Olav og bestefar (utdrag)

Page 1

Olav og bestefar

Liv Bodil Førre Skogstø (f. 1954) er fødd og oppvaksen på ein gard på Randøy i Hjelmeland, men har vore busett i Stavanger i heile sitt vaksne liv. Skogstø er utdanna barnevernspedagog, og har jobba med barn og unge i mange år. Ho debuterer som barnebokforfattar med «Olav og bestefar» i 2013.

L i v B o d i l Fø r re S ko g s t ø

Olav er ein aktiv og nysgjerrig gut. Foreldra hans er døde, så han bur saman med bestemor, bestefar og katten Sofus i eit hus ute på landsbygda. No nærmar det seg jul, og gjennom adventstida får Olav vera med bestemor og bestefar på alle juleførebuingane. Olav får vera med på å tenna julegrana utanfor butikken i bygda, baka julekaker og laga juletrepynt saman med bestemor, arbeida i verkstaden og gå turar i skogen saman med bestefar, laga mat til vinterfuglane, henta juletreet heim frå skogen og pynta juletreet med sin eigen juletrepynt. * «Olav og bestefar» er ei koseleg bok om juleførebuingane til Olav, bestefar og bestemor. Boka er rikt illustrert og passar godt til høgtlesing for barn i alderen 4-8. Leseglade barn i alderen 9-12 år vil òg ha glede av å lesa boka på eiga hand.

Lena Botne (f. 1973) kjem opphavleg frå Randaberg på NordJæren, men er no busett i Sandnes. Botne har likt å teikna heilt sidan barndommen, men den kreative sida hennar kom ikkje til syne før ho byrja å mala på lerret i 2009. Ho debuterer som illustratør i barneboka «Olav og bestefar» i 2013.

ISBN 978-82-93201-02-1

9 788293 201021 ISBN 978-82-93201-02-1

w w w. H e t l a n d M e d i a . n o

Olav og bestefar - framside.indd 1

07.10.13 15:08


L i v B o d i l Fø r r e S ko g s t ø

Olav og bestefar

07.10.13 15:08 Olav og bestefar - framside.indd 1


Olav og bestefar.indd 1

07.10.13 10:40


© 2013 Hetland Media Innhaldet i denne boka er verna av åndsverklova. Ei kvar eksemplarframstilling, som til dømes utskrift eller anna kopiering, er berre tillate dersom det er heimla i lov om opphavsrett, eller ved skriftleg avtale med forlaget/forfattaren. Utnytting av materialet (heilt eller delvis) i strid med lov eller avtale kan føra til erstatnings- og straffeansvar.

Utgjevar: Hetland Media Språkvask, omslag og utforming: Morten Hetland/Hetland Media Pedagogisk ansvarleg: Liv Bodil Førre Skogstø Illustrasjonar: Lena Botne Trykk og innbinding: ScandinavianBook

1. utgåve 1. opplag

ISBN 978-82-93201-02-1

Olav og bestefar.indd 2

07.10.13 10:40


Liv Bodil Førre Skogstø

Olav og bestefar

illustrert av Lena Botne

2013

Olav og bestefar.indd 3

07.10.13 10:40


Olav og bestefar.indd 4

07.10.13 10:40


Kapittel 1 – Bestefar, bestefar, skal me ikkje gå snart? Det var Olav som ropte. No var det endeleg første sundag i advent, og han skulle vera med bestefar til Handelslaget for å sjå på julegrantenninga. – Eg måtte berre kvila meg litt, men no skal me kle på oss og gå ut. Det er veldig kaldt ute i dag, så me må kle oss godt med varme klede, sa bestefar til Olav, og reiste seg opp frå sofaen. – Skal me gå på ski, eller skal me ta sparken, spurde Olav. – Me hadde vore heldige viss me hadde hatt ein hest no, tenkte bestefar for seg sjølv, og sa til Olav at dei skulle ta sparken.

5 Olav og bestefar.indd 5

07.10.13 10:40


Bestefar hadde lenge drøymt om å få seg ein hest, men ein hest kosta mange pengar og bestefar hadde alltid brukt pengane sine på meir nødvendige ting. Katten Sofus følgde dei til døra, men han snudde fort då han kjende kor kaldt det var ute. – Sofus er ein stovekatt, sa bestefar. Sofus likte best å ligga ved omnen og varma seg. Bestemor skulle vera heime med Sofus. Ho måtte strikka i dag òg, for det var mange som venta på dei gode, varme jumprane og sokkane som ho skulle levera til butikken i byen. Bestefar hadde funne fram sparken, og Olav sette seg på den. Sparken såg ut som ein stol med lange metallskinner under stolbeina. Bestefar stod oppå skinnene bak stolen og sparka frå med høgrebeinet for å gje fart. Det var kaldt denne desemberkvelden, så Olav sat med ein skinnfell over seg for å halda varmen. Han koste seg under skinnfellen og såg på alle stjernene på himmelen, medan sparken rann framover på vegen. Olav tenkte at det sikkert måtte vera mange hundre stjerner der oppe. – Du, bestefar, kor mange stjerner er det på himmelen? Bestefar klødde seg i hovudet. – Nei, det er ikkje så godt å vita. Kanskje er det fleire tusen stjerner, sa bestefar. – Det var mange stjerner, tenkte Olav.

6 Olav og bestefar.indd 6

07.10.13 10:40


Kapittel 2 Utanfor butikken stod det mange folk då Olav og bestefar kom fram med sparken. Bestefar sette sparken i vegkanten, og dei gjekk bort til folkemengda. Eit stort og flott juletre ruvde høgt opp i lufta. Bestefar hadde så mange han skulle snakka med, men han heldt Olav godt fast i handa si så han ikkje skulle koma bort. Olav høyrde nokon seia «Velkommen til julegrantenning!». – Det er ordføraren, sa bestefar. Ordføraren hadde eit stort kjede hengjande rundt halsen. Det skein og blinka, og Olav syntest det var kjempefint. Bestefar forklarte at det var eit ordførarkjede. – No skal me synga julesongar saman, og så skal sjølvsagt musikkorpset spela for oss. Etterpå skal me gå i fakkeltog, før me samlast her igjen for å tenna lysa og gå rundt juletreet. Før me går heim skal alle få kjøpa kaffi, kakao og kjempestore kakemenn, sa ordføraren til folkemengda. – Kva er ein ordførar, spurde Olav. – Ja, det skal eg fortelja deg. Det er eigentleg han som styrer bygda vår, sa bestefar. – Styrer han bygda vår heilt åleine, spurde Olav forbausa. – Nei, ordføraren har med seg fleire andre i ei gruppe som blir kalla kommunestyret, og det er kommunestyret som bestemmer over heile kommunen. Dei bestemmer for eksempel når me skal byggja ny skule eller nye vegar og bruer, forklarte bestefar. Olav likte veldig godt å høyra på korpsmusikken. Korpset hadde store, blanke og fine instrument, men Olav syntest at instrumenta såg tunge ut. Han ville begynna å spela i korpset så snart han blei gammal nok. Olav fekk sitja på skuldrene til bestefar då lysa på juletreet skulle tennast. – Sjå, bestefar, der er den brune guten som me såg i butikken den dagen, ropte Olav plutseleg. Bestefar hysja på Olav. – Ja, ja, eg ser han. Du veit at eg har sagt at me skal besøka han ein dag, sa bestefar til Olav. Olav prøvde å vinka til guten, men han var opptatt med ei lommelykt som han heldt i handa. Bestefar hadde òg ei slik lommelykt heime, men han var veldig redd for den, og Olav fekk berre låna den når bestefar var med.

7 Olav og bestefar.indd 7

07.10.13 10:40


Synet av den tende julegrana var så flott at Olav gløymde alt anna. Han tenkte at det måtte vera minst tusen lys på det kjempestore juletreet. Det var det flottaste juletreet han nokon gong hadde sett. Bestefar kjøpte kaffi, og Olav fekk kakao og ein kjempestor kakemann. Kakemannen var så stor at ikkje greidde å eta opp alt, så han gøymde resten i lomma, så han kunne spara det til seinare, eller kanskje så bestemor kunne få smaka. Bestemor hadde lært Olav at det var veldig snilt å dela med andre. Då dei var på veg heimover var Olav trøytt, og han tenkte på kor godt det ville bli å få leggja seg i ei varm og god seng. Han visste at bestemor hadde lagt dyna hans inn i stova, ved omnen, slik at den skulle bli god og varm. Bestemor gjorde alltid det når ho visste at Olav var kald og trøytt.

8 Olav og bestefar.indd 8

07.10.13 10:40


9 Olav og bestefar.indd 9

07.10.13 10:40


Olav og bestefar

Liv Bodil Førre Skogstø (f. 1954) er fødd og oppvaksen på ein gard på Randøy i Hjelmeland, men har vore busett i Stavanger i heile sitt vaksne liv. Skogstø er utdanna barnevernspedagog, og har jobba med barn og unge i mange år. Ho debuterer som barnebokforfattar med «Olav og bestefar» i 2013.

L i v B o d i l Fø r re S ko g s t ø

Olav er ein aktiv og nysgjerrig gut. Foreldra hans er døde, så han bur saman med bestemor, bestefar og katten Sofus i eit hus ute på landsbygda. No nærmar det seg jul, og gjennom adventstida får Olav vera med bestemor og bestefar på alle juleførebuingane. Olav får vera med på å tenna julegrana utanfor butikken i bygda, baka julekaker og laga juletrepynt saman med bestemor, arbeida i verkstaden og gå turar i skogen saman med bestefar, laga mat til vinterfuglane, henta juletreet heim frå skogen og pynta juletreet med sin eigen juletrepynt. * «Olav og bestefar» er ei koseleg bok om juleførebuingane til Olav, bestefar og bestemor. Boka er rikt illustrert og passar godt til høgtlesing for barn i alderen 4-8. Leseglade barn i alderen 9-12 år vil òg ha glede av å lesa boka på eiga hand.

Lena Botne (f. 1973) kjem opphavleg frå Randaberg på NordJæren, men er no busett i Sandnes. Botne har likt å teikna heilt sidan barndommen, men den kreative sida hennar kom ikkje til syne før ho byrja å mala på lerret i 2009. Ho debuterer som illustratør i barneboka «Olav og bestefar» i 2013.

ISBN 978-82-93201-02-1

9 788293 201021 ISBN 978-82-93201-02-1

w w w. H e t l a n d M e d i a . n o

Olav og bestefar - framside.indd 1

07.10.13 15:08


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.