NOVEMBER 2015
SIDE 1
NOVEMBER
2015
Nytt og aktuelt frå Hafstad vidaregåande skule og omegn Redaksjon: 2 media- og informasjonskunnskap – VG3
Lett for mindreårige å skaffe seg alkohol Avtroppande Grethe Øren.
Ingen ny rektor Fylkeskommunen har gitt opp å finne ny rektor på Hafstad vgs dette skuleåret. Rektor på overtid, Grethe Øren, meiner det burde ha vore kø for å a over stillinga hennar. Side 8
Benedicte Førde Mosesen.
Stadig på etterskot
– Vi prøver å følgje med og informere, men utanfor vårt område er det lite vi kan gjere om det skjer langing, seier butikkarbeidar Bjøn Kristian Sunde på Vinmonopolet i Førde.
Å lange alkohol til mindreårige medelevar skjer stadig. At det er eit alvorleg brot på norsk lov ser ikkje ut til å stoppe dei som driv med det. - Blir ein teken for å kjøpe alkohol til
mindreårige kan det få langt større konsekvensar enn ein ofte tenker på, seier volleyballspelaren Petter Thue. Side 4 og 5
– Å ha jobb etter skuletid går utover skulen. Det erkjenner Benedicte Førte Mosesen som arbeider på Esso på Skei etter skulen. Rådgjevar Magne Årdal meiner jobb etter skule har både fordelar og ulemper. Side 7
På landslaget 15 år gamle Karoline Fauske er den einaste frå fylket på landslaget i volleyball. – God motstand og mykje trening har gjort meg betre, seier ho Side 17
SIDE 2
NOVEMBER 2015
Her i Firda-bygget er arbeidsplassen for dei nye ungdomsjournalistane. (Foto: Anders Gjelsvik)
Firda opnar ungdomsredaksjon Firda skal i haust opne ein ungdomsredaksjon. Denne skal bestå av 8-10 unge journalister mellom 15 til 19 år og skal omhandle saker dei sjølv ønskjer å skrive om. Formålet med dette er å auke talet på ungdom som leser lokale nyhende.
å ty til for å kunne fortsette å skrive om dei lokale sakene.
Av: Anders Gjelsvik – Ungdomsredaksjonen skal legge fokus på lokale saker som skal vere retta mot ungdommen. Dette seier Marie Havnen, som har blitt tildelt ansvar for dette prosjektet av redaktøren i Firda. Ho seier dei til no har fått inn 22 søknadar som var betre enn dei først hadde forventa. Ho ønskjer å lage ei redaksjon der journalistane får vere så frie og uavhengige som mogleg, der dei kan bestemme eigne saker. Dette lar journalistane utforske og erfare yrket slik dei måtte ønske. Dei vil i tillegg gi nødvendig opplæring og rettleiing undervegs i arbeidet. Dei lokale sakene frå Firda er som regel retta mot vaksne og kan verke mindre interessante for ungdom. Dette ønskjer Marie å endre ved å satse på saker som er meir ungdomsretta, og som forhåpentlegvis fører til
Fotojournalist for «Førdeby» Jostein Vedvik. (Foto: Jostein Vedvik) fleire unge lesarar. Ho trur også innførast betalingsløysingar for at dei som starter å lese saker frå det. Firda Ung etter kvart vil gå over – Journalistar er avhengige til å lese andre saker frå Firda. av betaling for å kunne fortsette, fortel Havnen. Mangel på betalingsvilje Ho legg også til at det er Vidare seier ho at dagens unge vanskelig å finne betalingsvilje leser meir aviser enn dei gjorblant unge, sidan dei lenge har de tidlegare. Ein stor grunn til vore vandt med at det meste er dette er nettavisene. Dei er lett gratis på nett. Spesielt nettavistilgjengelige og har lenge vore ene som først nylig har begynt gratis, men no som nettavisa med abonnements former og begynner å ta over for papiraeksklusive artiklar. Dette er visa har dei sett at det også må noko Firda også har vorte nøyd
Tilrår journalikk for ungdom Jostein Vedvik (18) tykkje Firda sin nye redaksjon er ein god ide. Han veit sjølv korleis det er å vere ungdomsjournalist etter å ha vore hos «Førdeby» som fotojournalist i to år. I tillegg har han gått to år på medielinja, noko som har lært han mykje nyttig. – Yrket eg har er kjempekjekt. Eg får gjere det eg likar å gjere itillegg til at eg får betalt for det. Eg lærer utruleg mykje og får erfaringar som er bra or meg i framtida, seier han. Vedvik tykkjer denne nye redaksjonen vil gi ungdom gode moglegheiter og erfaringar dersom dei ønskjer det. – Unge folk som likar å skrive, ta bildar og lage video får sjansen til å gjere det og få betalt for det. Det er ein god måte å få erfaring på og ein veg inn i medieverda, fortel han. Han håper også at redaksjonen vil skrive fleire saker retta mot ungdom slik at dei kan relatere seg til det, slik at det blir kjekkare å lese. Dette trur han er viktig for at avisene skal få fleire unge lesarar.
NOVEMBER 2015
SIDE 3
Trivsel er nødvendig for ein god skule Psykiske plagar og lidingar er den største kjelda til helseproblem blant barn og ungdom. Hafstad vgs. gjer mykje for at elevane skal ha det bra på skulen. Det er om lag like mange elevar som kjem til helsesøster med psykiske problem som med fysiske problem. Av Sofie Romarheim Jorunn Eldegard er helsesøster her ved Hafstad vidaregåande skule. Ho jobbar med barn heilt i frå nullårsalderen til dei er 25 år. Eldegard er ein halv dag i veka med spedbarn, på ungdomshelsetenesta kvar tysdag, og på Hafstad tre halve dagar, og ein heil dag i veka. - Eg er veldig glad i jobben min. Det er ein allsidig jobb, der eg driv mykje førebyggande helsearbeid, eg jobbar for at folk ikkje skal bli sjuke, og i tillegg for at folk ikkje skal bli sjuke med psykisk helse. Det er veldig mange elevar som går til helsesøstera. Før var Jorunn berre i 40 prosent stilling på skulen, medan no er ho på skulen mykje meir enn før. Eg merka at det var endå meir behov for meg her, så no er eg mykje meir på skulen, men til hausten att vert stillinga mi redusert, seier Jorunn. Rett til skulehelsetenesta Det er flest jenter som går til helsesøstera, men det er også blitt fleire og fleire gutar. Mange av elevane kjem for å måle og vege seg, eller for å snakke om kosthald. Nokre vil også teste syn og høyrsel, eller spørje om andre generelle spørsmål. - Det er også vanleg at elevar slit med angst, depresjon tvangstankar, sjølvskading, eller at nokre har det tøft heime, og då kjem dei til meg for å snakke om det. - Eg får sjølvsagt mange vanskelege spørsmål, men eg kan hjelpe til så godt eg kan, eller så kan eg vise til skulepsykolog eller skulelege. Det er også veldig viktig at elevane veit at alle elevar
PÅ JOBB: Jorunn Eldegard på kontoret. har rett til skulehelsetenesta, seier Eldegard. Ho har open konsultasjon, og elevane kan komme å banke på døra hennar utan å bestille time. Dersom det er opptatt, blir det avtalt ny tid. Elevane hovudfokuset Rektor ved Hafstad Vidaregåande skule, Grete Øren, har vore rektor ved skulen i 11 år. Ho har ansvar for alt som føregår på skulen, for at det skal vere så god opplæring og utvikling som mogleg. - Eg har verdas beste jobb, på verdas beste skule! Elevane er hovudfokuset mitt heile tida, sjølv om eg ikkje er rundt om i klasseromma, og det er viktig for meg at elevane har det bra.
Viktige møte med elevstyret Grete har god kontakt med elevstyret, og ho har eit viktig møte med dei ein gong i månaden. Der gjer dei mykje for å prøve å hindre mobbing, eller for eksempel at elevar får psykiske problem. Dei har ein handlingsplan for trivsel og godt læringsmiljø, og alt dei gjer på skulen, skal vere innretta mot den. - Alt vi gjer, gjer vi for at elevane skal ha det bra, og vi vil sikre eit godt miljø. Lærarane har planleggingsdagar, der det bl.a. blir snakka om klassemiljø, motivasjon og trivsel. Eg prøvar å fange opp dersom det er elevar som ikkje har det så bra, og gjere noko med dette. Skulen har både miljøkoordinator, helsesøster, rådgjevarar, eit bibliotek, ei kantine og ein bli
kjent tur for å få elevane til å føle seg trygge. Vil knyte eit betre band Elevrådsleiar på Hafstad Vidaregåande skule, Massoma Jurmy, ynskjer å gjere skulen så god som den kan bli, knyte eit betre band mellom elevane og leiinga og å skape ein betre kommunikasjon. - I elevrådet vil vi hindre mobbing og andre negative saker. Vi har ei elevundersøking, der Hafstad gjer det veldig bra. Elevstyret går gjennom resultatet saman med lærarane, og finn ut kva som kan gjerast dersom noko er negativt. Hafstad vidaregåande skule har mange gode tilbod for elevane, og gjer mykje for at alle skal ha det bra. Alle som jobbar og går på skulen, er med på å gjere skulen så bra som den er.
SIDE 4
NOVEMBER 2015
Lett for mindreårig Det er ulovleg å kjøpe alkohol til mindreårige. Likevel bryt elevar ved Hafstad vgs lova. Av Mirell S. Øvrebø Bjørn Kristian Sunde, butikkmedarbeidar på Vinmonopolet i Førde, påpeikar at mindreårig ungdom kjem innom polet for å kjøpe alkohol, oftast saman med eldre ungdom. - Når det kjem inn ei gruppe ungdommar, og den eine er for ung til å handle polvarer, blir vi sjølvsagt mistenksame. Vi går ut frå at dei som er gamle nok, kjøper til den mindreårige. Problemet er at overlevering av varer skjer utanfor vårt område, og då kan vi ikkje gripe inn, fortel Sunde.
Førebygging
Vinmonopolet prøver å hindre at langing førekjem. I periodar med fest og arrangement, får ein kun kjøpe alkohol til seg sjølv. Vinmonopolet utfører i tillegg kampanjar på nett og film for å gjere bevisst på konsekvensane. At eldre kjøper alkohol til mindreårige, er ikkje noko nytt. Det er vanskeleg å oppdage, og derfor sjeldan lovbrytarane blir tekne. Sunde trur at dersom politiet får teke nokon, slik at ein blir minna om konsekvensane, vil langinga og haldninga om at «det skjer uansett ikkje noko», bli endra.
Langing i skuletida
Ein elev frå 3STC ser ikkje langing som eit problem, og fortel at dette er ganske vanleg blant elevar på Hafstad vidaregåande skule. - Det kjem sjølvsagt an på kven ein langar til. Langing til 13-åringar er ikkje greitt. Så lenge ein er over 16 år, ser eg ikkje problemet, seier han. 3. klassingen er kjend med lova, men vel likevel å bryte ho. Han fortel at han blei sjølv langa til som mindreårig, og har medkjensle med den nysgjerrige og eventyrlystne ungdommen. Han innrømmer at det var trasig dersom han ikkje fekk skaffa alkohol, og kjensla av å føle seg utanfor var veldig vanleg. Petter Thue oppmodar unge til å vente. Han venta sjølv med å nyte alkohol til han blei myndig, og angrar ikkje på avgjerda. - Eg har drukke alkohol to gongar i heile mitt liv, begge gongane etter eg fylte 18 år. Det er viktig å gå fram som eit godt førebilete, poengterer Thue.
Vinmonopolet har kampanjar på nett og film for å gjere folk bevisste på konsekvensane av langing til Førde, Bjørn Kristian Sunde.
Konsekvensar
Mange er ikkje er klar over konsekvensane dersom ein kjøper alkohol til mindreårige. Blir ein teken, kan følgjene vere bot, prikk på rullebladet, og dårleg samvit om noko skulle skje med den du kjøper alkohol til. Dette får betyding om du søkjer politiskolen, eller skal til USA og Australia.
- Ein stengjer dører ein ikkje tenker over, påpeikar Petter. I følgje Thue tenkjer ikkje elevar på Hafstad skule over at det er eit lovbrot, då mange kjøper alkohol til mindreårige medelevar.
Alkohol i ung alder
Ein ny studie frå Helsedirektoratet viser at
NOVEMBER 2015
SIDE 5
ge å skaffe alkohol «Det verste av alt, er at ein trur ein gjer ei teneste for nokon.» Bjørn Kristian Sunde, butikkmedarbeidar på Vinmonopolet i Førde
Alkohol påverkar produksjonen av hormon i kroppen, noko som ofte fører til aggresjon, sinne og fortviling. Blir alkohol kombinert med andre legemiddel, kan det føre til skade på indre organ i kroppen. Helseskadane er såpass alvorlege om inntaket er for stort. Ein bør derfor vere moden nok til å forstå konsekvensane. Jade poengterer at som ung, er ein ofte med folk ein ikkje kjenner, og det er då lettare at ein blir utsett for at nokon utnyttar deg. - Det er sjølvsagt ikkje ein unnskyldning at ein er full, men det er då dette oftast skjer. Det er viktig å vere edru, og i stand til å passe på seg sjølv når vi er på fest, seier ho.
Jade Camilla S. Horstad (Foto: privat)
Betre samarbeid
mindreårige, seier butikkarbeidar på Vinmonopolet i det er fleire gode grunnar til å redusere inntaket av alkohol. - Utviklinga av hjernen er spesielt sårbar i ung alder. Blir den utsett for mykje gift, kan det føre til at det blir vanskeleg å lære og hugse ting, fortel Jade Camilla frå 3PAAG, tidlegare helse og sosial elev ved Øyrane Vidaregåande Skule.
Kvart år arrangerer Førde Event & Uteliv AS «Bli-kjend» fest for å feire at skulane er byrja att. Dei alkoholfrie arrangementa blir heldt på Førde Hotell, først og fremst for å samle ungdommen. Petter Thue har sjølv delteke på arrangementa, men opplev dei ikkje som alkoholfrie. Kvart år samlast mellom 600-800 ungdommar på arrangementet. I samband med tilstelling «Bli kjend-fest», samarbeider politiet med natteramnar og personar frå Røde Kors. Thue fortel at årets «Bli kjend-fest» gjekk rolegare føre seg enn dei har gjort dei førre åra. Han meiner eit betre samarbeid mellom politi og Røde Kors, i tillegg til fleire natteramnar i gatene, verkar tryggande og reduserer uro. Synleg politi verkar og skremmande på dei som er ute etter å lage bråk.
Petter Thue (Foto: privat)
«– Ein stengjer dører ein ikkje tenker over» Petter Thue
SIDE 6
NOVEMBER 2015
Nikotinbruken er redusert
Miljøkoordinator Ane Birkeland og Hege Mathisen mener det er forbedringer og en reduksjon når det kommer røyk og snus på Hafstad vgs. Antall elever på Hafstad videregående skole som snuser er sterkt redusert siden i fjor, mener miljøkoordinator Ane Birkeland. Hun sier dette kan være på grunn av at lovverket er blitt mye strengere. Av: Guro Dvergsdal Olsen På Hafstad har snus vært og er ganske populært. Det er om lag halvparten av elevene snuser, mener Birkeland. Røyking var ganske populært før, men nå er det snusen som er blitt populært. Tal viser at hver femte ungdom i Norge bruker snus. Roter, men bedre – Er det synlig at mange snuser og røyker på skolen? – Det at antallet har redusert siden i fjor merkes veldig godt, fordi i fjor var det faktisk helt forferdelig. Etter at en hel vegg var full av snus, la jeg bilde ut på miljøkoordinator-siden og sa at dette ikke er greit. Men snusen ligger fortsatt på gulvet og en ser det jo hele tiden her og der, men det har kommet seg siden i fjor, forteller Hege Mathisen. – Røyken er ut, og det er snakk om få eller ingen som røyker ved Hafstad vgs. Snusboksen er mer skjult nå enn i tidligere, kanskje
fordi det ikke er lov til å vise det like offentlig i år, mener Birkeland. Flest gutter snuser – Helsesøster Jorunn Eldegard på skolen forteller at etter å ha jobbet på Hafstad i noen år, har hun lagt merke til at det er mange som snuser i dag, fordi alle slenger bare snusen på gulvet. I følge Helsedirektoratets statistikk for røyking og snusing er det stor forskjell på gutter og jenter som bruker snus daglig. Bland gutter som snuser daglig er det 23 prosent og jenter er det 12 prosent, og prosenten har økt mye de ti siste årene. Men blant de som røyker har prosenten gått kraftig ned. Både røyking og snusing er usunt for helsa, og i tillegg gir det svært store avgifter. – Det var «nytt» – Men hva er grunnen til at unge begynner? – Jeg begynte i grunn fordi det var det «nye». Plutselig var det flere i klassen som snuset, så jeg måtte nesten prøve jeg også. Så den «rusen» en får når en begynne å snuse, gjore i grunn til at jeg fortsatte. – Grunnen til at jeg snuser nå, er at jeg sliter med å konsentre-
Helsesøster Jorunn Eldegar synes det er trist at forskninger viser at det er så mange unge som bruker nikotin. (Foto: Emma Øren Halvorsen) re meg uten snus. Det er blitt en dårlig vane å ta en snus om morningen, etter jeg har spist og når jeg kjeder meg, forteller en elev ved Hafstad. – Like mye nikotin I en sigarett er det 66 farlige stoffer, og er veldig farlig for lunger. Men snusen er også farlig, og grunnen til at vi blir avhengig av snus og røyk er nikotinet. Siden det er så få som røyker, sies det at ungdommer i dag er mer sunne i forhold til oss, forteller helsesøster Jorunn. Men man ser at der er like mye bruk av nikotin bland dette, fordi en
snus inneholder tre ganger så mye nikotin enn det er i røyk. Snus plager andre mindre – Hvorfor folk bytter til snus? – Mange vet at det er litt mindre usunt å snuse i den forstand, men klart det er jo mye lettere å få kreft i munnen og andre kreft typer, mener helsesøster Jorunn. Andre grunner er at røyken går utover andre, mens snusen bare går utover deg selv. Hun avslutter med at hun synes det er trist at forskinger viser at det er så mange unge som bruker nikotin.
NOVEMBER 2015
SIDE 7
JOBB PÅ ESSO SKEI: Benedicte Førde Mosesen jobbar på ein Esso bensintasjon.
Deltidsjobb skapar tidsklemme Benedicte Førde Mosesen (17) og Lisbet Årdal (18) har begge deltidsjobb ved sidan av skulen. Dei har to heilt ulike jobbar, men dei er krevjande på kvar sin måte. Av Malene Kjøsnes Seinvakt, lite søvn og lange dagar fører til konsentrasjonsvanskar og sløve kvardagar. Mange unge har jobb ved sidan av skule, dette kan skape utfordring for enkelte med tanke på å prestere på skulen i tillegg. – Jobb ved sidan av skule fungerer veldig bra. Eg får tent inn pengar til ulike formål og til personlege ting, seier Lisbet Årdal. Lisbet Årdal er elev ved Firda vidaregåande skule. Ho har jobb på sjukeheimen på Skei. Ho jobbar anna kvar helg og har kun jobba der i nokre veker. Ho trivst veldig godt i jobben. Kjem litt bakpå Benedicte Førde Mosesen er elev ved Hafstad vidaregåande skule. Ho jobbar på Esso Skei, der har ho seinvakt kvar torsdag og jobbar anna kvar helg. – Ja, jobb går utover skulen. Har eg prøve dagen etter ei seinvakt, mistar eg ein heil dag eg ikkje får førebudd meg på. Eg blir også veldig trøytt, sidan eg
er ferdig på jobb ganske seint. Rundt kl. 22.00 – kl. 23.00. Då slit eg med å stå opp neste dag, sidan eg må stå opp kl. 06.00 - kl. 06.30 kvar dag i vekedagane. Dette fører til lite energi og eg vert lite opplagd til prøva dagen etterpå, seier Benedicte Førde Mosesen.
Erfaringar og yrke i framtida Dei har svært ulike meiningar om yrket kan vere aktuelt i framtida. Lisbet Årdal fortel at denne jobben vil hjelpe henne med gode erfaringar til seinare arbeidsliv. – Å jobbe med eldre som treng hjelp er berre kjekt og lærerikt. Dei er veldig hyggelige og imøtekommande, noko som gjer arbeidstida veldig kjekk. Eg har ikkje peiling på kva eg vil bli, men eg likar denne jobben veldig godt, så eit yrke innan helsevesenet er ikkje utenkjeleg, seier Årdal. Benedicte har fått andre erfaringar ved å jobbe på Esso Skei, enn kva Lisbet har fått med å jobbe på Sjukeheimen på Skei. — Eg jobbar med mat og sånt, det er noko eg kan, difor har ikkje eg fått noko spesielt med erfaringar. Så tvilar på at det gjev meg noko spesielt med erfaringar til seinare arbeidsliv. Det er ikkje eit alternativ yrke
i framtida, seier Førde Mosesen.
Balansegang Jobb ved sidan av skule kan vere krevjande men det gjev også gode erfaringar til seinare arbeidsliv. Magne Årdal er Rådgjevar ved Hafstad Vidaregåande Skule, han fortel at det kan vere utfordrande for enkelte, men med god struktur skal det gå fint med jobb og skule. – Det kan på mange måtar vere fornuftig å ha jobb ved sidan av skule. Spørsmålet er om ein klarer å finne balansegangen mellom å vere aktiv i skulen og klare å førebu seg skikkelig til eventuelle prøver, i tillegg til å jobbe litt ved sidan av. Det er viktig å lære seg korleis arbeidslivet fungerer, å lære ein god måte å arbeide på og sjølvsagt tene litt peng. Men dette skal ikkje gå utover skulearbeid, seie han. Utfordringar Magne Årdal påpeikar at ein skaffar gode erfaringar til seinare i arbeidslivet. Ved bruk av arbeidskontrakt, betale skatt, hardt arbeid og forhold mellom inntekt og svartarbeid. Det er altså mykje ein må passe på. Han har opplevd tilfelle der elevar har set jobb framfor skule.
RÅDGJEVAR: Magne Årdal – Utfordringar kan vere på den eine sida at ein ikkje har ei arbeidskontrakt. Og når arbeids– gjevar kjem å spør om du kan jobbe, føler dei at dei må jobbe eller så er ikkje det sikkert at dei får jobbe seinare. Dette har ført til at vi har sett tilfelle der nokon må ha gått tidlig frå tentamen fordi dei skal på jobb. Nokre har ikkje fått førebudd seg til tentamen, fordi dei har vore på jobb. Dette er dømer på nokre uheldige kombinasjonar . Har du gi nokre gode råd til dei som har jobb ved sidan av skulen og til dei som vurderer å skaffe ein deltidsjobb? – Planlegging er eit viktig stikkord. Ein må lære seg til å strukturere dagane i veka. Ein må prioritere skulearbeidet, sette av tid til førebuing i fag og eventuelt tid til jobb, seier han.
SIDE 8
NOVEMBER 2015
Vart kasta inn i vaksenlivet
Både Maria Høydal (17) og Hanna Eide (17) er hybelbuarar og går i 2. klasse på medium og kommunikasjon på Hafstad vgs. Begge trivst på skulen, men meiner det elles er lite å finne på og få tilbod for hybelbuarar i Førde. Nokre blir i god tid førebudde på å flytte på hybel når dei skal byrje på vidaregåande skule, medan andre blir kasta inn i vaksenlivet når denne tida kjem. Av Malin Torsheim På dei vidaregåande skulane i Førde er det opp imot 200 hybelbuarar til saman, og på Hafstad vgs er det 26 hybel¬buarar totalt på heile skulen, men dei hevder hybellivet faktisk ikkje er så gale som ein skal ha det til. Maria Høydal (17) og Hanna Eide (17) er begge hybelbuarar og går i 2. klasse på medium og kommunikasjon. I følgje dei er det å bu på hybel i Førde ganske greitt, bortsett frå når det kjem til økonomien. Ingen av jentene er nøgde med pengesummen dei får frå Lånekassen og må difor få litt ekstra pengar frå foreldrene for å klare seg. For ingen av jentene har deltidsjobb på sida av skulen. – Det som av og til kan vere vanskelig med å bu på hybel er å bestemme meg for kva eg skal ha til middag, så eg har det ei¬gentleg ganske bra, seier Maria.
Litt lite å finne på På skulen trives dei godt saman med dei i klassen sin, men kjenner eigentleg ikkje så mange andre på skulen. På fritida går det då for det meste i å sitte heime på hybelen og slappe av, eller å gå på trening. – Alle vennane våre er på Sandane og i Bergen, og her i Førde er det litt vanskeleg å komme innpå folk og bli kjent med dei. Så vi er ikkje så mykje med venner på fritida, seier Maria. Dårlig med tilbod Jentene er ikkje fornøgde med tilboda som finst for hybelbuarane her i Førde. Men dei har, på lik linje med andre hybelbuarar i Førde, ikkje vore særleg flinke til å nytte seg av dei tilboda som har vore. Dei fortel at dei høyrer frå vennene sine at tilboda for hybelbuarar der dei går på skule er betre enn her i Førde. Dei har til dømes tilbud om varm middag, til en billig penge, og leksehjelpo etter skulen. – Vi skulle ønske hybelbuarane i Førde kunne fått det same tilbodet ein gong i veka, for i forhold til andre som bur heime og har foreldre som kan stå til hjelp har
for hybelbuarane som skal gje hjelp på ulike område og for å prøve å sveise dei saman og skape vennskap på tvers av skulane. Det finst bl.a. ei lukka Facebookgruppe som heiter «På hybel i Førde (Hafstad og MOY vgs)», i tillegg blei det i år prøvd ut ein hybelpakke som bestod av 6 aktivitetskveldar der 3 av 6 blei avlyst. – Det er vanskeleg å få dei til engasjere seg. Tilboda er der, men hybelbuarane er ikkje flinke til å nytte seg av dei. Miljøkoordinator på Hafstad vgs, Ane Birkeland. ikkje hybel-buarane dette, seier jentene. Sjølv reiser begge jentene heim til familien sin kvar helg, har kort veg å gå til skulen og trivst godt med hybellivet og på skulen. Tilbod til liten nytte Miljøkoordinator ved Hafstad vgs., Ane Birkeland, hevdar det er godt tilrettelagt for alle hybelbuarane på dei vidaregåande skulane i Førde. Ho informerer om at det et er eit godt samarbeid mellom miljøkoordinatorane på dei ulike skulane, og det er mange tilbod
Vanskelegare for nokon Birkeland som miljøkoordinator synes det verkar som at mange av hybelbuarane blir godt tatt imot og fletta inn blant dei andre elevane i klassen, men det er klart at nokre synes hybellivet er vanskeleg. Ho meiner det er ein tydeleg forskjell på dei som har vore førebudde på å flytte på hybel frå tidleg alder og gjort seg klare opp gjennom åra, og på dei som spontant berre har blitt kasta ut i det fordi dei plutseleg fann ut at dei måtte flytte på hybel. – Mange av hybelbuarane har til og med ein delidsjobb, seier ho.
NOVEMBER 2015
SIDE 9
Ønskjer nybygg på Hafstad Rektor og elevrådsleiar ved Hafstad vidaregåande skule meiner det er behov for eit nybygg på skulen då elevane ikkje har nok plass å arbeide på. Slik som det er no ligg nokre av klasseromma til skulen på Førdehuset. Fylkesordførar, Jenny Følling (SP), seier seg einig og gjer støtte til planarbeidet. Av: Emma Øren Halvorsen Både rektor og elevrådsleiar ved Hafstad meiner at eit nybygg som rommar resten av klassane er nødvendig for skulen. Rektor meiner skulen treng eit større auditorium også, når det som allereie er her ikkje har nok plassar til meir enn to klassar. Ho legg til at nye grupperom og lekserom som elevane kan jobbe på, er også eit behov. - Talet på elevane aukar anten vi vil det eller ikkje og grunnen til dette er at Medium og Kommunikasjon blir frå neste år eit treårig løp med 30 elevar i kvar klasse. Det er også stilt spørsmål ved nytt auditorium. Slik det er no nyttar elevane kantina for å få plass til eit heilt årstrinn samla, eller når det er foreldremøte på skulen, seier Grethe Øren, rektor ved skulen. - Har du noko formeining om kva dette kjem til å koste? - Nei eg har ingen aning om beløp, det kan fort bli mange millionar. Dette er vanskeleg å seie noko om, seier Øren. - Eg synast nybygg og eit nytt auditorium høyrest praktisk ut. Eit nytt auditorium kan romme eit heilt årstrinn, og vi elevane slepp å reise bort på Førdehuset eller å bruke kantina, legg elevrådsleiar, Massoma Jurmy (17), til. Spørsmål om tid Fylkesordførar, Jenny Følling (SP), seier at fylkestinget har brukt ein milliard på dei vidaregåande skulane vi har i fylket. Ho meiner også at det er nødvendig å få større plass på Hafstad.
Grethe Øren og Massoma Jurmy, rektor og elevrådsleiar ved Hafstad, meiner det er nødvendig med eit nybygg på skulen. - I forbindelse med at Medium og Kommunikasjon har blitt flytta frå Jølster til Hafstad, vil det vere behov for å utvide for å få alt på ein plass. Vi har gått inn for at vi skal starte dette planarbeidet, sånn at ein kan få laga planer over korleis ein kan utvide skulen i framtida, seier Følling. Det er spørsmål om kor mykje det kostar og kor tid dei har råd å fullføre det. Følling legg til at dei også må sjå an kor mykje dei har råd til å gjere, og at det må bli planlagt samla så får ein sjå kva rekkjefølgje det skal bli gjort, eller om dei kan ta alt på ein gong. - Vi har ikkje oversikt over kor mykje dette kjem til å koste endå, det må vi sjå når den tid kjem. Bestillinga som er gitt frå fylkesutvalet er at ein skal lage
Fyllkesordførar, Jenny Følling (SP), støttar ønskje om nybygg. planar for ei utbygging, så får vi sjå kva som kan byggjast først og korleis vi kan gjere det, legg Følling til.
Har brukt milliardar Har dykk nokon planar for alle dei vidaregåande skulane i fylket, er det noko de vil forbetre? - No har vi bygd ut mange av dei vidaregåande skulane. Vi har bygd nye skular i Sogndal, Flora, Stryn og Eid. Dale er relativt ny og ikkje minst Firda som er bygd ut for musikk og idrett. Vi har utbyggingsplanar for Måløy, som er relatert til fiskeri og havbruk. I tillegg har vi planar for Mo og Øyrane, og utviding på Hafstad. Det er viktig å finne ei løysing for fagskulen i tilknytning til næringslivet på Øyrane og ridehall på Mo, og nybygget på Hafstad. Det er gjort veldig mykje på dei vidaregåande skulane, då dei har investert for over ein milliard, så no er det Mo og Øyrane, Hafstad og Måløy som står for tur.
SIDE 10
NOVEMBER 2015
Netthandel er svært populært hos den yngre generasjonen, fordi utvalget er betre på nettet enn i butikkane.
Netthandel meir populært hos unge Ei auke i netthandel blandt unge føre til at butikkane mistar ein del av utvalga sine, og kanskje til og med må legge ned butikken. Av Vilde Susann Asheim Johanna Fransson (18) er ein aktiv nettshandlar når det kjem til kosmetikk. Ho vel heller å kjøpe dette på nettet, dersom det er billigare der enn det er i butikkane. – Eg synest at eg finn fleire ting som appellere til meg på nettet, ettersom eg er veldig kresen. For meg så er det ikkje alltid prisen som avgjer om eg handlar i butikk eller på nettet, men meir om utvalet, seier ho. Vindusshopping Fleire butikkar har blitt meir utsatt for vindusshopping dei siste åra, der folk ser på kva utvalg butikkane har, prøver det, og reiser heim for å bestille det på nettet. Dagleg leiar ved Vita Classy på handelhuset, Tina Lending, kjenner til dette problemet. – Eg har ikkje lagt merke til så mykje av det hos oss. Vita er ein ganske stor butikk og vi har man-
ge gode kampanjar ganske ofte. Det er heller meir klesbutikkar og skobutikkar at eg høyre folk er inne og får mykje informasjon om eit produkt, og går heller heim og kjøper det på nettet, seier ho. I dette tilfellet med vindusshopping meiner Tina Lending at det er jenter som er mest ramma. Fordi dei går i butikkar for å prøve ting, og så reiser heim og kjøper det billigare på nettet, gjer til at arbeidarane mista tilliten sin til kundane og ikkje får like lyst til å gje ut så mykje informasjon til dei om produkta dei spør om. Netthandel – Vi i vita sender våre kundar på nettet dersom det er noko vi har gått tom for. Sjølv om vi ikkje tenar like bra på dette, så får kunden service og produktet får dei til same pris med gratis frakt. Men det vil vere betre for oss om kunden handlar i butikken, seier Tina Lending.
å handle hos Ellos og andre butikkar på nettet, men det endar alltid med at berre halvparten av kleda passar. Derfor syntes eg det er lettare og kjekkare å kunne handle i butikkane. Ettersom ein får prøvd kleda der og kunne få det med seg heim med ein gang, seier ho. Oddbjørn Skrede (52) synest det er dumt for butikkar som ikkje får den nødvendige omsettinga som dei trenger, for at vi skal få eit godt tilbod, derfor vel han heller å handle i butikkane. Dersom fleir og fleir handlar på nette, vil jo dette til slutt gå ut over tilbodet butikkane kan gje oss, og det føre til at vi berre får tak i dei kvardagslege tinga i butikkane, men ting som er litt vanskelegare å få tak i og som ofte har vore på tilbod, berre kjem på nettet. – Eg føretrekker heller å kjøpe i butikkar, enn å handle på nett nettopp fordi eg vil ha den gleda av å sjå kva vare eg vil ha, og kunne kjøpe den der og då, seier han.
Kva tykkjer du om netthandel? -Eg er sjølv ikkje noko netthandlar. Eg har sjølvsagt prøvd
Kundeservice Korleis arbeider du for å få flest mogleg kundar tilbake?
Tina Lending, dagleg leiar ved Vita Classy. – Eg prøvar jo så godt eg kan å vere behjelpeleg og møte kunden. Når ein kunde spør om hjelp, forventar jo kunden at han får hjelp til det han spør om. Det er noko eg synest er veldig viktig. Dersom eg kjem i ein butikk og ikkje får noko hjelp, sjølv om eg til og med spør om det, då føler eg ikkje for å komme igjen til den butikken. Den som jobbar må vere der med ein gang og ta i mot kunden. På denne måten sikrar du at kunden vil komme igjen, seier ho.
NOVEMBER 2015
SIDE 11
SISTE:
Ingen ny rektor i år
Det har vist seg vanskeleg å få tilsett ny rektor ved Hafstad vgs. No stoppar fylkeskommunen prosessen til våren.
Jobben med å finne ein ny rektor ved Hafstad vidaregåande skule vert usett til mars 2016. Etter ei nøye vurdering stoppar fylkesrådmannen prosessen med å finne ny rektor stillinga ved Hafstad vgs. Stillinga lysast ut att rundt 1. mars neste år, med eit mål om ha ny rektor på plass til 1. august 2016. Rektor Grethe Øren sluttar 1. januar, og pedagogisk leiar Inger Karin Oppedal vert konstituert i stillinga fram til ny rektor er på plass.
Toppjobben ingen vil ha Eit halvt år etter første utlysinga er det enno ikkje tilsett ny rektor ved Hafstad vidaregåande skule. Den avtroppande rektoren kan ikkje forstå kvifor. Av Mathias Kastet Johnsen – Eg har spurt meg sjølv fleire gonger om kvifor ikkje fleire har søkt, seier Grethe Øren (69), som måtte halde fram i stillinga lengre enn ho hadde tenkt. Ho kan ikkje skjøne anna enn at dette burde vere ein attraktiv jobb. – Rektorjobben er spennande og interessant. Hafstad er ein fin skule, med flotte elevar og lærarar, seier Øren. Hafstad vidaregåande skule i Førde har 75 tilsette og om lag 530 elevar. Ikkje spesielt få søkjarar Fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim, seier at det var fleire som hadde søkt på rektorstillinga på Hafstad vidaregåande skule. – Det var ein som vart tilsett i sommar, men ho valde å takke nei, seier Skaasheim. Ho trur ikkje at nedskjeringane og kutta for fylkeskommunen dei komande åra er årsaka til det låge søkjartalet.
Avtroppande rektor Grethe Øren forstår ikkje at det skal vere så vanskeleg å få ny rektor på Hafstad. – Hafstad er sentralt plassert og hadde gode søkjartal, seier fylkesdirektøren. Skaasheim seier at talet på søkjarar til rektorstillingar varierar, og at talet i seg sjølv ikkje er interessant. – Det er spørsmålet om kvalifiserte søkjarar som er viktig, seier ho. Tid og ansvar Hafstad-elev Silje Viktoria Gravdal Vallestad (17) har klare meiningar om kva ein skule utan ein rektor er for noko.
– Ein skule utan ein rektor er ingen skule. Ein skule skal ha eit bra overhovud og ein god administrasjon, seier ho. Ho trur årsakene til at så få har søkt, er at det følgjer mykje ansvar med å vere rektor, og at jobben tek god tid. Ho seier også at det kanskje ikkje var så mange andre kvalifiserte søkjarar. Andreklassingen ved Hafstad vidaregåande skule trur regelen om maksimalt ti prosent fråvær kan bli eit problem. – Ein må følgje med på elevane sitt fråvær. I tillegg er mange elevar på forskjellege nivå, noko som kan føre til ei utfordring for rektorar og lærarar, seier Gravdal Vallestad. Blir stilt mykje meir krav Gjennom dei elleve åra Grethe Øren har sitje ved roret på Hafstad vgs, har stillinga som rektor endra seg mykje. – Det har kome mykje meir krav og styring frå Utdanningsdirektoratet og fylkeskommunen som skulen må følgje opp, seier den avtroppande rektoren. I tillegg har det også blitt mykje meir krav og trykk i frå samfunnet elles. Elevar og foreldre har blitt mykje meir bevisste på kva krav dei skal stille til skulen.
– Det er sjølvsagt berre positivt at dei gjer det, men det krev meir. Det krev mykje meir tid, både for rektorar og lærarar, seier Øren. I tillegg, er leiarressursen ved ein skule som Hafstad knapp, slik det nok er tilfelle ved dei fleste skular i landet. Løn er eit anna problem. – Ein leiar med så stort ansvar som ein rektor har, kan kanskje ikkje samanliknast med leiarar i samfunnet elles, seier den avtroppande rektoren. Skulekvardag i endring Skulekvardagen har også endra seg, enn den var for berre nokre få år sidan. Til dømes har det kome mykje meir IKT inn i skulen, noko som er eit kjempeløft og omfattande for lærarane på skulen. – Fråværet til elevane bekymrar meg, viss eg skal fortsette, seier Øren. I år trer den nye ti prosentregelen i kraft. Den avtroppande rektoren på Hafstad vidaregåande skule og elev på Hafstad Silje Viktoria Gravdal Vallestad, er begge usikre på kva som kjem til å skje då. Kanskje det kan vere at nokre elevar fell ut tidleg, eller at det er andre som har droppa ut som ein skal prøve å få inn att.
SIDE 12
NOVEMBER 2015
Livet påeiteitmindreårig mindreårig-mottak Livet på mottak På Skei i Jølster bur det 54 einslege, mindreårige asylsøkjarar. Desse kjem frå Eritrea, Etiopia, Somalia, Afghanistan og Syria. Dette er ungdomar som har behov for eit trygt og godt miljø, og mange av desse har opplevd vanskelege situasjonar. Den vesle bygda langs Jølstravatnet, har ikkje verdas største aktivitetstilbod i lokalsamfunnet, men bebuarane er nøgde med tilbodet dei får på mottaket. NATALIE HERMANSEN Fakta: På Skei i Jølster driftar Norsk Mottaksdrift AS eit asylmottak for mindreårige etter oppdrag frå UDI. Mottaket er i det tidlegare HV-10 bygget, som idag rommar 54 flyktningar. Ungdomane bur på mottaket i maks 3-6 månadar før dei får ein eventuell opphaldsplass eller fosterheim.
På dette mottaket bur det 54 einlege flyktningar. Mangfaldig aktivitetstilbod Med eigen aktivitetsansvarleg på mottaket, vert kvardagen til ungdomane organisert igjennom forskjellege aktivitetar. Maria Løkkebø er aktivitetsansvarleg, og seier at dei har det veldig kjekt ilag på mottaket. Latter, glede og fotballspeling er i gangane, og ungdomane spelar ilag, vitsar og ler. -Sjølv om det er utfordrande å finne aktivitetar for femti, veldig forskjellege ungdomar, får ein til utruleg masse kjekt ilag, seier ho og legg til at fotball og cricket er populære sportar. -Bebuarane
Fotball er ein høgt elska sport blant mottaksungdomen. går på norskopplæring på Sandane på dagtid, så om kveldane har dei mest lyst til å slappe av. Difor fokuserer vi mest på aktivitetar i helgene, fortel Løkkebø som nemner aktivitetar som filmkveld og diskodans. Høg trivsel Inne på mottaket sit det ein gjeng med ungdomar i ei grøn sofagruppe. Desse smilar, og helsar hyggjeleg på den nye gjesten som kjem opp trappa. Mohammad Khalid er ein av ungdomane som bur på mottaket. Han er 15 år gamal, og kjem ifrå Afghanistan. Han har budd på mottaket på Skei i omtrentleg tre månadar, og trivst svært godt. -Vi er alle gode vener, fortel han. -Trass i det kalde vêret, er Skei ein veldig vakker plass med vakre fjell og bygningar. Han gler seg til å oppleve den norske vinteren, slik at han kan stå på ski og kaste snøballar. Grunna språket, har det vore vanskeleg å få kontakt med folk, men han synest at jølstringane verkar som bra folk. Skuletilbodet på Sandane vert høgt verdsett, og han synest det er veldig bra å få høve til å lære noko.
Kommuniserer gjennom ballen I den vesle vestlandsbygda, med knappe 500 innbyggjarar, har fotballen eit sterkt fokus, og for somme på Skei er fotballbana sjølve knytepunktet i bygda. Bebuarane har delteke på fotballturnering saman med skæissarane, noko som blei møtt med mykje positive kjensler. Mohammad er ein mange gutar som likar å spele fotball, og kunne gjerne tenkje seg å bli like god som Lionel Messi. -Bebuarane må vere med på det som skjer her, påpeiker aktivitetsleiaren, og fortel om ei aktiv deltaking på Jølsterdagane. Fotball er ein relativt internasjonal sport, noko som gjer det lettare for ungdomane frå mottaket å spele saman med dei lokale ungdomane. Sidan fotballen nyttar eit meir kroppsleg språk, kan ungdomane samarbeide og ha det kjekt med dei lokale utan språkproblem. I takt med naturen I tillegg til å fremje miljøet innad gruppa på mottaket, er det viktig å knyte band til det ytre lokalmiljøet. Integreringsproses-
Foto: privat sen til ungdomane vert starta på mottaket, og til dømes «InnPå-Tunet», er ein aktivitet som ungdomane på Skei er med på. Dette inneber eit gardsbesøk på Egge, der ungdomane besøkjer ein gard, og hjelp til med arbeidet som følgjer denne. På garden steller dei med dyra, lagar mat og går tur på fjellet. -Dette er veldig kjekt for dei, avsluttar Løkkebø. Kommunale tenester på plass Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg, ser at mange av desse ungdommane er i ein emosjonelt utfordrande situasjon, då dei ventar på opphald og permanent tilvere. Han fastlegg at kommunen sørgjer for at bebuarane har eit godt undervisingstilbod, og at ungdommane får gode helsetenester under opphaldet sitt i Jølster. Barnevernstenester og psykisk helsevern vert også kopla inn dersom denne hjelpa trengst. Klakegg opplyser om at kommunen er med på å tilretteleggje, og hjelpe mottaket med fritidssysler for bebuarane, men at dette i hovudsak er noko mottaket sjølv organiserer.
NOVEMBER 2015
SIDE 13
Fleire alternativ for Førde kommune Storkommune, SiS og liten SiS er alle alternativ for Førde i kommunereforma. Desse er dei mest aktuelle alternativa, men Førde kan også velje å stå åleine. Av Erlend Berntsen Samarbeidsforum i Sunnfjord (SiS) består av kommunane: Førde, Jølster, Gaular, Naustdal og Flora, mens liten SiS tar Flora vekk frå bilete. Storkommune har med kommunane som er i SiS, men legg også til fem andre: Gloppen, Solund, Askvoll, Fjaler og Hyllestad. – Alle er aktuelle og har forskjellige fordelar, men alle har sine svake sider også. Til dømes har ein storkommune fordel av at vi blir ein stor og kraftig kommune mellom Bergen og Ålesund. Bakdelen er at det blir lang avstand frå ein ende til den andre, seier prosjektleiar for kommunereforma i Sunnfjord, Øystein Høyvik. Mangel på respekt – Vi har hatt innbyggjarundersøking av eit representativt utval som vil gi oss ein peikepinn. Ei folkerøysting egnar seg best til ja eller nei spørsmål, og det kan bli vanskelig med fleire alternativ. Folket skal bli høyrt, men vi har vanskar med å sjå korleis ein skal organisere det, fortel Høyvik. Stortinget har gjort seg merksame på at dei har opna seg for tvang i det tilfelle at ein kommune blokkerar andre kommunar for å slå seg saman, sjølv om både kommunen og innbyggjarar er einige om at dei ikkje har lyst på samanslåing. – Kommunane veit sjølv kva som er best for dei og innbyggjarane. Det er vanskelig for folk i Oslo å leve seg inn i situasjonar her. Det er rett og slett galskap og mangel på respekt, seier bystyremedlem Reidar Fugle Nordhaug (Ap), som også er leiar for AUF i Førde. Større utfordringar Fleire påpeiker at ein større kommune med færre folkevalde, som
Ein illustrasjon av korleis storkommune-modellen vil sjå ut. (Foto: Skjermdump frå PwC rapport) styrar over fleire menneske og større område, kan være urovekkjande og reiser spørsmålet om ein storkommune kan gi innbyggjarane like gode tenesetetilbod og saksbehandling som før. Høyvik meinar at det viktigaste er å sjå på samanhengen mellom arbeid og bu-område. – For å få fleire til å bu i dette fylket så er vi nøydde til å bli sterkare og jobbe meir samordna. Det blir stilt større og større utfordingar til oss i forhold til tenesteytingar, så det blir auka krav til kvalitet og mengde. Ein treng truleg større einingar for å nå desse krava. Alternativet kan bli å måtte overlate det til staten viss vi ikkje klarer det. Det er det siste vi ønskjer, seier Høyvik. Usemje om sentralisering Kommunereforma kan vere eit problem for kommunane i ytterkanten av dei ulike modellane, men spesielt i storkommunen. Omlandet rundt kan tape når det blir sentralisering av arbeidsplassar og tenestar. – Velferdsplassane ligg i ro, men arbeidsplassane blir sentraliserte som gjør at senteret blir forsterka og distrikta blir svakare. Eit anna problem er representantane frå dei små stadane i ytterkantane får utfordringar om
å bli høyrde godt nok. Dette er nokre av dei uheldige sidene ved reforma, seier Nordhaug. – Det er lagt opp til at alt skal bli utførast som i dag. Det som vil skje, er at det forsvinner behov for ein del leiarar. Men det er ikkje sentralisering, det er å effektivisere.
Namna er klare Det er førebels bestemt at «Firda» skal være namnet på kommunen om det blir storkommune, og «Sunnfjord» viss det blir nokon av SiS-alternativa. Det er fortsatt rom for endringar av namnet når alternativet først blir bestemt.
Øystein Høyvik er prosjektleiar for kommunereforma i Sunnfjord.
SIDE 14
NOVEMBER 2015
Joakim( 18) på bilete over har valt å prioritere skulen framfor billappen
Fredrik (18) har valt å prioritere billappen framfor skuletima.
Må velje køyring eller skule Fleire ungdommar som er rundt attenårsalderen vurderer eller har allereie bestemt seg for å ta lappen. Men sidan køyretimar tek mykje tid og føregår samtidig som skuletimane er det vanskelege val for elevane kva dei skal prioritere mellom køyretimar og skuletimar.
den over ei lengre periode hadde det ikkje vore noko problem. Men Joakim legger ikkje skjul på at han har tenkt til å prøve å ta lappen i framtida. – Tenker eg skal ta den i løpet av neste år svarar han då han før spørsmål om kva han tenker om å ta lappen i framtida.
Av Henrik Skrede
Angrar ikkje Ein som derimot valte å prioritere lappen framfor skuletimar er Fredrik(18). Han går tredje året sitt på studiespesialisering og han angrar ikkje på at han ofra skuletimar for å ta lappen, men han seier at han også synes det er trasig å miste skuletimar for køyretimane. – Det er trasig. På vidaregåande er det sånn at det kan bli lett å bli hengande etter i eit fag om du mister for mange skuletimar, men for meg gjekk det fint. Ville du heller tatt lappen i sommarferien enn i skuletida? – Nei det ville eg ikkje, fordi at eg ikkje vil bruke opp ferien på køyretimar, men eg kan seie at eg brukte litt av sommarferien på å ta lappen. Fredrik fortel vidare at han
Joakim(18) er elev på Hafstad og går tredje året på formgjeving. Han har valt å legge til side billappen for å prioritere skulen. Han seier at han har prioritert lekser og øving til prøver framfor billappen, men legg til at han har tenkt å begynne med køyretimar når han får tid. Han seier vidare at han synes det er viktig å prioritere skule først, slik at han kan få dei karakterane han vil ha, slik at han skal kunne få ta den utdanninga han ønsker. – Trur du karakterane hadde vore dårlegare om du hadde prioritert lappen. – Ja, viss eg hadde prioritert den for mykje. Hadde eg derimot tatt
Rektor Grethe Øren meiner elevane bør priortere skulen framom å ta køyretimar ikkje trur at det å ta lappen hadde noko stor effekt på skulegangen hans, men han fortel vidare at å ha lappen har gjort ting meir praktisk for han. Han seier at han kjem seg lettare på skulen no som han kan køyre, og at han ikkje no lenger er så avhengig av andre for å bli henta og køyrt rundt. Minst mogleg fråvere Grethe Øren, rektor på Hafstad vgs seier at ho ikkje synes det er bra at elevar vel å prioritere vekk skuletimar for køyretimar. Ho seier at ho vil at elevane skal vere minst mogleg vekke frå skulen.
– Eg synes jsjølvsagt at det skal vere på skulen mest mulig, det går jo litt tid til lærekøyring, så det beste hadde vore om de fikk timane etter skuletid eller i fritimane, men eg trur det er slik at mange elevar passar på å få køyretimar i fritimane, seier ho. Rektoren seier ho synes det er vanskeleg å vite korleis skulegangen blir påverka av køyretimar, men understrekar at det er viktig å ikkje miste for mange skuletimar. – Minst mogleg vekke frå skulen, er mi haldning i saken, avsluttar rektor Grethe Øren.
NOVEMBER 2015
SIDE 15
– Det har vore ei kjempeoppleving Førde folkehøgskule set opp førestillinga High School Musical. Rollene i musikalen vert spela av elevar frå Solvang folkehøgskule i Førde, men også frå andre fylker i Noreg. Musikalen vert leda av Anders Alvaro som står for koreografi, scene og regi, og musikkansvarleg Eivind Os. Frida Steen Etter at musikalen Grease som vart ein stor suksess, har leiarane no sett opp High School Musical. Musikalen handlar om elevar som går på ein amerikansk videregåande skule. Der handlinga tek føre seg livet deira som tenåringar gjennom sang dans og drama. Viktig å stille opp Hovudrollene vert spelte av Georg Lipai som Troy, og Anne Noddeland som Gabriella. Førestillinga vert set opp på kvelden 30.oktober i storesalen i Førdehuset. Dette er eit samarbeidsprosjekt med lærarar og elevar frå skulen. Der timeplanen skal passe for alle, og også mykje tid blir lagt ned under planlegging og øvingar til førestillinga. – Det er viktig at alle stiller opp på øvingane, og at dei er villige til å øve, fortel Anne. Etter som dette er ein folkehøgskule med fleire linjer som dans, song og drama, får ein mykje god erfaring. Ein får arbeide individuelt, og i grupper. – Alle er flinke på forskjellige områder, og dermed kan ein lære mykje av kvarandre og ein sjølv, seier Georg. Elevane har også god samarbeidsvilje med arrangørane, der dei og kjem med innspel om oppsettet til musikalen. – Dei er veldig fleksible rundt musikkdelen av musikalen. Då alle er gode på sine områder, må ein tilpasse nivået song og musikk til dei forskjellige skodespelarane. Der ein bla. løyser tostemte delar av songane. Elles prøver vi å følgje manus og musikk veldig nøyaktig.
Georg Lipai og Anne Noddeland spelar hovudrollene når Sunnfjord folkehøgskule set opp «High School Musical».
«High School Musical» i Førdehuset Erfarne hovudroller Dei som prøvespelte for rollane var mellom 16 og 27 år, dei fleste låg rundt 19-års alderen. – Eg har arbeida veldig seriøst med song og musikk på Firda vidaregåande skule, der eg har gått på vokalundervisning i tre år. Familien min er også veldig musikalsk, spesielt faren min som eg fekk min første gitar av når eg var tolv år gammal. Etter det gjekk det frå å vere ein hobby, til meir alvor, og vart ein viktig del av livet mitt. Eg begynte å øve litt meir strukturert, fortel Georg. Anne fortel at ho har jobba mykje med teater, og har gått på drama linje i tre år. Ho har fått mykje god erfaring gjennom arbeidet med denne musikalen. – Det er ein musikal som heile gruppa har eit godt forhold til, og har vakse opp med.
Mange utfordringar Musikalen slår fint an på skulealder, men er også av interesse for dei vaksne. Eg meiner at alle har mykje å lære av musikalen, både unge og vaksne. Då dei har ulike synspunkt på musikalen. Veldig lærerikt, fortel musikkansvarleg Eivind Os. – Har det vert utfordringar med musikalen? – Ja blandt anna er songdelane utfordrande. Det å leve seg inn i rolla er og utfordrane. Ein må allereie på øvingane gi hundre prosent. Det er ikkje alltid like lett som det høyrest ut, å sette seg inn i den atmosfæren, fortel Anne. Mange som ville – Dansing og koreografi har vert ei utfordring, ettersom eg berre har studert vokal og musikk. Vart detta noko nytt for meg, fortel Georg. – Kva var det som gjorde at det var desse som fekk rollane? – Det var mange som kom på audition, ein må kunne danse, synge og spele drama. Både musikken og koreografien må passe
alle. Dersom ein var litt mindre god på nokon område, kunne ein ta timar, der ein kunne verte betre. Nivået som var i år var veldig høgt, det var mange dyktige som kom på audition, fortel Anders. Vert tradisjon - Georg, visste vi om, og hadde sett føre oss at her vi ein god kandidat til Troy, og det var han absolutt. Sjølv om det var mange andre flinke som prøve spelte for rollen. Hos Anne la vi merke til kor god tilstedeverelsen hennar på scena. Dette var veldig imponerande, og gripande. Der ho hadde ein veldig gripande audition, fortel Erlend. Leiarane bekreftar at det vil verte sett opp fleire førestillingar framover, enno veit dei ikkje kva førestillingar som vert aktuelle for den tid. Den stilarten som har vert, med pop og rock er den stilarten som vil fortsette i musikalane framover. Ønsket er å få med så mange som mogleg i musikalane.
SIDE 16
NOVEMBER 2015
Einaste frå fylket på landslaget –Eg syns det er veldig kjekt å vere en del av landslaget. 15 år gamle Karoline Fauske er einaste frå Sogn og Fjordane som er med på landslaget i volleyball i U19. Av Camilla K.Bolsø – Det er kjekt å trene masse og klare å oppnå noko så stort. Den første landskampen eg spelte var mot Island og då var eg 14 år. Eg merka fort at vi spelte på eit meir seriøst nivå, og følte meg meir som ein ordentleg idrettsutøvar. – Volleyball er ein veldig viktig del av livet mitt. Kvardagen min består av å trene og gjere skulearbeid. Eg har veldig lyst å satse på volleyball seinare, men utdanning er også veldig viktig. Idretten er ikkje like stor i Norge som den er i utlandet, i tillegg er det også vanskeleg å leve av å spele volleyball. Det hadde vert spennande å prøve å få gå på volleyball skule i USA. Utvikla seg mykje – Flinke trenarar med masse volleyballbakgrunn og mykje øving har hjelpt meg masse med å komme på laget. Eg fekk også tilbod om å gå på toppvolley, men fekk ikkje lov til det ,fordi foreldra mine meinte at skule er viktigare. Så det er også ein stor motivasjon for meg, å bevise at ein ikkje treng å gå på toppvolley for å bli ein god spelar. Sidan Karoline begynte på elitelaget i 2014 har ho fått utvikla seg masse på grunn av god motstanden frå andre lag. Trene målretta – Har volleyballeklubben i eit godt miljø? –Klubben har eit godt miljø. Fleire og fleire kjem inn i miljøet og det blir lagt opp masse treningar og turneringar til oss. Nå blir det også større elitesatsing for damene. – Har du nokre gode tips til dei som vil nå like langt? – Gode tips til dei som har lyst å nå like langt er å trene målretta
Karoline Fauske er på U19-landslaget. (Foto: Hamlstolen NEVZA) og høyre på det trenarane seie. Stort miljø Volleyballtrenar Kasia Ciesielska er einig i at klubben har eit godt miljø. – Eit så bra miljø gir masse moglegheitar til å utvikle seg som både spelar og trenar. Eg er veldig glad at for at eg fekk moglegheita til å jobbe her i Førde som volleyballtrener for elite kvinner, volleyball linja på Hafstad og som regionskonsulent. Klubben gjer ein kjempebra jobb kvart år. Ciesielska fortel også at det er stor forskjell på nivået i volleyball i Norge og Polen.
– I Polen er alle klubber frå 2.divisjon proff. Nivået er også høgare enn i Norge. Vi kan seie at den beste klubben i Norge i år har nivå 2.div i Polen. Har tru på vekst Dagleg leiar i Førde volleyballklubb Tor Kristian Kvammen fortel at volleyballmiljøet i Førde har stått sterkt heilt sidan det starta i 1974. – Klubben har alltid hatt eit godt sosialt miljø og en god treningskultur. Så lenge eg har vore med har det vore eit stabilt og bra stort miljø i klubben. Det skjedd ein del endringar dei siste åra.
Det har vore ei auka satsing på damesida, og dei siste 4 sesongane har ein hatt lag i eliteserien både på dame - og herresida. Kvammen har stor tru på at miljøet kjem til å vokse enda meir. – Det er myke positivt som skjer rundt volleyballklubben for tida. – Vi har starta med minivolleyball for dei yngste, 2 -6 klasse, Vi har fått et nytt fantastisk bra sandvolleyballanlegg i Hafstadparken. Alt ligg til rette for at mange kjem til å ha det kjekt med volleyball i Førde også i framtida.
NOVEMBER 2015
SIDE 17
Håvard Hallerud i aksjon under siste konkurranse i Le Mans denne sesongen. (Foto: privat)
Køyrer seg inn i verdseliten
Ein avtale med tysk gigant har sett fart på gokartkarriera til førdianaren Håvard Hellerud. Forrige veke fekk han måle seg med verdas beste. Av Julie Tvinde
- Dette er ein avtale begge partar har jobba med lenge, seier Håvard Hallerud. Kontrakten går ut på at ungguten frå Førde skal teste ulike rammer for Mach 1, og ha eit samarbeid der ein finn ut kva som gir dei beste utslaga og resultata. Mach 1 produserar rammer og er mekanikarar for gokart. Dei skal i dette samarbeidet vere mekanikarar på karten ,og hjelpe Hallerud til å prestere betre. – Er det mange som får slike kontrakter? – Eg veit ikkje om nokon andre som har ein slik avtale, og spesielt ikkje frå Noreg. Det er veldig uvanleg, gliser Hallerud. For kort tid tilbake var han i Le Mans og køyrde mot 350 av verdas beste gokartkøyrarar. Tidleg i
konkurransen klarte han å køyre raskare enn det totalvinnaren gjorde. Vidare fekk han trøbbel med motoren som gjorde til at han enda lengre ned på tabellen enn håpa I løpet av sesongen har han delteke på 17 løp og vunne 4 av desse. – I tillegg låg eg ann til å vinne 3 til, men det heldt ikkje heilt ut, fortel Hallerud. Målet hans vidare er å konkurrere internasjonalt og klare å gjere det så bra som mogleg. Store treningsmengder Grunnen til at han har kome dit han er i dag er fordi han har trena mykje i Kråkenesmarka og er ein av dei som trenar mest på sin alder. På ei veke trenar han gokart 1-2 gongar. Då er det ofte trening frå klokka er 14 til den slår 20-21. Men det er ikkje berre køyretrening som må til for å bli god i gokart. – Eg trenar og fysisk, men mest av alt styrke, kommenterer han. Leiar i klubben, Jarle Tveit, fortel at Håvard er svært enga-
sjert i det han driv med, og trenar mykje for å bli god. – Han køyrer veldig pent og ryddig som gjer det lett for mekanikarane å sjå kva justeringar som må gjerast for at han skal kunne køyre endå fortare. Samstundes som Mach 1 har inngått avtale med Hallerud, må også andre støttespelarar hjelpe til for at kabalen skal gå opp. – Pappa er ein av dei. Han køyrer meg over alt uansett kvar eg skal på konkurranse, og har vore mekanikaren min opp igjennom åra, seier han. NMK Sunnfjord i god vekst Gjennom 2015 har antall medlemmar stige med over 30 prosent. No nærmar det seg 200 medlemmar som er aktive sjølv eller som er mekanikarar. – Alt som skjer i Kråkenesmarka blir gjort på dugnad, seier leiar i NMK Sunnfjor, Jarle Tveit. Han fortel også at det er lav medlemskostnad på grunn av store personlege kostnadar, med tanke på alt utstyret ein
«Eg veit ikkje om nokon andre som har ein slik avtale, spesielt ikkje frå Noreg» Håvard Hallerud, gokartkøyrar treng. Bana vert også brukt til utleige for bedrifter, skuleklassar, arrangement og så vidare, som er ei god rekrutteringskjelde for klubben. Det er no på veg opp ei ny gruppe som også køyrer konkurransar. I Noreg er det i dag 700 som har lisens innanfor gokart. I 2014 steig talet med 50 lisensar, noko som gjer at talet heldt seg stabilt. Blant desse er dei beste sitt nivå ganske jamt. – Når dei reiser til utlandet for å konkurrere klarar dei å halde seg i toppen med dei andre. Vidare når ein er tilbake i Noreg og køyrer er det framleis stor konkurranse og tøft om plassane, fortel Stine frå Norges bilsport forbund.
SIDE 18
NOVEMBER 2015
«Gjer akkurat det de har lyst til, drit i kva andre seie, vegen blir til mens de går, du finne fram til slutt, berre køyr på.»
– Hjartet førte han til Sogndal Det er stor trivsel på høgskulen i Sogndal, det kan Nikolai Skinlo bekrefte. Det skulle ta tre år å finne ruta. Sjølv om ruta har vert lang, har den gitt innsikt i kva han vil gjere vidare. Av Sunniva Skrede 21 år gamle Nikolai Skinlo frå Jølster, kosar seg på høgskulen i Sogndal, der han no studera for å få ein bachelorgrad. Likevel har ikkje det at han ikkje endte her med eingong etter vidaregåande
vore noko han angrar på. Etter å ha fullført tre år på idrettslinja på Sandane, tok Skinlo turen til Hallingdal Folkehøgskule, det tok ei lita veke før han forstod at dette ikkje var noko for han. To år seinare, har han prøvd seg som vikari i Skei Barnehage, og studert på førskulelærar-linja i Bergen. Trivst på høgskulen – Altså, folkehøgskule og høgskule er to heilt ulike ting. Han grublar litt før han fortset.
– Den største forskjellen er... vel, at du ikkje bur på skulen. Ellers er det kanskje mykje av det same om man tenkjer over det, lekse, eksamen og lignande. No har Skinlo studert på den populære høgskulen i tre månadar. Allereie før han byrja på høgskulen hadde han fått eit godt inntrykk av skulen og miljøet den er knytta til. – Eg trivast veldig godt, det er mykje å finne på, og skulen kjem med mange gode tilbod frå ulike student-organisasjonar som vi
får benytte oss av. Skinlo tar fram handa og byrjar tellinga. Poplære aktivitetar – Vi har Studentspretten, Sjøspretten, Lurkis, Meieriet og Parlamentet. Alle desse fem har aktivitetstilbod som du kan melde deg inn i, og dei dekker eigentleg alle dei fritidsaktivitets-behova som folk har. Mange benytter seg av desse tilboda, ofte sel dei billettar til ulike arrangement dei skal halde.
NOVEMBER 2015
SIDE 19
RÅDGJEVAR: Kirsti Møller Bruland.
– Studentane må engasjere seg
FRILUFTSLINJA: Nikolai Skinlo har byrja fyrste året på høgskulen i Sogndal, her studerar han på Friluftslivlinja.
– Mange av desse blir utsolgt på minuttet, fortel Nikolai medan han knipsar ut i lufta for å demonstrere. – Dei fleste som går i Sogndal likar mykje av det same, det går i fjellsport, ski og den slags aktivitetar, så det er vel derfor folk kjem hit. Dritkul linje Høgskulen i Sogndal er svært populær, og Nikolai hadde høge forventningar når han starta. Han er ikkje i tvil om at skulen og miljøet har levd opp til
forventingane. – Eg blei godt tatt imot og dei var veldig flinke fadderar, det var ikkje noko stort drikkepress, og ein følte ikkje at ein alltid måtte ut å feste den fyrste veka. Det var eigentleg ganske avslappande og fint. Skinlo tar no ein bachelor i Friluftsliv. – Det er ei «dritkul linje», det kan du berre skrive, fortel han med eit smil. Han er ein av mange studentar i Sogndal som har valgt hybellivet framfor det å bu heime.
Mange på hybel Dette er noko dei fleste ynskjer, sånn som Johannes, ein kompis av Nikolai. – Han er eit prakteksempel på akkurat det, kjem i frå Sogndal og bur ikkje langt unna her, men vel likevel å bu her med meg. Så dei fleste vil nok inn i Sogndal kjerna når dei først er begynt på skule her. Nikolai bur i ei flott leilighet med kun fem minutt gå-avstand til skulen. – Her bur eg med tre andre
Kirsti Møller Bruland er rådgjevar på høgskulen i Sogndal, fortel at ho opplever trivselen blandt elevane som svært god, men legg til et ein er nødt til å engasjere seg for å komme inn i miljøet. Sidan dei aller fleste er flytta heimanifrå, så er dei nødt til å lage seg eit nytt nettverk. Då er det ikkje hjelp i å sitje inne utan å vere sosial. Som rådgjevar opplever Bruland også studentar som ikkje trivast på høgskulen, dette tykkjer ho er kjedeleg, skipssmannskapet har gode tilbod til desse studentane, og veileder dei slik at dei får flyte betre inn i miljøet. Bruland fortel at ho aldri har hørt om studentar som har havna på feil kjør som ei følge av miljøet i Sogndal
studentar, som eg kjende litt frå før. To av dei budde her allereie då eg flytta inn. Dei var på jakt etter to nye som kunne flytte inn hos dei, så då fekk Nikolai dei til å sette av eit rom til han. – Vi kosa oss veldig i leiligheta, og hybelmiljøet i Sogndal er generelt veldig bra eigentleg.Nikolai tykkjer det er viktig å følge hjartet og velge det ein kjenner er riktig for sin eigen del.
SIDE 20
NOVEMBER 2015
– Utfordring å halde på utøvarane – Det er knapt om plass. Eldregruppa har det det i det siste kun hatt ein liten time i hallen. Vi må nytta oss av utetreningar om vinteren sida hallen ikkje har kapasitet til fleire på denne tida av året. Medlem av seniorgruppa i Førde friidrett Simen Gram meiner dette går utover treningane. Av: Christian Danielsen Førde friidrett ligg langt bak på landsbasis. Dei har mykje å ta igjen etter det dei har prestert dei siste åra. Desse resultata kjem ikkje utan grunn, fordi friidretten i førde har over lenger tid hatt problem med å halde på medlemmane til dei to idrettsklassane. Både junior og senior gruppa har hatt mykje problem med den «lille» kapasiteten i idrettshallen. - Travel idrettshall Idrettshallen i Førdehuset blir tatt i bruk av aktiv ungdom kvar dag, heile dagen. Her er det det alt ifrå volleyball og handaball til badminton og bueskyting. Hallen er i hovudsak delt inn i tre delar. Friidretten i førde må forhalde seg til ein av dei tre delane ettersom resten er booka store deler av veka. Dette gjør at seniorgruppa og juniorgruppa må ha delte treningar noko som også skaper problemer for dei eldste som ynskjer å satse ettersom det er dei som ikkje får innetreningar. Tru på dei minste Simen har trua på at dei minste. – I minstegruppa er det ein god del folk som har stor interesse for friidrett. Det gjeld for dei å halde interessa oppe når dei blir eldre. Gram er usikker på kva framtida vil bringe for Førde friidrett, men håper på at interessa vil auke. Han tar det med eit smil og seier at vertfall han har tenkt å fortsette med både trening og konkurransar. Du imponerte med to førsteplassar på same stemne, føler
du sjølv at du har hatt ein god sesong? – Innesesongen var bra. Eg fekk persa på både 60m og 100m. Resultatet kunne gjerne verte betre sida eg mangla en del løpstrening. Utesesongen som har vert starta også bra, men eg fekk skade i både kne og legg, noko som førte til at eg måtte avslutte sesongen.» Korleis er interessen for friidrett blant dei yngste? – Minstegruppa er det ein god del folk som virka som dei har
stor interesse for friidrett. Det gjeld for dei å halde den interessa når dei blir eldre. Førdehuset saman med Førde kommune tilbyr treningsfasilitetar til Førde friidrettt. Har dette hatt effekt i forhold til rekruteringa? – Det har hatt sin effekt, men det kan fremdeles bli ein utfordring å halde på utøverane. Kva tenkjer du om at Førde friidrett må kutte ut senior treningane? – Dette er selvfølgelig dumt.
Det er mangen som reiser vekk, noko som har gjort det vanskelig for trenerane å halde fram med organisert trening for dei eldste. Som tidlegare innebandyspelar har eg opplevd at det har vert trangt om plassen i idrettshallen i Førde. Gjelder dette friidretten også? – Det har vert knapt om plassen, det tilbodet vi har hatt for eldregruppa er ein time trening i hallen. Dette har vert lite ideelt for treninga. Vi fekk meir ut av treningane av å vere ute.
NOVEMBER 2015
SIDE 21
– Eg trener 5-6 økter i veka, og øktene er lange. Målet til Joakim Kvarme er konkurransen «Norges sterkaste mann»
Trenar til «Norges sterkaste mann» Joakim Kvarme er 18 år og kjem frå Bygstad. Kvarme likar styrketrening, og trenar opp til 5-6 økter i veka. Benk og markløft er spesialiteten. Av Gina Årdal Indrebø Joakim og faren såg på Norges Sterkaste Mann på tv, og dette syntes Joakim var utrulig spennande. Tv-programmet inspirerte han til å byrje å trene og han fekk lyst til å bli Norges Sterkaste Mann. I byrjinga då han var 1213 år var treningsplassen i kjellaren, men i slutten av 2013 byrja Kvarme på treningssenter. – Eg trenar 5-6 økter i veka, og øktene er lange. Eg likar best å trene benk og markløft, seier Kvarme. Trening nyttig Marit Hjelle Vie er gymlærar på Hafstad vidaregåande skule, og meiner det er viktig å trene så
ofte, men det er viktig å ha korte, i staden for lange økter. Ein time aktivitet om dagen er viktig, men dette trenger ikkje å vere på eit treningssenter, aktiviteten kan vere så enkel som å gå til og heim frå skulen. Helsesøster Jorunn Eldegard er einig med Vie. – Trening er sosialt 18-åringen trenar ikkje berre for å bli Norges Sterkaste Mann, men fordi trening er også sosialt og kjekt. Både Vie og Eldegar meiner det same som 18-åringen. – Trening hjelper både for det fysiske og det psykiske. Mange elevar slit fysisk og psykisk , og dermed er det lurt å trene. Lagidrett er svært sosialt og hjelper mykje, men sidan det har blitt så sosialt å trene på treningssenter hjelper dei også, seier Jorunn Eldegard. Kosthald er viktig for kroppen Det blir lettare å trene visst ein et
sunt og proteinrik mat. Ein blir i betre humør og det gir styrke til kroppen. Kvarmes kosthald har variert frå då han var yngre til no. – No passar eg på å få i meg rikelig med protein, karbohydrat og riktig fett. Eg et også mykje frukt, og prøver å ete nok grønsaker, slik at eg får i meg nok vitamin og mineral. Då blir ein ikkje så lett sjuk. Det går mykje i havregryn, kylling, laks, egg, fullkorns ris, søtpoteter, karbonadedeig, tortilla- lefser, tunfisk, kesam, proteinpulver, biff, poteter osv, seier Joakim. Helsesøstera er einig med maten 18-åringen et. – Det er lurt å ete grønsaker, vere bevist på kva type fett og kor mykje dei et. Grov mat er bra, 5 om dagen er lurt og få i seg nok D-vitamin, fortell helsesøstera. Ikkje tren for mykje Men Eldegard meiner også at nokon et for sunn mat og trener
for mykje. Det er bra å ete typisk norsk mat, og det inneberer og å ete litt usunt, sidan norsk mat ikkje alltid er like sunn. Ho meiner også at anabole steroider er noko alle burde halde seg lang unna, sidan det er mange som velje dette for å bli større når dei føler på kroppspresset. Ikkje dop – Når det gjelder det ytre presset frå andre, føler eg ikkje noko press for å bli større og sterkare. Den motivasjonen og presset kjem innanfrå. Men eg føler eit slags press i forhold til andre som driver med det same som eg, sidan eg skal bli best. Eg vurdera heller ikkje å prøve dop. Eg meina at det ikkje er verdt risikoen, fortell Joakim Kvarme. Joakim Kvarme har enda ikkje vert med på noko konkurranse, men når han er skadefri har han lyst å prøve det ut.
SIDE 22
Respekt, disiplin og kroppskontroll
NOVEMBER 2015
Sebastian Gjervik (18) har drive med Taekwondo i lang tid. No er målet svart belte. Av: Kristian Walaker Naustedølen fann ut at det var Taekwondo han brann for, då han slutta på fotball for å byrje på kampsporten. Han byrja så på dette saman med to andre kompisar, fordi han syntes det høyrdest kjekt ut (og slutta dermed på fotball, der han følte han ikkje hadde talent). Potensial og inspirasjonskjelde Sebastian har ein klar plan på å få ut potensialet til det fulle og korleis han skal gå fram for å verte betre. – Det er å øve og terpe på det eg er dårleg på, og så å utfordre meg sjølv på det eg ikkje får så godt til. På spørsmål vidare om kor han hentar inspirasjon til å fortsette, seier han at det er ikkje ein spesiell person som inspirerer, men heller dei spesielt flinke, og at han ynskjer å bli like god som dei. Det konkrete målet er å få svart belte, som er eit hakk opp i grad frå der han er no. Kan anbefalast Sebastian vil anbefale kampsporten vidare, ettersom det ikkje er så mange som driv med det. – Det er god trening for alle og ein får utfordra seg sjølve, samt å lære å beherske kroppen sin. Veldig kjekt er det også,» presiserer Sebastian. Han meiner at Mads Naustdal er ein av dei som har hjelpt han på vegen til å kome der han er i dag,. Disiplin er e viktig dersom du skal meistre kampsporten. – Eg er sjølv trenar to gonger i veka, der eg får trena sjølv i tillegg, og så blir det ein del heime, der eg må lære nye ting på eiga
Sebastian gjer det han kan best, her i aksjon under stemne i Florø. (Foto: Egil Årdal) hand, legg Naustedølen til. Stolt trenar Han får støtte når det gjeld utviklinga si frå sin gamle trenar Mads Naustdal, som no er busett i Bergen. Han har bakgrunn som trenar i seks år, mellom anna for Sebastian, frå han var 15 til 21 år og vart hovedtrenar for Taekwondo i fylket. - Når ein har vore trenar i seks år får ein verkeleg sjå korleis elevane utviklar seg både innanfor sporten og som personar. Derfor blir ein særs stolt når ein blir vitne til denne utviklinga, og du veit at du har spelt ei rolle i det. Brukar heile kroppen Når det gjeld kva som gleder han innanfor kampsporten han brenn
for, har ikkje Mads Naustdal lite på hjartet. – Det er mykje som gir meg stor glede innanfor kampsporten. Du har det sosiale som går på det sterke bandet du får med alle andre som du trener med. Du lærer også det å respektere andre menneske, og viktigheita av god disiplin, noko eg meiner er nokre av mine sterke verdiar eg har no takka vere Taekwondoen. Du har også dei fysiske delane med kampsporten. Du brukar kroppen på ein heilt anna måte enn ved å spele fotball. Du må bruke heile kroppen, og lærer deg kroppskontroll og koordinasjon, noko som er spesielt viktig for unge under oppveksten.
Meir enn forsvar Han framhevar at det er veldig individuelt kvifor folk vel idretten, og held fram. – Eg meiner at ved å trene Taekwondo lærer du deg mykje meir enn det å kunne forsvare deg. Du utviklar også eit sunt verdigrunnlag, som eg veit kjem godt til nytte, så igjen kjem ein inn på respekt og disiplin. Så skal det seiast at ved å halde seg aktiv og bruke hele kroppen slik som ein gjer når ein trenar Taekwondo, kjem du til å halde deg unna visse skader. Sjølv merkar han at når han har hatt periodar med inaktivitet, så legg han til at han får ryggplager, og meiner Taekwondo er det einaste som held han vekke frå det.
NOVEMBER 2015
SIDE 23
Opprykk og landslag på ønskelista Opprykk står på ønskjelista til damene i Førde Handballag og trenar Kristinn Gudmunsson. Samtidig har Marit Ova Bøyum (19) og Emilie Myklebust Sande (17) ønske om å kome på landslaget. Av Nathalie Foss Kristinn Gudmunsson er trenar for Førde handball damelag, med 18 spelarar. Dei trenar 4-5 gonger handball i veka og 1-2 gonger styrke i tillegg til kampar på søndagar. Han trener også jenter 12 til 14 år to ganger i veka, og er derfor 100% handballtrenar. Spelarane på damelaget til Førde trener hardt og innsatsen deira er på topp. – Treningskulturen her i Førde er god og følgjer opp ambisjonar godt. Dei har satsa på opprykk før og satsar fortsatt på det, for å komme opp må dei vinne 2. divisjon region Vest. Dei må og
vere eit av tre lag som kjem seg gjennom seks lagkvalifiseringar, så det er ein tøff jobb for spelarane. – Vi er veldig fornøgde med laget vi har i dag og kjem til å satse
på å ha det slik. Gjennom sesongen ynskjer vi at alle spelarane skal få spele. I fjor mista vi ein spelar og måtte ta inn igjen ein, men laget er mykje likt som i fjor. Til
saman har vi spelt fem kampar og vunne fire av dei. Damelaget i Førde samarbeider med Puls og ein personleg trenar, som legg planar om fysiske treningar.
Satsar på landslagsdraumen på kvar sitt lag Marit Ova Bøyum frå Jølster og Emilie Myklebust Sande frå Førde satsar begge hardt på handballen. Begge vil på landslaget. Marit Ova Bøyum spelar handball på Førde damelag, og trener som regel 6 eller 7 økter kvar veke. Ho spelar for det meste venstre back, men det hender at ho speler venstre kant og høgre back. Trente i pausene Allereie når ho var mindre var ho interessert i handball, der ho såg på kampane som gjekk på TV. - Når det var pause mellom kampane, lagde eg og søstera mi vår eiga bane nede i kjellaren og spelte mot kvarandre. I tillegg ville mamma at vi skulle spele handball sidan ho spelte sjølv då ho var yngre og syns det hadde vert stas om vi gjorde det same. Marit Ova Bøyum har spelt handball heilt sidan 11 eller 12 års alderen. Målet hennar er å
Marit Ova Bøyum (Foto privat)
Emilie Myklebust Sande. (Foto privat)
kunne spele i den øverste divisjonen og kanskje til og med på landslaget. Vegen til dette er både tung og lang, seier ho. Og ho må derfor jobbe ekstremt hard dersom ho ynskjer å nå så langt. I tillegg til treningane får alle som trenar på Førde Damelag
trene på Puls Treningssenter. Der lagar ein personleg trenar eit treningsprogram spesifisert til handball som alle på laget skal følgje. Starta som niåring Emilie Myklebust Sande spelar
også handball, men spelar på 3.divisjonslaget til Dale. Ho trenar kunn ein gong i veka med dei, mens ho med trenar tre gonger med Førde sitt 2.divisjonslag. For det meste spelar ho høgre back, nokre gongar spelar ho venstre back eller midt. Emilie byrja allereie som niåring å spele handball, men var med storesøstera på fleire av handballtreningane tidlegare og vart fort interessert i sporten. Når ho var liten var alltid draumen å kome på landslaget. Ho er ikkje sikker på kvar ho kjem til å ende opp, men jobbar for å bli så god som mogleg. På treningar og kampar får ho tilbakemeldingar som ho tar til seg og øver på å verte betre på. På Puls Treningssenter har ho også eit program ho skal følgje, denne treninga skal styrke muskelgruppene ein brukar når ein speler handball. Ho trener ekstra mykje kne og bein på grunn av ein skade i kneet.
SIDE 24
NOVEMBER 2015
Tråkkar til det stoppar
Sykling ved Kaupanger. (Foto: Stian Lie) 21-åringane Stian Lie og Johannes Lund, har ei interesse litt utanom det vanlege. Dei syklar i fjellet der folk flest har nok med å gå.
de same interessa, og fritida blei brukt på sykkelsetet. – Terrenget er litt meir utfordrande i Kaupanger enn i Drammen, fortel han.
Av Karina Skinlo
Spesiell interesse – Det som er så spesielt med sti-sykling er at du styre farta sjølv, og at teknikken må vere god fpr å få fin flyt nedover bakkane. Du får eit skikkelig adrenalinkick når du setter utfor, og testar grensene dine, seier Johannes Lund. – Du får ein heilt ubeskriveleg meistringsfølelse, slenger Stian på. Du er også heile tida ute, og opplever den fine naturen som er rundt. Det blir aldri det same kvar dag, du utviklar deg kvar dag. Du kan sykle i skianlegg, grusstiar, fjellet og på vanlege vegar. Terrenget er variert, og du går aldri lei.
Gutane studerer ved høgskulen i Sogndal, og møttest gjennom felles venner og sykkelturar saman med andre. Etter kvart utvikla dei ei svært energisk og aktiv sykkelgruppe. Interessa henta i ung alder Johannes har alltid hatt stor interesse for syklar. Etter kvart som han blei eldre, tok faren han med ut for å sykle på sti på Kaupanger med vanlege syklar, og fekk eigen sti-sykkel etter ei stund, noko som førte til auka interesse. Stian kombinerte ski og sykling, då han var aktiv med langrenn. Han byrja å like seg på stiane, bygging av eigen sykkel auka interessa. Når han flytta til Sogndal, var det fleire som had-
Tidsbruk – Det blir aldri for mykje tid på sykling, synest Stian Lie. Det variera frå kvar veke på kor mykje
tid dei kan bruke på interessa dei har ilag, men mellom 10-14 timar i veka er dei sikre på. – Skulen må også prioriterast av og til, fortel Johannes. Målet er at dei skal halde på med sti-sykling til kroppen seier stopp, og håpar at gjengen heng ilag også etter dei er ferdig å studere i Sogndal. Dyr hobby Å drive med sti-sykling som student er krevande. Du treng plass, pengar og mykje utstyr. –Vi er veldig heldige som har bilar til å komme oss dit vi vil og ein plass der vi kan oppbevare syklane, seier Stian. På ca. eit år brukar du kanskje 60 000 kr. Skal du ha ein skikkeleg sykkel må du minst legge ut 15 000 kr. Ekstra utstyr som hjelm, beskyttelse og klede kostar også. – Det er ein fordel å kunne skru på syklane sjølv, då delar på syklane som fort kan få seg ein bøy og bli øydelagde, slår begge gutane fast.
«Fjordtråkkers» Gutane har oppretta ei Facebook side og Instagram konto, der fleire kjente følger dei. – Vi sat å prata mykje om det, og snakka om andre sykkelgrupper som har gjort det og fått det til. Ein dag bestemte vi oss for at vi og skulle prøve det ut, og vi lykkast, seier Stian og smilar stort. Det er veldig kjekt å sjå at det er så mange som følgjer oss, og kor fort det gjekk ut til heile verda. Gutane vil prøve seg i konkurransar til sommaren, og derfor er det kjekt å ha eit namn som representerer gruppa. Johannes deltok i konkurranse i sommar, og blei nr. 13 blant 100-150 påmelde. Dei har skapt namnet «Fjordtråkkers» fordi dei tråkka heile tida, og dei har fjorden framfor seg. Følg gutane på Instagram og Facebook, Fjordtråkkers.