapt store mengder kultur i Noreg, og mykje av dette kan kommersialiserast. Fleire kommunar og regionar har alt lukkast med dette, og konferansen vil prøve å rette søkjelyset mot kva som ligg til grunn for for suksessen og korleis dette kan gjenskapast av andre aktører. Kva skal gjerast, korleis og av kven?

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) si rolle Regjeringa skal gjennom ein aktiv og målretta distriktspolitikk medverke til verdiskaping, arbeidsplassar og velferd der folk bur. Dette er viktig for å oppretthalde hovudtrekka i busetnadsmønsteret, slik at vi kan ta ressursane i heile landet i bruk. Statssekretæren i Kommunal- og regionaldepartementet gjer greie for regjeringa sine satsningsområde framover og kor viktig kultur og kulturbasert næring er som distriktsutviklar.

Kva skal til for å lykkast? Vi ser på Hultsfred! Hultsfred (S), gjennom Putte Svensson, kjem for å fortelje oss kva som har gjort at dei har lykkast i sitt arbeid. I dag har dei over 50 bedrifter under ”Rock City” og ein høgskule der meir enn 300 elevar studerer og der fagområda dekker blant anna opplevingsindustrien. Festivalen som la grunnlaget for knoppskytinga gjekk konkurs i 2010, men arbeidsplassane og bedriftene rundt består og jobbaar for bulyst og framtid i Hultsfred.

VAKN – Vårt akademi for kulturbasert næring Vi ønskjer også å presentere arbeidet som er gjort i Eid kommune. VAKN (Vårt akademi for kulturbasert næringsutvikling) har mottatt utmerkingar og no nyleg tilskot frå KRD i samband med utlyste bulyst-midlar. Eid kommune har fått ein god start på utviklinga av kulturbaserte arbeidsplassar og auka bulyst. Eid kommune vil dele med andre kva ein har gjort så langt, og korleis VAKN skal samle kulturmiljø i vår del av landet og skape synergi, utvikling og arbeidsplassar for vår region.

Regionale samarbeid - Innovativ fjellturisme og workshop Det er viktigare enn nokonsinne at vi jobbar saman på tvers av kommune- og fylkesgrenser innan kultur og næringsutvikling. Dette vil gi auka kompetanse, kulturmiljøet får næringsinnsikt og næringslivet blir meir innovativt. Kjell-Gunnar Dahle fra Innovativ fjellturisme fortel oss korleis dei har lykkast i sitt regionale samarbeid. Deretter blir det workshop og paneldebatt.

3. november 2010, Operahuset – Nordfjordeid Påmelding på: www.questback.com/sfj/eid


Onsdag 3. november 08.30

Innregistrering og kaffi - Operahuset

09.00

Innleiing v/fylkesdirektør for næring Jan Heggheim og fylkesdirektør for kultur Ingebjørg Erikstad (begge Sogn og Fjordane) Fylkesdirektørane innleier med sin synsvinkel på korleis vi kan utvikle kulturbasert næring og skape berekraftige arbeidsplassar for framtida.

09.30

”Kan ein leve av dette, då?” v/Øyvind Stålsett, fungerande direktør i Forum for Kultur og Næringsliv FFKN er ein organisasjon som jobbar for å styrke relasjonane mellom kultur og næringsliv og bidra med vekst i kulturbasert nærings- og stadutvikling.

10.00

Kva skal til for å lykkast? Vi ser på Hultsfred (Sverige) v/administreraande direktør for Rockcity, Putte Svensson Hultsfred har lykkast i sitt arbeid med kulturbasert nærings- og stadutvikling. Suksesskriterie og fallgroper.

11.00

Pause – kaffi og frukt

11.15

Kulturbasert næring som distriktsutviklar - Bulyst v/statssekretærHege Solbakken, Kommunal- og regionaldepartementet Kommunal- og regionaldepratementet orienterer om regjeringa sine satsningsområde framover og kor viktig kultur og kulturbasert næring er som distriktsutviklar.

11.45

Eid kommune og VAKN – Vårt akademi for kultur og næring v/ordførar i Eid kommune, Sonja Edvardsen, og prosjektleiar i VAKN Synnøve Aabrekk Eid kommune har fått ein god start på si utvikling av kulturbaserte arbeidsplassar og auka bulyst. Eid kommune vil dele med andre kva ein har gjort så langt, og korleis VAKN skal samle kulturbaserte miljø i vår del av landet og skape synergi, utvikling og arbeidsplassar for denne regionen.

12.30

Lunsj

.


Onsdag 3. november

13.15

Samarbeidsformer for kultur og næring - kva triggar og kva hindrar? v/Emma Lind, forsker Agderforskning I kjølvatnet av prosjektet "Samarbeidsformer for kultur og næring" har Agderforskning gjort 15 ulike case studium på samarbeidsprosjekt mellom kulturaktørar og næringsliv. Ut i frå det har ein forsøkt å systematisere dei røynslene aktørene har fått gjennom tilknyting til kvarandre.

13.45

Innovativ fjellturisme – Regionalt samarbeid v/Kjell-Gunnar Dahle, dagleg leiar Innovativ fjellturisme AS Innovativ fjellturisme har skapt eit unikt regionalt samarbeid mellom ulike fjellregionar. Målsetjing: Auka attraktivitet for internasjonale sommerturistar, nye arbeidsplassar og meir lønsame bedrifter gjennom innovasjon og samarbeid. Korleis gjekk dei fram for å setje opp prosjektet, kva var suksesskriteria og kva resultat har dei oppnådd?

14.30

Pause – Kaffi og frukt

14.45

Workshop – Synergi gjennom samarbeid Med denne konferansen ønskjer vi å få fram korleis vi kan utvikle distrikta gjennom kulturbasert næringsutvikling. Det er mange og små aktørar. Korleis kan ein gjennom samarbeid utvikle kvarandre og skape innovasjon, nye arbeidsplassar og bulyst? Kva skal til for å eIt fruktbart samarbeide mellom ulike miljø, kommunar og regionar?

15.45

Paneldebatt v/FOU-leder Georg Arnestad, Høgskulen i S&F Med utgangspunkt i presentasjonar og workshop drøftar vi muligheiter og vegen vidare.

16.45

Oppsummering Slutt seinast kl. 17.00.


Foredragshaldarar Hege Solbakken – Statssekretær (KRD) Hege Solbakken jobbar aktivt for å skape bulyst i distrikta gjennom næringsutvikling og gode kulturtilbod. I sin presentasjon vil ho gjere greie for regjeringa sine satsingsområde framover.

Øyvind Stålsett – Forum for Kultur og Næringsliv Øyvind er fungerande direktør i Forum for Kultur og Næringsliv, ei foreining som jobbar for å styrke relasjonane mellom kultur og næringsliv og for å bidra til vekst i kulturbasert nærings- og stdutvikling. Forumet har 250 medlemsbedrifter.

Putte Svensson – Rock City Putte var med og starta Hultsfredfestivalen som er utløyste ei aktiv satsing på kulturbasert næring i Hultsfred. Med sitt foredrag eller rettare sagt "show", inspirerer og oppfordrar Putte til kreativitet.

Sonja Edvardsen – Ordførar Eid kommune Sonja Edvardsen er ordførar i Eid kommune. Ho har vore med på prosessane og dei kommunale satsingane som har gjort Eid til ein kommune som scorar høgt på næringsutvikling og på bulyst (Agderforskning

Synnøve Aabrekk – Prosjektleiar VAKN Synnøve Aabrekk er til dagleg Senior Bedriftsrådgijevar ved Segel AS. Ho har vore prosjektlediar for VAKN, eit prosjekt som er svært interessant for utvikling av nye arbeidsplassar innan kulturbasert næring.

Emma Lind – Agderforsking Emma Lind er forskea ved Agderforsking. Ho vil dele resultata frå prosjektet "Samarbeidsformer for kultur og næring" , der Agderforsking har gjort 15 ulike case studie på samarbeidsprosjekt mellom kulturaktørar og næringsliv.

Kjell-Gunnar Dahle – Innovativ fjellturisme AS Kjell-Gunnar Dahle er dagleg leiar for Innovativ Fjellturisme AS, eit selskap med eigarane av dei sju destinasjonane Hovden, Vrådal, Riauland, Rjukan, Geilo, Gol og Hemsedal. Han har vore med frå starten, og vil dele røynslene frå prosjektet med deltakarane.

Georg Arnestad – Høgskulen i Sogn og Fjordane Arnestad er redaktør, sakprosaforfattar og forskar innan kultur. Han er sidan 1996 leiar for forsking og utvikling v) og avdelingsdirektør ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Georg leier paneldebatten.


Praktisk informasjon Målgruppene for konferansen er: • • • • •

Kommunar Fylkeskommunene (kultur og næring) Aktørar innan næringsutvikling Kulturpådrivarar Gründarar og eldsjeler

Pris • 650 kr (alt innhald, inkl. lunsj) Hotell: Kan bestillast ved påmelding til konferansen. Enkeltrom - ca. 1.300 kr.

www.nordfjord-hotell.no www.bryggenhotell.no www.sentrumhotel.no Reise: FLY: Sandane lufthamn og Hovden/Ørstad (Widerøe). BUSS: Norway bussexpress og Vestlandsbussen. Se www.fjord1.no for ruter.

Påmelding: Påmelding og bestilling av eventuell overnatting kan du gjere digitalt på: www.questback.com/sfj/eid


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.