Sommaravisa 2012

Page 1

2012 Kvinnheradferie

GRATIS FERIEAVIS


Det skjer i Kvinnherad

i sommar!

Juni 15. GalleriE, Ope enkelte dagar heile sommaren, med kunst av Cecilie Lie Larsen, Rakel Fridlund og Tone Flesche. Stad: Valen. 15. Babettes Gjestebud av Karen Blixen. Fortalt av Thea Stabell. Regi: Terje Strømdahl. Stad: Baroniet Rosendal. 20. Føredrag. Professor Emeritus Magne Malmanger. Ut av hagen – ut av atelieret! Stad: Baroniet Rosendal. 20. Føredrag. Professor Emeritus Dagfinn Moe. Renessansehagen på Baroniet Rosendal som en del av vestnorsk hagekultur. Stad: Baroniet Rosendal. 22. Utstillingsopning. Tre reiser – tre landskap, H.M. Dronning Sonja, Kjell Nupen, Ørnulf Opdal. Introduksjon ved prosjektansvarlig Karin Hellandsjø. Utstillinga varer t.o.m. 15. august. Stad: Baroniet Rosendal. 22. Konsert. Elizabeth Norberg-Schulz, sopran, og Ragnar Erling Eriksen, klaver. Stad: Baroniet Rosendal. 28. Føredrag. Kjell Arild Pollestad, forfattar, om å bli uthengt i media. Stad: Baroniet Rosendal. 28. Konsert. Herborg Kråkevik. Utdrag frå forestillinga «Kjære landsmenn». Stad: Baroniet Rosendal. 30: Konsert. Mari Silje/Håkon Samuelsen. Stad: Vangssago Rosendal. Juli 6.–9. Rosendal mat og kunstfestival: Festivalkokk Bodil Nordjore. 6. Utstillingsopning med bilete av Per Fronth. Står til 11. august. Stad: Galleri Guddal, Rosendal. 6. Konsert. Sondre Lerche, song/gitar. Stad: Baroniet Rosendal. 10. Foredrag. Folklorist og museumsleder ved Ibsenmuseet, Erik Henning Edvardsen. Stad: Baroniet Rosendal. 11. Konsert, Bjørn Eidsvåg med band. Stad: Baroniet Rosendal. 12. Konsert, Bjørn Eidsvåg med band. Stad: Baroniet Rosendal. 13. Solveig Kringlebotn, sopran og Ingrid Andsnes, klaver. Stad: Baroniet Rosendal. 18. Foredrag. Elna Siv Kristoffersen, professor i arkeologi. «Solen på Geithidleren – fra Årsand til Egypt». Stad: Baroniet Rosendal. 19. Konsert. Susanne Sundfør, sang/klaver. Stad: Baroniet Rosendal. 19. Sæbøvikfestivalen, kaijazz. Stad: Sæbøvik. 20.–22. Mytologifestival Aleveland. Leikar, teater, marknad, song, dans, forteljing, vandring, rollespel. Stad: Lundarhegni Naturpark, Hatlestrand 20. Sæbøvikfestivalen, den store reke og krabbefesten. Dans om kvelden. Stad: Sæbøvik. 20.–21. Borggardsteater. The Festival Players from London in William Shakespeare’s Twelfth Night. Stad: Baroniet Rosendal. 21. Konsert. Ketil Bjørnstad, klaver. Stad: Baroniet Rosendal. 20. Sæbøvikfestivalen, Frukost i sentrum, fiskekonkurranse og mykje anna moro. Dans om kvelden. Stad: Sæbøvik. 22. Teater. Dukketeateret Kaspar presenterer: «Kaspar og heksen». Stad: Baroniet Rosendal. 22. Konsert. Miriam Helms Ålien, fiolin og Ole Christian Haagenrud, klaver. Stad: Baroniet Rosendal. 25. Konsert. Karoline Krüger, song/klaver og Sigvart Dagsland song/klaver. Stad: Baroniet Rosendal. 26. Føredrag. Elisabeth Aasen, forfatter Dorothe Engelbretsdatter (1634–1716) Stad: Baroniet Rosendal. 26. Konsert Hvi skal min Mund stille staa? – ei førestilling i fem satsar om Dorothe Engelbretsdatter. Ida Løken, skodespelar Eline Sundal, musikar. Regi ved Anne Meek. Stad: Baroniet Rosendal. 27. Konsert. Elise Båtnes, fiolin og Henninge Båtnes Landås, bratsj. Stad: Baroniet Rosendal. 27. Konsert. Rita Eriksen. Stad: Hellebergshillaren, Ølve. August 3. FESTIDALEN: Konsertar med Seigmen, John Olav Nilsen & Gjengen, Lonely Kamel, Andre Holstad. Stad: Uskedalen 3. Konsert. Anne Grete Preus, song/gitar. Stad: Baroniet Rosendal. 4. FESTIDALEN: Konsertar med: BigBang, Mikhael Paskalev, Highasakite, Supermale, Matti Røssland. Stad: Uskedalen 7. Konsert. Sissel Kyrkjebø, song og Trygve Brøske, klaver. Stad: Baroniet Rosendal. 8. Foredrag. Vetle Lid Larssen, forfattar og Åsne Seierstad, forfattar. I samtale om liv og skriving. Stad: Baroniet Rosendal. 8. Konsert. Trygve Seim, saksofon og Andreas Utnem, klaver. Stad: Baroniet Rosendal. 10.–12. Fjellstreif: Ei rekkje arrangement med både turar, kunst og kultur. Stad: Rosendal 10. Konsert. Lars Lillo- Stenberg, song/gitar. Stad: Baroniet Rosendal. 12. NM i motbakkeløp, Nuten Opp. Arrangør: Fjellstreif. Stad: Rosendal 22. Føredrag, Åshild Ulstrup, forfattar. Stad: Baroniet Rosendal. 24. Konsert. Kari Bremnes, sang og Bengt Hanssen, klaver. Stad: Baroniet Rosendal. 24. Konsert. Kari Bremnes, sang og Bengt Hanssen, klaver. Stad: Baroniet Rosendal. 31. Konsert. Leif Ove Andsnes, klaver. Stad: Baroniet Rosendal. 31.-2. sept: Kystdagar i regi av Kyst og litteratursenteret på Sunde, kino, utstilling, show og dans. Stad: Sunde. September 7. Konsert. Annbjørg Lien, fele og Roger Tallroth, gitar. Stad: Baroniet Rosendal. 8. Føredrag. Historisk Seminar. Den nordiske renessansen. Professor Jørn Øyrehagen, Fyrsteamanuensis Eirik Holmøyvik, Postdoktor Rasmus Glenthøj, Postdoktor Mona Ringvej. Stad: Baroniet Rosendal.

Festidalen Etter to års pause er Festidalen sterkt tilbake. Musikkfestivalen gjenoppstår på Dønhaug i Uskedalen

Dei tidlegare festidalane var bokstaveleg tala heilt på jordet, nokre solide steinkast på andre sida av Uskedalselva i forhold til Dønhaug. Flyttinga har praktiske årsaker, sidan Dønhauglåven og tilhøyrande fasilitetar vil vera med på å gjera arrangementet enklare og betre. Sjølve konsertscenen skal vera på bakkane framom låven, slik at «på jordet»-kjensla blir vidareført.

Kulturfestival – Vi har ein ambisjon om å visa at vi er ein kulturfestival, seier Bjørn Olav Tveit, ein av styremedlemene i Festidalen. – Det viktigaste er det som skjer på scenen, elles ønskjer vi å vidareføra den positive festkulturen som alltid har følgt både festivalarrangementet og støttearrangementa rundt jul og påske. Festidalen har aldri vore plaga med trøbbel, understrekar Tveit. Ungdomsarrangementa ved jule- og pås-


TIL DØNHAUG: Store delar av styret i Festidalen har tatt med pikk og pakk og køyrt inn på Dønhaug-tunet. F.v. Anbjørn Høivik, Hege Digranes, Kjartan Thoresen, Åsmund Lilleaas og Bjørn Olav Tveit.

n på flyttefot ketider har òg hatt som misjon å knyta band til det framtidige kjernepublikumet for Festidalen.

Eigarskap Dugnadsgjengen som gjenoppliva Festidalen opplever at mange har eit eigarskapsforhold til arrangementet. – Festidalen har ei søt historie. Den vart starta av ein venegjeng som ein veners-veners-fest. Etter 2009 gjekk eldsjelene litt leie og det vart eit par års pause. No er vi 50–60 personar i alderen 20–70 år som jobbar med Festidalen. Eg føler at både Uskedalen og Kvinnherad verkeleg ønskjer å få Festidalen i godt gjenge igjen, seier Tveit. Han meiner Bygdalarm i Øystese er ein bra festival å skjegla til for å få inspirasjon framover. – Vi satsar på å utvikla Festidalen vidare, seier Tveit. Jonn Karl Sætre jonn.karl@kvinnheringen.no

Om Festidalen • Festidalen 2012 blir den åttande i rekkja. • Den aller første Festidalen var i 2003. • Festidalen 2009 samla totalt 3.200 personar og omsette for 1,5 millionar kroner. • Festidalen 2009 skilta med Kaizers Orchestra og Åge Aleksandersen som dei heitaste namne.

Programmet Fredag 3. august Seigmen John Olav Nilsen & Gjengen Lonely Kamel André Holstad

Fredag 4. august BigBang Mikhael Paskalev Highasakite Supermale Matti Røssland


4 KVINNHERAD-FERIE

Matti Røssland er blant artistane du kan oppleva på Festidalen i august. Men Kvinnherad byr òg på fleire flotte festivalar i løpet av sommaren.

4

2

Festivalar i Kvinnherad i sommar


KVINNHERAD-FERIE 5

1

Rosendal mat- og kunstfestival 6.–8. juli 6.–8. juli er det klart for gode kunst- og kulinariske opplevingar i Rosendal. Festivalkokk og turbobudeie Bodil Nordjore frå Telemark er kjent for pølsekursa sine, vissnok det næraste ein kjem kroppsøving på kjøkenet. På kunstsida er Kurt Johannesen og Per Fronth årets festivalkunstnarar. Johannesen er knytt til performance, bøker, video og installasjon. Fronth blandar foto og litografi.

2

Sæbøvikfestivalen 19.–21. juli 19.–21. juli skjer det saker og ting på Sæbøvik. Det byrjar torsdag 19. juli med kaijazz. Fredag 20. juli brakar det laus med den «Den store reke- og krabbefesten». Laurdag 21. juli blir det frukost i sentrum, fiskekonkurranse m.m. og dans om kvelden.

3

3

1

Kystdagane på Sunde 31. august til 2. september 31. august til 2. september er det klart og for kystdagar i regi Kyst- og litteratursenteret på Sunde. Arrangørane lovar ro inn-kino, utstilling, show og dans.

4

Fjellstreif 10.–12. august 10.–12. august er det klart for Fjellstreif i Rosendal som bokstaveleg tala blir toppa av arrangementet Nuten Opp søndag 12. august. Nuten Opp er i år utpeika som offisiell norgesmeisterskap i motbakkeløp.

Mytologifestival på Hatlestrand 20.–22. juli 20.–22. juli er det premiere for Mytologifestivalen på Eikeland, Hatlestrand. I år blir det alvemystikk i form av song, rollespel og andre aktivitetar i Lundahegni Naturpark. Ein av hovudattraksjonane er «Den Arktiske Artisten», Elin Kårve frå Karasjok. Andre artistar er franske Eli Wagar med band, Maria Malmsten og Anita Forselius.


Mellom bakkar og Himm 29. juni kjem Herborg Kråkevik til Baroniet Rosendal for å framføra utdrag av publikumssuksessen «Kjære landsmenn»

Kabareten gjekk i Oslo i haust, hadde ekstraforestillingar i januar og ein ny runde i mai. 11. desember er det klart for bergenspremiere på Den Nationale Scene sin hovudscene. Den musikalske kabareten er ei kjærleikshistorie til Norge som Herborg skreiv medan ho framleis budde i Danmark. Undertittelen er Mellom bakkar og Himmelbjerg. I pressemeldinga står mellom anna dette: Som ein dansk kikar på det norske. For det er oss det handlar om, både verbalt og musikalsk. Norge sett utan-

frå, Norge i hjarta, Norge til å spy av og Norge til å le av. (...) Her er det lov å le av norske dialektar, norske særingar og av Herborg, eller falla i stavar over norske klassikarar slik du aldri har høyrt dei før. – Kabareten er innramma av eit kjærleiksbrev til ein gamlekjærast, den ein eigentleg vil ha. Ei blanding av frekke karakteristikkar og varme kjærleikserklæringar om oss nordmenn. Slik er ein jo ofte overfor dei næraste, seier Herborg Kråkevik til Kvinnheringen.

Innimellom bryt brevskrivaren ut i song, parodiering, trylling, resitasjon og dans når det trengs. På den musikalske sida har Herborg med seg Kjetil Bjerkestrand (tangentar m.m.) og Bernt Rune Stray (gitarar). Blant mange gode kritikkar, skreiv Mona Levin at kabareten er original, nytenkt og krevjande. Parodiane haustar mange lovord. – Etter at Jon Fosse flytta til Grotten, følte eg at også austlendingane fekk kjennskap til han. Han er jo ein draum å parodiera. Mette-Marit


Alle kjenner til Baroniet Rosendal, men i nærliggjande område – på oppsida av riksvegen – finn du òg Kvinnherad kyrkje, Rosendal Putballpark, Vangssaga og Steinparken.

melbjerg òg. Dei to er jo blir jo eit odde par, ler Herborg. – Kva versjon av kabareten er det publikum i Baroniet Rosendal får oppleva? – Det blir utdrag og ein større del musikk. – Og nokre pariodiar? – Ja, det blir det nok, svarar den trufaste baronivenen som er i Rosendal minst éin gong i året. – Er du oftare i Rosendal enn heime i Jondal? – Like ofte i alle fall. Når eg er

stressa, og det er eg ofte, kallar eg fram eit bilde som roar meg ned. Det er frå glasverandaen til Anne Grete Honerød og Reidar Nedrebø (paret som styrer ståket i baroniet, red. anm.) i huset deira på Nes i Rosendal. Der drikk eg ein kopp te som helst Anne Grete har laga, og berre nyt utsikta ut over fjorden. Håpar å oppleva det denne sommaren òg! Jonn Karl Sætre jonn.karl@kvinnheringen.no

Kulturell lysløype med sportsleg innslag

TRUFAST BARONIVEN: Herborg Kråkevik i Baronihagen. (Arkivfoto: Ivar Vaage).

Vangssaga Flott restaurert (ferdig 2005) oppgangssag frå rundt 1875. Opprinneleg bygd på Vang av Marcus G. Rosenkrone – no finn du Vangssaga like ovanfor den tidlegare HSD-garasjen i Rosendal. Ein gjeng av eldsjeler har stadig større eller mindre prosjekt gåande. No blir staden òg nytta til kulturarrangement.

Steinparken Berre eit lite steinkast frå Vangssago finn du Steinparken. Ein idyllisk park der du kan sjå og kjenna på vakre steinar. Om du vil, kan du òg lesa deg opp på informasjons

skilt som fortel om konglomerat, krystallar, koronitt og mykje anna. Steinparken er òg ein idyllisk stad for piknik i det fri, til lyden av elvebruset frå Melselva.

Rosendal Putballpark Kryssinga av golf og fotball er overraskande moro, anten det er tale om beinhard konkurranse fotballvener imellom, eller uskuldig moro for eit lystig lag. Ballen skal stort sett i

eit hol i bakken ved hjelp av færrast mogleg spark. Innimellom dukkar det opp hinder av ulike slag. Passar både for glade amatørar og fotballproffar.

Kvinnherad kyrkje Vakker middelalderkyrkje bygd i 1250, også kalla Kvinnheradskatedralen. Svært god akustikk gjer kyrkja til ein flott kon-

sertsal med sitjeplassar til om lag 320. Den første baron, Ludvig Rosenkranz, familien hans og seinare baronar, ligg balsamerte i gravkapellet.


8 KVINNHERAD-FERIE

NORGE I MINIATYR

Kortreiste gleder

9

Graset er ikkje alltid grønare på den andre sida av gjerdet, anten det er i sydlegare land eller i ein hektisk leikepark der tusenlappane går fortare enn karusellane. Ordførar Synnøve Solbakken er kjend for å halda fram Kvinnherad sine fortrinn. På side 34 peikar ho mellom anna på alle opplevingane Baroniet Rosendal kan by på, både natur og kultur. Og om ein er samd eller usamd i Solbakken si positive haldning, så har ho i alle fall eit svært godt poeng: Alle har vi godt av å stoppa opp innimellom, stoppa sytinga over det vi manglar, sjå oss litt tilbake, og få augo opp for at Kvinnherad faktisk har mykje å by på. Kva med ein intimkonsert på internasjonalt nivå i baroniet? Kan ein festival freista? Eller ein sykkeltur til landsbyen på Halsnøy? For ikkje å snakka om turar på fjorden, fjellet eller fonna? Kvinnherad er eit Norge i miniatyr, noko turiststraumen til Rosendal og Halsnøy skulle vera eit godt prov på. Spørsmålet er om vi kvinnheringar er klare over kva tilbod vi har i eigen kommune. I så måte prøver Kvinnheringen si årlege ferieavis å vera til hjelp, både for fastbuande og tilreisande.

8 10

6

7

God Kvinnherad-sommar!

Kvinnheradferie BILAG TIL KVINNHERINGEN 13. JUNI 2012 Distribuert til alle hustandar i Kvinnherad, Stord, Odda, Tysnes og Skånevik Opplag: 25.000 Utgjevar og grafisk produksjon

Redaktør: Tomas Bruvik Epost: redaksjon@kvinnheringen.no Rotasjonstrykk: Mediatrykk

Framsidefoto: Baroni-entusiast og ordførar, Synnøve Solbakken, ved ein av sine favorittstadar i baroniparken: Utsiktspunktet øvst og aust i parken, der du gjennom ein lysdempa forgrunn får utsyn til Hattebergsfossen, skumkvit og vakker. (Foto: Jonn Karl Sætre).

Kvinnherad er eit Norge i miniatyr. Her er utsnitt av det meste av natur, med fjell- og fjordlandskap. I sør duvar holmar og øyar på fjorden, med vikar og vågar med grøne bøar og husklyngjer under furutoppane. Lenger inne i fjorden reiser landskapet seg meir på ende, fjelltoppane strekkjer seg over 1200 meter til vers. I nordaust breier Folgefonna seg utover landskapet, ligg der som ei kvit dyne og skjuler eit landskap ingen kjenner under ei 300-400 meter tjukk iskappe. Her er gammal busetnad, like frå

steinalderen. Jordbruket er om lag 5000 år gammalt på våre kantar. Fast bre-is set sjølv dei største gravemaskinar i skuggen. Isen har i nokre tusen år forma landskapet. På det djupaste går Hardangerfjorden ned til 900 meter. Isen grov ut dalar og fjordar. Fjordane er ikkje anna enn dalar som er fylte med vatn. Svartavatnet i fjella ovanfor Rosendal er 167 meter djupt, det djupaste i Hordaland. Bre-isen er altså i stand til å bora seg djupe holer i landskapet, sjølv i det hardaste fjellet. Me har hatt fleire istider. Somme


ATTRAKSJONAR I KVINNHERAD

KVINNHERAD-FERIE 9

6

1 Halsnøy Kloster 2 Fjelberg Prestegard, Fjelbergøy 3 Den Stavangerske Posttour, Ølfernes - Herøysund 4 Bygdetunet Rød, Uskedalen Dønhaug-samlinga, Uskedalen 5 Nistovetunet, Omvikdalen 5 Jens Tvedt-stova, Omvikdalen 5 Bakkastova, Omvikdalen 6 Baroniet Rosendal 6 Vangssago, Rosendal

6 Skaalurensamlinga, Rosendal 6 Ænes kyrkje 6 Folgefonna Informasjonssenter, Rosendal 6 Kvinnherad kyrkje 6 Steinparken, Rosendal 7 Helleristning, Ølve 8 Furebergfossen 9 Gjerdetunet,Austrepollen 10 Bergmåling, Årsand

5 4

3

3

1

stader ser me dalar som går på tvers av ein djupare dal. Det er dalar som er laga i ulike periodar i jordhistoria. Isen grev u-dalar, vatnet lagar vdalar. Somme stader er det råd å sjå at vatnet har grave vidare i ein u-dal og laga ein v-dal i botnen. I Ølve finst dei eldste kjende gruvene i Hordaland. I 1642 vart det gitt kongeleg privilegium for eit jernverk på garden Lilledal, eller Vetle Dale. Fem år seinare vart eit liknande privilegium gitt til eit koparverk på same garden. Men det vart ikkje noka

langvarig drift, det var slutt alt i 1673. Så gjekk det 80 år med stillstand. Mangel på ved var ei viktig årsak. Dei tende bål i berget, og når det var skikkeleg varmt, skvetta dei på vatn så berget sprakk. Dei fyrde og med ved i smeltehyttene. I 1750-åra kom gruvedrifta i gang att. Kongen påla bøndene å levera ved og å køyra malm frå gruvene. Bøndene let ille over det, sidan dei måtte arbeida for lita betaling. Gruvene var første spede starten på industri på våre kantar. Sunnhordland og Kvinnherad har

2

solide industritradisjonar. Her har folk bygt båtar i tusen år. Dagens skipsbyggjarar byggjer dei mest avanserte farkostar i verda, for transport, oljeutvinning og livberging. Vått og bratt lende gir grunnlag for omfattande vasskraftproduksjon. I Mauranger og Matre finst to middels store kraftverk i norsk målestokk. Aluminiumsverket på Husnes er storforbrukar av elkraft, og kan produsera om lag 160.000 tonn per år. I det moderne samfunnet tek folk seg tid til meir enn mat og arbeid. Opp-

leving og det gode livet er ein viktig del av tilvera. Her er gode restaurantar, natur, flotte hamner, pittoreske bygdebyar, einaste baroniet i landet, klosterruinar, mellomalderkyrkjer, badestrender og bratte isbrear for dei som er ute etter grensesprengjande opplevingar. Her finn du det meste av det som det moderne bygde-Norge har å by på. Ikkje Broadway og skyskraparar, men vide dalar og høge nutar, og fossefall som inga fontene kan måla seg med.


10 KVINNHERAD-FERIE


POSTVEGEN: Ein av mange postvegidyllar finn du på Helland nær Husnes.

Å finna fram til turstiane i Kvinnherad er ikkje særleg vanskeleg. I løpet av dei siste åra har Kvinnherad Turistinformasjon, Kvinnherad Turlag og bygdevise turstiprosjekt samarbeidd om merking av turstiar. Mange nye informasjonsskilt er sett ut, og løypene er merkte etter den nasjonale standarden. I tillegg til informasjonsskilta i terrenget er turane detaljert omtalte på www.visitsunnhordland.no.

Svelgabreen, Blådalen Denne løypa er merkt som krevjande og er såleis best eigna for erfarne turgåarar i relativt god fysisk form. Ein køyrer opp frå Omvikdalen eller frå Matre til Blådalen. Her følgjer ein vegen nærast til ende, men det er fast dekke heile vegen. Stien går opp frå Pplassen og innover langs Blåelva. Ein kan velja om ein vil ta fatt på sjølve breen eller om ein vil halda seg til vandring i berga langs breen og elva. Dersom ein skal inn på breen, er det naudsynt med god erfaring og godt utstyr.

Postvegen Den populære postvegen vart ein klar vinnar då Kvinnheringen sine lesarar kåra Kvinnherads beste turmål tidlegare i år. I Kvinnherad strekkjer Postvegen seg frå Ølfarnes og til postbryggja i Herøysundet. Dei 25 kilometrane er framleis ikkje heilt

samanhengande, men nok til at ein ved hjelp av bilvegen gjennom Langgot og eit lite stykke på Sandvoll kan følgja vegen heilt fram. Mykje godt dugnadsarbeid ligg bak den populære turvegen.

Blånuten, Hatlestrand Denne løypa, som ligg om lag fire km frå Gjermundshamn mot Ølve, er middels vanskeleg. Det betyr at det er ei moderat krevjande løype som nok passar for dei fleste. Turen tek om lag to timar utan pause og har ei stigning frå 50 til 321 meter over havet. Likevel kjem ein høgt nok opp til at ein kan nyta utsikta til kvinnheradsfjella, Bjørnefjorden, Os, Stord og Folgefonna.

Bondhusdalen, Mauranger Det er fleire løyper å velja mellom når ein kjem til Bondhusdalen. Løypa inn til Bondhusvatnet er gradert som enkel og tek vel to timar tur-retur. I Bondhusdalen kan ein gå, sykla eller ta rullestolen med seg på grusveg frå parkeringsplassen og opp til Bondhusvatnet. Vel ein å gå vidare rundt vatnet og inn mot Bondhusbreen, er den turen rekna som middels vanskeleg og tek om lag fire timar.

Tursti til Aterstad og Tverrfjell, Omvikdalen To gode alternative utmarksvegar frå P-plassen fram til Aterstad. Den Tmerkte stien vidare til Tverrfjell startar ved skilt for steingang over utløpsosen i nordre enden av Aterstadvatnet. Ater-

stad er ein vakker plass, ta gjerne ein tur innover langs austsida av Aterstadvatna mot botnen av dalen. Flott utsikt over Omvikdalen frå toppen av Tverrfjell.

lom Valen og Sandvoll. Denne turen kan ein gjera både med barnevogn og rullestol og tek om lag ein time tur-retur. Ein følgjer elva og ved Feto kan ein slå seg ned i grillhuset.

Borgundnuten, Borgundøy

Trollåsen, Halsnøy

Dette er ei krevjande løype som passar best for erfarne turgåarar i relativt god fysisk form. Turen tek om lag fire timar dersom ein ønskjer å gå heilt til Krekjehaugen, der ein kan finna gravhaugar frå folkevandringstida i Sunnhordland. Start og sluttpunkt på løypa er ved ferjekaien på Borgundøy.

Startpunkt på denne løypa er ved ferjekaien på Sydnes. Dette er ein middels fottur som tek om lag fire timar tur-retur, utan pausar. Området byr på mange vakre kulturminne, særleg dersom ein tek rundturen rundt Skarvaberget, Narravik, Hatlevik og Bekkjavik.

Englafjell, Uskedalen Ønskjer ein ei tøff løype å bryna seg på, kan ein ta turen til Englafjell med startpunkt Eik eller Fet i Uskedalen. Løypene tar om lag sju timar tur-retur pluss pausar. Løypene mot Englafjell er graderte som ekspertløyper med fargekode svart. Toppen ligg 1200 meter over havet.

Melderskin, Rosendal Denne turen er av dei mest populære fotturane i kommunen, men passar ikkje for alle. Løypa er rangert som «ekspert» og tek om lag sju timar turretur utan pausar. Med sine 1426 meter over havet vert den kalla «Dronninga blant hordalandsfjella».

Handelandsdalen Start- og sluttpunkt er ved Handeland gard, som ligg ved hovudvegen mel-

Varden, Varaldsøy Ei middels krevjande løype som tek om lag tre timar tur-retur. Start- og sluttpunkt er Øvsthus Fjellgardar, om lag 4,5 km frå ferjekaien på Varaldsøy. I byrjinga av turen går ein oppover langs ein skogsveg, deretter går stien vidare i furuskog før ein igjen kjem ut i opnare terreng.

Svartavatnet, Herøysund–Husnes Startpunktet for denne fotturen er ved grendahuset i Bringedalsbygda. Derifrå går ein oppover mot Svartavatnet. Frå Svartavatnet byrjar ein turen nedover mot Bremstølen, gjennom skogen i Onarheimslia og ned mot riksvegen på Husnes, som er sluttpunkt for ruta. Turen er merkt som krevjande og tek om lag seks timar.


12 KVINNHERAD-FERIE t Service på dei fleste bilmodellar t Karosseri- og mekanisk verkstad t Serviceverkstad for Volvo og Renault t Billakkering

Vi held Vi held feriestengt: feriestengt: 21.07. – 10.08.

• SANITÆR

- nybygg og rehab.

16.07.–05.08.

Besøksadresse

Telefon

Tlf. 53 472041553 47 1115 11 Onarheimslio

• VANNBOREN VARME

5460 Husnes204, 5460 Husnes Onarheimslio

KAROSSERI OG MEKANISK VERKSTAD Telefon: (054) 71 511 5460 Husnes

• VARMEPUMPE • VEDFYRING • PELLETSFYRING

www.mecacarservice.no www.mecacarservice.no

Tlf. 975 99 280

www.a-r-v.no

Spar Seimsfoss

J. Lyngnes Bensinstasjon AS MATRE – TLF. 53 47 91 15

Daglegvarer • Bakevarer • Tipping

• Daglegvarer • Drivstoff • Alt innan dekkservice

Ope: 8–21(20)

Opningstider: måndag – fredag: 8–19 laurdag: 9–18, søndag: 14–17

Senterkiosken Aksen – Tlf. 53 48 60 35 «Hamburgerspesialisten» - over 20 ulike menyar

Varmmat:

Godt utval i kioskvarer

• Kylling • Løvstek • Kyllingnuggets • Biffsnadder

• Softis/Braincooler • Telekort • Ukeblad og Aviser

Daglegvarer • Bakevarer • Tipping

Ope: 8–21(9-20)

Ope 8-22 (8-20) Post & bank i butikk

Spar Valen

Drivstoff, storkiosk, verkstad! Verkstad: Mån.-fre. 7.30-15.30. Stasjon: Mån.-fre.: 7.30-22 lør.-søn.: 9-22

Husnes Storsenter, tlf. 53 47 16 44

RIMI HUSNES

Reset, Sunde Tlf. 53 48 20 70

Ope: 7-23 (8-21) • Daglegvare Post i butikk • Tipping

Effektive og trygge totalløysningar innan avfallshandtering for private og næringsliv. Næring AS

Alt innan transport, avfall, farleg avfall og attvinning! SIM Næring AS

HUSNES

Eldøyane Næringspark N-5411 Stord

• Drivstoff • Maskinvask • Sjølvvask • Støvsuger Ope: Mån.–fre. 7.30–23.00 Laur.–søn. 9.00–23.00

Vi har stort utval i •maritimt

utstyr •bilrekvisita •utstyr til hus & heim! Husnes Storsenter tlf. 53 48 01 00

www.sim.as

BRØD - BOLLAR - KAKER

Kort avstand frå Husnes Båthamn! • Nysteikte brød/bollar • Pølser/Hamburger • Kiosk/Daglegvare • DVD-utleige • Sal av DVD/Musikk • Inne-/Uteleiker • Gass

telefon 53 45 66 00 telefaks 53 45 66 01 e-post sim.naering@sim.as

rykande ferskt kvar dag

SUNDE BAKERI OG KONDITORI Tlf. 53 47 17 20

BAKERIET MED KVALITET OG TRADISJON

Tlf. 53 48 65 00

Treng du:

På Husnes Tannlegesenter får du hjelp til dette og meir. • Implantatbehandling Husnes • Snorkeskinne Tannlegesenter • Profesjonell tannbleiking Tlf. 53 47 70 00 • Akuttbehandling Stabburshaugen 5, Husnes


KVINNHERAD-FERIE 13

For mange er høgdepunktet i sommarferien bollene frå Peder Bakar. Mille (4) er ein av dei. Prøv vår berømte handverksbakst i sommar du også!

Sæbøvik - 53 47 61 26 – Rosendal - 53 48 11 01

ALT INNAN TRANSPORT UTLEIGE AV:

Hellesøy Verft A/S N-5474 Løfallstrand

Varebil • Lastebil • Flyttebil • Vi har óg minigravar og jordfresar for utleige

Ring oss gjerne i dag: 414 60 000

Verftsanlegg for store og små oppdrag innan: • Ombygging og reparasjon av skip 20 – 120 m • Industriproduksjon

Totland Transport AS Totalleverandør!

• Nybygg og utrustning av skip og offshoremodular

Hellesøy Verft A/S – 5474 Løfallstrand Telefon 53 48 26 00 – Fax 53 48 26 01 E-post: hellesoy@hv.no

BRUK DIN LOKALE

KRAFTLEVERANDØR! Dimmelsvik bil, din lokale Vi er konkurransedyktige på pris!

forhandlar • Bilsal • Verkstad

Ingen gebyr – og alt på ein faktura

• Bilutleige • Bilrekvisita • Statoil Dimmelsvik Dimmelsvik Bil, totalleverandør som tek vare på bilen til kundane våre på aller beste måte!

Kundemottak verkstad: Man-Fre 07.00–15.30 Tlf. 53 48 30 60

Verkstad: Bilsalg: Man–Fre 07.00-15.00 Man-Fre 09.00–16.00 Tlf. 53 48 30 60 Torsd. 09.00–19.00 Tlf. 53 48 30 63 www.dimmelsvikbil.no

Statoil: Man-Fre 07.30–22.00 Lør-Søn 09.00–22.00 Tlf. 53 48 30 70

Eit kraftsenter for kunden og samfunnet!

Bestill på: kraft.kvinnherad-energi.no eller kundeservice på telefon 53 47 56 50.


Kubikkøya med 83 moto

Halsnøy er noko for seg sjølv. Den vakre øya – ofte kalla Perlo – er busett av tett oppunder 2000 personlegdomar som markerer seg på mange vis. Halsnøybuen snakkar gjerne om «dei i Kvinnherad», sjølv om det er over ein mannsalder sidan kommunesamanslåinga og fire år sidan øya vart landfast gjennom Halsnøytunnelen. Dei siste åra har tunge motorsyklar blitt ein ny trend på Halsnøy. I vår noterte nokre motorsykkelentusiastar ei liste over alle tunge motorsyklar på øya. Sluttsummen vart 83 motorsyklar med til saman 82.233 kubikkcentimeter, noko som gir eit snitt på sjokkerande 990 ccm. Det er ikkje så mange tiår sidan me sperra opp augo om det kom ein sjufemti dundrande. Alle med grunnskulematematikken i behald, vil ut frå kubikksnittet skjøna at det på Halsnøy rullar mange motorsyklar med opp mot to liter slagvolum. Det kan høyrast. Til dømes rulla rundt 40 motorsyklar frå Øyatun skule til vårmønstringa på Husnes 1. mai. Av dei rundt ein tredjedel av typen Harley Davidson med skikkeleg lyd i. 83 motorsyklar og 1928 innbyggjarar (1. januar 2012) gir Halsnøy 4,3 tunge motorsyklar per 100 innbyggjarar. Dermed pustar halsnøybuen Rennesøy i eksosrøyret. Øykommunen nær Stavanger låg i 2000 heilt i norgestoppen med 4,9 mc-ar per 100 innbyggjarar. I 2010 hadde talet dala til 4,5. Det var det truleg fleire årsaker til, både folkevekst og nedbetalt Rennfast-samband har heilt sikkert spela inn. Lokalt er Halsnøy-tunnelen også medverkande til mc-interessa, ettersom tohjulingane passerer gratis gjennom bomstasjonen på Tofte. Jonn Karl Sætre jonn.karl@kvinnheringen.no


orsyklar

Ranavik

Larsstø Toftevåg

Eidsvik Sæbøvik

Høylandsbygd

HALSNØY

Arnavik

Sydnes

BRUM-BRUM. Tre Harley-ar rullar gjennom landsbyen. Frå venstre: Audun Berntsen, Odd Emil Sjo og Kurt Henriksen.


16 KVINNHERAD-FERIE

Sommarbygda

Uskedalen -bygda med liv i! Beskytt håret mot sol og sjø! Vi har gode hårpleieprodukt!

Eik Røyrleggjarforretning AS • VATN Uskedalen Tlf. 53 48 61 81 Mob.tlf. 995 51 948 • VARME Fax: 53 48 66 93 995 51 950 e-post: eikroyr@online.no • SANITÆR

Uskedalen Tlf. 53 48 65 66

NYTT HUS?

i Uskedalen kvar torsdag frå 21. juni

Kl.: 19:30

Kvinnherad AS Uskedalsveien 521, 5463 Uskedalen, tlf. 53 47 26 34

Byggpartner

Bestill vår g huskatalo med 148 sider bolig inspirasjon

295,- pr. pers. Bestill bord på tlf 91 00 22 07 Mail: systrene.nilsen@gmail.com Web: www.systrenenilsen.no Tlf.: 91 00 22 07


KVINNHERAD-FERIE 17

• Fiskemat • Fersk fisk • Salt fisk

• Røykt fisk • Lutefisk • Skalldyr

LISES KRAMBU I USKEDALEN – nytt & gamalt Den mest spesielle butikken i heile Kvinnherad – i god gammal stil. Her finn du mykje fine og spesielle gåver. Kjempeutval i DUKAR til ca HALV PRIS, her finn du det meste. Maritime ting, sydvestar, hattar, bømlahuer m.m. Den fantastiske Evanger korv og fårepølse utan mjølk og tilsetn. stoff. Heimelaga lefser. Mykje fint i hagefigurar m.m. Ope: mån.-ons.-tors.: 10.30-17.00 Fre.: 10.30-17.30 Laur.: 10.30-15.00 NB! Tysdagar stengt, men i heile juli ope tysdagar 19.00-22.00 TLF. 53 48 63 46 - MOB. 480 21 629

www.hjoennevaag.com

Nyt sommaren på nyoppussa terrasse...

TERRASSEBEIS 5 l, oljebasert alle fargar

Prøv den fantastiske TINOVA VX held i opptil 12 år! Hindrar groing, 10 liter, alle fargar

1698,-

598,-

U SKEDALEN

• POST I BUTIKK • BANK I BUTIKK • TIPPING

-

• RIKSTOTO

OPE

• DIESELSALG • CATERING

KVAR DAG!

8-21(9-20)

Vi set alltid kunden i sentrum og gjer vårt aller beste for at kunden skal vera fornøgd. Du finn oss i vakre Uskedalen. Velkommen til ein hyggjeleg handel.

Byggeriet Uskedal Trelastlager tlf. 53 48 61 01 • Fax: 53 48 61 04 • Mail: uasuske@online.no

www.spar.no – spar.uskedalen@ngbutikk.net – Tlf. 53 48 61 37


Halsnøy Caravanklubb har to tankar i hovudet samstundes: Eigne medlemer og tilreisande bubilturistar.

Stadig fleire

rullande heimar

– Talet på bubilar har eksplodert dei siste åra, meiner Rhune Dahle og Jan Helge Eide. Dei har dei stor forståing for, sidan begge er lidenskapelege tilhengjarar av bubilismen og dessutan medlemer i Halsnøy Caravanklubb der Rhune dessutan er sekretær. Saman med sine betre halvdelar, Elva Edvaldsdottir (gift med Rhune) og Anne-Tone Eide, er dei ofte på tur. Jan Helge og Anne-Tone har opp mot 90 reisedøger i bilen i løpet av eit år. – Ein del går frå båt til bubil, mykje fordi denne ferieforma ikkje er vêravhengig, understrekar Jan Helge og Rhune. Og for dei som måtte lura. Trefotssjuka gjeld også i bubilverda. Det står alltids ein litt større og litt betre utstyrt bubil på ønskjelista. – Men prisen er ikkje avgjerande. Blant medlemene finst det bilar i prisklasse frå 15.000 til 2,5 millionar kroner, men eg trur alle har det like kjekt, seier Rhune.

I år har klubben elles som mål å arbeida opp ein oppstillingsplass – Halsnøy Bubilhamn – på det utfylte området ved Halsnøy Samfunnshus. – Det vil styrkja turismen på øya, vera til glede for bubilturistane og kan på sikt gi samfunnhuset inntekter. Me ønskjer å laga bubilhamna akkurat like fin som me sjølve ønskjer å finna oppstillingsplassar når me er på tur, seier Dahle. Klubben set elles stor pris på tømestasjonane som kommunen i fjor laga til på Sæbøvik, i Podlen (nær Husnes) og i Rosendal. – Og båthamna på Husnes skal ha ros for å ha lagt til rette for bubilturistar, seier entusiastane. Opne armar, nysteikte rundstykke og ferske aviser var lenge øyremerka båtturistane rundt om i hamnene. Det er i ferd med å endra seg, i alle fall nokre stader. – I Lillesand bli me til dømes alltid godt mottatt. Det byrjar å koma seg og ein fleire båthamner har etter kvart lagt til rette også for bubilar, fortel Rhune og Jan Helge.

Caravanklubben Halsnøy Caravanklubb har 35 betalande medlemer fordelt på 26 bubilar og ni som føretrekkjer campingvogn. Klubben har to årlege medlemssamlingar på Halsnøy. – Klubben er først og fremst skipa for at me skal ha det kjekt saman, utveksla erfaringar og arrangera nokre fellesturar, fortel Jan Helge, Rhune og Elva som på kort varsel svingar bilane ut på Kvitavollen (nær Tofte skule) for å dela caravanlivets gleder med Kvinnheringen.

Mindre irritasjon I mange år var bubilar nærast for skjellsord å rekna blant vanlege bilistar. – No er motorane blitt så kraftige at det ikkje er noko problem å halda følgje med trafikken, meiner Rhune og Jan Helge. – Og det er lov til å ta ei overnatting på ein rasteplass? – Ja, det er lov å stoppa for å ta ein nødvendig kvil slik vegtrafikklova krev av ein bilførar. Men det er ikkje

lov til å pakka ut, rigga opp og campa, forklarar Jan Helge.

Sosialt Der campingfolket nærast er berykta for grilldressane sine (ektepar i like treningsdraktar), er bubilfolket like kjende for at dei alltid har varmedressen klar. – Me sit saman ute i det lengste og likar å vera sosiale. Gassdrivne terrassevarmarar er standarutstyr for mange, humrar Jan Helge og Rhune.

Inn- og utland Medan Rhune og Elva stort sett held seg i Norge og Sverige, har Jan Helge og Anne-Tone tråla Europa på kryss og tvers. Også om vinteren er bubilen i bruk: – Me likar å stå på ski og reiser gjerne til skisenter i helgene om vinteren, fortel Jan Helge. – Har de nokre tips til gjestande bubilturistar i Kvinnherad? – Her på øya er Halsnøy Kloster ein fin stad å besøkja. Den nemnde oppstillingsplassen i Sæbøvik er sentrumsnær, noko som gjer det lett å sjå seg om i landsbyen. Og i Høylandsbygd er det store veggmaleriet blitt ein attraksjon, seier Jan Helge. Utanfor kommunen, men ikkje langt unna, har Grindafjord Camping nær Aksdal ei høg stjerne blant bubilfolket. – Det er ein kjempeplass som vart kåra til Norges beste campingplass i 2011. Heilt fortent, rosar Rhune, Elva og Jan Helge. Jonn Karl Sætre jonn.karl@kvinnheringen.no

1

4


KVINNHERAD-FERIE 19

3 1

KAFFI MED HALSNØYUTSIKT: Rhune Dahle og Jan Helge Eide treng ikkje køyra langt for nyta bubillivet. Her på Kvitavollen, Tofte.

2

GODT UTNYTTA: Bilen til Rhune Dahle og Elva Edvaldsdottir har god plass. Her med Jan Helge Eide (t.h.) på besøk.

3

GOD BAGASJEPLASS: Jan Helge Eide viser det rommelege bagasjerommet i sin bil.

4

RYGGEKAMERA: Viktig ekstrautstyr på ein bubil.


KLE, SKO OG REISEEFFEKTER Catch Cubus Bagorama Eurosko Jack & Jones KappAhl Senter Woman Skoringen Vero Moda You Who

MAT, DRIKKE OG SERVERING China Plass Peppes Pizza Yngves konditori Narvesen Smak og Behag Mix-kiosken Kiwi Rema 1000 Eurospar Vinmonopolet

ANDRE BUTIKKAR Baronessa DnB Elkjøp Expert Europris Fargerike Husnes Fjord’n Blomster Tilbords Glade føtter Gull-funn Husnes møbler, Møbelringen Husnes sport/Sport1 KID interiør Kvinnherad Libris MEKK MX Sport Nille Parfymelle Playback Ringo leker Solsenteret Sunn og Smart Sparebank1 SR-bank Sparebanken Vest Specsavers Sunn & Smart Tango frisør Travelnet Husnes Trim X - Trimstudio Tropehagen Zoo Vitus apotek Lead inc. Du finn telefonnummer og meir informasjon på www.husnesstorsenter.no

g n i p p o

h s r r e t n a e s m e t rs

m ø t s o s t sdistrikte r o t s g o n e lit r o f r a g n i v e l opp


FAGBYGGET ELKJØP FARGERIKE HUSNES TVEIT REGNSKAP

HUSNES STORHANDEL HUSNES MØBLER, Møbelringen KIWI EXPERT SPAREBANK 1 SR-BANK TRIM-X - Trimstudio

AKSEN DnB MIX-KIOSKEN NAV TRAVELNET REISEBYRÅ VESTBO

HUSNES STORSENTER

KVADRATEN REMA 1000 EUROPRIS VINMONOPOLET

BYGGERN TEIGEN

HUSNES BÅTHAMN

KVINNHERAD GOLFKLUBB

Husnes med Opsangervatnet i framgrunnen. Foto: Aerophoto,Viestad.

...berre nyt det Butikkane bugnar av gode tilbod, og mengder av varer. Restaurantane freistar med gode smaksopplevingar inne i trivelege omgjevnader eller ute på den flotte Torgplassen. Velkommen til strålande sommardagar på Husnes storsenter.

10–19 (16) Huser meir enn du trur


22 KVINNHERAD-FERIE

Blomar til alle anledningar Stort utval i sommarplanter

OPE: Mån.-tors. 10-22 Fre.-laur. 10-01 Søndag 13-22 HUSNES STORSENTER

22 22 55 55 Hudpleie - Fotpleie - Aromaterapi - Kunstnegler/manikyr/shellac - Hårfjerning m/voks - Figurforming m/r7/ - Muskelstimulator - Lymfedrenasje - Kroppspeeling Vi fører: bareminerals/matis/md formulation/shellac Kontaktinfo: Bogsnesvn. 2, tlf. 53 47 72 76

• LESESTOFF • KART • LEIKER Husnes Storsenter Tlf. 53 47 16 26 kvinnherad@libris.no

NYBAKT

kvar dag – til og med laurdag! SOFTIS - SLUSH - KULEIS MILKSHAKE Vi leverer også påsmurte snittar, rundstykke m.m.

Yngves Konditori Husnes Storsenter, tlf. 53 47 22 13 - Fax: 53 47 16 40

• Helsekost • Vitaminer og mineraler • Hudpleie/solkrem • Stort utvalg i te, røkelse, krystaller m.m. HUSNES STORSENTER – TLF. 53 47 11 32

er r tv eva u t rk ar r o e s St e m pri nt lave e j i k til al

Alt innan: •Kvitevarer •Lyd/bilde •El-artiklar •Data/Foto Opningstider: 10.00–19.00 (16) Fagbygget – Tlf.: 53 47 17 77 husnes@akraelektriske.no

Velkommen til største sportsbutikken i Kvinnherad. Når fagkunnskap og utval tel! Opningstider: Måndag – fredag: 10.00–19.00. Laurdag: 10.00–16.00 HUSNES STORSENTER, tlf. 53 47 14 04 husnes.sport@sport1.no

Husnes


KVINNHERAD-FERIE 23

Alt innan hud- og solpleie • Shiseido • Lancome • Dior • Biotherm • Clarins • Dr. Brandt Husnes Storsenter Tlf. 53 48 88 00

kreer - dekorer - imponer

Sal av kle cream - kaffe

DET MESTE DU TRENG TIL

SPORT+FRITID JAKT OG FISKE HUSNES STORSENTER • TLF. 53 48 11 87

HUSNES

Kiosk - Tipping - Varm mat - Telekort Blad og aviser Ope: 9-22 mån.-fre., 10-22 laur., 12-20 søn.

NORSK TIPPING

HUSNES STORSENTER

HUSNES STORSENTER

GHD stylingjern frå

1599,Endra opningstider i sommar 25. juni – 18. august: WELLA SOMMARKAMPANJE: XXL shampo og balsam 1/2 liter, pr. stk.

199,-

5460 Husnes - Tlf. 53 48 93 93

Måndag - fredag Laurdag

10-18 10-15

Vitusapotek Husnes - Husnes Storsenter - Tlf. 53 48 43 80

Summer 2012 Stort utval frå kjente merke-leverandørar

G-Star Levis Giovani Wrangler Ricco-Vero Moods of Norway Peak Performance Meyer Bjørn Borg Dovre

2. etasje Husnes Storsenter T 53 47 29 10



Framhald neste side

Skjergarden i Kvinnherad er eit eldorado for hobbydykkarar

Plukka kamskjel i Hardanger


RETT I FJORDEN. Kjetil Reime (t.v.) og Robert Tungesvik (t.h.) veltar seg ut i fjorden like ved Huglo. Jan Arthur Kalsaas (midten) ventar på ledig ripe. Nede til høgre ser du fangstresultatet, ein halvtime seinare: Kamskjel, lomre (flyndreart).

«Sandbotnen går som bilvegar i dette området» Rett nok er sikten i sjøen best om vinteren, men i grunne område, gjerne med noko sandbotn, kan det bli både matauk og spennande opplevingar. Kvinnheringen tok turen til Tveitøyane nær Huglo saman med fire medlemer i Kvinnherad Undervannsklubb, klubben som av gode grunnar ikkje brukar bokstavkortinga si i større grad. Denne gongen var det Tom André Kaldestad som fekk jobben som båtførar og dykkarvakt, medan Kjetil Reime, Robert Tungesvik og Jan Arthur Kalsaas dykka ned i ei anna verd. I løpet av ei god halvtime, hadde dei tre som var i sjøen sanka saman tre flyndrer, ein krabbe, mange kamskjel og eitt o-skjel. Fjerdemann passa båten og var dykkarvakt. – Dette er ein flott plass å dykka. Sandbotnen går som bilvegar i dette området – det er ganske fascinerande,

fortel leiar i Kvinnherad Undervannsklubb, Jan Arthur Kalsaas. Tilreisande hobbydykkarar kan ta kontakt med klubben for å få råd og vink. – Me hjelper til så godt så me kan, lovar Kalsaas. Klubben er så heldig at den disponerer ein båt som Umoe Schat-Harding velvillig låner ut. – Den er svært praktisk og me er svært takksame for ordninga, seier Kalsaas. Klubben får elles mange spørsmål om kor det er greitt å ta dykkarsertifikat. – Eg vil tilrå Nemo classic diving i Bergen. Der startar det nybyrjarkurs kvar måndag og i løpet av om lag åtte dagar har du dykkarsertifikatet i lomma, fortel Kalsaas. Jonn Karl Sætre Undervassfoto: Blekksprut, type nordleg kalmar, foto: Jan Arthur Kalsaas. St. Petersfisk, foto: Bjørn Kenneth Andreassen.


KVINNHERAD-FERIE 27

SOL, SOMMER OG FK BUTIKKEN!

VRIFRI 1/2” 25 M

198,-

BESØK OSS I KVINNHERAD OG FÅ MANGE GODE SOMMERTILBUD Tilbudene gjelder så lenge beholdningen rekker

SLANGEVOGN HOZELOCK M/AUTO TILBAKETREKK 20 METER

VÅR STØRSTE SUKSESS

1 098,-

GASSGRILL

FUTUR TRIO ALPES

TERRASSEVARMER GRÅ

1390,Før 1790,-

1699,Før 2490,-

GRESSKLIPPER VIKING MB 448 T

-30%

FANTASTISK KLIPPERESULTAT!

3 990,-

PYNT OPP I HAGEN MED NY JORD OG BARK TIL BEDENE!

FK TOPPBARK 5 SEKKER X 80 LITER

FK PLANTEJORD 3 SEKKER X 50 LITER

139,-

FYLLING AV GASS 10–11 KG

235,-

3x50 liter

249,5x80 liter

FK butikken Dimmelsvik, KVINNHERAD, Tlf. 99 38 48 70 ÅPENT: Mandag-Fredag 9-17, Lørdag 9-14

www.meir enn du trur.no

adsign.no

SLANGE FLEXI PLUS


28 KVINNHERAD-FERIE

Rosendal

Kulturbygda

– ei bygd med nasjonalskattar Din elektrobutikk i Rosendal Rosendal– Tlf. 53 48 12 80

HAGESENTERET! Stort utval i sommarplanter, buskar, tre, jord, bark, hageredskap m.m

Rosendal, tlf. 53 48 21 20

- noko vakkert til huset - ei fin gåve til festen - ein kaffe latté eller nytrekt te Alt dette og meir får du hos oss!

Gave – Interiør

Rosendal tlf. 53 48 65 82

Sommar i

Mån.-ons. 10-16.30 Tors.-fre. 10-18

Sommarglede

Laurd. 10-15 Sund. Stengt

Kjøkkenet vårt serverer tradisjonsmat, smårettar, lunsj og kaker. Alle rettighetar i bar. Gruppetilbod. Kvar fredag og laurdag musikk. Galleri Rosendal har flytta inn og har 2 hovudutstillarar i sommar. Olav Storø (svalbardkunstnaren) frå 26.05 til 04.07 og kinesiske Feng Zian Ling med Hardangerinspirerte måleri frå 06.07 til 10.08. Elles har vi linotrykk av Magne Kjellesvik med stemningsfulle vestlandsmotiv.

Kontakt Eli på tlf.53 48 14 00/ 414 06 991. eller gå inn på www.snikkeriet.no


KVINNHERAD-FERIE 29

Tid for bĂĽtpuss, sol & sommar,

DET ER UTETID! Vi har det meste av utstyr til:

•Büt & fiske •Hus, heim & fritid •Müling

5470 ROSENDAL – TLF. 53 48 10 94

Skaaluren skipsbyggjarsamling 16/6–12/8: Ope kvar dag kl 11–15 FrĂĽ 18/8–9/9: Ope i helgane Bygdetunet Rød, Bøkkerverkstaden og Haugland skulemuseum: Ope etter avtale.

• Sport & Fritid • SYKKELUTLEIGE Norges fyrste fotballgolfbane. Kom og prøv! Rosendal Tlf. 53 48 11 05

Mob. 905 48 000 / 959 67 797

Vi har klede til alle anledningar, aldrar og fasongar, str. 34-50! Vi har ogsĂĽ strikkegarn!

Rosendal

$ UXSabS^ZOaaO` “ RWSaSZ “ PS\aW\ “ P`SWPO\R “ eee `]aS\ROZVO[\ \]

53 48 19 88

Sko for dame, herre og barn - KOFFERTAR - VESKER - LOMMEBĂ˜KER

OPE: 7–23 (8–21)

Rosendal

Tlf. 53 48 42 20

Galleri G Guddal – ved bĂĽthamna i Rosendal Ope: G A L L E R mĂĽn.–fre. 10–16.30 (17 i juli) torsdag 10–18 laurdag 10–15 U D D A søndag 12–16 (juli) G

G

Einaste lĂĽgprisbutikken mellom Husnes og Odda

5470 Rosendal Tlf. 53 48 12 13

G

Rosendal tlf. 53 48 19 55 - www.galleriguddal.no

I

G

Kom innom for god handel!

L


30 KVINNHERAD-FERIE

Berre køyr inn på ferja! Matros Magne Omvik på M/F «Hordaland» køyrer ein langt hyggjelegare stil enn den berykta ferjebillettøren til Salhusvinskvetten.

– Og skulle nokon utrykkja misnøye med plassering eller dirigering, parerer eg alltid med «ha ein god dag!» Det hjelper, smiler Omvik. For mange reisande er ferjemannskapa det aller første Kvinnherad-inntrykket. Det har Omvik ei bevisst haldning til, og gjer det han kan for å vera venleg og imøtekomande overfor alle passasjerar. – Eg prøver alltid å hjelpa til så godt eg kan. Gjer ein andre glad, blir ein glad sjølv òg. – Kva språk går det mest i når dei utanlandske turistane melder seg med intrikate spørsmål? – Mest engelsk og det går greitt. Spørsmåla dreier seg mykje om vegen vidare. Dei som skal i land på Årsnes

lurer ofte på vegen til Odda, baroniet og Bondhusbreen. Dei som skal i land på Gjermundshamn spør gjerne om kva veg dei skal velja mot Bergen, fortel Omvik. Men alle turistane ikje er like ivrige etter å orientera seg: – Det har hendt at turistar som har stilt seg i feil felt, har forsvunne av garde på Varaldsøy før vi har skjøna kva som har skjedd. Dei køyrer ikkje så langt før dei oppdagar bommerten, men er dei uheldige med rutene, kan det gå nokre timar før dei er på rett veg igjen. Ferjemannskapa bør elles har greie på overnattingsstader, campingplassar, næraste bilverkstad og raske bilinnbrot. For snart ein mannsalder sidan vart

underteikna vitne til eit uvanleg raskt «brekk» etter å ha låst nøklane inne i bilen på ferja. Fortvilinga mi gjekk fort over – matrosen braut seg inn i løpet av sekundar. Omvik vedgår at også han meistrar mange av biltjuvane sine knep. – På litt eldre bilar er det kjapt gjort. Vi har høveleg tilpassa streng, maleskrape og fille klar. Filla brukar eg for å unngå lakkskadar. Men på nye bilar er dørene mykje fastare og vanskelegare å få ein glytt på. På den andre sida er moderne bilar i stor grad umogelege å låsa nøklane inne i, forklarar Omvik.

Allsidig I tillegg til å vera matros er omgjengelege Omvik også motormann,

og tar eit tak der det trengs, anten det handlar om bruvakt (styra ferja), selja billettar, halda toaletta reine eller andre førefallande oppgåver. – Her om bord må me vera allsidige og serviceinnstilte! Omvik har arbeidd 14 år på sambandet Årsnes–Varaldsøy–Gjermundshamn, stortrivest og er ikkje minst full av lovord om kjekke kollegaer. Overgangen til nytt ferjestø på Årsnes (juli 2010) gir òg mange plussteikn i margen. – Når eg kikar ned på ferjekaien på Løfallstrand, kan eg nesten ikkje skjøna at det gjekk an. Årsnes var eit stort framsteg for sambandet. Jonn Karl Sætre jonn.karl@kvinnheringen.no

Hal i, bauekorps! Mange vestlendingar har opplevd – raude i toppen – å springa fortvila til matrosane og bede om hjelp når bilen ikkje vil starta i det ferja klappar til kai. Skubbing eller startbatteri er gjerne matrosane si førstehjelp. Men av og til er utfordringane større. – Ein gong var det eit heilt bauekorps frå Bergen som skulle i land med bussen sin på Gjermundshamn. Bussen ville ikkje gå, og den var så tung at vi såg litt svart på det. Men ved hjelp av ei tjukk trosse, ferjemannskap og heile bauekorpset, klarte vi å dra bussen på land. Det vart litt show av det, smiler Omvik.

VENLEG: Magne Omvik dirigerer bilane på plass på den venlege måten. Med eit smil.


KVINNHERAD-FERIE 31

r b e a i d e t e g a H går som ein leik –med rett utstyr! NY FORHANDLAR i Kvinnherad!

IZY HRG 465 m/bioklipp veil. 6.495,-

as Hond selde mest r lyppa grask

4.995,-

Aggregat Honda EU 10i

11.490,Plenklyppar LC 48

Plenklyppar

4.899,-

53 PRO

7.999,-

Ryddesag 122C

1.499,-

Ryggsprøyte veil. 9.250,-

8.490,UTEMALING & BEIS 10 LITER

698,Raider 111B Hydrostat

25.300,-

Raider

38.900,-

216 AWD utan klyppeaggregat

KVALITET FRÅ

TOTALLEVERANDØR innan trelast, byggevarer, verktøy, maling og interiør. NB! Vi leverer varer GRATIS heim til deg! (på køyrbar veg i Kvinnherad)

www.kvinnheradbygg.no • 5472 Seimsfoss – Tlf. 53 48 28 90


JUNE MARIE SÆTRE–BJELLAND (7), HERØYSUNDET: – Eg synest det er kjekt å bada når det er fint vêr. Der er det òg moro å leita etter fine skjel og krabbar. Og så likar eg å få overnattingsbesøk og kanskje få godteri, i alle fall om det er laurdag. Elles er det gøy å leika tikken og bom på boks.


EMIL VOSTER (7), SUNDE: – Eg reiser på båtturar med familien, og er det varmt og fint badar me på Bjelland. Så likar eg å fiska, både frå båt og kai. Det er lett få blåskål på kroken om du fiskar frå kaien til Into, tipsar Emil.

KVA DRIV DU MED I SOMMARFERIEN?

SYNNA HOLMEDAL GJERDING (7), SUNDE: – Eg likar å plukka blåbær i ein kopp. Anten et eg dei som dei er, eller så mosar eg dei og har masse sukker på. Om kveldane spelar me fotball i hagen på ein plen som er flat, oftast gutane mot jentene, to mot tre. Av og til badar eg oppi ein leikebåt, andre gonger reiser me til besto på Utåker. Der er det fin strand og naust me kan overnatta i.

JULIE AGLEDAL LIE (7), SUNDE: – Eg likar å ri på hesten vår. Den heiter Midnight – anar ikkje korleis det namnet blir skrive. Hesten er snill og har aldri kasta meg av. Det er det derimot ein ponni som har gjort, då slo eg meg her, fortel Julie og viser på armen. – Elles badar eg i sjøen når det er fint, eller ser til dyra våre. Me har bondegard med hestar, sauer og kyr. Eg likar òg å leika med hunden vår, Mira. Me hadde ein kanin òg, men den er daud.

ISAK RØNSTAD MO (7), SUNDE: – Me badar ofte i stranda ved båthamna på Husnes. Er det ikkje varmt nok til det, spelar eg ofte fotball i vegen saman med ein kamerat som bur attmed meg, og gjerne andre òg. Eg likar òg å sykla i byggjefeltet, gjerne med ein som heiter Sander. Og så er det gøy å leika bom på boks.

JENS AASGARD (7), HERØYSUNDET: – Er det fint vêr badar me på ei strand eg ikkje hugsar namnet på. Eg har eit stort vassgevær som det er gøy å skyta med. Det gjer eg gjerne i lag med ei søskenbarn frå Stavanger som plar koma på besøk om sommaren. Og så spelar eg fotball på plenen vår. Har to mål som er så store, seier Jens, og slår ut med armane.

ERLEND BENDIKSEN AAKRE (7), HERØYSUNDET: – Eg skal til Spania i sommar og der er så varmt at eg kan bada om det haglar eller sola skin. Her heime badar me når det er varmt nok. Er det regn, likar eg å leika med Lego eller Playstation inne. Er det bra vêr, hoppar eg gjerne på trampoline. Eg klarar å ta salto, landar på ryggen, for så å spretta opp på beina igjen. Og så likar eg å fiska!

INGEBJØRG S. HAGAN (8), HERØYSUNDET: – Er det varmt likar eg å bada på stranda ved båthamna. Der er det òg fint å finna krabbar som eg har i ei bøtte. Små krabbar tør eg å ta med handa –dei store tar eg med håv. Elles likar eg å vera med vener, spela data eller dissa i dissestativet i hagen.


34 KVINNHERAD-FERIE

– Det er mykje bra i Kvinnherad Ein sporty ordførar tok utfordringa på strak bunadsskjortearm. Solbakken i Bjørnstjerne Bjørnson-utgåve passar perfekt inn i den kvinnherske sommarklisjeen med fjord, fjell og fonn. Som var det eit maleri av Tidemand og Gude. Ferieavisa har på ingen måte plass til alle godorda Solbakken har om kommunen – her følgjer eit aldri så lite utval av dei attraksjonane ordføraren likar å halda fram. – Baroniet Rosendal er Skandinavias minste slott og heilt unikt i Norge. Ein av dei største attraksjonane på Vestlandet ligg altså her i Kvinnherad! Solbakken er ein vandrande baronireklame: – Kulturprogrammet er heilt fantastisk og vertskapet svært hyggjeleg. Her får vi store kulturopplevingar i vakre omgivnader, her er hagekafé,

rosehage og ein flott park. Og Rosendal har meir å by på, berre nokre steinkast unna baroniet ... – Stopp! Stopp! protesterer ferieavisa sin utsende og viser til notisane om Steinparken, Vangssaga, Kvinnherad kyrkje og andre rosiner i rosendalspølsa (sjå annan stad i avisa). – Over til noko heilt anna! Solbakken treng ikkje tenkja seg om: – Båthamnene her i kommunen har eit godt rykte. Husnes Båthamn har til dømes vunne fleire utmerkingar for service og fasilitetar. Golfbanen ligg like ved, det same gjer Husnes Storsenter, Sunnhordlands største kjøpesenter. – Og om du no får beskjed om at du berre får nemna éin attraksjon til? – Då vil eg halda fram dei 69 merkte turstiane over heile Kvinnherad. Stiane byr på flott aktivitet for heile familien, og

slike turar er ein fin måte å oppleva dei ulike bygdene på. Turvegane ligg godt til rette og mange av dei kan nyttast av alle, uansett funksjonsnivå. – Ok, ok. Som ordførar høyrer det med å vera ein ambassadør for Kvinnherad. Men kva er det med dette mantraet ditt: «Det er mykje bra i Kvinnherad!» – I politikken og elles blir det lett til at søkjelyset heile tida er på neste prosjekt, neste mål, eller det vi meiner manglar. Eg meiner det er viktig at vi av og til stoppar opp og tar oss tid til å sjå det vi og folk før oss har fått til, og dessutan på dei naturgitte fordelane vi har her. For det er mykje bra i Kvinnherad! understrekar Synnøve Solbakken. Og det har ho jo rett i. Jonn Karl Sætre jonn.karl@kvinnheringen.no

Golfbanen

Baroniet Rosendal

Synnøve Solbakken er kjend for å skryta av kommunen. Ferieavisa tok ordføraren på ordet.

Baroniet Rosendal

Undarheim gard



36 KVINNHERAD-FERIE

Feriekos Feriekos med KKvinnheringen! vvinnheringen! vin Vel sjølv kvar og korleis du vil lese lok alnyheitene i sommar! A

Motta avisa digitalt.

B

Vi tek vare på avisa til du kjem heim.

C

Få avisa sendt til di fer e ieadresse. Gi oss beskjed på

kvinnheringen.no/kundesenter


Dei siste åra har det dukka opp stadig fleire sandvolleyballbanar i Kvinnherad. Sporten er populær blant mange unge og lèt seg spela om ein er fire eller fleire spelarar.

Sand, sol, sveitte og smarte smashar

SANDVOLLEYBALLBANAR I KVINNHERAD • Husnes (Husnes båthamn) • Rosendal (ved Fjordhotellet) • Herøysundet (ved badestranda nær båthamna) • Sæbøvik (ved samfunnhuset) • Åkra (ved gamleskuletomta) • Hatlestrand (ved skulen) • Ølve (ved ungdomshuset)


38 KVINNHERAD-FERIE

Halsnøy – ei perla i Kvinnherad Du finn oss i sentrum! Mån.–fre. 8–22 Laur. 9-22 Søn. 12–22

s Kvinnehhearmabdurger! t bes

Sommar på Klosteret

KOLØ

S BENSIN

GATEKJØKKEN - JERNVARER - FISKEUTSTYR

tlf. 53 47 64 82

– Me treng vel ikkje sei så mykje meir:

Ope 10. juni – 24. juni: Laurdag til søndag 12–17.00 27. juni - 12. august: Onsdag til søndag 11.00–16.30 Ope hus med blide guidar, servering av kaffi, te, saft og heimebakst. UTSTILLINGAR: 9. juni - 15. juli: Måleri av Jan Terje Rafdal 22. juli - 22. august: Minneutstilling «22/7»

Landsbyen – Sæbøvik Tlf. 53 47 63 07

REKEBORD OG FAMILIEFEST fredag 20. juli frå kl 18.00 v/Halsnøy Senter.

Pascale Peyret og Carolle Benitah frå Frankrike var på kunstnaropphald i juli 2011, og deler med denne utstillinga dei sterke inntrykka 22. juli gjorde på dei.

HALSNØY KLOSTER Tlf. 53 47 62 53 Mob. 481 30 020

DANS I TELTET

fredag 20. og laurdag 21. juli. Billettar på Spar og Halsnøy Trelast.

VELKOMMEN TIL BUTIKKEN VÅR I LANDAMARKA! • Alt i byggjevarer • Jernvarer • Maling • Hagemøblar • Hageredskap m.m.

Ope i heile sommar! KOMLE kvar torsdag i sommar (m/få unntak) 13–17 Vi leverer det meste innan CATERING! Kafè • Selskapslokale • Frivilligsentral

NYBYGG •TILBYGG •REPARASJONAR

SÆBØVIK, TLF. 53 48 00 00

Adr: Halsnøytunet Tlf: 53 46 15 24 og 53 46 15 58

Gåvebutikken -

midt i sentrum

• GÅVER - mykje spennande og stort utval • LEIKER - inne- og uteleiker, BADEleiker

Sæbøvik Gåver & Leiker Tlf. 53 47 62 07

Beskytt håret mot sommarsola!

Merethe & Camilla Tlf. 53 47 30 00

• EVO (ny) • SP professional • LD • id Elements (ny) • Bed head (ny) Du finn oss i Halsnøy Senter 2. etg.

SUPERMARKED! • POST I BUTIKK • TIPPING • RIKSTOTO • APOTEK

Sæbøvik Mat OPE: 8-20(18)

Frisørsalongen midt i sentrum i landsbyen Sæbøvik Vi ønskjer alle våre kundar god sommar!

Tlf. 53 47 65 80

Tlf. 53 47 61 02

Din maling- og jernvarebutikk på Sæbøvik

Ein liten snål butikk!

Byggevarer, graving, transport, tømrer, snikker, 3D tegning og prosjektering. Ledige hyttetomter!

Tlf. 53 47 30 10

www.htrelast.no

STOFF & TEKSTIL M.M. GARN & SKO

Sæbøvik – Tlf. 53 47 81 60


Undarheim golfbane Golfbanen ligg langs hallane til SørNorge Aluminium på Husnes. Det er Kvinnherad Golfklubb som har hand om 9-holsbanen. For variasjonen sin del er banen ustyrt med to sett utslagsplassar til kvart hol. Strake vegen gjennom to rundar tel 4.808 meter. Banen er utfordrande med mange hindringar, både naturlege og konstruerte.

Halsnøy Kloster Halsnøy Kloster er eit underbruk av Sunnhordland Museum på Stord. Augustinarklosteret vart grunnlagt av Erling Skakke ved kroninga av sonen Magnus i 1164. Ein brann er truleg årsaka til at anlegget vart utvida med ein omfattande vestfløy i hundreåret 1250– 1350. Delar av den seinmiddelalderske vestfløyen er bevart som ruin, med ein del høge murar. I dagens hovudhus blir det halde konsertar, samlingar og utstillingar.

Jondalstunnelen Opnar i haust, truleg tidleg i september. Tunnelen har ei lengd på 10.050 meter og går mellom Nordrepollen (i Kvinnherad) og Torsnes (i Jondal). Første salva gjekk 3. november 2009. Prislappen ligg på om lag 820 millionar kroner.

Jonsokbål i sommarnatta Hovudkontor Odda: 53 65 04 50, odda@travelnet.no Avd. Husnes, Aksen: 53 65 04 70, husreis@travelnet.no Avd. Norheimsund: 53 65 04 60, norheimsund@travelnet.no

Ut på tur?

Vi hjelper deg gjerne med ferieplanlegging, billettbestilling, råd og vink.

nt Ta ko

akt m

si ed os

dag!

Jonsokafta i Kvinnherad er anten dryppande våt, eller fager sommarkveld med nattlege bad og preik ved bålet til langt ut i sommarnatta. Bildet er frå jonsokfeiringa i Porsvik på Valen i forfjor. (Foto: Jonn Karl Sætre).

Folgefonna Er ein isbre i fjella mellom Hardangerfjorden og Sørfjorden. Breen ligg i følgjande kommunar: Jondal, Ullensvang, Odda og Kvinnherad. Breen er delt i tre parti av Blådalen og Kvitnadalen. Søre, midtre og nordre del utgjer til saman 212 kvadratkilometer. Breen er 34 km lang (nord–sør), breiast på den søre delen (16 km) og høgaste parti (1662 moh) finn ein og i sør, aust for Fonnabu. Kjende utløparar er Buarbreen, Bondhusbreen og Juklavassbreen. (Kjelde: SNL).


Uskedalen har to båthamner og kan by på gode forhold for rekande båtfolk

To hamner tett i tett Hamna til dugnadsbaserte Uskedalen Båtlag har 110 båtplassar og i tillegg gjesteplassar. Båtlaget har også slipp og eit godt utstyrt sanitærbygg med dusjar, toalett, vaskerom, vaskemaskin og tørketrommel. Hamnesjef Johan Sunde peikar på at svært mykje av det Uskedalen har å by på ligg i kort gangavstand frå hamna, noko som er midt i blinken for båtturistane.

– Både dieselsal, matbutikk og restaurant ligg like ved hamna. Borte ved skulen er det fin badestrand, og for dei som vil strekkja litt meir på beina, er det mange fine turalternativ, anten ein vil halda seg i låglandet eller høgt til fjells. Hamnesjefen kan også skilta med parkområde i hamna med leikeplass og plen. – Her er det plass for grilling og andre aktivitetar, seier Sunde.

– Er det lett for tilreisande båtfolk å få hjelp, dersom det er spørsmål eller problem som dukkar opp? – Ja, det er slått opp kontaktliste, og kvar dag er det folk frå båtlaget som er nedom hamna, forsikrar Sunde. Øyro Marina og Camping er ei privat båthamn med om lag 15 gjesteplassar. Elin Enes meiner at hamnesjef Egil Høgemark er blant hamna sine fremste fortrinn:


SENTRALT: Uskedalen Båtlag si hamn og Øyro Marina (kan skimtast lengst ute til høgre) ligg fint til i Uskedalen med kort veg til det bygda har å by på.

Båthamner i Kvinnherad Hatlestrand: Straum, vatn, diesel og bensin 200 meter unna. Varaldsøy: Straum, vatn og diesel ved kai, bensin 30 meter unna. Sundal Camping i Mauranger: Straum, vatn, vask, dusj og slipp. Snilstveitøy: Straum og vatn. Røynholm Båthamn, innanfor Rosendal Straum, vatn, diesel, slipp og usettingsrampe. Rosendal Hamn: Bensin, diesel, vatn, trådlaust internett, dusj, toalett, tømeanlegg for kloakk. 60 gjesteplassar. Rosendal Fjordhotell: Straum, vatn, vask, dusj, hotell. Dimmelsvik: Straum, vatn, 200 meter til diesel. Uskedalen: Straum, vatn, diesel ved kai, bensin 300 meter unna, vask, dusj, slipp. Herøysund: Straum, vatn, vask, dusj, slipp. Husnes: Straum vatn, vask, dusj, slipp, opphaldsrom med internett, biljard og tv. Sykkelutleige, tennis-, golf- fotball- og volleyballbanar. 15 min. gange til Husnes sentrum. Sunde: Straum, vatn, vask, dusj, slipp. Sæbøvik: Straum, vatn, bensin, vask, dusj, slipp. Larsstø: Straum, vatn, diesel, slipp, verkstad. Eidsvik: Straum, vatn, diesel, bensin. Arnavik: Straum, vatn. Høylandsbygd: Straum, vatn, diesel, bensin, vask, dusj, slipp. Valen: Straum, vatn, slipp. Fjelbergsund: Straum, vatn, diesel, bensin, vask, dusj, slipp. Utåker: Straum, vatn. Åkra: Straum, vatn, diesel, vask, dusj, kafé.

– Han er den einaste som har fast hytte på campingplassen vår og har tatt på seg å ta imot båtgjester heile sesongen. Øyro Marina leiger seg elles inn hos båtlaget med omsyn til sanitæranlegg og bos. – I tillegg til hamnesjefen vår, får vi veldig mange gode

tilbakemeldingar på alle turalternativa i Uskedalen. Den lokale turgruppa har gjort ein kjempejobb med å merka mange turstiar, slik at det er lett å finna fram også for dei som vil høgt til fjells, seier Enes. Jonn Karl Sætre jonn.karl@kvinnheringen.no

Utanom dei faste hamnene er det mange gode uthamner i Kvinnherad. Løkjelsøy, Kolsøy, Ånuglo (Tysnes), Sild, Kalvsundet, Nordhusvågen, Breivika, Fjelbergøy, Borgundøy, Toftekalven og Hidle er nokre av plassane der ein kan ankra eller finna feste i land.


www.noreq.no

INNOVASJON FRÅ KVINNHERAD

UT I VERDA Sidan Noreq AS vart starta i 2006 har nytenking og fokus på forbetring av maritimt dekksutstyr vore kjernen i vår forretningsidé. Med brei kunnskap frå vårt eige kystmiljø har me tatt med oss vår identitet og nye produkt ut til den internasjonale shipping- og offshore marknaden. Resultatet talar for seg sjølv: Noreq har i dag om lag 85 tilsette og me er etablert med eigne kontor i Singapore, Houston, Dubai, Rio de Janeiro, Odense, Polen og Shanghai. Like fullt som Noreq er blitt ei merkevare innan dekksutstyr er ”Noreq-sjela” blitt eit omgrep innan vår bransje. Denne Noreq-sjela er tufta på innovasjon, stå på-vilje og skaparglede. Og ikkje minst: Ho er ”made in Kvinnherad”!

LIFESAVING

NOREQ AS

|

CRANES

Phone: +47 53 46 47 50

FENDERS

|

P.O.Box 144, N-5480 Husnes

SERVICE

|

noreq@noreq.no


zpirit.no / shutterstock

Brasil er ein av dei mest spanande plassane i maritim bransje i verda i dag. Her føregår det ei rivande utvikling som nesten saknar sidestykke i historia. Noreq er oppteken av å vere tilstades for kundane sine og vi har vald å etablera oss på strategiske, maritime knutepunkt rundt om i verda. Også i Rio de Janeiro, Brasil.


Sumarturar 2012

Foto: Harald Sætre

44 KVINNHERAD-FERIE

M/S‹Granvin› • «Ut mot havet» cruise frå Bergen fredagar 22. juni, 6.13.20. og 27. juli Frå Bergen kl. 09.00 via Bekkjarvik, Brandasund og Kuleseidkanalen til Leirvik 19.00. Tilslutning med snøggbåt fra Skånevik 05.40, Sunde 06.00, Leirvik 06.20 – Bergen 08.10.

• «Espeværturane» laurdagar 7., 21. og 28. juli. Frå Leirvik 10.00 via Moster og Kuleseidkanalen til Espevær. Tilbake på Leirvik 18.15

• «Bremnesruta» søndagar 24. juni, 8., 15., 22. og 29. juli. Frå Leirvik kl. 14.30 via Fitjar og Austevoll, og Flesland kai 20.00 til Bergen 21.00 Billettar ved ombordstigning. Brosjyrer på snøggbåtterminalen eller på www.fjordabaaten.no

Velkomne til Helgatun! 6. – 11. aug. Helgatuntreff med busstur til Alvdal og Røros Astrid og Lars Reinlund vert med. Sunnhordlandstreff med buss Frå Indre strok 13. -17. aug. Buss via Kvinnherad, Etne, Odda, Utne Talar: Jens Tveit Frå Ytre strok: 20. -24. aug. Buss frå Bømlo via Stord Talar og sjåfør Svein Bjarne Aase

5713 Vossestrand

Handeland gard ligg vakkert til i naturskjønne omgjevnader på Valen i Kvinnherad. Her kan ein nyta ... eit velsmakande måltid frå vårt førsteklasses kjøkken ... vin frå husets vinkjellar ... overnatting Vi tek i mot selskap for små og store grupper i flotte nyoppussa lokale. Ta kontakt for tilbod.

7.-9. sept. Bibel- og fjellvandring for 45 – 66 åringar

Du får fleire opplysningar ved å ringa Helgatun på tlf. 56 51 98 98

12. – 14. okt. Kvinneweekend Talar: Annbjørg Barane

• 5451 Valen • Tlf. 53 47 70 60 • epost: post@handelandgard.no www.handelandgard.no

HARDANGERFJORDEKSPRESSEN BERGEN - ROSENDAL

Løo i n e m m Velko

ALLTID OP BESTIL E PÅ LING inger.li se@kne : tt.no tlf. 47 8 1 33 06 www.o laloa.n o

Daglige avganger Bergen-Rosendal hele året, se www.rodne.no Uforglemmelige opplevelser på Baroniet Rosendal, i Folgefonna nasjonalpark og videre innover i Hardangerfjorden.

Sommerrute fra 1/5-30/9. Billetter kan kjøpes om bord og hos Turistinformasjonen i Bergen.

ARKA M M O S

I Olaløo Ollal Ol laaløo lløøo

1 1.. JULI - 5 5.. AUGUST, AUGUST UG OPE KVAR AR DAG FRÅ 13.00 13 3 00 - 18.00 3.00

Hardangerfjordekspressen den raskeste veien mellom Bergen og Hardanger!

(MANDAGER (MANDAGER STENGT, STENGT, OPE KVAR KVAR SØNDAG SØNDAG I HEILE JUNI - JULI JUL LI - AUGUS AUGUST AUGUST))

SMAKFULLE SMAKFULLE TRADISJONAR TRADIS ISJONAR J JON FRÅ Å

jell F g o d Fjor

mail@rodne.no www.rodne.no


No kan du utfordra deg sjølv eller vener og familie i den store sommarquizen vår!

Bøker 1. Bjørnstjerne Bjrønson. 2. Ian Flemming. 3. Stieg Larson. 4. Sigrid Undset, Bjørnstjerne Bjørnson og Knut Hamsun. 5. Hardyguttene. 6. Hans Sande 7. Jo Nesbø. 8. Jan Mehlum. 9. Kathryn Stockett. 10. Joralf Gjerstad.

Sport 1. Kvar vart vinter OL arrangert i 1980? 2. Kvar vert nyttårshopprennet i hoppveka arrangert? 3. Kven scora hattrick i VM-finalen i fotball i 1982? 4. Kvar vart VM på ski arrangert i 1985. 5. Kven tok gull for Norge i Calgary-OL i 1988? 6. Kva land kjem Kim Ojo frå? 7. Kva klubb spring Frida Berge for? 8. Kva idrett driv Miriam Korsvold med? 9. Kva år vart Brann sist seriemeister? 10. Kven vart verdscupvinnar i skihopp i 2012?

Geografi 1. Kva heiter hovudstaden i Ukraina? 2. Kva heiter den største øya i Norge? 3. Kvar er Ulan Bator hovudstad? 4. Kva by ligg nær Torghatten?

5. Kvar kjem ei av Noregs kjekkaste kvinner, Herborg Kråkevik frå? 6. Kva land er størst i verda i areal? 7. Kva isbrear i Norge er større enn Folgefonna? 8. Kvar blir sommar-OL arrangert i 2012 og 2016? 9. Kor mange land er det i Europa? 10. Kva er minste landet i Europa?

Ymse 1. Kva er Sputnik sitt verkelege namn? 2. Kven fekk Nobels fredspris i 2011? 3. Kven er miljøvernminister i Norge? 4. Kven heiter eigentleg Reginald Kenneth Dwight? 5. Kven var statsministarar i løpet av 1981? 6. Kven er Kulturminister? 7. Dato og årstal for Berlinmurens fall. 8. Kven landa på den Røde plass med eit småfly 9. Kva årstal er Märtha Louise fødd? 10. Kva er Noregs nasjonalfugl?

Bøker 1. Kven har skrive «Synnøve Solbakken»? 2. Kven har skrive James Bond-bøkene? 3. Kven har skrive boka «Menn som hater kvinner»? 4. Kva nordmenn har fått Nobelprisen i Litteratur? 5. Kva bøker skjuler seg bak pseudonymet Franklin W. Dixon? 6. Kven har skrive bøker om både Elise og Arkimedes? 7. Kven skriv om Harry Hole? 8. Kven skriv om Svend Foyn? 9. Kven skreiv den mest selde pocketboka i 2011, «Barnepiken»? 10. Det er skrive bok om «Snåsamannen», kva heiter han eigentleg?

Lokalt 1. Silvia Tofte. 2. Elisabeth Eide Tharaldsen. 3. Per Øyvind Sævartveit. 4. Tomas Bruvik. 5. 10630 meter. 6. Ola Matti Mathisen. 7. Spar Valen. 8. Kvinnheringen. 9. Postvegen Herøysundet–Utåker. 10. Rosendal.

1. Kven er dagleg leiar i Kvinnherad Næringsservice? 2. Kva heiter varaordføraren i Kvinnherad? 3. Kva heiter direktøren på Søral? 4. Kva heiter redaktøren i Kvinnheringen? 5. Kor lang blir Jondalstunnelen? 6. Kva heiter mannen bak uskedalen.no? 7. Kva butikk vart av Kvinnheringen sine lesarar kåra til beste beste butikk i 2012? 8. Kva avis er størst i Kvinnherad? 9. Kva vart av Kvinnheringen sine lesarar kåra til beste turmål i kommunen? 10. Kvar er kommunesenteret i Kvinnherad?

Sport 1. Lake Placid. 2. Garmisch Partenkirchen. 3. Pablo Rossi. 4. Seefeld. 5. Ingen. 6. Nigeria. 7. Gular. 8. Sprangriding. 9. 2007. 10. Anders Bardal.

Lokalt

Geografi 1. Kiev. 2. Hinnøya. 3. Mongolia. 4. Brønnøysund. 5. Jondal 6. Russland. 7. Jostedalsbreen og Svartisen. 8. London og Rio de Janeiro. 9. 48 10. Vatikanstaten.

Uskedalen sett frå lufta. Foto: Aerophoto Viestad

Ymse 1. Knut Storbukås. 2. Ellen Johnson Sirleaf, Leymah Gbowee og Tawakkol Karman. 3. Bård Vegar Solhjell. 4. Elton John. 5. Oddvar Nordli, Gro Harlem Brundtland, Kåre Willoch. 6. Anniken Huitfeldt. 7. 9. November 1989. 8. Mathias Rust. 9. 1971. 10. Fossekallen.

SOMMAR quiz


46 KVINNHERAD-FERIE

Sommarabonnement på avisa

✁ Ja, takk! Eg ønskjer eit

SOMMARABONNEMENT på avisa Kvinnheringen for berre:

9

00 Pr avis

Namn:.....................................................................................................................

BREV

Adresse: ................................................................................................................. . .............................................................................................................................. Tlf. ...................................E-post ........................................................................... Start abonnementet denne dato:............................................................................ Stopp abonnementet denne dato: ..........................................................................

Eg ønskjer at abonnementet skal halda fram etter perioden

Kvinnheringen AS Svarsending 8136 0097 OSLO

Tilbodet gjeld privatabonnement for nye abonnentar

Du kan òg tinga via telefon: 53 48 21 30, eller: • Send SMS kodeord «KVABO» og informasjon til 2097 • Send e-post til abonnement@kvinnheringen.no

5460 HUSNES


HERLEG SYN: For alle som er glade i spekemat, er «takpynten» i eldhuset på Friheim til å få vatn i munnen av. Bjørg Inga Friheim Miljeteig ser nærare på eit fenalår.

Eldhusrøykt snadder Langt inn i Uskedalen, til endes på oljegrusen, ligg Friheim Gardsmat og lokkar med lokale, kortreiste spesialitetar. Kortreist og kortreist, fru Blom. Du må åtte kilometer inn i dalen for å finna Friheim Gardsmat. Det er altså ikkje gjennomgangstrafikken Bjørg Inga Friheim Miljeteig og Kurt Eivind Miljeteig har satsa på i dei seks åra dei har drive med gardsmat som attåtnæring til gardsbruket. Jungeltelegrafen og deltaking på messer er tilstrekkeleg til at det som blir produsert går unna. Matglade kvinnheringar, turistar og ei og anna guida busslast finn vegen til gards i den grad at det som blir laga blir selt. Høgsesongen er tida før jul då 50 lam frå eigen saueflokk blir til pinnesider

som stort sett er bestilte vekk på førehand. Ellers består sortimentet av spekepølse, hjortespekepølse, blodpølse, morrpølse, ølpølse, grillpølse med ost og bacon, spekeskinker frå utegåande gris, tre sortar kjøtpølser og bacon. Hjortespekepølsa skriv seg frå dei tre hjorteløyva på garden. – Tida før jul er den travlaste. Då lagar vi også sylteflesk og blodpølse, fortel Inga og Kurt Eivind. Dei held produksjonen i sitt eige tempo og sel berre frå gardsbutikken og på lokale messer. Varene det går mest av i løpet av eit år er kjøtpølse og bacon. Paret gler seg elles over at eine dottera har slått seg ned på tunet med mann og barn. – Det er kjekt med meir liv på tunet, smiler dei to som vart besteforeldre for første gong tidleg i fjor. Den

dagen Kvinnheringen var innom Friheim, var Inga dagmamma for hjarteknusaren Thea Miljeteig Ulvesenes (15 mnd.).

Kink i nakken – Her skal du få sjå ei fint syn, seier Inga. Ho tar barnebarnet sitt på armen og viser veg inn i eldhuset. Syn og lukt får tennene til å vassrenna i løpet av sekundar. Oppe i taket bugnar det av nyrøykte godsaker som heng til speking. Nytt av året er 10 spekeskinker. – Me er spente på spekeskinkene. Det gjeld å treffa med saltinga, og så bør dei få god tid til å modnast, seier Kurt Eivind ettertenksamt. – Men utgangspunktet var framifrå. Utegåande gris smakar godt! Jonn Karl Sætre jonn.karl@kvinnheringen.no

SMAKFULL SOMMARMAT: Spekepølse (t.v.), hjortepølse og bacon frå Friheim Gardsmat smakar godt saman med potetsalat, eggerøre og cherrytomatar.

NY GENERASJON: Kurt Eivind Miljeteig og Bjørg Inga Friheim Miljeteig med barnebarnet Thea Miljeteig Ulvenes mellom seg.


SOMMAR Send bilde Har du eit glitrande bilde fr책 sommaren din i Kvinnherad? Anten du er turist eller fastbuande i Kvinnherad, kan du senda oss sommarbilde. Nokre av bilda vil koma p책 trykk i papiravisa, andre vil bli lagde ut p책 nett. Vi trekkjer ut eit vinnarbilde som blir premiert med 10 flaxlodd. Send til: redaksjon@kvinnheringen.no

i Kvinnherad


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.