Bilag til Kvinnheringen onsdag 16. mars 2016
Det gode livet i Kvinnherad Magasinet om folk som bur mellom fjord og fjell i Kvinnherad
16. mars 2016
Mest lesne avis i Kvinnherad
2
– det gode livet
Levande industri
I VERDSKLASSE
Mangfaldig
KULTURLIV
Eventyrleg
NATUR
BU, LEV, OPPLEV…
Kom til Kvinnherad
Kvinnherad kommune • Sentralbord 53 48 31 00 • 5470 Rosendal
– det gode livet
EIT
GODT
LIV
Dei neste månadene er ofte dei aller finaste i Kvinnherad. Vi har lagt bak oss stormar, vinter, vind og regn, og ser optimistisk framover. Draumen er ein varm og fin vår der vi ser det spirer og gror. I magasinet denne gongen handlar det om kvardagar og fritidsaktivitetar. Vi har møtt mange som fortel om kva dei held på med på fritida og korleis dei sjølve legg tilhøva til rette for å kunna driva med noko kjekt. Kommunen har utruleg mykje å by på, men dei innhaldsrike dagane må ein skapa sjølv, anten det gjeld å hiva seg med på eit tilrettelagt tilbod, skapa sin eigen aktivitet, eller å bruka den naturen som ligg rett utanfor stovedøra på vår eigen måte. I magasinet du har i hendene får du innblikk i ulike måtar å skapa gode dagar på. Stadig høyrer og les vi historier om menneske som er vaksne opp i Kvinnherad, og som vil heim igjen til kommunen. Kvifor er det eigentleg slik, er det ikkje betre å bu i storbyen med eit uendeleg tal av tilbod? Er det ikkje verkeleg der det gode livet er? Mykje tyder faktisk på at det ikkje er slik. Unge studentar finn mange gleder i storbyar, men når ein kjem så langt at familie skal etablerast, søkjer ein straks etter andre verdiar. Dei finn ein gjerne heime i Kvinnherad. Her kan du slå av ein prat om vêr og vind med naboen på butikken, tempoet er rolegare, stresset og støyen mindre og ein herleg og variert natur er rundt oss på alle kantar. I Kvinnherad finn du det trygge og gode livet.
Vinteren gjennom hoppar Signe Schineller i havet. Fritid er til for å nytast. Signe Schineller flytta til eit hus med brygge i Rosendal i 2012, og tenkte at dersom ho hadde brygge måtte den jo brukast. Ho starta dermed med heilårsbading. – Dersom ein held det gåande gradvis utover hausten vert ein van med det, fortel ho like før dagens bad. Om lag to gonger i veka duppar ho uti frå brygga, tek nokre tak og vender inn att mot land. I byrjinga dukka ho også under. – Men det lærte eg raskt at ikkje var så lurt, smiler ho. For nokre høyrest det kanskje ut som sjølvpining. Spesielt på stormfulle dagar der kuldegradene kryp nedover. Men for Signe er dette ei forfriskande oppleving.
– Det er så ekstremt friskt. Ein blir full av endorfin, og ikkje minst er det så utruleg godt å komma inn i varmen etterpå, fortel ho engasjert. – Eit slikt bad gir blodsirkulasjonen eit kick, det er sunt! held ho fram. Rutinen er som følger: Det flør. Med handkle rundt seg spring ho over vegen. Vel ute på brygga søkker ho seg nedi og tar sine modige 6–7 svømmetak og vassar målretta mot land. Der finn ho attende til handkle, og spring over vegen igjen og inn i varmen. – Det er utruleg herleg. Eg skulle berre hatt ei badstu, drøymer ho. Tekst og foto: Jorun Larsen
Magasinet – Det gode liv Opplag: 12.000 Utgjevar/grafisk produksjon: Kvinnheringen Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik Layout: Vidar Håland Trykk: Schibsted Trykk, Bergen Framsida: Belinda Seeberg forlot hektisk byliv og flytta tilbake til Halsnøy. – Det å kunna boltra seg i god plass og mykje natur, ha kontakt med dyr og stor fridom – det er dette eg vil tilby ungane mine. Sånn voks eg òg opp, og det var fantastisk! Les om Belinda på side 14–16. (Foto: Bodil Haga).
3
Ein dagleg dukkert
4
– det gode livet
Senkar skuldrene ute Det er mange familiar som er gode på å nytta naturen. Familien Egeland Helvik er ein av dei familiane som kjem innunder denne gruppa med veldig god margin. Dei slår eit slag for det enkle, nære friluftslivet som lett let seg kombinera med arbeid og kvardag.
– det gode livet
Familien tenkjer å tilbringa ettermiddagen i Monsafjøro i Rosendal. Medan far ordnar vindfang, leikar mor med jentene i sanden. Mathilde og Nora Mari har med seg vassmåling, og malar vakker kunst på drivved og steinane der. Nora Mari og Mathilde ventar på kakao med marshmallows. Her seier dei ikkje smiiiil til fotografen, men «masmellåååååås».
5
I Monsafjøro i Rosendal held Herman Helvik på å slå opp eit vindfang. Det er ein av dei fine, men kalde vinterdagane som gjev oss hint om vår. Når sola er framme varmar den godt. Familien på fire tykkjer alle det er gull verd å vera ute. – Hadde vi vore heime no, hadde vi ikkje fått fred til å ta ein kopp kaffi ein gong. Men når vi er ute vert både vi og ungane rolegare. Ute kan vi senka skuldrene, og ungane har alltid noko spennande å gjera, fortel Lise Egeland, mor til Nora Mari (snart 2) og Mathilde (3,5). I fjøra ligg det sandkasseleiker, sitjeunderlag, malesaker og drivved til å mala på. Familien bur berre nokre hundre meter unna, og etter ein arbeidsdag får dei samla energi og roa ned med å ta både middag og kvelds utomhus. – Grillsesongen er allereie i gong, for å seia det slik, smiler Herman. Fjellduken står endeleg støtt, knytt fast til eit tre, og gir vindfang sjølv om trekken har stilna heilt. Mathilde fortel om turar til steinparken, baronihagen, stranda og Sjethaug. Dei er også mykje ute i hagen, og slår lett opp telt der for å overnatta heile familien. – Vi har også slått opp telt inne i stova, slik at dei vert vane med det. Så tar vi med bøker og har lesestund og søv i telt heile gjengen, fortel Lise. Ungane er etter kvart godt van med telt og campingliv, Mathilde hadde sin første telttur allereie då ho var tre månadar gammal, og no tykkjer ho det er stor stas. Nora Mari sin første telttur var i hagen heime. – I sommar skal vi til Mikkelparken, då skal vi sova i telt, seier Mathilde. Både ho og veslesøstera gler seg til det. Vel ute finn dei på mykje kjekt. Dei lagar dyr av det dei finn i naturen, lagar monster eller bilde. Dei finn også mange skattar, og har fleire bereposar heime med skattar av ulikt slag. Desse vert deretter til vakre kunstverk. I Monsafjøro malar dei med vassmåling på steinane, og på eit stykke halvbrent drivved. Nokre hovudfotingar vert fødde. – Det hadde vore veldig kjekt om det var fleire som var med på aktivitetar og småturar her i Rosendal. Det er enkelt å komma seg ut, men mange tenkjer at det er vanskelegare enn det er, seier Lise. Ho står bak ei side på Facebook som heilter Ut på tur i Rosendalsområdet. Det er ei gruppe der ein kan sjå kven som er ute og kvar dei har tenkt seg, og slengja seg med på aktiviteten. Det vert lagt opp til sosialt samvær i nærmiljøet. Lise vil pusta litt meir liv i gruppa når det vert litt mildare i vêret. – Det blir ein ny giv no framover. Og ein treng ikkje tenkja at ein ikkje kjenner dei som drar i gong noko, det er jo berre kjekt å bli kjent med nye folk! Etter nokre omgangar med spade, vassing, måling og jogurt, er det dags for kakao med minimarshmellomws. Eitt av høgdepunkta med turlivet for dei to små. Seinare vil dei brenna bål og eta middag ute. – Eg fryktar at vi blir her til etter barne-tv, smiler Herman, tydeleg nøgd med å sjå kor borna frydar seg, og ikkje minst kjenna på låge skuldrer. Tekst og foto: Jorun Larsen
6
– det gode livet
– Det er musikken eg vil satsa på… Frå eit guterom på Valen gjer 17-åringen Bjarne Trondsen det han kan for å gjera draumen verkeleg. Med skyhøge ambisjonar og ønske for framtida, fortel han om musikken med ein glød og seriøsitet som vitnar om at det skal mykje til for å stoppa han på vegen.
Bjarne har rydda rommet for høvet. Ein liten lampe og lyset frå dataskjermen er dei einaste lyskjeldene, då det alt er skumring og snart mørkt ute. Han sit tilbakelent i stolen, der han nyttar eit ukjent tal timar i løpet av dagane og nettene til å laga musikk. Iallfall 11-12 linjer kvar dag, redigering og innspeling. Nokre gonger legg han på melodi frå keyboardet på pulten. Hendene hans kviler roleg i fanget medan han legg ut om livet og musikken. – Eg har bror min og ein kompis som tar seg av det meste av det praktiske, slik at eg kan konsentrera meg om kunsten. Eg deltok i UKM, og varma opp for Novocaine på 5460 no i februar. Slikt tar dei seg av, smiler han. – Dei vert manager for deg dei då, undrar eg. Han ler og svarar at dei iallfall innbiller seg at dei er det. Det vert sagt med glimt i auga. Men straks er me inne på eit tema som er viktig for den unge hiphoparen. – Eg vil jo læra meir og komma eit steg vidare, så eg er vel på leit etter ein produsent som kan hjelpa meg med å utvikla meg. Tekstane og melodiane lagar eg sjølv, men eg jobbar med eit album og skulle aller helst vore i eit studio og berre konsentrert meg om å laga musikk. Ingen mobil, ingen folk som kan forstyrra meg. Fullt fokus på musikken. Albumet han jobbar med har han kalla Depress. Kvar låt skal ta for seg emne
som han sjølv har eit personleg og nært forhold til. – Eg skriv om alle ting som har trykt meg ned. Til no har han åtte låtar klare, og han jobbar for tida med fem–seks låtar. – Eg har spelt inn dei åtte eg har klare, men eg blir liksom ikkje heilt nøgd. Eg skulle hatt ein mentor eller nokon som kunne hjelpt meg med å velja kva del av opptaka eg skulle tatt vare på og kva eg skulle vraka. Eg vil jo gjera dette mest mogleg profesjonelt. Når eg gjer opptak her, får eg ikkje heilt fram den energien og aggresjonen som eg får når eg gjer konsertar, fortel han alvorleg. Aggresjon er eit nøkkelord i samtalen. Med ein heil del livsbagasje av den tunge typen, har han mange erfaringar å henta inspirasjon frå når han lagar musikken sin. Eg ymtar frampå om at me må ta det frå byrjinga. 17-åringen fortel som ei open bok. I barnehagen var han veldig glad i å synga, og ville bestemt bli musikar. Etterkvart vart ønsket bytt ut med forfattardraumen, og i løpet av dei første skuleåra fann han også ut at han hadde eit talent innan friidrett. Musikken fann han attende til i sjette klasse. – Eg sleit kraftig med mobbing og forskjellig i sjette klasse, og gjennom ein kompis av bror min fekk eg kjennskap til ein rappar i Bergen, Ruben Røsten. Eg lytta til songane hans som blant
… EG HAR
INGEN
PLAN B
anna handla om mobbing. Eg vart vel dig inspirert. Bjarne lærte seg låtane, framførte dei til webkamera og la filmane ut på Youtube. Dette vart terapien hans mot mobbinga i klassen, og han fekk kvitta seg med ein del innestengt aggresjon på denne måten. Det var også på denne tida han kom på artistnamnet sitt; Crystal Tears. Han ville ha eit artistnamn med meining, og kom opp med dette namnet etter ei søvnlaus natt. – Songane er tårene mine. I løpet av ungdomsskulen vart han kjend med fleire vanskelege utfordringar. – Det byrja jo med mobbing, og gjekk vidare til jenter, kropp, anoreksi og sjølvskading. Det er så mykje drit, men dei fleste vil gå gjennom livet utan å innrømma det. Men sidan eg laga låtar som fleire kunne kjenna seg att i og identifisera seg med, har eg fått kontakt med mange med ulike problem. Eg heldt sjølv på med sjølvskading. I 10. klasse vart eg innlagt på grunn av at eg var suicidal og hadde hallusinasjonar. Då var eg innlagt i om lag ein månad, og eg var den einaste pasienten dei hadde på Stord, fortel han. Hendene ligg framleis heilt roleg i fanget, og blikket hans fangar auga mine når eg ikkje noterer. Han minnest tida på sjukehuset som ei herleg tid. Heile dagen hadde han totalt fred til å skriva musikk. Då han vart skriven ut, og i tida etter, framførte han musikken med ein desperasjon og tristheit som bror hans er med på å minna han på i tider der det manglar litt på energinivået. – Me er veldig nær kvarandre. Han har vore der heile oppveksten, og veit kva eg har vore gjennom. Han veit kvar eg står dersom eg dett litt utanføre, og han ser når eg ikkje gir alt, anten på scena eller i opptak. Eg ønskjer jo å ha den samme energien på opptak som eg har live. Adrenalinet eg får når eg opptrer, liksom. Det er viktig for meg å formidla. Eg vil at folk som høyrer på meg skal bli toucha. Som eit ope sår. Som 13-åring hadde han si største publikumsoppleving, då han opptredde framføre 2000 ungdommar på ein kristen leir. – Det var eit skikkeleg kick. Det var eit opplegg der dei som ville kunne gripa mikrofonen. Så det gjorde eg, smiler han. >>>
– det gode livet
7
Trass sin unge alder har den unge rapparen mykje livserfaring som han nyttar som inspirasjon til tekstane. Eminem er det største førebiletet, tett følgt av mellom andre Johhny Cash og Skylar Grey.
8
– det gode livet
That pill you swallow, is the only thing that makes you feel hallow, but every time you swallow that pill, it reduces your will, like shit, I need a refill!
>>> Målet han har med musikken er å ha fokus på ting folk slit med. – Eg lagar musikk til dei som lir. Eg vil hjelpa andre, dei skal vita at eg veit korleis dei har det. Men nokre gonger syng eg berre for meg sjølv. Og nokre av dei songane eg verkeleg har trunge å skriva, kjem aldri ut. Dei har eg fått på papiret berre for mi eiga skuld. Etter innlegginga på ungdomsskulen fekk han aldri nokon diagnose, men ein sterk dose antidepressiva. Den virka godt, og gjorde at hallusinasjonane han hadde vart utviska, meir og meir uklare, og til slutt løyste dei seg opp framføre han og forsvann. Før sommaren 2015 byrja han å trappa ned på medisinen. – No er eg heilt clean. Han held fram. – Dei to siste åra har eg hatt det ein del bra. Eg har vener og familie, og den tingen som eg verkeleg brenn for. Når eg har det bra, skriv eg meir reflekterte songar og blir meir engasjert rundt å spela inn musikk. Når eg slit, held eg meg inne og skriv. Dei beste songane kjem når eg er lengst nede. I tillegg til å nytta sine eigne erfaringar som inspirasjon til musikken, er 17-åringen ein stor fan av Eminem. – Han er den beste. Han er Gud. Eg skal vera Jesus, det går ikkje an å vera betre enn Eminem. Samtalen er over på draumen. Den inneheld eit stort hus i LA, med studio vegg i vegg med soverommet. Ungdommen i stolen attmed meg har krystallar i augo, ingen teikn til tårer. – Eg vil ut. Draumen er ikkje å bli kjent i Noreg, men internasjonalt. At mange folk kjem for å høyra på meg. Å skriva tekstar for andre. Skriva bøker. Å vera verdas nest beste rappar etter Eminem. Eg kjem alltid til å skriva musikk. Fokus framover er å velja kor vegen skal gå. Til sommaren er Bjarne ferdig på medie- og kommunikasjonslinja på Stord, og vurderer mellom anna å søka seg inn på skule i England for å læra skriveteknikk. Eit anna alternativ er folkehøgskule. – Eg kjem nok ikkje til å ta påbygg. Skule er ikkje akkurat noko for meg. Det einaste eg kan er å skriva og opptre. I tillegg satsar han på å få ut albumet Depress fort som fy. Dei nyaste låtane han jobbar med dreier seg om korleis dei svake i samfunnet vert trykte ned. Om rus og det å vera avhengig. – Eg har eit meir politisk innhald i tekstane mine no når eg er eldre, fortel han. Han rappar nokre strofer for å illustrera.
Bjarne Trondsen lagar musikken sin frå guterommet på Valen. Der har han ein del utstyr, men kunne godt tenkt seg ein eigen plass der han kunne konsentrera seg 100% om musikken.
That pill you swallow, is the only thing that makes you feel hallow, but every time you swallow that pill, it reduces your will, like shit, I need a refill! – Eg har sett folk gå under som følgja av at dei er avhengige, eg veit mange ungdommar som slit med heilt absurde ting. Det er mykje sinne og frustrasjon der ute. Songane mine er til dei. Dei skal vita at dei faen ikkje er åleine. Tekst og foto: Jorun Larsen
– det gode livet
9
VI UTFØRER ALT I ASFALTERING! Gratis synfaring og prisoverslag!
post@kvinnheradasfalt.no – www.kvinnheradasfalt.no
Skal du rehabilitera eller byggja nytt? Vi er totalleverandør av byggjevaretenester.
• ALT I GRAVING • MASSETRANSPORT • UTLEIGE
• TØMRAR • MALAR • FLISLEGGAR • GOLVBELEGG TEIKNING - PROSJEKTERING - BYGGjESØKNAD MILJØKARTLEGGING
Kvinnherad Maskin AS
5462 Herøysundet – Mobil: 970 67 097 michael@kvinnheradmaskin.no
ROSENDAL BRYGGJE
Tlf. 53 47 95 00 – kontakt@sandvoll.as Sandvollvegen 15, 5452 Sandvoll
18 lekre leiligheter i sjøkanten! Balkong mot sjøen, heis & garasje.
Bildet viser fasaden mot sjøen. Solrike balkonger med flott utsikt. Heis direkte fra garasje. Salget har startet!
Faste priser
fra 2.990.000
Omkostninger Adresse BRA areal Antall rom Fellesutgifter Tomt Eiendomstype
fra kr 13.172 Rosendal Bryggje fra 69 til 145 kvm 2, 3 og 4-roms fra kr 1.380/mnd ca 1.600 kvm Eierleiligheter
Ta kontakt for avtale om visning, M: 928 52 363 / 40 40 45 52. KONTAKTPERSON Thor-Kristian & Therese Tlf: 90 22 77 77 www.rosendalbryggje.no Avdeling Bergen Nybygg Tlf: 902 27 777 dnbeiendom.no Mobilprospekt: Send Bolig 71515178 til 09999
Godeliv_2016_Vidar_2.indd 9
10.03.16 07:56
10
– det gode livet
LA KJENTFOLK SELGE BOLIGEN DIN HER Vi har solgt boliger i Sunnhordaland i over 40 år. Vi kjenner ditt nabolag og dine kjøpere. La en av våre lokalkjente meglere gi deg et godt tilbud på boligsalget. 05560/emvest.no
u
TINGA ABONNEMENT: 85 23 32 02 u ANNONSAR: 53 48 21 35 u REDAKSJONEN: 53 48 21 45
– det gode livet
11
Ein aktiv kulturformidlar Kvinnherad Sogelag er eit lag med mykje aktivitet. Truleg på grunn av at medlemene er genuint opptekne av å høyra historier, og ikkje minst formidla dei vidare til andre.
På eit styremøte i sogelaget sit representantar frå heile kommunen rundt langbordet til Anny Nygaard Mehl på Mehl i Rosendal. Det er tidleg ettermiddag, noko eg får forklart på denne måten; – Styremedlemmene i sogelaget består nesten berre av pensjonistar, så vi har møta våre tidleg. Vi går nemleg ikkje ut etter at det vert mørkt, ler Kari Fedt Haugsbakk mot meg. Dei andre åtte humrar godt, sjølv om fleire er langt frå pensjonistar enno. Langbordet er dekt, og forsamlinga kan forsyna seg med herleg heimebakst, te og kaffi. Tema for møtet denne dagen har vore å bestemma seg for hovudfokus i den nye årboka dei skal i gong med. Mykje av aktiviteten i laget dreier seg rundt nettopp denne.
Veteranar – Vi gir ut årboka anna kvart år, og det utgjer mesteparten av aktiviteten i laget, fortel Mehl, som er leiar i laget i tillegg til vert for styremøta. Førre årbok kom ut før jul, med førstereisgutane som tema. No har dei bestemt seg for å ha veteranar frå fredsbevarande styrkar som hovudtema, og dei vil framover jobba med å intervjua aktuelle folk frå heile kommunen til den nye boka som kjem i 2017.
– Det byrjar jo å hasta, det er ikkje så mange igjen av dei, understreker Audun Eik. Han siktar til veteranane dei skal intervjua, og håpar at dei som har noko å bidra med tek kontakt, slik at ein får ei årbok som kan representera ei historisk, samt geografisk, spreiing. Førre årbok vart laga i eit opplag på 600, og den er nesten utseld allereie. Det vitnar om at det er fleire enn dei 233 medlemmene i sogelaget som interesserer seg for lokal historie. Lars Jostein Rørvik har hovudansvaret for regien av årboka. – Vi er heldige som har han til jobben, han har jo skrive bok sjølv, poengterer Lars Børge Sæberg. Rørvik fungerer som primus motor, og skriv også ein del sjølv. – Det er veldig mykje stoff som kjem inn. Berre på det vi fekk inn til årboka om førstereisgutane kunne vi jo laga mange bøker! Eitt stykke som kom inn var på heile femti sider, så det kunne jo vore ei eiga bok, informerer han engasjert. – Ja, det var faktisk fleire som var skuffa. Dei kom til meg og spurte «Kvifor har de ikkje skrive om meg?», skyt Rita Martens Meyer inn. Sogelaget er tydeleg glade for å skriva
årbøker som engasjerer, og tek arbeidet med å redigera og korta ned artiklane med eit stort smil. Martens Meyer nemner i same slengen heimesida til laget. – Vi har ei nettside, altså er vi, proklamerer ho smilande, og gir honnør til Åslaug Snilstveit i Salikat Design for arbeidet med utforminga av denne. På nettsida deira ligg alle årbøkene i frå 1982 i sin heilskap, dersom dei er utselte. – Dei er scanna inn og lagt på sida vår, slik at dei skal vera tilgjengelege for alle, held ho fram. Det kviskrast litt rundt bordet, og det går ikkje lang tid før eg har eit eige eksemplar av 2015-årboka i hendene. – Denne skal du få, så kan du lesa, smiler leiaren i mot meg.
Formidlar kulturhistorie Sjølv om årboka står for den største delen av aktivitet gjennom åra, er laget også med på andre kulturhistoriske prosjekt. Lars Børge Sæberg er ansvarleg for undergruppa til sogelaget – Krigshistorisk gruppe – som i desse dagar jobbar med eit hefte på om lag 50 sider, som sogelaget skal gi ut. I april er det duka for årsmøte i Kvinnherad Sogelag, og også då vert det fokus på å oppleva lokalhistorie. Dei skal arrangera møtet på Utåker, med mellom
anna omvising i kyrkja der på plakaten. Årsmøta er opne for alle, så der er det mogleg å bli med på omvising. Fleire av styremedlemene i sogelaget har aldri vore inni Holmedal kyrkje sjølv, og ser fram mot å høyra nye historier frå bygda og bli betre kjent i ytste luten.
Kvaringar frå Kvinnherad I tillegg jobbar laget, i samarbeid med Omvikdalen Bygdekvinnelag, om å registrera mønster på kvaringane på Kvinnherad-drakta, og å formidla handverket vidare med til dømes kurs i å veva kvaringar. – Kvaringar er banda til drakta, og det er ulike band til sommar- og vinterdrakta. Nokre mønster er masseproduserte, og no jobbar vi i sogelaget med å samla alle mønstera og registrera desse, fortel Kari Fedt Haugsbakk. Ho informerer vidare om at det på 80-talet vart gitt ut ei bok med bunadar og festdrakter frå distriktet, og materialet bak denne boka er veldig rikt på informasjon. I tillegg var det ei utstilling i det same tiåret, der ein har over 100 bunadsbilde tilgjengeleg. Kulturkontoret er ein viktig aktør i arbeidet med å samla dette materialet. – Kanskje me kan laga eit hefte av det me finn ein gong, men i første omgang er prosjektet vårt å laga eit arkiv på dei ulike kvinnherske kvaringmønstera, medan bygdekvinnelaget vil arrangera kurs i veving av kvaringar, legg ho til. Det er altså ikkje berre i bokform ein kan få tileigna seg lokalhistorie i tida framover. Tekst og foto: Jorun Larsen
Lærte korleis dei vaska klede i gamledagar BL A
OM
I låven til Anny Nygaard Mehl held dei styremøta sine før mørket senkar seg. Bak f.v. Dagfinn Eide frå Halsnøy, Audun Eik frå Uskedalen og Eva Eide frå Ølve. Framme f.v. Kari Fedt Haugsbakk frå Omvikdalen, Rita Martens Meyer frå Ølve, Anny Nygaard Mehl frå Rosendal, Cort Holtermann frå Utåker og Lars Jostein Rørvik frå Sunde. Lars Børge Sæberg, Omvikdalen, var ikkje til stades då bildet vart tatt.
12
– det gode livet
Kari viser kva naglebit er. – Ein vert blå på fingrane, fortel ho. Til slutt må ein skylja det reine tøyet. Ungane gjer akkurat som dei har blitt forklart.
– Kva tid i gamledagar var det dei vaska i elva, då? Når dinosaurane levde? Å vaska klede på gamlemåten er ikkje for frysepinnar
Kvinnherad sogelag har nyleg både sett og levd seg inn i korleis dei vaska klede i gamledagar i elvane som renn gjennom Omvikdalen; Mattiselva, Kløvs elva, Botnelva, og Tveitelva som renn saman med Omvikdalselva i Omvikjo. I 2015 samarbeidde dei med Omvikdalen Bygdekvinnelag om å leita fram til vaskeplassane der ifrå gammalt av. Fleire stader var det samlingspunkt der folk troppa opp for å vaska kleda sine, og den fyldige informasjonen om plassane og historier til, kan ein lesa alt om på sogelaget si nettside. Kari Fedt Haugsbakk frå sogelaget møtte Kvinnheringen og to flinke arbeidsu ngar til ei kjapp innføring i flekkfjerning, historie og naglebit ved elva på Ripel. Det er ein av dei få stadene ein framleis kan gå ned til elva og gjenoppliva dette. – Sjå her er nokre flekkar, kan de hjelpa meg å få dei vekk? spør Kari blidt. Verken Ole Willian (5) eller Veslemøy (3) Helle har nei i sin munn, og set straks i gong med å skura vasken opp og ned på vaskebretta i sinkbaljen. Dei får forklart at det var slik dei vaska klede i gamledagar, sjølv midt på vinteren når det var isande kaldt vatn, som no.
– Vert de kalde? Det kan henda de får naglebit, seier Kari. – Kva er naglebit? undrar Ole William. – Det er når ein vert så kald at ein blir blå på fingrane, svarar Kari. Veslemøy skurar og skurar, og får til slutt bort flekken. Meistringa breier seg ut i eit stolt smil, og Kari viser kva som er neste jobb. Når kleda er reine, må ungane vri ut såpevatnet før dei skyl tøyet i elva. – Har de støvlar på? spør Kari og tek ungane med uti elva. Der står dei alle tre og skyl vasken sin frå side til side. Det er litt av ein jobb, då vasken går nedi elvebotnen og vert dobbelt så skiten som den var før dei tok til med arbeidet. – Kor kjem vatnet frå, undrar Veslemøy. – Er det saltvatn, spør Ole William. Kari fortel, og ungane følgjer nøye med. Så nøye at dei gløymer at naglebiten er på veg der dei står med elva til godt over anklane. Til slutt er vasken passe skiten, ungane er kalde og nøgd med eigen innsats. – Kor kaldt var vatnet for deg i gamledagar? spør dei meg. Og sjølv om det var freistande å sei at det var mykje kaldare før i tida, må eg innrømma at me hadde vaskemaskin då eg var ung også.
– Men kva tid i gamledagar var det dei vaska i elva då? Når dinosaurane levde? spør Ole William. Dei får til svar at det ikkje er fullt så lenge sidan, men noko midt i mellom meg og dinosaurane. Dei kan til dømes høyra med oldeforeldra korleis dei gjorde det då dei var små. Borna godtek svaret, og gler seg til å visa kva dei har lært heime. – Var det mest kaldt eller mest kjekt? undrar eg. Veslemøy nikkar, og seier ho har naglebit. – Kjekt. Det var litt kaldt, men mest kjekt, avsluttar storebror. Tekst og foto: Jorun Larsen Oppskrift på såpe frå Aslaug Eik Aslaug kokte mykje såpe under krigen. Ein måtte først samla skrapefeitt, der ein nytta slikt på dyret som ikkje var brukande til mat. I gryta kunne det dermed hamna gamle reveskrottar og liknande. Når dette var godt kokt, vart det avkjølt og ein tok vare på feittet. Jo meir feitt, jo mjukare såpe. Deretter kokte ein ei gryte med: 4 kg soda 5 kg skrapefeitt 3 bøtter vatn 2 kg leska kalk 3 kg grovt salt oskelut
– det gode livet
13
14
– det gode livet
– det gode livet
Utekos og matgilde med storfamilien var av det som lokka Belinda Seeberg tilbake til Halsnøy.
Dyrkar det gode liv på Halsnøy >>>
15
16
– det gode livet
Belinda (37) har budd mange stadar, men måtte heim til Kvinnherad for å finna dei kvalitetane ho vil ha i kvardagslivet. >>>
Ho har gått kokkeskulen på Fitjar, og tatt hestelinja på folkehøgskule i Nordfjordeid. Vore på loffen i Australia, jobba som kokk i kjellaretasjen på Kjøttbasaren i Bergen, og som soussjef på N.B. Sørensen i Stavanger. Også i Oslo budde ho ei tid, før ho flytta til Stord, der ho har jobba på restauranten Fengselet, på Grand hotell og på Sjøhuset. Men det er ei tid for alt, og for vel eitt år sidan kom tida for å venda nasen heim til Kvinnherad att, for utdanna restaurantkokk Belinda Seeberg. – Eg er oppvaksen i Høylandsbygd, men flytta ut då eg var 15–16 år. Sidan har eg ikkje budd fast her i Kvinnherad. Men eg har nok alltid hatt i bakhovudet at det kunne vera fint å koma heim ein eller annan gong, seier ho. Ungane var ikkje begynt på skulen enno, og dei to barna mannen Per Øyvind hadde frå før av, var blitt vaksne og hadde flytta heimefrå. Tida var dermed perfekt for ei forandring. – Per Øyvind er opphavleg trønder, men hadde budd såpass lenge på Stord at han kjente seg like mykje heime på Vestlandet. Difor var han ikkje framand for å flytta til Halsnøy, no som ikkje noko batt oss til Stord meir. Det var fleire ting som lokka med Halsnøy. – Tilgangen på barnehageplassar var ein vesentleg faktor. I tillegg har eg stor familie her, noko som er sosialt og kjekt både for oss og ungane. Det er ikkje så dumt å få litt hjelp til barnepass innimellom heller, ler Belinda. Ungane Nicklas og Pia er no seks og to år. Belinda har fått jobb som kokk ved Sunnhordland folkehøgskule, noko som betyr litt helge- og kveldsjobbing innimellom. Per Øyvind er sveiseinspektør, og har halde fram med å jobba for StS Engineering. – Jobben hans inneber ein god del reising, så difor er det veldig praktisk å ha familien min så nær. Då har eg som regel hjelp dersom eg må jobba ei kveldsvakt når eg er åleine med ungane, seier Belinda.
Men det var òg ei sterk interesse for hestar og hage som lokka Belinda heim att. – Førebels leiger vi eit eldre hus med ein liten hageflekk på Sæbøvik, men håpet er at vi skal få hand om ei større tomt på sikt, slik at vi kan boltra oss med ein stor hage. Eit småbruk hadde sjølvsagt vore heilt herleg, men ei vanleg tomt på to mål hadde ikkje gjort noko, det heller. Eg er veldig glad i hagestell, og drøymer om å kunna dyrka mange forskjellege blomar og urter. Eit utekjøken hadde vore perfekt, seier ho, og skildrar ein fantasi om ein levande hage med plass til leik, blomar, mathygge og dyrehald. – Diverre er det ikkje så mange tomter tilgjengeleg utanfor byggjefelta, så det krev litt leiting. Men vi gir oss ikkje, draumetomta kjem nok til å dukka opp, trur Belinda. Fridom og tryggleik for ungane blei også vektlagt då avgjersla om å flytta til Halsnøy blei teken. – Det å berre kunna springa ut av døra utan å uroa seg for alt som kan skje, boltra
seg i god plass og mykje natur, ha kontakt med dyr og stor fridom – det er dette eg vil tilby ungane mine. Sånn voks eg òg opp, og det var fantastisk! Så er det ikkje til å koma frå at byen òg har kvalitetar som landsbygda ikkje kan skilta med. – Vi kan ikkje lenger bestilla «take away»-mat frå restauraten rett rundt hjørnet, og tilgangen på kaffibarar er heller ikkje den heilt store her. Dette kompenserer vi for med å laga god mat sjølve, og så har vi espressomaskin, smiler Belinda. Ho peiker på at behova også endrar seg når ungane kjem. – Før var det urbane bylivet både forlokkande og spennande, og eg elska å vera ein travel restaurantkokk med lange vakter og seine kveldar. Etter at ungane kom vil eg heller vera heime. Og heime er heldigvis blitt Halsnøy igjen, sluttar ho. ELISABETH BERG HASS FOTO: BODIL HAGA elisabeth@kvinnheringen.no
– det gode livet
17
18
– det gode livet
Halsnøy
– ei perle i fjorden
rbi Ikkje bare kjør rett fo gje deg god tid! – kom heller innom å
Sæbøvik - Tlf. 53 47 63 07
Vi lyser opp kvardagen!
Velkommen til
«NY BUTIKK»
VÅRSTEMNING I BUTIKKEN– Kom innom og la deg inspirera!
Sæbøvik Gåver & Leiker Følg oss på Facebook
Snapchat
Tlf. 53 47 62 07
• Ferskvarer •Daglegvarer •Bakevarer •Frukt & grønt •Kosmetikk •Apotek •Post •Tipping OPE: 8–21 (20) TLF. 53 47 61 02
Sæbøvik
– det gode livet
19
Vil du starte eget firma eller trenger du ny regnskapsfører? Da kan vi hjelpe deg!
Økonomi og regnskapstjenester Tlf. 53 48 22 60 • www.sumarum.no
LONAVEGEN 1 - 5460 HUSNES
Husnes Tannlegesenter Tlf. 53 47 70 00
Stabburshaugen 5, Husnes
TRENG DU: • Implantat-behandling • Snorkeskinne
• Profesjonell tannbleiking • Akuttbehandling
På Husnes Tannlegesenter får du hjelp til dette og meir.
NYTT BYGGJEFELT i Sandvikjo på Halsnøy! Sørvendte fine tomter med kort veg til skule, barnehage, kunstgrasbane og butikk. Flott turområde. Mulighet for kjøp av nausttomt.
Kulturog idrettstilskot for barn og ungdom
Kvinnherad Energi har for 2016 sett av kr 200.000,- for å yta tilskot til arbeid som gjeld born og ungdom som driv med idrett og kultur i Kvinnherad Energi sitt konsesjonsområde.
Tomtene har ei fantastisk utsikt over Sunnhordlandsbassenget!
Ta kontakt for meir info: Kjell Ståle Tofte, tlf. 951 45 615 mail: kjells@htrelast.no www.htrelast.no -Det gode liv, eit nytt hus på Halsnøy!
Nærare rettningsliner på vår nettside kraft.kvinnherad-energi.no eller kontakt marknadsleiar Kenneth Ingvaldsen på tlf. 53 47 56
00.
Søknadar må merkast «Sponsing 2016» og kan sendast på epost til: marknad@kvinnherad-energi.no eller per post til Kvinnherad Energi AS, Vikjo 7, 5464 Dimmelsvik.
Søknadsfrist 1. mai
Tildeling av midlar vert kunngjort 1. juni
20
– det gode livet
Det gode livet i Kvinnherad føregår mykje på toppar av fjell og inni lange dalar. For nokre finst det gode livet under vassflata, i dei mykje meir fuktige dalane og landskapa.
– det gode livet
Slik ser det beste utstyret på marknaden ut. Objektivet for dagen er valt med tanke på å fotografera botnen.
Kvinnheringen tok tempen på Kvinnherad Undervannsklubb, og dei målte tempen i vatnet. Om lag seks grader uti, og om lag like mykje på land. – No skal vi uti for å ta ei synfaring av botnen her, og fotografera korleis det ser ut. Det er planar om ein kai her, så dei må vita korleis forholda er. Jan Arthur Kalsaas helsar velkommen og byrjar straks å informera. Ein liten gjeng frå klubben er samla ved Bergslagen på Sunde, der det er planar om ein kai. Rundt om i bilane og på staden ligg utstyr verdt eit fint knippe gull, og det kjem snart fram at det er utstyrsfrikar blant oss. – Ikkje sei da te kåno, ler ein som sjølv plasserer seg i utstyrsfrik-båsen. Eg nemner ikkje namn. – I år har vi 50-årsjubileum i klubben, det må du få med, informerer Kalsaas vidare. – Vi markerer det med å samla oss til festkveld i båthuset her på Sunde, og vi arrangerer også eit fellesdykk utanføre Bjellandshamn same helga. Det vert ei stor markering, med mat og underhaldning, legg han til. – Vi er faktisk ein av dei eldste klubbane i verda, skyt Robert Tungesvik inn. Gliset han seier det med, gjer at eg ikkje tek han heilt på ordet. Eg undrar om det er fiskarar eg har med å gjera, då overdrivingane er i tråd med kor stor fangsten er. Mellom augo. Men så kjem det ei korrigering; Kvinnherad Undervannsklubb er den tredje eldste i Noreg. Gamalt nok, og jubileet ser dei alle fram imot.
Ryddar opp
Kristian A. Karlsen tek sats frå brygga. Vel uti tek han svømmeføtene på, og signaliserer at livet er ok.
Eit dykk som det dei har denne dagen, føyer seg inn i rekkja av andre samfunnsnyttige dykk dei gjer. – Vi er med i eit prosjekt i regi av Norsk Dykkerforbund, der ein skal søka etter spøkelsesfangstreiskap, og ta opp igjen gamle garn og teiner som er blitt liggande i sjøen. Dette er eit pågåande og landsomfattande prosjekt, informerer leiar i klubben, Sigmund Nordfonn. Han har vore leiar i fleire periodar, og det kan virka som han peilar seg inn på periodar med jubileum. – Eg var leiar til 25-årsjubileet vårt også, ler ringreven. Seinare i år skal dei også delta på eit oppryddingsarbeid utanføre kaiar, der dei av erfaring veit at det kan finnast mykje rare greier som ikkje høyrer til i sjøen. – Handlevogner og papirdunkar til dømes, fortel John Inge Nordfonn smilande, men oppgitt. Han er båtførar og dykkargjengen sine auge på land. Vidare fortel dei om funn av mellom anna påhengsmotorar, propellblad og fjernsyn.
ÅR UNDER VATN
21
– Men kva er det raraste de har funne? spør eg. Leiaren tek straks ordet. – Vi fann ein gong ei patron. Eller vi trudde iallfall det var ei patron, litt lang, rund på toppen. Det var ikkje ei patron, det var ein dildo, ja, du veit korleis dei ser ut, nikkar han lurt mot meg, og fortel vidare. – Ho som fekk auga på den skulle ta dykkarsertifikatet, så eg plukka den opp, og tok den med meg heim. Der vaska eg den, sette i batteri, og knytte ei raud sløyfe rundt. Då ho fekk sertifikatet, fekk ho dildoen i gåve, humrar han. Dei andre humrar også, det er god stemning. Det høyrer med til historia at dildoen virka etter ein vask og nye batteri. – Vi sportsdykkarar er alltid i godt humør, slår Tungesvik fast. Vi har tyngde, men stemninga er lett, ler han, og gjer seg litt større enn han er.
Med mål og meining Som sportsdykkarar har dei ulike interesser dei tek med seg ned i djupet. Nokre gonger er det fangst som står på timeplanen, andre gongar er det fotografering. Fleire interesserer seg for marinbiologi, og nokre gonger dykkar dei etter gamle vrak. – Det er veldig spanande, det er mellom anna ein del ulike håar (ein type hai) her, seier Kristian A. Karlsen. – Veit du at når ein kjem under 15 meter, er alt grått! Fargane vert heilt annleis i mørket, når vi lyser rundt med lykt, det kan du sjå på bileta våre. Alt er meir spanande i mørket, ein veit aldri kva ein finn, held han fram. Karlsen er ein av to som skal dykka med kamera denne dagen. Kamerautstyret veg rundt 11 kg på land, og er noko av det beste ein kan få tak i på dagens marknad. Eg vert fortalt om lys, objektiv og knappar i ei kjapp innføring, før dei fire dykkarane er klare til å hoppa uti. Avslutningsvis vert eg også forklart kvifor dei driv med sportsdykking. – Det er for å sleppa Facebook, kjem det lystig frå Tungesvik. Latter i gjengen, dei andre er samde. – Nei, det er spenninga og roa. Det er så stille under vatn, det blir mentalt reinsande, held Tungesvik fram. Karlsen legg til at det er som å vera på månen. Det høver godt å enda saka med nokre store ord. Om Karlsen har vore på månen, slik at samanlikningsgrunnlaget er reelt, spør eg ikkje om. Eg let dei heller plumpa uti til dei seks kjølege varmegradene i fjorden ved Bergslagen. Der duppar dei ei stund i vassflata, til ære for fotografen, før synfaringa av botnen er i gang. Som ekte dykkarar kjem det signal om at dette er topp. Tommel opp ifrå Kvinnherad Undervannsklubb. Tekst og foto: Jorun Larsen
22
– det gode livet
FJORD STUDIO
Frå hobby til bedrift
Konsernet har fokus på humor, natur og identitet. Landskapsbilda deira skal vera med å vekkja kjensler i sjåaren. (Foto: Fjord Studio)
Med tre berbare datamaskinar framføre seg driv tre unge menn på med å bygga seg eit konsern.
– det gode livet
Dette gjer dei ifrå sofaen heime hos Eivind Bjørnebøle i Dimmelsvik. – Vil du ha kaffi? spør verten, og legg til at dette har han fått beskjed om å spørja om. Godt opplært, men truleg er ikkje det ein lærdom som kjem frå Youtube, som så mykje av det andre dei har lært seg gjer. I tillegg til Eivind, sit Anders Bennæs og Alf Erik Fylkesnes i sofaen. Dei held på med marknadsføring, sosiale medium og slikt, får eg vita. – Vi tenkte vi kunne vera litt effektive når vi likevel samlast, understrekar Eivind lett. Ein kan enkelt ta den fleipande tonen som eit hint om at dei er useriøse, men realiteten er tvert om. Med si nyoppretta bedrift Fjord Studio har dei allereie sanka heider og ære, og levert frå seg svært bra handverk innan film, redigering og historieforteljing. Som sine to første kommersielle oppdrag har dei laga ein reklamefilm for Mitsubishi Outlander for Fylkesnes Bil, og dei har samarbeidd med reklamebyrået Zpirit på Stord med dronebilde til kampanjefilmen for Stord sjukehus. Begge filmane vart sleppte i februar, og filmtrioen har hausta mange lovord. Ein kickstart for verksemda, eller konsernet som dei kallar det. Eg vil dei skal fortelja korleis det starta, og legg til at dei gjerne må halda fram å bruka store ord.
Prøving og feiling – Det byrja vel i 10. klasse då vi skulle laga film til juleballet. Då lærte vi oss om filming og redigering, fann ut korleis vi kunne gjera det på Youtube, og sjølv om filmen vi laga då ikkje vart fantastisk, gav det meirsmak, fortel Anders. – Vi har vore med på litt konkurransar og berre hatt det gøy. Og etter kvart har vi lært mykje, sjølv om det har vore mest rolp, legg Eivind til. Sjølv om humor er eit viktig stikkord, er det ikkje på grunn av dårleg handverk ein skal smila når ein ser filmane deira. – Det er viktig for oss å nytta humor som eit verkemiddel i filmen, vi er ikkje så høgtidelege. Vi vil at folk skal sjå at vi har ei kreativ tilnærming til ting, og at vi har glimt i auga. Vi likar å leggja inn ein liten tvist, held Anders fram. – Ein liten nonstop, kjem det frå Eivind. Han kan lett kan samanliknast med Knut Nærum i måten han serverer sine små godbitar frå sofaen; i fullt alvor og med dette ønskjelege glimtet i auga.
Satsar på drone I haust jobba dei med å ordna løyve for å fly drone og filma kommersielt. Det er
Alf Erik som er primus motor bak dette arbeidet, og han har også sett seg godt inn i reglane for filming med drone og ordna med løyve frå Luftsfartsverket, og dette er noko dei ønskjer å satsa på. – Det er ikkje så mange som har lisens til å filma kommersielt, så her ser vi at det er ein stor marknad, fortel Alf Erik. Med strenge krav til mellom anna forsikringar og loggføring, er fordelane med drone som verktøy mange. Fjord Studio har to dronar, som vert forklart som brukarvennlege. – Teknologien gjer det veldig trygt, og dersom ein mister kontrollen har dei innebygd GPS og returnerer heim att, informerer Anders. I tillegg til drone, merkar dei også at film og levande bilde vert meir og meir brukt i mange samanhengar. – Ein kan formidla mykje på kort tid, understrekar han. – Det vert jo ganske hektisk no i vår, med eksamenar og arbeid, men vi treng jo ein jobb og då vil vi like gjerne gjera noko som vi likar å halda på med, informerer Anders vidare. Dei tek på seg alt frå eigedomsfilming, til redigering og ferdigstilling av bryllaupsfilmar, konsertopptak og andre eventyr, samt heile reklamefilmar. – Vi vil tilby eit breitt spekter av tenester, då får vi samstundes brei erfaring
og vi lærer nye ting undervegs, supplerer Eivind.
Visuelt og kjenslemessig Noko av det kjekkaste dei gjer er å laga ein film frå idé til ferdig produkt, som reklamefilmen dei nyleg laga for Fylkesnes bil. Den laga dei på vegstrekninga frå Omvikdalen til Fjellhaugen, og dei fekk gjera meir av det som dei tykkjer er kjekt. Nemleg å visa fram det lokale landskapet, og spektakulær natur, i tillegg til å servera ein liten humoristisk nonstop attåt. – Vi er eit nasjonalt konsern med hovudsete i Kvinnherad. Her sit vi og ser ut over fjorden og finn inspirasjon, legg Eivind høgtideleg fram, og kikkar lengtande ut mot Hardangerfjorden, som blinkar i sola berre nokre steinkast unna hovudsetet deira. Sjølv om det vert vidare studiar på Alf Erik i Bergen, og militærteneste på Eivind og Anders etter sommaren, vil dei halda fram med konsernet. Anders tek ordet. – Vi kan jo redigera når vi har fri, og «Affi» kan jo fly drone sjølv om han flyttar til Bergen. Vi har ikkje noko å tapa på å halda fram med Fjord Studio. – Utanom sjølvrespekten, kjem det frå Eivind. Dei konkluderer med at strategien vidare er som følgjer: Å peisa på. Av: Jorun Larsen
23
Eit dronebilde over ei hytte på Kalven utanfor Rosendal. Etter research i gruppa har dei funne ut at hytter og hus blir selt raskare dersom ein får oversiktsbilde frå eigedommen med i salsannonsen. – Hytta vart selt raskare då annonsen fekk bilde av eigedommen med, fortel Anders. – Det kan også vera på grunn av den låge krona, skyt Eivind inn og held fram. – Alt har med den låge krona å gjera. (Foto: Fjord Studio). F.v. Anders Bennæs, Eivind Bjørnebøle og Alf Erik Fylkesnes er gründerane bak Fjord Studio. Der leikar dei seg til filmsuksess med dronar og kamera. (Foto: Jorun Larsen).
24
– det gode livet
Hels på neste generasjon Harding har utvikla ein heilt ny serie livbåtar og davitar til cruiseindustrien. Produksjonsstart blir i år og arbeidet vil halda fram dei neste fire åra. Vi ynskjer alle våre gode kollegaer i Ølve lukka til med mykje godt arbeid i åra som kjem.
www.harding.no
– det gode livet
25
26
– det gode livet
“KVINNHERADSTÅVO” Finn freden i den minste storstova i Kvinnherad
Vi har utstillingsmodell på Bogsnes. Ta kontakt eller stikk innom!
90 88 00 71
Bogsnes 19, 5460 Husnes
even@byggmesterstensletten.no
I Byggmester Stensletten AS set vi fokus på effektivt og solid arbeid. Med våre dyktige fagarbeidarar kan vi hjelpa deg å realisera dine byggjeplanar frå prosjektering til ferdigstilling. Mellom anna kan vi tilby deg sterk kompetanse i vårt felt; renovering, nybygg, garasjar, baderom og gode løsningar innan prefabrikering. Ring oss for ei gratis synfaring!
– det gode livet
27
Gjennom ei open dør i gymsalen på Valen kan ein sjå ein liten hop av energiske damer i fargerike treningstoppar og svære svarte boksehanskar. Dei gir alt. Møt barselgruppa som starta med kickboksing. Frå barsel til boksing >>>
VINTERKLAR FORESTER MED PERMANENT FIREHJULSDRIFT OG AUTOMATGIR FRA 437 900,–
KAMPANJERENTE 1,95% KRISTOFFER TLF 922 00 538 VEGARD TLF 484 00 979 Solheimsvegen 4 – TLF 53 48 64 11 – www.srbil.no
SKIBOKS NÅ KUN 3 900,–
SKIGUARD 830/860 (VEIL 12 900,–)
PRØVEKJØR FORESTER FØR 1. APRIL – FÅ NORTH FACE BAG! (VERDI 990,-)
*Gjelder ved kjøp av ny Subaru. Pris fra kr. 437 900,- gjelder levert Herøysundet. Alle priser er inkl. mva. Årsavgift kommer i tillegg. Det tas forbehold om evt. endringer i spesifikasjoner fra fabrikk, endringer i bilavgifter og valutakurser, samt skrive- og trykkfeil. Bildene kan avvike fra tilbudte modell. Forbruk: 0,60–0,69 l/mil, CO2 148-168 g/km. Eksempel lån: 1,95% nom/4,02 eff. Egenkapital 35%. Lånebeløp kr 150 000,- o/5 år. Etableringsgebyr kr 4 240,-Totalkostnad kr 165 540,-
28
– det gode livet
IKK JE KØDD MED
Elin Bondhus
Veronica Thorkildsen Thorse
n
Ragnhild Kalstad Thorkildse
n
Lillian Berge Solheim
Randi Pedersen
Frå barsel til boksing Underteikna fungerer som fotograferande fluge langs ribbeveggane dei siste minuttane av ei søndagstrening. Drikkepausane kjem med korte intervall, likt med dei intense bokseøktene. To og to hoppar, sparkar og boksar rundt i par, der den eine boksar og den andre parerer. Trenar Arve Eskeland, som har ein solid bakgrunn innan kickboksing, rettleier og pushar dei undervegs. Damene er også gode på å støtta kvarandre med ros og korrigeringar under treninga. Latteren sit laust, og popanlegget serverer nettopp pop. – Det er god trening dette altså, seier Elin Enes Bondhus på veg i garderoben for å drikka før treninga skal avsluttast med styrketrening. Gjengen breier seg utover salen på blå matter. Sjølv under denne økta verkar det å vera særs god stemning. Både spensthopp, armhevingar og situps vert gjennomførde med sukk og latter. – Kva musklar er det eigentleg som vert fine no? undrar ei i rekka.
– Puppene, kjem det kjapt i frå ei anna. Eskeland med fleire flirer. Det vert straks litt vanskelegare å halda armane strakt ut til sida for mange langs langveggen.
Ein gjeng dvaske småbarnsmødre Det heile starta i 2014, då fleire av damene fekk babyar og havna i barselgruppe saman. Som nybakte mødrer tok gruppa initiativ til å låna gymsalen på Valen for å trena saman ein gong i veka. Det byrja med sirkeltrening og ballspel, men vinteren 2015 ville dei prøva noko nytt, og tok kontakt med Arve Eskeland. Dei ville læra seg litt kickboksing. – Det var ikkje alle som var like gira i byrjinga. Kickboksing høyrtes jo ganske brutalt ut, fortel Ragnhild Totland. Ho var ei av dei som var skeptiske til denne treninga, men har no totalt endra haldning til sporten. – Det er fantastisk trening for heile kroppen og utruleg gøy! Det skal vera noko veldig viktig som skjer for at eg ikkje skal
– det gode livet
29
D DESSE DAMENE Ellinor Stiansdottir Ersland
Tone Tjelmeland
Idun Mehl
gå på trening. Dette er heilag tid for meg, seier ho engasjert vidare. Fleire av småbarnsmødrene nikkar og seier seg samde. Dei er veldig glade for å ha denne tida, for ikkje berre er det knallgod trening, det er også sosialt då dei møtest to gonger i veka. – Her ler vi masse og har det gøy saman. Treninga vert lystbetont, og det er i tillegg veldig kjekt å ha Arve som trenar, for han pusher oss slik at vi merkar progresjon, legg Veronica T. Thorsen til.
– Inkludering er ordet! Randi er tilflyttar til bygda, og tykkjer sambygdingane er veldig flinke å inkludera, og å skapa aktivitet. – Alt før eg hadde flytta inn hadde eg blitt invitert på kaffi til tre forskjellige, smiler ho breitt. Ho er blant dei som set stor pris på treningane i gymsalen. Sjølv om det starta som ein introduk sjon til sporten, var det trenar Eskeland som tok initiativ til å halda fram med tren-
Evelyn Opsanger
ingane. Det var også han som føreslo å trena to gonger i veka i staden for ein, noko damene er svært glade for. – Dersom de vil, så vil eg, sa han, fortel Veronica T. Thorsen blidt. Barselgruppa er også blitt utvida med fleire damer, og totalt er dei i overkant av 15 i gruppa, og rundt ti damer på kvar trening. Kickboksing er ei relativt ny treningsform frå 70-talet som kombinerer slag frå boksing med spark frå karate. I tillegg til kickboksing er det mange andre aktivitetar i valebygda, både organiserte idrettar og uorganiserte. – Både Valeparken og sjukehuset har nok mykje å seia for aktivitetane her. Her er jo blant anna yoga, fotball, volleyball og aerobic. Grillhytta på skulen her er mykje brukt. Dersom ein kjem hit, er det alltid aktivitet, alltid nokon som spelar fotball eller noko, fortel Veronica. – Inkludering er ordet, avsluttar ho. Tekst og foto: Jorun Larsen
30
– det gode livet
Miss Tati
Kvinnherad Elektro AS tilbyr
KOMPLETT ELEKTROINSTALLASJON AV BUSTAD
Vi gjer alt ifrå å flytta eller skifta ein stikkontakt til installasjon av komplette styringssystem for lys, varme, ventilasjon og øvrige elektriske installasjonar.
Hydro Husnes
Ta kontakt dersom du ønskjer ein kvalitetssikker installasjon av din bustad.
Aluminium –eit grønt metall
Treng du tips til ENØK-tiltak, kontakt oss i dag og vi sparer pengar for deg!
Produksjonskapasiteten er 185.000 tonn elektrolysemetall. Målt etter årleg produksjonskapasitet er Hydro Husnes den fjerde største aluminiumprodusenten i Noreg.
Prod. Kvinnheringen
Den første aluminiumsproduksjonen på Husnes starta i 1965.
75 53 48 28 00 • post@k-el.no
– det gode livet
31
TOMTER & HUS PÅ HALSNØY! EIGE HUS PÅ LANDA! 11 TOMTER LEDIGE, UTBYGD INFRASTRUKTUR, FANTASTISK UTSIKT! TOMTEPRIS FRÅ 590.000,-
talog! a k s u h m o Spør oss VI HAR BYGGEKLARE, SOLVENDTE TOMTER FRÅ 800 TIL 1000 M2 MED NYDELEG SJØUTSIKT PÅ HALSNØY.
La deg inspirera av vår huskatalog frå BYGGMANN. Her finn du moderne funkis hus og meir tradisjonelle husvære i mange variantar.
Hyttetomter i Grunnavåg
Lokale handverkerar med lang erfaring sikrar deg fagmessig arbeid i alle ledd i byggeprosessen.
PRISAR FRÅ 380.000,-
Me har 5 tomter igjen i hyttefeltet i Grunnavåg. Tomtene er solvendte med fantastisk utsikt mot Stord og Bømlo. Det er opparbeida felles strand nedanfor hyttefeltet. Tomtene er klargjort med vatn (eige borehol og pumpehus), avløp, fiber og straum. Gode fiskemuligheter, flott turterreng. Ta kontakt for info/visning,
Leiligheter på Sæbøvik
Romslege, moderne leilegheter med livsløpsstandard i Sæbøvik sentrum.
Solrikt, like ved sjø, flott utsikt frå balkong og stove/kjøkken. Pris kr 2.790.000,-
ØYBYGG
A S
V TO ADANE A BUSTSELDE. ER GJEN. TO I
På gateplan har vi to næringslokale på ca 75m2. Kan nyttast til butikk/kontor mm. Pris kr 1.200.000,- pr. stk.
Alt du treng – gjort enkelt
32
– det gode livet
Frå Bjørke til Las Vegas Då porselensmalinga kom til Kvinnherad på 70-talet, kasta mange seg rundt for å vera med på trenden. Kristlaug Bjørke var ei av dei ivrige allereie då. Men etter kvart som populariteten for den type maling avtok for dei fleste, er Kristlaug enno like entusiastisk – om ikkje meir.
Spesielt for kreative sjeler er Kristlaug ei velkjend dame i Kvinnherad og i kommunane rundt. Butikken hennar, Porselensbuo, lokkar fleire kundar til Rosendal, forbi Kvinnherad kyrkje, og vidare opp til Bjørke. Ved foten av Melderskin og Skålafjell ligg det godt besøkte tunet i fredlege omgivnadar. Og i tunet held Kristlaug på med sine kreative prosjekt, i velorganisert rot. – Her har eg rotet mitt, seier ho og viser meg inn på arbeids- og oppbevaringsrommet i heimen hennar. – Men! held ho fram. – Eg veit kor alt er! Hyller, benkar, vegger, golv og skåp er fullt av utstyr, maleri, porselen – både malt og ubrukt, oppskrifter, med meir. – Hadde det vore ryddig her, hadde det betydd at eg ikkje var kreativ, slår ho smilande fast. Medan me flyttar oss lenger innover i huset, er det noko å stoppa opp ved i kvar ein krok. Det er mykje som vitnar om mange år med måling av ulikt slag og på ulike typar materiale. Ho viser fram og fortel om korleis og kva tid dei ulike bileta og arbeida vart laga, og sparer ikkje
på rosen overfor kurshaldarar og andre kunstnariske vener.
Lag på lag – Denne har eg bygd opp på ei veke, fortel ho ved eit portrett som står på ein skjenk. Tre portrett malte på porselen står side om side med familieportretta. To av porselensflisene er dekorerte med den same dama, der det eine er heilt ferdig, og det andre manglar ein dag på å vera ferdigstilt. – Ein legg lag på lag med maling. Første dagen skissar ein opp og malar svakt på. Så er det brenning. Slik bygger ein biletet opp gradvis, dag for dag. Denne er på fjerde dagen, så eg er ikkje heilt ferdig, informerer ho og peikar på den raudhåra dama utan grøn bakgrunn. Den blå dama vart malt på slutten av 80-talet. I ein godt brukt, kvit stresskoffert har ho papira for korleis nettopp den grøne dama er bygd opp. Fem ark med skisser og forklaringar tilsvarer fem dagar med maling og brenning. Etter fem dagar med arbeid har ein eit ferdig produkt. I juni skal Kristlaug på kurs til Haugesund for andre gong, med kunstnaren San Do. Det var på kurs med same kursleiar
– det gode livet
ho lærte å bygga opp den grøne dama. Ho tykkjer det er reine luksusen å reisa på kurs, for å læra meir og møta andre med same interesse. På kursstaden er utstyret lagt opp til kvar deltakar, og på plassen ho får tildelt ligg ein lapp med namnet hennar på. I pausen kjem ein til duk og dekt bord, og dagane, frå morgon til kveld, er fylt med noko ho elskar å gjera. – Eg har vore på nokre kurs til no. Jane Marks frå Texas var eg på kurs med i Bergen, og Filipe frå Portugal har eg vore på kurs med i Haugesund. Sjå her; denne laga eg på kurs med han, fortel ho, og peikar på ein stor vase som står i stova. Vakkert oppbygd med rike fargar og flotte fuglar. Slik står ulike porselensgjenstandar sirleg plasserte rundt om i alle husets krikar, inni skåp, på vegger og fint plasserte blant anna nips, fotografi og maleri. Kristlaug sprett på beina for å finna ei vakker skål med asymmetriske former, lekkert dekorert med eit portrett. Den har ho og Felipe laga saman, og det er tydeleg ein kjær gjenstand. – Her er ikkje overfylt. Eg har ein del, men eg har faktisk selt det meste eg har laga, informerer ho blidt. Ein treng ikkje rekna i hovudet for å tenkja seg til at ho må ha selt ein heil del malt porselen opp igjennom. Det ho har selt mest av er dåpssko, men aller helst dekorerer ho større gjenstandar eller bilde. Koppesett har ho laga ein del av, men tykkjer det er keisamt i lengda å mala det same motivet opp att og opp att. Den asymmetriske skåla som no står framføre oss på bordet, samt andre spanande gjenstandar, gir ho utfordringar ho set stor pris på.
Til Las Vegas Kristlaug Bjørke verkar ikkje å vera ei dame som vegrar seg mot utfordringar, eller mot å ta fatt på nye eventyr. Og i
– Eg har så mykje å gjera, og eg har stadig nye prosjekt på gang. Ein skulle mest tru eg ville bli 100 år med alle desse ideane mine!
Porselensmalaren viser fram to blomebilde. Det eine laga ho på eit kurs med rettleiing frå kursleiar, det andre held ho no på å byggja opp på same viset. Bildet ho held i hendene syner godt korleis ein byggjer opp eit slik bilde med porselensmaling. I den kvite stresskofferten ligg oppbygginga av «den grøne dama», som Kristlaug kallar ho. Fem ark for fem dagar med arbeid. Det er så lang tid det tek å byggja bildet opp med maling og brenning. Dersom ein gjer noko feil, er det berre å vaska vekk malinga og mala på nytt. Store vasar, skåler og mugger er noko av det Kristlaug tykkjer er kjekkast å mala på. Her ein stor vase som ho dekorerte på eit kurs med den portugisiske kunstnaren Filipe Pereira. – Eg kallar han berre Filipe, smiler ho. Malepenslar er ein viktig del av porselensmaling.
år har ho eit stort eventyr framføre seg: Då ho skal delta på ei verdsutstilling i porselensmaling i byrjinga av august. – Eg har nettopp meldt meg på, så no er det berre å setja i gang og jobba, fortel ho med stor entusiasme. Ei verdsutstilling i porselensmaling inneber at folk frå heile verda kan møta opp til utstilling med to arbeid kvar, eller meir mot ekstra betaling. Frå Bjørke vil det dermed verta utstilt to arbeid, side om side med porselen i frå alle verdas hjørne. Kristlaug skal reisa med ei veninne som deler lidenskapen for porselensmaling, og med denne reisa vil ein stor draum bli oppfylt. Iveren etter å reisa glødar i heile vesenet til den kreative dama, som i mange år har hatt eit ønskje om å reisa til Amerika. Draumar er til for å realiserast, og veninnene kan venta seg omlag tre veker saman, først i Las Vegas og deretter i New York. – Eg hadde eitt krav til denne reisa, og det var at vi måtte bu på eit hotell med gåavstand til Broadway, smiler Kristlaug, og legg til: – Og så kan vi jo gå på casino, veit du! ler ho. Målet med turen er å stilla ut, og så berre nyta opphaldet. Truleg vert arbeida ho tek med til utstillinga portrett på porselensfliser, då det både er noko ho likar å mala, samstundes som det er enklare å pakka med seg flate fliser i kofferten enn til dømes ein stor vase. Dette vert den første utstillinga hennar i utlandet, og vi vert ikkje forundra om det blir fleire. – Eg har så mykje å gjera, og eg har stadig nye prosjekt på gang. Ein skulle mest tru eg ville bli 100 år med alle desse ideane mine! 72-åringen har dermed mange kreative år igjen, og det verkar som ho har intensjon om å nytta kvart år til fulle. Tekst og foto: Jorun Larsen
33
34
– det gode livet
Rosendal ca 1910
1913 Uskedalen ca
Husnes ca 1970
Kortreiste postkort Einar Opsanger er fødd og oppvaksen på Opsanger på Sunde, og har ei stor interesse for lokalhistorie. Denne interessa har mellom anna resultert i ei imponerande samling med postkort frå heimstaden.
I dag bur Opsanger i Øystese, og jobbar som fysioterapeut. Han er aktivt medlem i Kvam frimerke- og myntklubb, og har mellom anna hatt utstilling i Kvinnherad under samlarmessa som Kvinnherad Myntklubb har skipa til ved fleire høve. Aud Karin Løvfall, som også samlar på postkort frå Kvinnherad, fortel om Opsanger som ein profesjonell kortsamlar. Vi spør Opsanger kva han tykkjer om denne gjeve tittelen? – Nei, profesjonell er eg ikkje, dette er rein hobby, ler han og held fram: – Det er mykje historie å finna i postkort, eg har nok samla i femten år no. Han fortel om postkortet si «storheitstid», som var på byrjinga av 1900-talet, spesielt mellom 1905 og 1910, og nokre år framover. På den tida var postkortet eit svært populært bildemedium for folk flest, ei kjelde til informasjon for både stad, kunst og temakort. Den tida er for lengst forbi, og i dag må ein leita lenge for å finna postkort frå bygdene
på nærbutikkane. Kvinnheradbygdene som er mest dokumentert gjennom postkort, er Rosendal og Mauranger, då dei var dei største turistbygdene. – Det er betydeleg mindre å finna frå Valen, Sunde og dei ytre bygdene. Av dei korta eg har frå Kvinnherad er godt over halvparten av dei frå indre luten. Personleg er eg mest interessert i å finna kort frå den ytre delen, sidan det er der eg kjem frå. Eg har truleg mellom sju og åtte hundre postkort frå Kvinnherad totalt, informerer Opsanger blidt. Noko av det som faktisk er å finna av postkort frå heimbygda hans, er mellom anna frå Gravdal Skipsbyggjeri. – Gravdal var i si tid ganske stort, så eg har nokre litt sjeldne der ifrå. Det synest eg er flott, seier han vidare. Både skipsbyggjeriet på Opsanger og postkortet hadde sine glansdagar i byrjinga av 1900-talet, og har resultert i nokre av kortsamlaren sine mest spesielle samleobjekt.
– det gode livet
35
Gravdal skipsbyggeri 1953.
Sundal ca 1910
Seimsfoss 1905
Gjermundshamn ca 1910
Opsanger kan informera om at det er ein eigen sport å finna fram til postkort som han ikkje allereie har i den store samlinga. Samanlagt har han truleg opp imot 4.000 postkort totalt, og store delar av desse er frå Kvam, som også har vore ein betydeleg turistkommune opp gjennom åra. Frå Kvinnherad har han åtte album med postkort, sirleg sorterte frå ytre til indre luten. Opsanger konkluderer med at han har orden i sakene, og at det må vera difor han har blitt kalla profesjonell samlar. Men korleis går ein fram for å opparbeida seg ei slik imponerande samling, undrar vi. – Ein finn nye kort på forskjellige måtar. Folk har jo postkort i skuffer og skap, og det fins fleire nettsider med eigne kjøp og sal av kort. Sjølv handlar eg mest på nett, og somme gonger i Bergen hos postkortklubben der, Postkort i Vest, informerer han. Det er også vanleg å byta kort med andre. Etter dei femten åra han har samla,
er det framleis ein del kort han manglar frå Kvinnherad. Det vert naturleg nok vanskelegare å finna nye kort til samlinga når han har så mange, men Opsanger er langt frå ferdig med dei som han får i album. – Det som er spanande er jo å finna ut av kva tid biletet er teke, og dersom det er folk på postkortet, prøver eg å finna ut av kven dei er. Det å leita fram til denne historia er noko av det som er kjekkast med å samla, stadfestar han. Han meiner sjølv han er fødd med eit «samlargen», så denne interessa har han heilt naturleg i kroppen. – Interessa byrja jo med at eg samla på myntar og setlar, og det gjer eg framleis. Kvam frimerke- og myntklubb skal ha ein auksjon på Husnes saman med Kvinnherad Myntklubb no i april. Der vil det også verta sal av postkort, avsluttar samlaren. Tekst og foto: Jorun Larsen
Sandvoll 1906
Uskedalen ca 1910
36
– det gode livet
Karikaturar på do Det er ei spesiell oppleving å gå på do heime hos Annemor Ekeland
HALSNØY PANORAMA - Sunnhordlands flotteste tomter -
Interessert? Ta kontakt med Arild Lunde 906 20 238 arild.lunde@frontagruppen.no
Annemor Ekeland utnemner seg sjølv som samlar. Blant samleobjekta hennar finn ein bilde med vindauge på, gamle kjolar og hattar, ho har tidlegare samla på Kvinnheringen, og ei ekstra finurleg samling finn ein på do. Der har ho karikaturteikningar, bilde og plakatar som fortel om viktige hendingar i livet hennar så langt. – Når vi har besøk og folk går på do, så vert dei kanskje verande der i ein halvtime. Då må vi banka på og høyra om det er gått gale, men då sit dei altså berre og kikkar på bileta, ler ho blidt. Etterpå må ho forklara historiene til bileta, som alle er minneverdige. – Samlinga består av ei fast utstilling som alltid heng oppe, men også ein utskiftande del på æres-plassen. Der har eg no eit utklipp av snøggbåten, informerer ho. Tidlegare hang det eit bilete av komikaren Kristian Valen på æresplassen, noko som hamna på facebook. Det klarte han å snappa opp, og kommenterte på si eiga side at han hadde bilete av seg sjølv hengande på ei gammal dame sitt toalett. Dotter til Annemor, Signe, tok affære, og fortalte han kor feil han tok, og fekk samstundes understreka at toaletteigaren SLETT ikkje var gamal; «Det er jo mor mi! Å hamna på veggen der er den største æra ein kan ha». – Han forstod det då. Me vart vener på Facebook etter det, smiler Annemor. Tekst og foto: Jorun Larsen
– det gode livet
37
Vi tek på oss alt
– frå heile nybygg til mindre restaureringsoppdrag.
NÅ KAN DU OGSÅ REISE SOM EN KONGE Den unike reiseopplevelsen som tidligere var forbeholdt forretningsreisende med spesielle avtaler, er nå gjort tilgjengelig for alle. Vi har gjennom mange år utviklet en uslåelig kompetanse som vi bruker for å finne de beste reiserutene, hotellene og tipsene. Og hvis det skjer noe uforutsett i løpet av turen, så hjelper vi deg selvfølgelig med det. Vi tilbyr også en personlig reiserådgiver som er tilgjengelig 24 timer i døgnet. Start en bedre reiseopplevelse på berg-hansen.no
Byggmester Monsen og Bjørge AS Ole Vidar, tlf. 977 05 261 - Joakim, tlf. 952 98 661 byggmestermogb@gmail.com
Vi har fagfolk innan maling, golvlegging, tapetsering og snikrar
AS Uskedal Trelastlager - 5463 Uskedal - Tlf. 53 48 61 01 www.byggeriet.no – E-post: uasuske@online.no
Berg-Hansen Arriva Tlf 55 08 80 00 arriva@berg-hansen.no
Du reiser ikke alene
Alle liker den raskeste veien. På fjorden.
Hardangerfjordekspressen er den raskeste veien mellom Bergen og Hardanger. Daglige avganger mellom Bergen og Rosendal, året rundt. Enten du skal oppleve Hardanger eller Trolltunga, begynner turen hos Rødne Fjord Cruise. Bestill billetter på rodne.no
Rødne Fjord Cruise – på fjorden siden 1956. Tlf. 51 89 52 70 E-post: mail@rodne.no
38
– det gode livet
t e v i l e d o g t e D vegen… på
www.invia.as post@invia.as
–Det gode livet med førarkort! VI TILBYR TRAFIKKOPPLÆRING PÅ: • Trafikale grunnkurs • Moped • Personbil (kl B) KURS OG KØYRETIMAR TILBYR VI PÅ STORD OG KVINNHERAD! Info./påmelding: Kvinnherad: 970 17 507 Stord: 480 88 887 BUR DU I SUNNHORDLANDSREGIONEN? INVIA AS tilbyr deg ei god og effektiv opplæring. Vi er 3 trafikklærarar som ønskjer å gjera deg til ein trygg og sjølvstendig bilførar! Vi nyttar oss av nye BMW 3-serien som skulebil. KONTAKT OSS!
BENSINSTASJON • BUTIKK • VERKSTAD • DEKK
ØLVE BILSENTER A.s • BILVERKSTAD • BILBERGING • BENSINSTASJON
• Daglegvarer • Drivstoff • Alt innan dekkservice 5637 ØLVE • obaoelve@online.no • Tlf.: 53 48 91 76
J. Lyngnes Bensinstassjon AS
Opningstider: måndag – fredag: 8–19 laurdag: 9–18, søndag: 14–17
MATRE – TLF. 53 47 91 15
BILVERKSTADEN FOR ALLE
TA VARE PÅ BILEN! Spyleveske 3 x 4 liter
149,• Alt til innvendig/utvendig vask • Batteri • Vindusviskarar • Låsolje • Silikonstift • Iceremover – du slepp å skrapa bilen Ope: Mån.–fre. 7–23 Laur. 8–23 Søn. 9–23
HUGS!
Kaffi til sjåføren!
HUSNES Tlf. 53 48 65 00
Vi har høg kompetanse og utstyr til å føreta dei aller fleste reparasjonar på bilen din – uansett merke. Etter servicen hos oss gjeld sjølvsagt garantien frå bilprodusenten din framleis. Vi utfører òg billakkering.
Hugs!
Du har sjølv ansvar for at bilen din vert EU-kontrollert i tide. Sjekk fristen for bilen din her:www.meca.no
Tlf. 53 47 15 11 Onarheimslio 204, 5460 Husnes
www.mecacarservice.no
– det gode livet
Tid for å nyta utsikten!
Leilegheiter i 2-mannsbustad til sals på Sunde – husbankfinansierte
GLASSREKKVERK som gjer full utsikt, pr. m. kun
BERRE 2 IGJEN!
1.999,-
Vinduer vert levert med både to- og trelags glas med lav U-Verdi. Vinduer kan leverast i fleire fargar og med sprosser.
Vedlikehaldsfrie PVC VINDAUGA til fantastiske prisar. Eksempel 109 x 59 cm
1.999,1.999,-
39
NYTT H
US?
Til gam mal pris!
Rundkøyring/ Tunnel til Halsnøy
Vi har også skyvedører og foldedører i vedlikehaldsfri PVC. Sjå også vår borsyre som ligg på vår nettside.
• Solrikt og rolig område • Kort og trygg veg til skule og barnehage • Kort veg til handlesenter og vidaregåande skule
Opsangervatnet
Bruksareal 136 m2 Kanskje dei 2 siste i Kvinnherad med denne arealmuligheten? Godkjent for grunnlån i Husbanken (rente 2,37%)
Pris kr 2.180.000,-
SANDVOLL Ring oss eller send oss gjerne ein e-post. Sjekk våre Facebook- sider for gode tilbod og tips.
SUNDE
Tlf. 53 47 05 00
BYGG AS
sandvollhandel.com salg@sandvollhandel.com
5450 SUNDE – Tlf. 900 84 145
For meir informasjon: Ring til Frode på tlf. 900 84 145, eller send e-post til: post@sunde-bygg.no
- når du vil realisere hus- eller hyyttedraumen!
Tungesvik Bygg
Me har erf rfaring f med prosjektering, produksjon og oppsetjing av hus og hytter sidan 1974. Dette gjer oss til det naturlege valet for deg som vil realisere draumen - anten det er på fjellet eller ved sjøen. Me bygger blant annet: • i Langedalen/Solfonn, Odda kommune • i Hordadalen/Røldal, Odda kommune • på Vågslid, Vinje kommune • på Molnes, Etne kommune
• på Ænes, Kvinnherad kommune • på Espenes, Sveio kommune • på Husnes, Kvinnherad (boligtomter)
Du er alltid velkommen til ein hus- eller hytteprat hos oss! Ta kontakt på tlf. 975 20 815 for meir informasjon.
40
– det gode livet
– det gode livet
41
Sidan nyttår har ei gruppe ungdommar gått inn i andre verder kvar tysdag på Ungdomssenteret på Husnes. Med seg i desse timane tek dei terningar, cola, «skills», forbannelsar og ein god dose fantasi og strategi. Det er rollespel som er tingen.
«I curse you!» Slik ser ein Cleric ut. Det er Daniel sin karakter i spelet.
– Det var Geirmunn som tok initiativet. som GM, og dei tre andre skal etterkvart Han kunne tenka seg å læra korleis ein klara å samarbeida om å ta spelet vidare. speler, så han spurte om vi ikkje kunne starta ei gruppe, fortel den førebelse Sosialt og akkurat passe frekt «Game Masteren» Thomas Thomsen. Sjølv om det kan samanliknast med Wow Han er sjølv rollespelentusiast, og er ein i oppbygging av bakgrunnshistorie og av gründerane bak rollespelverksemda karakterar, er det delte meiningar om dét Epix Haven. Med rollespelgruppa på US dataspelet rundt bordet. vert også dei importerte figurane hans – Eg speler ikkje Wow, for eg har fakbrukt. tisk eit liv, seier Daniel Sundal (16). – Desse er måla her lokalt, fortel han – Eg speler ikkje Wow for ikkje å ha og viser fram ein liten krigar. eit liv, eg speler fordi eg vil ha mange. Rollespel er ein blanding av spel, even- Pow! kjem det straks frå Martin Vinjor tyr og teater, der ein lagar seg ei fanta- Totland (16). siverd og skal møta utfordringar på vegen Dei må tolma seg litt med kva med mot, styrke og innleving. Det kan fornærmingar dei deler ut, og til kven, samanliknast med dataspel som World of Warcraft, men ein tek bort skjermen og ein kan spela meir impulsivt med det fysiske spelet. Eit stort bord er dekt med figurar, borger og eit underlag, og spelarane sit med Daniel Sundal (16) papir og blyant for å registrera karakterane sine si utvikling i spelet. Den dagen Kvinnheringen er innom held dei på med spelet Pathfinder. Ideelt sett er det tre til fire spelarar, og ideen er at initiativtakar Geirmunn Rørvik (18) skal overta rolla Martin Vinjor Totland (16)
– Eg speler ikkje Wow, for eg har faktisk eit liv
– Eg speler ikkje Wow for ikkje å ha eit liv, eg speler fordi eg vil ha mange. Pow!
for dei er mellom anna avhengige av medisinmannen når dei er i kamp. – Det vert kjekkare når dei finn ut at dei faktisk kan samarbeida, sukkar Thorsen, og legg til at det vert ein del rolp. Det ser ut til at han tek det med verdas største tolmod, og ler det kult bort. – Det er dobbel glede når ein kan mobba «live», gliser Ole Morten Bendiksen (20). - I fucking curse you, utbryt Daniel. Og slik held det fram. Det vert forklart at å spela rollespel er omtrent er som å laga sin eigen film. Ein har papir og blyant framføre seg, triller terningar og leiker at ein er nokon andre. Sjølv om det ikkje er like mange som har denne interessa i forhold til rollespel på data, går denne gruppa entusiastar djupare inn i spelet og er veldig dedikerte, i følgje Thomsen. Arve Rødland på US tykkjer det er veldig kjekt å kunna organisera slike grupper, og ikkje minst at ungdommane sjølv tek initiativet. Kvar tysdag samlast dei fire ungdommane saman med LM – læremeister – Thomsen, i nokre timar der dei lever seg inn i karakterane sine; Sorcerer, Cleric, Rouge og Monk. Tekst og foto: Jorun Larsen
42
– det gode livet Rune Olsen og Trond Reime på garden til Lars Storaas. Dei har gått her fleire gonger, men likevel får dei signal om metall, og må til å grava i den frosne bakken.
Her er nokre av Trond Reime sine funn så langt i metallsøkekarrieren.
Skattejakt i Herøysund For to år sidan starta Rune Olsen og Trond Reime med å leita etter metall. Dei kjøpte seg like metalldetektorar, og byrja leitinga rundt om i bygda. Per i dag har dei løyve i frå alle grunneigarane der, og har investert i betre utstyr. Dei er hekta.
På garden til Lars Storaas i øvre del av Herøysund møtest me ein fin vinterdag. Sesongen for hobbyen deira er enno ikkje i gang for fullt, då det er kaldt og framleis frost i bakken. Det gir utfordringar dersom dei finn signal, og må til å grava. - Det er jo skattejakt! Vi kan sjå om det er jern eller om det er bos på verdien som kjem opp på skjermen her, fortel Rune, og viser fram skjermen på metalldetektoren sin. Det som er verre å skilja mellom er korkar og myntar, dei kjem fram med akkurat same verdien på displayet. - Det har blitt ein del korkar, ler dei. Sjølv om dei har gravd opp mykje bos dei siste to åra, er dei framleis like gira. Bos og skattar vert samla saman, og dei er dermed med på å rydda i landskapet. - Eg har nokre sekker heime med ting eg har funne. Det er vanskeleg å kasta noko før ein er 100 prosent sikker på at det ikkje har noko verdi, tilstår Trond. Han viser fram nokre av sakene han har funne, som ikkje
er bos. Ei sølje frå 1800-talet, frå Fana. Ein sølvring som passar ein barnefing og kuler som truleg er nytta til jakt, er blant skattane hans. Den eldste mynten han har funne så langt i søkekarrieren er ifrå 1771. - Den er temmeleg vanleg, og dei laga mange av akkurat denne frå 1771. Bøndene brukte å kasta mynten på bakken for å få god avling, fortel Reime. Myntar som er daterte etter 1650, og gjenstandar som er frå 1537 eller yngre kan dei behalda sjølve, utan å melda det inn. Alt som er frå tidlegare tider må registrerast og meldast. Det er eit seriøst miljø blant dei som driv med metalldetektor, og dei held seg godt til regelverket. Mellom anna må ein ha løyve frå grunneigaren før ein tek med seg metallsøkaren ut på leiting. Ein har heller ikkje lov å søka i kulturminne som gravrøyser eller gamle kyrkjetufter. - Den skrivne regelen er vel at ein skal halda seg fem meter utanføre eit fornminne, informerer Rune.
Han fortel at det er ein uskriven regel som gjer at dei held mykje større avstand enn det reglane tilseier. – Det er veldig fokus på å halda reglane og vera seriøse, legg han til. Metalldetektor-interessa er tett knytt til interessa for historie for både Olsen og Reime. Dei les seg mellom anna opp på Kvinnheradsoga for å forstå kor og korleis folk levde her før. I Herøysund ligg den eldste garden lengst mot Uskedalen, og vidare vart bygda utvida utover i retning Husnes. Den eldste garden heiter Berge, og det er den mest spanande staden å søka tykkjer dei. Sjølv om dei har søkt seg gjennom heile Herøysund, tykkjer dei framleis det er spanande å trø over bakkane der. - Draumen er å finna ei skikkeleg øks eller eit sverd, fortel Trond engasjert. - Ja, eller ein hjelm, supplerer Rune. - Det er berre funne ein hjelm i heile Noreg, held han fram. Dei legg ikkje skjul på at dei gjerne utvidar søkeområdet sitt med fleire spanande stader med rik historie. - Grunneigarane vi har avtale med tykkjer det er spanande å sjå om vi finn noko, og engasjerer seg i søket. Dersom det er andre som sit på spanande område, må dei berre ta kontakt, smiler Reime vidare. Kameratane gir ofte vekk gjenstandar som dei finn til den som eig grunnen der gjenstanden er funnen. Interessa for å søka etter metall har blitt veldig populær dei siste åra, og det er fire-fem personar med denne hobbyen berre i Herøysund. - Det er så populært at arkeologane har problem med å nå over alt som vert funne. Det tek mykje lenger tid no enn det gjorde tidlegare, fortel Rune. Tekst og foto: Jorun Larsen
– det gode livet
43
LAKS ER LIVET! Vil du ha ein spanande og utfordrande jobb, og samstundes bu i distriktet? Vil du produsera mat som havnar på middagsbord i Japan, Frankrike og Italia? Alsaker Fjordbruk er stadig på utikk etter dyktige folk med fagkunnskap! Alsaker Fjordbruk er eit solid havbrukskonsern i vekst. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdigpakka produkt, og har om lag 1,2 milliard NOK i omsetning
5694 Onarheim www.alsaker.no
Få flere på visning! Skal du selge bolig er det lurt å annonsere der kundene er. Med vår digitale annonsepakke vil din boligannonse kunne vises på nær 400 nettsteder. Bedre synlighet gir flere på visning! Vil du vite mer om digital annonsering - ring oss i dag!
02070
www.eiendomsmegler1.no
Nye Kia Sportage – som skapt for KVINNHERAD Nye Sportage er rett og slett som skapt for gode kjøreopplevelser i hele Norge. I tillegg er den spekket med nyheter, som blant annet automatisk nødbremsesystem, filskiftvarsler, blindsonevarsling, trådløs mobillader og automatisk baklukeåpner. Kom innom oss og prøvekjør årets mest oppsiktsvekkende nyhet.
Fra 295.400,Priser levert forhandler, årsavgift tilkommer. Forbehold om trykkfeil og avvik fra avbildet modell. CO2-utslipp fra 119 g/km, forbruk fra 0,46 l/mil v/bl. kjøring
Solheimsvegen 4, 5462 Herøysundet Tlf. 53 48 64 11 www.srbil.no Mobil Kristoffer: 9220 0538/Vegard: 4840 0979
Norges beste nybilgaranti
44
– det gode livet
ANNONSE
Fekk draumehuset med hjelp frå Bygger´n og HIBA Hus For fem år sidan brann huset til Siren Sandvik og Håkon Tørvik i Rosendal ned. No er dei endeleg flytta inn i draumehuset sitt. Siren er utdanna teknisk teiknar. Då huset dei budde i brann ned og dei måtte byggja nytt hus, sette ho seg sjølv til teiknebrettet. Der skissa ho fram draumehuset sitt. Ein stor einebustad på eitt plan med leilighet i direkte tilknytning til hovuddelen, som kan nyttast av storfamilien, samt garasje. VALDE BYGGERN´N TEIGEN Då skissa var utarbeidd, tok ho kontakt med ulike byggjefirma i kommunen. Etter nokre rundar og litt fram og tilbake enda ho opp hos Bygger´n Teigen. – Det har eg ikkje angra ein dag på! Dei har vore heilt unike i heile prosessen frå dag ein, eg har hatt ein kontaktperson, Ståle Flatebø, som har vore prosjektansvarleg. Saman med han har vi fått utarbeidd gode og fornuftige planløysingar. Ut frå mine teikningar vart huset arkitektteikna av HIBA Hus sine arkitektar i Bergen. Det vart gjort nokre endringar som eg sjølv ikkje hadde tenkt på, løysinga vi enda opp med er berre fantastisk, seier Siren. Huset har livsløpsstandar. Huset vart plassert på tomta etter solog lysforhold, og det vart teikna ut terrassar rundt huset slik at me kan flytte oss med sola. På kvelds-solsida har me fått bygd ei utestove saman med huset, med varme i golvet, trekkspeldører som er vinterisolerte, slik at vi kan ha det varmt om vinteren og opna opp for varmen om sommaren, kan Siren fortelje. RÅDGIVNING OG KUNDEN I FOKUS I huset har vi store funksjonelle fellesrom, vi måtte ha mykje plass til oppbevaring då vi ikkje har kjellar. Alle skap i gangar er innebygde slik at det er luftig og romsleg.
Soveromma er enkle og praktisk innreia, master-soverommet har eit flott og lyst «walk in closet» i tilknytning. Vaskerommet er kombinert arbeidsrom/kontor med lukka innredning slik at det er lett å halde orden. Kjøkkenet er stort og romsleg med vindu frå golv til tak. Etter rådgjeving frå Bygger´n sette dei inn vindu som kan opnast. – Vi har valgt vannbåren varme, det gjer at vi har ein lun og jamn varme i heile huset. Då var det greit å kunne lufte på varme dagar, ein ting me ikkje hadde tenkt på sjølv, seier Siren. Ståle Flatebø frå Bygger´n fortel at ein gjennom heile plan- og byggefasen følgjer kundane tett opp og kjem med alternative løysingar, slik at fleire element vert vurdert før ein vel ei endeleg løysing. T.d valde Sandvik eit anna tak inne en det som først var tenkt. – Bygger´n sin snikkar anbefalte eit tak som i utgangspunktet var litt dyrare, men mykje lettare å vedlikehalde og reingjere, fortel Siren. Alt i huset er praktisk tilrettelagt med tanke på vedlikehald og reingjering. Blant anna valde Sandvik eit golv som er slitesterkt og lyst då dei i framtida ønskjer å kjøpa seg ein lyshåra hund. – Sandvik valde ferdig tapetserte og malte plater frå Fibo Trespo i alle rom, kan Flatebø fortelje. Store lister, ingen profilar, slette dører. Dette er ting som me kunne anbefale kunden vår utifrå signalet me fekk om eit lett hus å vedlikehalde, seier Flatebø. – Det er utruleg greit å ha ein rådgjevar frå Bygger`n å halde seg til når ein har ønskje og saker ein treng å ta opp. Sjølv om han ikkje var tilstades, vart meldingar lett kommunisert vidare. Det at snikkaren var frå Byggare´n Teigen gjorde også at dette fungerete veldig greit. Frank Johnsen, som var vår snikkar, har vore fantastisk hjelpsam i rådgjeving av ulike materialval. Blant anna var det han som anbefalte oss terrasse-dekke Royal impregnert som gjer at det
Siren Sandvik, Ståle Flatebø og gjest Lene Østberg drøsar i den store og lyse stova.
Alle soverom er lyse og luftige innreia.
tek mange år før det må beisast, fortel Siren. Leilegheiten i tilknytning til huset er tenkt som ein stad storfamilien kan koma til nett når dei ønskjer. Med fem born til saman og aldrande foreldre er det kjekt å kunne ha ein plass dei
Vaskerommet er innreia slik at det òg kan nyttast som kontor.
Walk in closet frå Langlo
kan koma til utan at dei føler dei er i vegen. Til saman er det seks soverom i det praktiske huset. – Dette er det største huset på eitt plan me nokon gong har teikna og levert. Det er ikkje ein berevegg i huset og største takkonstruksjonen har 15 meter fritt
45
ANNONSE
HIBA HUS LEVERT AV BYGGER´N TEIGEN
Bygg din bustad-draum, vi skreddarsyr bustaden etter dine ønskje. Snakk med oss før du skal byggja.
1.
LOKAL EKSPERTISE
2.
TETT OPPFØLGING
3. 4. 5. Utestova er vinterisolert med trekkspeldører.
spenn. Me er utruleg stolte over at me fekk til dette. Me tilpassar oss kunden sine ønskje, byggjer nytt, rehabiliterer gammalt, tek enklare oppdrag som eit bad, ein garasje eller nybygg som dette. Det viktigaste for oss er at
Kjøkkenet er stort og moderne med reine flater for enkelt vedlikehald.
kunden er i fokus og får sine behov dekka. Med god hjelp frå Bygger`n Teigen og HIBA Hus har Siren Sandvik og Håkon Tørvik fått draumehuset sitt under fjella i Rosendal, det levnar det liten tvil om.
Solide samarbeidspartnarar gjev deg trygghet i byggJ g eprosessen - Hos HIBA er det alltid den lokale forhandlaren på heimstaden din som har ansvar for deg som kunde.
HIBA Hus-konsulenten hjelper deg gjennom heile byggeprosessen. Konsulenten følger nøye opp i heile byggJ g eprosessen og foretar full besiktigelse etter at bustaden er ferdigstilt og vel utprøvd.
KOSTNADSEFFEKTIV Nært samarbeid med Bygger`n styrkar forhandlingskrafta ovanfor våre leverandørar – til fordel for deg som kunde.
KVALITET I ALLE LEDD 50 år med ekspertise oppfyller mange bustaddraumar. Lang erfaring har gjort oss flinke til å lage gode og funksjonelle heimar.Vel du HIBA Hus, er ikkje vegen til draumehuset lang.
SKREDDARSYDDE LØYSINGAR HIBA har eige arkitektkontor som gjer kundetilpasningar av våre hus, hytter og garasjar. Arkitektkontoret utarbeidar spesialteikna løysingar etter dine ønskje og tomta si utforming.
Copyright Kvinnheringen
et
– det gode livet
Teigen Bygg & Trelast AS, Husnes Tlf. 53 47 59 10 • info@teigen.byggern.no Månd.-fred.: 07.00–18.00 • Laurdag: 09.00–15.00
46
– det gode livet
PÅSKETILBUD PÅ SPA! VikingBad Royale ll
200x200x89cm, 5-6 personer 31 dyser Isolert låsbart lokk LED undervannslys 2-trinns vannmassasje
PÅSKEPRIS
spa
for nordiske forhold! f h ld!
63 490,-
Husnes Røyr AS
Onarheimsvegen 4, Husnes • Tlf. 53 47 59 00 • www.husnesroyr.no
OM ME IKKJE HADDE VISST KORLEIS ME SKULLE BRUKA VATNET, VILLE DET RUNNE UBRUKT I HAVET
SKL jobbar med fornybar, rein energi. Vasskraft. Fordi det er naturleg og berekraftig. Me forvaltar våre felles naturressursar og gjev energi attende til lokalsamfunnet.
www.skl.as
Alltid i aktivitet
– det gode livet
Helene Bennæs (15) har alltid vore glad i å vera i aktivitet, noko som har resultert i at ho har vore innom mange idrettar så langt i livet. I dag er ho aktiv i korps, skyting og dans, og har nyleg funne ei større glede ved dansen som hobby.
47
– Eg byrja på danseleik når eg byrja på skulen, og har gått på dans mest alle åra sidan, sjølv om det har vore nokre år av og på. Først var det mest noko gøy eg gjorde med veninnene mine, men no har eg oppdaga at eg kan dansa meir på eiga hand også. Eg ser på Youtube og lærer meg koreografiar der i frå, smiler ho. På den måten har dansen blitt ein ekstra kjekk hobby, der ho også får vera i aktivitet. – Det som er typisk meg er vel spagat, fortel dansaren og viser lett korleis det skal gjerast. Til ære for fotografen tek ho også nokre hopp som dei har øvd på i dansetimane i kulturskulen. Tekst og foto: Jorun Larsen
48
– det gode livet
39
gode grunnar til det gode liv Distriktets største og flottaste senter KLE, SKO OG REISEEFFEKTAR Cubus Eurosko Senter Woman You Who KappAhl MAT, DRIKKE OG SERVERING Peppes Pizza China Plass Yngves konditori Mix kiosken Rema 1000 Spar
Kaffelade Kiwi Vinmonopolet Pizzabakeren Bar 5460 ANDRE BUTIKKAR Baronessa Elkjøp Europris Expert Fargerike Husnes Flittige Lise Blomster Gullsmed’n Sport1 Husnes
Jysk KID interiør Kvinnherad Libris Ringo Leker MEKK MX Sport Husnes Nille Sparebank1 SR-bank Sparebanken Vest Specsavers Husnes Frisør Tilbords Trim X - Trimstudio Vitus apotek Vita
Butikkane bugnar av gode tilbod, og mengder av varer. Kafear og restaurantar freistar med gode smaksopplevingar inne i trivelege omgjevnader eller ute på den flotte Torgplassen. Velkommen til
det gode shoppinglivet
på Husnes Storsenter.
Huser meir enn du trur Gratis parkering
Gratis lading av elbil
Sykkelparkering
Hundeparkering
10–19 (16)