Det gode livet i Kvinnherad Magasinet om folk som bur mellom fjord og fjell i Kvinnherad
28. mars 2012
Mest lesne avis i Kvinnherad
2
– det gode livet
ALT ANNA ER KOPIAR
Wrangler frå 399.900,(Varebil 338.369 eks. mva)
ENDELEG I KVINNHERAD
Compass frå 409.900,4
Grand Cherokee frå 809.900,Jeep er legenda blant bilmerke og har produsert ei rekkje 4x4 ikon. Jeep er ekte firehjulstrekkarar med sjel, kraft og kapasitet. Jeep er eit eventyr på fire hjul. Historia er makelaus, imaget eineståande. Nye Jeep Compass 4x4 er ein familiebil, Wrangler er sjølve ikonet og arbeidshesten som også kjem som 2-setars varebil på grøne skilt. Grand Cherokee er flaggskipet som berre må sjåast og prøvast. På modellane kan du velja mellom diesel eller bensin, manuell eller automatgir. Det du nesten ikkje treng å velja er ekstra utstyr. Alle Jeep i Noreg har ekstremt høgt utstyrsnivå. Jeep er originalen, alt anna er kopiar.
Fiat Doblo 7-setar frå
309.900,-
Suzuki Swift Pluss 4x4, frå
232.900,-
Alfa Romeo Giulietta frå
289.900,-
Isuzu DMAX frå
309.900,-
Størst på bil i Kvinnherad
5460 HUSNES • Tlf. 53 48 48 48 • Fax: 53 48 46 51 • www.bilogteknikk.no
– det gode livet 3
Det er fjorden og fjella Det hadde vore spennande å visst kva alle som flyttar frå Kvinnherad minnest best med heimkommunen. Kva er det som er dei gode minna. Er det menneska, einskildhendingar eller kanskje naturen som sit spikra best fast? Vi har spurt åtte «småkjendisar» frå Kvinnherad om kva dei saknar mest med Kvinnherad. Og ikkje særleg overraskande er det fjord og fjell som blir sakna. Anten dei er frå Rosendal, Husnes eller Halsnøy,er det naturen det handlar om. For oss som bur her er det kanskje ikkje slik at vi tenkjer at vi er privilegerte som har både fjell og fjord så lett tilgjengeleg. Vi kan velja å vraka i naturopplevingar. Vi kan gå til fjells, vi kan rusla enkle småturar langs postvegane, eller vi kan setja oss stille ned på ei bryggje å ta fram ei fiskestong. Alt berre steinkast frå stovedøra vår. For oss som lever med naturen rett føre augo i det daglege, er det ikkje så lett å tenkja på dette som det heilt store. Kanskje er det det vi må bli flinkare til, å ta vare på kvardagsgleda. Hugsa på at det vi har rett utfor stovedøra vår, er det gode livet.
Magasinet – Det gode liv Opplag: 18.000 Utgjevar/grafisk produksjon: Kvinnheringen Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik Trykk: Mediatrykk
På framsida ser vi fem karar som er lidenskapeleg opptekne av veteranbussar. Dei kan du lesa om på side 16–18. F.v. Olav Nerhus Hatteberg, Lars Wang, Torbjørn Helle,Torger Øye og Thor Arne Nygård.
Fiskarjenta mot straumen
Silje Tofte (23) er utdanna interiørkonsulent, men jobbar som fiskar. Silje er så langt unna den typiske yrkesfiskaren du kan koma. Ho er lita og nett, har langt, blondt hår og ser velstelt ut. At ho i vekevis står til knea i fiskeslo og tek tunge tak, medan ramsalt sjø piskar ho i fjeset, er vanskeleg å sjå for seg. Men Halsnøyjenta er ikkje redd for å bli skiten på hendene. – Du kan ikkje akkurat vera forfengeleg når du jobbar på fiskebåt. Det er kaldt, tungt og skite arbeid.
Bla om – framhald neste side
Etter fleire veker ute på sjøen synest Silje Du kjenner deg som eit nytt menneske når du innimellom får ta ein skikkeleg dusj! Eg synest det kan vera herleg òg, å sleppa å sminka seg og stella håret. På sjøen er det liten vits i det, smiler Silje.
Fiskarfamilie Silje har i snart to år jobba saman med pappa Gaute Tofte og mamma Wenche på fiskebåten deira «Hartho». – Pappa har jo berre jenter, og dermed ingen søner som kan følgja i hans fotspor og bli fiskarar. Derfor tenkte eg at viss eg ikkje visste kva eg skulle gjera etter eg var ferdig på skulen, så kunne eg vera med på fiske ei stund og hjelpa til. Faren hennar har alltid drive
med fiske. Då han kjøpte seg ny fiskebåt og starta for seg sjølv for to år sidan, vart Silje og mora ein del av mannskapet. På seinsommaren og fram til jul fiskar dei brisling, frå februar jaktar dei på silda, og makrellfisket byrjar i mai og varer fram til sommaren. Kor lenge familien er på sjøen er avhengig av kor mykje fisk det er å få, og det lengste dei har vore ute er fem veker i strekk. Innimellom desse periodane har Silje stort sett fri, men litt arbeid blir det likevel for å klargjera båt og utstyr til neste fiske. Vi lurer på om det ikkje er ein tøff jobb å ha for ei ung jente? – Stort sett går det heilt fint, det mest slitsame er kanskje det å bu og jobba så tett på foreldra sine i lange periodar. Eg har berre vore
NYTT OG GAMALT: Det er ikkje vanskeleg å sjå at Silje har ein lidenskap for interiør. Ho likar å miksa det luksuriøse med røffe detaljar, og har teke med ting frå fiskaryrket inn i heimen sin. Nedst ser du til dømes ei gammal skjeppekasse brukt som hylle.
det er godt å koma heim. Då nyt ho dagane med ulike hobbyprosjekt og oppussing.
’’
– Du kan ikkje akkurat vera forfengeleg når du jobbar på fiskebåt.
skikkeleg redd éin gong, og det var på sildefiske. Då vi hadde kasta og skulle ha opp nota, pressa fleire hundre tonn sild full i rogn ned mot sjøbotnen. Båten krengja og vatn fossa inn. Pappa ropte: no går vi rundt! og eg var klar til å hoppa på sjøen. Heldigvis gjekk vi ikkje rundt, men vi måtte stå i ro og venta i to timar på at fisken skulle symja ut. Det var ein ekkel episode!
Glamour Men det er ikkje fiskar Silje vil bli. Ho har utdanna seg som interiørkonsulent. – Eg har alltid vore kreativ og likt å teikna og mala. Då eg var lita synest eg det var kjekt å mala rommet mitt, og eg brukte mine eigne pengar på å kjøpa ny seng. Eg hadde alltid med meg teikneblokka når vi var ute på
sjøen, og eg sat gjerne på kaien og teikna båtane til pappa. Utdanninga tok ho på Norges Kreative Fagskole i Bergen, og draumen er å få jobba med interiør. Denne brennande interessa kjem tydeleg fram når vi kjem inn dørene i heimen hennar. Huset i Røsslandslia som ho og forloveden Tom Andre Kaldestad kjøpte for eitt og eit halvt år sidan ser ut som om det kunne vore henta rett frå eit interiørmagasin! Romma er lyse og varme, med fargetonar som kvitt og beige. Over alt finn du luksuriøse detaljar som pels, glitrande lysekroner og pyntegjenstandar i sølv, men Silje er òg glad i det røffe og naturlege. Ei lampe har fot av ein grov trekubbe, og gamle skjeppekassar i tre er brukt til hyller og oppbevaring. Sengegavlen
på gjesterommet er ei gammal og sliten dør funne på sjøhuset i Toftevågen. – Folk trur ofte at tinga eg har er veldig dyre, men dette hjortehovudet i sølv, er til dømes kjøpt på Europris. Mykje kan ein òg laga sjølv, som desse putene med trekk eg har sydd av kjøkenhandkle. Eg har også planar om å laga ein spegel av rekved, smiler Silje. Ingen tvil om at Silje har peiling på det ho snakkar om, og at ho vil gjera det godt i interiørverda. Men snart må Silje setja frå seg symaskina og andre interiørprosjekt og kle på seg oljekleda. Ho har nemleg mange sildemiddagar å fanga! Mona Grønningen mona@kvinnheringen.no
6
– det gode livet
Kampanjetilbud Kam K ampanj mpa mp panj an n et eetilbu til ilb ilb bu ud d Tilbudet varer til 30. april 2012
3390,PARTI KJØP! PR.STK PR. STK
4190,PARTI KJØP! PR.STK PR. PR STK
Ytterdør Stryn, tett Ytterdør
Ytterdør Kungsæter
6590,PARTI KJØP!
6790,-
PR.STK PR. STK
PARTI KJØP! PR.STK PR. STK
6690,PARTI KJØP! PR.STK PR. STK
Ytter Ytterdør dør Oslo
Ytterdør Ytterdør Olden
Ytterdør Ytterdør TTangen a angen
Alle prisene gjelder str 9x20, 9x21, 10x20 og 10x21. Andre str og farger på forespørsel.
Byggeriet Uskedal Trelastlager 5463 USKEDALEN - Tlf: 53 48 61 01
www.byggeriet.no Forbehold om utsolgte varer og trykkfeil.
– det gode livet 7
EL-sjekken reddar liv!
Kultur- og idrettstilskot for barn og ungdom
– ein god livsforsikring Vi kan føreta ein kontroll av det elektriske anlegget ditt som vil kunna avdekka jordfeil og andre svake punkt. Vi gir deg samstundes gode råd og tips om straumsparing. Spar straum med
Lyst å raum? spare st n kr ku El-sjekk
2000,-
Kontakt oss i dag for tilbod!
Din trygghet – vårt ansvar
NYHET! Riggarkurs for Offshore/industri
Kurs vi kan tilby: • Truck & Teleskoptruck • Krane • Anleggsmaskinar
Nærare retningsliner på vår nettside nett.kvinnherad-energi.no eller kontakt Marknad & IT sjef Kenneth Ingvaldsen på tlf. 53 47 56 00.
• Kontroll • Service • Sal av brannutstyr • Sal av førstehjelpsutstyr
• Personløftar • Varmearbeid • Fallsikring • Riggarkurs m.m.
5460 Husnes • Tlf. 53 47 17 51 • www.petol.no
Søknadsfrist 1. mai Tildeling av midlar vert kunngjort 1. juni.
Søknader må merkast «Sponsing 2012» og kan sendast på epost til: firmapost@kvinnherad-energi.no eller per post til Kvinnherad Energi AS, 5464 DIMMELSVIK.
w.s w. .soral.no
HMR ELEKTRO AS www.hmr.no Tlf. 53 48 21 00
Kvinnherad Energi har for 2012 sett av kr 200.000,- for å yta tilskot til arbeid som gjeld barn og ungdom som driv med idrett og kultur i Kvinnherad Energi sitt konsesjonsområde.
S Sør-Norge ør-Norge A Aluminium luminium AS 0OBSIFJNTWFHFO t )VTOFT t 5MG 0OBSIFJNTWFHFO t )VTOFT t 5MG
8
– det gode livet
– det gode livet 9
Den glade galskapen Fotball står sterkt i Kvinnherad. Ikkje nødvendigvis den som blir spela på fotballbanane her i kommunen, men den som går føre seg på tv-skjermane. Les ein på Facebook eller på Twitter i helgane, handlar dei fleste oppdateringane frå menn om fotball. Det handlar om å skryta av eige lag, og like gjerne om å rakka ned på andre sine favorittar. Vi har møtt to noko over snittet fotballinteresserte menn. To som likevel meiner det er mange i Kvinnherad som er langt meir fotballgalne enn dei. Vegard Saghaug er trufast Tottenham-supporter, medan Bjarte Solheim held seg til Liverpool. For dei handlar det gode liv mykje om fotball. Den lukkekjensla det er å sjå eige lag vinna. For når Bjarte og Vegard snakkar om laga dei held med, seier dei vi. – Vi spelte ein god kamp i helga, seier Bjarte, som om han hadde spela sjølv.
VEGARD SAGHAUG (32), Utåker TOTTENHAM – Kvifor Tottenham? FA-cupfinalen i 1991. Dessutan Einar Markhus som påverka oss til å heia med Spurs. – Beste spelar gjennom tidene? Gary Lineker og Paul Gascoigne. – Tid på fotball i veka? 10–12 timar. Ei knallhelg er å sjå både engelsk fotball og eliteserien i Norge. – Spelar du ville hatt? Messi er brukbar. – Verste lag? Akkurat no er det Manchester City. – Den du kranglar mest med om fotball? Bjarte Solheim
Vegard og dei fleste andre supporterar er nesten heilt like. – Sesongen i år har i hovudsak vore ein stor opptur. Vi har spelt utruleg mykje fin fotball, forklarar Vegard. Dei snakkar i vi-form, sjølv om dei definitivt ikkje har vore ute på grasmatta sjølv. Ingen av dei to held med lag som dei seinare åra har stukke av med dei store pokalane. Tottenham hadde si store tid på byrjinga av 60-talet, medan Liverpool var verkeleg gode på 80-talet. Likevel er det på ingen måte aktuelt å skifta lag. – Det vil aldri skje, hevdar begge bestemt.
meir hekta enn dei sjølve. Samtidig er det ikkje slik at dei berre ser på kampar for å sjå på. Både spelemønster, taktikk og formasjonar nøye vurdert. Dessutan er kameratskapen viktig, samt det å kunne «terga» vener som har eit lag som har tapt. Å kunne skryta av eige lag er òg ein viktig del av fotballgalskapen. Kanskje den aller viktigaste. Tomas Bruvik • Foto: Jonn Karl Sætre tomas@kvinnheringen.no
Ivrige Begge to er så ivrige at dei har mange gonger har vore i England og sett favorittklubben spela kamp. For Bjarte sin del på Anfield Road, og Vegard på White Hart Lane. For begge to handlar ei perfekt helg gjerne om fotball og siger til klubben i hjarta. Begge meiner det er mange som er
BJARTE SOLHEIM (40), Valen LIVERPOOL – Kvifor Liverpool? Det kjem frå serievinnarcupen i 1984. Dessutan var storebror Liverpool fan. Han er nok verre enn meg i dag òg. – Beste spelar gjennom tidene? John Barnes og Ian Rush. – Tid på fotball i veka? 10–12 timar. Ei god helg får eg sett fire til fem kampar på tv. – Spelar du ville hatt? Eg ville hatt Alonso tilbake frå Real Madrid. – Verste lag? Unner ikkje Manchester United så mykje. – Den du kranglar mest med om fotball? Nils Trygve Markhus, som held med Manchester United.
10 – det gode livet
LÅNER: Agathe (4) og mamma Venke Ølvestveit er berre nokre av dei som set stor pris på at Per Myklebust kjem innom med bokbussen. – For oss er det dagens høgdepunkt, og vi låner alltid mykje bøker og film, seier Venke.
– Dette er dagens høgdepunkt Å kunna låna bøker frå bokbussen er eit høgt skatta tilbod for bygdefolket som ikkje bur sentralt i Kvinnherad. Tidleg om morgonen møter vi sjåfør Per Myklebust ved biblioteket på Husnes. Han klargjer arbeidsplassen sin, nemleg bokbussen han kvar dag utanom fredagar og skuleferiar køyrer rundt i bygdene til skulane og barnehagane i Kvinnherad. – Det kjekkaste med jobben er å få reisa rundt i kommunen og snakka med folk. Bokbussen er eit tilbod alle kan nyta godt av, eg trur ikkje du finn eit liknande tilbod der ressursane blir så jamt fordelt. I tillegg synest eg det er kjekt å få bidra til at ungar blir glade i å lesa, seier Per.
Ny buss på ønskjelista Denne dagen skal vi vera med på ruta frå Omvikdalen og vidare over fjellet til Åkra. Det snør og er glatt på vegen, og det byr på utfordringar med ein 20 år gammal buss utan ABSbremser. Einskilde stader er det knapt plass til éin bil i vegbana, og i bratte bakkar må krypekøyring til. Vi spør Per kva han synest om vegstandarden i kommunen. – Nei, det er ikkje akkurat noko å skryta av. Ein blir heldigvis van med
å køyra på dei, men bygdevegane er spesielt dårlege. Køyrekomforten er så som så, og fasilitetane er ikkje dei heilt store. Mest av alt ønskjer Per seg ny bokbuss. Det vart dei lova, og ei nemnd var til og med på bokbusstreff i Finland for å sjå på kva type buss ein kunne tenkja seg i Kvinnherad. – Der hadde dei bussar med alt frå to inngangar bak og flatskjermar med tv-spel integrert i sidene, til spelebord og neonlys i taket. Men no trur eg vi må sjå langt etter ny buss. Det låg pengar i langtidsbudsjettet, men dei vart strokne. Det er litt som å koma inn i ein snopebutikk og ikkje få med seg så mykje som ein karamell!
Kjem springande Snart er vi framme ved skulen i Omvikdalen. Det tek ikkje lang tid før borna kjem springande – dette har dei venta på! Dei strøymer inn i bussen og saumfarer hyllene målretta. Er det kome nokre nye bøker, filmar eller CD-ar mon tru? Teikneserien Pondus er tydeleg populær. Borna står fint i kø og gir Per bøkene dei vil låna saman med lånekortet, han legg bøkene inn i datasystemet, og så forlét dei bussen igjen. Turen går vidare til barnehagen der dei minste tassar inn saman med vaksne. Nokre har famnen full av
bøker, men får beskjed om å leggja nokre av dei tilbake i hylla. Per køyrer oss vidare over fjellet mot Åkra. Midt i ein bakke må vi stoppa fordi Vegvesenet driv med rassikringsarbeid i fjellsida. Vi kikar bort på Per for å sjå om dette byr på problem på det glatte føret, men han ser roleg ut. Han har vel vore ute på slike dagar før. Det går fint, etter ei lita stund med venting får vi køyra vidare, og vi kjem oss opp bakken.
– Dagens høgdepunkt I Åkra køyrer Per ein runde ned til butikken på kaien. – Eg tek ofte med meg bøker som folk har bestilt og leverer dei på plassar det er lettare å henta dei. For meg gjer det ingenting å køyra litt ekstra, ikkje alle kjem seg rundt omkring, veit du, seier Per. Ved skulen kjem det to blide jenter inn i bokbussen. – Eg likar Rampete Robin, det er kjekke bøker! Seier Aurora Li Farestveit (10). Ho set seg ned på ein benk og byrjar å bla i ei bok saman med Veslemøy Vidvei Isaksen (9). – Eg er glad i dei morosame bøkene. Det er så kjekt at vi kan låna filmar og bøker av bokbussen, og attpåtil heilt gratis! seier Veslemøy. Dei to venninnene les og kosar seg. To andre som er glade for at bok-
bussen tek ein ekstra stopp på tilbakevegen til Matre, er Venke Ølvestveit og dottera Agathe (4). – Det er dagens høgdepunkt når bokbussen kjem. Vi er på bokbussen så ofte vi kan, alle fire ungane mine er glade i å lesa og derfor låner vi ofte fleire bøker i slengen. Eg synest også dei er flinke til å ha eit variert utval av bøker og å få inn nyhende. Hadde vi ikkje hatt bokbussen, hadde det blitt veldig tungvint for oss. Det blir langt å reisa til Husnes, og eg er der sjeldan. Bokbussen er eit høgt skatta tilbod for oss, seier Venke. Etter ein liten matpause ved butikken i Matre, byrjar vi på heimturen utan fleire stopp, og snart er vi tilbake på Husnes igjen. Tida har gått fort, og vi takkar Per for følgjet. Mona Grønningen mona@kvinnheringen.no
Planlagde bustadar i trygge og trivelege bumiljø LYNGBAKKEN, VALEN
HEIO, SANDVOLL
EIDSVIK, HALSNØY
Klar for det gode liv på Halsnøy?
Be ein i rre gjen !
Kjem snart: Tomannsbustadar i Herøysund for sal! Vi har lang erfaring innan bygningsbransjen og hjelper deg frå idé til nøkkleferdige løysingar. F.v. Lars Trygve Tveit, Nils Olav Støle og Kjell Magne Haugland.
INNFLYTTINGSKLAR Pris: 1.750.000,leilighet på Eidsvik (i underetasjen) (v/H.M. Eide matbutikk) for sal.
Teigen Bygg & Trelast AS 5460 Husnes Tlf 53 47 59 10 info@teigen.byggern.no
TEIGEN
Hadde folk det betre før?
Iver André 9 år
Magda 101 år
Vi har spurt fire kvinnheringar i ulike aldrar om kva dei meiner er viktig og kva som er det gode livet.
– Ein raud mustang! Iver André Sæle Kårstad frå Uskedalen er ein gladgut med mykje energi. Han elskar dyr, og spesielt fuglehunden sin Frikk på sju månader. – Sant han er fin? Eg elskar å herja og leika med Frikk. Han plar koma inn og sova med meg om natta av og til, smiler Iver. Forutan dyr er Iver veldig glad i motorar, og han veit godt kva draumebilen er: – Ein raud mustang! Det skal eg ha når eg blir vaksen! Han ser mykje på bilprogram på tv, og ein av favorittane er Top Gear. – Når kosar du deg mest? – Eg synest sommaren er den
– Musikk er flott å ha
beste årstida, når vi kan vera ute og bada i sjøen eller eta is! Den beste dagen er laurdagen, då kosar vi oss skikkeleg i familien. Då står det snop og brus på bordet og vi kan sjå koselege ting på tv eller ein ny film vi har kjøpt. Det er også kjekt når heile familien samlar seg i sofaen og ser ein ny film. – Draumen min er å bli rik! Men det viktigaste i livet trur eg er familie og vener. Den bestaste bestevenen min er Dovidas frå Litauen. Han har flytta til Reset, men besøkjer meg i helgane. Iver har eit uttrykk han plar seia: – «Ohana» betyr familie, og familie betyr at ingen er åleine og ingen blir forlatne.
Karl 73 år
– Det er mykje spenning når ein jaktar Karl Traavik har vakse opp i Ølve på garden Traavik som består av fire bruk. Her bur han med kona si i eitt av husa som vart bygd i 1890. No eig eine sonen to av bruka, og Karl hjelper gjerne til. – Eg reiser opp rundt kvart på sju, og rotar meg inn i floren. Då tek eg resten av mjølkinga slik at son min kan køyra borna i barnehagen. Og barnebarn er noko som gjer livet
Magda Rørvik frå Sunde har hatt eit langt og innhaldsrikt liv. Ho bur framleis heime i huset sitt på Rusti i Røyrvik som ho har budd i sidan 1965. Fram til sekstitalet dreiv Magda manufakturforretning på Sunde der ho selde klede og sko. Vi spør ho kva ho meiner er det gode livet: – Vi møter både motgang og medgang, og vi må ta imot begge delar – det er det som er å leva. God helse har jo alt å seia, men også å stella seg slik at ein har fred og ro i seg. Eg har hatt eit godt liv. Eg hadde dette store tapet, veit du, men elles har eg ingenting å klaga på. Tapet ho snakkar om er forloveden Johannes som omkom under krigen, og på bordet ved ein vase raude roser står bildet hans på heidersplass. Der står også bilde av Magda saman med dei fem brørne sine, to av dei lever enno; Monrad og Øyvind. Tantebarna hennar kjem på besøk mest kvar dag.
rikare, fortel Karl. Han har åtte, frå to til 27 år. – Dei yngste kjem til oss mykje, og det er veldig kjekt. Dei likar å vera med meg å snikra. Det Karl likar best å halda på med er jakt, og det har han drive med i over 50 år. Saman med broren og nokre kameratar har han rundt 15 løyve til saman, og ei jaktbu ved Vareggjo. – Det er mykje spenning når ein jaktar, men eg likar meg også ute i skogen. Eg har alltid budd hundre meter frå sjøen, men når eg er på sjøen tenkjer
– Dei er fantastiske med meg alle saman. – Trur du folk hadde det betre før i tida? – Folk er gjerne meir kravstore no, mykje vil ha meir. Eg trur folk hadde meir glede av mindre før. I bakgrunnen surrar vakker musikk – Strandebarm Blandakor. – Musikk er flott å ha, det held meg med selskap, smiler Magda. Noko anna som held ho med selskap er den flotte utsikta utanfor huset, og kikerten er aldri langt unna. – Denne flotte utsikta er det som held liv i meg! Eg sit og ser på alt som rører seg, og så snart eg legg kikerten frå meg må eg raskt ta den opp att igjen. Vêret klagar ho ikkje på, men sommardagen nyt ho på terrassen i sola. – Då har eg herlege dagar, smiler ho. Ho trivst godt her i Røyrvik. – Eg vil helst bu her så lenge eg kan, men er lagnaden slik at eg må på aldersheim så går det vel bra det òg. Der trur eg det er godt å vera.
eg berre på alt eg skulle gjort heime. Det gjer eg ikkje når eg er på jakt. Men eg er glad i fisk, så då møter eg opp i fjøra når bror min har fiska, flirer Karl. Han seier han trivst i Ølvesbygda og har det godt. – God helse for å meistra kvardagen er viktig. Det er tryggjande å ha sjukeheimen i bygda når ein blir gammal. Elles trur eg folk trivst viss dei har noko å gjera på så ein ikkje visnar vekk i ein stol. Eg synest det er flott å bu på landet, for meg hadde det vore forferdeleg å bu i ei blokk i byen.
– Det er viktig å nyta her og no
Hanne Lise 39 år
Hanne Lise B. Fosse frå Borgundøy driv Fjelberg Landhandel og jobbar som lærar på Halsnøy. Ho og mannen Stig Arild Fosse har fire born saman. For Hanne Lise kjem familien i første rekkje. – Det er viktig for meg at mannen og borna har det bra. Men storfamilien og slekta er også viktig for meg. Vi reiser ein del saman med søskena våre, og prøver å samlast nokre gonger i året. Å ha det godt i familien er viktig, og å respektera og akseptera kvarandre slik ein er. Sjølv om ho og mannen er travle med å driva kvar sin butikk, er Hanne Lise oppteken av å ha tid til kos og familietid. – Eg trur det er viktig å nyta her og no, og ikkje berre gle seg til ting som skal skje fram i tid. Det er kvardagane vi har flest av. På onsdagar, når ungane ikkje skal på noko trening eller liknande, prøver vi å samlast heile familien og kosa oss. Når Stig kjem heim på kvelden har eg tent mange stearinlys og fyrt i peisen og så et vi eit godt måltid alle i lag. Då går stresset ut og kosen kjem inn. Når ho skal kosa seg likar Hanne Lise å jobba med hendene sine. – Eg er heimekjær og likar å ha det koseleg rundt meg. Eg likar også å vera ute i hagen og planleggja og putla på, då forsvinn tid og stad. Ho meiner ho lever det gode livet på Fjelberg. – Forutan den flotte naturen her og at du kan vakna til fuglekvitter, falt eg mest for samfunnet og folka. Alle passar på kvarandre på godt og vondt. Eg kjenner meg nøgd med livet, også når det går i motbakke. Vi har det slik vi ønskte, sjølv om vi er ein travel familie, smiler Hanne Lise. Mona Grønningen mona@kvinnheringen.no
14 – det gode livet
– Flugefiske, det er livet, det! – Du blir heilt hekta, det ligg i bakhovudet heile tida, seier Frode Olderkjær om hobbyen sin. Frode er ein av dei som har funne seg ein hobby som gjer livet rikare. Han driv aktivt med flugefiske og reiser rundt for å fiska store delar av året. – Eg ville ikkje budd nokon annan plass enn i Kvinnherad. Men vinteren her er sur og kald, derfor er det viktig å ha ein hobby som ein brenn for, og som reddar deg frå vinterdepresjonen.
Velsigna elvar Frode bur på Opsanger, på ein idyllisk plass heilt nede ved vatnet. Heilt frå han var liten har han gått her og trødd, og derfor har han fått denne kjærleiken for vatn og elvar. Han fiskar mest om sommaren i Norge, i Suldalslågen og i Trøndelagselvane. Før låg han gjerne i telt, men no tek han med seg bubilen. Reisa går også til Skottland, heimlandet til sportsfiske der miljøet og aktiviteten er stor. Her fiskar han i River Dee eller River Spey, der sesongen startar i februar. Der har dei eigne seremoniar før sesongstart, der prestar eller prominente personar velsignar elva ved å hella ei whiskyflaske uti før fisket startar. Kvar fiskar får også ei flaske lokal whisky i premie når dei dreg opp den første laksen for sesongen. – Før i tida fiska eg mykje i Kvinnherad, og då var det sjøaure det gjekk i. Men den er omtrent forsvunne, og det må oppdrettsnæringa ta sin del av skulda for. Likevel er Uskedalselva og Eneselva flotte fiskeelvar, derfor er det fint mogleg å driva med flugefiske her. Draumen min er å reisa til Sør-Amerika, Argentina eller Chile når vi har vinter her, og fiska etter sjøaure!
Terapi Til dagleg jobbar Frode med vedlikehaldsoppdrag for Husnes
Storsenter. Men når han har tid til det, finn du han ved skrivepulten saman med utstyr for flugebinding. Han har hundrevis av fluger i boksar over alt i huset, til kona Kjersti si store fortviling. – Eg seier han må kasta nokre av dei, at han har altfor mange, men det blir sjeldan til det, ler ho. – Mange av dei eg lagar hamnar aldri i vatnet. Men å binda fluger er å klargjera sesongen, samstundes er det moro. Spesielt når det er dårleg vêr ute, er det nesten som terapi å sitja og putla på med dette. Då får eg drøyma litt om neste fisketur òg, smiler Frode. Det finst uendeleg mange flugemønster med ulike fargar og fasongar, men det vanlegaste er krokfluger og tubefluger. På det vesle arbeidsrommet hans ligg det fjører, hår, og tråd i alle regnbogens fargar. Når ein lagar tubefluger lagar ein først ein kropp ved å surra tråd rundt eit lite plastrøyr. Utanpå der har ein «tinsel» (ein farga tråd), før ein pyntar kroppen med fjører eller hår som skal likna på vengjene til eit insekt eller ein liten fisk. – Eg sit og eksperimenterer med flugene, og vel fargar ut ifrå forholda i elva. Det er til dømes mange fargenyansar i vatnet, alt etter om det
er krystallklart eller grumsete. Mange fiskarar trur nok at det var akkurat den fluga som gjorde at fisken beit, men eg trur det nesten er tilfeldig, eg trur ikkje fisken ser så stor forskjell.
Naturoppleving og spenning Vi trudde kanskje det var sjølve fisken som var målet når ein driv med flugefiske, men Frode fortel at naturopplevinga er det desidert flottaste. – Det er så flott å stå der i elva i eigne tankar, med alle elementa så
nær deg, medan du ventar på at fisken bit. Spenninga gjer at alle sansar er skjerpa, og spesielt på sommarnatta er det fantastisk. Tida går fort, du gløymer å eta og vil ikkje legga deg – du veit aldri når fisken bit, derfor må du ha tolmod. Berre nokre få fiskar blir middagsmat. Når ein driv sportsfiske, hamnar mesteparten av fisken i vatnet igjen, såkalla «catch and release» som det heiter på fagspråket. – Kven kan flugefiske passa for?
NATUROPPLEVING: Heilt sidan han var liten gut har Frode Olderkjær leika seg her ved vatnet på Opsanger. Han fortel at naturopplevingane er noko av det som gjer flugefiske så givande. Foto: Tomas Bruvik.
– Det er ein hobby som passar for alle, og det treng ikkje vera så dyrt. Ein kan kjøpa rimeleg eller brukt utstyr. I utgangspunktet treng du ei stong, ei snelle og eit par snøre, og ein liten boks med fluger. Då klarar du deg lenge. Og ikkje minst ei tolmodig kone slik som eg har, eg set umåteleg stor pris på at ho let meg halda på med dette, smiler Frode. Mona Grønningen mona@kvinnheringen.no
FARGERIKT: På arbeidsrommet sitt har Frode utstyr til å binda fluger i alle fargar og fasongar. For han er dette arbeidet nesten som terapi.
BUSSKAMERATANE For denne kameratgjengen er ein buss meir enn berre eit framkomstmiddel eller ein arbeidsplass. I dagens hektiske brukog-kast-samfunn finst det framleis dei som vil ta vare på og vidareføra gamle tradisjonar og verdiar for framtidige generasjonar. Møt nokre kollegaer som også er blitt kameratar på grunn av ein felles lidenskap.
Menn i uniform Vi møter dei staute og staselege karane ved busstasjonen i Rosendal der dei har tilhald, og der dei fleste også jobbar. Staute og staselege er rett å seia når dei for høvet har stilt opp i
Bla om – framhald neste side
FELLES INTERESSE: Fem staselege karar og veteranbussane dei har restaurert. Ein Volvo 64-modell og ein Scandia 74-modell. F.v. Olav Nerhus Hatteberg, Torger Øye, Torbjørn Helle, Thor Arne Nygård og Lars Wang.
’’
– Før i tida transporterte vi ikkje berre passasjerar, men også kasser med til dømes matvarer, postsekker og mjølkespann bakpå bagasjebrettet. Ein gong hadde vi med levande smågriser! Rett som det var hadde eg også med fem-seks barnevogner inne i bussen når mødrene skulle på barnekontroll. Vi gjorde også alle slags ærend for bygdefolket, slikt er det ikkje tid til no til dags.
ORGINALT: Alt inventar i bussane er nesten utan unnatak orginalt. I tillegg har kameratgjengen teke vare på alt frå gamle billettvesker og rutehefte, til uniformar og internskriv frå HSD.
gamle uniformer frå svunne tider, den eldste er frå 1947. Og kven kan vel motstå menn i uniform? Alle i kameratgjengen er, eller har vore, bussjåførar. Saman har dei starta ei samling av gamle minne frå HSDkonsernet før det fusjonerte med Gaia og vart Tide. Alt frå billettvesker med veksleapparat og billettstokkar, til rutehefte, internskriv og uniformer frå dei fleste tidsepokane. Likevel må det flottaste i samlinga vera dei to originale veteranbussane dei har restaurert.
Veteranbussar For desse fem karane starta samhaldet og interessa for alvor i 1991. Då fekk dei nyss i at Volvoen frå 1964 med kjennemerket R-2055, type B 615 med 125 hestekrefter, stod på Halsnøy. Bussen var i drift i Kvinnherad fram til 1980, då den vart selt til bonden Melkevik på Halsnøy. – Gamle bussar var ettertrakta. Bønder ville ha motoren på dei eller bruka dei til hønsehus, og vi var som regel glade for å bli kvitt dei slik at vi kunne få noko nytt, fortel Torger Øye som no har køyrd buss i 38 år. Men denne bussen kunne dei ikkje lata stå og forvitra. Saman med mange andre starta dei eit ambisiøst restaureringsprosjekt av bussen. Det
tok ti år å få den ferdig, og 3000 dugnadstimar. – Vi bytte på skift innbyrdes for å kunna jobba med restaureringa, og fekk også hjelp av ein gjeng nevenyttige karar som ikkje er yrkessjåførar, men som var svært viktige for oss å ha med i arbeidet, fortel Lars Wang, den kanskje mest ihuga i gjengen. Han har køyrt buss i 34 år no. – Odd Hauge var svær. Han hadde teke vare på mange originale deler vi trong til bussen, seier Torbjørn Helle, tidlegare HSD-sjåfør som no er pensjonist. Han har også vore med på dugnad. Han starta som bussjåfør i 1954, og køyrde buss fram til 86. Han har mange historier om bussen: – Før i tida transporterte vi ikkje berre passasjerar, men også kasser med til dømes matvarer, postsekker og mjølkespann bakpå bagasjebrettet. Ein gong hadde vi med levande smågriser! Rett som det var hadde eg også med fem-seks barnevogner inne i bussen når mødrene skulle på barnekontroll. Vi gjorde også alle slags ærend for bygdefolket, slikt er det ikkje tid til no til dags.
Ein livsstil Den andre bussen i samlinga er ein Scandia B110 74-modell. Den er heilt
original utan at det har vore gjort nemneverdige arbeid på den. Begge bussane er vakre prakteksemplar som gjengen tek med seg på veteranbusstreffa til Norsk Rutebilhistorisk Foreining – årets høgdepunkt. Der får dei møta likesinna, sjå andre veteranbussar og preika om lidenskapen sin. I år går turen til Røros, i pinsehelga. – Det er eit flott miljø, og ein kjem lett i prat med andre kollegaer, fortel Olav Nerhus Hatteberg, som har vore bussjåfør sidan 1968. Thor Arne Nygård og Magne Sundal er nett komne inn frå køyring, og når kaffien er komen i koppen og praten går lett på pauserommet, spør vi kva som er så spennande med bussar? – Du veit, for oss er det å vera bussjåfør ein livsstil. Når vegen og bussen har vore arbeidsplassen din så lenge, ligg det til slutt i blodet. Vi er ein fin gjeng med ei felles interesse; alt frå køyreoppleving og det tekniske til mimring om gamledagar, smiler Torger. Karane innrømmer at det sjeldan er tid til slike kaffipausar i jobbkvardagen. – Ja, det er mindre tid til kaffidrøs med gode kollegaer no, enn det var før. Slike kosestunder er uvurderlege for det sosiale. Når vi no ikkje ser kvarandre så mykje på jobb, møtest vi
for å halda på med bussinteressa på fritida. Konene og familiane våre skal ha stor takk for at dei har vore så tolmodige, og for støtta og hjelpa under dugnadsarbeidet som er gjort gjennom desse åra! Mona Grønningen mona@kvinnheringen.no
– det gode livet 19
HØG KVALITET TIL LAV PRIS INNAR
TESTV
Foto: Trude Aarsand, Kvinnheringen
5999,-
RETT FRÅ OVNEN Ein føresetnad for det gode liv, er at det daglege brød er godt! Kvinnherad har det du elles må til bydn for å finna - eige handverksbakeri. Besøk våre utsal på Sæbøvik og i Rosendal! Velkomen innom!
BÆRBAR PC DV6-6B60
15,6’’ 640
GB HDD
6
HDMI
GB RAM
Intel Core i5-2430M prosessor med 1GB dedikert AMD Radeon HD 6490M skjermkort, DVDbrennar, 2 hodetelefonutgongar, HD-webcam, USB 3.0, Beats Audio for overlegen lyd.
MULTIFUNKSJONSSKRIVAR DJ3070A Rimelege, trådlause utskrifter. Kan òg skrive ut frå ein mobil enhet med HP ePrint. Brukar blekk frå 364serien.
599,-
Sentrum – 5454 Sæbøvik Skålagato 35 – 5470 Rosendal
Tlf. 53 47 61 26 • Fax: 53 47 12 80
KOMPAKTKAMERA VG160
Vi byggjer FIBER for framtida
Slank og kompakt kamera som gjer det enkelt å ta høgkvalitetsbilder og film i daglegdagse situasjonar.
NYHET
999,-
Mest for pe
ngane
VASKEMASKIN WM14Q471DN
A++ 1400
O/MIN
7
KG
Stort LED-display viser programforløp, resttid og opp til 24t utsatt starttid, medan Vario Perfect optimaliserer tid og energiforbruk utan at det går utover det perfekte vaskeresultatet.
FIBER TIL BEDRIFTER • Internett • Telefoni • Bax-tilknytning • Interne telefoniløysingar
FIBER TIL PRIVATE • Internett • Telefoni • TV
Vi kan no levera breiband over fiber til over 97% av Kvinnherad Bestill på www.kband.no post@kband.no
Tlf 53 47 56 40
fiber – digital tv – telefoni
Keram
p isk top
EXPERT ANBEFALAR
5999,-
KERAMISK KOMFYR EC5000W-NO KVIT A
65
LITER
Stilig komfyr med Aqua-clean som gjer at ovnen rensar seg sjølv ved hjelp av ein halv liter vatn. Stort ovnsvolum på heile 65 liter.
4999,-
– marknadsleiande internettleverandør i Kvinnherad. HUSNES STORHANDEL
www.noreq.no
INNOVASJON FRÅ KVINNHERAD
UT I VERDA Sidan Noreq AS vart starta i 2006 har nytenking og fokus på forbetring av maritimt dekksutstyr vore kjernen i vår forretningsidé. Med brei kunnskap frå vårt eige kystmiljø har me tatt med oss vår identitet og nye produkt ut til den internasjonale shipping- og offshore marknaden. Resultatet talar for seg sjølv: Noreq har i dag om lag 85 tilsette og me er etablert med eigne kontor i Singapore, Houston, Dubai, Rio de Janeiro, Odense, Polen og Shanghai. Like fullt som Noreq er blitt ei merkevare innan dekksutstyr er ”Noreq-sjela” blitt eit omgrep innan vår bransje. Denne Noreq-sjela er tufta på innovasjon, stå på-vilje og skaparglede. Og ikkje minst: Ho er ”made in Kvinnherad”!
LIFESAVING
NOREQ AS
|
CRANES
Phone: +47 53 46 47 50
FENDERS
|
P.O.Box 144, N-5480 Husnes
SERVICE
|
noreq@noreq.no
zpirit.no / shutterstock
Brasil er ein av dei mest spanande plassane i maritim bransje i verda i dag. Her føregår det ei rivande utvikling som nesten saknar sidestykke i historia. Noreq er oppteken av å vere tilstades for kundane sine og vi har vald å etablera oss på strategiske, maritime knutepunkt rundt om i verda. Også i Rio de Janeiro, Brasil.
22 – det gode livet
l rer a tv eva u rt erk sar o St e m pri t ve n je il la k i t
Effektive og trygge totalløysningar innan avfallshandtering for næringslivet Næring AS
Treng du kontainer? Bli kvitt rusk og rask på ein enkel måte, ring oss for leige av kontainer til ditt behov:
Alt innan:
• Garasjerydding • Loftsrydding
•Kvitevarer
• Hageavfall
•Lyd/bilde
Me kan tilby gunstig pris på alle kontainerstørrelsar inkl. utkjøring og innhenting.
•El-artiklar
Kontakt oss på tlf. 53 45 66 00
•Data/Foto SIM Næring AS
Lifeboatbuilder since 1903
Eldøyane Næringspark N-5411 Stord
telefon 53 45 66 00 telefaks 53 45 66 01 e-post sim.naering@sim.as
Opningstider: 10.00–19.00 (16) www.sim.as
Fagbygget – Tlf.: 53 47 17 77 husnes@akraelektriske.no
Norsafe Årsnes AS ble etablert i 2007, på Årsnes industriområde – Løfallstrand. Her driver vi et mekanisk verksted for produksjon av daviter. I tillegg arbeider vi med utvikling av nye produkter, blant annet utvikling og produksjon av egne vinsjer. Virksomheten på Årsnes er organisert i et eget datterselskap, Norsafe Årsnes AS. Selskapet er ledende innen produksjon av avanserte daviter til livbåtsystemer for offshore og maritim industri. I tillegg har bedriften en teknisk avdeling som tar frem teknisk underlag til ordrene og utvikler nye produkter. Norsafe Årsnes AS inngår i Norsafe Gruppen. Vi har i dag 40 dyktige og motiverte medarbeidere på Årsnes, inkludert servicepersonell som utfører oppdrag i inn- og utland.
ÅRSNES • Leiande Davit produsent i sterk vekst • Fulle ordrebøker ut 2012 • I løpet av 2012 skal vi auka frå 40 til 52 tilsette
Norsafe AS har gjennom bevisst satsning på produktutvikling og markedsføring blitt en av verdens ledende produsenter av maritime redningssystemer og hurtiggående redningsbåter. Norsafe Gruppen teller totalt ca. 600 ansatte fordelt på produksjonsselskaper i Norge, Kina og Hellas, samt serviceselskaper i Singapore, Japan, Korea, USA, Mexico og Brasil. Selskapet har hatt en sterk vekst de siste år med en omsetning på 625 mill i 2010, og sikter mot ny kraftig ekspansjon, blant annet med etablering av en ny fabrikk i Kina i 2012. Vi har i vekstperioden oppnådd gode resultater og har en solid økonomi.
– det gode livet 23
BN 144
Troms Castor, levert i 2009
BN 145
Troms Pollux, levert i 2009
BN 146
Havila Commander, levert i 2010
BN 147
NYTT HUS? Troms Artemis, levert i 2010
BN 148 Bestill vår g huskatalo med 148 sider bolig inspirasjon
Vestland Insula, for levering i 2011
BN 149
PSV-tbn, for levering i 2012
Hellesøy Verft 5474 Løfallstrand Tlf. 53 48 26 00 www.hv.no
Byggpartner Kvinnherad AS
Uskedalsveien 521, 5463 Uskedalen, tlf. 53 47 26 34
24 – det gode livet
Verdas lukkelegaste? Sokneprest Jan Ove Totland er sikker på at han lever det gode livet. – Sola har alltid skine på meg, eg kjenner meg veldig heldig. Eg trur faktisk eg er ein av verdas lukkelegaste menn! Eg har ei fantastisk kone eg berre blir meir og meir glad i, kjekke ungar og flotte barnebarn. I tillegg er Kvinnherad ein flott kommune å bu i! seier Jan Ove Totland.
ren, det er eit helsebot. Når eg er i form trur eg gjer ein betre jobb også. Eg prøver å finna ein god balanse mellom arbeid og kviletid. Dei siste 20 åra har eg tenkt at eg vil nyta det å ha ei god helse så lenge eg kan, eg ser så mange som slit med helsa og som ikkje kan røra på seg lenger.
Aktiv livsnytar
Møtet med menneske
Han fortel at han startar kvar dag med å ta éi skei tran og éi skei honning. Om det er dette som gjer han så mykje energi er uvisst, men Jan Ove likar å halda seg aktiv. Éin kveld i veka speler han volleyball saman med ein kjekk gjeng på Valen. Det seier han er veldig moro, sjølv om han ikkje vil skryta av ferdigheitene. Han likar å leika seg, og om vinteren lagar han gjerne snømenn. Om sommaren padlar han kajakk, syklar, spring til fjells eller tek kona med seg på båttur. Han likar også å plukka bær i skogen, og etterpå lagar han syltetøy som han serverer saman med dei berykta gode pannekakene sine. – Eg får energi av å vera ute i natu-
Energien kjem også til syne når Jan Ove preikar i kyrkja. For dei som har fått oppleva han på preikestolen, er det vanskeleg å ikkje bli smitta av engasjementet og iveren når han skal formidla den kristne bodskapen. – Den viktigaste oppgåva mi er møtet med menneske i glede og sorg. Og kan eg få formidla grunnleggjande verdiar som menneskeverd og likeverd, saman med gleda over at Jesus
Bla om – framhald neste side
– det gode livet 25
VOLLEYBALLPRESTEN: Sokneprest Jan Ove Totland held seg i form med volleyball, fjellturar, sykling og fjellturar. Han er ein livsnytar og meiner sjølv han lever det gode livet. Foto: Jonn Karl Sætre.
’’
– Den viktigaste
oppgåva mi er møtet med menneske i glede og sorg.
lever og gjev håp over livet, ja, då er det meiningsfullt å vera prest. – Kva yrke ville du hatt om du ikkje var prest? – Det veit eg ikkje, for det er mange yrke som kunne vore aktuelle. Men tidleg valde eg ei pedagogisk utdanning med tanke på undervisning i kristendom. Etter nokre år som kateket på Bømlo, vurderte eg å ta vidareutdanning i matematikk eller å studera teologi. Det vart teologi, og då eg som 40-åring vart ordinert til prest, fall eg til ro med at det er dette eg vil satsa på. Vi spør soknepresten kva han trur er den største utfordringa til kyrkja i dag. – Trusopplæringa. At dei som veks
opp får bli kjent med Jesus og kjenner seg heime i kyrkjelyden. Av dei 12 kyrkjene vi har i Kvinnherad, er ikkje sokneprest Totland så oppteken av kva kyrkje som er den beste eller finaste. – Valen kyrkje er kanskje den mest praktiske når det gjeld å driva kyrkjelydsarbeid. Men uansett synest eg at det som skjer i kyrkja er viktigare enn sjølve bygget!
Den viktige trua Når vi snakkar med ein prest, kjem vi ikkje utanom det store trusspørsmålet. Trua på Gud og Jesus er viktig for soknepresten, og sjølv kallar han det fundamentet i livet. Vi spør om han av og til tvilar på gudstrua? – Sjølve skaparverket vitnar sterkt om
Har du bruk for både
at det ikkje er tilfeldig – det må ha blitt til med ein tanke og vilje bak. Så at Gud, skaparen finst, det tvilar eg ikkje på. Så kan det vere mange vanskelege spørsmål og mykje eg ikkje forstår. Men eg synest det er viktig å byggja opp eit gudsbilde som ikkje er lettvint, men som held når det røyner på og som også toler dei uforståelege og vonde tinga i livet. Gud finst i alt rundt meg, og er ein del av heilskapen, og trua på Jesu oppstode har blitt fundamentet i trua mi på den Gud som vi blir kjent med i Bibelen. Viss tvilen grip tak i meg, så går eg til Jesus med tvilen, og då avslørar eg trua på Jesus midt i tvilen! – Kva tenkjer du om dei som ikkje har ei tru? – Eg har ei tru som er så viktig for
VI HAR BEGGE DELER!
ELEKTRIKAR OG RØYRLEGGJAR? Når du byggjer nytt eller pussar opp er det som oftast trong for både elektrikar og røyrleggjar. Då er det berre å ta ein telefon til oss, så hjelper vi deg med planlegginga og arbeidet. Slik blir det mykje enklare når du berre har eitt firma å forhalda deg til.
Sundsvegen 77, 5450 Sunde • Telefon 53 48 20 30 • E-post: tore@intoelektro.no • thomas@intoroyr.no
meg at eg ynskjer å dela den med andre. Samtidig ynskjer eg å vise respekt for andre si tru, også ateisten har ei tru – trua på at det finst ingen gud. Eg er blitt meir og meir oppteken av likeverd og å behandla menneske rundt meg med respekt. Vi er alle like verdifulle! Vi avsluttar praten med soknepresten med å spørja om kva som er det beste med Kvinnherad: – Naturen og folket som bur her! Og for dei som har sett heimplassen min Totland gard i Nordfjord, med fjell, fjord og holmar, er det ikkje vanskeleg å forstå at eg kjenner meg heime her i Kvinnherad. Mona Grønningen mona@kvinnheringen.no
– det gode livet 27
SKL - Ein utfordrande og trygg arbeidsplass I SKL har me som visjon å vera eit kraftsenter for framtidsretta energiforsyning. For å greia det, er me avhengige av dyktige medarbeidarar. SKL kan tilby utfordrande og trygge arbeidsplassar. Som tilsett hjå oss vil du jobba i eit konsern som er nyskapande, samfunnsbevisst, kompetent og kundeorientert.
www.skl.as www.skl.as
SKL L er eit regionalt energikonsern. Med grunnlag i primæraktivitetane kraftproduksjon og overføring er det dei siste åra utvikla nye forretningsområde, mellom anna innan IKT IKT, T,, breiband og naturgass. Konsernet er i vekst og positiv utvikling, og me er i dag 140 tilsette.
3 SEKKER X 50 LITER
139,3x50 liter
FK TOPPBARK
5 SEKKER X 80 LITER
GRESSKLIPPER VIKING MB 448 T
3 990,-
249,5x80 liter
ÅPENT: MANDAG-FREDAG 9-17, LØRDAG 9-14 FK butikken Dimmelsvik, KVINNHERAD, Tlf. 99 38 48 70
www.meir enn du trur.no
adsign.no
ALT DU TRENGER TIL VÅREN!
FK PLANTEJORD
28 – det gode livet
TO- OG FIRBEINTE VENER: Aud og Arne Presthus har via livet sitt til hundar. På Klungerhaugen i Ølve har både to- og firbeinte det godt.
Slik ser ein vanleg dag ut for Aud og Arne:
• Familien står opp rundt klokka 7–8 om morgonen. • Hundane blir sleppt ut så dei får lufta seg. • Aud og Arne lagar til fôr til hundane, og ein kaffikopp til seg sjølve. • Husmor Aud tek husarbeidet. Hundar feller mykje hår!
• Tid for ein skikkeleg tur i nærområdet. Hundane elskar å bada i sjøen eller springa i skogen og få ut mykje energi. • Etter turen må hundane vaskast grundig så dei ikkje dreg med seg skiten inn i huset. • Fyr i omnen og avslapping på familien resten av kvelden. Då kjem løn for strevet, ei salig fred senkar seg på Klungerhaugen.
– det gode livet 29
Eit hundeliv i Ølve Arne og Aud Presthus i Ølve lever ikkje noko A4-liv. Dei driv nemleg hundeoppdrett! Vi kjem inn i det flotte, nærmast herskapelege, kvite huset til Arne og Aud på den idylliske plassen som heiter Klungerhaugen. Det er verken hundehår eller lukt som avslører at dette i realiteten også er heimen til fem hundar, huset er plettfritt, men det første som møter oss er alle figurane og bilda av hundar rundt om i huset. Dét, og sjølvsagt ei varm mottaking av fem ekstatiske firbeinte som kjem springande for å helsa på oss.
Ein livsstil Ekteparet Presthus driv Kennel Klungerhaugen med oppdrett av labradorar. Sjølv har dei tre gule og to svarte; stammor Nova (12), Ballerina (6), Daisy (4), Balder (4) og Raymond (2). Fem sjarmørar med blank pels, vake blikk og logrande halar – teikn på at desse fem har det som plomma i egget. Ekteparet møttest på Os der Aud vaks opp. Saman budde dei i Bergen i mange år, der dei også kjøpte sin første labrador, Surprisings Iris, i 1972. I 1979 flytta dei til Ølve og tok over garden på Klungerhaugen som har vore i Arne si slekt sidan 1840. Her har både dei og hundane det godt, med skogen, sjøen og fjella rett utanfor stoveglaset. Første kvalpekullet fekk dei i 1978, og sidan den gong har dei hatt 17 kull. Likevel beskriv Aud og Arne seg som eit lite oppdrett. Dei to fortel at å driva med hund ikkje er noko A4-liv. – Å ta oss av hundane er det første vi gjer om morgonen og det siste vi gjer om kvelden. Det krev planlegging. Vi er låst og kan ikkje reisa når vi vil, det skjer noko heile tida. Men dette er noko vi har valt sjølv, og eg kjenner meg privilegert som kan driva med dette, seier Aud, og Arne nikkar. – Det er ein livsstil, du må elska hundar. På det nivået vi driv oppdrett
blir ein ikkje rik, det er heller ein kostbar hobby! flirer Arne.
Prisvinnande hundar Ein del av jobben er å reisa på utstilling med hundane. Alle hundane har vunne fleire flotte prisar og trofé, og Quality, eller Daisy som ho blir kalla, er den mestvinnande av dei fem. Den vart mestvinnande labrador i Norge 2010, i 2011 vart ho best i rasen på fire utstillingar i tillegg til to gonger gruppevinnar og «Best in show» éin gong. Hundane til Arne og Aud har vunne så mange prisar at dei fleste fyller opp eit heilt skap. Men «kremen» får hengja på veggen. – Vi er blitt veldig glade i denne hunderasen. Når du driv med oppdrett lagar du deg ein viss standard og ønskjer å avla opp det beste kullet opp mot den standarden. Målet er framgang og utvikling, seier Aud. Ho fortel at sjølv om labradoren er ein populær rase på utstilling verda over, så er det det at den er så allsidig og vennleg av natur som har gjort rasen så godt eigna som førarhund for blinde, ettersøkshund for skadeskote vilt, narkotikahund og sist men ikkje minst apporterande jakthund. Aud er stolt av å ha oppdretta ein narkotikahund som gjorde ein god jobb for tollvesenet i Trondheim. – Hundane våre er snille og folkekjære hundar som er glade i folk. Dei har fred i flokken, seier Arne. Aud og Arne har begge vore aktive i organisasjonsarbeidet, blant anna som leiarar for Norsk Retrieverklub som er landets største spesialklubb underlagt Norsk Kennel Klub. Aud har også sete i avlsrådet for labrador. Mona Grønningen mona@kvinnheringen.no
Bill.mrk. «Byjente søkjer lukka på landet» Signe Schineller (37) fann det ho ikkje visste ho leita etter og har bytt ut det travle livet i Oslo med landleg romantikk i Kvinnherad.
Signe vart forelska då ho kom hit for første gong i sommar for å halda kurs hos Ove og Turid Hillesland på Rosendal turisthotell. I byrjinga av desember bestemte ho seg – ho ville gjera noko nytt i livet. Nærmast på impuls kjøpte ho eit sjarmerande lite 50-tals hus med strandlinje i Rosendal. Då Kvinnheringen var på besøk i desember, var Signe i full gang med å riva ned vegger. No, tre månader seinare, har det skjedd store forandringar i huset som snart er innflyttingsklart. Det er kome lys og delikat maling på veggene, nokre rom er utvida og nokre er blitt mindre. No står berre finpussen att før ho kan møblera, og når det kjem til temaet interiør er Signe i sitt ess. Ho er nemleg interiørstylist og inspirator – kjent frå blant anna damebladet KK, God Morgen Norge på TV2 og Sinnasnekker’n på TV Norge. Ho driv sitt eige firma der ho held kurs og føredrag i dekorasjon, redesign, styling og motivasjon. For mange kan det kanskje verka noko sprøtt å flytta frå det travle storbylivet til den rolege landsbygda, men Signe er vaksen opp med begge delar. Far hennar kjem frå New York der Signe budde dei første åra av livet. Seinare flytta ho til øya Leka i Nord-Trøndelag der morsslekta kjem frå, og der har ho framleis ein fritidsbustad. Då ho var 19 flytta ho til Oslo og bylivet igjen, og no, 18 år seinare er ho tilbake på landet. – Oslo er ein intens by på mange måtar, med så mange inntrykk og menneske – på godt og vondt. Det er eit konstant jag etter pengar heile tida, og når pengar er motivet for alt, synest eg det er vanskeleg å vera kreativ. Jantelova er så gjeldande, og folk stel ideane dine. I tillegg jobbar folk så hardt for desse pengane at dei er slitne. Eg har budd 18 år i Oslo utan å etablera meg med familie,
derfor hadde eg ingenting som låste meg fast. Då eg kom til Rosendal spurde eg meg sjølv: Herregud, kva er det med denne plassen og menneska her? Det er jo så nydeleg! Her har eg funne den perfekte balansen, Rosendal har det eg treng for å finna lukka, fortel interiørstylisten. No gler ho seg til å få tid til å nyta livet og ta fatt på alle ideane og prosjekta ho har – og det er mange! Signe er ein livs-
DRAUMEN: Signe Schineller er no eigar av huset i bakgrunnen som også har eiga strandlinje. Ho var lei bylivet og gler seg no til å bu i Rosendal.
nytar, og mellom slaga med oppussing, strikkar ho, går tur og vinterbadar. Ho har jo trass alt fått eiga strandlinje: – Å springa ned gjennom hagen til brygga i morgonkåpe og kunna hoppa i Hardangerfjorden er heilt herleg! Det må då kunna definerast som det gode livet? Mona Grønningen mona@kvinnheringen.no
«HANDYWOMAN»: Interiørstylist Signe starta oppussinga med ein gong ho kjøpte huset i Rosendal, og snart er ho ferdig. Her tek ho ein pause mellom slaga.
32 – det gode livet
Åtte utflytta kvinnheringar får her fortelja kva dei saknar frå heimkommunen sin
Per Olav bygger iglo av iskrem i programmet «Ikke gjør dette hjemme». (Foto: NRK).
Jan Arild ved Grand Canyon i Arizona, USA. (Foto: privat).
Janne vann gullmedalje saman med dei norske handballjentene i EM 2010. (Foto: ANB).
Namn: Per Olav Alvestad Alder: 31 Kjem frå: Husnes Bur no: Trondheim
Namn: Jan Arild Tofte Alder: 40 Kjem frå: Halsnøy Bur no: San Jose, California
Namn: Janne Oppheim Søllesvik Alder: 40 Kjem frå: Omvikdalen Bur no: Hadeland
Per Olav Alvestad har budd vekke frå Kvinnherad sidan 1999. Han flytta vekk frå heimbygda Husnes då han skulle i militæret, og etterpå utdanna han seg som sivilingeniør på NTNU. Undervegs fekk han jobb i NRK som programleiar for borne- og ungdomsprogrammet Newton, og Alvestad vart verande i statskanalen. No er han programleiar for «Schrödingers katt» og «Ikke gjør dette hjemme».
For Jan Arild er Kvinnherad langt unna, for han har snart budd halve livet i statane. Han flytta til California, USA, i 1992 då han var 20 år gammal. Der utdanna han seg med Master of Sience i «Electrical and Computer Engineering» ved University of California, Santa Barbara, og no jobbar han som sivilingeniør innanfor mikroelektronikk hos firmaet Mentor Graphics Corporation i Silicon Valley.
Janne flytta vekk som 18-åring etter at artium var gjennomført. Ho utdanna seg innanfor fysioterapi og osteopati, og tok etterutdanning innanfor idrettsmedisin. I dag bur ho på Hadeland med familien, og driv eit tverrfagleg lokalt medisinsk senter i lag med to legar på Harestua. Her er totalt 15 fagpersonar samla under same tak – legar, fysioterapeutar med ulike spesialfelt, kiropraktor, osteopat, massør, bioingeniør, sjukepleiarar og legesekretær. I tillegg er Janne fysioterapeut for damelandslaget i handball.
– Kva saknar du mest med Kvinnherad og staden du vaks opp på? – Det eg går og saknar, og ofte tenkjer på, er fjella og skjergarden i Kvinnherad. Det å bu ytst i fjordgapet, der fjella stuper ned i sjøen og med mange flotte nes og øyar å besøkja. Nesten uansett kva bygd du bur i Kvinnherad, kan du ta på deg skoa og gå til fjells. Her i Trondheim har ein berre heiar og åsar, ikkje fjell. Skal du gå tur i fjell og mark må du køyra langt. I tillegg er fjorden her keisam og heilt «glatt». Eg trivst veldig godt med bylivet, og karrieremessig er det vanskeleg for meg å flytta heim og få jobba med det eg driv med no. Men det er veldig stas å koma heim att til Husnes og Kvinnherad på besøk. Det kjem eg alltid til å gjera.
– Kva saknar du mest med Kvinnherad og staden du vaks opp på? – Samanlikna med andre utflytta nordmenn som eg har kontakt med i Silicon Valley, er det ingen som har så stor heimlengsel som meg! Når desse austlendingane lurer på kvifor eg lengtar så veldig til Norge, er svaret mitt at det ikkje er Norge eg lengtar etter, det er Halsnøy. Utanom familie og vener er det den fine naturen og øylandskapet med holmar og skjer eg saknar mest. Båtlivet om sommaren med fisking og turar til andre småøyar rundt om er fantastisk. Ein topptur til Melderskin for å ta inn panoramautsikt av storslått natur, gjer også susen. I tillegg til dei eventyrlege sommardagane saknar eg også dei andre årstidene: sure haustar med heimekos og ved i peisen, klare og kalde vinterdagar med uendeleg sikt og gloraude solnedgangar, og friske vårdagar med nygrøne tre og fuglekvitter.
– Kva saknar du mest med Kvinnherad og staden du vaks opp på? – Det er sjølvsagt alle dei personane som eg er glad i eg tenkjer mest på når eg tenkjer på heimkommunen. Men eg må også framheva naturen! Det var først når eg reiste vekk at eg skjøna kor vakkert det er heime, med flotte fjell samt ein fjord som gjev høve til eit rikt og variert friluftsliv. Eg kjenner saknet spesielt om våren – ingenting er som å koma heim og sjå snø nedover fjellsidene samtidig som det blømer!
Hilde er utdanna dansar og jobbar som instruktør i Oslo. (Foto: Mona Grønningen).
Namn: Hilde Bjørnebøle Alder: 24 år Kjem frå: Omvikdalen Bur no: Oslo
Hilde er utdanna dansar og har budd fem år i Oslo. Ho flytta først frå Omvikdalen for å gå på danselinja ved Skeisvangen vidaregåande skule i Haugesund, før ho tok tre år på
Bårdar-akademiet i Oslo. Så flytta ho heim til Kvinnherad eitt år og jobba som danselærar i kulturskulen. No er ho fastbuande i Oslo og jobbar som instruktør for Elixia Bedrift. Ho tek også oppdrag som frilans dansar. – Kva saknar du mest med Kvinnherad og staden du vaks opp på? – Det eg saknar mest frå Kvinnherad
er den flotte naturen vi er så heldige å ha. Eg tenkjer ofte på kor fint det er heime i Kvinnherad med fjell, fjord og frisk, klår luft. Det at ein nærmast kan gå rett ut frå stovedøra og inn i skogen, eller ta seg ein liten tur til Aterstad er noko eg saknar veldig. Det er mange fine område ein kan lufta seg i Oslo òg, men her må ein først ta kollektivtrafikk for så å gå på tur i
marka med resten av folket i Oslo. Ein får ikkje heilt den same roa og naturopplevinga som heime. Elles saknar eg å kunna ta turen inn på Spiskammerset i Rosendal og eta asiatisk «Sisslingbiff»!
Bård (t.v.) saman med statsminister Jens Stoltenberg. (Foto: privat).
Namn: Bård Lilleeng Alder: 38 Kjem frå: Valen Bur no: Oslo
Bård er administrerande direktør i Helse Stavanger, og vekependlar frå Oslo til Stavanger. Han er utdanna lege frå Universitetet i Bergen og spesialiserte seg innanfor nevrokirurgi i 2008. Tidlegare har han jobba som assistentlege ved Nevrologisk avdeling ved Haukeland Universitetssjukehus, på kirurgisk avdeling ved Stord sjukehus, og som overlege på Nevrokirurgisk avdeling ved Rikshospitalet. Han har vore visepresident i Legeforeningen.
– Kva saknar du mest med Kvinnherad og staden du vaks opp på? – Eg saknar kjensla av å høyra til ein stad der ein veit kven alle rundt seg er, og samhaldet det fører med seg. Det får ein ikkje på same måten i ein by. Eg flytta til Bergen for å studera i 1992, og i år er det faktisk 20 år sidan eg var russ på KVV! Om nokre av dykk andre frå Russ -92 les dette: Vi må vel ha ei jubileumsfeiring i år? Bla om – framhald neste side
Monika jobbar som kokk i Stavanger. (Foto: privat).
Asbjørn (t.v.) saman med ein annan kvinnhering; Torgrim Øyre. (Foto: Monika Serafinska).
Namn: Monika Bondhus Alder: 32 år Kjem frå: Bondhus i Mauranger Bur no: Sandnes
Namn: Asbjørn Slettemark Alder: 36 Kjem frå: Husnes Bur no: Oslo
Som 16-åring flytta Monika frå Kvinnherad for å byrja på kokkeskule i Ølen for 17 år sidan. No har ho jobba som kokk i 14 år og stortrivst. Ho har erfaring frå restaurantar i Stavanger og Sandnes, og jobbar for tida på Subsea 7 si kantine på Forus i Stavanger. Der lagar ho mat til 400 gjester kvar dag.
– Kva saknar du mest med Kvinnherad og staden du vaks opp på? – Eg har berre gode minner frå oppveksten i Mauranger. Fjell, fjord og flott natur er noko av det eg saknar mest. Det er flott å berre ta på seg fjellskoa og ta seg ein tur til Gardshamar eller Bondhusvatnet, eller å dra båten ut frå pappa sitt naust og nyta stilla på fjorden.
Asbjørn flytta frå heimbygda Husnes i 1991. Først til Stord, så Bergen og til slutt Oslo i 1999 der han no bur. Musikk er ein stor del av livet til Asbjørn. No jobbar han i UNG-avdelinga til NRK, som programleiar for Lydverket på NRK2 og i radioprogrammet Pyro på P3. Han jobbar også som journalist og DJ.
– Kva saknar du mest med Kvinnherad og staden du vaks opp på? – Det eg saknar med Kvinnherad er heilt klart å ha så mykje fjell i nærleiken. Det er nok delvis fordi eg var altfor lite flink til å bruka Kvinnherad-naturen då eg budde heime, men mest fordi ein som Oslo-bebuar saknar det å kunne dra rett til fleire 1000-metertoppar. Nordmarka er veldig fin, men det er altfor lite episk og storslege der. Dersom det hadde vore mogleg hadde eg flytta Kaldestadåsen til Slottsparken ved sida av der eg bur, så skulle eg gått opp der kvar morgon før jobb!
Even (t.v.) og frontvokalist i The Lucky Bullets, Knud Kleppe. (Foto: Mona Grønningen). Namn: Even Lundqvist Alder: 26 Kjem frå: Halsnøy Bur no: Oslo
Even flytta frå Halsnøy til Stord i 2002 for å utdanna seg som kokk. Han har jobba på Michelinstjernerestauranten Annen Etage på Hotel Continental i Oslo, men no jobbar han som fagkonsulent i Rational Norge, eit firma som sel utstyr til kokkebransjen. Even er også aktuell med rockabillybandet The Lucky Bullets der han er hovudgitarist. Bandet deltok på Melodi Grand Prix i Skien i 2011 og har gitt ut EP-en Gold Digger. No er dei i studio for å laga debutalbumet som kjem ut i haust. – Kva saknar du mest med Kvinnherad og staden du vaks opp på? – Eg saknar sjøen, det å kunna kasta seg i ein båt og «stikka av». I Oslofjorden er du liksom aldri åleine nokon plass, og det er ikkje like idyllisk som heime på Halsnøy. I oppveksten har eg alltid elska sjøen, og å køyra båt, fiska, bada, lysa etter krabbe og koka krabben i fjøra. Det er herleg! Eg saknar også folka på Halsnøy. Det er alltid like kjekt å bli ønskt velkomen heim. Eg veit ikkje om eg kjem til å flytta heim noko gong, det er for tidleg å vita, men eg føler eg har funne meg til rette i Oslo.
– det gode livet 35
BENSINSTASJON • BUTIKK • VERKSTAD • DEKK
EU-KONTROLL? Har du hugsa å bestilla time? • Service på dei fleste bilmodellar • Karosseri- og mekanisk verkstad • Serviceverkstad for Volvo og Renault • Billakkering
• Daglegvarer • Drivstoff • Alt innan dekkservice Opningstider: måndag – fredag: 8–19 laurdag: 9–18, søndag: 14–17
Tlf. 53 47 15 11
J. Lyngnes Bensinstasjon AS MATRE – TLF. 53 47 91 15
KAROSSERI OG MEKANISK VERKSTAD
Onarheimslio 204, 5460 Husnes
www.mecacarservice.no
7 ÅRS GARANTI MED DESIGN SOM STÅR UT!
KIA Rio fra kun
KIA Picanto fra kun
168.900,-
134.400,-
KIA Sportage fra kun
264.100,Solheimsvegen 4, 5462 Herøysundet Tlf. 53 48 64 11 www.srbil.no
Priser levert Herøysundet. Årsavgift tilkommer. Forbehold om avvik i annonsen. CO2-utslipp fra 95 g/km, forbruk fra 0,41 l/mil v/bl. kjøring.
Husnes Røyr AS – Kvinnherad sin største røyrleggjarbedrift Husnes Røyr AS er godkjent for ansvarsrett. Vi er 8 tilsette med bl.a. meisterkompetanse samt fagrøyrleggjarar innan sanitær for bustadar, forretningsbygg og offentlege bygg samt for industri. Vi har kompetanse innen sanitær, varme/varmepumper, sprinkler, VA-anlegg, plastsveis, industrirøyr/mekanisk/sveis samt Offshore.
REFERANSEPROSJEKT Sanitær og varmeanlegg • Husnes Storsenter • Halsnøy nye skule • Rosendal nye ungdomskule • Klubbavikjo
Varme/sanitær/sprinkler Varme/sanitær Varme/sanitær Sanitær/sprinkler/VA
Industrioppdrag • Shell Industribase-Aukra • Oljeskipet Skarv-Aker Stord • Oma Skibsbyggeri-Leirvik • Hellesøy Verft • Eidsvik Skipsbyggeri
Varmeanlegg/sanitær Sanitæroppgradering Sanitær/sprinkler/brann og brennstoff Mont.arbeid innan røyr/mek./maskin Mont.arbeid innan røyr/mek./maskin
Frå venstre: Brede Grønningen, Arill Krossøy, Sindre Grønningen, Njål Tvedt, Svein Berentsen, Gunnar Berentsen, Arvid Aarre og Jonny Brix.
Herskedalbygget
Vi held til ved Hellandsbrua på Husnes.
Tide buss
Husnes Sentrum
Teigen
Rosendal
Husnes Røyr AS Hellandsbrua • 5460 Husnes • 53 47 59 00 www.husnesroyr.no • Vakttlf.: 40 40 43 86 / 96
FAGBYGGET ELKJØP FARGERIKE HUSNES TVEIT REGNSKAP
HUSNES STORHANDEL HUSNES MØBLER, Møbelringen KIWI EXPERT SPAREBANK 1 SR-BANK TRIM-X - Trimstudio
AKSEN HUSNES DnB MIX-KIOSKEN NAV VESTBO Sunnhordland opplæringskontor TRELASTEN
STORSENTER
Ta påskehandelen i det største og flottaste shoppingsenteret i distriktet KLE, SKO OG REISEEFFEKTER Catch, 53 47 24 37 Cubus, 53 47 17 75 Citybag, 53 48 77 23 Eurosko, 53 47 27 30 Jack & Jones, 94 87 83 35 KappAhl, 95 16 91 95 Senter Woman, 53 47 30 87 Skoringen, 21 07 96 65
Vero Moda, 94 87 83 35 You Who, 53 47 29 10 MAT, DRIKKE OG SERVERING China Plass, 53 48 90 12 Peppes Pizza, 22 22 55 55 To Søstre, 53 48 77 50 Yngves konditori, 53 47 2213 Narvesen, 53 47 25 30
Smak og behag, 53 47 16 70 Mix kiosken, 53 48 60 35 Kiwi, 53 48 01 65 Rema 1000, 53 47 16 20 Eurospar, 53 47 16 44 Vinmonopolet, 4560
ANDRE BUTIKKAR Baronessa, 53 48 01 22 DnB, 53 48 69 45 Elkjøp, 53 47 17 77 Expert, 53 47 16 08 Europris, 53 47 41 01 Fargerike Husnes, 53 47 17 28 Fjord’n Blomster, 53 47 17 30 Tilbords, 53 47 98 00
Glade føtter, 97 96 20 06 Gull-funn, 53 47 14 89 Husnes møbler Møbelringen, 53 48 80 50 Husnes sport/ Sport1, 53 47 14 04 KID interiør, 53 48 01 60 Kvinnherad Libris, 53 47 16 26 MEKK, 53 48 01 00 MX Sport, 53 48 11 87
Nille, 97 46 49 79 Parfymelle, 53 48 88 00 Playback, 47 62 26 22 Ringo leker, 53 47 16 26 Solsenteret Sunn og Smart, 53 47 11 32 Sparebank1, SR-bank, 53 48 24 00 Sparebanken Vest, 53 47 29 90 Specsavers, 55 62 64 60
Sunn & Smart, 53 47 11 32 Tango frisør, 53 48 93 93 Travelnet Husnes, 53 65 04 50 Trim X - Trimstudio, 53 48 46 42 Tropehagen Zoo, 98 29 72 06 Vitus apotek, 53 48 43 80 Lead inc, 53 48 00 48
KVADRATEN REMA 1000 EUROPRIS VINMONOPOLET
BYGGERN TEIGEN
KVINNHERAD GOLFKLUBB
HUSNES BÅTHAMN
Husnes med Opsangervatnet i framgrunnen. Foto: Aerophoto,Viestad.
...med eller utan sko – berre nyt det! Butikkane bugnar av gode tilbod, og mengder av varer. Restaurantane freistar med gode smaksopplevingar inne i trivelege omgjevnader eller ute på den flotte nye Torgplassen. Velkommen til strålande vårdagar på Husnes storsenter.
dil Haga.
o design, B
Foto: Bo rsenter. usnes Sto
VÅR
ID. SJONST NFIRMA OG KO
en ved H Torgplass
10–19 (16) Huser meir enn du trur
38 – det gode livet
Heim til Halsnøy – Vi gjorde det som skulle til for å endra liva våre. Vi berre måtte bu på idylliske Halsnøy! seier Ann Kristin (39) og Richard Erlandsen (41). Ekteparet frå Bergen overraska alle rundt seg då dei bestemte seg for pakka ned livet i byen. Draumen om eit liv på landet hadde dei hatt lenge, og no er dei klare for å ta fatt på eit nytt liv på Halsnøy. Ann Kristin er fødd og oppvaksen i Høylandsbygd. Der budde ho til ho var 14, før familien hennar flytta til Bergen der foreldra kjem frå. Ann Kristin har framleis slekt på Halsnøy, og her har ho og Richard feriert mange gonger. – Det var ein sommar vi sat i ein båt utpå fjorden her. Det var blikkstille på sjøen, sol, og ikkje ein lyd. Då såg vi på kvarandre og sa: Éin dag. Éin dag skal vi bu her! seier Richard som også vart forelska i øya.
Fekk napp Etter å ha bestemt seg for å realisera draumen om livet på landet, byrja dei å abonnera på avisa Kvinnheringen. – Sommaren 2010 sette vi inn annonse om at vi ønskte å kjøpa tomt på Halsnøy, og etter kort tid fekk vi napp. No eig vi ei tomt på Landasjøen der vi skal byggja oss eit funkishus, fortel Ann Kristin. – Folk sa til oss: Herregud, skal de flytta på landet? Kva skal de jobba med der? Men vår innstilling var at ja, ja, slikt ordnar seg, det skal ikkje få stoppa oss. Det er same kva vi jobbar med så lenge vi kan leva av det. Finst det ikkje jobbar til oss i Kvinnherad, så får vi starta opp noko sjølve. Dei selde huset sitt i Bergen og leigde i staden. Planen deira var eigentleg å venta med bygging og flytting frå Bergen til dei eldste borna var blitt myndige, men slik blei det ikkje: – I haust dukka det opp ei stillingsannonse i Kvinnheringen om at Kvinnherad kommune søkte etter ITkonsulent. Eg kunne ikkje gjera anna enn å søkja. Det var risikosport, for eg hadde nett byrja i ny jobb i Bergen. Likevel vart eg teken godt imot, og fekk jobben i Kvinnherad i desember. Då var det berre å setja inn ny annonse om at vi ønskte å leiga på Halsnøy, fortel Ann Kristin. Igjen fekk dei napp, og Ann Kristin flytta til Halsnøy med minste sonen deira, Oliver (4). Han fekk barnehageplass i Hauge. Så, i januar i år, skjedde det som gjorde det heile
TOK STEGET: Ekteparet Ann Kristin Mittet Erlandsen og Richard Erlandsen realiserte draumen og tok med seg minstesonen Oliver (4) for å starta eit nytt liv på Halsnøy.
HEIME: – Her, på Halsnøy, vil vi bli gamle. Vi har forelska oss i denne idylliske plassen og menneska her, seier ekteparet Erlandsen. Foto: Aerphoto Viestad.
fullkoment; Sparebanken 1 SR Bank på Husnes søkte ny banksjef, og Richard fekk jobben. No flyttar han etter i april.
Idyllen – Alt gjekk verkeleg som smurt, takka vera lokalavisa. Forskjellen på oss og andre som drøymer om det same er at vi tok steget og berre gjorde det. Erfaringa er at viss du verkeleg vil, så får du det til. Det finst jobbar og det finst hus ute i bygdene for dei som vil flytta heim igjen, seier Richard.
No gler den vesle familien seg til å vår og sommar på landet. Er dei heldige får dei feira jul i splitter nytt hus. – Vi søkte det gode livet, og ville vekk frå maset og tidspresset. Alt tek tid og skal du noko må du stressa. I byen hastar folk seg hit og dit og du kan bli ståande i rushkø lenge. Det verste som kan skje her på landet er at du hamnar bak ein traktor som køyrer i 30. Og då kan du berre køyra forbi! Her høyrer vi faktisk fuglane kvitra, ler dei. Dei to er ikkje redde for å kjeda seg. – Alt du har i byen har du eigentleg
her og. Vi likar å ta oss weekendturar for å gå på konsertar, og reisevegen er kort til Haugesund og Bergen viss vi vil finna på noko. Også vesle Oliver har funne seg godt til rette på Halsnøy. – Han elskar sjøen og stranda, og i byen fekk vi sjeldan høve til å ta han med dit. No har han sjøen rett i nærleiken, seier Ann Kristin, og spør sonen sin: –Vil du flytta tilbake til Bergen, Oliver? – Nei! Eg likar Halsnøy, Halsnøy er kjempekjekt! svarar fireåringen kontant. – På nyttårsaftan sendte vi melding til alle rundt oss og skreiv at dette blir eit fantastisk år. Det visste vi berre, sjølv om venner og familie ikkje visste vi skulle flytta. Her vil vi bli gamle, vi har forelska oss i plassen og menneska her, seier Richard. Mona Grønningen mona@kvinnheringen.no
– det gode livet 39
Vårsprett! K
hos
E J N A P AM Utvid hyttekomforten! Kampanjeprisar 1. mars-30.april
HONDA EU aggregat!
Honda EU 10i Veil kr 11.490,-
Honda EU 20i Veil kr 16.490,-
No kr
Med AC/DC kombilader
Honda EU 30i Veil kr 26.900,-
No kr
9.490,-
HITACHI KAPP-/GJÆRSAG 1.050W 2.750,C8FSE
HITACHI SIRKELSAGPAKKE 1300 W 2.350,C 6BUY
No kr
12.900,-
22.900,-
Honda EU 30is Veil kr 29.900,-
Honda EU 65i Veil kr 43.900,-
No kr
No kr
22.900,-
38.900,-
NY FORHANDLAR i Kvinnherad!
÷20%
PÅ HUSQUARNA SNØFRES
KK! AL VE K S ALT VÅPENSKAP Frå
2.998,-
BOSCH MULTIKUTTER Batteri 1.998,-
TOTALLEVERANDØR innan trelast, byggevarer, verktøy, maling og interiør.
HITACHI BORSKRUTREKKER 14V DS 14DSL
HITACHI VINKELSLIPER G 135R3
615,-
3.115,-
LAGERSJEFEN TERJE SKAL RYDDE!
÷60%
• ALLE VINDU på lager • ALLE INNEDØRER på lager
÷60%
• ALL TRELAST du finn på lageret
÷25%
• JOTUN SENS/LADY + malerverktøy
÷30%
KVINNHERAD BYGG www.kvinnheradbygg.no 5472 Seimsfoss – Tlf. 53 48 28 90
NB! Vi leverer varer GRATIS deg! (på køyrbar veg i Kvinnherad)
ROM FOR TRIVSEL SPAR
6.180,-
SCALA kont.150
15.990,WONDERLAND SCALA KONTINENTAL/L Scala Kontinental. + L1 box + L1 gavl. Pocket Comfort fjærer og Comfort Welun overmadrass. B150 x L200 cm 15.990,- Pris etter kampanje 22.170,B180 x L200 cm 16.990,- Pris etter kampanje 24.435,-
STRESSLESS® Mayfair
6.340,-
SVANE® Classic
8.998,SVANE® CLASSIC
STRESSLESS® MAYFAIR
Kontinentalmadrass. LFK-fjører/Standard grå/Elastec overmadrass og wenge sokkel. B150 x L200 cm 8.998,- • B180 x L200 10.990,-
Kvilestol. Hud Batick B 81 x D 73 x H103 cm 6.340,- Førpris 8.450,Krakk. B 55 x D 39 x H38 cm 1.790,- Førpris 2.390,-
Ein smakebit av årets hagemøbelkolleksjon:
3.998,-
10.990,ALFA 147738+6X133919-2 Alfa bord og 6 stolar. Svart/grå aluminium, topp kunsttre. 10.990,Bord. B100 x L220/280 x H75 cm • Stol. B69 x D69 x H92 cm. Vert òg levert i kvit/grå. Pris utan puter.
HUSNES HUSNES STORHANDEL TLF. 53 48 80 50
SAN REMO GRUPPE Bord + 2 stolar + 2-setar med seteputer. Gråspett m/offwhite puter. 3.998,2-setar. B131 x D77 x H79 cm • Stol. B71 x D77 x H79 cm • Bord. B52 x L92 x H38 cm
10-18(15)