Ta Turen 2015

Page 1

Ta turen 2015_08_Layout 1 29.01.15 15:48 Side 1

Turprogram 2015 for Kvinnherad Turlag Klyppekort til Kvinnherad Fjelltrim innlagt

TA TUREN 2015


Kvinnherad Turlag er eit lokallag av Bergen og Hordaland Turlag og Den Norske Turistforening. Alle som melder seg inn i Den Norske Turistforening, og har postadresse Kvinnherad, er automatisk medlem av Kvinnherad Turlag og Bergen og Hordaland Turlag. Barnas Turlag, Fjellsportgruppa og Seniorgruppa er undergrupper i Kvinnherad Turlag. Kvinnherad Turlag samarbeider med idrettslag og andre friluftsretta organisasjonar som legg til rette for turgåing i skog og fjell. Vil du bli medlem? Du kan melda deg inn i Kvinnherad Turlag via www.turistforeningen.no/medlem For meir informasjon, sjå: www.turistforeningen.no/kvinnherad www.facebook.no/kvinnheradturlag Ut på tur i Kvinnherad? Vi har mange flotte turmål og mange av turstiane er godt merka og skilta. Du kan finna turomtale og kart for ulike turmål i heile kommunen på www.tursti.kvinnherad.no STYRET FOR 2015: Leiar: Anne Kari Enes, 5460 Husnes, tlf. 951 96 467, epost: anne.kari.enes@knett.no Styremedlemmer: Erlend Hellingsrud, 5460 Husnes, tlf. 472 60 535, erlend@hellingsrud.no. Knut Steine, 5460 Husnes, tlf. 982 06 679. Mari Teigen Varanes, 5460 Husnes, tlf. 952 75 277, mari.varanes@gmail.com. Harald Håland, 5450 Sunde, tlf. 932 48 974, harald.haland@gmail.com. For informasjon om Barnas Turlag, Fjellsportgruppa og Seniorgruppa, kan du ta kontakt med ein i styret. BREIDABLIKK OG FONNABU Kvinnherad Turlag har ansvar for drift og vedlikehald av Breidablikk og Fonnabuhyttene. Hyttene er opne heile året og kan nyttast av alle. Turen frå Bondhus inn Bondhusdalen om Gardshammar til Breidablikk tar om lag fire timar. Frå Breidablikk til Fonnabu er det ein liten times gange. Stien er varda og T-merka.

HOVUDTURAR

Ta turen 2015_07_Layout 1 29.01.15 09:17 Side 2

KOM DEG UT,

MELD DEG INN turistforeningen.no/medlem

Breidablikk (1.322 moh.) er Bergen og Hordaland Turlag si eldste hytte frå 1893 og ligg ved heimste enden av Breidablikkbrea. Hytta har fire senger og er ubetent. D.v.s. hytta har ikkje proviant, men er utstyrt med ved, gass o.l. Fonnabu-hyttene (1.449 moh.) ligg ved brekanten om lag to km sør for Breidablikk. Hyttene er sjølvbetente og er utstyrte med proviant, ved, gass o.l. og har 27 sengeplassar. Kontakt hytter: Terje Hellingsrud, 5470 Rosendal, tlf. 417 65 801, epost: terje@finse1222.no PÅMELDING TIL TURAR For alle turar er det påmelding på nettsida www.turistforeningen.no/kvinnherad, eller til turleiar. Dersom du har spørsmål, kan du kontakta Kvinnherad Turlag v/Anne Kari Enes, tlf. 951 96 467. E-post: anne.kari.enes@knett.no

GRADERINGAR symbol skistav for skiturar, sykkel, fottur, kajakk osv.

1 = Lett tur 2 = Ganske lett 3 = Middels 4 = Litt krevjande 5 = Krevjande 6 = Ekstra krevjande


Ta turen 2015_07_Layout 1 29.01.15 09:18 Side 3

4. februar Fullmåneskitur

12. april Skitur Ulvanosa

6. mai Opptur for alle 8.-klassingane

Å gå på ski i fullmåneljos er ei spesiell og intens naturoppleving. Fullmåneturen i år vert lagd til Fjellhaugen. Frammøte er kl. 19.00 på nedre parkeringsplass, Bjørkestølen, ved skisenteret. Me tek ein rundtur frå Bjørkestølen om Fagnabotn, Nesjastølsvatn over Fuglatjørn og Nautavatn. Ta med hovudlykt, varm drikke og litt mat. Turavgift medl. kr. 100,- ikkje-medl. kr. 150,- Turleiarar: Sigve Solheim tlf. 951 18 533 og Nils Gausvik tlf. 482 19 736.

Klassisk skitur til ein av dei finaste toppane i Kvinnherad med fantastisk utsyn over Sunnhordland, fjordar, fjell og fonn. Turen startar i Tveitedalen og går via Dyrrindo til Ulvanosa, Høgetinden 1.246 moh. Frammøte ved Ternebu, skisenteret i Tveitedalen (Holmedal) kl. 09.30. Medl. kr. 100,- ikkje-medl. kr. 150,-. Turleiar: Ole Horn, tlf. 948 19 317.

Turmål: Nordfjell og Vardhaugselet. Turen startar ved Velferdsbygget til Valen sjukehus, Valen, kl. 10.00 Retur om Olderbotn. Alle ungdomsskulane i Kvinnherad deltek.

11.–12. april Skitur på Hardangervidda Turen startar frå Garen og går via Berakupen til Hadlaskard i vakre Veigdalen. Overnatting på den sjølvbetente turisthytta. Sundagen går vi attende til Garen via Veigdalen og Viveli, slik at dette vert ein fin rundtur. Pris: medl. kr. 740,- andre kr. 940,eks. transport. Turleiarar: Sigve Solheim og Gunnlaug V. Tjelmeland, tlf. 959 74 438.

2.–3. mai Skitur over Folgefonna med overnatting i Fonnabu Godalen – Rosendal med overnatting i Fonnabu. Våren er den beste tida for skiturar på Folgefonna. Denne helga går vi frå Godalen om Hundsøyra over fonna til Fonnabu, der vi overnattar. Dag 2 vidare sørover Folgefonna og ned via Volarusta til Ringerike og Rosendal. Frammøte ved banken i Rosendal kl. 09.00. Turavgift medl. kr. 750,-. Ikkje-medl. kr. 950,- eks. transport. Turleiarar: Jarle Røstbø og Øyvind Hatteberg. Påmelding innan 23. april på nettsida.

14. mai Skitur til Alvaldsnuten Bli med oss på ein skitur til Alvaldsnuten 1.243 moh. Turen går i Blådalsområdet, vi startar frå Vetrhus. Vi får fine nedkøyringar og flott utsyn. Pris: medl. kr. 100,- andre kr. 150,-. Turleiarar: Jarle Røstbø og Geir Ove Eikemo. Påmelding til Jarle Røstbø på tlf. 992 97 383. 30. mai Skitur på Folgefonna Opplev Folgefonna på sitt vakraste. Mai er ei fin tid for skiturar på fonna. Då er snøforholda på sitt beste, og ein opplever kontrastane til vår og grøne bakkar i låglandet. Pris: medl. kr. 100,- andre kr. 150,-. Turleiarar: Sigve Solheim, tlf. 951 18 533 og Terje Hellingsrud, tlf. 417 65 801. Påmelding på nett.


Ta turen 2015_08_Layout 1 29.01.15 10:13 Side 4

30.–31. mai Sykkeltur Kvinnherad–Ølen–Etne Turen startar og sluttar på Sunde og går over Halsnøy og med ferje til Utbjoa. Herifrå syklar vi, stort sett berre på smale bygdevegar, forbi Ølen, Etne og Skånevik, avbrote av litt båtskyss på ein veglaus strekning. Gardsbesøk med god mat og kulturhistorie. Overnatting i komfortable hytter i Etne. Pris: Medl. kr. 1.800,- Ikkje-medl. kr. 1.950,-. Turleiar: Svein Bergseth tlf. 920 54 676. Påmelding på nett innan 20. april. 4.–5. juli Fjellfest på Fonnabu og vandring over Folgefonna Vi opnar sommarsesongen for fotturistar med fjellfest på Fonnabu. Denne turen er også ei markering av Bergen og Hordaland Turlag sitt 125-årsjubileum. Turen går til fots frå Sunndal via Gardshammar og Breidablikk til Fonnabu, der vi overnattar. Om kvelden er det dekka til fest, og vi lagar god stemning på hytta. Søndagen i taulag med Folgefonni Breførarlag over mot Holmaskjer og via Støladalen og langs ridevegen ned til Tokheim. Herifrå buss attende til Sunndal. Turen over fonna tek om lag 3 timar, og turen frå Holmaskjer og ned til Odda ca 5 timar. Turavgift medl. kr. 1.090,- Ikkje-medl. kr. 1.290,- (inkl. overnatting, mat, transport og breføring). For meir informasjon: Mona Enes tlf. 489 94 337 og Kjell Yri, tlf. 488 93 150. Påmelding på nettsida innan 15. juni. 9. august Mauranger, Gjetingsdalen–Torsnes, Jondal Til fots frå Bakka i Gjetingsdalen over fjellet og ned til Torsnes, Jondal. Buss attende til Mauranger. Frammøte i Nordrepollen etter avtale med turleiarane kl. 09.00. Pris: medl. kr. 100,- andre kr. 150,-. Transport kjem i tillegg. Turleiar: Kjell Yri tlf. 488 93 150. Anfinn Bakka vert med som kjentmann. Påmelding på nett innan 5. august. 14.–16.august Fottur Hardangervidda Turen startar frå Hjølmo i Eidfjord. Vi går inn fagre Veigdalen til Hadlaskard, der vi overnattar. Vidare til Stavali via Peisabotn. Overnatting på Stavali. På Stavali får vi servert stølskost og kanskje eit bad i stampen. Sundagen går turen ned til Kinsarvik forbi Nykkjesøyfossen. Turavgift: medl. kr. 2.450,-. Ikkje-medl. kr. 2.650,-. Påmelding på nettsida innan 5. august. Turleiarar: Mona Enes, tlf. 489 94 337 og Anne Kari Enes tlf. 951 64 67.

23. august Bjørnbærnuten Turen vår startar frå Vetrhus og vi går via Vetrhusskard og ned i ville, vakre Skreddalen før vi går opp Bjørnbærheio og inn til Bjørnbærnuten, 1305 moh. Vi reknar med å bruka 9 timar på turen. Frå Vetrhus kl. 09.00. Påmelding på nettsida innan 20. august. Pris: medl. kr. 100,- andre kr. 150,-. Turleiarar: Jarle Røstbø, tlf. 992 97 383 og Mona Eikemo Røstbø, tlf. 977 22 163.

29. august Buførevegen Botsvatn–Reisete Fellestur med Odda Ullensvang Turlag. Vi set opp buss Eitrheim/Austrepollen tur/retur. Frammøte: Austrepollen kl 08.00. Turleiarar: Hermund Fenne og Per K. Måkestad. Påmelding til Hermund Fenne, tlf. 917 03 488 som opplyser nærare om kostnad, frammøte og tidspunkt.


Ta turen 2015_07_Layout 1 29.01.15 09:19 Side 5

SENIORGRUPPA Leiar Jan Helge Opsanger, tlf. 995 74 139 Deltakaravgift på dagsturar i seniorgruppa kr. 100,-

4. mars Ranavik–Kongsvik– Brattåsen–Halsnøy Kloster 3 km. Lett tur. Frammøte Podlen kl 10.00. Turleiarar: Kåre Haugse, 482 27 242 og Jan Helge Opsanger, 995 74 139. 18. mars Snilstveitøy 4 km. Lett tur. Frammøte Skålakaien kl. 10.00. Turleiarar: Steinar Kroka, 957 68 180 og Tor Sandvik, 908 43 154. 15. april Kulturvandring i Odda-området Lett tur. Frammøte Skålakaien kl. 09.00. Turleiar: Hermund Fenne, 917 03 488 og Kåre Eik, 957 84 842. 29. april Utåker–Krokavatnet Lett tur. Frammøte Utåker gamle skule kl. 10.00. Turleiarar: Kåre Haugse, 482 27 242 og Steinar Kroka, 957 68 180. 13. mai Skjethaug– Skålafjell–Kjeldestøl Middels tung tur. Frammøte P-plass ved kyrkja i Rosendal kl. 09.00. Turleiar: Kåre Eik, 957 84 842 og Hermund Fenne, 917 03 488.

10. juni Kitzbühel, Austerrike Denne turen er fullteikna. 24. juni Vikøy–Krokavatnet– Steinsdalen Tung tur. Frammøte Årsnes kai kl. 08.45. Turleiarar: Kåre Haugse, 482 27 242 og Jan Helge Opsanger, 995 74 139. 5. aug. Botnabrea, Markjelke Tung tur. Frammøte Skålakaien kl. 09.00. Turleiarar: Kåre Eik, 957 84 842 og Hermund Fenne, 917 03 488. 26.–30. aug. Fondsbu i Jotunheimen Turar i området. Påmelding og meir info: Jan Helge Opsanger, 995 74 139. 9. sept. Ingahogg Tung tur. Frammøte Fjellhaugen Skisenter kl. 10.00. Turleiarar: Steinar Kroka, 957 68 180 og Tor Sandvik, 908 43 154. 23. sept. Jondal–Breiseter Middels tung tur. Frammøte Skålakaien kl. 09.00. Turleiarar: Kåre Haugse, 482 27 242 og Marita Handegard, 952 75 478.

27. mai Bauge–Håfjell Middels tung tur. Frammøte Landa bru. kl 10.00. Turleiarar: Kåre Haugse, 482 27 242 og Tor Sandvik, 908 43 154.

7. okt. Eikedalen, Uskedalen Middels tung tur. Frammøte Grana i Uskedalen kl 10.00 Turleiarar: Steinar Kroka, 957 68 180 og Tor Sandvik, 908 43 154.

3. juni Bjørndalssetra i Folgefonna nasjonalpark Frammøte ved HSD-garasjen i Rosendal kl. 09.00. Påmelding til ein av turleiarane, Steinar Kroka tlf. 957 68 180 eller Jan H. Opsanger tlf. 995 74 139.

21. okt. Kaldestad–Sunde-området Lett tur. Avslutning for året. Frammøte Podlen kl. 10.00 Turleiar: Jan Helge Opsanger, 995 74 139.


Ta turen 2015_08_Layout 1 29.01.15 09:52 Side 6


Ta turen 2015_07_Layout 1 29.01.15 09:20 Side 7

BARNAS TURLAG

1. februar Skileik i Fjellhaugen Nasjonal KOM DEG UT-dag Den nasjonale Kom deg ut-dagen vert i år arrangert i Fjellhaugen skisenter. Vi legg til rette for leik og moro i snøen. Her er det berre å kle seg godt og varmt og ta med det du har av vinterutstyr, anten det er ski, akebrett, kjelke eller anna. Møt opp ved Fjellhaugen skistadion p-plass og følg marking. Frå kl. 12.00 er vi klare med fyr i bålpanna og nypreppa løyper med bakkar og hopp. Ta med eigen mat og drikke. For meir info: Gøril Samland Eik, tlf. 480 42 865. Februar Skeising på Fjellandsbøvatnet med Barnas Turlag Ein laurdag eller søndag i vinter inviterer vi til skeisedag på Fjellandsbøvatnet. Dato for opplegget er ikkje fastlagt, men vert annonsert når/dersom isen legg seg trygg og fin på vatnet. Vi set opp bålpanne, og dermed er det mogleg å grilla eigen medbrakt meny. Dersom isen er fin, kan det være duka for århundrets skeiseløp. Utstyr: Skeiser er bra å ha – hugs at ein kan dela og låna. Ei stor bruskasse til støtte for dei minste? Hjelm kan og være godt å ha. Minner om at dei borna som deltek, må ha med seg ansvarleg vaksen. Turleiar: Trine Nødland tlf. 920 11 218. 22. april Klatring utandørs på Seim Vi stiller med kyndige instruktørar og utstyr til låns. Eit fint høve til å oppleva gleda og spenninga ved å klatra i fjell under trygge forhold. Vi er å finne på «Skoltane», som ligg til venstre når du går oppover Seimshagen. Ta «grasvegen» som går inn til venstre og følg opptrakka sti – ikkje trø i graset. Det er naudsynt at born har med seg vaksne som kan sjå etter dei. Dersom det kjem mykje folk vil det verte ein del venting. Kl. 17.00–20.00. Alder: 1. kl. og oppover. Erfaring: alle kan prøve. Utstyr: Ta med hjelm som passar. Sykkelhjelm går fint. Turleiarar: Sverre S. Myklebust, tlf. 901 87 436 og Stephen Rowe.

10. juni Familiedag ved Opsangervatnet, padling i kano/kajakk og fiske Vi legg ettermiddagsturen til Opsangervatnet og stiller med kanoar og kajakkar med naudsynt tilleggsutstyr. Her kan du få sjansen til å prøva deg på padling under rettleiing. Ein kan også prøve fiskelukka! Ta med fiskestang og redningsvest. (Turlaget har nokre få stenger og vestar for utlån). Kanskje kan vi steika fisk når vi kjem til land? Sportsfiskaren Kvinnherad hjelper oss med dette. Oppmøtestad: ved Roklubben kl. 17.00. Turleiarar: Knut Steine tlf. 982 06 679 m. fl. 6. september KOM DEG UT-dagen i Røynholm, Rosendal Den fyrste sundagen i september er nasjonal Kom deg ut-dag! Det er dagen vi ber med oss naboar og vener ut. Røynholm er eit fint

friområde i Rosendal. Plassen er tilrettelagt for grilling og bading. I tillegg er der fint å padle og fiske. Det vert varme på grillen og fyr i bålpanna, så alle som vil kan ta med og tilberede sin eigen mat. Speidargruppa kjem med råd og tips. Kvinnherad Undervassklubb og Sportsfiskaren Kvinnherad kjem. Instruksjon i hesteskokasting. Vi stiller med kanoar og kajakkar og legg til rette for ulike aktivitetar mellom kl. 12.00 og 15.00. Parkering ved båthamna i Neslia. Følg med på nettsida for meir info. Turleiar: Sverre S. Myklebust tlf: 901 87 436.

PRISAR – BARNAS TURLAG Barnas turlag sine arrangement er gratis for medlemmer. Andre kr. 50,Maks. kr. 150,- per familie.


Ta turen 2015_07_Layout 1 29.01.15 09:20 Side 8

FJELLSPORT Ta kontakt med turleiar for informasjon om påmelding.

14.–15. mars Vintertur over Fonna frå Skare Sola står lågt, men månen høgt. Det knirkar i snøen og snottet frys før det kjem halvvegs i nasekanalen. Det er ikkje mange som får oppleve Fonna på denne tida av året. På laurdagen går vi frå Espeland og til Rosendal via hytta ved Sauabreen. Skitur på Folgefonna litt utanom vanleg sesong. Alternativ «exit» frå breen kan vera Furebergsdalen, om snøtilhøva ikkje er dei beste. Pris: medl. kr. 700,-. Ikkje-medl. 900,- eks. transport. Turleiarar: Ole Vidar Monsen og Harald Håland. Påmelding til Harald Håland, tlf. 932 48 974, eller på nettsida. 24.–26. april Combocamp Lukke kan ofte samanfattast med tre ord. Siste helga i april vil Fjellsportgruppa i Kvinnherad, i tett samarbeid med Festidalen, freiste å kombinere spektakulær skiøyring, matgilde og svingande flott musikk, til nye høgder og den absolutte lukke. Vi vel å kalle det Combo. Vi startar fredagskveld med føredrag, god mat og noko godt i koppen. Alt dette, samt innhysing skjer på Dønhaug Gjestegard. Laurdags morgon klistrar vi fellene til skia og klatrar oss veg opp mot ei av Rosendalsalpane sine mektige toppar. Vel nede og med pudder til halsen returnerer vi til Uskedal og middagen som ventar. Sundagen står Uskedalsfjella for tur. Mest truleg Ulvanosa. Med sine alpine toppar er denne eit must og byr på særs fin og variert nedkøyring. Vi er nede til bilane og klare for heimreise ca. kl 16.00. Påmelding til Erlend Hellingsrud, tlf. 472 60 535, eller på nettsida. 1.–2. mai Vårsafari i fonnalandskapet Må vi alltid følgje dei same rutene over Folgefonna? Vi dristar oss til å bryte med veletablerte GPS-spor over breen for å lage våre eigne. Me går til Fonnabu fredagen. Alternativ er Godalen/Markjelke, Rennedalen eller Turistvegen. Lagar oss god mat, og nyt fjellet. Søndagen går me ut på breen og sørover. Me dreg ut av breen like før Furebergspytten. Så ber det bratt og langt ned Pyttaskaret. Retur ut Fynderdalen/ Bondhusdalen. Bli med oss utover breen og ned ei alternativ rute. Turen tek oss gjennom noko av

det ypperste naturen rundt Folgefonna kan by på. Frå vinter til vår, frå ope landskap til tronge dalar. Pris: medl. kr. 750,-. Ikkjemedl. kr. 950,- eks transport. Turleiarar: Ole Vidar Monsen og Harald Håland. Påmelding til Harald Håland, tlf. 932 48 974, eller på nettsida. 15. august Dagstur til Gygrastolen Vil du vera med på ei luftig, original og spanande oppleving på eit av fonnalandskapet sine mektigaste fjell. Vi tek turen til Gygrastolen. Vi tek sikte på ein luftig tur i Gygrastolmassivet. Start kl. 09.00 frå Kyrkja

på Ænes, der vi går mot toppen via Skronten og kjem opp på heimste platået av stolen. Derfrå går turfølgjet sikra, altså i taulag, over til sjølve Gygrastolplatået. Ei luftig, original og spanande oppleving i eit av dei mektigaste fjella i fonnalandskapet. Turleiarar: Bjørn Olav Tveit og Ole Vidar Monsen. Påmelding til Ole Vidar Monsen, tlf. 977 05 261, eller på nettsida. 22. august Bjørndaltraversen dagstur Bli med Fjellsportgruppa på fjelltur i dei spisse og vakre Rosendalsfjella. Turen kan best beskrivast som ein lang fjelltur. Her krevst ingen


Ta turen 2015_07_Layout 1 29.01.15 09:21 Side 9

forkunnskap om klatring, berre ok fysisk form. Du opplever spisse tindar og frodige dalar. Turen startar ved Myrdalsvatnet og går opp Nipeskar mot toppen av Omnatind. Vi rettar så kursen mot Bjørndalstraversen. Frå Juklavasskruna går vi ryggen mot Hestabotnpynten og klyv opp baksida. Retur langs Myrdalsvatnet. Er vi heldige, blir det transport med båt siste stykket. Slitne bein set nok pris på det. Ein lang fjelltur i det vakraste av fjell Kvinnherad kan by på. Har du lenge gått og tenkt på Bjørndalstindane, er dette turen du skal bli med på! Turleiarar: Erlend Hellingsrud og Rolf Christian Mehl. Påmelding til Erlend, tlf. 472 60 535, eller på nettsida.

4.–6. september Helgetur til Falketind Me kjører samla til Tyin i Jotunheimen fredag. Slår opp telt i Koldedalen. Alt. overnatting kan vera Fondsbu. Laurdagen forsøker me å nå Falketind, «normalruta». Lang og krevjande tur/bretur, til ein av dei mest kjente 2.000-meterstoppane. Søndag? Flott terreng med Stølsnostindane og Uranostind kanskje innan rekkevidde. Pris: medl. kr. 200,-. Ikkje-medl. kr. 300,-. Turleiarar: Cato Leganger og Harald Håland. Påmelding til Harald, tlf. 932 48 974, eller på nettsida.

18.–20. september Frå Finse til Demmevass Me dreg til Finse fredag kveld, der me overnattar på Finsehytta. Laurdag rundt Hardangerjøkulen, over Ramnabergbreen og til Demmevasshytta for overnatting. Søndag opp 09-skaret, via Olavsvarden til Jøkulhytta. Vidare til Finse og retur med tog/bil. Pris: medl. kr. 2.500,- Ikkje-medl. kr. 2.700,eks. transport. Turleiarar: Geir Nes og Harald Håland. Påmelding til Harald, tlf. 932 48 974, eller på nettsida.


Ta turen 2015_07_Layout 1 29.01.15 09:21 Side 10

DNT X-UNG Turane passar for deg mellom 12 og 16 år. Ta kontakt med turleiar for informasjon om påmelding.

6. februar Måneskinstur til Nautavatnet Vi møtest ved nedre parkeringsplass, Bjørkestølen, v. Fjellhaugen skisenter og går på ski mot Nautavatnet. Oppmøte kl. 18.00. Ha med varme klede, hovudlykt, varm drikke og god niste. Turen vert avslutta kl. 21.00. Pris: medl. kr. 30,- andre kr. 50,-. Turleiarar: May-Britt Albrethson, tlf. 971 540 42. Tanja E. Vågen, tlf. 957 95 715. 14. mars Dagstur til Røldal skisenter Oppmøte ved Rådhuset i Rosendal, kl. 09.00. Felles reise med minibuss til Røldal. Tilbake i Rosendal kl. 18.00. Pris: heiskort kr. 200,- for barn u. 16 år, andre kr. 250,-. Transport kjem i tillegg. Turleiarar: Wanda Medhus, tlf. 414 52 380. May-Britt Albrethson, tlf. 971 54 042. 12. april Tur til Gråskallen i Herøysund Oppmøte kl. 11.00 ved Vassverket, i Bringedalsbygda, Herøysund. (Parkering v. Grendahuset) Turen går i lett kupert terreng, og vi bruker ca 1,5 time kvar veg. Ved fjelltoppen Gråskallen får vi flott utsikt over Husnes og Halsnøy. Ha med god niste, drikke og godt fottøy. Pris: medl. kr. 30,andre kr. 50,-. Turleiar: May-Britt Albrethson, tlf. 971 54 042. Tanja E. Vågen, tlf. 957 95 715. 26. mai Kajakk- og kano-kveld, Dimmelsvik Her blir det høve til å låna kajakk og kano, og dei som vil, kan også prøva seg på velt og kameratredning i kajakk. Ta med byte-klede og grillmat. Oppmøte kl. 18.00. Avsluttar kl. 21.00. Pris: medl. kr. 30,- andre kr. 50,-. Turleiar: Siv Framnes, tlf. 995 24 607. May-Britt Albrethson, tlf. 971 54 042. 19. juni Melderskin «by night» Melderskin ligg 1.426 m.o.h. og blir også kalt «Dronninga blant Sunnhordlandsfjella». Turen opp er bratt, ca. 10 km lang, og vi bruker om lag 4 timar til topps. Tar du utfordringa? Oppmøte ved bom på Kletta kl. 22.00. Vi går i samla tropp i rolig, jamnt tempo. På

toppen nyt vi utsikta, soloppgangen og et ein god frukost. Retur til Kletta laurdag kl. 10.00. Pris: medl. kr. 30,- andre kr. 50,-. Turleiarar: Wanda Mehus, tlf. 414 52 380. May-Britt Albrethson, tlf. 971 54 042. 23. august Tur til Borgundnuten (Fjelberg) Vi møtest på Sydnes, tar ferja over og følgjer bilvegen oppover til høgste punkt. Vidare på skogsveg og sti. (Tur/retur ca. 3 timar). Oppmøtetid etter avtale. Ta med drikke, niste og godt fottøy. Pris: medl. kr. 30,-. Andre kr. 50,-. Reise i tillegg. Turleiarar: Wanda Mehus, tlf. 414 52 380. Sverre Bjørnevik. 12.–13. september Helgetur til Blomstølen i Etnefjellet Vi tar ferje over til Skånevik og køyrer med bil ca. 30 min. til garden Øyno, ved Frette

inst i Stordalen. Turen går på grusveg og sti i lett terreng . Turen inn til hytta tar ca. 3 timar. Hytta Blomstølen er ei, moderne hytte med flott natur rundt. Laurdag kveld lagar vi taco, og koser oss på hytta. Pris: Ungdom medl. kr. 300,-. Andre kr. 450,-. Vaksen medl. kr. 450,- Vaksen ikkje-medl. kr. 600,-. Turleiarar: May-Britt Albrethson tlf. 971 54 042. Tanja E. Vågen tlf. 957 95 715. 4. desember Tur til Feto, Handelandsdalen Vi avsluttar tur-året 2015 med tur til Feto. Oppmøte ved parkering/bom bak Handeland gard kl. 18.00. Ta med varme klede, lommelykt/hovudlykt og noko godt å eta. Turleiarar: May-Britt Albrethson tlf. 971 54 042. Tanja E. Vågen tlf. 957 95 715.


Ta turen 2015_07_Layout 1 29.01.15 09:21 Side 11

FJELLTRIMKORT Eit turopplegg av Kvinnherad Turlag Pris: Kr 50,- som du betaler ved innlevering av kortet innan 1. november

Namn: ................................................................................... Adresse: ................................................................................ Alder: ....................... Tlf.: .......................... År: 2015

Kvinnherad Turlag, idrettslaga i Kvinnherad, Bedriftsidrettslaget Søral og lokale bygdelag har lagt ut registreringsbøker og klyppetenger på 16 ulike turmål. Kommunen er inndelt i åtte ulike område med to turar i kvart av dei. Registrer deg på minst fem turmål – i tre ulike område. Då har du greidd kravet til fullført fjelltrim. Lever kortet til ein av Sport 1-butikkane i Kvinnherad eller til Svein Bergseth, Utåker innan 1. november. Alle som fullfører Kvinnherad Fjelltrim, vert inviterte til ei samkome ut på seinhausten. Det vert premiering av dei yngste trimmarane og utmerkingar til dei som har fullført Kvinnherad Fjelltrim fem eller 10 sesongar. GOD TUR!

KAJAKK 3. juni Introduksjonskurs kajakkpadling, Sunde

Sturla Helland, tlf. 970 24 320. Innleigde instruktørar.

Vi legg opp til introduksjon til kajakkpadling og ein kortare tur. Kurset høver godt for nybegynnarar. Frammøte på Sunde ved skulebrygga, oppkøyrsla til skulen, onsdag kl. 17.30. Kursavgift kr. 150,- for medl. kr. 200,- for andre. Inkl. Våtkort. Påmelding innan 30. mai til Anbjørn Høivik, tlf. 917 05 737. Kursleiarar: Anbjørn Høivik, Sverre Myklebust og Øyvind Hatteberg.

24. juni Sild Rundt

13.–14. juni Introduksjonskurs elvepadling Ei helg fylt med spenning, fart og moro. Nytta friluftslivets år til å prøva noko nytt under leiing av kyndige instruktørar. 12 timar introduksjonskurs med gradvis progresjon og innføring for nybegyn- narar. Her får deltakarane prøva eigne grenser under trygg leiing. Under kurset lærer ein grunnleggande padleteknikk og sikker åtferd på elv. Turkoordinator:

Dato

10.–12. juli Nærøyfjorden No har du høve til å oppleva verdsarvområdet Nærøyfjorden frå kajakken. Vi besøker fråflytta bygder som Styvi og Dyrdal. På Stigen i Aurlandsfjorden vil du få eit opphald du seint gløymer. Dette er ein heilt spesiell tur som er verd å få med seg! Pris: medl. kr. 2.850,- andre kr. 3.050,-. Leige av kajakk kjem i tillegg Turleiarar: Svein Bergseth og Sturla Helland. Påmelding til Svein Bergseth tlf. 920 54 676. e-post: svein.bergseth@knett.no

Feto (Dagsturhytta Handelandsdalen) Dato

2 Husnes–Herøysund Mjelkhaug Gråskallen

Dato

3 Uskedalen–Omvikdalen Geitadalstinden Kviteggjo

Dato

4 Rosendal–Løfallstrand Melderskin Skålafjell

Dato

5 Ænes–Mauranger Ænessetra

5. september Kajakkpadling ved Bømlo Smule farvatn, trange sund, ope hav. Bli med oss for å padla i området rundt Bømlo. Vi legg opp lengda på padleøktene i samråd med deltakarane. Du må ha med eigen kajakk, spruttrekk, padlevest og åre. I tillegg treng du mat for dagen. Pris: medl. kr. 100,andre kr. 150,- eks transport. Påmelding til Oddvar Larsen tlf. 915 12 608.

1 Utåker–Valen Ulvanosa (Høgetinden)

Breidablikk Dato

6 Varaldsøy–Hatlestrand/Ølve Varden (Varaldsøy) Blånuten (Hatlestrand/Ølve)

Dato Klypp ut slippen

Halsnøy rundt er eit «must» for kajakkinteresserte. Vi legg opp til ein to-dagarstur rundt Halsnøy med overnatting på sjarmerande Fjelbergøy. Strandhogg og gode pausar undervegs. Pris: medl. kr. 600,- Ikkje-medl. kr. 800,- Inkl. middag og frukost. Leige av kajakk kjem i tillegg. Ta kontakt med turleiar for meir informasjon og påmelding: Siv Framnes, tlf. 995 24 607.

Kart: Folgefonna-Hardangerfjorden 1:100.000 eller M-711-serien: Husnes, Kvinnherad, Varaldsøyna, Odda, Fjæra og kartet Folgefonna nasjonalpark 1:50.0000.

6.–7. juni Halsnøy rundt

Vi legg opp til ein ettermiddagstur med start frå Ænes. Vi kryssar Hardangerfjorden og padlar rundt øya Sild. Pris: medl. kr. 100,andre kr. 150,-. Påmelding til turleiarar: Sverre Myklebust tlf. 901 87 436 eller Øyvind Hatteberg tlf. 957 68 144.

7 Fjelberg–Halsnøy Borgundnuten Tjodbergshaugen

Dato

8 Matre–Åkra Ingahogg Svelgabreen/Botnabreen

Klypp


EN NOR

LT

TA

OR

E TO B

BESØK NETTSIDA VÅR

6 Varaldsøy–Hatlestrand/Ølve Varden (Varaldsøy) 3 t. Start frå P-plass ved Øvsthus-garden. Avtal gjerne parkering med folk på staden. Blånuten (Hatlestrand/Ølve) 2,5 t. Start frå P-plass ved opplagsplass for tømmer ved Tveitane. Først på skogsveg, deretter spesielt fint opparbeidd sti.

www.turistforeningen.no/kvinnherad Der finn du påmelding og meir informasjon om turar og aktivitetar

7 Fjelberg/Halsnøy Borgundnuten (Fjelberg) 3 t. Start frå ferjekaien på Borgundøy. Set gjerne bilen att på Sydnes, ta ferja over og følg bilvegen oppover til høgste punkt. Derfrå til høgre inn på skogsveg til P-plass og sti til toppen. Tjodbergshaugen (Halsnøy) 3 t. Ta av frå vegen til Sydnes ved skilt til Tjodbergshaugen og skytebanen. 30 meter inn til P-plass med informasjonstavle og merkt sti. 8 Matre–Åkra Ingahogg 3 t. Start frå Fjellhaugen Skisenter. Merkt frå toppen av skitrekket. Svelgabreen/Botnabreen 6 t. Start frå P-plass 150 m før vegenden ved kraftstasjonen Blåfalli IV i Blådalen. Ved overløp frå Møsevatnet kan det vera vanskeleg å kryssa elva ned til Midtbotnvatnet. Gå då over brua ved overlaupet frå Møsevassdammen. Hjelp oss med å halda skilting og merking ved like! Ver gild å melda frå til styremedlemmer i turlaget dersom du oppdagar noko gale med merkinga, klyppetengene eller registreringsbøkene.

Felleskjøpet Kvinnherad

TURVIT! Vern om naturen! Mange av turane passerer innmark og beite. Vis omsyn til beitande dyr. Lat att grindar og hald hunden i band! GOD TUR!

Klypp ut slippen

Husnes Sport AS

Grafisk produksjon: Kvinnheringen, Husnes • Foto: Sigve Solheim, Anne Kari Enes og Erlend Hellingsrud

4 Rosendal–Løfallstrand Melderskin 7 t. Start frå P-plass på Kletta i Rosendal. Skålafjell 2/3 t. 2 t. frå Bjørke. P-plass ved Kvinnherad kyrkje. 3 t. frå P-plass ved starten på skogsvegen i Neslia.

P

3 Uskedalen–Omvikedalen Ulvanosa/Geitadalstinden 8 t. (Nordre topp av Ulvanosa). Start frå P-plass ved brua på øvre Haugland. Følg skogsbilveg til kalkestasjonen og T-merkt sti vidare. Kviteggjo 3 t. Start ved Nistovetunet på Hjelmeland i Omvikdalen. Skilt ved fylkesvegen viser opp til parkering ved ny stor fellesfjøs, Revuro. Følg skogsvegen til endes til skilting og T-merking over lita bru.

ST

GE

2 Husnes–Herøysund Mjelkhaug 4/5 t. 4 t. frå P-plass der informasjonstavle for Husnes er oppsett ved Hellandsbrua. 5 t. frå P-plass ved Søsterheimen,Valen. Gråskallen 3 t. P-plass ved Grendahuset i Bringedalsbygda. Følg skilting frå bygdevegen opp vegen til Vassverket der den T-merkte stien startar. Det er bilveg til vassverket, men vanskeleg å parkera langs vegen.

. P. P

1 Utåker–Valen Ulvanosa/Høgetinden 6 t. Start ved Ternebu i Tveitedalen. Frå Pplassen følgjer ein lysløypa (skogsveg) 1,2 km innover på høgre sida av Bakkastølsvatnet og deretter langs elva til inste brua. Ta til høgre i krysset Englafjell/Ulvanosa eit par hundre meter etter siste bru/lysmast i lysløypa. Feto i Handelandsdalen 1 t. Start ved Handeland gard. For parkering kjør gjennnom gardstunet til P-plass i skogkanten bak garden. Følg skogsvegen langs den stilleflytande elva til Feto med ope grillhus.

5 Ænes–Mauranger Breidablikk 8 t. Start frå P-plass ved inngangen til Bondhusdalen. Følg merking mot Fonnabu/Breidablikk. Ænessetra 2 t. Parkering ved kyrkja på Ænes. Følg skogsvegen langs kyrkjegarden inn dalen.

Klypp ut slippen

Dei oppgjevne tidene gjeld gangtid tur/retur i vanleg turtempo, pausar kjem i tillegg. Informasjonstavle med ruteomtale og kart er oppsett ved startpunkta/P-plassene. Informasjon om turmåla er også å finna i faldaren med dei 69 merkte turane i Turstiprosjektet i Kvinnherad. Meir detaljert informasjon og planleggingskart for kvar einskild tur på nettsida: tursti.kvinnherad.no

PO

KORLEIS FINNA FRAM TIL TURMÅLA

Ta turen 2015_07_Layout 1 29.01.15 09:21 Side 12


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.