PROGRAM APRIL – MAI – JUNI 2016
Program
Militærmusikken på Karl Johan Konsert med Oslo Brigademusikk
Historia til den norske militærmusikken kan sporast tilbake til sagatida, gjennom mellomalderen og fram til korpsa i våre dagar. På byrjinga av 1900-talet kunne ein ofte APR. høyre militærmusikk frå musikkpaviljongen på Karl Johan der borgarskapet promenerte i det yrande folkelivet. Oslo Brigademusikk kjem no til Nasjonalbiblioteket for å spele nokre av dei mest sentrale verka frå glansdagane til militærmusikken, som «Jubilæums Festmarch» og «Kongen av Preussen» av Oscar Borg. Dirigent og kåsør Jan Eriksen fortel om musikken som prega Karl Johans gate i 1916. LAURDAG
2.
zzkl. 14.00
Biografi som tragedie Mona Ringvej om Christian Frederik
I biografien Christian Frederiks tapte rike skriver historiker Mona Ringvej om Christian Frederik og hans dramatiske vei til den norske kronen i 1814. Hans iscenesettelse av seg selv, APR. det raske fallet og glemselen som fulgte, har umiskjennelige likhetstrekk med en gresk tragedie. Men kan man som biograf sette virkeligheten inn i litterære sjangerkrav? Eller står man da i fare for at det går ut over troverdighet og objektivitet? Foredraget kommenteres av historiker Erling Sandmo. TIRSDAG
5.
zzkl. 18.00
UTSNITT AV HAUGIANERNE AV ADOLPH TIDEMAND (1848). FOTO: NASJONALGALLERIET
Nasjonalbiblioteket
Det gløymde opprøret
Trygve Riiser Gundersen om haugianarane Bondesonen Hans Nielsen Hauge frå Tune i Østfold skapte ei unik folkeleg rørsle i åra kring 1800. Rørsla til Hauge vekte undring i bondesamfunnet og uro hjå styresmaktene – APR. og til slutt blei ho slått hardt ned på. Trygve Riiser Gundersen gjev oss eit riss av særtrekka til denne vekkinga og plasserer den tidlege haugianismen inn i ei større historie om offentleg liv, kommunikasjon og politisk og religiøs kultur i det tidlegmoderne DanmarkNoreg. Riiser Gundersen er litteraturvitar og forlagsredaktør. Han arbeider for tida med ei bok om haugerørsla. ONSDAG
6.
zzkl. 13.00—15.00
FOTO: NASJONALBIBLIOTEKET
Program
Blikket på kvinna
Mette Tronvoll, Janneken Øverland og Karin Haugen MÅNDAG
11. APR.
Hulda Garborg, melankolsk og tenkande ved skrivebordet. Cora Sandel – eller er det Sara Fabricius? – med blikket rett mot kamera. Korleis har biletet av kvinna, og den kvinnelege forfattaren, endra seg gjennom
tida? Fotograf og statsstipendiat Mette Tronvoll er internasjonalt anerkjend for fotografia sine og har utforska den moderne iscenesetjinga av kvinner gjennom portrett av dronning Sonja og kvinnelege professorar. Litteraturhistorikar Janneken Øverland har mellom anna vore medredaktør for Norsk kvinnelitteraturhistorie, og no snakkar dei med Karin Haugen om fotografihistoria sitt blikk på kvinna, og kvinna sitt blikk i fotografiet. Utstilling 8.3–21.5: IMAGE. Norske forfattarportrett, frå koparstikk til silverprints. zzkl. 19.00
Nasjonalbiblioteket
På innsida ONSDAG
Omvising i Nasjonalbiblioteket
13.
Lurar du på kva som skjuler seg bak veggane i Nasjonalbiblioteket? Mellom freskar av Emanuel Vigeland og Per Krohg APR. kan ein finne skattar som Sørpol-brevet frå Roald Amundsen, originale Hamsun-manuskript og identitetskort for statslause flyktningar, såkalla Nansenpass, i tillegg til mengder av fotografi, film, musikk, private brev og kart. Frå 8. mars til 21. mai kan du sjå norske forfattarportrett frå samlinga til Nasjonalbiblioteket og nye fotografi av Morten Krogvold i utstillinga IMAGE. Arthur Tennøe syner fram utstillinga etter den ordinære omvisinga. zzkl. 14.00
Den edle ville
Med Knut Nærum i arkivet Hjortefot, Mowgli og McCloud. De hører alle til i villmarken og er mer rettsskafne enn oss «såkalt» siviliserte mennesker med vår rettsstat og fisefine bordskikk. Vi liker de ville APR. bedre enn vi liker oss selv, påstår Knut Nærum i dette foredraget. Og så Sølvpilen, da. Den eneste gangen en så dårlig tegneserie har vært så populær. I en serie foredrag kåserer, funderer, spør og viser Nærum hva han har funnet i Nasjonalbibliotekets kjeller. Mimring garantert. Usammenhengende rør kan forekomme. TORSDAG
14.
FOTO: FREDRIK ARFF
zzkl. 19.00
Program
Meisterstykke
Open workshop og konsert Å vere klassisk komponist er eit spesielt yrke. Dei færraste får gjennombrotet sitt før etter sin død. Og når ein heile tida må konkurrere med døde kollegaer om merksemda, kan APR. det vere lett å gløyme at nokre komponistar faktisk lever – her og no, i beste velgåande, og skriv musikk for i dag og for framtida. I «Meisterstykke» får du treffe samtidskomponistar, med Wolfgang Plagge i spissen, som har arbeidd saman med unge utøvarar for å skape ny musikk. Arr.: Barratt Due Musikkinstitutt og Nasjonalbiblioteket LAURDAG
16.
zzOpen workshop frå kl. 12.00. Konsert kl. 14.00.
Filmen i folkeopplysinga si teneste: tradisjonar Thure Erik Lund og Trond Lundemo
Mellom 1950 og 1990 produserte Statens filmsentral nær 200 filmar i serien «Gamle kulturminner» under fyndordet «Jo lenger attende i tid, jo meir interessant!». Ein skulle APR. kartleggje det moderne Noreg samtidig som ein tok vare på handverk og tradisjonar frå det 19. hundreåret, som bunadssying, folkedans, båtbygging og reinfangst. Eit arkiv over det tapte og på same tid rettleiingar for urbane menneske som ikkje lenger kan yste ost eller brenne tjøre. Forfattar Thure Erik Lund er ikkje ukjend med gamalt handverk eller kulturminne. Han møter filmvitar Trond Lundemo til ein samtale leidd av Maria Fosheim Lund, og vi viser utvalde filmar frå sentralarkivet. TYSDAG
19.
zzkl. 19.00
Nasjonalbiblioteket
«GUDS egen GAVE»
Seminar om Dorothe Engelbretsdatter Dorothe Engelbretsdatter (1634–1716) var en av de mest populære dikterne i sin tid. Mot slutten av 1600-tallet utga hun sine to hovedverk Siælens Sang-Offer, med religiøse APR. tekster til kjente melodier, og Andægtige Taare-Offer for Bodferdige Syndere. Hennes sanselige barokke stil kombinerte retorisk kompleksitet med folkelig appell og gjorde henne til en foregangskvinne for god diktning på morsmålet. I år er det 300 år siden Engelbretsdatter døde. Professor emeritus Erik A. Nielsen (KU), litteraturprofessor Anne Birgitte Rønning og førsteamanuensis Jørgen Sejersted setter henne inn i salmehistorien og samtidens lærde og litterære univers. ONSDAG
20.
zzkl. 13.00–15.00
Program
Brahms-maraton Klaverkonsert
Den tyske komponisten Johannes Brahms blir rekna som den viktigaste europeiske komponisten i andre halvdel av 1800-talet. Dei klassiske formene og tradisjonane står sterkt i APR. verka hans, som òg viser ein djupt personleg kunstnar som formidlar sterke kjensler. No blir alle klaververka til Brahms spela på ein og same dag. Håvard Gimse tek med seg tidlegare og noverande klaverstudentar og held ein sju timar lang maratonkonsert. Professor Dag Østerberg leier publikum gjennom ei heilt spesiell musikalsk oppleving. FREDAG
22.
zzkl. 13.00
ILLUSTRASJON: ENCYCLOPÉDIE (1772) CHARLES-NICOLAS
Nasjonalbiblioteket
Klangen av opplysning
Erling Sandmo, Mona Ringvej og Eysten Sandvik «Opplysningstid» er ikke en periode i den tradisjonelle musikkhistorien: Opplysningen har vært en del av filosofiens, politikkens og kunnskapens historie. Men 1700-tallets APR. publikum, komponister og kritikere så på musikken som en helt selvsagt del av det opplyste livet. Så hva var forholdet mellom musikk og opplysning? Hva kan vi lære av å se på musikken som et samfunnsfenomen – og av å se på følelsene, smaken og nytelsen som deler også av fornuftens historie? Møt historiker og forfatter Mona Ringvej og journalist og musikkhistoriker Eystein Sandvik i samtale med historiker Erling Sandmo. LØRDAG
23.
zzkl. 14.00
Program
Med kvensk i kofferten Ingeborg Arvola og Jakob Arvola
Barndom i ei kvensk bygd i Aust-Finnmark. Menneske som flyktar frå seg sjølve. Ingeborg Arvola og Jakob Arvola skriv om livet, skilsettande augneblinkar, minne. APR. Forteljingane til forfattar og journalist Jakob Arvola i Det går ikke over strekkjer seg frå 1914 og hundre år fram i tid. Ingeborg Arvola tematiserer også oppvekst og bakgrunn, som i romanen Neiden 1970 frå i fjor. På dagen 11 år etter at kvensk blei anerkjent som eige språk i Noreg, møtest dei to forfattarane på Nasjonalbiblioteket. Har røter og bakgrunn prega arbeidet deira? Og kva for rolle har kvensk språk og kultur i litteraturen deira? Arr.: Språkrådet og Nasjonalbiblioteket TYSDAG
26.
zzkl. 18.00
Fra flyktning til borger
Integrering 2.0. Flerkulturelt bibliotekmøte Hva er bibliotekets rolle i integreringen av flyktninger? Del erfaringer og få ny kunnskap på årets første flerkulturelle bibliotekmøte. Med avdelingssjef for Det flerspråklige APR. bibliotek, Siri Tidemann-Andersen, Beret Bråten (Fafo), politiker Abdullah Alsabeehg, sjef for det Internationella biblioteket i Sverige Margaretha Lindh, Anette Gordner Guldahl (Nav Integrering), Islam Abou Hassan, Nisrin Maktabi Barkouki og Oddbjørn Hansen (DFB), Hilde Ljødal (Nasjonalbiblioteket), biblioteksjef på Nesodden Mette Rysjedal og musikk ved Aziz Kaisar. Arr.: Det flerspråklige bibliotek og Nasjonalbiblioteket TORSDAG
28.
zzkl. 10.00–15.30
Nasjonalbiblioteket
Resirkulert folkemusikk Maja Ratkje og Kari Slaatsveen
Kva skjer når ein samtidsmusikar dykkar ned i det norske folkemusikkarkivet? Det er kanskje ikkje tradisjonsmusikk og rotnorske tonar ein fyrst tenkjer på når ein høyrer APR. verka til komponist Maja Ratkje. Med elektroniske musikkinstrument og eiga stemme har ho spela over heile verda, både som soloartist og med kunstinstallasjonar i grupper som SPUNK. No møter Ratkje programleiar Kari Slaatsveen og forskingsbibliotekar Hans-Hinrich Thedens til samtale om kva ho fann i Nasjonalbiblioteket sitt folkemusikkarkiv, før ho viser kva som kan skje når samtida møter fortida. Arrangementet er ein del av konsertserien Støv og stjerner. FREDAG
29.
FOTO: JULIA MARIE NAGLESTAD
zzkl. 19.00
Program
I Wergelands bilde
IMAGE. Norske forfatterportretter En sommerfugl i det åpne vinduet. Forfatteren lener seg mot vinduskarmen. I hånden holder han et stykke papir. En forfatter på hest. Øynene er lukket, APR. ansiktet vendt opp. Portrettet er basert på Henrik Wergelands dødsmaske. Hva kan de små detaljene i et forfatterportrett fortelle oss om forfatteren, teksten og tiden? Arthur Tennøe er kurator for utstillingen IMAGE. Norske forfatterportretter, fra kobberstikk til silverprints. Nå nærleser han portrett av Wergeland, før han gir omvisning i utstillingen. LØRDAG
30.
zzkl. 13.00. Omvisning kl. 14.00
Utstilling 8. mars–21. mai
Norske forfatterportretter, fra kobberstikk til silverprints + Morten Krogvold PROGRAM TORSDAG 31. MARS KL. 17 Omvisning ved Morten Krogvold og Arthur Tennøe MANDAG 11. APRIL KL. 19 Kvinner i portrettkunst Mette Tronvoll, Janneken Øverland og Karin Haugen LØRDAG 16. APRIL KL. 13 Omvisning ved Morten Krogvold og Arthur Tennøe ONSDAG 20. APRIL KL. 13 «GUDS egen GAVE» Seminar om Dorothe Engelbretsdotter LØRDAG 30. APRIL KL. 13 I Wergelands bilde Foredrag og omvisning ved Arthur Tennøe MANDAG 9. MAI KL. 14 Synskultur før og nå Seminar om bilder som kilder til fortiden LØRDAG 21. MAI KL. 13 Omvisning ved Morten Krogvold og Arthur Tennøe
Program
Kjærleik og død
Ingar Sletten Kolloen, Marit Eikemo og Ruth Lillegraven «Var eg ein Gud, / ville eg skapa / kjærleik og død, / berre kjærleik og død.» Med fast rytme, korte verselinjer og store tema skreiv – og levde – forfattaren og journalisten MAI Tor Jonsson (1916-1951). Han tok sitt eige liv berre 34 år gamal, men arbeidet hans set framleis spor. Jonsson hadde ei klår kjensle av rettferd, og viste sterkt sjølvstende i meiningane sine om samfunnet. Ingar Sletten Kolloen blei Bragepris-nominert for biografien Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller. Han kjem til Nasjonalbiblioteket saman med forfattar Marit Eikemo og Ruth Lillegraven for å markere 100-årsjubileet til Tor Jonsson. MÅNDAG
2.
zzkl. 19.00
Velkommen til ditt nærmeste bibliotek!
Hundretusener av bøker på mobilen Nasjonalbiblioteket digitaliserer alle bøker som er publisert i Norge. På mobilen kan du lese alt som er gitt ut frem til og med år 2000. Du finner dem på bokhylla.no
Program
I skuggen av 1814
Marthe Hommerstad om Christian Falsen Etter 1814 skulle ein ny stat finne si form, og sin plass i ein union med svensk konge. Åra førte med seg både moglegheiter og vonbrot. Ei av dei viktigaste drivkreftene i kampen MAI om sjølvstende hadde vore Christian Magnus Falsen. Utan han ville noregshistoria sett annleis ut. Men berre seksten år etter grunnlovsåret var det gode namnet og ryktet hans snudd fullstendig på hovudet. Kva skjedde? Historikar Marte Hommerstad gav i fjor ut biografien Stridmannen om Falsen og livet hans i ei av dei største brytingstidene i verdshistoria. TYSDAG
3.
zzkl. 13.00—15.00
Nasjonalbiblioteket
Filmen i folkeopplysinga si teneste: modernitet Bent Hamer og Erlend Loe
«Vi lever i en periode hvor utviklingen går raskere enn noensinne, og skal det alminnelige mennesket ha chanse til å følge, må det i stor grad skje gjennom film», sa Jon Mathisen MAI ved Statens filmsentral i 1958. Sentralen tok samfunnsoppdraget sitt på alvor og produserte filmar som rettleidde folk i det moderne livet: gode råd om nye yrkesmoglegheiter, bustadinnreiing, korrekt kroppshaldning og barneoppdraging. Filmregissør Bent Hamer og forfattar Erlend Loe har begge undra seg over korleis gjennomsnittsmennesket kan takle den urbane kvardagen. No møtest dei til samtale leidd av Eirik Frisvold Hanssen, og vi viser utvalde filmar frå sentralarkivet. ONSDAG
4.
zzkl. 19.00
Program
Musikk i kamp
Erling Sandmo, Sigurd Sandmo og Astrid Kvalbein 1930- og 40-årene var ideologiske brytningstider også i musikklivet. Den musikken nazistene foraktet og forfulgte, «entartete» eller degenerert musikk, har fått MAI ny oppmerksomhet de siste årene. Musikken som stilte seg på den andre siden, har derimot vært omgitt av taushet. Musikkhistoriker og sanger Astrid Kvalbein, direktør for komponisthjemmene i Bergen, Sigurd Sandmo og historiker Erling Sandmo tar for seg to komponister: Pauline Hall og Signe Lund. Hall representer det moderne, kritiske og progressive, mens Lund sto for nasjonalisme og uttalt sympati for nazismen. Hva forteller deres historier om forholdet mellom politikk og musikk, om kunst og ideologi – og om kjønn og krig? LØRDAG
7.
zzkl. 14.00
Synskultur før og nå Maria Husabø Oen og Thale Sørlie
Kan bilder oppfattes med andre sanser enn synet? På hvilke måter bidrar erfaringer og minner til å tolke bilder? Kunsthistoriker Maria Husabø Oen forsker på portretter av MAI kvinnelige helgener i senmiddelalderen, mens foto- og idehistoriker Thale Sørlie har jobbet mye med medieresepsjon av daguerreotypier på 1800-tallet. Nå ser de på hvordan bilder av enkeltpersoner og grupper har blitt sett, sanset og oppfattet til ulike tider. Seminarrekken «Bilder som kilder» belyser bilders potensial som kilde til nær og fjern fortid gjennom bruk av bl.a. fotografier, plakater, bokillustrasjoner og kart fra Nasjonalbibliotekets samling. MANDAG
9.
zzkl. 14.00—16.00
Nasjonalbiblioteket
På innsida
Omvising i Nasjonalbiblioteket Lurar du på kva som skjuler seg bak veggane i Nasjonalbiblioteket? Mellom freskar av Emanuel Vigeland og Per Krohg kan ein finne skattar som Sørpol-brevet frå Roald MAI Amundsen, originale Hamsun-manuskript og identitetskort for statslause flyktningar, såkalla Nansenpass, i tillegg til mengder av fotografi, film, musikk, private brev og kart. Frå 8. mars til 21. mai kan du sjå norske forfattarportrett frå samlinga til Nasjonalbiblioteket og nye fotografi av Morten Krogvold i utstillinga IMAGE. Arthur Tennøe syner fram utstillinga etter den ordinære omvisinga. ONSDAG
11.
zzkl. 14.00
Program
Norsk moro: fra vidd til humor Med Knut Nærum i arkivet
Noen husker Pyton og Norsk Mad, mens andre helst vil glemme. Allerede hundreogfemti år før dette forsøkte nordmenn, i påvente av Internett, å være artige på trykk. Knut Nærum MAI tar en kikk på norske vittighetsblader fra Krydseren – via Vikingen og KOnK – til Stupido, og hva de ville ha oss til å le av. I en serie foredrag denne våren kåserer, funderer, spør og viser Knut Nærum hva han har funnet i Nasjonalbibliotekets kjeller. Mimring garantert. Usammenhengende rør kan forekomme. TORSDAG
12.
FOTO: FREDRIK ARFF
zzkl. 19.00
Nasjonalbiblioteket
Opplysing, lesarar og det offentlege Trykkekulturen i Danmark-Noreg
Ved utgangen av 1700-talet var det etablert boktrykkeri i alle dei fire norske stiftsbyane, og eit nytt og mangfaldig offentleg rom utvikla seg. Metropolen København var likevel det MAI dominerande senteret for kultur og vitskap i tvillingriket Danmark-Noreg, og umogleg å kome utanom for alle som ville ha noko på trykk. I kva grad kan vi snakke om ein eigen norsk bokkultur på 1700-talet? Nasjonalbiblioteket arrangerer kvart år eit bokhistorisk seminar. Fullt program og påmelding på nb.no. TYSDAG
24.
zzkl. 09.30—15.30
Bokbindhistorie Workshop
Inneheld biblioteket ditt eldre bokbind? Er du interessert i å lære meir om bokbindhistorie? Bok- og papirkonservator Nina HesselbergWang og forskingsbibliotekar Anne Eidsfeldt MAI gjev ei innføring i materialkunnskap og stilhistorie, og viser korleis bøker blei bundne inn frå 1500-talet og fram til rundt 1800. Dei syner også fram ei rekkje eldre bokbind frå samlinga til Nasjonalbiblioteket. Workshopen er ein del av det årlege bokhistoriske seminaret på Nasjonalbiblioteket. Fullt program og påmelding på nb.no. ONSDAG
25.
zzkl. 09.30—12.30
Program
Emigrantviser
Lars Bremnes og Kari Slaatsveen Emigrantar forlèt det trygge og kjende og reiser inn i eit tilvære av uvisse. Med seg har dei eit håp om ein betre kvardag og om ein gong å kunne vende heim. MAI Europa er no midt i den største flyktningkrisa og folkevandringa nokon gong. Det er denne røyndomen visesongar Lars Bremnes har som bakteppe når han tek oss med på ei reise inn i emigrantvisene si verd og visearkivet til Nasjonalbiblioteket, i følgje med programleiar Kari Slaatsveen og forskingsbibliotekar Liv Kreken. Arrangementet er ein del av konsertserien Støv og stjerner. TORSDAG
26.
FOTO: MARTIN BREMNES
zzkl. 19.00
Nasjonalbiblioteket
Filmarkiv og opphavsrett Seminar
Filmarkiva har i dag tilgang på ulike digitale arenaer når dei skal formidle filmarven. For å sikre at dette blir gjort på beste vis, treng ein god kunnskap om opphavsrett og kva lova MAI seier om historisk filmmateriale. Seminaret presenterer prosjekt som viser aktuell utvikling på feltet, som fjernlån av filmar på tvers av landegrenser og EU-prosjektet FORWARD som gjer hittefilmar («orphan films») tilgjengelege på nettet. Med mellom andre Tom G. Eilertsen, Thomas Christensen (DFI), Christopher Natzén (KB), Patrik Sjöberg (Karlstad U.) og Irina Eidsvold Tøien (BI). MÅNDAG
30.
zzkl. 10.00–16.00
Eit forsvar for den avgrensa biografien Iselin Theien om C. J. Hambro
C.J. Hambro var ein mann av store dimensjonar. Den politiske gjerninga hans strekte seg frå Stortinget til Folkeforbundet i Genève, og gjennom dei mest dramatiske tiåra MAI av det 20. hundreåret. Biografien Fra krig til krig av Iselin Theien er eit forsøk på å finne essensen i gjerninga til Hambro. Men korleis kan ein avgrense ein biografi om ein av dei største statsmennene i moderne norsk historie? Føredraget til Theien blir kommentert av historikar Øyvind Tønnesson. TYSDAG
31.
zzkl. 18.00
PAINTING THE NIGHT UNREAL KONSERTPLAKATAR. MOTORPSYCHO. 1991 - 2016 ROCKHEIM GALLERI, TRONDHEIM 17. MARS - 30. APRIL 2016 NASJONALBIBLIOTEKET, OSLO 3. JUNI – 27. AUGUST 2016 POSTER DESIGNED AND PRINTED BY JELLE VAN GOSLIGA
PRINTED AT VERA, GRONINGEN, THE NETHERLANDS
PAINTING THE NIGHT UNREAL KONSERTPLAKATAR. MOTORPSYCHO. 1991 - 2016 ROCKHEIM GALLERI, TRONDHEIM 17. MARS - 30. APRIL 2016 NASJONALBIBLIOTEKET, OSLO 3. JUNI – 27. AUGUST 2016 POSTER DESIGNED AND PRINTED BY JELLE VAN GOSLIGA
PRINTED AT VERA, GRONINGEN, THE NETHERLANDS
Nasjonalbiblioteket
UTSTILLING: 3. JUNI–27. AUGUST 2016
PAINTING THE NIGHT UNREAL Konsertplakatar. Motorpsycho. 1991–2016
Mangfald er eit dekkjande stikkord i møte med både musikken og det visuelle uttrykket til Motorpsycho. Utstillinga Painting the Night Unreal syner eit utval av konsertplakatane deira frå dei siste 25 åra. Tekstleg kommuniserer plakatane det same: bandnamn, arrangør og dato. Likevel er dei høgst ulike. Her er kvinnelege figurar i art nouveau-stil, vikingar, astronautar, subkulturelle referansar, her er masker, vengjer, motorpsykotiske grønsaker og ikkje minst: eit vilt og vidt spekter av fargar. Å skape ein konsertplakat er å ta pulsen på tida og tendensane. Han eksisterer i grenseområdet mellom fri kunst og brukskunst, kultur og kommers, avantgarde og populærkultur. Alle utstilte plakatar høyrer til samlingane til Nasjonalbiblioteket og Rockheim.
Utan lyd
Ina Blom om rock og estetikk Trass i at rocken er ei eksepsjonelt visuell musikkform, har rock-kritikken framfor alt fokusert på lyd. Lyd er sjølve kunstforma – resten er eit meir eller mindre vesentleg JUN. supplement. Men innanfor samtidskunsten har det visuelle og atmosfæriske i rocken lenge vore gjenstand for intens merksemd. Ei lang rekkje arbeid peikar mot at rock-estetikken dreiar seg om ein kontinuerleg produksjon av nye former for sosialt liv, tett kopla til framveksten av nye medieteknologiar. Professor i kunsthistorie Ina Blom er forfattar av m.a. On The Style Site. Art, Sociality and Media Culture. FREDAG
3.
zzkl. 18.00
Program
Katekismesongane til svartebokpresten Barokk Boreal spelar Petter Dass
Katekismesongane til Petter Dass er den mest folkekjære viseboka gjennom alle tider. Kva var det med dei barokke visene som gjorde dei så populære blant folk i heile landet? JUN. Professor Jon Haarberg fortel om teologen og diktaren, før Barokk Boreal (Cathrine BothnerBy, Øyonn G. Myhren, Ulrik Gaston Larsen og Vegar Vårdal) spelar utvalde høgdepunkt frå norsk folke- og barokkmusikk frå arkivet til Nasjonalbiblioteket. LAURDAG
4.
zzkl. 14.00
Nasjonalbiblioteket
Ut i det fri
Arne Lie Christensen om den norske hyttekulturen Nordmenn har alltid flytta seg mellom by og land, mellom sommar- og vinterheim. Tidlegare var det arbeidet som tvang det fram, men på 1700-tallet fekk vi eit meir romantisk JUN. syn på det primitive livet på landet. No blei hytteliv assosiert med rekreasjon, og byfolk rømde til naturen under mottoet «ut i det fri». Hyttedraumen har endra seg sidan 1700-talet, men står framleis like sterkt. Kulturhistorikaren Arne Lie Christensen har skrive bok om opphavet til hytta, og no fortel han om denne særeigne norske tradisjonen. TYSDAG
7.
FOTO: NASJONALBIBLIOTEKET
zzkl. 13.00
Fra String Swing til Søndagsposten Robert Normann 100 år
Musikeren, komponisten og arrangøren Robert Normann var en av jazzgitarens store pionerer, og som husmusiker i NRK i 1950- og 60-årene var han sentral i formidlingen av norsk JUN. populærmusikk. I mange år var han også musikalsk ansvarlig ved Riksteatret. Sigmund Groven, Ingrid Olava, Jon Larsen, Birgitte Grimstad, Tove Karoline Knutsen og flere presenterer et knippe av Normanns komposisjoner innen så vel teatermusikk som jazz, viser og populærmusikk, og samtaler med Per Husby om musikerlegenden. ONSDAG
8.
zzkl. 19.00
Program
SOMMERUTSTILLING: 9. JUNI–10. SEPTEMBER
NORA Around the World
Henrik Ibsen var stolt over sin Nora, hovedpersonen i Et dukkehjem som tok farvel til konvensjonene og inntok verdenslitteraturen for alltid. Dramaet ble Ibsens store internasjonale gjennombrudd og er et av verdens mest spilte teaterstykker. I sommer stiller Nasjonalbiblioteket ut Ibsens originale manuskript samt teaterprogram, plakater og oversettelser fra alle kontinenter som viser stykkets sensasjonelle suksess og utforsker Noras kraft og innflytelse på verdens publikum. Et dukkehjem er oversatt til om lag 60 språk, og manuskriptet befinner seg på Unescos verdensarvliste. Nasjonalbiblioteket har verdens største Henrik Ibsensamling.
«Jeg tror, at jeg er først og fremst et menneske, jeg, ligesåvel som du.»
Nasjonalbiblioteket
Teater om det utenkelige Samina Peerzada og Ellen Horn
Nora forlater hjemmet, ekteskapet, mannen. En utenkelig handling på Ibsens tid, og flere internasjonale teatre nektet å sette opp Et dukkehjem. Siden den gang har stykket reist JUN. verden rundt, og har ofte blitt brukt i politisk kvinnekamp. Den pakistanske skuespilleren og filmskaperen Samina Peerzada spilte Nora i Karachi i 1992 og er en populær og kritikerrost feministisk stemme i hjemlandet. Nå møter hun tidligere teatersjef og skuespiller Ellen Horn til samtale om hva Nora har betydd for kvinneroller både på og av scenen – i Pakistan, i Norge og i verden. Arrangementet foregår på engelsk. TORSDAG
9.
FOTO: MICHAEL SMITH
zzkl. 19.00
Nora i det 21. århundre Foredrag ved Julie Holledge
Hvordan tolkes Noras valg på Cuba? Eller i Kina, Italia, Malawi? Australske professor emerita Julie Holledge har skrevet om samtidsproduksjoner av Et dukkehjem på SEPT. fem kontinenter i den UiO-baserte utgivelsen A Global Doll’s House som lanseres i høst, og kommer til Nasjonalbiblioteket for å gi oss et innblikk i den internasjonale Ibsen-forskningen. Foredraget holdes på engelsk. TORSDAG
8.
zzkl. 18.00 (Merk dato i september)
FOTO: NIKOLAJ BLEGVAD
Program
På innsida
Omvising i Nasjonalbiblioteket Lurar du på kva som skjuler seg bak veggane i Nasjonalbiblioteket? Mellom freskar av Emanuel Vigeland og Per Krohg kan ein finne skattar som Sørpol-brevet frå Roald JUN. Amundsen, originale Hamsun-manuskript og identitetskort for statslause flyktningar, såkalla Nansenpass, i tillegg til mengder av fotografi, film, musikk, private brev og kart. I sommarutstillinga Nora – Around the World kan ein sjå det originale manuskriptet til Et dukkehjem av Henrik Ibsen, i tillegg til teaterprogram og plakatar frå oppsetjingar på alle kontinenta i verda. Forskingsbibliotekar Benedikte Berntzen syner fram utstillinga etter den ordinære omvisinga. ONSDAG
15.
zzkl. 14.00
Spesiallesesalen Spesiallesesalen hjelper deg gjerne om det er noko du ønskjer å sjå frå samlinga til Nasjonalbiblioteket. Jamleg viser vi fram eit lite utval skattar i montrar på lesesalen og gjev deg ein smakebit på kva som finst i arkiva. 1.–10. APRIL: Kostymeskisser 11.–24. APRIL: Forfattarportrett av avisteiknaren Pedro 25. APRIL–8. MAI: Språkrelatert materiale 9.–21. MAI: 17.mai-program 21. MAI–5. JUNI: Materiale etter zoolog Marit Christiansen 6.–15. JUNI: Sommarpostkort 15.–27. JUNI: Sommar i småtrykk 27. JUNI–7. AUGUST: Utklippsalbuma til Alma og Johan Fahlstrøm
FOTO: NIKOLAJ BLEGVAD
Ta kontakt på spesiallesesalen@nb.no om det er noko spesielt du ønskjer å sjå.
FOTO: NASJONALBIBLIOTEKET
Program
Vigdis Hjorth leser Herman Wildenvey Fortidens folkelesning
Herman Wildenvey oppnådde en enorm popularitet med sine rebelske, slentrende dikt og var en bestselger helt fra debuten Nyinger i 1907. Det wildenveyske dikt brakte JUN. en ny muntlighet inn i den norske poesien og hadde et bredt nedslagsfelt: når «sommerskalden» holdt foredrag og opplesninger, kunne allmuen, kritikere og kong Haakon sitte i salen. Wildenvey hadde også en grublende side som han aldri lyktes med å formidle. Tidvis følte han seg misforstått og bitter. Nå har Vigdis Hjorth lest Wildenvey. Hvordan ser hun i hans poesi i dag, når han ikke lenger leses av verken konge eller folk? Gjennom bokutgivelser og foredrag de kommende årene aktualiserer Nasjonalbiblioteket forfatterskap som var viktige i sin samtid, men ikke lenger er en del av vår felles hukommelse. LØRDAG
18.
zzkl. 14.00
Nasjonalbiblioteket
«Fortidens folkelesning» finnes også som bokutgivelser.
49,på nb.no
«Det er selve hakesleppenes hall» – Torgrim Eggen
Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana tek imot, registrerer, digitaliserer og tek vare på det nasjonale minnet. Hit kjem alt som blir publisert i Noreg. Depotbiblioteket med meir enn ein million bøker ligg óg her. I store magasin inne i fjellet blir bøker, aviser, film, musikk, foto og kringkastingsmateriale lagra. Om lag femti hyllekilometer og millionvis av digitale megabyte blir teke vare på for
«Jeg har sett fortiden bli født!»
framtida, og samlinga veks kvar dag. Nasjonalbiblioteket formidlar høgdepunkt frå samlinga med arrangement for publikum også i Mo i Rana. Med jamne mellomrom viser vi filmar frå norsk filmarv og arrangerer føredrag og samtalar med forfattarar og forskarar. Følg med på nb.no for å lese meir og sjå program.
FOTO: JAN INGE LARSEN
– Vigdis Hjorth
ALLE ARRANGEMENTER ER GRATIS For mer informasjon, se våre nettsider nb.no
T TEKE IBLIO
OLF KK R
EN
S OTTE
• TRY
ALB
SJON N: NA
DESIG
Henrik Ibsensgate 110 på Solli plass i Oslo Telefon: 810 013 00 • nb.no