Gratis festivalavis for Festidalen 2015
WWW.FESTIDALEN.NO
TEAM MESKAMBANKT COMET KID EMILIE NICOLAS DELILLOS HONNINGBARNA VERONIcA MAGGIO JAA9 & ONKLP SILJA SOL DRY THE RIVER (UK) RAZIKA
BYGGERIET
SPAR USKEDALEN
HJØNNEVÅG
FATLAND
MODELL: BJØRGULV EIK
USKEDALEN 2015 31. JULI - 2. AUG
KVINNHERINGEN
2
Når ein var yngre var det veldig viktig å vere med i ein gjeng. Helst den rette gjengen. Typisk nok er det fortsatt viktig som vaksen å vere med i ein gjeng. Ein tenker bare ikkje over det på same måte. Festidalen er ein slik gjeng. Om vi er dei kule kidsa, dei treige nerdane eller den hippaste jente-gjengen får andre avgjere. Frå innsida føles i alle fall Festidalen som ein god gjeng å vere ein del av. Folka i ein god gjeng har felles målsetting og støttar kvarandre for å oppnå noko. Ein delar nokre verdiar og er opptatt av identitet og omdøme. Vi er så heldige å ha masse flotte folk som deler desse tinga og som kvar for seg står fjellstøtt som viktige bidragsytarar for å lage ein god festival. Det er det kvar og ein skapar som utgjer heilheten som gjester, artistar og innbyggjarar opplever. Folk som gir så mykje som alle i festidalengjengen, fortener eit passe ømt klapp på skuldra. Kanskje ein klem til og med. Så korleis får ein formidla det som gjengen opplever som sine verdiar og eigenskapar. Ein kan til dømes få laga seg ein promo-film slik som vi har gjort i år. Det krevst ein del pengar for å gjere det, men enda viktigare er innsatsen og engasjementet bak resultatet. Når videoen no er ute føler vi at den på ein god måte gjenspeglar kven og kva vi er og prøver å få til. Identiteten til den største festivalen i Kvinnherad kommune skal formidlast på nokre få minutt og flest mogleg skal kunne identifisere seg med bodskapet. Vi håpar at filmen får fram at alle er velkomne til deilig musikk, mat, drikke, aktivitetar og underhaldning i Uskedalen 31. juli til 2. august. I fjor var Festidalen utseld for fyrste gang sidan starten i 2003. Utseld betyr mykje for oss som arrangør. Det
Magien vil gjenoppstå…
er ei stadfesting på at vi gjer noko bra. Årets festival ber preg av at vi jobbar etter same lest som tidligare, men vi justerer litt her og der. I så måte er scene nummer to nede i sentrum ei god justering. Lambasleppet kallar vi denne nyvinninga som vi har store forventningar til! Faktisk står det nedfelt i vedtektene til Festidalen å bidra til å løfte fram lokale talent. Det har alltid vore eit mål for oss å skape enda meir liv i sentrum av bygda under festivalen og no ser det ut for å bli nett det. Som ein musikkfestival treng vi gode friviljuge, artistar, management og scene, lyd og lysfolk. Alt dette har vi på Festidalen 2015. Det er denne totalpakken som skapar
dei minneverdige augneblinka vi gler oss til år etter år. Og som vi kan mimre om år etter år. Magien som oppstår når artistar og publikum finn kjemien er ubetaleleg. Dette skjedde fleire ganger i fjor og vil nok skje i år òg. Om då regnet høljar ned så betyr det ingenting. Du forlet festivalen søkkvåt, men som eit lukkeleg menneske som veit å ta vare på den opplevinga som du deler med nokre tusen andre likesinna. Måtte gode krefter slå seg saman og skape magi i festivalkommunen vår! Ta vare på deg sjølv og flokken din. Ha ein finfin og kjekk festival! Klemz, Gjengen
Festidale
2015
innhald Helsing frå gjengen 2 Helsing frå ordføraren 3 Årets artistar 5–7 Campidalen 8 Mat & servering 9 Frivillige 10 Program & kart 12–13 Næringsseminar 14 Ord frå sponsorane 15 Festidagen 16–17 Festitaren 18 Lambasleppet 20–21 Familien 22 Festifjellet 23 Føredragskro 23 Praktisk info 24
en 2015
3
Festidalen er klar til folkefest igjen! Festidalen gjev deg Vestlandet på sitt beste og det er kjekt å ønskja deg velkomen! Festidalen har sidan starten i 2003 vore i kontinuerleg utvikling. Arrangørane lagar eit variert og godt program kvart år med nye opplevingar som ventar på folket! Hovedattraksjonen for dei fleste er dei mange konsertane på Festidalen – jordet til Dønhaug Gjestegard fredag og laurdag kveld. Her blir det spelt musikk av høg kvalitet. Mat og drikke har lokalt tilsnitt, det er imponerande i seg sjølv! Festidalen har eit stort spekter av aktivitetar for born og unge heile helga gjennom. Festitaren gjev familieunderhaldning i fjæra,som ikkje det var nok veit eg arrangørane vil invitera tur til fjells for kultur oppleving over tregrensa. Kultur- og lagslivet i Kvinnherad er stort og det er venta mykje folk til Festidalen også i år. Det store frivillige samarbeidet med vilje til å skapa noko er imponerande! Nytt av i år er at Lambasleppet som vert etablert. Det skal bli eit årleg fesjå for dei mest lovande ungdomsband og-artistar som skal hjelpast opp og fram. Festidalen er ein samlande festival og ei storhending for heile Kvinnherad der ein rekrutterer frivillige frå heile kommunen. Besøkjande kjem frå fjern og nær for ei god festivaloppleving i Kvinnherad! Festidalen er ein festival for dei som vil oppleva musikk, møta venner og etablera nye kontaktar i eit miljø med god stemning og atmosfære i bygda Uskedalen som ligg fint til i Kvinnherad kommune. Takk til alle sponsorar, næringsliv og dei som har gitt festivaltilskot, alt frivillig arbeid som gjer det mulig å arrangera Festidalen! Lukke til med Festivalhelga! Helsing Synnøve Solbakken Ordførar, Kvinnherad kommune
Festidalen 2015 Festivalavis for Festidalen Opplag: 22.500 Layout og design: Vidar Håland, Kvinnheringen Trykk: Bladet Sunnhordland Framsida: Foto og design av Zpirit Reklamebyrå. Takk til Lars Martin Teigen for lån av diverse bilete.
4
VI ER HER, FOR KULTUREN. Gテ郎 Du kan slippe テ・ se oss pテ・ scenen, men veien frem er vi med pテ・.
2015
Foto: CF-Wesenberg/kolonihaven.no
årets artistar og band
5
DeLillos
Røyrslene i musikk-skandinavia er inne i ei særs spennande periode. Etablerte format som CD og LP får juling av strømmetenestar, tidlegare reine sjangrar får bastardborn i hopetal, og det kokar i musikalsk skaparkraft. Og aldri før har musikk vore meir tilgjengeleg. Ikkje berre i form av strømmetenestar, radio og TV, men og i regi av dei mange festivalarrangørane. Store og små band vert trekt ut i periferien landet rundt. Festidalen ynskjer å vera ein markant aktør på det norske festivalkartet. Då må me jo hala inn nokre feite fiskar… Arbeidet med årets booking har gått frå sann fornøyelse, til pur frustra sjon, og vidare mot eufori. Tunga har vore rett i munnen, nær svelgt og talande for seg sjølve. Men så havnar me til slutt med begge beina godt planta på
Dønhaug. Det elleverettars måltidet me serverer i år lukter deileg, smakar betre og har ein tekstur med både mjuke og krispi ingrediensar. Det har vert eit hav av snop å velja i. Så, mette skal me bli. Festidalen skal ha element av rock, pop og hiphop på scena. Vidare ynskjer me at dei tre hovudkategoriane skal trekkja inn element av indie, elektronika og nyskaping. Her føler me at årets program vart bekledd med dei rette namna. Saman setjinga er ikkje tilfeldig, og me prøver, etter beste evne, å setje saman artistar som bygger gode kjensler og god stemning. Nervane er verkeleg til stades. Så med sommarfuglar i magen, sveitte i panna, stemmer i hovudet og styggen på ryggen, ynskjer me velkommen til årets kon sertar på jordet!
Team Me Foto: Arnfinn-Johnsen
Booking 2015 Med vekeløna i godtebutikken
Dei har mekka eit par titals millionar hits, spelt for om lag lika mange og svevd over ein kvar by. Her trengs sjølvsagt ingen vidare introduksjon. Møt opp og nyt klassikarar som til dømes «Tøff i pysjamas», «Neste sommer», «Kokken Tor» og «Smak av honning».
Silja Sol
Makan til radioyndlingar skal ein leita lenge etter. Og med rette. For dette er eit heilstøypt og heftig popmaskineri. Frekt, freidig, fengjande og fagert. Suksessen til dette bandet har for lengst bobla over landegrensene, og det vert derfor ekstra stas å få dette musikkollektivet opp på jordet og inn i hjarter og sinn.
«Farvel Fjorden Baby!, Hvitmalt Gjerde og Store P. Akkurat nå er Silja Sol verdens beste artist på bergensk.» Dette er eit sitat frå VG. Det lovar godt! Silja serverer tilsynelatande søt visepop, men i eit punkformat som kan glefsa mot deg om du kjem for nære. Bla om for resten av perlene!
6
årets artistar og band
Comet kid
Veronica Maggio (S) Draumedama vår kjem! Sveriges popdronning, Veronica Maggio. Gjennom tollen tar ho med seg ei solid dose svensk kjærleik og hitar som «Satan i gatan», «Måndagsbarn» og «Jag kommer». Ho og bandet gir skandinavias sterkaste feelgoodgaranti!
Det er få ting som er meir rett enn å få eit poprockband med ein god dose soul og sjarm på scena. Dette er sommar, sol og kjærleik. Stemma til Andreas Kjøll kjem garantert til å stå att som eit av sommarens varmaste minne. Eit band med ei enorm framtid føre seg!
Emilie Nicolas
Vakkert, vågalt og vanvittig rørande. Nicolas tar totalt beslag på kropp og sjel og fører deg inn i hennar univers. Live er ho ein enorm storleik. Etter å ha fylt konsertarenaar landet rundt og raska med seg store prisar, kjem ho til oss for å smelta hjarter og frigjera noko augevæske frå elles så stabile vestlendingar.
Jaa9 & OnklP
Dry The River (UK)
Hozier møter Band of Horses, Mumford and Sons møter Jeff Buckley. Det er fint, fasinerande og fullblods indierock. Desse skjeggabustane frå London er på veg til etablera seg blant dei store i sin sjanger verden over. Ærleg og elegant.
Endeleg er Jaa9 & OnklP attende med plate. Endeleg kjem dei til Festidalen. Og denne rapduoen kjem til oss med ei rå rams hitar. Gå bananas til «Kjendisparty», «Glir forbi», og «Partysvenske» supplert med blant anna «Styggen på ryggen» og «Panderosa» frå OnklP & De Fjerne Slektningene.
2015
7
Honningbarna
Det luktar svidd av årets opning av Festidalen. Honningbarna er ein tornado av punk, rock, politikk og attitude. Dei starta året med singelen «Prinser av Sarajevo», fortsatte med verdsturne frå Finland til Cuba, og når sjølvsagt sitt klimaks på Festidalen 31. juli!
Razika
Razika live er snop for kropp og sjel. Mest kropp. Og sjel. Tross sin unge alder har dei allereie herja landet i fleire år med til dømes låtar som «Vondt i hjertet» og «Syndere i sommersol». Den makalause blandinga av indie, pop og ska kjem til å maksimera sommarkjensla denne siste julikvelden i år.
Skambankt
Skambankt kjem for å teppebomba Festidalen med grisefeite riff, hitar på rams og energi nok til å få heile kommunen glødande i sommarnatta. Det er rock og punk i sin tøffaste dress. Driftig som ein John Deere, og meir power enn Putin! Me avsluttar Festidalen med musikalsk kraftfôr.
8
Informasjon og reglar
Heiltent på telt – Festidalenrockaren som ikkje gjer seg før teltduken dirrar av tinitus
Ein kvar festival med eit snev av sjølvrespekt treng ein festivalcamp. Festidalen har enorme mengder respekt for seg sjølv, og like eins for festivalfolket. Alle som nyttar seg av campen vert godt ivaretatt i løpet av helga, noko den fleksible og særdeles hjelpsame camp-gruppa ser til. – Vi prøver å gjera opplevinga deira best mogleg, og med ein god camp legg vi til rette for at folk skal få den beste festivalkjensla. Vi som driftar campen er villige til å strekka oss langt for å imøtekomma gjestene, slik at dei får ein ok plass å overnatta under festivalen, forsikrar Erlend Hellingsrud, som er leiar for denne gruppa.
Her er du; smørauga
Festivalcampen ligg idyllisk til i foten av Englafjell – eit fjell så vakkert og mektig at sjølv festivaløllet er oppkalla etter det. Med utsyn mot mektige tindar, fjell og dalen elles, kan rundt 200 personar nyta eit opphald med sildring frå elva og kameratsleg breking frå sauene på jordet like ved. I tillegg til å vera midt i eit estetisk smørauga, vert det sjølvsagt lagt opp til eit fenomenalt fellesskap blant gjestene. Dette vert mellom anna gjort med å setja opp festivaltelt med sittegrupper og ordna til ein større felles grillplass. – Nytt i år er at vi skal rigga til med eit straumaggregat, slik at alle telt og vogner skal få tilgong på straum. Dette satsar vi på blir vesentleg betre i år enn i fjor, melder Hellingsrud. Med seg har han to andre camp vertar, samt eit knippe vakter. Det vil alltid vera folk tilgjengeleg på området, som ligg omlag 10 minutt bedageleg og under gjennomsnittet sakte spasering frå festivaljordet.
Campidalen
Det er omlag like bedageleg spasering til skulen i sentrum, der det vil vera mogleg å dusja i garderobane mellom 12–14, laurdag og søndag. Elles finn ein alle fasilitetar på campområdet, toalett, vatn, straum og glede.
Bruk brua
Nokre av reglane er greie å ha i tankane allereie før ein vel overnattingsobjekt. På grunn av ei noko smal bru, vert det anbefalt å ikkje koma i vogner over 6m, då det er ein tricky sving ein må gjennom, det er ein fordel at dette er fysisk mogleg. Den nemnde brua er også anbefalt å bruka i gåande tilstand. Både til og frå konsert. – Dei som synest det er ein god idè å droppa brua, og heller symja over elva når dei kjem frå konsertane, kan belaga seg på at vi kjem uti og hentar dei, fortel Hellingsrud, basert på erfaringar i frå i fjor. Sjølv om vertskapet er kvikke, kjekke og hjelpsame, både på land og i vatn, vert det altså oppmoda om å bruka den tørre sti. Tilbakemeldingane frå i fjor var veldig bra, og i år satsar dei på å vera enno betre. Ein av godene med Festidalen campen er at det er rimeleg, og at ein ikkje diskriminerer mellom telt, vogn eller bubil. Prisen er 150 kroner per person,
heilt uavhengig kva ein bur i. Det skal vera eit rimeleg tilbod som alle kan nytta seg av, og me ønsker å tilby dette til alle som vil vera der det skjer heile helga. I det rimelege hjørna finn ein også ei anna kjærkomen festivalgode – nemleg gratis frokost på vertshuset i Uskedalen sentrum.
Påmelding, por favor
Med andre ord; det er berre å begynna å melda seg på. – Vi håpar så mange som mogleg tar kontakt og melder seg på før dei kjem. Vi tar sjølvsagt i mot folk undervegs også, så langt det rekk med plassen på området. Vi er nok ferdig å rigga campen på torsdags kveld, og opnar for gjestene rundt 12, fredag føremiddag. Når det er sagt, ønsker vi å vera fleksible, og dersom nokon kjem tidlegare, skal vi alltid få dei på plass sjølv om alt ikkje er klart, melder den positive camp- leiaren. Vertsgruppa likar å vera fleksible ovanfor gjestene, og køyrer hardt på å levera god sørvis. I byte ønskjer dei festivalgalde menneske frå heile regionen, som tek omsyn til både kvarandre, beitelandskapet og dei trivelege sauene, naboane, reglane på campen og som nyttar brua både før og etter konsertane. Av: Jorun Larsen
Campingvogn Campen ligg like nedanfor festivalområde. For å kome seg ned, må ein kjøre ned ein grusveg og over ei bru. Vi anbefaler difor ikkje dei med store vogner å nytte campen. Basert på erfaringar frå 2014, kan det sjå ut som vogner opp mot 6,5 m. går greitt. Ved større vogner får ein problem med svingen ut på brua. Dusj/garderobe Dusj/garderobe vil vera open ved idrettshallen i Uskedalen, ca. 10 min. gåtur frå campen. Det vil vera ope i begrensa tidsrom, og vi kjem tilbake med meir info her. Butikk Sparbutikk ligg på nedsida av riksvegen, ca. 10 min. gåtur frå campen. Betaling Du betaler når du kjem til campen. NB! Hugs kontantar. Kr. 150,- per. pers. Vatn og straum Det vil bli lagt ned vannslange inn på campområde. Det vil bli lagt ned straum, slik at de kan koble på campingvogn, musikk o.l. Vi kjem til å vera tilgjengelig på campen stort sett heile helga. Om du lurer på noko i forkant, eller under Festivalhelga, må du berre ringja ein av oss, så skal vi etter beste evne prøva å hjelpa deg. Kontaktpersonar Erlend Hellingsrud, tlf. 472 60 535 Geir Nes, tlf. 414 16 158 Rolf Christian Mehl, tlf. 414 70 958 epost; erlend@hellingsrud.no Skjenkereglar campområdet • Norsk lov gjeld. 18 års-grense. • Du må ha fylt 18 år før festivalen byrjar for å komme inn på festivalcampen. Følgande er ikkje tillat på campområdet • Illegale stoffer slik som narkotika. • Våpen. • Verktøy som letherman, brødkniv og annen openbart campingutstyr er tillate. • B ål er forbode. • Møbler er forbode, campingstoler og bord er OK. • Glasflasker. Toalettartiklar som speil, parfyme og osv. er tillat, og av glas. • Gassflasker, bensin eller anna svært brannfarlig veske. Tennvæske er einaste unntak. NB! Avstand mellom telt og vogner MÅ vera minimum 3 meter. Dette har med brannsikkerhet å gjera. • Etter kl. 03.00 ber vi om at aggregat vert slått av, og at musikken dempast. Ulike folk, med ulike behov på campen. Vis omsyn ovanfor dei andre på campen. • Hjelp oss med å holde området ryddig. Kast avfall i oppsette søppelspann. Treng du søppelsekker, ta kontakt med ein av oss som er fast på campen gjennom helga. Forlat området ryddig. Dyr beiter på bakken, derfor kan knuste flasker o.l. gjera stor skade. Hjelp oss med å unngå dette. • Førstehjelpsutstyr finn de inne i campteltet. Ved akutt og livstruande skade ring 113. • Ved brann ring 110. All bruk av open eld er forbode. Brannslukkings apparat og vatn er plassert like ved campteltet og på to anviste stader på campområdet. Brukte eingongsgrillar må IKKJE kastas i vanleg søppelspann, bruk brannsikkert spann som står ved campteltet.
2015
9
Firbeine vener: Ultralokale Aberdeen Angus-fe frå oppi dalen lever sorglaust utandørs heile året før dei vert foredla til framifrå kverna kjøt.
e l a k Lo
Smaksopplevingar
Som seg hør og bør for ein festival på bygda, har Festidalen eit stort bankande hjarte for landbruket og matprodusentane som omkransar oss. Også i år ha me fått henta nokre firbeinte vener frå bygda som har blitt omgjort til dei deiligaste burgarane av slakteriet i Ølen. Med fine grønsaker, vår trufaste heimelaga dressing og brød frå bakaren blir dette
garantert same store smaksoppleving som i fjor. I år har me sikra oss at det skal vere nok til dei som vil både starte og avslutte sommarens beste helg med den beste hamburgeren. Pølse seier du? Årets variant vert produsert av ein lokal pølsemakar oppi dalen. På toppen av dette blir det servert eit utval fiskerettar på jordet. Her vert det ein spontanmeny alt etter kva fiskeråvarer som me får tak i. Og jøsses ja, veggismat vert det sjølvsagt og. I fjor fekk Festidalen for fyrste gong brygga eit eige festvaløl: Englafjell. Dette var ein amerikansk pale ale, med ein markert maltbase. Ølet vart godt motteke og sjølvsagt blir
det festivaløl i år og. Som på andre områder nøyer ikkje Festidalen seg med å gjenta fjoråret, men tek det eit steg vidare. Derfor blir det nytt festivaløl i år. Den valde stilen er amerikansk blonde og har fått navnet Solfjell. I år som i fjor vert festivalølet brygga hos 7 Fjell Bryggeri i Bergen. Englafjell var eit av dei aller fyrste øla som vart brygga hos 7 Fjell. No har bryggeriet full produksjon med over 30 forskjellege øl i porteføljen og ein del av desse vil være tilgjengelige i Bierstuben. For å få eit mest muleg heilhetleg utval vil det sjølvsagt og vere øl frå andre bryggeri tilgjengelg her.
Kjøp Festidalen si t-skjorte – eit minne frå livet og opp! Du får kjøpt t-skjortene på merch-standen vår på festivalområdet.
10
Fjell, faenskap og frivillige
Kva må til for å skape den største hendinga i Kvinnerad i sommar?
Det var den varmaste sommaren i manns minne, sommaren 2014. Var du svinheldig kunne du observere naboen i noko anna enn berre den sveitte trusa. Men det var stortsett den som gjaldt, trusa i lag med store mengder kaldt vatn for å unngå dehydrering. Så kom fyrste helga i august. Då blei me våte heilt inn til trusa. Dei vassmengdene som vêrgudane ausa over oss den laurdagen har me knapt sett makan til. Venene mine frå Oslo har heile tida trudd eg overdreiv når eg prata om klimaet på vestlandet, så fekk dei sjå det med eigne auger. Eg minns eg sat på graset føre scena og naut Monica Heldal, då glimta sola til innimellom. Berre timar seinare hadde eg drukna i gjørme på nett den same staden. Likevel har Festidalen aldri hatt fleire besøkande. Det vart utseld begge dagar. Folk kom frå land og strand til vår vesle fjordtarm for å bivåne og oppleve det som oppstår i Kvinnherad fyrste helga i august. Mogleg det er hipt å vende snuten mot slike små og sjarmerande festivalar no om dagen. Det blir skrive opp og ned og i mente om det i tabliodavisene, men då får folk iallefall verkeleg verdi for valutaen. Festidalen har det meste, alt frå fjord og fjell til flått og litt faenskap. For at heile denne maskina skal opp å gå år etter år er me avhengige av dei frivillige. Dei som brettar opp armane, slår dei ut og tar varmt i mot deg der du tutlar deg av garde mot jordet på Dønhaug. Dei med oppbretta armar og gul refleksvest som sørgjer for sikkerheita di der du traskar rundt og nyt musikken og ei iskald Englafjell pale ale i neven.
Merch: Vanessa Hartner (t.v) og Tone Helen Ljosnes Moen gjorde ein framifrå jobb i merch-standen under Festidalen i fjor. (Foto: Lars Martin Teigen).
Eller dei i baren som selde deg den øla, med eit breitt smil om munnen og sveitten rennande ned i panna. Eller dei som står i matbua og sel deg Uskedalsburger attåt. Til saman er dei om lag 250 uunværlege sjeler som me er avhengige av for at Festidalen skal bli eit faktum. Også i år. Det fungerer slik det alltid har gjort, jobb ein dag og få gratis billett til den andre dagen. Så om du har lyst å gaule til Emilie Nicolas sin deilige versjon av «Pstereo» melder du deg til arbeid på fredagen. Har du derimot lyst til å akkompagnere Veronica Maggio i «Jag kommer, jag kommer, jag kommer», ser me deg som frivillig på laurdagen. Du kan også jobbe begge dagar og verkeleg ta inn over deg den deilige kjensla det er å bidra til å skape noko så vakkert i Kvinnherad. Du kan nytte
registreringsskjemaet som du finn på heimesida vår, festidalen.no for å melde deg på. Der kan du også lese om resten av programmet og alt det andre du ikkje vil gå glipp av den kjekkaste av alle helger i sommar. Som frivillig vil du også bli gjort stas på i form av ein super frivilligfest i forkant av festivalen, og ikkje minst - du vil få ei sexy t-skjorte heilt gratis. Kjem du langvegs i frå eller berre vil ha pause frå senga di heime, kan du også overnatte gratis på vår eminente festivalcamp. Nøl ikkje, men meld deg i dag. Har du spørsmål kan dei rettast til anten Karina Solheim på nr. 902 52 223, eller til Lars Kvamme på nr. 920 90 202, eller send gjerne e-post til frivilleg@ festidalen.no. Me kan love deg evig takksemd og gode minner for resten av livet.
Vakt Som vakt på Festidalen trør du på deg ein refleksvest slik at ditt vakre vesen er godt synleg for alle og ein kvar. Du blir medansvarleg for sikkerheita til og generell trivsel for festivalgjengarane. Har dei spørsmål kjem dei kanskje til deg og du vil få opplæring i forkant slik at du kan svare etter beste evne. Du vil rullere på post og stå både på festivalområdet og kanskje også på området rundt. Du er ein blid, omgjengelig og tålmodig type. Scenevakt Som scenevakt startar du ikkje å jobbe før klokka 22. Du har medansvar for vakthaldet heilt nær scena. Etter at publikum har gått heim er du med å rydde og rigge ned scena. Dette er eit arbeid som kan vare til langt ut i dei små timane, så her bør du vera ein frisk, rask og opplagt type. Før du startar å jobbe kan du sjølvsagt vere på festivalområde og nyte tilværet, dog utan alkohol. Bar Her kan det bli hektisk til tider! Det gjeld å halde hovudet kaldt og ha tunga beint i munnen. Du tar i mot bestillingar, du tappar øl, heller vin og kanskje du også får ansvaret for å byte ølfat i baren der du står. Du er ein sosial type som gjerne slår av ein prat med den trivelige festivalgjengaren som tålmodig ventar på si brusande kalde øl. Matservering Har du sett Disneyfilmen om julenissen sin verkstad? Den kan minne om arbeidsfordelinga i matboden, ein salatsjef, ein tomatmeister osv. Saman skapar dykk ein saftig burger og serverer til festivalgjengarane. Her kan det også bli hektisk, til dømes rett etter ein konsert. Det gjeld å halde kontroll på alle bestillingar, dra inn alle dei deilige luktene og ha det gøy medan du mettar magar på Festidalen! Billettbod Endeleg er helga komen, dette har mange gleda seg til i lang tid. Dei vender nasene mot Uskedal og Festidalen. Du blir den fyrste dei møter i samband med festivalen. Her treng me nøyaktige, blide og imøtekomande folk! Du har ansvaret for å selge billettar og å sjekke forhåndskjøpte billettar og finne fram og setje på rett armband til festivalgjengarane. Til alle frivillige Det vil bli informasjons- og opplæringsmøte ei vekes tid før festivalen startar, informasjon om tid og stad får du på sms. Kjem du langvegs i frå får du overnatte gratis på vår eminente camp. Har du spørsmål kan du sende e-post til frivilleg@festidalen.no eller kontakte: Karina på 902 52 223 Lars på 920 90 202 Mona på 489 94 337 Ragnhild på 924 56 209
2015
Stolt sponsor av Festidalen 2015
Ingen oppdrag for små
Ingen oppdrag for store
Kvinnherad Elektro AS tilbyr komplett elektroinstallasjon av bolig Vi gjer alt i frå å flytta eller skifta ein stikkontakt til installasjon av komplette styringssystem for lys, varme, ventilasjon og øvrige elektriske installasjonar. Ta kontakt dersom du ønskjer ein kvalitetssikker installasjon av din bolig.
53 48 28 00 • post@k-el.no
FESTIDALEN PÅ INSTAGRAM
@festidalen #FD15
Tinga plass på
CAMPIDALEN FOTO: LARS MARTIN TEIGEN
– Festidalen sin eminente festivalcamp
EMNEKNAGGAR FOR DEI ANDRE ARRANGEMENTA
#lambasleppet #festifjellet #festidagen #festitaren #føredragskro #festicampen #fdnæringsseminar
150,Per pers. berre kr:
Send navn, adresse og om det er telt, camingvogn eller bubil de kjem med til erlend@hellingsrud.no Fint om de og skriv sånn ca når de kjem.
11
12
Vi sjåast i Uskedalen i sommar!
1
Finn fram
1 Festivalområde Dønhaug Gjestegard.
3
2 Lambasleppet og Festitaren Båthamna.
10
3 Camp 4 Parkering 5 Aktivitetshuset, hallen Festidagen og Næringsseminar. 6 Gamleskulen
4
8
5
7 Helgheim 8 Skulen Festidagen. 9 Systrene Nilsen Festivalfrukost. 0 Stemneplassen 1 Festidagen.
billettar
tinga på www.festidalen.no
Festivalpass vaksen
1.245,Festivalpass
ungdom (13–17 år)
Vi er svært stolte av å vera med å
795,-
Dagspass vaksen
665,Dagspass
ungdom (13–17 år)
465,-
USKEDALEN
2015
13
program 2015 Sjekk www.festidalen.no for oppdatert informasjon og program.
Torsdag 30. juli heile dagen Festidagen 19:00 Føredragskro Fredag 31. juli
7
6 9
2
å støtta Festidalen i år!
heile dagen Festidagen 14:00 Næringsseminar 18:00 Honningbarna 19:30 Comet Kid 20:40 Razika 22:00 Jaa9 & OnklP 23:30 Veronica Maggio Laurdag 1. august 10:00 festivalfrukost 11:00 Festidagenshow 12:00 Festitaren 13:30 Lambasleppet 16:30 DeLillos 18:00 Silja Sol 19:15 Dry The River (UK) 20:35 Team Me 22:00 Emilie Nicolas 23:30 Skambankt Søndag 2. august heile dagen Festifjellet
Foto: Zpirit Reklamebyrå
14
Næringsseminar
Region • Infrastruktur • Industri • Samarbeid • Utvikling
bill. mrk:
Festidalen arrangerar også i år eit seminar for næringslivet og andre som er interesserte i utvikling av regionen vår. Årets tema er samferdsle og næringsutvikling i regionen, og vi har invitert fleire av våre viktigaste industri- og næringslokomotiv til å bidra. Kva er framtidsutsiktene for industrien i Hardanger/Sunn hordland? Mellom anna Hydro, Kværner, SKL, Boliden og Tizir vil orientere om sine utsikter for framtida og kva vilkår som trengst for å utvikle regionen vidare. Festidalen sin hovudsponsor, Sparebanken Vest, vil bidra, og det vil også fleire andre av våre sponsorar, m.a. Tysnes Sparebank. Dagfinn Fylkesnes frå Vegsamarbeid Sunnhordland AS kjem for å presentere sine tankar om ei samankopling av E39 og E134 gjennom Kvinnherad og kva dette kan bety for utviklinga i kommunane våre. Kor viktig er kommunereforma? Kan ei samanslåing av kommunar i regionen opne nye moglegheitar for næringslivet? Leiaren i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, Kjetil Hestad, kjem heile vegen frå Tysnes for å flørte med oss. Frank Aarebrot avsluttar seminaret med å samle alle trådane og trekkje dei lange linjene i utviklinga av regionane Hardanger og Sunnhordland. Aarebrot har både eit historisk perspektiv og eit syn for framtida, og han kjenner Hardanger og Sunnhordland som si eiga bukselomme. I løpet av seminaret vert det pausar med servering av mat og drykk, og det vert tid til mingling der gode krefter kan snakke saman. Seminaret vert styrt av konferansier Bjarte Døssland. Bjarte er advokat og partnar i Borgen Advokatar AS på Stord, han er kjend for si raske tunge og si fullstendig manglande tru på det produktive livet på bygda.
ung, utadvent og livsglad festival i kvinnherad søkjer heftig vennskapsforhold med opptil fleire ivrige festivalglade frivillege. Gutar eller jenter, damer eller herrar, tauser eller drengar. Du må ha fylt 18 år, ha pågangsmot og eit brennande ynskje om ein heidundrande fest i Uskedalen fyrste helga i august. Ekstra positivt er det om du har eit noko lunde bankande rockehjarte.
Vi kan tilby: • Dagspass til ein av festivaldagane • T-skjorte til minne om meg • Høve til å vere med på ein relativt rå frivilligfest • Og ikkje minst: Gleda av å oppleva eit vanvittig samhald!
2015
15
Sponsortankar om Festidalen Sparebanken Vest
Å stø opp under eit arrangement som Festidalen er noko me i Sparebanken Vest ser på som viktig og engasjerande. Det er viktig for oss å bidra til sterke opplevingar og eit pulserande Vestland. Sparebanken Vest er ein viktig samfunnsinstustisjon, og er oppteken av å utvikla nærings-, kultur-, idretts- og samfunnsliv innanfor bankens geografiske verkeområde. På den måten skal me som samfunnsaktør på Vestlandet bidra til at livet på Vestlandet, i denne samanheng i Kvinnherad, skal bli enda litt betre jmfr. visjonen vår. Festidalen er eit flott arrangement som gjennom sin visjon og strategi gir mange i Kvinnherad eit samlingspunkt. Dei har sjølvklart musikken i førarsetet, men har på ein imponerande måte klart å involvera mange andre interesseområde. At dei har delt opp festivalhelga i ulike arrangement for å nå alle aldersgrupper, samt at dei har forkus på å fremja lokalt næringsliv og kortreist mat, er noko av det som fanga vår interesse som støttespelar. Festidalen bidrar til at livet i Kvinnherad blir enda litt betre.
Kvinnheringen
Festidalen er nok det kjekkaste som skjer i Kvinnherad i løpet av året. Ein møtestad for gammal og ung ei heil helg til endes. Vi er imponert over den store dugnadsinnstasen som blir lagt ned av folk frå heile kommunen. Dermed tykkjer vi og det er kjekt å kunne bidra på eit vis. Det at Festidalen heile tida klarar å utvikla seg med nye arrangement tykkjer vi er prisverdig. At det heile skjer i Uskedalen er positivt, og gjer nok at ein klarar å samla folk frå både ytre og indre deler av kommunen utan at det blir noko krangling og kjekling ut av det. Breidda i musikken er utruleg bra, der ein klarar å finna noko både for ung og gammal, med høg kvalitet. Vi gler oss storleg til sommarens høgdepunkt og ønskjer lukke til med Festidalen 2015.
Harding
Festidalen representerar på mange vis det beste med Kvinnherad. Det er så mykje meir enn ein fest i ein dal. Gjennom åra har Festidalen vakse frå å vere ei lita ultralokal tilstelling til å bli noko som heile kommunen er stolt av å stå vertskap for. Konseptet har vorte utvida år for år, men heile tida er sjarmen og sjela intakt. Det står det stor respekt av. Vi i Harding har frå tidlegare Noreq og Schat Harding ein god tradisjon som hovudsponsor til Festidalen og det er det mange grunnar til. Festidalen rettar seg mot heile Kvinnherad og det synest vi i Harding er flott. Vi har tilsette frå heile kommunen og synest det er stas å kunne vere med å løfte fram eit prosjekt som absolutt heile kommunen
DUGNADSGJENG:Ein stab på 60 frivillige jobbar intenst for at årets Festidalen skal bli ein ny folkefest. Her er nokre av dei samla ved konsertområdet: Geir Ove Fosse, Siri Rusten, Martha Nerhus, Anne Grethe Høisæter, Odd Steinar Arnesen, Michael Røssland, Una Kolle, Siv Støve Syvertsen, Margit Lund Mikkelson, Geir Nes, Jostein Røysland, Audun Eik, Mette Kambe, Gro Rusten, Ragnhild Kvandal, Vidar Håland, Jan Berntsen, Ole Vidar Monsen, Bjørn Olav Tveit, Morten Vatterdal, Gina Helle Myklebust, Linn Stene Hellås, Anbjørn Høivik, Margunn Eik. Alle set umåteleg stor pris på sponsorane si støtte til årets Festidalen. (Foto: Arne Lindeflaten/Kvinnheringen).
dei samlar òg kvinnheringane til heidundrande folkefest på eit sjarmerande festivaljorde. Med så stor dugnadsinnsats som vert lagt ned for å få dette til, ynskjer vi i Grenda å bidra med støtte til dette arrangementet. Kvart år syner Festidalen at dei ikkje manglar korkje ambisjonar eller gjennomføringsevne, og vi ser at arrangementet held eit høgt nivå. Heldigvis er det ikkje lenge att før det nok ein gong brakar laus. Vi gler oss!
Tysnes Sparebank Sjømat: Br. Hjønnevåg AS støttar festidalen med bl. anna å tilby knallgod sjømat.
kan vere stolte av. Samstundes er det ein god fest. Og slikt kan vi neppe få nok av. Skål for Festidalen!
Så synes vi og det er eit flott høve til å samle alle kollegaane vår til ein trivelig samkomst.
iDrift
Fylkesnes Bil
iDrift har sidan oppstarten gitt brei støtte til kultur og idrett på Vestlandet. Enkelte arrangement og tiltak har fått større del av totalpotten, og Festidalen er eit av desse. Vi synest Festidalen er ein kul festival som vi definitivt ønskjer skal leva, og då må næringslivet vera med og bidra. iDrift er stolt sponsor av Festidalen!
Byggeriet Uskedalen Trelastlager
Vi deltar fordi vi synes Festidalen er eit kjempeflott arangement som favnar heile kommunen og folk i alle aldrar. Festidalen er ein proff festival som gjev oss ein ypperleg plass til å marknadsføra firmaet vårt.
Fylkesnes Bil støtter i år for første gang Festidalen. Vi vet det er et flott arrangement, et arrangement vi ønsker å identifisere oss med. Selve festivalen samler mange ulike mennesker fra distriktet vi har opprettet «satellitt-kontor» i, og vil dermed være et attraktivt utstillingssted for oss. Fylkesnes Bil under Festidalen 2015 for en hyggelig bilprat!
Grenda
Vi i Grenda er som så mange andre glad i Festidalen! Ikkje berre hankar dei inn store artistnamn frå «hi sio» av både ferjestø og tunnelopningar, men
Tysnes Sparebank er ein aktiv samfunnsaktør til lokal verdiskaping. Me er stolte av i år å vere bidragsytar til utvikling av Festidalen og spesielt Lambasleppet. Festidalen mobiliserar eit stort engasjement og lagånd gjennom frivillig innsats gjennom heile året. Ikkje berre i Uskedalen, men på tvers av bygder og kommunegrenser i regionen vår. Det likar vi! Som nyetablert i Kvinnherad, er det ekstra stas å få vere med å bidra til den siste nyskapinga til Festi dalen. Vi vonar satsinga vil gi mange unge musikktalent ein god start på si framtidige musikkarriere. Vi gler oss til Festidalen 2015!
Br. Hjønnevåg AS
Grunnen til å sponse er at det er eit stort lokalt arrangement som vi synest om, og vil at det skal fortsetje å setje Uskedalen på kartet i positiv måte. Kjekt å bidra med god sjømat til eit publikum i alle aldersgrupper.
16
eit arrangement for barn og ungdom
Festauranten
segway festidagbladet vitenfest Trylling redesign filmgruppe cheerleading festcalen rocketroll småstjerner Foto: Zpirit Reklamebyrå
Elin Enes er levande opptatt av å spreia matglede. Når ho fekk spørsmål om å spre denne gleda for den yngre garde, var ho lett med på notane. Unge matinteresserte, frå tolv år og oppover, skal dermed få læra seg på enkelt vis å laga ein ekte trerettars fest middag. Denne skal dei sleppa å nyta åleine, her vert besteforeldre og andre inviterte til å oppleva poden sine kjøkenkunstar, for ein rimeleg penge. – Det blir to kurs over to dagar, der me skal kokkelera og eta i Helgheim. Der er det eit flott kjøken, og ungane får servera maten dei lagar og eta saman med besteforeldre eller andre. Eg trur me skal laga mat til opp mot 40 personar, så det er rom for å melda seg på. På plakaten står det skrive 200 kroner for ein trerettars, og nett kva menyen vert desse dagane, er enno ikkje bestemt. Elin gler seg til å læra kokkespirene om smakar og garnityr, og lover gode og sunne råvarer – kanskje sjølv urter frå sin eigen hage. – Ungane skal læra seg å meistra oppgåver på kjøkenet, som bruk av kniv og anna kjøkken utstyr, ein må også kunna vera uthalden, det tek jo litt tid å laga ein trerettars middag, understrekar Elin. Kurset varar i fem timar, då er matlaging og etegilde inkludert. Matgleda kjem mellom anna med å meistra faget, noko Elin har fokus på når ho skal setja opp rettane som skal lagast. Dei som ynskjer å læra seg litt kokkekunst og samstundes nyta ei smaksrik stund saman med ein besteforelder eller to, eller ein koseleg nabo for den saks skuld – det er berre å melda seg på Festauranten. Prinsippet som gjeld er førstemann til mølla!
parkour festauranten
2015
17
TORSDAG 30. JULI til LAURDAG 1. AUGUST Gjennom festivalhelga har Festidagen eit bredt program å by på innan dans, leik, musikk, konkurranse og kjekke utfordringar. Det er fleire stasjonar om går over fleire dagar. Segway
Endeleg! Dette populære batteri drevne framkomstmiddelet har blitt ein «hit» ute i den store verda og no får du altså moglegheit til å prøve ein slik sjølvbalanserande ståhjuling i Uskedalen! Alf Erik kjem frå Stord og driv sitt eige firma der han sel tohjulingar.
MODELLER: MARGRETHE NILSEN HILLESTAD OG AURORA NILSEN MATHISEN
Cheerleading
Er du klar for mennesklege stunts, kast og pyramider? I tillegg til turn, dans, hopp og rop? Då må du skynda deg og melde deg på cheerleading workshopen vår! Flinke instruktørar frå Sotra Shark Cheerleading kjem og dei gler seg til å lære opp nye utøvarar i denne voksande idretten. På festidaGenshowet på laurdagen får de vise fram alt de har lært desse dagane.
Filmgruppe
Dette er ei gruppe som har vore fullbooka kvart år under festidaGen og i år tek vi filmgruppa eit steg vidare etter tidlegare deltakarar sitt ynskje. Deltakarane skal i år sjølve skrive manus til film, vere skodespelarar og regissørar. Filmpremiere på festidaGenshowet på laurdagen.
Festidagbladet
Vil du vere festidaGen og festidalen sin utsendte reportar og paparazzi? Vi startar dagane med redaksjons møte før vi parvis dreg ut i felten. Etterpå møtes vi i redaksjonslokalet der vi skriv og redigerer innlegga. Reportasjane vil bli lagt ut på uskedalen.no og festidalen.no. Ut styr: fint om ein har høve til å ta med seg bærbar pc og digitalt kamera
Festicalen
Vil du bli med å skape festlege musikalske nummer av kjente festidalen-artistar? Du blir utfordra og får vist fram dine skjulte musikalske talent, både når det gjeld song, rytmar og drama. Gruppa får debutere med festicalen på festidaGenshowet på laurdagen.
Rocketroll
Rock`n roll fiskeboll… Bli med å lage kule rocketroll saman med andre rockekidz. Du bestemmer sjølv om det skal vere eit skummelt, venleg, tullete, sint eller gladtroll. Trolla diggar rockemusikk og festidalen og dei vil vere til pynt for alle som skal opp på festidalenjordet denne helga. Oh yeah!
Trylling
Er du klar for magi, triks og trylleri?! Då er dette rette workshopen for deg! Johann Ophaug er kjent som semifinalist i Norske Talenter, Senkveld og God Morgon Norge. Med sin særeigne stil blir du tatt med på ei reise der du fleire gonger vil måtte klø deg i hovudet!
Festauranten
Elin elskar å spre matglede og gode matopplevingar. Og no er det du som kan få gleda av dette. På denne gruppa får du lære deg å lage eit 3 rettars festmåltid; forrett, hovedrett og dessert. Kvar dag blir avslutta med at deltakarane får invitere med seg seniorar som får seg ei gastronomisk oppleving til ein billeg penge (200,-).
Redesign
Dette er gruppa for deg som er kreativ og iderik, som likar mote og klede. Redesign er trendy og ein sparar miljø og pengar. På denne workshopen lærer du deg å sy nye designplagg av gamle klede. Det handler om å sjå moglegheiten i det ein har. Du må ha jobba litt med symaskinar frå før, men vil få god hjelp frå kyndige instruktører. Under festidaGenshowet på laurdag får ein vise fram plagga i eit lite moteshow (om ein vil).
Vitenfest
Nok ein gong blir det smell og fart under FestiDagen! I år er det Odda Vitensenter som inntek bygda med kofferten full av spanande eksperiment. Du kan få delta og oppleve finurlige ting med diverse kjøkeneksperiment eller du kan være med og få lage ditt eige pinholekamera og framkalle bileta sjølv! Læring under leik.
Parkour
I denne populære rørsleidretten har ein som mål å kome seg frå A til Å på den mest effektive måten utan hindringar og kun ved hjelp av eigen kropp. Det handler om å konkurrere med seg sjølv og ingen andre. Den grensa du har, skal du bryte for å bli enda betre i det du driv med. Sjekk ut parkour på Youtube.
Småstjerner
Dette er konkurransen for deg mellom 0 og 12 år som likar å stå på scena og syngje fengande songar, anten det er playback eller live. Ta gjerne med deg ein venn eller fleire og opptre saman. Det blir flotte premiar til alle, og særskild til vinnarane.
Påmelding Ein må melde seg på på førehand og ein kan melde seg på fleire stasjonar (Obs! Der det er ei gruppe går den over fleire dagar!) Her er det «første mann til mølla» som gjeld, så ikkje nøl med å melde deg på allereie no. All påmelding skjer via festidalen si nettside: www.festidalen.no Påmeldingsfrist 20. juli
Magiske FestidaGen På FestidaGen vil Johann Ophaug (20), mellom anna kjent for Tv2-programmet Norske Talenter, holda både tryllekurs for dei som vil lære å trylle og ha show for heile familien. Alle som kjem på kurset vil læra triks som dei kan imponera familie og vener med, og nokre av deltakarane er så heldige at dei skal få vera med å holdea eit stort show for alle som vil koma å sjå på. Johann fekk sitt aller første tryllesett då han var fire år gamal, så interessa byrja veldig tidleg. – Når eg vaks opp hadde eg ein onkel som imponerte meg med eitt korttriks kvar gong vi såg kvarandre. Etter fem år lærte han meg endeleg trikset, og då tok interessa heilt av. Etter dette har eg jobba veldig mykje for å utviklae meg og bli bedre. Eg pleier å sei at jeg jobbar med trylling 25 timer i dagen. Øver nok eit par timar til dagen, men ein går alltid å tenker på tryllinga, informerer den unge magikaren.
Høgdepunktet i tryllekarrieren hans er utan tvil å få vera gjest hos Thomas og Harald i Senkveld. Sjølvsagt var det stort å bli invitert til Uskedalen også! Vidare draumer han om å få ei utdanning innan medisin, og dermed kunna spreia glede på eit sjukehus gjennom tryllinga, for både unge og vaksne. Så, korleis vert ein trylle kunstnar? – Det finnes utruleg mange måtar å lære seg trylling på. Det første og beste steget å ta er å ta turen til Festidagen og få med seg trylleskulen. Om ein ikke har sjans til det, så fins det mange forskjellige spanende og lærerike bøker og filmar ein kan studere. I Norge har vi en medlemsklubb for tryllekunstnarar som hetier Magiske Cirkel Norge. Her møtes tryllekunstnarar frå heile landet for å læra litt frå kvarandre og dela erfaringer. Skal ein utvikle seg til å bli skikkelig god går det mykje tid til sjølvlæring.
Segway – no også i Uskedalen! Alf Erik Fylkesnes kjem til FestidaGen med eit nytt opplegg for året. Ungdom over 16 år får prøva seg på Segway i Uskedalen sentrum. Sjølv vart Alf Erik bitt av basillen som ganske ung, då han testa det finurlege framkomstmiddelet under ein ferietur til Spania. Gjennom sitt firma Fylkesnes Trading, sel den unge gründeren segwayar av merket Ninebot E. Opplegget han skal ha under FestidaGen er å samla grupper på fire, som får byta på å testa Nineboten han kjem med. Mogleg kjem han med to stykk,
og då vert det omlag 30 minutt køyretid per person. I løpet av to dagar skal han ha til saman seks grupper, der ungdom mellom 16 og 18 år kan melda seg på for å testa ståhjuleingen. Segway er blitt ein stor hit i utlandet, og no vert det mogleg å bli hekta her i Kvinnherad óg. – Etter fem minuttar meistrar ein det fint, og etter ein time er det like lett som å gå, fortel Alf Erik.
18
Folkefest i sentrum
GOD INNSATS: Innsatsen var upåklageleg frå alle tre FestiTaren-laga i fjor, då dei skulle demontera «campingplassen», transportera den rundt bøya og setja alt opp att slik det stod. Til venstre står Tone Lillesletten, vinnaren av «Mesternes Mester»-konkurransen. (Foto: Kati Indrefjord/Kvinnheringen).
I fjor var FestiTaren ei nysatsing i fjøra i Uskedalen sentrum. Satsinga er i år; mykje større og betre enn sist, samstundes er det maritime fokuset blitt enno tydlegare. Laurdag føremiddag, 1. august er det i uskedalsfjøra festen finn stad.
Konkurrerer: Marianne Nordhus og Kjetil Næs.
– I fjor skaut me jo litt frå hofta og gjorde dei tinga me tenkte ville vera gøy. Dei aktivitetane som fungerte bra har me tatt med oss vidare, og me har justert på det som fungerte mindre bra, fortel Gro Rusten Saghaug. Ho er ei av tre driftige damer som står bak Mesternes Mester i båthamna. Med seg har ho Siri Rusten og Trine Nødland. Framleis er det nokre endar som skal samlast før opplegget er heilt komplett, men som Gro sjølv seier; – me jobbar aller best under press! I år, som i fjor, er Arne Torget ordleiaren under Mesternes Mester, men i år vert hans gjeve tittel Gladlaksen. I kulissane spring arbeidsgruppa og deira hjelparar under den minst like gjeve stillingstittelen; Rekene. Det maritime fokuset kjem altså til syne både på CV’en og i fjøra generelt. – Ein av dei nye øvingane me har i konkurransen i år er «Rekesmørbrød», fortel Gro. Det blir ein aktivitet som truleg vil bringa med seg litt meir humor, og den som samla sett går av med sigeren etter alle øvingane vert krona til Kongekrabbe. Stase legare vert det neppe. Sidan den første spretten på sats inga var i fjor, kunne arbeidsgruppa gle seg over at det stort sett berre kom positive tilbakemeldingar til arrangementet. – Deltakarane synest det var kjempekjekt å delta, og publikum let stort sett vel, fortel Gro. Med dei små justeringane gruppa no har gjort, trur dei på eit enno betre opplegg i år. Festidalen er ein festival som etterkvart breiar om seg i heile bygda. FestiTaren utvidar i år programmet med mellom anna ei ny musikalsk scene, Lambasleppet, samt eit tverr-festivalsk samarbeid med Rosendal Mat- og Kunstfestival, som skal stå for matsrveringa
under familiearrangementet nede i sentrum. Det vert også jobba for å få på plass ein lokal DJ som kan byggja opp stemninga ved kaikanten ut over føremiddagen, den musikalske ramma er ein viktig del.
Ei æra å bli spurt
Kjetil Næs er ein av årets ni deltakarar i den uhøgtidelege konkurransen Mesterenes mester. Han har sin bakgrunn frå fotball og friidretten, og er til vanleg å sjå på Expert i Rosendal. – Det er eit artig konsept og Festi dalen gjer ein fantastisk innsats for bygda. Eg synest det er ei æra å bli spurt, så eg sa ja! fortel Næs. Han fekk spørsmål om å delta også i fjor, men då var han oppteken med jobb. Desto kjekkare å bli spurt igjen, og denne gongen hadde han også anledning, noko han er glad for. Han har eit avslappa forhold til konkurransen no i forkant, men ser ikkje bort ifrå at konkurranse innstinktet kjem til å vakna når han står på målstreken. – Eg har definitivt eit konkurranse innstinkt, men eg er primært med for å delta. Men når eg først er med, går eg sjølvsagt for å vinna, legg han til. Deltakarane veit lite om kva øvelsar dei skal gjennom, og Næs har ingen draumeøvelse som utmerkar seg. – Nei, det har eg ikkje reflektert over, ler han og legg til. – Men dersom det er ein øvelse der eg kan bruka litt frå bakgrunnen min i fotball eller friidrett, hadde jo det vert fint. Næs tykkjer Mesterenes Mester er eit morosamt konsept, som han gler seg til å bli ein del av. – Festidalen er så flinke å gi tilbake til bygda, og viss eg kan bidra med det med å delta på dette, er det veldig kjekt! avsluttar han. Av bragder i hans fotballaktive liv,
kan det nemnast at han var innom gutelandslaget i sine yngre dagar, og har mellom anna vunne herreklassen i putballturnering i Rosendal.
Sterkast i viljen
Marianne Nordhus frå Fjelberg er ei av konkurrentane til Kjetil Næs. Ho sprudlar over telefonen. – Det vert sikkert berre gøy! Eg har tenkt at eg må byrja å sei ja når eg blir spurt om ting som dette, så når dei lurte på om eg vart med, måtte eg jo sei ja, fortel ho. Mjølkebonden veit sånn omtrent kva konkurransen går ut på, og trur ho vil møta spreke konkurrentar. – Dette er mest på løye, men eg har ein sterk vilje. Ein veit jo ikkje kva øvelsar ein skal konkurrera i, men eg trur kanskje eg kan gjera det litt godt på uthald og litt styrke. Kondisjon har eg ingen sjans i, ler ho blidt. Ho har instruert aerobics og drive med jakt, så denne konkurrenten har fleire strengar å spela på når det kjem til stykke. Sommaren vert ikkje sett av til tunge treningsøkter og fullt fokus på seinsommarens konkurranse, men ho er spent på kva som ventar. – Eg er veldig spent! Eg gler meg til å sjå kva det går i, eg fekk det jo ikkje med meg i fjor, så eg veit ikkje heilt kva eg har sagt ja til. Truleg må eg legga vekk konkurranseinnstinktet mitt, men det er jo alltid kjekkast å vinna! Nordhus kjem inn under deltakarkategorien tap og vinn med same sinn, og blir nok dermed ein kjekk konkurrent for dei åtte andre. Ho har førstehandskjennskap med artige konsept, mellom anna frå TV2 serien «Jakten på kjærligheten», der ho var ein av bøndene som fekk friarbrev og sendetid hausten i fjor. Av: Jorun Larsen
2015
Som stolt samarbeidspartnar ynskjer me arrangørar og publikum lukka til med Festidalen 2015!
www.harding.no
19
20
A B LAM PET SLEP
ITE E B R U T L U K EG - EIT RETTEL
Det starta med ei ide – ein visjon. Visjonen vart ført vidare, jobba med, den vart gitt næring og kjærleik. Etterkvart fekk den også pulserande blod i årene, den vart tilsett lidenskap og sjel. Den fekk kjøt på beinet. Og det har blitt vakkert.
Resultatet er det me no – for første gong i år – skal presentera på Lambasleppet. Assosiasjonane til scenenamnet er mogleg blodferske lam, men desse artistane er meir på nivå med sauene som blir slept oppe på jordet seinare på kvelden enn dei vaklande kvite ulldottane som nyleg har kome til verda. Me er überstolte av å presentera årets sju band og artistar – alle
med sine heilt særeigne kvalitetar, samtlege med fleire års erfaring og eit hjarta som bankar for å driva med musikk. Dei skal vera med å presentera dei ferske artist ane regionen vår har å vera stolte over, me skal løfta dei opp og visa dei fram. Me gir dei eit springbrett. Dei tar sats frå fjøresteinane i Uskedalen laurdag 1.august. Av: Jorun Larsen
Tysnes sparebank er stolte av å vere direkte bidragsytar til Lambasleppet. Satsinga er i samsvar med våre kjerneverdiar om å bidra til lokal verdiskaping og lokalt engasjement. Vi har store forventingar til lanseringa, og gler oss til å sjå dei ferske artistane i aksjon.
Akustisk indiepop frå Nettothoughts Nettothoughts er Anette Prestnes Ersland (23) sitt soloprosjekt, som ein kan få med seg under årets festival. Sjangeren ho kjenner seg mest heime i er pop/rock, og låtane ho lagar kjem til uttrykk som indie-ballader. Melodiane leikar ho seg fram til på piano – eit handverk ho har fått opplæring i gjennom sine år på Kvinnherad Kulturskule, i timane til Eli Haugan. I løpet av sine musikkrike år, har Anette mellom anna delteke på Sunnhordlandsmeisterskapen i Rock og kome til fylkesfinalen i UKM med eigenkomponert låt. På sida av solokarrieren, er ho også vokalist i rockebandet Revolution, som har bidrege til eitt av høgdepunkta for den unge artisten. – Det har vore mange små sigrar musikkmessig, men når bandet mitt gjekk vidare til semi-finalen i Emergenza, og fekk spela på John DEE i Oslo, var stemninga ganske fantastisk! melder ho. At Biffy Clyro hadde spela på den samme scena berre nokre månadar tidlegare, jekka opplevinga opp enno nokre hakk. Songfuglen frå Sandvoll tykkjer det er veldig kjekt å få kunna spela under Festidalen, og ser fram til å forfølgja draumen om ei karriere innan faget ho elskar vidare. Ho stiller med backing frå gitaristane Marius Langfoss Sørlie og Jamie Solomon, og tenker å køyra ein ganske akustisk session for det herlege festivalpublikummet i Uskedalen. Gled dykk!
Sjekk ut Nettothoughts her: https://soundcloud.com/ nettothoughts
EP-aktuelle Among Colors Among Colors såg dagens lys i 2013, då Preben Dale hadde samla seg opp ein grei dose låtmateriale som kunne trenga eit band. På hausten var prosjektet endeleg eit faktum, og bandet besto av Preben Dale (vokal/gitar/piano), Timmy Aass (gitar/synth), Magnus Magnusson (bass) og Magnus Solheim (slagverk). Vidare følgte ei tids utforsking etter ein passande sound, etterfulgt av to veker på å øva inn materiale som band. Bandet deltek aktivt i å finna
riktig akkordstruktur og sound på alle låtane, noko som resulterer i eit spanande og melodiøst uttrykk. I løpet av musikkstudiene, som avslutta no i 2015, har dei fått til ein heil del; i slutten av mai kom dei med ein EP, Branches, som dei har jobba med det siste halve året, der dei leverer fem solide låtar – melodiøse og spanande. Ein av låtane, Indefinite, har eigen musikkvideo, mekka av med studentar på høgskulen; vel verd å sjekka ut. Bandet har steppa inn
for Katzenjammer under VEKA i Volda, det er berre ein av fleire konsertar det lovande bandet har levert. Dei har inngått eit samarbeid med managementetet Fröd, og har planar om ein turne til hausten. Among Colors er svoltne på suksess, og gler seg til å joina resten av den unge kremen i regionen!
Her finn du Among Colors: http://urort.p3.no/#!/Band/ amongcolors
2015
21
Urframføring med Catnip Cloud I am not a cat and I make music. Med desse orda anar ein at ein er i ferd med å trø over i ei anleis verd. Verda er bygd opp av finurlege element som til saman dannar eit lydbilete sv typen ganske unikt. Og då den første referansen som dukkar opp er Ralph Meyers, anar ein at ein gjerne vil høyra meir. Kjartan Thorkildsen frå Valen i Kvinnherad skal opptre på dagscena med sitt spanande elektronikaprosjekt, Catnip Cloud. Etter eitt år på Seljord Folkehøgskule er han no heime att i Kvinnherad for sommaren. – Eg blir lett inspirert av andre artistar innan elektronika som lager veldig stemningsfull og
atmosfærisk musikk, til dømes Röyksopp. Eg prøver å skapa ei stemning med musikken, og bruker mykje effektar og sampling.
Drøym deg bort med catnip Cloud: https://soundcloud.com/ catnip-cloud
LöffelMannschaft – først Uskedalen, så verda
Prog-rock frå Orgelfall I slutten av 2011 fann fire elevar ved musikklinja på Stord ut at dei likte å spela saman, og gjorde like godt ei greie ut av det. Greia resulterte i Orgelfall, eit funky, bluesy, fusoin prog-rock band. Referansane deira spring ut frå 70-talet, og inneheld fleire av dei store. Pink Floyd, Deep Purple, Dave Matthews Band og vidare. De kjenner lista. – Me har planar om å spela på jam under Mosterfestivalen i sommar, og no også på Festidalen, melder Andreas Haugland. Vidare
består bandet i Øystein Heide Aadland, Joakim Vikanes og Sigbjørn Øyre. Som heimstad kan dei skilta med Kvinnherad, Stord og Bømlo, og dei representerer dermed dei ytre delane i regionen. Orgelfall skriv låtane sine sjølv, og har til no gitt ut ein EP som ligg ute på både Spotify, iTunes, Wimp og Amazon.
I dag er ein god dag å sjekka ut Orgelfall. Gjer det her: http://open.spotify.com/artist/ 6nfwBOSx3vh26cIQpObKiV
Aleksandra Sanden stiller solo
Aleksandra Sanden frå Husnes er vår R&B frøken, som truleg vil ta livet godt ned, samstundes som ho gir frå seg frysningar på både armar og i nakkar. Nydeleg songstemme som har gleda både kvinnheringar og andre landsmenn gjennom fleire år, sjølv om ho enno berre er 18.
Kvardagen hennar er pepra av lekre tonar i R&B landskapet. Ho har laga eigne låtar, sunge i duo og åleine, stått på mange av scenene i Kvinnherad, og spelt inn låtar i heimestudio. Ho har til og med stått på Idol scena i 2012, og gjort sambygdingane stolte. Ho stiller solo, med stefar på komp.
Høyr songtalentet her: https://soundcloud.com/ aleksandrasanden
Sidan oppstarten til det alternative og eksperimentelle hardrock bandet LöffelMannschaft i 2013, har bandet gått gjennom nokre små omveltingar, samstundes som dei har haldt fram med å produ sera musikk. Hovudsakleg er det medlemsgruppa som er endra, noko som per i dag betyr at dei har ein flett ny vokalist og ein enno ferskare rytmegitarist. Bandet har hatt fleire konsertar, mellom anna i Estland og på 5460 på Husnes, og veit soleis at scena er ein stad dei trivs godt. LöffelMannschaft tyder skeimannskap, og er i grunn berre eit påfunn som raskt etablerte seg som noko meir enn berre fjas og tysk ordleik. Det høres tungt ut, og det fungerer. Bandet spelar alt frå seig stonerrock til metal og eksperimentell indie, noko som understreker kor musikalsk hung rige gutta i dette bandet er. Alle medlemmane er frå strekninga Uskedalen – Valen, og dei har ambi sjonar som sprenger grenser. Slikt likar me. – Draumen er sjølvsagt å spela på
Wembley. Og Graspop – ein årleg metalfestival i Belgia. – Noko som faktisk ikkje er heilt urealistisk, legg den ferske vokalisten og hans med-trommis fram. Dei tar først sikte på å ta Uskedalen med storm, og gi publikum eit feitt show. Deretter kvir dei seg ikkje for å nå nye høgder på den internasjonale festivalscena. Tekstane og musikken mekker dei sjølv, og sjølv om nokre av låtane består mest av ord på papir og er far out i følgje dei sjølv, fins det også tekstar med ein større bodskap. LöffelMannschaft er klare for å øva heile sommarferien, slik at dei eksperimentelle og religionskritiske låtane deira skal få runga mellom bakkar og berg i Uskedalen. Daniel Stoknes – vokal Kjartan Thorkildsen – solo gitar Robin Oliver Vikøren – rytme gitar Joar Kyo Berg – bass Fredrik Jonassen – Trommer
Lytt til LöffelMannschaft her: http://urort.p3.no/#!/Band/ LoffelMannschaft
Digvalley – akustisk draum frå Odda Digvalley er Eirik Bøen Gravdals einmanns studioprosjekt, som strekker seg frå heilt nedpå singer/ songwriter til store følsomme arrangement. Assosiasjonane til musikken er mange, og det tek ikkje lang tid før ein tenker i banar mot Bon Iver, Daughter og Sigur Ros. Digvalley har produsert låtar og blitt spelt på bl.a NRK P3, NRK 1, TV i Tyskland og Grunnlovsjubileet 2014 for Hardanger, noko som må gjera Odda og Hardanger overmåte stolte. «Vi tar med oss den akustiske versjonen av bandet til Festidalen. Ei nedpå og behageleg greia som passar fint på ein solskinnsdag i Uskedalen!»
Eirik Bøen Gravdal – Gitar og vokal Rikard Backer-Owe – Piano Carmen Bóveda – Cello Claudia Cox – Fiolin
For herlege stunder: http://urort.p3.no/#!/ Band/Digvalley
22
la Familia
Festidalen er ein organisasjon beståande av eit 50-tals kreative og dedikerte sjeler fordelt på 18 grupper krev ein del organisering og koordinering.
Styret
Styreleiar: Sveinung M. Pile Andre i styret: Anbjørn Høivik, Hege Digranes, Kjartan Thoresen, Åsmund Lilleaas, Eirik Sævareid, Una Kolle, Daidalos Dahle, Bjørn Olav Tveit I Festidalen er alle like, og vi har samla våre likaste kvinner og menn i styret. Leia av Festidalen-gründer Sveinung har styret som oppgåve å sjå til at heile den kreative Festidalen-kakofonien styrer i nokolunde same retning og held seg i nærleiken av vedteke budsjett. Styret har, med andre ord, hendene fulle!
KO
Koordinatorgruppa bestårav fire personar som etter kvart har bygd seg opp kjernekompetanse innan festivalproduksjon. Dette er gode folk som lette å lika, frie for arroganse og oppblåste egoar. Hersketeknikkane dei nyttar varierar mellom lett skubbing, vare stryk på kinna, ein god klem, smørjing i flytande form for finjustere kursen og ei og anna direkte ordre når det er påkrevd. Saman med resten av organisasjonen sørger dei for at festivalstemninga legg seg som lett snøfall over kommunen når sumaren er på hell. Måtte desse folka stå seg vel: Bjørn Olav Tveit, 40 år, Uskedalen, påstått gjennomført lærarutdanning, regelryttar og variabelt temperement. Anbjørn Høivik, 47 år i følge Google, Uskedalen, Universitetsutdanna bonde og planleggar, men særs velfungerande både sosialt og på Office-verkty. Åsmund Lilleaas, 33 år, Husnes, fancy tittel frå universitetet, Man. Dir innan gummibransjen (Noreqfender), litt sånn gladkristen, «sky is the limit»- type. Una Kolle, 35 år, Herøysundet, is og spenolkremprodusent (Isrosa), innehar førarprov og Universitetsutdanning.
Sponsorgruppa
Leiar: Odd Steinar Arnesen, 47, lærar, Uskedalen Andre personar i gruppa: Michael Røssland, 42. Du trudde Festidalen låg i dvale om vinteren, seier du? Ha, allereie medan du står på tunet og ser grågåsa fyke mot sør, då startar karane i sponsorgruppa arbeidet med neste års festival. Med reine kle og vasskjemd hår set dei seg i bilen og vitjar stort og smått i næringslivet i Kvinnherad, dei bankar fint på døra og rettar på slipset, ut kjem ein bedriftseigar og seier at neimen, er det Festidalen som er ute i slikt haustver? Så går det slag i slag og bedriftseigaren kan ei helg i august finne seg sjølv som stolt sponsor av den artigaste festivalen på heile vestlandet, då står han på jordet i skumringstimen og han tenkjer at det er som om lyskastarane flørtar med sjølve sumarnatta, han kjenner grunnen skjelve under føtene sine og han legg armen rundt Odd Steinar og seier rett frå
levra: «Vi må halde saman, vi vestlendingar».
Marknadsføring
Tru det eller ei, Festidalen må marknadsførast. Ja sjølv om ein skulle tru «rock, fjell & kjærleik» servert i fantastiske omgjevnadar er noko som nesten sel seg sjølv så er det ikkje noko enkel oppgåve marknadsføringsgruppa balar med. Nei du, for all den galskapen resten av gruppene finn på må presenterast på eit vis, og helst på ein heilsprø måte som ingen har sett makan til før. Ja alle vil vera bestevennar med marknadsføringsfolket. Det kan ta på. Leiar: Martha Korsvold Nerhus, ei kreativ dame du finn stort sett på Seim eller Valen, der ho marknadsførar både livbåtar og #goodtimes i Uskedalen første helga i august. Ho får jobben gjort, og det med eit stort smil. Karoline Neset – 24 år frå Uskedalen. To ord om Karoline, arbeidsjern og glad. Ein har kanskje sett ho på Systrene Nilsen der ho har styrt skuta om sommaren. Veldig imponernades. I dag bur Karoline i Bergen, men vi håpar alle at ho snart kjem heim att. Med seg på laget har jentene Vidar Håland som grafisk ansvarleg. Vidar er ei kreativ sjel som til dagleg er å finna i lokalavisa Kvinnheringen. Vi er overlukklege for å ha Vidar med på laget, for han klare å gjera kule ting på dataen sin slik at vi får digge plakater og slikt. Veldig kult.
FestiDagen
Leiar: Janne Gloppen Hjønnevåg, 38, sjukepleiar, Uskedalen Andre personar i gruppa: Hege Lekva, Ingunn Myklebust, Anna Katrine Bjelland Mathiesen, Bettina Ørbeck, Linn Stene Hellås, Kristian Bringedal, Ann Katrin Aksnes Haugland Festidalen – til lags åt alle! Har du sett glimtet i augo til eit born som nett har latt seg inspirere? Smilet når det har lært noko nytt? Dette er drivstoffet til dei kreative sjelene bak FestidaGen. FestidaGen starta som eit lite side-prosjekt til resten av Festidalen, no er resten av Festidalen i ferd med å bli eit lite side-prosjekt til FestidaGen. Denne gjengen tryllar kvart år fram eit utal aktivitetar for born og unge på dagtid, vi trekk pusten og nemnar til dømes trommeverkstad, rockeverkstad, mini-Newton, festivalavis, Cheerleading, skatepark, filmproduksjon, kunst i fjæra, Hiphop, street art, grafitti. Puh! Her kan kidsa boltre seg og beite fritt på eit retteleg kulturbeite torsdag til laurdag, alt under kyndig rettleiing av røynde instruktørar. Tidleg i januar tek kreativiteten i denne gruppa til å boble over, og dei startar planlegginga fram mot august, der ventar bonusen i form av hundrevis av born og unge som vil delta og la seg inspirere av nye aktivitetar og ny lærdom.
Camp
Leiar: Erlend Hellingsrud, 37, klinisk sosionom, Valen Andre personar i gruppa: Rolf Christian Mehl, Geir Nes I camp-gruppa har vi samla eit knippe av våre mest røynde friluftsfolk, berre for at du skal kunne ta med deg teltet ditt og sove komfortabelt på vår camp nede ved elva. Her er alt gjort etter boka. Kva bok? Hakkespettboka, sjølvsagt. Før du legg deg kan du sitje ved bålet under sumarnatta og diskutere bomullsduken sine overlegne eigenskapar ved vintercamping, dette burde få fart på diskusjonen. Karane i camp-gruppa er like duggfriske som ein morgon i august, og du vaknar dagen etter til dufta av kaffi og bacon frå bålet. Då kjem dei til å invitere deg med på fjelltur, men dette gjer du lurast i å takke nei til.
Booking
Vi fann rimeleg raskt ut at ei bookinggruppe er naudsynt. Det blir liksom ikkje noko festival utan booking. Difor har vi satt nokre av våre beste menn her. Ja det stemmer, det er berre menn, og det plagar oss. Daidalos og, for han leiar greia, og forutan god musikk, mat og drykk, så likar han kvinnfolk. Daidalos er den einaste av oss som med noko som helst erfaring frå rockebransjen. Den erfaringa er gull verdt for Festidalen, berre sjå på samlinga av band vi har klart å få sendt til Kvinnherad og Uskedalen. Terje Markhus, høgre hand/wingman til Daidalos. Terje har gjennom dei åra han har vore engasjert i Festidalen gjort mykje rart. Alt i frå forhandl ingar med fine flott band til usexy transportoppdrag. Terje kan du stole på. Han stikk ingen plass. Stig Framnes, ein kar som kanskje er vel så mykje kjent for sine flotte knipseri som bookingmann. For han er frykteleg flink til å ta bileter. Men jaggu har han ikkje peiling på musikk også. Stig pumpar siste nytt frå musikkscena i Oslo over fjellet til Daidalos og Terje. Saman finn dei på noko lurt.
Servering
Dei spring, tappar og grillar som heltar. Serveringsgjengen passer på at heile det fantastiske publikumet vårt får nok mat og drikke under heile festivalen. Her går det i spesiallaga hamburgarar og pølser, eige Festidalen-øl, Bierstube og anna bararbeid. Serveringsgjengen vert styrt av Bar: Anne-Grethe Høisæther, superenergisk dame som passar på at det er nok å drikke til store og små. 45 år, Herøysundet. Ansvaret for bar og sjenkeområde deler ho med Margit Lund-Mikkelson, 33 år, Dimmelsvik. Bierstube: Sammy Myklebust er Festidalen sin store ølekspert, og står
i spissen for Festidalen sitt eige brygg. 48 år. Opprinneleg frå Uskedalen, men utvandra til Bergen. Med i gjengen er også Karl Petter Vårdal 40 år, Husnes og Morten Vatterdal, 39 år, Husnes, dei som er Podlen sjølvbryggarlag. Mat: Una Kolle har med sitt engasjement for lokalt landbruk fått inn kortreiste kyr og grisar på menyen. 36 år, Herøysundet. Har med seg Siv Støve Syversen, 37 år, Herøysundet og Janne Yri, 37 år, Uskedalen, på planlegginga og dei to tar det praktiske ansvaret som heltar mens Una er oppteken i leiinga.
Artistpleie
Dei jobbar i kulissene, og får ikkje med seg mykje av det som skjer på scenen. Det går i oppvarting og problemløysing. Ein må vere klar til å ta tak i små ting og store ting på ein augneblink. Heldigvis har Festidalen Susanne Meling, 26 år frå Valen, som si backstagedronning. Susanne tek vare på dei store artistane med ei avslappa væremåte og ein utmerka sørvis. Ho er utdanna barneverspedagog og det kan komma godt med i artistområdet.
Friviljug
Dei frivillige er sjølve ryggmargen i Festidalen. Utan frivillige ingen festival. Kvart år er det fleire hundre involverte for å skapa årets happening for deg. Desse fantastiske menneska er rekrutterte og organiserte av Festidalen sitt blidaste ansikt, Karina Solheim 24 år, Sunde. Karina er leiar av frivilliggruppa og med seg har ho stødige Lars Kvamme, 37 år, Valen. Nye av året i gruppa er Ragnhild Løland, 36 år, Herøysundet og Mona Enes, Uskedalen.
Områdegruppa
Graset du trør på, bardisken du lener deg til, benken du sit på, doen du…, jau du tek poenget. Områdegruppa sørgjer for gjerder, benkar, buer, telt, straum, vatn, sanitær, scenerigging og transport. Om Festidalen var ein kommune ville områdegruppa vore Teknisk etat. Med stor T. Områdegruppa har organisert seg med undergrupper og utstrakt delegasjon av ansvar. Når denne gjengen løfter i flokk tel dei om lag 25 personar til saman. Områdesjef: Steinar Haugland, 43 år, lærar, bonde og altmulig-geni i Uskedalen. Elektro: Robert Haugland, 32 år, energisk elektrikar frå Valen Telt og benkar: Geir Enes, 42 år, automasjonsingeniør, Uskedalen Buer og barar: Ole Vidar Monsen, 32 år, og Oddmund Soldal, 46 år. Begge Uskedalen, byggfag de luxe. Transport: Odd Henning Saghaug, 27 år, solid storbilsjåfør og bygningsmann frå Valen. Rigging: Jan Berntsen, 49 år, Uskedalen.
2015
Festifjellet
23
Utan fjell, ingen dal. Festidalen har djupe røter i fjellet og saman med Sunnhordland Kraftlag AS og Kvinnherad Turlag inviterer vi til festivalavslutting ved Bjørnebølsfossen søndag 2. august. Med Fjellhaugvatnet som nabo og ved innfallsporten til den mektige Blådalen skal vi laga til eit høveleg lydspor for deg. Programmet er i skrivande stund i støypeskeia, men vi lokkar med tur om føremiddagen og konsert frå scenen om ettermiddagen. Aktivitetar for store og små og gjerne noko å bita for dei som er svoltne. Vi satsar på eit familievenleg billetsal, og har du helgepass til Festidalen dekker det sjølvsagt konserten. Når programmet vert klart publiserer vi i alle kanalar – så følg med, følg med! i samarbeid med
Festidalen Føredragskro for Gud og kvarmann
Torsdag 30. juli inviterar Festidalen til føredragskro i Gamleskulen i Uskedalen. I år har vi valgt å gå for lettbeint og berikande tematikk. Flinke folk kjem frå to solide vestlandsbyar for å dele sin visdom med oss. Knut Vikør
Frå den arabiske våren til kalifat og terror: Framveksten av IS i Midtausten. Knut Vikør er professor i historie ved Universitetet i Bergen. Vikør har i ei årrekkje forska på islamsk historie, med særleg vekt på Nord- og Vestafrika på 1700- og 1800-tallet. I 2014 vart Vikør tildelt formidlingsprisen ved Det humanistiske fakultetet (UiB) for sin innsats og deltaking i den offentlege debatten om Midtausten og islam. Gjennom robust fagleg innsikt og solide analysar har Vikør gjeve folket brei kunnskap
om islam. Sidan den arabiske våren starta i Tunisia vinteren 2011 har han formidla oppklarande og ryddige kommentarar om komplekse konfliktar og krisar i den arabiske verd både gjennom TV og avisar.
Torstein Monsen
Mot sølvbryllup: Forholdet mellom Noreg og EU i gode og onde dagar (1992-2017) Det norske folk har ved to høve stemt nei til deltaking i det europeiske fellesskapet og unionsprosjektet. Like fullt vert Noreg tettare integrert i det europeiske prosjektet. Korleis har det vorte slik og korleis kan ein skildre forholdet mellom Noreg og EU? Og endeleg, kva med framtida til eit kriseramma EU og Noreg si plass i unionen?
Jørg Arne Jørgensen
Vitskap og verdsbilete Jørg Arne Jørgensen er fast gjestekommentator om religion og livssyn i Stavanger Aftenblad og leverer korrigerande skråblikk på emne der
resten av middelklassen vandrar lukkelig ignorerande vidare utan å stoppe opp. Frå vindusrekkja freistar han å sjå det store bildet, sette ting i perspektiv. Han er lektor i religion og samfunnsfag, vidaregåande trinn, ved Steinerskolen i Stavanger, og føreles iblant i religion ved UiS. Han er medforfattar av Store spørsmål 8 – lærebok i RLE for ungdomstrinnet. I føredraget sitt ser han litt nærare på den såkalla konflikten mellom tro og vitskap.
+
Altså; ein nesten heilt vanleg torsdag i Uskedalen. Gitt til deg av Festidalen. Gode folk samlast og lyttar til formidlarar som har lese fleire bøker enn det er i samlinga til Kvinnherad Folkebibliotek. Det vert satt av god tid til den gode samtalen, baren er betjent og latteren skal sitje laust. Det er trass alt festival. Nyt(t) høvet til å fylle på med kunnskap og få innsikt i nokre av dei viktige sosiale og kulturelle kjenneteikna i vår tid.
= sant
Nytt i år er at busstransport frå Uskedalen er inkludert i festivalbilletten. Bussane går frå vegen nedanfor konsertområde etter siste konserten kvar kveld, og rullar til kvar ende av kommunen.
praktisk og særs nyttig
info
Lurer du på korleis du kjem deg til Festidalen? Fortvil ikkje! Her finn du ei lita oversikt over dei ulike transportmidla og overnattingsplassane som finst. På portalen www. uskedalen.no finn du også mykje praktisk info om tilboda i Uskedalen.
Velkommen til ei magisk festivaloppleving!
Slik kjem du deg til Uskedalen
Du kan ta både buss og båt til Leirvik, og deretter må du ta hurtigbåten frå Leirvik til Sunde. På www.skyss. no finn du ruta for hurtigbåt og buss dersom du kjem frå nord (Bergen og omegn). På www.rodne.no finn du rute for snøggbåten frå Bergen til Rosendal. Frå Rosendal går det buss til Uskedalen. Ruta finn du hos Skyss. Det vert sett opp bussar etter festivalen er ferdig kvar kveld som går til Rosendal, Husnes, Sunde og omegn. Billett til bussen etter arrangementa er inkludert i festivalbilletten.
Overnatting
Campidalen: Festidalen kjem til å rigga til tidenes Festidalencamp. Det blir partytelt, grilling, spel, musikk og høg «goodtimes»-faktor gjennom heile helga. Send e-post til erlend@ hellingsrud.no og book deg ein plass i dag. Heile gildet kostar kr. 150,- per snute. Fint om de skriv sånn ca når de kjem.Så, for maksimal festivaloppleving, enten du kjem langvegsfarande eller bur fem minutt ifrå området, finn fram teltet, parasoll, solbriller og finn deg ein plass på festivalcampen. Uskedalen Camping: Har du bubil, campingvogn eller ynskjer å leige ei lita hytte? I Uskedalen har vi Rabben Camping som kan hjelpa deg. Ligg like ved butikk og båthamn. Heimeside: www.rabbencamping.no Båt: Uskedalen har ei flott båthavn som ligg strategisk plassert midt i bygda. Næraste nabo er utestaden Systrene Nilsen, der det er råd å få seg topp mat og drikke. Ynskjer du å laga maten sjølv går du 10 meter lenger opp i vegen der du finn Spar Uskedalen. Om det skulle vera fullt i festivalbygda så finst det gode alternativ
i Rosendal og på Husnes. Det går buss til Rosendal og Husnes etter at musikken har stilna og kranene er stengde. Bussane går frå inngangs området etter siste konsert.
Hotell
Uskedalen: I Uskedalen har vi ikkje noko stort og fancy hotell, men vi har eit framifrå motell. Der får du heimekoseleg atmosfære og topp service – berre nokre steinkast frå festidalområdet. Solheim Turiststasjon Nausthaugen 1, 5463 Uskedalen Tel: (+47) 53 48 60 39 E-post: solheim@knett.no Rosendal: Er det fullt på Solheim kan du sjekka kva som er ledig i Rosendal. Som nemt over blir det sett opp buss inn til Rosendal. Rosendal Fjordhotel AS Rosendalsvegen 46, 5470 Rosendal, Norway Telefon: ( 47) 53 48 80 00 Telefax: ( 47) 53 48 16 00
E-post: booking@rosendalfjordhotel.no Rosendal Turisthotell AS Postboks 94, Skålagato 17 N-5486 Rosendal Telefon: +47 53 47 36 66 e-post: post@rosendalturisthotell.no Rosendal Motel Grenda-Huset AS P.O. 199, 5486 Rosendal Tlf: (+47) 41 41 61 62 E-post: post@rosendalmotel.no Husnes: Husnes Camping Tlf: 534 73 252 E-Post: post@husnescamping.com Følg med på festidalen.no for oppdatert info om arrangementa og andre nyhende. Om du vil ha med deg alt som skjer i Festidalen-universet bør du lika oss på fjesboka, der kjem det oppdateringar tidleg og seint. I tillegg til alt dette finst me visst på instagram òg, @festidalen. Hugs emneknaggen #FD15.
billettar
tinga på www.festidalen.no
Festivalpass vaksen
1.245,Festivalpass
ungdom (13–17 år)
795,-
Dagspass vaksen
665,Dagspass
ungdom (13–17 år)
465,-