Turprogram 2017 for Kvinnherad Turlag Klyppekort til Kvinnherad Fjelltrim innlagt
TA TUREN 2017
Kvinnherad Turlag er eit lokallag av Bergen og Hordaland Turlag og Den Norske Turistforening. Alle som melder seg inn i Den Norske Turistforening, og har postadresse Kvinnherad, er automatisk medlem av Kvinnherad Turlag og Bergen og Hordaland Turlag. Barnas Turlag, Fjellsportgruppa, Seniorgruppa, ungdomsgruppa og hytteutvalet er undergrupper i Kvinnherad Turlag. Kvinnherad Turlag samarbeider med idrettslag og andre friluftsretta organisasjonar som legg til rette for turgåing i skog og fjell. Vil du bli medlem? Du kan melda deg inn i Kvinnherad Turlag via www.turistforeningen.no/medlem For meir informasjon, sjå: kvinnherad.dnt.no www.facebook.no/kvinnheradturlag Ut på tur i Kvinnherad? Vi har mange flotte turmål og mange av turstiane er godt merka og skilta. Du kan finna turomtale og kart for ulike turmål i heile kommunen på www.tursti.kvinnherad.no STYRET FOR 2017: Styreleiar: Kjell Yri, Geilo 28, 5463 Uskedalen tlf. 488 93 150, kjell.yri@knett.no Kasserer: Knut Steine, tlf. 982 06 679, knut.steine@gmail.com Styremedlemmer: Mari Teigen Varanes tlf. 952 75 277, mari.varanes@gmail.com Jarle Røstbø tlf. 992 97 383, jarle@reins.no Bente Døssland Helvik tlf. 957 87 349, bd.helvik@gmail.com KONTAKTPERSON FOR GRUPPENE Barnas Turlag: Geir Arne Seglem, tlf. 920 88 382, epost: gasno77@yahoo.com Ungdom: Kjell Yri, tlf. 488 93 150, epost: kjell.yri@knett.no Fjellsport: Harald Håland, tlf. 932 48 974, epost: harald.haland@gmail.com Senior: Jan Martin Skaaluren, tlf. 917 26 614, epost: janmartin.skaaluren@knett.no Hytteutval: Anne Kari Enes, tlf. 951 96 467, epost: anne.kari.enes@knett.no BREIDABLIKK OG FONNABU Kvinnherad Turlag har ansvar for drift og vedlikehald av Breidablikk og Fonnabuhyttene. Hyttene er opne heile året og kan nyttast av alle. Turen frå Bondhus inn Bondhusdalen om Gardshammar til Breidablikk tar om lag fire timar. Frå Breidablikk til Fonnabu er det ein liten times gange. Stien er varda og T-merka. Breidablikk (1.322 moh.) er Bergen og Hordaland Turlag si eldste hytte frå 1893 og ligg ved heimste enden av Breidablikkbrea. Hytta har fire senger og er ubetent. D.v.s. hytta har ikkje proviant, men er utstyrt med ved, gass o.l. Fonnabu-hyttene (1.449 moh.) ligg ved brekanten om lag to km sør for Breidablikk. Hyttene er sjølvbetente og er utstyrte med proviant, ved, gass o.l. og har 27 sengeplassar. PÅMELDING TIL TURAR Mange turar har krav om påmelding, og for dei fleste av desse skal det skje via nettsida vår: kvinnherad.dnt.no
PÅMELDING Påmelding til turar gjer du enklast via nettsida: kvinnherad.dnt.no Under aktivitet finn du alle turane kronologisk. Du kan òg ta kontakt med turleiar for meir informasjon om turen.
NY GRADERING AV TURAR Turane er gradert med symbol skitur kajakk/kano fottur sykkel Ant. symbol tilsvarer vanskegrad på turen ut frå lengde og terreng.
1=E nkel (flatt, lett dagstur) 2=M iddels (småkupert, dagstur inntil 15 km, normal form) 3=K revjande (mykje opp-og ned stigning, inntil 25 km. God form) 4=E kstra krevjande (bratt, ulendt, krev god fjellerfaring og svært god form)
11. februar Fullmåneskitur Fjellhaugen Fullmåneskituren vert lagd til Fjellhaugen. Vi går frå Bjørkestølen om Fagnabotn, Nesjastølsvatn, over Fuglatjørn og Nautavatn. Ta med hovudlykt, varm drikke og mat. Frammøte kl 19.00 på nedre p-plass, Bjørkestølen. Turavgift: medl. kr. 100,andre kr. 150,Turleiarar: Sigve Solheim, tlf. 951 18 533 og Nils Gausvik, tlf. 482 19736 17.–19. mars Skitur frå Skromme til Sauda Vi køyrer frå Kvinnherad fredag ettermiddag med 1615-ferja frå Utåker. Skituren startar frå Skromme, og vi går i skogkledd terreng til Simlebu, der vi overnattar. Laurdag går turen vidare til Sandvasshytta for overnatting. Søndag går turen med fantastiske nedkøyringar til Sauda. Transport tilbake til Skromme. Litt krevjande skitur. Pris medl. kr. 1350,ikkje-medl. kr. 1550,Turleiarar: Jarle Røstbø, tlf. 992 97 383 og Mona Eikemo Røstbø, tlf. 977 22 163 7.–9. april Skitur på Hardangervidda Start påsken med ein skitur. Vi legg opp til to dagar med ski på Hardangervidda. Fredag kveld drar vi til Dyranut som er utgangspunkt for turen. Laurdag går vi til Hadlaskard for overnatting. Søndagen endar vi opp på Garden. pris medl. kr. 1250,- ikkje-medl. kr. 1550,-. Turleiarar: Gunnlaug Vågen Tjelmeland, tlf. 959 74 438 og Anne Kari Enes, tlf. 951 96 467 23. april Skitur Ulvanosa Klassisk skitur til ein av dei finaste toppane i Kvinnherad. Fantastisk utsyn over Sunnhordland, fjordar, fjell og fonn. Turen startar i Tveitedalen og går via D yrrindo til Høgetinden 1246 m.o.h.Frammøte ved Ternebu, skisenteret i Tveitedalen, kl 09.30. Turavg. medl. kr. 100,- andre kr. 150,Turleiarar: Mari Teigen Varanes, tlf. 952 75 277 og Gro Rusten, tlf. 997 17 598 3. mai Opptur for 8. klassingane Turmål: Nordfjell og Vardhaugselet. Turen startar ved Velferdsbygget til Valen sjukehus, Valen kl 10.00. Vi går over Nordfjell til Vardhaugselet og ned att om Olderbotn. Alle ungdomsskulane i Kvinnherad deltek. 6.–7. mai Folgefonna på langs Goddalen – Rosendal med overnatting i Fonnabu. Våren er den beste tida for skiturar på Folgefonna. Denne helga går vi frå Goddalen om Hundsøyra og vidare over
fonna til Fonnabu for overnatting. Neste dag sørover Folgefonna og ned via Vola rusta til Ringerike og Muradalen, Rosendal. Frammøte ved banken i Rosendal laurdag kl. 09.00. Pris medl. kr. 750,- ikkje-medl. kr. 950,-. Turleiarar: Jarle Røstbø, tlf. 992 97 383 og Øyvind Hatteberg, tlf. 957 68 144
båtskyss til Sævareid der det vert over natting (kanskje på Engjavik Gard?) Dag 2 (ca. 40 km): Vi syklar sørover forbi Nordveitgrend og Lygrepollen til Stussvik. Så vidare via Ølve tilbake til Gjermundshamn. Pris medl. kr. 1500,- ikkje-medl. kr. 1700,-. Turinformasjon: Svein Bergseth, tlf. 920 54 676
20.–21.mai Sykkeltur Kvinnherad–Fusa
21. mai Dagstur på Folgefonna
Snøkledde toppar, bløming, sund og fjord. Vi startar i Kvinnherad laurdag morgon. Dag 1 (ca. 45 km): Start på Gjermundshamn der vi leiger minibuss og skyss til Tveita, inst i Øvre Hålandsdal. Der startar sykkelturen, og vi syklar på smale og lite trafikkerte bygdevegar ut gjennom dalen til Holdhus. Vidare går turen via Eikelandsosen og Fusa til Strandvik. Her leiger vi
Opplev Folgefonna på sitt vakraste. Ein vårskitur på fonna i mai er noko alle bør få med seg. Då er snøforholda på sitt beste og ein opplever kontrastane til vår og grøne bakkar i låglandet. Turen går der snø forholda og tilkomsten er best. Ønskeruta er frå Goddalen, over Hundsøyra og til Holmaskjer. Turavg. Medl. kr. 100,- andre kr. 150,Turleiarar: Sturla Helland, tlf. 970 24 320 og Geir Ove Eikemo, tlf. 472 83 223
24.–25. juni Fjellfest og breføring Fonnabu/Folgefonna
21.–24. juli Fottur Hardangervidda vest
Vi går turen langs den historiske vandreruta Turistvegen over Folgefonna. Start frå Bondhus, via Breidablikk til Fonnabu der vi overnattar. Det vert laga til fjellfest på Fonnabu om kvelden. Neste dag går vi over Folgefonna til Holmaskjer, gjennom Støladalen og langs ridevegen ned Tokheimslia. Pris medl. kr. 1.100,ikkje-medl. kr. 1.300,- (inkl. overnatting, felles måltid og breføring). Påmelding via nettsida innan 18.juni. Turleiar: Harald Håland, tlf. 932 48 974 og Anne Kari Enes, tlf. 951 96 467
Tinnhølen–Besso–Litlos–Tyssevassbu– Tyssedal om Trolltunga. Avreise tidleg morgon frå Rosendal til Tinnhølen. Derifrå til fots til Besso turisthytte for overnatting. Neste dag vidare til Litlos og overnatting. Tredje dagen går vi til Tyssevassbu og overnattar der. Siste dagen frå Tyssevassbu via Trolltunga til Tyssedal. Pris: medl. 2.450,-. Ikkje medl. 2.650,-. Turleiarar: Ole Henrik Horn, tlf. 948 19 317 og Leif Gunnar Hovden, tlf. 957 68 135
13.–16. juli Fottur i Jotunheimen
I samband med Festidalen legg vi opp til ein fin fellestur til Geitadalstind, 1.213 moh. Turen startar frå kalkestasjonen kl. 11.00. Vi går via Låganosa og opp den spektakulære ryggen til Geitadalstind. Fantastisk utsyn over fjell, fjord, fonn og hav. Festidalen er Fjell – Rock – Kjærleik Pris: kr. 100,- for medl. Andre kr. 150,Turleiar: Kjell Yri, tlf. 488 93 150
Gjendesheim–Gjendebu–Memurubu–Gjendesheim. Vi køyrer med privatbilar frå Kvinnherad til Jotunheimen tidleg torsdag morgon. Bilane parkerer vi på langtids parkeringsplassen eit kort stykke frå Gjendesheim. Vi tar båten frå Gjendesosen og innover Gjende til Gjendebu der vi overnattar. Turen går over Bukkelægeret med overnatting på Memurubu.Neste dag over Besseggen. Overnatting på Gjendesheim og så heim igjen. Pris medl. kr. 1900,- ikkje-medl. kr. 2100,Turleiar: Tove Omdal, tlf. 481 10 087
4. august Geitadalstind, Ulvanosa
5. august Festidalen-tur til Englafjell Start frå Fet i Uskedalen. Vi går over Såto og til Englafjell, 1.200 moh. Fantastisk utsyn over fjell, fjord, fonn og hav.
Start frå Uskedalen kl 10.00. Festidalen er Fjell – Rock – Kjærleik Pris: kr. 100,- medl. Andre kr. 150,Turleiarar: Mari Teigen Varanes, tlf. 952 75 277 og Martha Sofie T. Varanes 20. august Skåneviksfjella på langs Frå Håland til Skånevik. Me følgjer fjell rekka frå Håland opp til turens høgaste punkt, Håfjellet, 937 moh., via Dalanuten. Etter Håfjell går turen slakt nedover til Litlafjellet før me legg vegen ned i dalen mot Valdraelva og kjem ned i Skånevik igjen. Stien går gjennom irrgrønt landskap som kan minna om det skotske høglandet, med små vatn langs fjellrekka. Ved fint ver byr turen på fantastisk utsikt over Å krafjorden og Kvinnheradfjella. Turen tek omlag 5 timar. Pris: medl. kr. 100,- Andre kr. 150,Turleiarar: Mari Teigen Varanes, tlf. 952 75 277 og Mona E. Røstbø, tlf. 977 22 163 3. september Kom deg ut-dagen Vi arrangerer Kom-deg-ut-dagen på Valøya ved Valen og legg til rette for blant anna grilling, fisking, natursti og padling i kanoar og kajakkar. Kvinnherad undervassklubb kjem også. Valøya er eit viktig rekreasjonsområde med kulturlandskap, stiar og badeog fiskeplassar. Tidspunkt: 12.00–15.00. Parkering ved båthamna. Følg med på nettsidene for meir informasjon. 2.–3. september Jentetur til Fonnabu Etter mange ynskje vert det på ny jentetur til Fonnabu! Start frå Sunndal kl 10.00. Vi går turen langs den historiske vandreruta Turistvegen over Folgefonna via Gardshammar og Breidablikk til Fonnabu der vi overnattar. Om kvelden lagar vi oss eit godt måltid mat saman. Deretter nyt vi solnedgang på berga utanfor hytta. Ned igjen samme vegen på søndag. For dei som ynskjer fleire spektakulære bilde frå denne turen, tek vi kanskje ein liten avstikkar på veg ned att til eit luftig utsiktspunkt. Pris medl. kr. 600,- ikkje-medl. kr. 800,-. Turleiarar: Ann Kathrin Røssland, tlf. 911 47 758 og Sangeeta Pal, tlf. 913 11 952 10. september Saksaklepp Jondal Vi startar i eigne bilar frå Rosendal tidleg 10. sept. Køyrer til Jondal og vidare vegen opp mot sommarskisenteret til Dravladalsdammen, 960 moh. Går om Bjødnafetet og opp til Saksasklepp 1491 moh. Flott utsikt. Pris medl. kr. 100,- ikkje-medl. kr. 150,-. Turleiarar: Marita Haugse Handegard, tlf. 952 75 478 og Tove Omdal, tlf. 481 10 087
6. juni Introduksjonskurs Kajakk Kurset høver godt for nybegynnarar, evt for dei som har padla ein del, men vil læra meir om sikkerheit. Introduksjon av kajakk, utstyr, enkel padleteknikk og kameratredning. Det vil vera mogleg å ta Norges Padleforbund sitt «Våttkort». Frammøte på Sunde ved skulebrygga, oppkøyrsla til skulen, kl. 1730. Kursavgift: 150,-. Våttkort: 200,- Leige av kajakk m/utstyr: 250,- Leige av våtdrakt: 50,-. Påmelding på nettsida. NB! Dersom du treng å leiga utstyr, må du avtala dette på tlf 901 87 436 (Sverre) før du melder deg på. Vi har ca 10 kajakkar til utleige. Maks. 15 deltakarar. Instruktørar: Sturla Helland, tlf. 970 24 320, Øyvind Hatteberg og Sverre Myklebust Måndag 12. juni. Rundt Kalven Oppmøte ved båthamna i Neslia kl. 17.30. Vi padlar frå Røynholm i Neslia og over til Snilstveitøy, der vi tek ein kort stopp. Vi padlar vidare gjennom Kalvsund til det gamle friluftsområdet på Kalven. Der tek vi ein kaffikopp og noko å bita i, før vi kryssar over til Røynholm igjen. Utstyr: kajakk, åre, spruttrekk og vest. Pris medl. kr. 100,ikkje-medl. kr. 150,-. Treng du leiga utstyr? Kr. 250,- for leige av kajakk, våtdrakt: 50,- (ring Sverre). Turleiarar: Øyvind Hatteberg, tlf. 957 68 144 og Sverre S. Myklebust tlf. 901 87 436. Påmelding til ein av turleiarane. 14. juni Kajakkpadling i Høylandssundet Ettermiddagstur mellom holmar og skjer i Høylandssundet. Start frå Sunde v. skulebrygga med frammøte kl. 17.30. Turen eignar seg for nybegynnarar, og vi legg opp ei rute som høver for deltakarane. Pris medl. kr. 100,- ikkje-medl. kr. 150,-. Turleiarar: Sverre Bjørnevik, tlf. 970 24 324 og Sturla Helland, tlf. 970 24 320
4.–6. august Kajakkpadling på Nærøyfjorden No har du høve til å oppleva verdsarvområde i Nærøyfjorden frå kajakk. Vi besøker fråflytta bygder som Styvi og Dyrdal. På Stigen i Aurlandsfjorden vil du få eit opphald du seint gløymer. Dette er ein heilt spesiell tur som er verd å få med seg. Vi padlar i eigne kajakkar. Pris medl. kr. 2950,- ikkje- medl. kr. 3150,-. Turleiarar: Sturla Helland, tlf. 970 24 320 og Gunnlaug T. Vågen, tlf. 959 74 438 5. august Festidalen – Introduksjonskurs kajakk – DNT Ung Oppmøte ved Sandakaien i Uskedalen Kl 10.00. Vi legg opp til introduksjonskurs til kajakkpadling og ein kortare tur. Kurset passar best for ungdom. Festidalen er Fjell – Rock – Kjærleik Påmelding på kvinnherad.dnt.no Instruktørar: Øyvind Hatteberg.
BARNAS TURLAG
PRISAR – BARNAS TURLAG Barnas turlag sine a rrangement er gratis for medlemmer. Andre kr. 50,Maks. kr. 150,- per familie.
5. februar Kom-deg-ut-dagen: Skileik i Fjellhaugen Vi preparerer eit område for skileik, hopp, aking, skigang med meir. Det er fyr på bålpanna, så ta gjerne med mat og lag til på bålet. Tidspunkt: 12.00–15.00. Parkering ved p-plass i Fjellhaugen skisenter. Følg med på nettsidene for meir informasjon. Turleiarar: Ragnhild Thorkildsen tlf: 958 37 204, Runar Braut, tlf: 481 92 608, Sverre Myklebust tlf: 901 87 436, Gøril Samland Eik tlf: 480 42 865 og Geir Arne Seglem tlf: 920 88 382 19. april Klatring utandørs på Seimsfoss Klatring på Seimsfoss (området til Rune Ljostveit). Vi er å finna på «Skoltane» som ligg på venstre sida av vegen når ein køyrer oppover i Seimshagen. Følg traktorvegen gjennom skogen på venstre hand. Følg «grasvegen» som går inn til venstre og følg stien (ikkje gå i graset). Det er naudsynt at born har med seg vaksne som kan sjå etter dei. Dersom det kjem mykje folk, kan det verta ein del venting. Oppmøte kl. 17.00. Alder: 1. kl og eldre. Turleiarar: Sverre S. Myklebust tlf 901 87 436 og Geir Arne Seglem tlf: 920 88 382 23. april Rosendal–Malmangernuten–Guddal Oppmøte kl 09.00 på P-plass ved Rosendal Fjordhotell. Vi går opp Svartedalen til der stien startar bratt opp lia. Før tregrensa går stien i utmark og blandingsskog. Mellom Høyklepp og Hjort har sherpaer frå Nepal bygd trapper for å sikra det bratte området. Etter ei god pause på toppen går turen vidare innover ryggen til vi finn stien ned til Guddal. Derifrå kan vi samordna henting av bilar i Rosendal. Turleiarar: Sverre Myklebust tlf 901 87 436 og Runar Braut tlf: 481 92 608. NB! Dersom det er for mykje snø, vert turen flytta. 26. april Klatring utandørs på Seimsfoss Same opplegg som tilsvarande arrangement 19. april. Turleiar: Ragnhild Thorkildsen tlf: 958 37 204 (Barnas Turlag) og Vigdis Gammelsæter (klatreansvarleg). 28. mai Geologidag i Steinparken i Rosendal Samarbeid med Besøkssenter Nasjonalpark og Rosendalsstiftinga. Ulike aktivitetar for vaksne og barn! Vi fyrer opp bålpanna. Ta med mat og drikke. Turleiarar: Gøril Samland Eik tlf: 480 42 865 og Runar Braut tlf: 481 92 608
21. mai Beremeis-tur til Storhaug i Uskedalen Vi følgjer skogsveg frå Haugland til Storhaug. Når vi nærmar oss toppen, held vi fram på fin sti. Flott utsikt på toppen med benkar der vi kan nyta nista. Her er det også godt høve for ulike leikar. Vi går same vegen heim att. Oppmøte kl. 10 ved p-plass Heio. Turleiarar: Gøril Samland Eik tlf: 480 42 865 og Geir Arne Seglem tlf 920 88 382 14. juni Familiedag ved Opsangervatnet, Husnes Vi legg ettermiddagsturen til Opsangervatnet. Barnas turlag stiller med kajakk og kanoar. Ta med fiskestang og redningsvest og bli med! (turlaget har nokre vestar for utlån). Oppmøte: Ved Roklubben kl. 17.0019.00 Turleiarar: Ragnhild Thorkildsen tlf: 958 37 204 og Geir Arne Seglem tlf: 920 88 382 19. august Familietur til Vardhaugselet Vi startar på skogsveg ved Søsterheimen og følgjer vegen og etter kvart sti til Vardhaugselet via Olderbotn. Etter ein lang og god pause på Vardhaugselet går vi tilbake til utgangspunktet via Nordfjell. Oppmøte ved Søsterheimen, Valen kl. 09.00.
Turleiarar: Mari Teigen Varanes tlf: 952 75 277, Ragnhild Thorkildsen tlf: 958 37 204 og Geir Arne Seglem tlf: 920 88 382 3. september Kom deg ut-dagen på Valøya, Valen Vi arrangerer Kom-deg-ut-dagen på Valøya og legg til rette for blant anna grilling, fisking, natursti og padling i kanoar og kajakkar og labyrint-orientering. Kvinnherad undervassklubb kjem også. Valøya er eit viktig rekreasjonsområde med kulturlandskap, stiar og bade- og fiske plassar. Tidspunkt: 12.00–15.00. Parkering ved båthamna. Følg med på nettsidene for meir informasjon. Turleiarar: Ragnhild Thorkildsen tlf: 958 37 204, Geir Arne Seglem tlf: 920 88 382, Sverre Myklebust tlf: 901 87 436, Runar Braut tlf: 481 92 608 og Gøril Samland Eik tlf: 480 42 865 4. desember Adventstur med forfattarbesøk til Sjethaug i Rosendal Vi går frå Kvinnherad Kyrkje kl. 17.00. Forfattar Anders Totland les medan store og små kan kose seg med gløgg. Det er fyr på peisen om nokon vil grilla noko til kvelds. Turleiar: Ragnhild Thorkildsen tlf: 958 37 204 og Sverre Myklebust tlf: 901 87 436
Aktivitetar som ikkje er fastlagde, men som vi kan ta litt undervegs/på impuls: Januar–mars: Skeising. Lågterskeltilbod som vert annonsert dersom det er is. (Opsangervatnet, ungd. skulen i Rosendal, ev. andre stader). Turleiar: Sverre Myklebust tlf: 901 87 436 Vert annonsert på k vinnherad.dnt.no
1. mars Postvegen Husnes–Herøysund Seniorgruppa opnar 2017-sesongen med ein fin tur på den nordre delen av postvegen i Kvinnherad, ein del av «Den Stavangerske Posttour». Vi samlast ved HSD-garasjen på Husnes kl. 10.00. Turkarakter: GRØN – Lett tur
Turavgift: Kr. 50,Turleiarar: Steinar Kroka – 957 68 180 og Kjell Ivar Bjørgen – 959 74 654 15. mars Ravnakulten, Halsnøy Denne onsdagen går turen til Halsnøy der vi med utgangspunkt i Høylandsbygd tek turen til Ravnakulten. Frammøte ved rundkøyringa i Podlen (Opsangervatnet) kl. 09.45 for samordning av transporten vidare. Halsnøybuar kan møta i Høylands bygd kl. 10.00. I Høylandsbygd set vi bilane på parkeringsplassen som er laga til ved Radiohålo (køyr forbi vegen som går opp til
skulen og ta veg til høgre der du har ei løe/ ein rideplass på venstre hand, står skilt til Radiohålo). På denne turen er det ein del fuktige område, tenk gode sko. Turkarakter: BLÅ – Middels tur
Turavgift: Kr. 50,Turleiarar: Kjell Ivar Bjørgen 959 74 654 og Jan Martin Skaaluren 917 26 614 29. mars Postvegen Åkra–Hillandsdalen Frammøte ved Landa i Omvikdalen kl. 09.00 for samordning av transporten vidare og avtala parkering i Åkra. Vi har avtala med Kjell Eikemo å vera med som kjentmann, og han vil orientera undervegs. Turen går i lett terreng, tidsbruk blir ca. 4 timar. Turkarakter: BLÅ - Middels tur
Turavgift: Kr. 50,Turleiarar: Kjell Ivar Bjørgen 959 74 654 og Marita Handegard 952 75 478
19. april Gråskallen Parker ved Grendahuset i Herøysund/ Bringedalsbygda der vi møter kl. 10.00. Turen startar med nokre meter på asfalt før vi tek inn på stien mot Gråskallen. Det er noko varierande underlag oppover lia, og nokre stader litt vått, men det er relativt lett stigning. Lengda på turen er totalt ca. 8 km, og vi reknar med å bruka ca. 4 timar på turen. Turkarakter: BLÅ - Middels tur
Turavgift: Kr. 50,Turleiarar: Kjell Ivar Bjørgen 959 74 654 og Jan Martin Skaaluren 917 26 614 3. mai Postvegen Etne–Skånevik Det blir mykje postveg for seniorane i 2017. Denne onsdagen tek vi turen til nabo kommunen Etne for å gå postvegen mellom Etne og Skånevik. Dette er også ein del av «Den Stavangerske Posttour». Frammøte på Utåker kl. 09.00 for å ta ferja kl. 09.20
SENIORGRUPPA
til Skånevik. Derfrå blir det buss til Etne, den er framme kl. 10.40. (Deltakarne betalar sjølve ferje- og bussbillett). Lengde på fotturen er ca. 8 km, høgdeskilnad ca. 600 meter, tidsbruk vel 4 timar (litt avhengig av kor lange pausar vi tek). Ferje tilbake frå Skånevik kl. 15.45 (eller kl. 17.05). Turkarakter: BLÅ - Middels tur
Turavgift: Kr. 50,Turleiarar: Tor Sandvik 908 43 154 og Kåre Haugse 482 27 242 24. mai Holsete, Strandebarm I dag tek vi turen til nabokommunen Kvam for å gå ein tur til Holsete i Strandebarm. Frammøte på parkeringsplassen ovanfor kaien i Rosendal kl. 08.30 for samordning av transporten vidare. Ferje frå Årsnes kl. 09.00. Vi køyrer til Fosse der vi tek av til Haukås der bilane skal parkerast. Turen går innover på traktorveg og sti i lett terreng til Holsete som er ei setergrend som ligg ved
Holsetevatnet 398 moh. Etter ein kaffipause går vi same vegen tilbake. Samla turlengde er ca. 7 km, relativt liten høgdeskilnad.
eretter blir det ca. 3,5 km på sti, siste D delen på myr. Samla stigning ca. 470 meter.
Turkarakter: GRØN - Lett tur
Turavgift: Kr. 50,Turleiarar: Steinar Kroka 957 68 180 og Jan Helge Opsanger 995 74 139
Turavgift: Kr. 50,Turleiarar: Kåre Haugse 482 27 242 og Steinar Kroka 957 68 180 27. mai–3. juni Dolomittene, Italia Her skal turdeltakarane bu fast på eit 4-stjerners hotell og gå dagsturar i området. Sjå turlaget si heimeside om detaljar og påmelding. 7. juni Furebergsdalen Frammøte på parkeringsplassen ovanfor kaien i Rosendal kl. 09.30 for samordning av transporten vidare. Etter biltur innover fjorden, parkerer vi ved Fureberg gard innanfor Furebergsfossen. Første del av turen går på traktorveg knappe 2 km.
Turkarakter: BLÅ/RAUD - Middels tung tur
21. juni Bjellandsbu Denne onsdagen går seniorturen frå Storebjørnsli om Sandvatna til hytta Bjellandsbu ved Bjellandsnuten. Vi møtest på Landa i Omvikdalen kl. 09.00 for samordning av transporten vidare til Storebjørnsli (ca. ein halvtimes køyring). Turen går i idyllisk fjellterreng med 680 meter samla stigning. Vi reknar med å bruka 6 timar tur/retur, men det er mogeleg å snu kva tid som helst. Turleiarane Kåre Eik 957 84 842 og Hermund Fenne 917 03 488 står til teneste med meir informasjon. Ved dårleg ver kan turen bli endra eller avlyst, kontakt turleiarane for status dersom du er i tvil. Velkomen til ein uvanleg fin midtsumartur i Kvinnherad- og Etnefjella. Turkarakter: BLÅ - Middels tur
Turavgift: Kr. 50,Turleiarar: Kåre Eik 957 84 842 og Hermund Fenne 917 03 488 9.–10. august Overnattingstur Gullhorgabu, Bergsdalen Tur til Gullhorgabu. Vi køyrer om Voss og Bulken til Hamlagrøvatnet, vidare forbi Hamlagrøosen fram til Småbrekke der vi parkerer. Gullhorgabu ligg ved Bergsdalen ca. 3 timars gange frå bilvegen. Gullhorgabu har fått namn etter fjellet Gullhorga som ragar 1.020 moh. ved Nedsta Gull tjørna som ligg på ca. 850 moh. Gullhorgabu er eit knutepunkt for fleire turruter. Bergen og Hordaland Turlag hadde frå før fem hytter i området. Gullhorgabu er den sjette og knyter heile området saman i eit T-merka rutenett med høve til store variasjonar. Litt praktisk: Hytta: Gullhorgabu er ei sjølvbetjeningshytte. Vi må ha med oss lakenpose eller sovepose. Proviant kan kjøpast på hytta, men vi må ha med oss brødmat. Påmelding: For denne turen må vi ha påmelding på nettet. Transport: Vi køyrer frå Kvinnherad onsdags morgon. Turleiarane gjev melding til dei som er påmeldte om tidspunkt og muleg samordning av transport. Transportkostnader må dekkast av deltakarane. Pris: medl. kr. 700,- andre kr. 900,-. Dette dekkjer overnatting og mat på hytta. Turleiarar: Jan Helge Opsanger 995 74 139 og Rita Martens Meyer 901 87 045 14.–18. august Longyearbyen, Svalbard Denne turen er fullteikna.
Påmelding via nettsida kvinnherad.dnt.no Meir informasjon om turane får du ved å kontakta turleiar.
23. august Norddalen, Gjetingsdalen I dag går turen til eit område som er ukjent for mange: Norddalen. Frammøte ved parkeringsplassen ovanfor kaien i Rosendal kl. 09.30 for samordning av transporten vidare. Deretter køyrer vi til garden Bakke i Gjetingsdalen., ca 250 moh. og parkerer. Første del av turen går på traktorveg og deretter på sti. Lengda på heile turen er ca. 8 km, høgdeskilnad 300 meter.
går forbi dammen ved Svartedalsvatnet og langs den varda stien som går mot Hundsøyra. Ved Hardingeskaret svingar vi til høgre og går mot Bukkaspelsvatna (1.064 moh.) og Pyttafloene (1.159 moh.). Her er det eit relativt flatt område. Før siste oppstiginga til Juldalsknotten (1.123 moh), ser vi ned det bratte Juldalsgilet. Lengda på heile turen er 11–12 km, høgdeskilnad ca. 400 meter.
Turkarakter: BLÅ – Middels tur
Turkarakter: BLÅ – Middels tung tur
Turavgift: Kr. 50,Turleiarar: Steinar Kroka 957 68 180 og Jan Martin Skaaluren 917 26 614
Turavgift: Kr. 50,Turleiarar: Tor Sandvik 908 43 154 og Rita Martens Meyer 901 87 045
28. august–1. september, Rondane Detaljar vert fastlagde seinare. Informasjon vert lagt ut på kvinnherad.dnt.no
4. oktober Vatnasetvatnet, Herand Frammøte i Rosendal kl. 09.00 på parkeringsplassen ovanfor kaien. Vi køyrer til Herand i nabokommunen Jondal. Der vil turen gå på skogsveg og sti i lett skogsterreng fram til turmålet Vatnaset vatnet 541 moh. Returen tilbake til bilane vil vi prøva å leggja i ein annan trasé slik at vi får ein fin rundtur. Lengda på heile turen er ca. 8 km, høgdeskilnad 400 meter.
6. september Vikastølane Frammøte på Landa, Omvikdalen kl. 09.30 for samordning av transporten vidare. Turen startar frå Fjellhaugen Skisenter kl. 10.00, deltakarane kan ev. møta der. Første del av turen er litt bratt mot sørvest opp frå skisenteret til ca. 660 moh., deretter går vi ned til Bergstølsvatnet 594 moh. Stien går vidare på vestsida av Bergstølsvatnet, deretter passerer vi Steinsvatnet og kjem fram til den idylliske Vikastølen (590 moh.) som ligg ved Stølsvatnet. Lengda på heile turen er ca. 8 km (2x4), høgdeskilnad 160 meter. Turkarakter: BLÅ – Lett/Middels tur
Turavgift: Kr. 50,Turleiarar: Jan Helge Opsanger 995 74 139 og Marita Handegard 952 75 478 20. september Juldalsknottane Frammøte på parkeringsplassen ovanfor kaien i Rosendal kl. 09.30 for samordning av transporten vidare. Vi køyrer til Nordrepollen og opp til Markjelke. Turen
Turkarakter: BLÅ – Middels tur
Turavgift: Kr. 50,Turleiarar: Marita Handegard 952 75 478 og Tor Sandvik 908 43 154 18. oktober Mosdalsbu, Tyssedal Frammøte på parkeringsplassen ovanfor kaien i Rosendal kl. 09.00 for samordning av transporten vidare. Vi køyrer til Skjegge dal der vi parkerer bilane ved Ringedalsvatnet (464 moh.). Turen går på god sti opp frå Ringedalsvatnet til Mosdalsbu (1.010 moh.), den ligg på nordsida av Mosdalsvatnet. Det er eit frodig og fint fjellterreng rundt hytta, og i Mosdalsvatnet er det bra med fisk. Ein må rekna å bruka vel 2 timars gange fram til hytta. Mosdalsbua er bygd av Odda kommune, og det er muleg å kjøpa proviant der. Turkarakter: BLÅ – Middels tur
Turavgift: Kr. 50,Turleiarar: Jan Helge Opsanger 995 74 139 og Steinar Kroka 957 68 180 1. november Myrdalsvatnet Frammøte på parkeringsplassen på Kletta i Rosendal kl. 10.00. Dette blir siste aktiviteten for seniorgruppa i 2017. Turen går på god grusveg heilt inn til Myrdalsvatnet, ca. 5 km. Der blir det kaffipause før retur. Dersom det ikkje er for mykje vatn, vil vi ta heimturen på andre sida av elva (Skålasida). Første delen av denne går på sti (kan vera delvis blautt). Lengda på heile turen er 10 km, høgdeskilnad 200 meter. Turkarakter: BLÅ – Lett/Middels tur
Turavgift: Kr. 50,Turleiarar: Jan Martin Skaaluren 917 26 614 og Kjell Ivar Bjørgen 959 74 654
FJELLTRIMKORT Eit turopplegg av Kvinnherad Turlag Pris: kr. 50,- som du betaler ved innlevereing av kortet innan 1. november til Sport 1 Husnes eller Sport 1 Rosendal.
Namn: ������������������������������������������������������������������������ Adresse: ��������������������������������������������������������������������� Alder:......... Tlf.:......................................... År: 2017
Kvinnherad Turlag, idrettslaga i Kvinnherad, Bedrifts idrettslaget Søral og lokale bygdelag har lagt ut registreringsbøker og klyppetenger på 16 ulike turmål. Kommunen er inndelt i åtte ulike område med to turar i kvart av dei. Registrer deg på minst fem turmål – i tre ulike område. Då har du greidd kravet til fullført fjelltrim. Lever kortet til Sport 1 Husnes eller Sport 1 Rosendal. Du kan òg senda det til Svein Bergseth, adr. Ølfernes 5453 Utåker. innan 1. november. Det vert premiering av dei yngste trimmarane og utmerkingar til dei som har fullført Kvinnherad Fjelltrim fem, 10 eller 15 sesongar. GOD TUR!
13–14. mai Raundalsryggen Me køyrer heimanfrå laurdag morgon. Må få bil inn mot Reimegrend/Voll. Ut att og start ved Fenne. Opp mot Skipadalsnuten, der me må finna høveleg teltstad Fjellsportgruppa er ei av undergruppene i Kvinnherad turlag. Vår langstrakte kommune gir oss eit hav av moglegheiter til å boltre oss i naturen. Fjellsportgruppa har sidan starten av Kvinnherad turlag gjennomført turar i eit breitt spekter, alt frå lange ski- og fotturar utanfor oppmerka ruter, toppturar sumar og vinter, brevandring og klatring.
Dato
1 Utåker–Valen
Ulvanosa (Høgetinden)
Feto (Dagsturhytta Handelandsdalen)
Dato
2 Husnes–Herøysund
Mjelkhaug Gråskallen
8.–9. juli Tur til Laurdalstind
Dato
Vi møtest utanfor banken i Rosendal kl 16.00 og køyrer inn i Muradalen der vi går opp den gamle buførestien til stølane i Bjørndal – opp mot Skar. Vi tar av frå stien og følgjer ein liten sti opp mot Vetle Laurdal, krysser elva og går opp ryggen på Laurdalstind. Laurdalstind er det midtarste av dei tre fjella ein ser frå Rosendal og er eit lite besøkt fjell. Det har ein luftig passasje to plassar, og vi tar med tau til sikring. Vi får eit fantastisk utsyn frå toppen, både innover Rosendalsalpane og utover fjorden. Vi søv ute under open himmel på toppen! (Turen vert avlyst/endra dersom veret er for dårleg). Maks. 15 deltakarar. Turleiar: Vigdis Gammelsæther, tlf. 906 07 896
Kviteggjo
3 Uskedalen–Omvikdalen
Geitadalstinden Dato
4 Rosendal–Løfallstrand
Melderskin Skålafjell Dato
5 Ænes–Mauranger
Ænessetra Breidablikk
!
Tog frå Voss til Hallingskeid fredag kveld. Overnatting her. Skitur over Vossaskavlen og ned til Kaldevasshytta laurdagen, ca. 11 km. Søndag over til M yrdalen og vidare ned til Myrdal stasjon, ca 6 km og retur med toget til Voss. Noko krevjande skitur, der me må ha med oss alt av utstyr og proviant. Pris: medl. kr. 1000,- andre kr. 1200,-. Turleiarar, Harald Håland, tlf 932 48 974 og Jarle Røstbø, tlf 992 97 383
Kart: Folgefonna-Hardangerfjorden 1:100.000 eller M-711-serien: Husnes, Kvinnherad, Varaldsøyna, Odda, Fjæra og kartet Folgefonna nasjonalpark 1:50.0000.
for overnatting. Vidare og ned til Voll søndagen. Undervegs er det vidt utsyn: Hardangerjøkulen, Folgefonna, fjella v. Rosendal, Fresvikbreen, for å nemna nokre. Krevjande tur, ca 25 km, 1.900 høgdemeter og med oppakning. Turleiarar, Harald Håland, tlf 932 48 974 og Jarle Røstbø, tlf 992 97 383
Klypp ut slippen
31. mars–2. april Skitur Hallingskeid– Kaldevass–Myrdal
Dato
6 Varaldsøy–Hatlestrand/Ølve
Varden (Varaldsøy)
Blånuten (Hatlestrand/Ølve)
Dato
7 Fjelberg–Halsnøy
Borgundnuten Tjodbergshaugen Dato
8 Matre–Åkra
Ingahogg Svelgabreen/Botnabreen
Klypp
KORLEIS FINNA FRAM TIL TURMÅLA
3 Uskedalen–Omvikdalen Ulvanosa/Geitadalstinden 8 t. (Nordre topp av Ulvanosa). Start frå P-plass ved brua på øvre Haugland. Følg skogsbilveg til kalkestasjonen og T-merkt sti vidare. Kviteggjo 3 t. Start ved Nistovetunet på Hjelmeland i Omvikdalen. Skilt ved fylkesvegen viser opp til parkering ved ny stor fellesfjøs, Revuro. Følg skogsvegen til endes til skilting og T-merking over lita bru.
5 Ænes–Mauranger Breidablikk 8 t. Start frå P-plass ved inngangen til Bondhusdalen. Følg merking mot Fonnabu/Breidablikk. Ænessetra 2 t. Parkering ved kyrkja på Ænes. Følg skogsvegen langs kyrkjegarden inn dalen. 6 Varaldsøy–Hatlestrand/Ølve Varden (Varaldsøy) 3 t. Start frå P-plass ved Øvsthus-garden. Avtal gjerne parkering med folk på staden. Blånuten (Hatlestrand/Ølve) 2,5 t. Start frå P-plass ved opplagsplass for tømmer ved Tveitane. Først på skogsveg, deretter spesielt fint opparbeidd sti. 7 Fjelberg/Halsnøy Borgundnuten (Fjelberg) 3 t. Start frå ferjekaien på Borgundøy. Set gjerne bilen att på Sydnes, ta ferja over og følg bilvegen oppover til høgste punkt. Derfrå til høgre inn på skogsveg til P-plass og sti til toppen. Tjodbergshaugen (Halsnøy) 3 t. Ta av frå vegen til Sydnes ved skilt til Tjodbergshaugen og skytebanen. 30 meter inn til P-plass med informasjonstavle og merkt sti.
SÆBØVIK
8 Matre–Åkra Ingahogg 3 t. Start frå Fjellhaugen Skisenter. Merkt frå toppen av s kitrekket. Svelgabreen/Botnabreen 6 t. Start frå P-plass 150 m før vegenden ved kraftstasjonen Blåfalli IV i Blådalen. Ved overløp frå Møse vatnet kan det vera vanskeleg å kryssa elva ned til Midtbotnvatnet. Gå då over brua ved overlaupet frå Møsevassdammen. Hjelp oss med å halda skilting og merking ved like! Ver gild å melda frå til styremedlemmer i turlaget dersom du oppdagar noko gale med merkinga, klyppetengene eller registreringsbøkene.
4 Rosendal–Løfallstrand Melderskin 7 t. TURVIT! Vern om naturen! Start frå P-plass på Kletta i Rosendal. Mange av turane passerer innmark og beite. Vis omsyn Skålafjell 2/3 t. til beitande dyr. Lat att grindar 2 t. frå Bjørke. og hald hunden i band! P-plass ved Kvinnherad kyrkje. GOD TUR!
BESØK NETTSIDA VÅR kvinnherad.dnt.no Der finn du meir informasjon om turar, aktivitetar og påmelding.
Grafisk produksjon: Kvinnheringen, Husnes. Foto: Vigdis Gammelsæter, Sigve Solheim, Jarle Røstbø, Ann Kathrin Røssland, Kåre Eik, Nils Gausvik og Anne Kari Enes.
2 Husnes–Herøysund Mjelkhaug 4/5 t. 4 t. frå P-plass der informasjonstavle for Husnes er oppsett ved Hellandsbrua. 5 t. frå P-plass ved Søsterheimen,Valen. Gråskallen 3 t. P-plass ved Grendahuset i Bringedalsbygda. Følg skilting frå bygdevegen opp vegen til Vassverket der den T-merkte stien startar. Det er bilveg til vassverket, men vanskeleg å parkera langs vegen.
Husnes
!
1 Utåker–Valen Ulvanosa/Høgetinden 6 t. Start ved Ternebu i Tveitedalen. Frå P-plassen følgjer ein lysløypa (skogsveg) 1,2 km innover på høgre sida av Bakkastølsvatnet og deretter langs elva til inste brua. Ta til høgre i krysset Englafjell/Ulvanosa eit par hundre meter etter siste bru/lysmast i lysløypa. Feto i Handelandsdalen 1 t. Start ved Handeland gard. For parkering kjør gjennnom gardstunet til P-plass i skogkanten bak garden. Følg skogsvegen langs den stilleflytande elva til Feto med ope grillhus.
3 t. frå P-plass ved starten på skogsvegen i Neslia.
Klypp ut slippen
Dei oppgjevne tidene gjeld gangtid tur/retur i vanleg turtempo, pausar kjem i tillegg. Informasjonstavle med ruteomtale og kart er oppsett ved startpunkta/P-plassene. Informasjon om turmåla er også å finna i faldaren med dei 69 merkte turane i Turstiprosjektet i Kvinnherad. Meir detaljert informasjon og planleggingskart for kvar einskild tur på nettsida: tursti.kvinnherad.no