Otra Kraft

Page 1

Informasjonsbrosjyre Brokke Nord og Sør, Skarg kraftverk.


Meir fornybar energi frå Setesdal Otra Kraft DA byggjer Brokke Nord og Sør, Skarg kraftverk – det største vannkraftprosjektet på Sørlandet sidan 1995. – Me er glade for å vere i gang. Ikkje sidan

Otteraaens Brugseierforening har

– Utbygginga er etterlengta. Bykle kom-

me bygde Hekni kraftverk på midten av

konsesjonen på Brokke Nord og Sør, og

mune har vore positiv til desse planane i 25

90-talet har det vore større kraftutbyg-

Otra Kraft DA har konsesjonen på Skarg

år, så me helsar dette prosjektet velkomen

gingar på Sørlandet, seier kraftverksdirek-

kraftverk og Dam Sarvsfossen. Anlegga

og er veldig glad for at det kjem i gong.

tør Reidar Ove Mork i Otra Kraft DA.

skal vere i drift våren 2014.

Utbygginga vil få særs store ringverknader

Selskapet investerer omlag 900 millionar kroner i prosjektet.

Straum til 9000 einebustadar Brokke Nord og Sør, Skarg kraftverk omfatter bygging av ein ny dam, eit nytt kraftverk og fleire tunnelar nord og sør i Bykle og Valle. Utbygginga vil auke kraftproduksjonen i Otravassdraget med 175 GWh, tilsvarande straumforbruket til rundt 9000 einebustadar. Prosjektet er stort i norsk målestokk. 20 kilometer tunnel og ni bekkeinntak skal syte for at meir vatn finn vegen til turbinane i dei eksisterande kraftverka Brokke og Hekni. I tillegg skal det byggjast eit nytt kraftverk på Skarg i austenden av Botsvatn. For å auke trykket i Skarg kraftverk vert det bygd ein dam i Sarvsjuvet. Dammen, som blir 50 meter høg og 150 meter brei, vil heve vasstanden med 40 meter.

Gamle planar

for kommunen i form av auka inntekter, betre infrastruktur og vonleg auka buset-

Planlegginga av Brokke Nord/Sør starta

ting under og etter anleggsperioden, seier

på 80-talet, og konsesjonssøknaden vart

ordførar Jon Rolf Ness i Bykle.

sendt allereie i 1986. Av ulike årsaker vart ikkje konsesjonen gjeven før i 2003. Dei siste åra har økonomien i prosjektet vorte diskutert fleire gonger. Den nye

Valle-ordfører Tarald Myrum er også glad for utbygginga og trur på positive ringverknader.

elsertifikatordninga, som kom på plass

– Me er glade for at arbeidet er i gong. Det

frå årsskiftet, gjer økonomien god nok

skaper store ringverknader i Valle, blant

til at prosjektet vert realisert.

anna gjennom viktige jobbar for lokale

– Prosjektet er bra for klimaet, for Noregs satsing på fornybar energi, for vertskommunane, for grunneigarane og for eigarane av Otra Kraft – det siste vil i praksis seie alle kommunane på Agder og i Grenland, samt staten gjennom Statkrafts eigarskap, seier Mork.

Positive vertskommunar Både Bykle og Valle helsar utbygginga av Brokke Nord/Sør velkomen.

underentreprenørar og einskildpersonar. Det er ikkje ofte det vert investert nesten ein milliard kroner i vårt område. Eg vonar utbygginga gjer det mogleg for enkelte i denne sektoren å orientere seg tilbake til Setesdal og slå seg til ro. I Valle håpar me på både økonomisk stimulans og ei auke i busetnad, seier Myrum.

Her i Sarvsjuvet skal det byggjast ein dam. Det gleder (f.v.) ordførar Jon Rolf Næss i Bykle, ordførar Tarald Myrum i Valle og kraftverksdirektør Reidar Ove Mork i Otra Kraft DA .




Brokke Nord I Brokke Nord vert det sprengt ut ein tunnel på 10,8 kilometer. Tunnelen skal føre vatn til magasinet ved Dam Sarvsfossen. Vatnet kjem frå inntak i Bjørnarå elv og frå Blautgrjotbekken, Løyningsbekken, Opestøylbekken, Bjorbekken og Stemtjønnbekken. Vatnet frå tunnelane utgjer rundt 30 prosent av det totale tilsiget til magasinet ved dammen. Tunnelane i Brokke Nord er 22 kvadratmeter store, dei er omtrent 4,5 meter breie og 5,5 meter høge. Tunnelane vert drivne frå eit tverrslag i Bjørnarådalen og Bjorbekken.



Brokke Sør I Brokke Sør skal ein sprengje ut ein 7,13 kilometer lang tunnel for å føre meir vatn til Brokke kraftverk. Vatnet kjem frå inntak i Strendetjørnbekken, Lisle Myklevatn og Fjellskarå. Tunnelen vert kopla saman med den eksisterande tunnelen ved Farå. I tillegg vert det laga ein tunnel på 750 meter for å overføre Strendetjørnbekken til Lisle Myklevatn. Tunnelane i Brokke Sør er 15 kvadratmeter store, dei er omtrent 3,5 meter breie og 4,5 meter høge. Massen frå tunnelane blir lagt i fleire tippområde som vert tilpassa terrenget. Den lange tunnelen vert driven frå tverrslag på Fjellskarå.


Dam Sarvsfossen Otra Kraft DA skal byggje

Dam Sarvsfossen

i Sarvsjuvet like ved Bykle sentrum. Dammen blir 50 meter høg og 150 meter brei, og hevar vasshøgda i Sarvsjuvet med 40 meter. Dammen vert støypt i betong og er ein dobbeltkrumma kvelva dam, det vil seie at han krummar både horisontalt og vertikalt. På dammen vert det reist ei bru og det blir bygt bilveg fram til Stavenes, aust for Otra. Brua skal ha infrastruktur for fiber, straum, vatn og avlaup. Med det er det lagt til rette for framtidig utbygging i området. Magasinet i Dam Sarvsfossen tek rundt 600 000 kubikkmeter vatn. Med normalt tilsig vert magasinet fylt opp på 14 timar. Magasinet leverer vatn til Skarg kraftverk som vil produsere 69 millionar kilowattimar.



Skarg kraftverk Skarg kraftverk vert plassert i austenden av Botsvatn, like ved utlaupet av den 4451 meter lange tunnelen frå Sarvsjuvet. Frå 1976 har denne tunnelen ført Otraelva frå Sarvsjuvet, under Bykle sentrum og ned i Botsvatn. Vassmengda og trykket i tunnelen vil auke markant når Dam Sarsvfossen står ferdig. Dammen hevar vasshøgda i Sarvsjuvet med 40 meter. Fallet til Botsvatn aukar tilsvarande, totalt 80 meter, og dermed er det mogleg å produsere straum. Skarg kraftverk skal ha to turbinar, og dei skal stå vertikalt. Turbinane kjem til å produsere 69 GWh i året, nok til å dekkje straumbehovet til rundt 3500 einebustader. Kraftverket vert kopla til både regionalnettet og distribusjonsnettet, og dette styrkjer tilførsla av straum i Setesdal. Skarg kraftverk vert omtrent så stort som ei bustadblokk på ti etasjar, men meir enn halvparten av kraftverket kjem til å liggje under bakken.



Tunnelane I Bykle og Valle

vert det sprengt ut eit

tunnelsystem på 20 kilometer. Målet er å føre meir vatn til dagens kraftverk og det nye kraftverket. Vatnet som renn gjennom dei nye tunnelane vil auke produksjonen i Otravassdraget med rundt 175 GWh i året, fordelt på 69 GWh i Skarg kraftverk, 102 GWh i Brokke kraftverk og 4 GWh i Hekni kraftverk.



Tidslinje start

slutt

Brokke Nord og Skarg kraftverk Overføringstunnel fra Bjørnarå til dam Sarvsfossen Tunneldriving

apr 2012

feb 2014

Inntakskonstruksjonar

jun 2012

nov 2013

Andre arbeid og nedrigging

feb 2014

aug 2014

Overføringstunnel klar for vassfylling

14.04. 2014

Dam Sarvsfossen Førebuande arbeid

apr 2012

sep 2012

Betongarbeid

sep 2012

apr 2014

Andre arbeid og nedrigging

apr 2014

jun 2014

Dam klar for vassfylling

07.04. 2014

Skarg kraftverk Tunneldriving

apr 2012

jan 2013

Installasjonar i tunnelane

jan 2013

apr 2014

Grunnarbeid

apr 2012

aug 2012

Byggarbeid

aug 2012

apr 2014

Elektro og mekaniske arbeid

feb 2013

jun 2014

Klar for prøvedrift Prøvedrift

09.06.2014 jun 2014

Klar for ordinær drift

sep 2014 09.09.2014

Brokke Sør Overføringstunnel frå Lisle Myklevatn til tillaupstunnel frå Farå

apr 2012

feb 2014

Overføringstunnel frå Strendetjørnbekken til Lisle Myklevatn

apr 2013

aug 2013

Inntakskonstruksjonar og dam

jun 2012

jan 2014

Andre arbeid og nedrigging

feb 2014

jul 2014

Overføringstunnelar klar for vassfylling

05.05. 2014


Sarvsjuvet


Erfarne prosjektfolk leiar utbygginga Prosjektleiar Harald Kjetil Glendrange (54) og hovudbyggjeleiar Tom Lohne (58) står i spissen for utbygginga til Otra Kraft i Bykle og Valle.

Begge er erfarne prosjektfolk som vil

Glendrange pendlar kvar veke frå heim-

vere til stades på anlegga fram til pros-

staden Luster i Sogn og Fjordane, mens

jektet er sluttført i 2014.

Lohne reiser heim til Søgne i Vest-Agder

– Dynamikken i prosjektet gjer dette til

kvar helg. I veka bur begge i Bykle.

ein utruleg spennande jobb. Her skjer

– For prosjektleiinga er det viktig å vere

det noko heile tida og ingen dagar er

til stades på anlegga. Me må vere der det

like, seier Glendrange.

skjer, seier Glendrange.

Han er ein mann for dei store prosjekta.

Han skildrar tidsplanen for utbygginga

Dei siste fem åra har han leia utbyggin-

som stram, men realistisk. 28. april 2014

ga av Saudaprosjektet, Elkem si utbyg-

skal anlegga vere i drift, deretter ventar

ging i Sauda. Tidlegare har han blant

ein del opprydding og ferdigstilling av

anna jobba med Melkøya og hovudfly-

prosjektet i september 2014.

plassen på Gardermoen. Hovudbyggjeleiar Tom Lohne har også røynsle frå kraftanlegg, blant anna frå Hunsfoss Øst i Vennesla, og elles frå byggjeverksemd i Repstad Anlegg.

Harald Kjetil Glendrange (t.v.) er prosjektleiar og Tom Lohne er hovudbyggjeleiar for utbygginga av kraftanlegga i Bykle og Valle.


Eit godt prosjekt – Det er brei politisk semje om at det er viktig å leggje til rette for utbygging av fornybar energi, av omsyn til klima- og miljøspørsmål. I Noreg vil ei slik utbygging hovudsakleg dreie seg om å auke bruken av fornybare energikjelder som vatn og vind. Ei av dei største utfordringane våre er å få fram gode prosjekt som både er miljøvennlege og økonomisk forsvarlege. Å ruste opp og utvide eksisterande vassdrag medverkar til å nå djerve mål om bruk av fornybar energi. Prosjektet til Otra Kraft – Brokke Nord og Sør, Skarg kraftverk – er i så måte eit godt døme. Her vert ei markant utviding av produksjonskapasiteten av fornybar energi gjennomført, med minimale og akseptbale miljøinngrep i eit område som er bygt ut frå før

Rune Flatby direktør konsesjon Norges vassdragsog energidirektorat


Entreprenørane Implenia

Veidekke

Rainpower

i Brokke Nord

i Brokke Sør

i Skarg kraftverk

I Implenia Norge AS er ei samanskiping

Veidekke er landets største, norskeigde

Rainpower leverer innmaten i kraftverk.

av dei to selskapa Betonmast Anlegg

entreprenørselskap med 6.100 tilsette

Det norske konsernet har verksemd

AS og MIKA AS, selskap med nesten

og ei omsetjing på 17,9 milliardar kroner

i Norge, Sverige, Sveits, Tyrkia, Kina,

hundre år lange tradisjonar i norsk

i året. Verksemda opererer i ei rekkje

Peru og Canada. Rainpower har nesten

anleggsverksemd. I fjor kjøpte det

land og har bygd dammar, tunnelar og

300 tilsette og omset årleg for ein halv

sveitsiske selskapet Implenia 80 prosent

vannkraftverk i Norge.

milliard kroner.

– Me er hovudentreprenør for Brokke

– I Brokke Nord skal me levere det

Sør, det vil seie at me skal byggje ein 7,6

aller meste til Skarg kraftverk; turbin,

av aksjane i Betonmast/MiKA. Implenia har totalt 5.400 tilsette og omset for 2,4 milliardar kroner i året.

kilometer lang overføringstunnel som

generator, innløpsrøyr, hovudventil,

– Me er hovudentreprenør for dei

skal gje meir vatn til Brokke kraftverk. I

kontrollanlegg og mykje meir. I sum er

bygningsmessige arbeida i Brokke Nord.

tillegg til sjølve tunnelen, skal me byggje

det ein middels stor jobb for oss, men

Dette er ein stor jobb som på det meste

ein liten dam og tre bekkeinntak. 25-30

me har eit større leveranseomfang enn

vil involvere om lag 200 medarbeidarar

mann skal syte for at me er ferdige

vanleg – derfor er Brokke Nord eit viktig

og som gjer det naudsynt å byggje ein

våren 2014, seier anleggsleiar Jostein

referanseprosjekt. Jobben vert viktig og

brakkeby for meir enn 100 menneske,

Veåsen.

spennande, me gler oss til å ta fatt, seier

fortel prosjektleiar Odd Raymond Johansen.

Veidekke har knytta til seg Nomeland

prosjektleiar Ove Risan.

Anlegg som underentreprenør. Det

Dei fyrste montasjearbeida

Kruse Smith er den største under-

lokale selskapet står for tømmerhogst,

byrjar til hausten neste år.

entreprenøren og får ansvar for alle

reinsking av fjell i dagen, bygging av

Hovudanleggsperioden vert kort og

betongarbeida. Hovden Hytteservice

førebelse vegar og anna naudsynt

hektisk, frå januar 2014 og fram til

skal utføre sprengningar i dagen, byggje

klargjering for tunneldrift og inntak.

anlegget står ferdig i april.

vegar og gjere ei rekke grunnarbeid.



Avsender: Otra Kraft, 4748 Rysstad

A

Otra Kraft DA vart stifta 1. september 1960 under namnet I/S Øvre Otra. Målet med selskapet var å nytte vassressursane i Otra i kommunane Bykle og Valle. Dette skjedde ved at Brokke kraftverk i Valle kommune kom i drift i 1964, og Holen kraftverk i Bykle kommune i 1981. Otra Kraft produserer etter utbygginga cirka 2 525 GWh i eit vanleg produksjonsår. Otra Kraft har hovudkontor ved Brokke kraftverk på Rysstad i Valle kommune. Les meir på www.otrakraft.no og følg oss på Facebook.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.