KLYVA-LY
Dagturhytte Sogn og Fjordane
Innhaldsliste
Dagturhytta Klyva-ly Illustrasjonar
s. 3-5
Plan
s. 6
Snitt
s: 7
Fasader
s. 8
Illustrasjonar
s. 9-11
Aktivitetssirkel
s. 12
2
Dagturhytta Klyva-ly Dagturhytta skal ha ei enkel form som gir assosiasjonar til gamle sel som ein finn mange av i Sogn og Fjordane. Den eine gavlen har eit stort vindauge. Den eine langsida er heilt lukka utan glas. Kledning er vedlikehaldsfri malmfuru eller tilsvarande som vil få ein gråfarge. På dei to motsette sidene vil det bli ein synleg konstruksjon, eit ribbeverk som ein kan nytte til å klatre på, eller gjera enkle styrkeøvingar. Vi ønskjer at hytta skal inspirere til aktivitet ut over det at den er ein plass å gå til. Ribbeverket har platekleding på innside. Dette kan vera tette felt eller transparente felt som slepp lyset igjennom. På sidene med ribbeverket er veggen dratt inn slik at den dannar ein benk under tak. Ribbeverket går igjen inne og dannar ein hems som ein kan klatre opp til. Ribbene vert og oppheng for plansjar og hylle for bøker.
3
illustrasjon
4
Klyva-ly er her plassert pĂĽ Kaupanger med utsikt over Amlabukta og Bleia
5
Plan
Hems
15,5 m² Stige
Benk
Plansjer
Utvendig benk
Bokhyller Snitt b-b
Snitt a-a 1:50
6
Snitt
Snitt a-a 1:100
Snitt b-b 1:100 7
Fasader 1:100
1
2
3
4 8
Fleksibilitet Innvendig skal ribbeverket nyttast til å henge opp plansjar og stille fram bøker. Ribbeverket vert stigen opp til hemsen, og dannar ulike romsoner. Ribbeverker er fleksibelt og kan ha ulik passering.
Veggplatene er fleksible og kan variere mellom tette og transparente felt. Plassering og mengden tette felt kan tilpassast tomta og landskapet rundt dei ulike dagsturhyttene.
Ribbeverket er konstruksjonen i to av veggene. Dette er eksponert utvendig, og skal brukast aktivt til å klatre på og til å gjera øvingar på. Det er dette ribbeverket veggplatene vert montert til.
Hovedvolumet er fast med ein gavlvegg, ein langvegg og tak. Denne gavlveggen har eit stort vindauge som gjerne kan ligga mot ein flott utsikt. Langveggen i hovedvolumet er heilt lukka. Materialet i hovedvolumet er trekledning i vedlikeholdsfri malmfuru eller tilsvarande som vil få ein grå farge lik dei mange sela som ein finn i Sogn og Fjordane. Hovedvolumet er likt i alle dagturhyttene men kan speglvendast for å tilpasse seg situasjonen.
9
10
11
Klyva-ly aktivitetssirkel
”Hytta skal vere ly for ver og vind på både familietur og treningstur” Vi ønskjer at hytta skal vera ei oppleving i seg sjølv. Den skal takast i bruk til klatring for barn eller enkle styrkeøvingar for den som har hytta som mål for trimturen sin. Me ser for oss at det kan henga ein plansje med 6 enkle øvingar som viser korleis ein kan nytte ribbeverket til styrkeøvingar. 12