


«Alle saman tel» · ISBN 978-82-8460-003-1 · Tekst og illustrasjon: Kristin Roskifte · © Magikon forlag 2025 · 1. opplag Omsett frå bokmål til nynorsk av Helge Torvund · Originaltittel: «Alle sammen teller» · Formgiving: Svein Størksen Trykk: Livonia, Latvia · Papir: Arctic Volume White 150g · Sats: DIN Regular 12/15 · Utgitt med støtte frå Norsk kulturfond, Norsk illustrasjonsfond og Grafill · Magikon forlag, Fjellveien 48A, N-1410 Kolbotn, Noreg · www.magikon.no



Eitt menneske. Han ligg og tel hjarteslaga sine. Han lurer på kor mange menneske som ser på dei same stjernene nett no.

To menneske på tur i skogen. Ein av dei seier noko som den andre vil hugsa resten av livet.

personar på ein sigerspall.


Fem menneske i ein familie. Tre av dei elskar å lesa bøker. Éin har ein hemmeleg kjæraste.

Seks menneske i ein heis. Ein av dei er redd for å gå glipp av noko. To kjenner seg einsame.

Sju personar i ein vitnekonfrontasjon. Fire av dei har aldri gjort noko gale. Alle er redde for å verta peika ut.

Åtte personar i ein gymtime. Alle er redde for å bli valde sist til kanonballaget. Éin gler seg til bursdagen til systera si.




Tolv personar i eit bursdagsselskap. To tenkjer at tida går altfor fort. Éin tykkjer det er altfor lenge til sin eigen bursdag.
