«Det skal bli gult og kult!»

Page 1

DET SKAL BLI

GULT OG KULT! Moglegheiter og utfordringar p책 den indre hovudvegen p책 Vestlandet

fjordvegen.no

Hjelmeland Foto: Morten Hetland/ Hetland Media


PÅ TIDE Å TENKA FRAMOVER RV 13/FV 13 KOPLAR SAMAN 16 KOMMUNAR, OG STREKK SEG FRÅ SANDNES I SØR TIL FØRDE I NORD. UTVIKLINGA I DESSE KOMMUNANE ER SVÆRT VARIERT, MEN FELLES FOR DEI ALLE ER VIKTIGHEITA AV GOD SAMFERDSLE OG KOMMUNIKASJON.

Marta Finden Halset IS Fjordvegen Rute 13 styreleiar

I sør er kommunane Sandnes, Strand og Forsand ein del av den funksjonelle arbeidsmarknaden i Stavangerregionen. Dette er det mest dynamiske næringsområdet i landet, med høg vekst i både sysselsetting og folkevekst. Førde, som ligg lengst

Frå drivinga av Ryfylketunellen, eitt av delprosjekta i Ryfast-utbygginga. Foto: Jens Petter Holmsen


nord, har òg folkevekst. Kommunane mellom desse områda har både industri, jordbruk og reiseliv som næringsgrunnlag, men utfordringane knytt til vegstandarden på RV 13/FV 13 hindrar vidare utvikling av kommunane i denne regionen. Ein attraktiv kommune er avhengig av integrasjon med arbeidsmarknaden i området rundt, og då er vegsambandet og kommunikasjon nøkkelen. Samfunnet har vore villig til å investera monaleg store summar på fleire delstrekningar langs rute 13. I Nasjonal Transportplan er det planlagt å ha gjennomført fleire store investeringar langs rute 13 innan utgangen av 2023: • Ryfast – 6,5 mrd. kr • Hardangerbrua – 2,5 mrd. kr • Vossapakken – 1,0 mrd. kr

I tillegg til dei større prosjekta, vil det bli utført

ein del mindre omfattande tiltak innan fleire programområde på strekninga. Dette er store og naudsynte utbetringar langs rute 13. Å knyta rute 13 saman til eit stabilt nord/sør-samband er ei profesjonell og framtidsretta vidaresatsing. Når Vikjetunnelen kjem er denne ruta stabilt heilårssamband for trafikken frå kontinentet til Trondheim, med berre éi ferjekryssing på 15 minutt over Sognefjorden, i tillegg til turen over Jøsenfjorden for reisande mellom Stavanger og Trondheim. Denne indre hovudvegen må no utviklast vidare. Å sjå rute 13 i eit heilskapleg perspektiv er å vera resultatorientert i utviklinga av gode transportløysingar som gagnar både trafikken og kommunane langs Rute 13. Dette vil styrka trafikkmengda på dei allereie investerte prosjekta langs rv. 13.

Interesseselskapet Fjordvegen Rute 13 har medlemmer blant fleire kommunar, tre fylkeskommunar, næringsforeningar og større private bedrifter. Fjordvegen, den indre hovudvegen på Vestlandet, byr på både moglegheiter og utfordringar, noko eit utval av våre bedriftsmedlemmer fortel om på dei komande sidene:


VEGEN ER EIT BERANDE ELEMENT FELLESKJØPET ROGALAND AGDER HAR EITT MÅL SOM ALLTID STÅR FAST: AUKA LØNNSEMD FOR BONDEN.

Per Harald Vabø

Felleskjøpet Rogaland Agder direktør landbruk

Me har tatt mål av oss å vera landbrukets mest attraktive og lønnsame partnar i frå Sunnhordland i nord Aust-Agder i sør. For å klara dette skal me vera pålitelege, effektive og nyskapande. Då er me avhengige av effektiv logistikk, særleg når kraftfôr skal distribuerast til husdyrbøndene. Noko kan me senda sjøvegen, men transportbehovet vårt gjer at me rullar ut 70 fulle vogntog – kvar dag! Riksveg 13 er eit bærande element for effektiv uttransport til landbruket nordaust for Stavanger.

Manglande vedlikehald og forseinkingar betyr ekstrakostnader for næringa. Difor er vegstandard viktig, både for oss og for bonden.


Eit omfattande logistikknett syt for å forsyna bønder med kraftfôr til dyra. Foto: May-Linda Schjølberg

Transportbehovet til Felleskjøpet Rogaland Agder: 1. Inntransportering av råvarer og ferdigvarer frå leverandørane våre. 2. Omlasting og mellomtransport til butikkane våre. 3. Direkte transportering av ferdigvarer til kundar og medlemmer.

Med dagens situasjon på Ryfylkevegen, er det like dyrt å senda bulkbil med lastekapasitet på 30 tonn frå Stavanger til indre Ryfylke (Hebnes på Ropeidhalvøya) som til Kristiansand.

Per Harald Vabø, Felleskjøpet Rogaland Agder


FANTASTISKE

FJORDOPPLEVINGAR HOTEL ULLENSVANG BLEI GRUNNLAGT AV HANS UTNE I 1846. DET ÆRVERDIGE HOTELLET BLIR I DAG DRIVE AV FEMTE GENERASJONS VERTSKAP, SOM ÅRET RUNDT HAR 340 SENGER KLARE TIL Å TA IMOT GJESTER FRÅ INNLAND OG UTLAND.

Edmund Harris Utne Hotel Ullensvang 4. generasjon vertskap

Den dels dårlege vegstandarden i indre Ryfylke og mot Røldal verkar avvisande på trafikantane. Fjordvegen er allereie den desidert flottaste turistvegen i landet, men opprusting av vegen og opning av Ryfast vil gje tilflytting og nye aktivitetar. Edmund Harris Utne, Hotel Ullensvang


Hotel Ullensvang ligg idyllisk til ved Sørfjorden, ein sidearm av Hardangerfjorden, med Hardangervidda i ryggen. Foto: Niels Johansen

Hotel Ullensvang er eit familiehotell, utan kjedetilknyting, som no blir drive av femte generasjon Utne. Hovudsesongen er frå 15. april til 15. september, men hotellet er ope heile året, og kan freista med 340 senger fordelt på 170 rom, eigen restaurant, stor badeavdeling, Europas lengste symjekanal og utandørs badestrand. Nokre av trekkplastera i området er Dronningstien, Trolltunga, Munketreppene og Vøringfossen.

Mange av gjestene på Hotel Ullensvang kjem igjen gong på gong, dei fleste med bil. Riksveg 13 er den viktigaste vegen for Hotel Ullensvang og indre Hordaland generelt. Diverre er det slik at dårleg vegstandard går utover besøkstalla til hotellet. Med to ferjer (Stavanger–Tau og Hjelmeland–Nesvik), samt smale parti i Bergsdalen, vel bussoperatørar andre alternativ for å sleppa flaskehalsane. Dermed går dei glipp av Fjordvegen, som med sin naturkvalitet byr på fantastiske opplevingar. Betre vegstandard og ferjefrie løysingar vil gjera Sør-Rogaland til eit tungt marknadsområde for Ryfylke og Hardanger. Det vil skapa arbeidsplassar i turistnæringa langs heile Fjordvegen.


DÅRLEG VEG ER DÅRLEG BUSINESS RYFISK, MARINE HARVEST NORWAY SITT SLAKTERI PÅ HJELMELAND, HAR RIKSVEG 13 SOM VIKTIGASTE TRANSPORTÅRE. KVAR DAG KJØRER I SNITT 12 TRAILERAR MED TIL SAMAN 200-240 TONN FERSK LAKS HERIFRÅ OG UT I DEN STORE VERDA.

Ivar Raugstad

Marine Harvest Norway logistikksjef

Trailerane som fraktar fersk laks frå Ryfisk skal både sørover til Stavanger eller Kristiansand, for ferjetransport til Danmark, og nordover til Røldal og over Haukelifjell til Gardermoen, for ompakking og vidaretransport med fly eller lastebil.


Riksveg 13 er den viktigaste transport책ra for fersk laks fr책 lakseslakteriet Ryfisk i Hjelmeland. Foto: Morten Hetland/Hetland Media


I BRESJEN FOR NÆRINGSLIVET VIK NÆRINGSSAMSKIPNAD HAR SOM FØREMÅL Å TA VARE PÅ OG UTVIKLA NÆRINGSLIVET SINE INTERESSER I VIK KOMMUNE. FØRSTEPRIORITET ER Å UTBETRA RIKSVEG 13.

Trude Undebakke

Vik Næringssamskipnad leiar

Riksveg 13 over Vikafjellet er det aller viktigaste for næringslivet og utviklinga i Vik kommune. Vik Næringssamskipnad jobbar for heilårsveg – som i praksis betyr tunell – samt samferdsel, kommunikasjon og anna infrastruktur. Ferjesambandet Vangsnes – Hella – Dragsvik er òg ein del av riksveg 13. Hyppigheita på avgangane må opp, og det må setjast opp nattferjer. Vidare er sjølvsagt rassikring særs viktig for vegnettet her. Riksveg 13 er blant dei viktigaste samferdselsårene i

Hordaland og Sogn og Fjordane, og knyter kommunane i Sogn-regionen saman med mellom anna Voss og Bergen, via vegen over Vikafjellet. Fjellovergangen Vikafjellet er definert som heilårsopen, men er den desidert mest vinterstengde riksvegen i Noreg. I løpet av dei siste vintrane har vegen vore stengt i periodar på mellom éin og tre månader, i tillegg til kolonnekjøring og nattestenging. Dette er ei enorm utfordring for næringslivet i heile regionen, og særleg for Vik, som i tillegg til fjellet på sørsida har Sognefjorden på nordsida, med eit ferjetilbod som mellom anna manglar tilbod om natta. Dette skaper problem, mellom anna med tanke på


Frå riksveg 13 over Vikafjellet. Ukjend fotograf

rekruttering, å få varer og materiell inn og ut av området, for pendlarar og for møteverksemd. Noko må gjerast. Vidare utvikling og vekst for næringslivet og samfunnet generelt, er avhengig av betre kommunikasjon og infrastruktur, som mellom anna vil gje ein større bu- og arbeidsmarknad, med kortare pendlaravstandar,

kortare veg til jernbane og internasjonal flypass og betre høve til planlegging. Det viktigaste poenget å få fram, er at dette ikkje er eit lokalt problem for Vik kommune og næringslivet i Vik: Riksveg 13 er ei uhyre viktig samferdselsåre for heile regionen, samt eit viktig bindeledd for ein framtidig indre hovudveg frå Stavanger til Trondheim.

Vik Næringssamskipnad er ein medlems- og interesseorganisasjon for næringslivet i Vik kommune i Sogn. Samskipnaden skal vera ein pådrivar og støttespelar, og har ei koordinerande rolle mellom næringslivet og eksterne instansar, som til dømes kommuneadministrasjonen, politisk leiing og andre instansar og organisasjonar. Vik Næringssamskipnad har 50 medlemsbedrifter frå eit særs mangfaldig næringsliv, som spenner frå nye vellukka gründerbedrifter, via landbruk, handel og reiseliv, til store industriverksemder.


Sidan 1995 har Interesseselskapet Fjordvegen Rute 13 vore ein viktig aktør i all standardheving på strekninga. Me har kome med kontinuerlege og sterke bidrag for å synleggjera og marknadsføra Fjordvegen Rute 13 som høgstandardveg, og me har sikra stamvegstatus for å sikra høgaste prioritet for ny vegutbetring. Dessutan går tre nasjonale turistvegar langs strekninga. Me ynskjer at Fjordvegen Rute 13 skal bli ein tryggare veg, med gjennomgåande høg standard og gul midtstripe på heile strekninga. Samstundes vil me marknadsføra vegstrekninga som ei effektiv og vakker transportrute, og som den indre hovudvegen på Vestlandet. Bli medlem hjå oss. Saman blir me sterkare!

IS Fjordvegen Rute 13, Postboks 78, 5782 Kinsarvik tlf. 53 67 14 50 • post@hardangerraadet.no • fjordvegen.no

© 2014 IS Fjordvegen Rute 13 • Språkvask og grafisk design: Hetland Media • Trykk: Lasertrykk.no • ver. 1.0

ME JOBBAR FOR AT FJORDVEGEN RUTE 13 (RV 13/FV 13) SKAL BLI EIN TRYGG, EFFEKTIV OG ATTRAKTIV VEG MED GJENNOMGÅANDE HØG STANDARD. RASSIKRING OG GUL MIDTSTRIPE ER HOVUDFOKUS.

Kart: Morten Hetland/Hetland Media

FJORDVEGEN


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.