TETT PÅ TRINE
ARBEIDER FOR UNGDOMMANE
2. utgåve, september 2013 | 1. årgang
Mitt Hjelmeland gratis lokalmagasin – 100 % Hjelmeland
Har du tips om gode saker? Vil du annonsera i bladet? Ta kontakt på post@mitt-hjelmeland.no
Mitt Hjelmeland
2. utgåve, september 2013 | 1. årgang Gratis, religionsnøytralt og partipolitisk uavhengig lokalmagasin 1 for Hjelmeland i Ryfylke, gjeve ut i samarbeid mellom:
ANSVARLEG REDAKTØR, JOURNALIST Vegard Terøy DAGLEG LEIAR, JOURNALIST, GRAFIKAR, ANNONSE- OG MARKNADSSJEF Morten Hetland JOURNALISTAR Nazir Safi Geir Magne Staurland GJESTESPALTISTAR Svein Carlos Nilsen Gjil Bente Tednes Gjil Grete Haugen Sandvik Svanhild Hjorteland Gbada John Petter Nordbø
Den vanskelege oppfølgaren I somme krinsar blir det snakka om den vanskelege oppfølgaren - den umulige nummer to - eplet som rullar hjelpelaust frå stammen og ramlar over ein fjellskrent. Å hoppa etter Wirkola, blir det stundom kalla. Dersom debuten er bra, er det visstnok umulig å koma med ein tilfredsstillande oppfølgar. Standarden er sett, og lista er lagt. Ein skal vera passe tøff i trynet for å høgt og tydeleg proklamera at den andre utgåva er betre enn den første. Den andre utgåva av Mitt Hjelmeland er betre enn den første! Den andre utgåva av Mitt Hjelmeland er ein redaksjonell godtepose, ein fest for sansane, eit fyrverkeri av ord og bilete. Der har du oss! Det er lista me strevar etter å hoppa over, det er den standarden me ynskjer å oppretthalda. I Mitt Hjelmeland har me lite til overs for janteloven. I Mitt Hjelmeland jobbar me knallhardt for at du – lesaren – skal bli fornøgd. I denne utgåva finn du saker som pirrar og engasjerer, som senkar deg djupare ned i godstolen, eller inspirerer deg til å trekka på deg treningstøyet og storma over dørstokken. Me har intervjua ordføraren, me har granska innvandringsstatistikken, me har snakka med eldsjela som fekk Kongens fortenestemedalje i sølv. I tillegg kastar me oss ut på djupt vatn med ei temasak om havbruksnæringa i Hjelmeland. Alt dette, og meir til, kan du kosa deg med på dei neste sidene. … Og så påstår nokon at oppfølgaren aldri er betre enn originalen…?
INNHALD Frisk fruktdrikk frå Grønvik............................ 04-05 Grønvik Gard haustar mange godord for lokal eplemost.
Uredd performancekunstnar..............................06
Liv Reidun Brakstad (69) reiser verda rundt med kunsten sin. POSTADRESSE Mitt Hjelmeland v/Hetland Media Eikehaugen 4139 Fister
Tema: Havbruksnæringa............................... .07-11 Lær meir om havbruksnæringa si betydning for Hjelmeland.
E-POST post@mitt-hjelmeland.no NETTSTAD mitt-hjelmeland.no TELEFON Redaksjon: Annonser:
92 48 72 77 45 43 69 05
Oppdrettspionérane......................................... 12-14 Mikal N. Viga fortel om havbruksnæringa si utvikling.
Ordsmeden frå Årdal....................................... 16-17 Edmund Austigard er forfattar og forlagsdirektør.
Kom i form med Gjil Aktivitetssenter...... .......18
Dette magasinet er trykka etter svært strenge miljøkrav. Papiret er svanemerka og 100 prosent resirkulerbart. Trykkeri: LaserTrykk.no
Innhaldet i Mitt Hjelmeland er verna av m.a. lov om opphavsrett. Tekst og bilete kan ikkje kopierast, reproduserast, republiserast eller brukast på nokon annan måte utan skriftleg førehandsgodkjenning Mitt Hjelmeland 2 dei | | september 2013 frå respektive opphavspersonane.
Bente T. Gjil og Svein Carlos N. Gjil vil ha deg opp frå sofaen.
Tema: Innvandrar i Hjelmeland................. 20-22 16 prosent av innbyggjarane i Hjelmeland er innvandrarar.
– Ein må gje av seg sjølv............................... .......23
Anita Topp Sandvik trur engasjement er viktig for integrering.
23
4
ETTERTRAKTA EPLEMOST
6
REISER RUNDT I VERDA
16
KREATIV SPRÅKKUNSTNAR
24
TROLSK TURLØYPE
TEMA: INNVANDRAR I HJELMELAND
Anita Topp Sandvik (biletet) kjem frå Danmark, men ho ser ikkje på seg sjølv som innvandrar.
Grønvik Eplemost er så populær at produsenten ikkje får nok råvarer.
Performancekunstnar Liv Reidun Brakstad møter folk i heile verda.
Fotoreportasje: Eventyrskogen.................. 24-25 Magisk og mystisk turløype i trolske Bønardalen i Årdal.
Omsorgsfull, trufast og godhjarta............. 26-27 Ungdommane skryt over eldsjela Kirsten Gundersen.
Nonsens med Nordbø.................................... .......28
Kåsør John Petter Nordbø skriv om heimlengsel og kultursjokk.
Trønder, tilflyttar og åleinemor.................. 30-33
Årdals store son, Edmund Austigard, finn inspirasjon i heimbygda.
Ordførar Trine L. Danielsen fortel om arbeidsliv og privatliv.
På tur til mektige Herefjellet........................ 34-35 Heseblæsande heiatur til fleire fjelltoppar på Jøsneset.
Trivst som lærlingar......................................... 36-37 Opplæringskontoret RYTOPP kan tilrå eit tilvere som lærling.
Kva står på den politiske agendaen?....... 36-37 Gruppeleiarane i kommunestyret fortel om sine tankar.
Haustens beste bøker...................................... ........39 Ryfylkebiblioteket Hjelmeland haustens beste lesestoff.
Eventyrskogen i Årdal er verdt eit besøk for store og små turgåarar.
september 2013 | Mitt Hjelmeland
| 3
D E M S S E S K SU T S O M E L LOKAL EP Tekst og foto: Morten Hetland
I fleire generasjonar har ein dyrka fram frukt, mellom anna eple, i Grønvik utanfor Fister. Fruktdyrkinga blei sett i system så tidleg som på starten av 1900-talet. For to år sidan bygde Grønvik Gard eit fruktpresseri, og heile epleavlinga blir no brukt til produksjon av eplemost. – For to år sidan fann me ut at tida var inne for å byggja eit fruktpresseri. I løpet av 2011 tappa me 25.000 liter eplemost på flasker og Bag-In-Box, 7.000-9.000 liter meir enn planlagt. Salet gjekk kjempebra, og me fekk gode tilbakemeldingar. I tillegg til å ha eit godt produkt, har eg òg vore heldig, fortel Elisabeth Grønvik i Grønvik Gard. Grunna råvaremangel i 2012 greidde ikkje Grønvik Gard å produsera meir enn 25.000 liter eplemost. – I tillegg til det me produserte i Grønvik og Mosnes kjøpte me òg mykje eple, men me greidde likevel ikkje å dekkja inn etterspurnaden. Eg tykkjer det er rart at me ikkje får tak i nok råvarer i fruktkommunen Hjelmeland. Eigentleg kunne me tenkt oss å kjøpa heile epleproduksjonar, men eg er redd at mange av fruktdyrkarane er så tradisjonsbundne at me ikkje får dei til å selja frukta si til eplemostproduksjon, trur Elisabeth, som ventar på store epleavlingar og tilsvarande auke i eplemostproduksjonen i år. – I år får me truleg produsert endå meir eplemost, både fordi våre eigne epleavlingar er større og at me truleg får meir frukt frå pakkeriet, håpar Elisabeth. Mitt Hjelmeland 4 |
FOR TO ÅR SIDAN SATSA ELISABETH GRØNVIK OG GRØNVIK GARD FOR FULLT PÅ EPLEMOSTPRODUKSJON. ETTERSPURNADEN HAR VORE OVER ALL FORVENTING. Mykje av eplemostproduksjonen i Grønvik er automatisert, og utanom pakkinga blir det meste gjort ved hjelp av ulike maskinar. – Etter at frukta er hausta i store kassar, kjører me kassane med frukt inn i presseriet og tippar den oppi ei stor kvern. Fruktmassen blir frakta vidare til ei presse som presser fruktsafta ut i store tankar. I tankane blir eplemosten pasteurisert før den blir tappa og pakka, forklarer Grønvik. Grønvik Eplemost er allereie godt etablert i den private forbrukarmarknaden, men Elisabeth håpar at Grønvik Eplemost kan bli eit godt alternativ til alkoholfri vin på hotell og restaurantar. – Alkoholfri vin smaker jo ikkje godt, så me ynskjer at eplemosten kan vera eit vel så godt alternativ til vin som alkoholfri vin, slår ho fast.
– Sjølv om det er mykje bra eplemost på marknaden, er denne hundre prosent naturleg og hundre prosent Ryfylke-eple, så eg har sjølvsagt lyst til å bli best, konkluderer Elisabeth. Grønvik Gard prøver ut nye produkt med jamne mellomrom. I år vil Elisabeth utvida sortimentet i gardsbutikken i Grønvik, slik at ein kan få kjøpt lokal plommechutney, plommesyltetøy, rababrachutney og rabarbrasaft, sjølvsagt i tillegg til den bestseljande eplemosten. Gjennom dei ulike sesongane er det òg mogleg å få tak i frisk frukt og friske bær, då hovudsakleg moreller, eple, plommer og jordbær. – Det beste med produkta frå Grønvik Gard, er at dei er hundre prosent naturlege, heilt utan konserveringsmiddel, slår fruktdyrkar og gründar Elisabeth Grønvik fast.
FREISTANDE: Kva med ei kald flaske Grønvik Eplemost for å slukka tørsten?
| september 2013
STOLT: Elisabeth Grønvik er stolt eigar av merkevara Grønvik Eplemost.
Hjelmeland • • • • • •
Daglegvarer og ferskvarer Ferske brød kvar dag Frisk frukt- og grøntavdeling Delikatesseavdeling Post i butikk Tipping Opningstider: Måndag-fredag: 08:30-20:00 Laurdag:
Verdens vakreste arbeidsplass
LES MER PÅ WWW.MARINEHARVEST.NO
08:30-18:00
Tlf. 51 75 04 11 | Fax. 51 75 02 24
Prestagarden, 4130 Hjelmeland
september 2013 | Mitt Hjelmeland
| 5
FYLLER LIVET MED
BILETSKAPING
LIV REIDUN BRAKSTAD (69) ER UTDANNA SJUKEPLEIAR, MEN SIDAN 1993 HAR HO ARBEIDD SOM KUNSTNAR. LIV REIDUN ER SVÆRT INTERESSERT I KOMMUNIKASJON, OG ELSKAR Å SKAPA VISUELLE BILETE. Tekst og foto: Morten Hetland
Mitt Hjelmeland har fått vera med Liv Reidun Brakstad på jobb i storbyen New York i USA, men Liv Reidun har langt frå nokon vanleg jobb. Ein må vera rimeleg klårtenkt og lite fordømmande for å forstå kva ho driv med. Midt mellom travle menneske står og går ho – kledd i krittkvite klede med oransje skinnhanskar på hendene – og held ein bandasjert jordklode-badeball over hovudet. Dei forsiktige handlingane trer tydeleg fram for dei som stoppar opp, og kanskje smittar bileta òg over på dei som berre fangar ho i augnekroken før dei målretta hastar vidare. Dette er arbeidskvardagen for den 69år gamle dama, som no har drive med performancekunst i tjue år. Performance er ei kunstform som handlar om å skapa bilete av menneske og andre fysiske objekt. Liv Reidun
TRENG HJELP: – Jordkloda vår treng hjelp, meiner Liv Reidun Brakstad. Mitt Hjelmeland 6 |
fann fort ut at bodskapane hennar nådde lenger ut i verda med performancekunst enn med biletkunst. – Ein performance startar med at eg får ein idé, og bruker idéen til å finna ut kva eg treng for å skapa biletet. Dersom eg samarbeider med nokon kan me gjerne arbeida vidare med idéen, men svært ofte er det eg som har regien på heile performancenummeret. Biletet blir ikkje skapt før alt er på plass, men til gjengjeld kan varigheita av ein performance vera alt frå to sekund til mange timar, seier Liv Reidun. No er Liv Reidun aktuell med «The Globe 2», som altså er namnet på performancen der ho ber ei bandasjert jordklode over hovudet. – Jordkloda vår treng hjelp. Klima, økonomi og fattigdomsproblematikk er berre noko av ubalansen som verda vår er i. Eg ynskjer at folk skal forstå at grådigheit har ført til eit skifte, der den vestlege verda sin manglande moral tek knekken på jorda vår. Ved hjelp av ytre objekt kan eg kommunisera dette
til omverda, forklarer Liv Reidun. I løpet av dei siste tjue åra har Liv Reidun gjort om lag 130 performancenummer i Noreg, Amerika, Istanbul, India, Seychellene, Roma, Firenze, Vatikanet og Tenerife, og dessutan gav ho for nokre år sidan ut boka «Hvem lager mønstret på Makrellen», som inneheld bilete og oppskrifter til 55 forskjellige performancenummer. – Korleis reagerer publikum på performancenummera dine? – Tilskodarane reagerer på mange slags måtar. Somme blir glade og assosierer med seg sjølv, somme blir sinte og andre kjenner seg lurte. Under eit arbeid kan eg oppleva alt frå glede til sinne og frustrasjon, fortel Liv Reidun, som trivst godt med denne kunstforma. – Alt eg ser er bilete, noko som gjer at eg lever og tenkjer på ein annan måte enn mange andre. Ved å driva med performance skaper eg eit utruleg spanande innhald i livet mitt, noko som har gjeve meg svært mange morosame opplevingar, konkluderer Liv Reidun.
KREVJANDE ARBEIDSDAG: Sjølv om ho held seg godt i ein alder av 69 år, legg ikkje Liv Reidun Brakstad skjul på at ho ofte har krevjande arbeidsdagar.
| september 2013
TEMA: HAVBRUKSNÆRINGA
MITT HJELMELAND PRESENTERER HISTORIA OM OPPDRETTSNÆRINGA, MARINE HARVEST SOM ARBEIDSPLASS OG SAMFUNNSBYGGJAR, SAMT NOKRE AV RINGVERKNADENE AV HAVBRUKSNÆRINGA I KOMMUNEN. september 2013 | Mitt Hjelmeland
V
S T E HAV V L SØ
| 7
K U R B V A H – D N A L E M L E J H R FO IG T IK V R E I FØLGJE FISKERI- OG HAVBRUKSNÆRINGENS L ANDSFORENING (FHL) HAR OPPDRET TSNÆRINGA I HJELMEL AND FØRT TIL 509 ARBEIDSPL ASSAR HJÅ MARINE HARVEST OG DEIRA UNDERLEVERANDØRAR I HJELMEL AND. Tekst og foto: Vegard Terøy og Morten Hetland
FHL reknar med at oppdrettsnæringa i Hjelmeland har ført til ei verdiskaping på 514 millionar kroner, samt 203 millionar kroner i skattar og avgifter. Dermed står havbruksnæringa og deira underleverandørar som éin av dei desidert største verdiskaparane i Hjelmeland kommune. – Havbruket bidrog i fjor til ei verdiskaping i Noreg på over 30 milliardar kroner. Dei naturgjevne forholda, som ein finn her i det norske landskapet, gjer det vanskeleg å kopiera denne næringa til andre stader. Oppdrettsnæringa er dessutan ei distriktsnæring som bidreg med mange arbeidsplassar og mykje verdiskaping i distrikts-Noreg, fortel Nils Viga, regiondirektør i Marine Harvest Norway AS region sør, og slår vidare fast at oppdrettsnæringa alltid vil vera ei distriktsnæring.
Mange vil kanskje undra seg over kvifor Marine Harvest og tilhøyrande underleverandørar har etablert seg i litle Hjelmeland. – Det er kanskje litt tilfeldig, men etableringa av lakseslakteriet Ryfisk på Hundsnes i 1987 var truleg avgjerande for at det ligg sjøanlegg i Hjelmeland i dag. Dessutan er me svært avhengige av å ha dei rette personane på rett plass, dei som både er ivrige og villige til å ofra det som trengst, meiner regiondirektør Viga. Produksjonen og omsetnaden på Ryfisk har auka med om lag ni prosent kvart år sidan 1990. Dei som kjenner til fenomenet rentesrente, skjønar fort at Ryfisk har hatt ein formidabel eksponentiell vekst dei siste 23 åra. Viga påpeikar at det er grenser for kor mykje meir næringa kan veksa, men Marine Harvest har likevel store planar om utviding av Ryfisk. – Me planlegg å auka kapasiteten på Ryfisk i løpet av tre-fire år, slik at det i løpet av 2016 vil bli slakta og foredla
MULIGHETER: Marine Harvest er ein attraktiv arbeidsstad for unge hjelmelandsbuar. Tor Kleppa (t.h) er driftssjef på oppdrettsanlegget Bastlid. Håkon Skår (t.v.) fekk vikarjobb på Bastlid etter fullført vidaregåande skule. No har han fått fast jobb, og arbeider med å få fagbrevet i hamn. – Marine Harvest har stort fokus på utvikling og kompetanseheving blant dei tilsette, og driv god oppfølging med tilbod om kurs og liknande, forklarar Skår (20) og Kleppa (28). Mitt Hjelmeland 8 |
| september 2013
REGIONDIREKTØR: Nils Viga er regiondirektør i Marine Harvest Norway AS region sør. dobbelt så mykje laks som i dag. Me riggar for framtida, seier regiondirektør Viga entusiastisk. – Oppdrettsnæringa har kome hit for å bli, og næringa kjem framleis til å veksa. I tillegg til at me har dei naturgjevne forholda til å driva med oppdrett, så er det ein god marknad for laks no, konkluderer regiondirektør Nils Viga i Marine Harvest Norway AS region sør.
LOKALT SLAKTERI: Lakseslakteriet Ryfisk ligg strategisk plassert på Hundsnes i Hjelmeland. På Ryfisk blir det slakta laks frå alle Marine Harvest sine oppdrettsanlegg frå Flekkefjord i sør til Hardanger i nord. Kvar dag går om lag 45.000 slakteklare fiskar (tilsvarande 200-240 tonn) gjennom slakteriet. Det går frå éin til halvannan time før laksen blir pumpa inn, til den ligg ferdig slakta som heilfisk eller filét, pakka i kassar og klare til å bli frakta ut i verda. STØRST I ROGALAND: Reidar Mathiesen er driftsformann på Kjeahola, det største oppdrettsanlegget i Rogaland. Saman med kollegaene er han oppteken av at dei vel halvannan millionane laks skal ha det godt frå dei kjem til Kjeahola med ei vekt på 250 gram, til dei er fôra opp til flotte, slakteklare fiskar på 5-6 kilo. – Me trivast på jobb, og er stolte av arbeidsplassen vår. Eg kjenner at eg får mykje energi av å jobba her, slår Reidar Mathiesen fast. FORSKINGSANLEGG: I 2003 vart Centre for Aquaculture Competence (CAC, senter for akvakulturkompetanse), opna i Garsundfjorden, ved Langavika utanfor Ombo. CAC er eit storskala forskingsanlegg, med eige laboratorium, som driv forsking og utvikling innan fôrdokumentasjon og fôrernæring, samt teknologi. Forskinga skal syta for ei bærekraftig oppdrettsnæring. CAC er ått av Marine Harvest AS (lakseoppdrett), Skretting AS (fôr) and AKVA group ASA (teknologi). SJØTENESTER: Rogaland Sjøtjenester AS eig sju servicebåtar som primært tilbyr tenester for oppdrettsanlegg. Rogaland Sjøtjenester er registrert i Hjelmeland, og ein av dei største kundane er Marine Harvest Norway AS. Fem av båtane til Rogaland Sjøtjenester blir drifta av det Bergenregistrerte sørvis- og dukkarselskapet YesMaritime AS – med 25 tilsette – som hovudsakleg driv med dukking, vasking, fortøying og andre sørvisoppdrag for oppdrettsnæringa. september 2013 | Mitt Hjelmeland
| 9
FRÅ ROGN TIL SMOLT: Fister Smolt leverer kvart år 2,4 millionar sjøklar smolt til fleire opprettsanlegg langs kysten, frå Agder til Sogn, mellom anna til Marine Harvest sine anlegg i Hjelmeland. Driftsteknikarane bruker biologien til å gjera startfasen mest mogleg naturtru for dei små fiskane. – No er me eit medium stort anlegg i norsk målestokk, men me vil dobla både produksjonen og talet på tilsette, fortel Lars André Frønsdal, medan han ser til at yngelen trivst. PÅ LØPANDE BAND: K-Plast produserer isoporkassane som Ryfisk pakkar heilfisk og filétar i. 12-13 årsverk driv produksjonen frå tidleg morgon til seint på kveld. Dagleg leiar John Ur fortel om ei bedrift i vekst. – No leverer me mellom 8.000 og 10.000 isoporkassar i døgnet. Det utgjer om lag 2,3 millionar kassar i året. I løpet av dei neste åra håpar me å auka produksjonen til nærare 3 millionar kassar i året, fortel ein ambisiøs John Ur.
SPIKRAR PALLAR: Viganeset Pallefabrikk er den yngste av bedriftene som er ein direkte ringverknad av Marine Harvest. Fabrikken produserer eingongspallane som dei ferdigpakka fiskekassane blir stabla oppå. Dagleg leiar, Jan Kåre Jansen, har tru på vidare vekst. – Me produserer om lag 50.000 pallar i året, og dei går berre til Marine Harvest. Etter kvart håpar me å utvida både kundebasen og produksjonen ytterlegare, seier Jansen.
LOKALT VASKERI: BO Renhold har levert vaskeritenester til lokale bedrifter sidan 1999. I dag er deira største kundar Marine Harvest og Spa-hotell Velvære, samt Scana Steel Stavanger og Verkshotellet på Jørpeland. Dagleg leiar Rolf A. Olsen (biletet) fortel at dei mellom anna vaskar klede og andre tekstilar. – I starten vaska me berre for Marine Harvest, men etter kvart utvida me og fekk fleire kundar, fortel Olsen.
Mitt Hjelmeland 10 |
| september 2013
LAKSEOLJE: Vegg-i-vegg med Ryfisk ligg Marine Harvest Ingredients AS (òg kjent som Rygro). Her blir alt avskjeret frå slakteriet i nabobygget, som til dømes hovud, hale og finner, kverna og varma opp med vassdamp, før lakseolja blir skilt ut i ei sentrifuge (sjå biletet). Råolje og restar av kjøt og bein (laksemjøl) blir brukt som råstoff i fôrproduksjon, medan raffinert lakseolje er eit populært kosttilskot for både menneske og kjæledyr. RØYKJELAKS: På Jøsneset ligg lakserøykjeriet Mikals Laks AS. King Mikal Salmon, som merkevara heiter, vann i midten av august gull i open klasse og sølv i varmrøykt klasse under NM i røykjelaks og gravlaks. – Produktet vårt er laga etter tradisjonsrike oppskrifter, men i moderne innpakking. Det er òg viktig å ikkje juksa undervegs, men å fokusera på å gjera eit skikkeleg handverk, fastslår innehavar og grunnleggjar av røykeriet, Mikal O. Viga.
FLOTT RÅVARE: Storparten av oppdrettslaksen frå Hjelmeland blir eksportert til Europa, USA og Asia. Samstundes er det òg råd å få tak i han lokalt. Laksen blir mellom anna brukt blant lokale råvarer som restauranten på Spahotell Velvære bruker til å trylla fram velsmakande middagsrettar. Kokkane Anders Johannessen (t.v.) og Vladimirs Denisovs (t.h.) viser stolt fram resultatet av dagens kulinariske kokkelering. GOURMÉTFISK: Sterling White Halibut er eit dotterselskap under Marine Harvest, som driv oppdrett av kveite. Sjøanlegga for kveiteoppdrett ligg i Vassvik og Kjeurda i Hjelmeland, medan slakting, pakking og sal blir utført i hovudkontoret på Hundsnes. Oppdrettsprosessen tek fire-fem år, og årleg blir éin million kilo kveite skipa ut i verda. Den populære råvara har fleire gonger blitt handplukka til store kokkearrangement kringom i verda, mellom anna til Bocuse d’Or. september 2013 | Mitt Hjelmeland | 11
O P P D R ET T S
OD D V IGA, MA LVI N VI G A O G MI K A L N. V I G A S TA R TA M E D FI S K EO PP DR E T T ALLEREIE I 1 972. SA MA N STI F TA D E I E I T O PPD R E T T S S E L S K A P S OM L A G R UN N L AGET F O R DAG ENS SO L I D E H AV BRU K S N Æ R I N G I H J E L M E L A ND.
Tekst: Morten Hetland
– Dagens Marine Harvest har med åra vokse seg stort, etter kvart som det har kome inn meir kapital, men sjølve grunnlaget for Marine Harvest ligg utan tvil i Ryfisk, seier ein av dei første fiskeoppdrettarane i Hjelmeland, Mikal N. Viga. FISKERITRADISJONAR Odd, Mikal N. og Malvin Viga er barnebarn av Mikal E. Viga, pionéren innan fiskerinæringa i Hjelmeland, og kjem såleis frå ein familie med sterke fiskeritradisjonar. Allereie våren 1972 starta Malvin Viga på Hundsnes, som den første i Hjelmeland, med oppdrett av regnbogeaure. Seinare på hausten fekk han følgje av Anders Romsbotn på Sandanger, og ved årsskiftet 1972-1973 kom Mikal N. Viga og Osmund Ommundsen i gang med aureoppdrett i Kroken i Askvik. – Eg arbeidde som fiskar frå eg var ganske liten, og dreiv med konvensjonelt fiske fram til 1970. Det var vanskeleg å driva med fiske medan eg budde i Hjelmeland, sidan eg var for mykje borte frå familien, så eg valte å mønstra av, fortel Mikal. Driftsmessig gjekk det godt for nybyrjarane i Kroken, men avsetnaden var det store problemet. Dei fekk selt mesteparten av fisken som fersk vare, men prisen var ikkje særleg høg. – I 1973 vart me pålagde konsesjon, så me dreiv ikkje med oppdrett i meir enn om lag to år. Me trefte den botnen Mitt Hjelmeland 12 |
PIONÉRAR: Viga-familien hadde lange tradisjonar innan fiskerinæringa, og var blant dei første i Hjelmeland som starta med fiskeoppdrett. Her er Mikal N. Viga (i midten) fotografert ved kaien til Kroken Fisk saman med Odd Viga (t.v.) og Malvin Viga (t.h.) ein gong i 1980-åra. (Foto: utlånt av Mikal N. Viga) som kunne treffast, og tapte pengar på det. Me valte difor å slutta med oppdrett i 1975, forklarer Mikal. GAV IKKJE OPP Viga-familien nekta å gje opp. Sjølv om dei hadde vore ute av næringa i nokre år, hadde både Malvin og Mikal Viga framleis konsesjonane sine. I 1982 slo dei konsesjonane sine saman, og skipa selskapet Kroken Fisk, der Odd Viga, broren til Malvin, kom med som partnar. – Me fekk då prøva oppdrett av laks for første gong, men måtte seinare kombinera med aureoppdrett i tillegg, sidan det var vanskeleg å få tak i nok laksesmolt. Laksen var definitivt gjævast, så etter kvart kutta me ut auren, og satsa berre på laks. Kvar av dei to konsesjonane hadde då eit merdvolum på 5.000 kubikk, så det dreidde seg om store mengder fisk, seier Mikal. I 1983-1984 bygde dei ut anlegget i Askvik, der næringa skulle utvikla seg til å bli endå større. Den første tida bestod Kroken Fisk berre av nokre
| september 2013
merdar inne ved land, men merdane måtte etter kvart trekkjast lenger ut i fjorden. Arbeidsmengda auka jamt, og Mikal gjekk i 1985 frå deltidsjobb til heiltidsjobb innan oppdrettnæringa. – Kva økonomi var det i oppdrett? – Prisane gjekk opp og ned som ein jojo, og inntektene svinga tilsvarande. Trass i varierande prisar greidde me heile tida å halda hovudet over vatnet, minnast Mikal. BEHOV FOR UTVIDING Havbruksnæringa voks seg etter kvart til å bli ei stor næring i både Ryfylke og Hjelmeland. Behovet for eit stort og profesjonelt slakteri i nærleiken av oppdrettsanlegga blei stadig tydelegare. Hausten 1986 møttest Odd Viga (Kroken Fisk), Thomas Thomsen (Fister Fisk) og Ingmar Høgøy (Norsk Akvakultur) for å stifta selskapet Ryfisk, som hadde til føremål å slakta og pakka oppdrettslaks og -aure. I tillegg til banklån fekk det nye selskapet lån i næringsfonda i Hjelmeland kommune og Rogaland
EVENTYRET fylkeskommune, samt hjå Distriktenes Utbyggingsfond. Eit slakterianlegg til 5,5 millionar kroner vart reist på Hundsnes, like ved Kroken Fisk, og i september 1987 stod slakteriet Ryfisk ferdig oppført på historisk grunn. – Det vart mykje fram og tilbake i planog startfasen, men takka vera dåverande næringskonsulent Øyvind Bergøy fekk me til slutt realisert slakteriplanane. Øyvind var med og stod på gjennom heile prosessen, og eg tvilar på at det hadde vore noko Ryfisk utan Øyvind, meiner Mikal. Ryfisk bidrog med kjærkomne arbeidsplassar i Hjelmeland, og det var særskilt mange kvinner langs slaktelina. Etableringa av Ryfisk førte òg til at isoporkassefabrikken K-Plast vart etablert som ein nødvendig underleverandør. RISIKOFYLT NÆRING Sjølv om det etterlengta slakteriet endeleg var kome på plass, skulle Vigafamilien snart erfara at lakseoppdrett var ei risikofylt næring. – I 1988 måtte heile oppdrettsanlegget slepast til Tøtlandsvik, grunna for sterke
OPPDRETT: Mikal N. Viga er her fotografert under arbeidet på Kroken Fisk, truleg ein gong på 1980-talet. (Foto: Bygdaposten for Hjelmeland)
algekonsentrasjonar i sjøen, og me kunne ikkje flytta det tilbake igjen før faren vart avblåst. Faren var sjølvsagt svært overdriven. Mange meinte at heile den sørlege delen av Nordsjøen var øydelagt av algar, men dei sjøvande visste derimot at dette var eit vanleg fenomen, og at det hadde vore sterke algekonsentrasjonar mange gonger før, slår Mikal fast. I 1990-1991 produserte Kroken Fisk bortimot tusen tonn laks årleg, og laksen vart hovudsakleg selt til store distribusjonsverksemder. Utfordringane for Kroken Fisk var likevel ikkje ferdige med flyttinga på grunn av for høge algekonsentrasjonar. Hausten 1990 vart det nemleg påvist eit utbrot av lakseviruset ILA (infeksiøs lakseanemi). – Fisken døydde av sjukdommen, og lakseprisane gjekk dramatisk ned. For å bli kvitt sjukdommen måtte me flytta heile oppdrettsanlegget til Fosså utanfor Jøsneset, der anlegget vart brakklagt, og seinare vart det sett ut ny fisk der. I 1992 sette me ut 70.00080.000 smolt, noko som resulterte i eit toppår i 1994, med inntekter på fleire
millionar kroner. Berre nokre år etter flyttinga til Fosså etablerte me òg eitt oppdrettsanlegg ved Kleppholmen. På midten av 1990-talet selde Malvin Viga seg ut av Kroken Fisk, og sønene til Mikal N. og Odd – Nils og Mikal O. Viga – kjøpte seg inn i verksemda. Nokre år seinare, i 1996, vart Magnus Skretting den første direktøren i det nystifta Hydro Seafood Rogaland. – Både etterkomarane våre, Nils og Mikal, og Magnus Skretting og Andreas Kvame har vore ei veldig drivkraft for å få verksemda til å driva vidare. Viss dei ikkje hadde kome inn, så hadde det heller ikkje vore noko særskilt verksemd på Hundsnes i dag, meiner Mikal, og slår fast at det er dei nye kreftene som har utvikla Marine Harvest slik som ein kjenner verksemda i dag. OPPKJØP OG FUSJONAR Fiskeoppdrettarane sin gullalder, med stor etterspurnad og stabilt høge prisar, på 1990-talet førte til stor produksjonsvekst. Eit resultat av overproduksjonen var sterkt fallande prisar utover 1990talet, og oppdrettarane møtte dei
KROKEN FISK: I 1982 vart Kroken Fisk skipa, og nedanfor huset til Mikal N. Viga (nærast) vart oppdrettsanlegget utbygd og vidareutvikla av Odd, Malvin og Mikal N. Viga. I bakgrunnen, til venstre, ligg Hundsnes, der Marine Harvest har slakteri og administrasjonsbygg i dag. (Foto: Bygdaposten for Hjelmeland)
september 2013 | Mitt Hjelmeland | 13
fallande prisane med kostnadskutt. Behovet for kapital, større anlegg, stordriftsfordelar og profesjonalisering førte til oppkjøp og fusjoneringar. Resultatet blei ein stor konsentrasjon av oppdrettskonsesjonar på stadig færre hender. Viga-familien og Kroken Fisk sitt samarbeid med sjømatgiganten Hydro Seafood førte til etableringa av Hydro Seafood Rogaland (HSFR), med Vigafamilien som største eigar, og HSFR kjøpte deretter opp ei rekkje andre konsesjonar i Ryfylke og Rogaland, deriblant alle konsesjonane i Hjelmeland, samt Døvik Fiskeoppdrett i Strand. Med på kjøpet følgde Ryfisk, som i hovudsak var ått av oppdrettarane som selde selskapa sine til HSFR. I løpet av dei to åra frå 1996 til 1998 vart slaktevolumet på Ryfisk nær dobla, frå 4.440 tonn til 8.780 tonn. Samstundes auka talet på tilsette frå 52 til 82. – Med denne omorganiseringa auka aktiviteten og kapitalen, men Hydro skuffa oss då dei trekte seg ut nokre år seinare, hugsar Mikal. Midt i arbeidet med å utvida slakteriverksemda, valde nemleg Norsk Hydro å avslutta sitt engasjement innan havbruk. HSFR blei selt til det nederlandske fôrselskapet Nutreco, og namnet på det nye selskapet vart Marine Harvest. Viga-familien åtte framleis ein stor aksjepost i det nye selskapet, men Nutreco var den kontrollerande parten. VIKTIG MED NØYSEMD I mars 2006 selde Nutreco selskapet til John Fredriksen og Pan Fish, og verksemdene vart slått saman til «nye» Marine Harvest. Selskapet har heile tida vore i vekst, og Ryfisk har gjennom åra utvikla seg til å bli den største private arbeidsgjevaren i Hjelmeland, og dermed òg ei viktig hjørnesteinsbedrift.
SLAKTERI: Lakseslakteriet Ryfisk blei bygd på fiskerihistorisk grunn på Hundsnes i Hjelmeland i 1987. (Foto: Bygdaposten for Hjelmeland)
Sjølv om Mikal N. Viga har trekt seg ut av sjølve oppdrettsnæringa, har han framleis ein finger med i spelet. I 1999 kjøpte han smoltanlegget Sjøtun Fiskeoppdrett av Lars Litlehamar, for å sikra ei lokal forankring av selskapet. Smoltanlegget låg fint til ved Fistervågen, og Mikal døypte difor verksemda om til Fister Smolt. – Då eg kjøpte opp smoltanlegget hadde det ein konsesjon på 900.000 smolt årleg. Etter ei rekkje investeringar og utbyggingar fekk me utvida konsesjonen til godt og vel to millionar smolt i året, fortel Mikal, som framleis engasjerer seg som styreleiar i Fister Smolt. – Kva tenkjer du når du ser tilbake på utviklinga innan oppdrettsnæringa? – Det hender jo at eg tenkjer tilbake på korleis det var. Når eg ser på kva det har blitt, er det ikkje til å leggja skjul på at eg er stolt over det me har fått til, konstaterer Mikal, som aldri hadde ambisjonar om at oppdrettsnæringa skulle veksa seg så stor som ho er i dag. År etter år produserte dei fisk på tap, og måtte setja tæring etter næring, men Viga-familien gav aldri opp. Som takk for engasjementet og innsatsen for opprettsnæringa, blei
Når eg ser på kva det har blitt, er det ikkje til å leggja skjul på at eg er stolt over det me har fått til. Mikal N. Viga oppdrettspionér
Mitt Hjelmeland 14 |
| september 2013
Mikal tildelt både Hjelmelandsprisen 2003 og Havbruksprisen til Rogaland Havbruksforum. – Det var ikkje berre enkelt å driva med oppdrett, men når ein først var komen så langt inn i det at det ikkje var lett å gje opp, så måtte ein bli verande, konkluderer Mikal. – Då eg starta i 1972 skulle fiskeoppdrett berre vera ei attåtnæring til gardsdrifta, men frå 1982 og utover vart det verkeleg eit levebrød, legg Mikal til. – Korleis er det mogleg å få til noko slikt i litle Hjelmeland? – Nøysemd er eit viktig stikkord. Mange av dei som fekk konsesjon på midten av åttitalet kjøpte seg Mercedes og reiste heim, men dei er det ikkje ein einaste igjen av i dag. Me dreiv derimot med nøysemd, og måtte kosta alle utgiftene sjølv. Det var vår eiga lommebok som avgjorde kva me kunne investera, men me hadde òg ein fantastisk bank i Hjelmeland Sparebank, som hjelpte til med det me trengde. Me hadde aldri økonomiske vanskar, og tok heller aldri ut noko særleg løn, forklarer Mikal. Mikal fortel vidare at det heilt frå starten var det ein viss skepsis til oppdrettsnæringa, men etter kvart som det vart skapt fleire arbeidsplassar i kommunen minka kritikken. – Mostanden kom stort sett utanfrå, og mange gonger var det knallhardt. Somme meinte at det aldri kunne gå bra, men me fekk det til, konkluderer Mikal N. Viga.
Me tar vare på bilen din!
• små og store reparasjonar • km-service • EU-kontroll • feilsøking • bremsetest • service på klimaanlegg • hjulstillingskontroll • leigebil
• karosseribeskyttelse • rustbeskyttelse • dekk • ruteskift
kent.thomas@ryfylkenett.no
ullestad@online.no
tlf. 406 23 015
tlf. 913 49 743
Utleige: • lift • gravemaskin
Måndag-fredag: 07:00-15:00 • Laurdag: Stengt
Årdalstunet, 4137 Årdal i Ryfylke
september 2013 | Mitt Hjelmeland | 15
DIKTAR OM HEIMBYGDA
ÅRDAL INSPIRERER: Edmund Austigard debuterte som forfattar i 2005, med romanen «Krinsereglane». No er årdalsbuen ein anerkjent forfattar, og jobbar som forlagsdirektør i Samlaget. Han har henta mykje inspirasjon frå heimbygda. (Foto: Herborg Pedersen/Det Norske Samlaget) Mitt Hjelmeland 16 |
| september 2013
E
dmund Austigard er fødd og oppvaksen i Årdal, men flytta frå heimbygda som 19-åring. No er familiefaren busett i hovudstaden, der han jobbar som forlagsdirektør i Samlaget. – Sidan eg flytta heimefrå har eg berre periodevis vore årdøling i geografisk samanheng, men eg vil alltid vera årdøling i hjarta, fortel Austigard, og legg til at han kjenner seg heime både i Oslo og i Årdal. – Eg kjem alltid til Årdal så snart sjansen byr seg. Det er flott å koma kjørande over Haukeli, og svinga seg ned og inn i Ryfylke, sving for sving, til ein kjem til Nesvik og ser at ferja legg frå kaia, og rutetabellen opplyser om at neste ferjeavgang er til Ombo. Elles har eg greidd å overtyda både kona og barna våre om at Ryfylkeheiane er ein naudsynt del av eit godt liv, og at tre-fire turar i året er eit tilrådd minimum, fortel Austigard patriotisk. SKRIVING FRAMFOR TEIKNING 49-åringen er utdanna diplomøkonom frå Bedriftsøkonomisk Institutt, og har i tillegg to mastergradar frå USA i finans, politisk økonomi og marknadsføring. Skrivelysten blei vekka i ungdomsskulealderen, då han oppdaga at han ikkje kunne teikna. – Eg ville laga ein humoristisk teikneserie om den ville vesten, inspirert av Lucky Luke. Eg tenkte at det kunne bli bra saker, men ulikt resten av slekta kunne eg ikkje teikna, så berre teksten stod igjen då min mexicanske sombreroberande helt, Fernando Solaris, blei pakka ned for godt, humrar Edmund. Kanskje var det like greitt at fargestiftane måtte vika: I 2004 var Edmund elev ved Aschehougs forfatterskole, og året etter kom han ut med debutromanen «Krinsereglane». Boka er ein humoristisk kollektivroman om Årdal på 1920-tallet. Austigard skildrar bygdefolket sitt møte med det moderne livet, i ei historie fullpakka med humoristiske vinklingar. Romanen blei belønna med svært god kritikk frå bokmeldarar rundt omkring i landet. Hans andre bok, «Taxi for B.A. Beckström – eller kunsten å danse på furu», blei gjeven ut i 2008, og i 2011 kom bok nummer tre, «Sol-
skinnsbussen». Saman med faren sin, Jarl Austigard, skreiv han òg barneboka «Jakta på Bjednekniven», som kom i 2009. – ME MÅ LESA MEIR Edmund fortel at heile idéen bak debutromanen var å skildra eit lite samfunn i endring, slik det gjekk føre seg fleire stader i Noreg gjennom 1920-talet. – Det moderne kom til landet gjennom teknikk, marknadskonkurranse og politisk ideologi, og skapte både liv og røre, men gjorde òg mange utrygge på framtiden, seier Edmund. Han omtalar «Krinsereglane» som ein typisk kollektivroman, ein roman der folket, eller bygda, er hovedperson. Den andre boka handlar, ifølgje han sjølv, om ein person som i seg sjølv skal romma endringane som det norske samfunnet har gått gjennom dei siste hundre åra. Ut frå tilbakemeldingane å dømma, mistenkjer Austigard at det var flest kvinner som las «Krinsereglane». – Eg fekk brev frå fleire kvinner. Dei var alle over 90 år. Den neste boka, «Taxi for B.A.Beckstrøm – eller kunsten å danse på furu», blei nominert til Ungdommens Kritikerpris etter særs god respons frå dei unge, særskilt på Austlandet, seier forfatteren. Vidare fortel Austigard at lesarane sin snittalder truleg har stabilisert seg no, før han bestemt legg til: – Kvinner les mykje meir enn menn, og blir difor mykje klokare. Me menn må ta oss saman, me må lesa meir! SKAPARVERK AV ORD Miljøet i Ryfylke, og spesielt Årdal, har vore ein viktig inspirasjon for Edmund. Gjennom sin farfar, Edvard Austigard, fekk han innsyn i korleis livet i Årdal arta seg tidleg på 1900-talet, noko som var utløysande for debutromanen, «Krinsereglane». Edmund hevdar likevel at inspirasjon i seg sjølv ikkje er nok, men at skriving er ei øving i å tenkja klårt og setja ord på tankar. – Isen på Hetlandsvatnet og skriving er ikkje i slekt. Likevel, den som har prøvd å gå med uslipte skeiser på isen på Hetlandsvatnet kjenner seg kanskje igjen i følgjande: Ein skjer ut til alle sider, mistar kontroll og får ikkje
framdrift. Det å skriva er òg ei øving i å tenkja klårt, destillere noko som surrar i hovudet ned til ein sylskarp egg, og dermed ei øving i henta ut det viktige frå det uviktige. Meistringa kjem når ein set ord på tankar som før ikkje hadde ord, gjerne nye ord, om det er det som må til, reflekterer han. Ordsmeden er kjend for kreativ språkføring. Han reflekterer velvillig rundt skriveprosessen, og gjev oss innsyn i sin eigen skjønnlitterære framgangsmåte. – Ein seier ofte at kvar bok er sitt eige univers. Forfattarjobben er å byggja opp ei verd og befolka ho med personar, hus og dyr, og så fortelja. I dette universet er det andre reglar enn i den verkelege verda. I «Krinsereglane» har eg forstørra skikkar og uskrivne reglar i Årdal på 1920talet. Eg har skrive dei heilt ut av sine proporsjonar, til dei grenser mot eller blir absurditetar. Det gjev meg høve til å fortelja om eit lite samfunn i endring på ein ny måte, forklarer Edmund. MEIR I VENTE Ved sida av forfattaryrket, er Edmund administrerende direktør for landets største nynorskforlag. – Eg er utruleg glad i jobben. Samlaget er med sine 145 år eit av dei eldste og viktigste forlaga i Noreg, og ein basisinstitusjon for det nynorske skriftspråket, sier Edmund stolt. Han er svært imponert og stolt over den høge kompetansen som staben hans kan skilta med, og han trekk blant anna fram nokre av dei mest lovende forfattarane i landet, som Agnes Ravatn og Jan Roar Leikvoll, samt internasjonale superstjerner som Jon Fosse og Maria Parr. Edmund har heller ingen planar om å avslutta sin eigen forfatterkarriere. – Då eg skreiv «Krinsereglane» hadde eg tre bøker om Bønarflottane i hovudet, men akkurat no er eg tvilende til om den tredje boka kjem. Det kjennes som om neste bok, når den måtte koma, vil handla om noko heilt anna, avsluttar Edmund Austigard kryptisk.
Tekst: Nazir Safi
september 2013 | Mitt Hjelmeland | 17
! A N E R T A R A T A EG H
KOM I FORM:
Tekst: Bente Tednes Gjil og Svein Carlos N. Gjil Gjil Aktivitetssenter
Kjenner du at magen vrengjer seg berre du høyrer ordet trening? Me håpar likevel du kan stålsetja deg og lese vidare. For er det verkeleg slik at trening skal få fram blodsmak i munnen og resultere i at ein ikkje kan fungera med normalt gangelag i dagane etter ei økt? Me vil påstå at dei aller fleste trenar alt for hardt – når dei først trenar. Kanskje er det dårleg samvit etter nokre veker og månader utan noko særskilt aktivitet som gjer at ein verkeleg skal kjenna at det svir når ein går i gang. På lang sikt er dette noko av det dummaste du kan gjere. For kva fører eit slikt hardkjør til?
Velkommen til
FK butikken Årdal
Kroppen seier til slutt stopp sjølv, eller motivasjonen blir dalande, og ordet trening blir eit irriterande ukvemsord. Trening treng ikkje vera blodslit. 30 minutt kvar dag med fysisk aktivitet er nok for å oppretthalda ein viss form. Då er det ikkje snakk om å starta med motbakkeløp på første treningsøkta, det er heller ikkje snakk om å ta 100 sit-ups. Det er utruleg viktig å starta roleg og vera tolmodig. La heller treninga gradvis bli ein del av kvardagen, slik at det blir ein naturleg del av noko ein «berre gjer», nett som med tannpussen. Ikkje set treninga høgt der oppe, som noko vanskeleg og innvikla, for det treng det slett ikkje å vera! Gå heller ein rask tur slik at du kjenner at du må hive litt etter pusten, samstundes som du fint kan prate og seia kva du heiter
og kor du bur. Då har du høg nok puls, slik at du har fulle blodkammer, og du jobbar utan å få mjølkesyre. Dette blir kalla aerob trening. Er du ikkje noko utprega morgonfugl, er det gjerne ikkje realistisk å stå opp grytidleg for å trena før jobben, men kan henda du kan ha som mål å gjera det ein gong i veka til å byrja med? Kanskje kan du få med deg nokre kameratar eller venninner på å spela fotball eller ta ein sykkeltur? No håpar me at det ikkje knyter seg i magen din når du høyrer ordet trening, men at du faktisk vil ut å trena NO! Alle har potensial til å koma i betre form og bli ein betre versjon av seg sjølv. Set deg realistiske mål som du veit du kan meistra. Hugs at litt er betre enn ingenting. Lukka til!
m-f: 08:00-16:30 l: 09:00-13:00
VVS-arbeid innan nybygg, reparasjonar, driftsbygningar og rehabilitering. Tlf. 932 99 880 Drivstoff • Kioskvarer • Dagligvarer • Gatekjøkken • Take away
Årdalstunet, 4137 Årdal i Ryfylke 51 75 42 30 • butikk.ardal@fkra.no
Mitt Hjelmeland 18 |
fkra.no/fkbutikken
| september 2013
YX Årdal (GEA), 4137 Årdal i Ryfylke • Tlf. 51 75 25 88
Hjelmeland Bygg AS
er eit frittståande byggjefirma med 15 medarbeidarar. Firmaet leverer handverkartenester som oppføring av nybygg, rehabilitering, tilbygg, påbygg, innreiing, våtrom og asbestsanering.
Kontakt oss for informasjon om våre prosjekt og tenester: • Tlf.: 51 75 11 50 • E-post: postkasse@hjb.no
Har du bustadtomt og vil byggje? Skal du pusse opp eller byggje på? Eller har du ein draum om ny hytte i vakker natur? Me kan hjelpe deg!
TRELASTHANDEL Me driv telasthandel med lagerutsal av byggjevarer i våre lokale i Årdalstunet. Kom innom, eller ring Erling Olsen (tlf. 913 68 131), for å få gode tilbod.
www.byggeriet.no
STILLASUTLEIGE
BETONGAVDELING
Me leiger ut stillaspakkar på 72 kvadratmeter til fast pris.
Me utfører betongarbeid til fornuftige prisar i Hjelmeland, Suldal og Strand. Kontakt betongavdelinga: Dag Jostein Veka (tlf. 911 02 598) eller Olav Sørestad tlf. 982 66 531
For oss er ingen jobb for liten eller for stor! september 2013 | Mitt Hjelmeland | 19
TEMA: INNVANDRAR I HJELMELAND
FLEIRKULTURELT
FELLESSKAP
448 PERSONAR, ELLER 16 PROSENT AV DEN TOTALE FOLKEMENGDA I HJELMEL AND, ER INNVANDRARAR ELLER NORSKFØDDE MED INNVANDRARFORELDRE. DEI ALLER FLESTE INNVANDRARANE KJEM TIL HJELMEL AND FOR Å SKAFFA SEG JOBB. Tekst: Vegard Terøy Foto og grafikk: Morten Hetland
Hjelmeland har i løpet av relativt kort tid utvikla seg til å bli ein fleirkulturell kommune, og er blant land-kommunane i Noreg som har den høgaste prosentdelen innvandrarar. Dei aller fleste innvandrarane i Hjelmeland kjem frå EUeller EØS-land for å skaffa seg jobb, og kan dermed vera ein stor ressurs for kommunen. Somme av innvandrarane glir saumlaust inn i lokalsamfunnet, medan andre fell utanfor. – Situasjonen med så mange innvandrarar er relativt fersk, og læringskurva har vore bratt. Dette er ei utvikling som berre har skjedd, utan at me eigentleg har innretta samfunnet til å ta imot arbeidsinnvandrarane. Arbeidsinnvandring er ein kombinasjon av ein fantastisk ressurs og fleire konkrete utfordringar. Samstundes veit me at mange har kome hit og etablert seg som viktige delar av lokalmiljøet, fortel Haldis K. Nilsen, som er bygdeutviklingssjef i Hjelmeland kommune. Nilsen fortel til Mitt Hjelmeland at kommuneadministrasjonen ynskjer å leggja til rette for å integrera nye tilflyttarar, men legg ikkje skjul på at innvandring òg fører til nye utfordringar, i form av mellom anna språkvanskar og kulturforskjellar. Mitt Hjelmeland 20 |
KVEN ER UTLENDINGANE? Litauarar, tyskarar og polakkar toppar innvandringsstatistikken i Hjelmeland. Innvandrarar frå totalt 41 nasjonar utgjer ei folkegruppe på 448 personar. For å finna betre måtar å integrera nye innvandrarar, starta Hjelmeland kommune i fjor prosjektet «Frå innvandrar til innbyggjar». Prosjektet er finansiert av Kommunal- og regionaldepartementet, Ryfylkefondet og eigeninnsats i form av arbeidskraft frå Hjelmeland kommune. Sidan opp-
| september 2013
starten har prosjektet hovudsakleg arbeidd med tema som er aktuelle for arbeidsinnvandrarar, i stor grad tilflyttarar frå EU- eller EØS-land. – Gjennom dette prosjektet ynskjer me å synliggjera at arbeidsinnvandring er ein fantastisk ressurs. Mange av innvandrarane representerer kapasitetar på ulike felt. Mange av dei er høgt utdanna folk, men utlendingar er sjølvsagt like ulike som hjelmelandsbuar flest. Dei har varierande interesse og engasjement, men me opplever at
Tal på innvandrarar 70-89 20-39 10-19 4-9 1-3 0
mange er interesserte i å læra språket og bli ein del av lokalsamfunnet, fortel prosjektkoordinator Haldis K. Nilsen. Nilsen presiserer at flyktningar ikkje inngår i dette prosjektet, sidan dei er innrullerte i eigne mottakssystem. – Flyktningar tel òg som innvandrarar i statistikkane, men utgjer ikkje meir enn éin tredel av dei 448 innvandrarane i kommunen, utdjupar Nilsen. ULIKE ERFARINGAR Éin av dei mange som har kome som innvandrar til Hjelmeland, og funne seg til rette, er Jochen Krämer. Både han og kona Michaela hadde fast jobb i Tyskland, men bestemte seg for å prøva noko nytt, og flytta difor til Hjelmeland i 2003. Michaela fekk jobb som lærar i Hjelmeland kulturskule, og kort tid etter blei Jochen tilsett på den same arbeidsplassen som kona. Det første halve året budde dei på campingplassen på Fister, før dei endeleg fann eit hus til leige. Etter nokre år som leigetakarar fekk dei sitt første born, og i 2009 flytta den litle familien til sitt eige hus i Hetlandsbygda. No har paret tre barn, og det fjerde er ventande allereie no i haust.
Sjølv om dei er godt etablerte med små barn, eige hus og kvar sin arbeidsplass, understrekar Jochen at det var utfordrande å flytta til eit framandt land. – Det er svært viktig, men samtidig vanskeleg, å læra språket. Me var godt førebudde, og kunne litt norsk før me kom, sidan Michaela hadde studert eit semester i Tromsø. Likevel var det òg mykje av språket som me ikkje forstod, fortel Jochen, og trekk mellom anna fram at det norske ordet irritert betyr forvirra på tysk.
– Eg sa at eg var irritert, men meinte sjølvsagt forvirra, så reaksjonane var ikkje som forventa, flirer Jochen. Jochen har mange tankar om korleis det var å koma til Noreg og Hjelmeland som innvandrar. – Språket er berre éin av mange utfordringar. Det er òg store kulturforskjellar mellom Tyskland og Noreg. Mentaliteten er annleis, slår Jochen fast. – Når ein flyttar til eit nytt land møter ein mange inntrykk. Alt er nytt, og det er veldig travelt. Plutseleg kjente «alle»
INNVANDRAR: I 2003 flytta Jochen Krämer og kona Michaela frå Tyskland til Hjelmeland for å prøva noko nytt.
PROSJEKTKOORDINATOR: Haldis K. Nilsen er koordinator for prosjektet «Frå innvandrar til innbyggjar».
september 2013 | Mitt Hjelmeland | 21
V
INTERNASJONALT: Kartet ovanfor viser opphavslanda til dei 448 innvandrarane og norskfødde med innvandrarforeldre som var busette i Hjelmeland per 01.01.2013. Desse kjem frå 41 forskjellige nasjonar i heile verda. I ordskya på førre side er alle dei 41 nasjonalitetane lista opp ut frå storleiken på folkegruppa. Di større bokstavane er, di fleire har denne nasjonaliteten.
meg, men eg kjende eigentleg ingen, reflekterer 43-åringen, som no har teke vidareutdanning for å kunna undervisa i norsk for framandspråklege. Jochen er blitt invitert til å bidra med erfaringane sine som innvandrar i «Frå innvandrar til innbyggjar»-prosjektet. – Me blei godt mottekne då me kom, men det kan likevel vera vanskeleg å koma til ein ny plass. Det er mykje papirarbeid, og mykje som skal lærast. Eg håpar at erfaringane mine kan vera til hjelp for andre, seier Jochen Krämer. SPRÅK ER VIKTIGAST Tilbake på kontoret i Hjelmelandsvågen lener Haldis K. Nilsen seg engasjert over bordet, vel vitande om dei mange suksesshistoriene kringom i kommunen. Samstundes er ho fullt klar over at ikkje alle finn seg like enkelt til rette. – Språket er nøkkelen til å bli ein del av lokalmiljøet. Difor er det eit problem at mange innvandrarar ikkje kan norsk. Sidan mange innvandrarar ikkje har rett og plikt til å læra norsk, så må me betra tilbodet deira for å få norskopplæring. No prøver me å lirka det til, mellom anna ved å tilby bedriftsretta norskopplæring gjennom eit samarbeid med Strand vidaregåande skule. Bedriftene har behov for at dei tilsette lærer seg norsk. Det same har både kommunen og innvandrarane sjølv, fortel Nilsen, og legg til at 40-50 arbeidsinnvandrarar frå tre av partnarbedriftene i prosjektet vil få tilbod om norskundervisning i haust. – På bakgrunn av erfaringane frå dette tilbodet, håpar me å på sikt kunna skapa meir systematiske tilbod innan norskopplæring, forklarer Nilsen. NÆRINGSLIVET SOM PARTNARAR Hjelmeland kommune har òg drege med seg fire-fem samarbeidspartnarar frå det lokale næringslivet, der Marine Harvest, K-Plast og Mikals Laks har vore mest aktive. Alle tre har svært mange arbeidsinnvandrarar blant dei tilsette. Astrid Sande, HR-sjef i Marine Harvest, er svært oppteken av at arbeidsinnvandrarane skal trivast i kommunen. Mitt Hjelmeland 22 |
Me treng
hjelmelandsbuar frå heile verda. Haldis K. Nilsen bygdeutviklingssjef i Hjelmeland kommune
– Om lag to tredeler av dei 120 tilsette i slakteriet på Ryfisk er framandspråklege frå 16 forskjellige nasjonar. Me har no funne fram 40 tilsette som skal få norskopplæring gjennom tilbodet til Hjelmeland kommune. Oppdrettsgiganten på Hundsnes er oppteken av at norskopplæringa skal vera nevenyttig, og vil kontrollera om kvaliteten på opplæringa er god nok og at dei tilsette deltek aktivt. – Som arbeidsgjevar har me òg eit samfunnsansvar. Alle våre tilsette vil ha nytte av å læra seg norsk, både i jobbsamanheng og privat, meiner Astrid Sande i Marine Harvest. EIN NY KVARDAG Bygdeutviklingssjef Nilsen i Hjelmeland kommune stadfestar at næringslivet stiller velvillig opp for arbeidsinnvandrarane. – Bedriftene er verkeleg interesserte i å leggja til rette for at folk skal finna seg til rette i Hjelmeland. Slik er det ikkje alle stader. Arbeidsløysa er låg i
PERSONALSJEF: Astrid Sande er oppteken av at dei tilsette hjå Marine Harvest skal trivast i Hjelmeland.
| september 2013
kommunen, under éin prosent, men det er ei utfordring å møta opp utan å kunna språket, uttalar Nilsen. Prosjektet skal rundast av neste år, men før den tid har kommunen planar om å gjennomføra konkrete tiltak. – Alle har rett på å få informasjon, sjølv om ein snakkar og skriv eit anna språk. Kommunen, næringslivet og innbyggjarane i Hjelmeland må ta den nye, globale situasjonen innover seg. Me oppmodar mellom anna organisasjonar og lag til å vera meir aktive for å rekruttera medlemmer frå andre nasjonar, slik som til dømes Hjelmeland Bygdekvinnelag har gjort, fortel Nilsen, og fortel vidare at kommunen mellom anna vil halda informasjonsmøte om skatt og arbeidsliv på andre språk enn norsk, samt å gjera nettstaden til kommunen tilgjengeleg på fleire språk. – No legg me grunnlaget for framtidig integrering. Me vil bruka pengar på å prøva ut ting. Noko fungerer, medan noko anna ikkje fungerer. Erfaringane vil me uansett ha nytte av seinare, når prosjektet er ferdig i løpet av 2014, trur Nilsen, som avsluttar med å avfeia myta om Hjelmeland som eit lukka og traust lokalsamfunn. No er kommunen blitt ein globalisert smeltedigel, der folk frå alle verdas krikar og krokar kan finna seg til rette og bli godt mottekne. – Det er ikkje så sidrumpa her lenger. Hjelmeland er ein internasjonal møteplass. Me treng hjelmelandsbuar frå heile verda. Dette omdømmet må me selja utanfor kommunegrensene. Det er dette me står for. Dette vil me vera, fastslår kommunesjef Haldis K. Nilsen.
FANN LUKKA: Anita Topp Sandvik (41) kom frå Danmark til Grønvik utanfor Fister i ein alder av 17 år. Der fann ho lukka og blei verande. Etter 24 år i Noreg er ho framleis dansk statsborgar, sjølv om ho kjenner seg veldig norsk og er stolt av å bu i Noreg. –Eg ser ikkje på deg som ein innvandrar, stadfestar sonen Tobias (15), etter å ha grubla litt for seg sjølv.
– EG HAR Tekst og foto: Morten Hetland
Då den unge dansken bestemte seg for å prøva noko nytt, var det ingen som kom på at Anita Topp Sandvik skulle flytta til Noreg og stifta familie i Grønvik utanfor Fister. I dag er ho gift med Trond, og saman har dei fått to born, Tobias (15) og Katarina (12). – Eg ville eigentleg til USA som au pair, men då nekta far. Han var derimot svært glad i Noreg, og overbeviste meg om at eg heller burde reisa dit. Søskenbarnet mitt arbeidde på trygdekontoret på Hjelmeland, og greidde via ein kollega å finna ein familie som trengde hjelp til barnepass og arbeid på fruktgarden, fortel Anita. For 24 år sidan reiste ho frå barndomsheimen på Falster, heilt sør i Danmark, og budde nokre dagar hjå kusina si på Jøsneset, før ho vart kjørt til familien Arvid og Elisabeth Grønvik, om lag fem kilometer utanfor Fister. – I gardstunet stod Benedikte, den to år gamle jenta på garden, i selebukse og med tommelen i munnen, og såg svært så skeptisk ut. Faren i huset var sikkert like skeptisk, humrar Anita, og tenkjer over kor tilfeldig det var at ho skulle bli buande i Grønvik. Anita og Elisabeth veksla mellom å passa barna og stella i frukthagen, og etter kvart vart Anita ei god venninne og ein viktig del av familien.
ALDRI
ANGRA
– EIN MÅ ALLTID VERA OPEN FOR Å PRØVA NOKO NYTT, MEINER ANITA TOPP SANDVIK. FOR 24 ÅR SIDAN FLYTTA HO FRÅ FALSTER I DANMARK FOR Å ARBEIDA PÅ GARDEN GRØNVIK EITT ÅRS TID, MEN DER BLEI HO VERANDE. – Alle andre sa at eg ikkje kom til å klara meir enn éin månad i Grønvik, men slik vart det altså ikkje, smiler Anita, som no har budd i Noreg i over halvparten av livet. Då er det ikkje så rart at ho snakkar ei blanding av norsk og dansk, «omtrent slik som nordmenn snakkar dansk», forklarer ho sjølv. – Eg forstod svært lite norsk i starten, men sidan eg arbeidde mykje med ungar, lærte eg språket ganske fort. Då vart det òg lettare å ta kontakt med andre folk. Dessutan er eg open, og tek ikkje meg sjølv så høgtideleg. Det trur eg òg har vore ein bonus, tenkjer Anita. – Kvifor vart du buande i Hjelmeland? – Det var nok kjærleiken som blomstra, ler Anita, før ho utdjupar svaret. – Før eg reiste frå Danmark, sa eg at eg skulle finna meg ein gut med lyst hår og hockeysveis, og som likna på ein svenske. Den første dagen på Fister møtte eg ein kjekk kar som passa perfekt med denne skildringa i den lokale butikken. Eg tenkte «Ikkje verst med éin kjekk gut på Fister». Det blei berre endå betre då eg fekk vita at den kjekke guten var broren til Elisabeth, Trond, som budde i nabohuset, smiler Anita. Anita og Trond fann tonen, og etter to år som barnepike og tenestejente i Grønvik, flytta Anita saman med Trond inn i
ein kjellarleilegheit på Fister. Anita fekk seg vidaregåande utdanning, og jobba fleire år i Fister barnehage og Årdal barnehage, før ho skifta retning for å driva restaurant saman med Elisabeth, som no var blitt svigerinna hennar. – I nokre år dreiv eg og Elisabeth pizzarestaurantane Erling på Kaien i Fistervågen og Kobbarverket på Hjelmeland, minnast Anita. Drifta av Erling på Kaien og Kobbarverket vart etter kvart avvikla, men Anita meiner at Hjelmeland framleis treng slike uformelle møteplassar. – Hjelmeland er ein kjekk kommune å bu i, men det manglar framleis noko på samhaldet mellom bygdene i kommunen. Folk må forstå at me kan læra mykje av kvarandre, og at me står sterkare saman, seier Anita skarpt. Ho greier ikkje å sjula at ho er ei engasjert kvinne, som har vore engasjert i mykje sidan ho kom til Hjelmeland, blant anna tre år som leiar i Hjelmeland Idrettslag. – Viss ein skal trivast her, innvandrar eller ikkje, så må ein sjølv ta ansvar for å engasjera seg. Det kan vera alt frå å seia hei til folk ein møter på vegen, til å kjøpa lodd til 4H-basaren, eller takka ja til verv som foreldrekontakt. Ein må gje av seg sjøv, og bidra til samfunnet, konkluderer Anita Topp Sandvik.
september 2013 | Mitt Hjelmeland | 23
MAGISK OG MYSTISK: Turløypa Eventyrskogen, med 50-60 eventyrlege store og små figurar, ligg i Bønardalen, sentralt i Årdal. – Når sola skin gjennom trekronene, og mosen lyser grønt, er det få plassar det er betre å vera, fastslår treskjerar Eldfinn Austigard.
Mitt Hjelmeland 24 |
| september 2013
Tekst og foto: Vegard Terøy
Opningstider: m-f: 08:00-16:00 l: 10:00-13:00
Fagforhandlar av skogsmaskinar, hagemaskinar, parkmaskinar, landbruksmaskinar og verktøy.
Butikk og verkstad i Ă…rdalstunet.
Velkommen innom!
september 2013 | Mitt Hjelmeland | 25
D E M G A L PÅ E N E M M O UN GD Tekst: Nazir Safi Foto: Morten Hetland
I heile 43 år var Kirsten Gundersen lærer ved Årdal skole. Selv om hun gikk av med pensjon i 2008, befinner hun seg fremdeles på skolen med jevne mellomrom, som pådriver for skolelaget. 75-åringen har helt siden 1975 ledet skolelaget, bedre kjent som «lagsmøtet», som er en del av Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag. Tre av Kirstens tidligere elever er bedt om å beskrive henne med tre ord: Lena Fjeldheim Egeland forteller om en omsorgsfull, trofast og moderne kvinne. Jon Andreas Tjentland beskriver henne som utholdende, godhjerta og en «Jesus-elsker». Martine Mæhle mener at Kirsten er omtenksom, trofast og godhjerta. Det rår ingen tvil om at de som kjenner Kirsten vil si seg enige i beskrivelsene. FRA HUSMOR TIL LÆRER Vi har blitt enige om å gjennomføre intervjuet i forbindelse med lagsmøtet på Årdal skole. Mens vi gjør oss klar til intervjuet, kommer ungdommene gruppevis til skolen. På kjøkkenet har de ansvarlige allerede begynt å forberede kveldens måltid. Kirsten har inntatt sin faste posisjon, rett ved inngangsdøren på kjøkkenet. Listen over lagsmedlemmene ligger foran henne. De melder sin ankomst én etter én. Hun gir ordre om at alle kjøttdeigpakkene skal stekes, før hun snur seg mot oss. – Når bestemte du deg for å bli lærer? Kirsten trekker på smilebåndet og tenker seg litt om før hun svarer. Mitt Hjelmeland 26 |
I ÅREVIS HAR KIRSTEN GUNDERSEN JOBBET FOR BARN OG UNGE I HJELMELAND. 75-ÅRINGEN ER PÅDRIVER FOR SKULELAGSMØTENE I ÅRDAL, OG HAR EN HØY STJERNE BLANT UNGDOMMENE. – Jeg hadde aldri ambisjoner om å bli lærer. Det var egentlig bare tilfeldig at jeg havnet i dette yrket. På den tiden skulle kvinnene ta av seg ungene og husarbeidet, sier hun. Kirsten forteller at hun selv hadde to barn på fire måneder og tre år, og skulle i utgangspunktet ta av seg dem, helt til skolen søkte etter lærer i heimkunnskap og håndarbeid. Med sin utdanning innenfor design og mønsterforming fra en allsidig husmorskole, kontaktet hun skoleinspektøren i kommunen for å søke på den ledige stillingen. Jobben fikk hun, og hennes mor passet ungene mens hun var på jobb. HAR ALDRI ANGRET – Husker du din første arbeidsdag som lærer? – Ja, jeg husker den dagen veldig godt. Jeg gledet meg veldig, men var samtidig en smule nervøs, sier Kirsten. Videre forteller den pensjonerte læreren at hun ble tatt godt imot av både kollegaene og elevene fra første dag, og at hun aldri har angret på valget. Denne ukens lagsmøte er i ferd med å etablere seg. Pianospillet fra musikkrommet høres godt på kjøkkenet. De skarpe tonene setter sitt preg på kvelden. Støyen fra gymsalen er ikke til å bli kvitt. Volleyballen slås fram og tilbake over nettet, etterfulgt av et skrik: – Den var inne! Lydnivået er enda høyere fra naborommet, der noen spiller TV-spill. Lukten av stekt kjøttdeig brer seg i kjøkke-
| september 2013
net. Kirsten virker fornøyd. Ansiktsuttrykket hennes viser at hun er fornøyd med tilværelsen. LYKKEFØLELSEN Gjennom årene som lærer har 75-åringen lært mange langt på vei til å kunne strikke og sy, samt kunsten å lage god mat. – Hvordan føltes det å se elevene dine lykkes med sine oppgaver? – Det er klart at det var betryggende og gledelig å se at elevene fikk utbytte av timene. Det gav en følelse av lykke, men all ære til elevene som stod på og gjorde en god jobb, sier Kirsten. I løpet av sin karriere som lærer har hun for det meste jobbet på skolen i Årdal, men også en kort periode på Hjelmeland. Kirsten forteller at årene som lærer har gitt henne minner for livet. En av episodene hun trekker frem, handler om Christer Mæhle fra Årdal. – Nei, han Christer ville ikke strikke, og sa klart i fra om det da han kastet strikketøyet på gulvet, før han la til: «Ikke vil jeg og ikke kan jeg». Når han innså hvor lett det egentlig var, strikket han mange luer den våren. Han stod selv for designet, og ble flinkere enn meg, forteller hun med et smil om munnen. KONGENS FORTJENSTMEDALJE I 2008 ble Kirsten tildelt kongens fortjenestmedalje i sølv. Medaljen tildeles for særlig samfunnsgagnlig eller frivillig innsats, og for særlig fortjenstfullt arbeid over lang tid. Hederskvinnen fikk æren av å møte kongen på Slottet. – Hvordan var det å møte kong Harald?
ILDSJEL: Kirsten Gundersen har stått bak skolelagsmøtene i Årdal siden 1975. – Dette er et veldig givende arbeid, og jeg er glad for at mange ungdommer deltar, sier Kirsten.
– Det var en helt spesiell opplevelse å møte kongen. Jeg ble imponert av hans hukommelse: Vi var en gruppe på seks-sju personer. Han hadde lest om oss på forhånd og husket alle de små detaljene om hvem vi var og hvorfor vi ble tildelt medaljen, husker Kirsten. KRISTENTROEN Kirsten har en sterk tilknytting til kristendommen, og vil gjerne formidle dette videre til andre via lagsmøtene. – Jeg ble selv en del det kristne
miljøet på skolen da jeg begynte her som lærer, og har siden 1975 vært med på lagsmøtene. Dette er en utrolig fin anledning til å formidle den kristne troen til ungdommene, men samtidig er lagsmøtet et sosialt samlingspunkt for alle, der ungdommene kan delta i ulike aktiviteter, spise mat og være med på andakt, sier hun. Videre forteller Kirsten at det tidligere bare var ungdomsskoleelever fra Årdal som deltok på lagsmøte, men etter at ungdomsskolen i Årdal ble lagt ned og
slått sammen med Hjelmeland ungdomsskole, tar også ungdommer fra andre deler av kommunen turen til lagsmøte annenhver fredag. – Kommer du til å lede lagsmøtene fremover? – Ja, selvsagt skal jeg det, i samarbeid med alle de andre lederne. Vi er flere som brenner for dette, og vi har allerede planlagt kommende år. Dette er et veldig givende arbeid, og jeg er glad for at mange ungdommer deltar, avslutter en engasjert Kirsten Gundersen.
Rutetrafikk og charterturar
Fliser • Naturstein Støyping • Forskaling Telefon: 909 21 446
Tlf. 901 03 555 www.helgoy.no
september 2013 | Mitt Hjelmeland | 27
NONSENS MED NORDBØ:
PÅ VILLE OG VIDE Tekst: John Petter Nordbø kåsør
Då har eg blitt austlending. Blitt fin på det. Flytta til hovudstaden. Eller i alle fall like utanfor. Det betyr mykje omveltingar for ein sindig ryfylking med siste arbeidsstad på Sande på Hjelmeland. I staden for å krongla seg langs svingete vegar, smale som ein fjellsti i Nepal på veg til arbeid, skal eg no manøvrera meg av stad på ein veg med fire felt. Somme stader er det faktisk seks!
VEGAR
Attpåtil er det opp til fleire andre som skal same veg. Eg undrast av og til når eg køyrer forbi eit skilt som fortel «Åtvaring: Svingete veg». Først etter å ha køyrt forbi den vesle retningsforandringa og retta opp bilen på det neste endelause, beine strekket, skjønar eg at det ikkje skal meir til for å kalla det svingete veg her. Alt er eigentleg mykje større her. Men samstundes
verkar alt nærmare, og ikkje minst er det fleire av alt. Heime i Ryfylke reknar me det gjerne som nærme når det er mindre enn ein halvtimes køyring vekke. Og er det innafor éin time, kan det framleis vera som å besøka ein kjær nabo. Her borte kjem du nesten til nabolandet på ein time. Stikk du innom Byggmakker-butikken eit kvarters kjøretur unna, kan du vera brennsikker på at det er i alle fall to som ligg
nærmare, som du då altså heller burde brukt. Det er heller ikkje lett å koma på at du kan handla matvarene dine både på seine kvelden, eller på ein sundag. I Årdal får du ingenting på Handelslaget etter klokka fire på ein laurdag. Her kan du handla både hjå Jernia og G-Sport til klokka ni. På trass av at alt tilsynelatande er betre her borte, lengtar eg likevel heim. Forstå det den som kan.
Taxi i Hjelmeland kommune:
915 39 703
Transport av husholdnings- og industriavfall. Kort- og langtidsleie av containere i Strand og Hjelmeland. Partnerregnskap AS - Autorisert Regnskapsførerselskap Avdeling Jørpeland, telefon +47 51 74 14 00. Avdeling Årdal, telefon: +47 51 75 42 50 E-post firmapost@partnerregnskap.no - www.partnerregnskap.no
Mitt Hjelmeland 28 |
| september 2013
tlf. 913 47 764
Vi er banken for hele Ryfylke - du finner oss i din egen kommune.
Vi er 50 ansatte som er her for å hjelpe deg med alle finansielle behov knyttet til bank, forsikring og eiendomsmegling – enten det gjelder privat eller næring. Du finner oss i Sauda, Sand, Årdal, Jørpeland, Tau, Forsand, Judaberg og Vikevåg. Har du prøvd vår mobilbank for privat eller bedrift? Finn oss online på em1.no og sr-bank.no
E N I R T D E M N E L R O T Å S R A R Ø TO F D R O I Tekst: Vegard Terøy Foto: Morten Hetland
Trine L. Danielsen kjem ruslande over plenen på Sande. Fem minutt for sein, med sola i fjeset og eit stort smil om munnen. I bakgrunnen reiser Hjelmen seg mot himmelen, lenger borte legg ferja frå kai, og glir i retning Nesvik. – Før eg kom hit hadde eg aldri tatt ferje før. Eigentleg kunne eg ikkje forstå at folk busette seg på landet, men no skjønar eg det jo. Det er trygt, godt og vakkert. No trivst eg på landet, men gler meg til Ryfast og Årdalstunellen står Mitt Hjelmeland 30 |
TRINE L. DANIELSEN FORTEL OPENHJARTA OM Å VERA ORDFØRAR, HAVBRUKSEKSPERT, BYGDEKVINNE, ÅLEINEMOR OG TILFLYTTAR.
klar, fortel ordføraren, og slår seg ned på benken. I om lag to år har ho vore Hjelmeland kommune sitt ansikt utetter. Det har ikkje berre vore enkelt. HANDLEKRAFTIG Trine L. Danielsen er ei bereist kvinne. Fødd og oppvaksen på fornemme Singsaker i Trondheim, men med ein sterk opplevingstrong allereie frå ungdomstida. I ung alder reiste ho til Bergen for å studera. Der blei ho utdanna til
| september 2013
Trine L. Danielsen Alder: 46 Yrke: ordførar Bustad: Breidablikk, Hjelmeland Positive sider: – Eg har godt humør, er aktiv og god til å takla endringar. Negative sider: – Eg er utålmodig, lyttar for lite og er til tider for impulsiv.
akvaingeniør, og sikta seg deretter inn på ein karriere innan havbruk. – Eg har alltid meint at det er best å gjera eit val, så får ein heller ta eit nytt val etterpå viss det første blir feil, slår Trine fast. Og val har ho tatt, mellom anna eitt som førte ho frå Noreg til sørlegare breiddegrader. Då hadde ho ein god jobb innan havbruksnæringa i Trondheim, men valde likevel å takka ja til eit spanande jobbtilbod i Portugal. Etter sju år utanlands kom tida for å venda tilbake til heimlandet. – I Portugal fekk eg ei dotter, men sidan forholdet mellom meg og faren hennar var slutt, takka eg ja til eit jobbtilbod frå forskingsstasjonen CAC i Hjelmeland. Sara var då seks år, og snakka ikkje godt norsk, så det blei ein overgang for både meg og ho. Ti år seinare arbeider Trine no med å leia Hjelmeland kommune gjennom to av dei hardaste økonomiske åra i kommunen si nyare historie.
Det siste året, med omstillingsprosjektet, har vore veldig travelt. FLAKS OG TILFELLE Det var aldri sjølvsagt at Trine skulle bli ordførar. Ho måtte overtalast til å stå på Høgre si valliste før kommunestyrevalet i 2011, men ho hadde aldri trua på å enda i sjefsstolen. Den einaste politiske erfaringa ho hadde, var som medlem i sakkunnig nemnd for eigedomsskatt. – Det var både flaks og tilfelle som spelte inn. Leif Magne Kleppa var eigentleg Høgre sin førstekandidat, men han er ein businessmann, og partiet konkluderte med at han ville blitt ugild i for mange saker. To andre kandidatar takka nei før eg blei spurt. Eg takka umiddelbart nei, då eg ikkje kjende meg klar for jobben. Andre ihuga høgre-
folk råda meg då til å drikka nokre glas med vin, og setja opp ei liste med positive og negative sider ved ein ordførarjobb og jobben eg hadde på CAC. Eg tenkte grundig over saka, og rådførte meg med både dottera mi og far, før eg éi veke seinare takka ja. Frå å stå på lista var det likevel langt til ordførarstolen. Trine såg i det lengste føre seg ein plass i kommunestyret, men valet gjekk sin gang, og eit valsamarbeid mellom Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet tok innarsvingen på Senterpartiet og dåverande ordførar Bjørn Laugaland. – Under valvaka fekk eg stadig nye oppdateringar om kor bra det gjekk for Høgre. Då gjekk det opp for meg at eg kunne koma til å bli varaordførar eller ordførar, men då måtte eg tenkja meg om igjen. Vil eg dette? Eg trur det er første gong eg har kjent mi eiga sveittelukt! Når valnatta var over, var det ingen tvil om at Trine L. Danielsen skulle bli den neste ordføraren i Hjelmeland. Valet var historisk på fleire måtar: Trine er Høgre sin første ordførar i kommunen, samstundes som ho er den første kvinnelege ordføraren i Hjelmeland. – MANGE HAR VORE SINTE Trine fortel ærleg om prosessen fram mot å få ordførarkjedet rundt halsen. Ho tykte det var vemodig å ta farvel med jobben i CAC, og tida framfor ho var både usikker og spanande. Hjelmeland kommune låg økonomisk sett med knekt rygg, og Høgre, med Trine i spissen, fekk jobben med å rydda opp. – Det er inga opplæring i ordførarjobben, og inga prøvetid. Det var tre sveitte månader i starten. Eg kjende havbruksnæringa godt, og håpa at kunnskapen om næringslivet kunne vera ein styrke. Samstundes var mykje ukjent. Eg hadde lite peiling på lovar og reglar og alt det administrative som skjer på Kommunehuset. Systemet er tungrodd, og alt tek tid. Eg skjønar at det må til, men det var ei utfordring, særleg sidan eg var vand med å ta avgjerder sjølv, så lenge desse var innanfor arbeidsgjevaren sin strategi og intensjon, medgjev Trine.
Kommunen sin økonomiske situasjon gav ikkje rom for ein tilvenningsprosess. Trønderkvinna vart kasta ut i politikken med hovudet først. Trine er tydeleg på at det har vore ein krevjande periode. – Det har vore ei veldig vanskeleg tid. Å leggja ned og kutta pengebruken har vore forferdeleg, men eg står for alt me har gjort. Me har blitt tvinga til å velja mellom onder, eller mellom godar. Målet har heile tida vore økonomisk balanse, å få rekneskapet til å gå i null. Mange har vore sinte på tiltaka som har blitt gjort, og mange er redde for endring. Eg får jo med meg at folk er misnøgde, og at mange meiner at ting burde blitt gjort annleis. Ein kan fort bli venelaus i ein jobb som dette, men faktum var likevel at noko måtte gjerast. ROBEK (register om betinga godkjenning og kontroll, red. adm.) var ikkje noko alternativ. Eg meiner det er ein styrke at lokale politikarar tek avgjerdene lokalt, fortel Trine. – Etter det siste møtet i kommunestyret var eg veldig sliten og irritert. Då må ein klara å nullstilla seg. Det har ingenting føre seg å bera nag til politikarar som er usamde med seg sjølv. Heldigvis er eg ikkje åleine. Me er eit godt lag som jobbar saman, og alle vil det beste for Hjelmeland kommune.
Den
tryggaste
næringslivssatsinga er
havbruk og landbruk.
Det kan me allereie. SER FRAMOVER No vil ordføraren heller sjå framover, og håpar at resten av perioden bringer med seg fleire positive oppgåver. – Me vil gjera Hjelmeland attraktivt. Samhaldet innad i kommunen må styrkast. Me er heller ikkje flinke nok på næringsliv, så der må noko gjerast. – Forhåpentlegvis kan me tiltrekkja oss bedrifter og leggja til rette for verdiskaping i kommunen. Utan arbeidsplassar, inga busetjing. Så enkelt er det, seier ordføraren engasjert.
september 2013 | Mitt Hjelmeland | 31
V
Eg hadde null politisk erfaring, men etter to år byrjar det å gå greitt.
Eg er ein generalist, ikkje ein spesialist. Trine har mange visjonar for Hjelmeland, og har ingen planar om å liggja på latsida når dei økonomiske utfordringane etter kvart tyngjer mindre på skuldrene. Mellom anna gler ho seg til Ryfast er på plass, og til det første spadetaket blir teke i Årdalstunellen. – Me må leggja til rette for vidare samferdselsutbygging før Ryfast står klar. Det nyttar ikkje venta og sjå kva som skjer. Samstundes må me styrka dei områda me allereie er gode på: Landbruk, havbruk, stein og grus, turisme og eit variert sørvistilbod. For Hjelmeland sin del er det veldig viktig å ta vare på det me har, men me må òg vera opne for å tiltrekkja oss nye næringar. Me må finna framtidsretta løysingar, meiner 46-åringen.
Ordføraren snakkar varmt for samarbeid mellom kommunane i Ryfylke. – Det er ikkje nødvendigvis snakk om kommunesamanslåing, men eg meiner at kommunane bør samarbeida for å finna dei beste løysingane. Hjelmeland er gode på noko, til dømes landbruk, medan andre er gode på noko anna. Ei kommunesamanslåing i Ryfylke kan bli ein realitet på sikt, men sidan eg har skjønt at det er viktig for hjelmelandsbuen at kommunen heiter Hjelmeland, så må eg vel heller overtala Strand til å ta vårt namn, seier Trine, og smiler lurt. PRIORITERER FAMILIEN I dag har ikkje ordførar Trine nokre større, politiske ambisjonar. Ho vart kasta ut i jobben som ordførar, og seier sjølv at dei to første åra har vore ei bratt læringskurve. Likevel var det andre grunnar som gjorde at ho takka nei til å stå på Høgre si stortingsliste før årets stortingsval.
– Eg har verdas nydelegaste dotter. Ho er no 15 år, og går det siste året på Hjelmeland ungdomsskule. Neste haust byrjar ho på vidaregåande skule. Det er ei veldig viktig tid i livet hennar. Då vil eg vera her med ho, ikkje i Oslo. Ho er vand til å klara seg sjølv, sidan eg alltid har jobba mykje, og lenge var ho fast bestemt på å flytta på hybel i Stavanger. No ser det heldigvis ut til at eg kan få ho til å bu heime det første året, smiler åleinemora. Den litle familien trivst nemleg svært godt på Hjelmeland. Etter å ha reist mykje, i inn- og utland, har Trine og dottera ingen planar om å pakka koffertane med det første. På spørsmål om kva som er det beste med Hjelmeland, er Trine snar til å svara: – Naturopplevingar, oppvekstvilkår og integrering av innvandrarar. – Og tre ting som kan bli betre? Trine tenkjer seg om, før ho svarer. – Me er ikkje så gode til å ta i mot
I fem år har Hetland Media drive med datahjelp, datakurs, utvikling og drift av nettsider, journalistikk og fotografering, grafiske tenester, design og formgjeving, digitalisering av videokassettar og bilete, forlagstenester, skrivejobbar og trykking av: Visittkort, brosjyrar, bøker, hefte, postkort, foldarar, skilt, plansjar, banner, messesystem, T-skjorter, plastkort, plakatar, m.m. Me hjelper deg med gode produkt og tenester til fornuftige prisar!
Mitt Hjelmeland 32 |
| september 2013
nordmenn som flyttar hit. Me kan òg bli flinkare til å framsnakka kvarandre, og betre til å tiltrekkja oss arbeidsplassar. Danielsen snakkar av erfaring. Ho kom til Hjelmeland som 36 år gammal åleinemor, og oppdaga fort at ein må ta initiativ for å finna sin plass i lokalsamfunnet. – Ingen inviterer framande på middag. Løysinga vart å engasjera seg. No har eg vore med i Hjelmeland Turlag og Hjelmeland Bygdekvinnelag, samt sydd kostyme i Teaterlaget og engasjert meg i fotball og håndball i Hjelmeland Idrettslag. Slik blir ein verkeleg kjend med folk, utdjupar Trine, og legg til at ho òg har blitt kjent med veldig mange i politikken, både lokalt og nasjonalt.
Tida vil visa kva som skjer til neste val, både for partiet og for meg.
– Greier du å skilja mellom Trine og ordførar-Trine? – Eg er berre meg sjølv. Eigentleg betyr vel det at eg er ordførar-Trine heile tida. STOLT OVER MYKJE Halvvegs i ordførarperioden er Trine rikare på erfaringar. Trass i tøffe tak, og mange framtidsplanar, legg ikkje ordføraren skjul på at ho er stolt av mykje som er gjort i løpet av dei to første åra. – No har me brukt to år på å rydda. Samstundes har me fått til mykje for framtida. Det nye idrettsanlegget på Røgjelstad blir kanonbra, det er òg spanande ting på gang på Flåtene, Eventyrskogen er oppe igjen, tunellane kjem og det er mykje bra på gang på bustadfronten, mellom anna med nye bustadfelt i Eikehaugen på Fister, på Breidablikk og Sæbø/Flåtene på Hjelmeland, og forhåpentlegvis eit nytt bustadfelt i Årdal ganske snart.
Når eg døyr, så døyr eg med eit stort smil, heilt utsliten. Det er mykje å gle seg over og sjå fram til, presiserer ho. Sjølv om Trine så langt er sikker på jobben ho har gjort, tykkjer ho det er vanskeleg å gje noko svar på om det blir attval ved neste kommunestyreval. – Me får sjå… Me blei vald inn for å rydda opp. Tida vil visa kva som skjer etter det, både for partiet og meg sjølv. Eg har teke mange tøffe val opp gjennom åra, men det blir for dumt å angra på ting ein ikkje har fått gjort, eller å skulda på andre når noko går skeis. Når det nærmar seg slutten for meg, vil eg ikkje tenkja over alt eg ikkje fekk gjort. Eg vil døy med eit stort smil rundt munnen – heilt utsliten, avsluttar ordførar Trine L. Danielsen.
Hetland Media feirar 5-årsjubileum med knalltilbod på alle bøker:
50,-
50,-
100,-
50,-
50,-
50,-
50,-
Ta kontakt med oss på post@hetlandmedia.no eller tlf. 45 43 69 05. Du finn oss òg på internett www.hetlandmedia.no september 2013 | Mitt Hjelmeland | 33
UT PÅ TUR:
HEREFJELLET
– EIN HJARTETUR
ME I HJELMELAND BUR I EIN «GODTEPOSE» AV ULIKE TURMÅL. ALLE FOLK I ALLE BYGDER HAR LETT TILGANG PÅ VAKKER NATUR OG HERLEGE TURMÅL. SLIK SETT ER ME ALLE SVÆRT RIKE. Tekst og foto: Svanhild Hjorteland Gbada
Dei mest verdifulle turmåla våre finst i nærmiljøet, like utanfor døra. Min tur er ein slik tur: Frå strand til hei på Jøsneset, frå Skiftustranda til Herefjellet. Ferda startar med ein tre kilometer lang fottur frå
Skiftudalen, med bratt stigning på bilvegen gjennom bygda, og opp til dei to tuna på Åsland, som ligg 240 meter over havet. Eit enklare og vanlegare alternativ er å kjøra opp og parkera bilen her. Allereie her på Åsland, dei høgastliggjande gardane på Jøsneset, får du vid utsikt utover fjordlandskapet. Frå Åsland går ein over på den merka gamlestien til
heis, og terrenget stig brutalt oppover. Ein får alltid god hjartebank i bakkane opp frå Åsland mot Herefjellet; det stig og stig, og hjarta bankar og pusten går. Du kjenner godt at du lever på veg til Herefjellet, men har du først kome opp, vil du aldri angre. Første stopp på turen er oppå snauheia, på Tausanibbå 500 meter over havet, som gjev ei formidabel
utsikt utover Ombofjorden og Ryfylkeøyane, ut mot Stavanger og vestover mot Nedstrand. Her kan du sitja lenge, nyta livet, og la hjarta finne ro igjen. Eller du kan lytta til Runda Tjødnå og Norda Høgaste, som kallar på deg lenger oppe på Herefjellet. Ja, la deg lokke! Ta beina fatt, og trø vidare oppover den nydelege heia, med fjordane og øyriket i
ÅSLAND: På turen til Herefjellet passerer ein dei to tuna på Åsland, dei høgastliggjande gardane på Jøsneset.
TAUSANIBBÅ: Første stopp på turen er Tausanibbå, 500 meter over havet. Her er utsikta formidabel.
RUNDA TJØDNÅ: Denne vakre vassliljetjørna, Runda Tjødnå, ligg i ei grop i det opne landskapet 600 meter over havet.
SØRA HØGASTE: Når du har traska deg opp til om lag 690 meter over havet, kjem du til topp-punktet Søra Høgaste.
Mitt Hjelmeland 34 |
| september 2013
ryggen, og snauheia framfor deg. Her er det grønt, frodig og vakkert. Ein passerer gjerne Asheimstemmen, og høgare oppe dukkar Runda Tjødnå opp: Ei vakker lita vassliljetjørn, som ligg i ei grop i dette opne landskapet, 600 meter over havet. Ta deg ein ny rast her: Ei matøkt, ein fotorunde, lukt på lyngen, nyt orkideane, knask på ei molte og lytt på stillheita og sauebjellene. Herleg! Herfrå er det ikkje lenge igjen til topp-punkta. Det er nemleg to topp-punkt tett på kvarandre, som liksom knivast om å vere høgast: Søra Høgaste og Norda Høgaste. Eg trur dei er like høge, ca. 690 meter over havet. Er ein først her
oppe, er det eit must å gå inn til Norda Høgaste. Herfrå ser ein rett ned i Erfjord og vakre Bogsund, og langt innover Suldals- og Ryfylkeheiane og vestover mot Haugalandet. Her er du inne i eit merka stisystem, og turen kan gjerne gå vidare over i Fossmarka, og over på dei andre toppane på Jøsneset, eller ned til den flotte gapahuken «Kalvagaren» ved Foss-stemmen. Eller kanskje aller helst: Direkte ned att til eit friskt bad i Skiftustranda. Herefjellet er det ytre heiområdet på Jøsneset, halvøya mellom Jøsenfjorden, Ombofjorden og Erfjord. Her får du formidabel utsikt over fjord- og øylandskapet.
NORDA HØGASTE: Frå fjelltoppen Norda Høgaste ser ein rett ned i Bogsund (nærast) og Bogsfjorden (i bakgrunnen).
Same kva løype du vel å gå opp her, så vil hjarta banka og pusten slå. Men uansett vil det vere verdt strevet: Du vil ikkje angra på oppturen, men bli glad om hjarta. Vakre Herefjellet ventar på deg!
Hjelmeland Turlag tek deg med hit søndag 22. september, bli med då vel! Til neste nummer av Mitt Hjelmeland vil eg utfordra Hanne Sundbø til å dela sitt beste turtips.
Velkommen innom til en hyggelig handel! Coop Prix Hjelmeland 08:30-20:00 (08:30-18:00)
Coop Marked Årdal Coop Marked Vadla 10:00-17:00 (09:00-15:00)
ke !
09:00-19:00 (09:00-16:00) Ei
ek t
e smaksoppleving
fr
yl f y åR
september 2013 | Mitt Hjelmeland | 35
: R A G N I L R Æ L P P RYTO
– FÅR
D O G G I D L VE
G N I G L Ø OPPF Tekst: Geir Magne Staurland Foto: Morten Hetland
RYTOPP, Ryfylke Tverrfaglige Opplæringskontor, er eit avdelingskontor av BYGGOPP Rogaland. Opplæringskontoret er ått av 85 medlemsbedrifter kringom i heile Ryfylke, frå Forsand i sør til Sauda i nord. Seks av medlemsbedriftene held til i Hjelmeland. TILBODET FUNGERER I dag har RYTOPP ansvaret for om lag 120 lærlingar i Ryfylke. Halvparten er lærlingar i offentlege fag, mens dei resterande jobbar innan private fag. Tømrar-
LÆRLINGKONTORET RYTOPP HAR STÅLKONTROLL PÅ 120 LÆRLINGAR HJÅ 85 BEDRIFTER I HEILE RYFYLKE. fag, barne- og ungdomsfag og helsefag er dei mest populære faga, fortel opplæringskonsulent i RYTOPP, Bente Kjos-Wenjum. RYTOPP sine oppgåver er å skriva lærekontraktar med elevane, kvalitetssikra opplæringa og syta for alt det administrative som føl med ein læreplass. Dei held òg kurs for lærlingar, instruktørar og faglege leiarar i bedriftene. For å kopla saman næringsliv og skulegang, samarbeider RYTOPP med vidaregåande skular i distriktet.
– Slik trur me at lærlingane får best mulig opplæring, forklarer Kjos-Wenjum, som er overtydd om at lærlingane er fornøgde med tilbodet. – Dei fleste lærlingane trivst godt og er motiverte for læring. Dette merkar me når me besøker dei på læreplassane, fortel Kjos-Wenjum og legg til at ei undersøking frå 2012 understrekar dette. Lærlingane er i følgje undersøkinga samde om at systemet fungerer bra på fleire plan. Det går òg tydeleg fram av undersøkinga at somme ungdommar er meir
motiverte for å læra som lærlingar, enn som elevar ved vidaregåande skular. 7 av 43 svarte at dei var svært godt motiverte for å læra som førsteklassing på vidaregåande skule, mens heile 31 av 50 stykk var svært godt motiverte som lærlingar. Dei er òg fornøgde med oppfølging og vurdering frå RYTOPP. – I dag har me god dialog med lærlingar og bedrifter, og har som mål å vera tett på lærlingar og instruktørar. Me har òg opparbeidd oss god kompetanse i lærling-
SV deler godene, og jobbar for rettferdig fordeling og ei grøn framtid.
Me vil bruka fellesskapets pengar i skulen, på dei som blir sjuke og treng pleie og omsorg, ikkje milliardar i skattekutt til dei rikaste.
Sp er best på distriktspolitikk! Magnhild har gjort ein fantastisk jobb for oss i 20 år. No må arvtakar Geir Pollestad inn på Stortinget.
PÅ AGENDAEN Dei fleste lokalpolitikarane bruker ofte mange ord og lange setningar for å ytra meiningane sine. I denne spalta har dei berre 140 teikn til å leggja fram sine aktuelle politiske bodskap. Mitt Hjelmeland 36 |
Eva Kristin Aune
Lin Veronica Jacobsen
medlem av oppvekstutvalet
medlem av formannskapet
gruppeleiar,
| september 2013
gruppeleiar,
Bjørn Laugaland
gruppeleiar,
leiar av helse ogomsorgsutvalet
SPIKRAR UTDANNINGA: Knut Dreggevik er tømrarlærling hjå Hjelmeland Bygg. Han rosar RYTOPP for god oppfølging.
spørsmål og har eit godt nettverk innan fagområdet. Me har gode oppfølgingssystem som sikrar at lærlingane får opplæringa som dei har krav på. I fjor gjekk 38 kandidatar frå Ryfylke opp til fagprøve. Berre éin av desse strauk, men ved andre forsøk fekk vedkomande «Meget godt bestått». Totalt fekk ni av kandidatane «Meget godt bestått», smiler Bente. – EIT GODT SYSTEM Blant bedriftene i Hjelmeland har mellom anna Årdal Land-
For å ta vare på eit samfunn bygd på kristne verdiar, ynskjer me meir kristendomskunnskap i skulen. Er du enig må du stemma KrF 9. september. Håkon Helgøy
gruppeleiar, varaordførar
TRIVELEG LÆRETID: Sondre Tjentland går mot ei framtid som landbruksmekanikar. No nyttar han dagane som lærling i verkstaden til Årdal Landbruk.
bruk og Hjelmeland Bygg opna dørene for lærlingar. Lærlingane seier seg godt fornøgde med opplegget. – Eg synest det fungerer veldig greitt. Det er ikkje eit stort opplæringskontor, derfor får me betre oppfølging, meiner Sondre Tjentland, som for tida er i lære som landbruksmekanikar hjå Årdal Landbruk. – Eg lærer mykje og byrjar å forstå meir og meir. Etter kvart greier eg òg å gjera ting på eiga hand, og det eg ikkje får til sjølv, får eg god hjelp til, legg Sondre til.
Knut Dreggevik er tømrarlærling i Hjelmeland Bygg, og stadfestar dei positive erfaringane med RYTOPP. – Eg har fått veldig god oppfølging av flinke folk. Dei kjem på møte på byggeplassen minst éin gong i halvåret, og i tillegg får eg gode tilbakemeldingar både frå rettleiaren min i bedrifta og frå RYTOPP. Det er alt i alt eit bra system, slår Knut fast, medan han slår ein ny spikar inn i husveggen. Både Sondre og Knut likar godt den store variasjonen i opplæringa. Sondre påpeikar
særleg den store spennvidda på dei mange maskinane han mekkar på i løpet av ein arbeidsdag. – Eg driv med alt frå små robotplenklypparar til store landbruksmaskinar, seier han, medan han gnir smørjefeitt inn i hjullageret på ein traktortilhengar. – Eg vil gjerne tilrå lærlingtilværelsen for elevar som ynskjer praktisk retta utdanning, og som har interesse innan eit fagfelt. Her kan du bli ettertrakta på utruleg kort tid, avsluttar opplæringskonsulent Bente Kjos-Wenjum.
Hjelmeland Venstre vil ha fokus retta mot økonomi og budsjettdisiplin. Budsjettet for 2014 nærmar seg.
Me vil aktivt redusera kommunen sine kostnader ytterlegare, særleg innanfor område som ikkje direkte berører innbyggjarane sitt ve og vel.
Fleirtalet i kommunestyret svikta på målstreken i omstillingsprosjektet. Stem på Frp, partiet med politisk mot og gjennomføringsvilje.
Johan Mjølhus
Leif Magne Kleppa
Ola Ingvaldstad
kommunestyre-
leiar av oppvekstutvalet
medlem av formannskapet
gruppeleiar,
representant
gruppeleiar,
gruppeleiar,
september 2013 | Mitt Hjelmeland | 37
Bilete frå Trodla-Tysdal. (Foto: Kjell Tysdal)
Hjelmeland kommune
BARN OG UNGE
Barn og unge skal ha eit trygt og godt oppvekstmiljø, samt gode og varierte fritidstilbod. Mitt Hjelmeland 38 |
BUSETJING
Det skal vera attraktivt å bu og busetja seg i Hjelmeland. | september 2013
NÆRINGSUTVIKLING
Hjelmeland kommune skal ha eit sterkt og variert næringsliv med gode høve til utvikling.
INFRASTRUKTUR
Hjelmeland kommune jobbar for ferjefri og sikker ryfylkeveg, tenleg kollektivtilbod og god og trygg infrastruktur.
RYFYLKEBIBLIOTEKET HJELMELAND PRESENTERER:
DEN STORE
BOKHAUSTEN
HAUSTEN SNIK SEG STILLE OG UMERKELEG INNPÅ OSS. KVELDANE BLIR LENGRE, OG DET ER MEST SOM EIN KAN KJENNA LENGTA ETTER GODSTOLEN, LESELAMPA OG DEN GODE BOKA.
Likte du «Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant»? No kjem bok nummer to frå Jonas Jonasson: «Analfabeten som kunne regne». Som debutromanen, er dette ei bok spekka med humor. Her blir me kjende med Nombeko frå Soweto, som byrja å jobba då ho var fem, mista foreldra då ho var ti og skulle vel ikkje blitt så gamal før livet i slummen blei for hardt for ho. Men ho kan, som tittelen seier, rekna, og det blir redninga som fører ho ut i den store verda og til internasjonal storpolitikk.
Det byrjar å bli nokre år sidan nesten alle las «Drageløperen». No kjem Khaled Hosseini med ei ny bok: «Og fjellene gav gjenlyd». Denne romanen har òg handling frå Afghanistan, men ettersom forfattaren skriv om fleire generasjonar, får me følgja dei over fleire kontinent, frå Kabul til Paris, frå San Fransisco til den greske øya Tinos. Hosseini skriv klokt og godt om det som rører seg mellom menneske. I Noreg er Victoria Hislop mest kjent for bestseljarane «Øya» og «Tråden». Denne gongen gjev Hislop oss ti vakre noveller i samlinga «Siste dans», der me blir sende til Athen og greske landsbytorg for å bli kjende med hennar varme og levande karakterar.
Men me har sjølvsagt òg norske forfattarar som gjev ut bøker i haust. Eg gler meg til Herbjørg Wassmo si nye bok «Disse øyeblikk». Her blir me som vanleg hjå Wassmo sett inn i eit barskt nordnorsk landskap. Ho skriv om livet til ein forfattar frå ho er heilt ung til ho er ein etablert kunstnar. Ho kjempar med ein heller svak sjølvtillit, men finn etter kvart sine eigne vegar og vågar å bryta tabu. Wassmo kan kunsten å fortelja, om både det vare og det ramsalte. Ingen haust utan krim. Jørn Lier Horst, politimannen som blei krimforfattar, kjem med ei ny bok om William Wisting. Den norske bokklubben skriv: «Hulemannen» er kanskje det kløktigste plotet fra Jørn Lier Horst noensinne.
Grundig og fascinerende etterforsking leder til en svært intens avslutning. To dødsfall, det eine berre tre hus bortanfor Wisting sin bustad, sender politiet inn i ei intens menneskejakt og ein kamp for at pressa ikkje skal få nyss i kva som skjer. Dette er berre eit lite utval av bøkene som kjem hausten 2013. Sidan me er avhengige av kva forlaga skriv, er det sjølvsagt dei bestseljande forfattarane som kjem fram her, men biblioteket får òg mange andre gode bøker i løpet av hausten. Ta turen innom oss, eller leit oss fram på nettet, ryfylkebiblioteket.no, der du får mange tips til godt lesestoff. Du finn òg e-bøker av norske forfattarar hjå oss.
«Analfabeten som kunne regne» Jonas Jonasson Vigmostad & Bjørke
«Disse øyeblikk» Herbjørg Wassmo Gyldendal
«Hulemannen» Jørn Lier Horst Gyldendal
«Og fjellene ga gjenlyd» Khaled Hosseini Schibsted
Tekst: Grete Haugen Sandvik biblioteksjef
september 2013 | Mitt Hjelmeland | 39
Det er gildt å ha
fornøgde kundar! «Hjelmeland Sparebank er veldig gode på personleg sørvis, tilpassa vår situasjon, og me får det slik som me vil ha det. Personleg rådgjevar har full kontroll, og det er herleg når me ikkje er heilt drivne sjølv ennå. Det er òg kjekt at dei støttar opp om det lokale. Ein ser at dei vil bygda si godt.» – Jorunn Nærheim og Tom Kjelsen, Fister
«Familien vår har vore kundar i mange år. Me har vore fornøgde med dei tenestene dei gjev oss, og har aldri hatt noko behov for å byta bank. Ein telefon er nok, så blir saker og ting ordna opp utan noko ventetid.» – Unni Fossaa, Jøsneset
«Eg har vore kunde sidan 1986, og stort sett satt inn pengar og lånt lite pengar. Når eg no trengde å låna nokre pengar så var det ikkje noko problem, og banken var veldig greie. Elles er det òg greitt å ha éin kunderådgjevar å forhalda seg til når ein lurer på noko. Ein liten lokalbank får ein eit personleg forhold til, der ein kjenner omtrent alle.» – Jan E. Bjørnstad, Hjelmeland
Rådgjeving • Sparing og fond • Lån og leasing • Forsikring • Eigedomsmekling
hjelmeland-sparebank.no Mitt51 Hjelmeland 75 44 00
ryfylkemegleren.no 51 74 55 00