Program på Nasjonalbiblioteket august, september og oktober 2016

Page 1

PROGRAM AUG. – SEP. – OKT. 2016


Hjelp oss å gjøre nettsidene bedre Nasjonalbiblioteket arbeider med nye nettsider som kommer på lufta i oktober. Utover høsten trenger vi brukere som kan testkjøre de nye sidene og fortelle oss hva som er bra og hva som er dårlig, slik at vi kan lage enda bedre tjenester. Hvis du vil være testpilot for nye nb.no, kan du sende en e-post med navn, alder og yrke til testbruker@nb.no. Vi tar kontakt med deg når betaversjonen er på lufta, og gir deg tilgang slik at du kan se de nye sidene før alle andre.


FOTO: MIMSY MØLLER

Nasjonalbiblioteket

Kunst og politikk

Marit Paasche om Hannah Ryggen Ein viktig motivasjon bak boka Hannah Ryggen. En fri av Marit Paasche var å skildre korleis Ryggen handterte tilhøvet mellom liv, kunst og politikk. For Ryggen gjekk alt inn i ein AUG. større heilskap. Ho hadde urokkeleg tillit til at kunstverket og kunsten kunne spele ei rolle som ytring – ein kontrast til korleis vi i dag ser på desse områda som skilde arenaer og problematiserer det politiske i kunsten. I dette føredraget fortel Paasche om korleis det å skrive om kunstnarskapet til Ryggen utfordra henne på samanhengane mellom levd liv og kunst, og mellom kunst og samfunn. Føredraget blir kommentert av Arnhild Skre. Arr.: Norsk biografisk selskap og Nasjonalbiblioteket TYSDAG

23.

zzkl. 18.00


Program

Maskinmusikk I slutten av 1950-åra byrja norske komponistar å utforske nye måtar å komponere på. Dei henta inspirasjon frå den teknologiske utviklinga i Europa, særleg Frankrike og Tyskland, og brukte NRK-studioet til å skape den fyrste norske elektroniske musikken. Musikk som er laga med maskiner, blei den gongen sett på som ei framand musikkform med ei marginal framtid. I dag er elektroniske element ein naturleg del av dei fleste musikkuttrykk. Eit mangfald av uttrykk har vakse fram, frå Arne Nordheims Solitaire til tropical house med Kygo. Norsk elektronika, EDM og støymusikk gjer det også bra utanfor landegrensene. Nasjonalbiblioteket ynskjer no å få fram historia til den elektroniske musikken i Noreg. Akustikk, teknologi, maskinmusikk, stemmebruk, lydkunst og elektronika med meir er tema når Jøran Rudi, Karin Krog, Per Martinsen (Mental Overdrive), Jana Winderen og fleire møtast til fire samtaler utover hausten.


Nasjonalbiblioteket

Akustikk og elektrisitet Livsvilkåra til musikken

Kva for metodar og verktøy blei brukte i den tidlege elektroniske musikken? Finn vi parallellar til korleis utøvarar på feltet arbeider i dag? Korleis har teknologien gjort ulike AUG. framføringsmåtar moglege, og kva har dette å seie for lyttaren? Jøran Rudi har jobba med dei fleste pionerane i norsk elektronisk musikk. Han samtalar med komponist og lydkunstnar Asbjørn Blokkum Flø og trompetist Hilde Marie Holsen, og gjev oss døme på ulike former for elektronisk musikk gjennom livemusikk og høgtalarar som er plasserte rundt i rommet. TYSDAG

30.

ILLUSTRASJON: ALEXDNDZ/SHUTTERSTOCK

zzkl. 19.00


Program

Prest, pedagog og politikar

Ingegerd Nome Frognes om Nicolai Wergeland Han kjempa for eit eige norsk universitet og var utsending til riksforsamlinga på Eidsvoll. Han var ein engasjert debattant, skarp kritikar, teatermann og forfattar. Ettermælet SEP. til Nicolai Wergeland (1780–1848) har likevel hamna i skuggen av dei meir kjende barna hans, Henrik Wergeland og Camilla Collett. Med boka Nicolai Wergeland – liv og utvalgte verk frå 2015 plasserer Ingegerd Nome Frognes livet og forfattarskapen til Wergeland i ein breiare kulturhistorisk kontekst. Føredraget blir kommentert av litteraturvitar Dagne Groven Myhren. TYSDAG

6.

zzkl. 13.00–15.00


Spesiallesesalen Spesiallesesalen hjelper deg gjerne om det er noko du ynskjer å sjå frå samlinga til Nasjonalbiblioteket. Jamleg viser vi fram eit lite utval skattar i montrar på lesesalen og gjev deg ein smakebit på kva som finst i arkiva. 8.–21.8: Bustadutstillingar. 22.–31.8: Gjenstandar frå Grini. 1.–11.9: Materiale etter H.P. L’Orange. 12.–25.9: Sjokoladereklame gjennom tidene. 26.9–9.10: Haustmateriale. 10.–16.10: Bokillustrasjonar av Fam Ekman. 17.–27.10: Visittkortportrett. GT. 28.10–13.11: Sam Eyde 150 år. Bilete frå arkivet. 14.–20.11: Noreg for 50 år sidan. 21.11–3.12: Barn/barnebrev/om barndom. 5.–14.12: Materiale frå Eldorado Teaters nyttårsrevy «Tutti Frutti», 1893. 15.12–2.1: Juleillustrasjon.

FOTO: NIKOLAJ BLEGVAD

Ta kontakt på spesiallesesalen@nb.no om det er noko spesielt du ønskjer å sjå.


Program

UTSTILLING 7. SEPTEMBER–15. OKTOBER

Speil, speil på veggen der Marta Breen og Camilla Stoltenberg

«Sprettrumpe på to uker!», «Slik får du glansfullt hår!» og et uendelig antall mer eller mindre sunne veier til et lengst mulig liv. Helseråd og skjønnhetstips kommer i en evig SEP. strøm fra aviser, reklame, ernæringseksperter og kompisgjengen. Camilla Stoltenberg er lege og direktør for Folkehelseinstituttet, og kan fortelle mye om nordmenns trimrutiner, snusbruk og matvaner. Forfatter Marta Breen har skrevet bøker om både helsevesenet og om hvordan skjønnhetsidealet stadig blir mer strømlinjeformet. Nå møter de Marte Spurkland, som i høst er aktuell med programmet Helsekontrollen på TV2, til samtale om vårt sammensatte forhold til den vakre og sunne kropppen. ONSDAG

7.

zzkl. 19.00

FOTO: FOLKEHELSEINSTITUTTET

FOTO: MORTEN BRUN

JAKTEN PÅ SKJØNNHET OG HELSE


Nasjonalbiblioteket

Fokus på kropp er ikke noe nytt. Til alle tider har det eksistert fantastiske kurer, råd og remedier for å bli vakker, sunn og lykkelig i en fei. I foajéutstillingen Jakten på skjønnhet og helse får du alle tiders skjønnhetstips – fra eldgamle helsebøker til gjensyn med klassikeren Trim for eldre, fra oldemors elektrobelte til åttitallets power-yoga.


Exhib

Program

UTSTILLING 9. JUN

Around the World

Around th

9 June — 10

Henrik Ibsens Et dukkehjem er eit av dei mest spelte teaterstykka i verda. Korleis blir Nora framstilt i ulike land? I høve Ibsenfestivalen er det daglege omvisingar i utstillinga ved fagansvarleg Benedikte Berntzen måndag 12.–fredag 16. september kl. 14.

Exhibition on th

Henrik Ibsen


bition

Nasjonalbiblioteket

NI–17. SEPTEMBER

Around the

h e Wo r l d

0 September Nora i det 21. hundreåret Føredrag med Julie Holledge

Korleis blir valet til Nora tolka på Cuba? Eller i Kina, Italia eller Malawi? Australske professor emerita Julie Holledge har skrive om samtidsproduksjonar av Et dukkehjem på SEP. fem kontinent i den UiO-baserte utgjevinga A Global Doll’s House, som blir lansert i haust. No kjem ho til Nasjonalbiblioteket for å gje oss eit innblikk i den internasjonale Ibsen-forskinga. Føredraget er på engelsk. TORSDAG

8.

zzkl. 18.00

he ground floor

Henrik Ib


Program

Filologi i framtida Nordisk seminar

Nordisk Nettverk for Edisjonsfilologar og Nasjonalbiblioteket inviterer til seminar om digital filologi, automatisert attkjenning av handskrift (OCR for manuskript) og XMLSEP. verktøy. Det blir føredrag ved Daniel Apollon (UiB) og Lars Johnsen (Språkbanken ved NB), Maria Kallio og Vili Haukkovaara frå Riksarkivet i Finland, som presenterer READ (Recognition and Enrichment of Archival Documents), og Leif Jöran Olsson (Språkbanken ved Göteborgs universitet), som fortel om XML-databasen og analyseverktøyet eXist. TYSDAG

13.

FOTO: KETIL BORN

zz kl. 12.00–16.30

På innsida

Omvising i Nasjonalbiblioteket Lurer du på kva som skjuler seg bak veggane i Nasjonalbiblioteket? Mellom freskar av Emanuel Vigeland og Per Krohg kan ein finne skattar som Sydpol-brevet frå Roald SEP. Amundsen, originale Hamsun-manuskript og identitetskort for statslause flyktningar, såkalla Nansenpass, i tillegg til mengder av fotografi, film, musikk, private brev og kart. ONSDAG

14.

zzkl. 14.00


FOTO: PER MANING

FOTO: PAAL AUDESTAD

FOTO: TLINDA NÆSFELDT

FOTO: TOVE BREISTEIN

FOTO: SPARTACUS FORLAG

Nasjonalbiblioteket

Å skrive sant om eit liv Biografi eller roman?

Kan romanen vere nærare sanninga enn den vitskaplege biografien? Kva er styrken når ein skriv strengt kjeldebasert, og kor langt kan biografen gå med frie, litterære grep? Kva SEP. slags val tek forfattarar som vekslar mellom skjønnlitteratur og sakprosa? I Storbritannia har Hillary Mantel fornya den biografiske sjangeren. Bør vi la oss inspirere? Thorvald Steen, Sigrun Slapgard, Tore Skeie, Edvard Hoem og Cecilie Enger kjem til Nasjonalbiblioteket for å diskutere tilhøvet mellom dikting og sanning. Ordstyrar er forskingsbibliotekar Marius Wulfsberg. Arr.: Norsk biografisk selskap TORSDAG

15.

zzkl. 12.00–15.30


Program

Den rosa songen

Eldar Vågan syng leilighetsviser

16. SEP.

Visste du at då kong Karl Johan døydde i 1844, komponerte Emma Dahl melodien til ei nyskriven vise av Henrik Wergeland på berre ein time? Eller at Petter Dass skreiv «Det hender seg ofte» som ei bryllaupsvise til gode vener i 1703? Leilighetsviser er meir enn naudrim på rosa papir, og i visearkivet til Nasjonalbiblioteket finn du haugevis av slike ført i pennen av kjende forfattarar og gamle tanter, skrivne til jubilé, firmafestar eller rakefisklag. Eldar Vågan syng som regel om livet ved Mjøsa saman med Vazelina Bilopphøggers. No framfører han leilighetsviser og samtalar med Kari Slaattsveen og forskingsbibliotekar Liv Kreken. zzkl. 18.00

FOTO: PRIVA T

FREDAG


Nasjonalbiblioteket

Hei hå, ra-ta-ta Historia om Dizzie Tunes

Dei starta som danseorkester heime i Skien i 1959 og spelte til slutt musikkrevyar for fulle hus heile 70-, 80- og 90-talet. Dizzie Tunes er forteljinga om ein norsk popsuksess. SEP. Historia deira er no samla i Nasjonalbiblioteket, takka vere bassist Svein-Helge Høgberg, som samla plakatar, bilete, billettar, brev og alt anna det var mogleg å ta vare på. No møtest Høgberg, Tor Erik Gunstrøm, Einar Idland og Øyvind Klingberg til samtale om dagane med Dizzie, som også er ei forteljing om norsk underhaldningsbransje gjennom førti år. FREDAG

16.

FOTO: NASJONALBIBLIOTEKET

zzkl. 19.30

Kjære lille Norge Utekino i Hydroparken

Kva skjer i eit teaterhus rett før teppet fell? Korleis er stemninga blant publikum og spenninga i garderoben? I filmen Kjære lille Norge gjev Dizzie Tunes, Arve Opsahl, Elsa SEP. Lystad og fleire oss ekte revystemning frå Chat Noir i 1972. Det er duka for fargerik kabaret og leikne musikalske innslag under open himmel på Solli plass. Kjære lille Norge (1983). Regi: Einar Schancke. 1 time 40 min. FREDAG

16.

zzkl. 21.00


Program

S

pråk viser kven vi er, og kvar vi kjem frå. Utviklinga av det norske språket er òg historia om Noreg. Korleis har historiske hendingar påverka språket vårt? Og kan måten vi skriv og snakkar på, endre samfunnet? I tre arrangement på Nasjonalbiblioteket i haust møtest ein språkforskar og ein historikar til samtale om samspelet mellom språk og historie. 22. september kjem Arne Torp og Jón Viðar Sigurðsson for å snakke om Noreg og Island i mellomalderen, 20. oktober fortel Agnete Nesse og Erling Sandmo om dansk og norsk i tida før og etter reformasjonen i 1536, medan Åse Wetås og Mona Ringvej 7. november ser på rolla språket spelte i nasjonsbygginga på 1800-talet og korleis språk kunne gje politisk og demokratisk makt.


Nasjonalbiblioteket

Ei soge om språk

Arne Torp og Jón Viðar Sigurðsson Noreg og Island stod i eit sterkt kulturfellesskap i mellomalderen. Nordmenn hadde teke med seg språk og skikkar då dei busette seg på øyane i vest rundt år 870, og handel SEP. med norske kjøpmenn var naudsynt for Island. Men då dei svarte skipa kom med pesten til Bjørgvin i 1349, tok dei tette banda slutt. Og når konge og verdsleg makt blei samla i Danmark nokre tiår etter, tok det ikkje lang tid før islendingar og nordmenn ikkje lenger forstod kvarandre. Kva skjedde med språket då kontakten blei broten? Historikar Jón Viðar Sigurðsson og språkforskar Arne Torp møtest til samtale om språk og samfunn i mellomalderen. TORSDAG

22.

zzkl. 19.00


Program

Kampen om arven etter Edvard Grieg

Seminar om krig, musikk og politikk Både Quisling-administrasjonen, det tyske propagandaapparatet og norsk motstandsrørsle brukte Grieg-jubileet i 1943 som eit politisk verktøy. Kjelder frå krigsåra SEP. som til no har vore ukjende, kastar no nytt lys over denne ideologiske kampen og gjer det mogleg å studere han meir systematisk. Professor Michael Custodis (Universität Münster) og Arnulf Mattes (UiB) presenterer prosjektet Nordic Music. Resistance, Persecution, Collaboration, and Reintegration in Norway’s Music Life 1930–60 – A Systematical Reconstruction. TYSDAG

27.

zzkl. 14.00


Velkommen til ditt nærmeste bibliotek!

Hundretusener av bøker på mobilen Nasjonalbiblioteket digitaliserer alle bøker som er publisert i Norge. På mobilen kan du lese alt som er gitt ut frem til og med år 2000. Du finner dem på bokhylla.no


Program

EDVARD MUNCH: SIGBJØRN OBSTFELDER II, 1896. LITOGRAFI. MUNCHMUSEET. FOTO © MUNCHMUSEET

UTSTILLING 30. SEPTEMBER–3. DESEMBER

Sansen for

det

moderne Sigbjørn Obstfelder 150 år Sigbjørn Obstfelders forfatterskap markerer modernismens inntog i norsk litteratur. For ham var «mennesket blitt en ny skapning», og i sin diktning skildrer han det på stadig nye måter. Utstillingen Sansen for det moderne setter hans tekster om ensomhet, reiser og storbyer inn i en større historisk sammenheng. Ved hjelp av et rikt utvalg brev, skrivehefter, aviser, bøker og fotografier forteller utstillingen Obstfelders biografi fra oppvekst i Stavanger til hans tidlige død i København. I sentrum står hans jakt på å gi det det myldrende moderne liv en litterær form. «Verden er ny for mig», skrev Obstfelder. Det er også grunnen til at han har betydd mye for senere forfattere. Hans opplevelse av å være et porøst jeg i en verden i forandring gjør ham til en av våre samtidige.


Nasjonalbiblioteket

FREDAG 30.9 KL. 18

Tonen fra Obstfelder JAN ERIK VOLD, CECILIE LØVEID og KAJA SCHJERVEN MOLLERIN LØRDAG 1.10 KL. 14

Obstfelders ører Foredrag og omvisning ved MARIUS WULFSBERG ONSDAG 12.10 KL. 15

Omvisning i utstillingen ved MARIUS WULFSBERG MANDAG 17.10 KL. 19

Fra asylet FINN SKÅRDERUD, ANNE HELENE GUDDAL og MARIUS WULFSBERG om litteratur og galskap LØRDAG 22.10 KL. 13

Filmvisning: Den evige Eva Innledning om Korset ved TROND HAUGEN. Omvisning kl. 12.30 i utstillingen ved MARIUS WULFSBERG TIRSDAG 8.11 KL. 19

Den nye verden TORE REM og KAJA SCHJERVEN MOLLERIN om Obstfelder, Hamsun og Amerika MANDAG 21.11 KL. 19

«Verden er en toneverden for mig» Konsert med NYNORSK MESSINGKVINTETT ONSDAG 30.11 KL. 19

LØRDAG 3.12 KL. 13

Omvisning i utstillingen ved MARIUS WULFSBERG

«Er jeg kvinne?» VIGDIS HJORTH, PER BUVIK og KAJA SCHJERVEN MOLLERIN om kvinnesak og kjønn hos Obstfelder


Tonen fra Obstfelder Cecilie Løveid og Jan Erik Vold

«Obstfelder er nummer én!» Poet og dramatiker Cecilie Løveid legger ikke skjul på sin begeistring for dikteren som ga henne tonen hun trengte for å skrive. Obstfelder har SEP. også en naturlig plass i Jan Erik Volds alltid motiverte formidling av norsk og internasjonal poesi, som i de helt unike tolkningene på jazzplata Obstfelder LIVE på Rebecca West. «Hvordan vet man om en skriver er poet? Når det synger i linjene,» skriver Vold om «dronning Løveid av Bergen» i sin siste bok Kánon/Kannon/Kanón. To nestorer i norsk poesi møter Kaja Schjerven Mollerin til samtale om et felles forbilde, og om hvordan Obstfelders tone synger i samtiden. FREDAG

30.

zzkl. 18.00

Obstfelders ører

Foredrag ved Marius Wulfsberg For de aller fleste er Sigbjørn Obstfelder mest kjent som øyets poet, men selv hevdet han at han arbeidet med alle sansene. Forskningsbibliotekar Marius Wulfsberg er OKTOBER. kurator for Nasjonalbibliotekets utstilling knyttet til Obstfelders 150-årsjubileum og tar oss med gjennom forfatterens omskiftelige liv og banebrytende diktning. Ved å se nærmere på samspillet mellom de ulike sansene i tekstene vil Wulfsberg kretse inn den særegne erfaringen av det moderne liv Obstfelder var en av de første til å gi et litterært uttrykk. Etter foredraget gir Wulfsberg en omvisning i utstillingen. LØRDAG

1.

zzkl. 14.00

FOTO: ULLA MONTAN

FOTO: SØREN BRUUN

Program


Nasjonalbiblioteket

1866-1900

Obstfelder 150 ĂĽr


Program

Utopi og klimakrise

Werner Christie Mathisen om Thomas Mores Utopia I år er det 500 år sidan Thomas Mores verk Utopia blei gjeve ut for fyrste gong. Med denne utgjevinga var utopisjangeren etablert. Verket er ein klassikar som i OKT. ettertid har inspirert og influert eit utal tenkjarar og forfattarar. Statsvitar og sosiolog Werner Christie Mathisen har forska på utopiar i mange år. No stiller han spørsmål om skildringa til More av det utopiske samfunnet har noko å lære oss om samfunnsorganisering og livsstil i lys av klimakrisa i vår tid. TYSDAG

4.

FOTO: NIKOLAJ BLEGVAD

zzkl. 13.00–15.00

På innsida

Omvising i Nasjonalbiblioteket og i utstillinga Sansen for det moderne Lurer du på kva som skjuler seg bak veggane i Nasjonalbiblioteket? Mellom freskar av Emanuel Vigeland og Per Krohg kan ein finne skattar som Sydpol-brevet frå Roald OKT. Amundsen, originale Hamsun-manuskript og identitetskort for statslause flyktningar, såkalla Nansenpass, i tillegg til mengder av fotografi, film, musikk, private brev og kart. Frå 30.9. til 3.12. kan du sjå utstillinga Sansen for det moderne. Sigbjørn Obstfelder 150 år. Kurator Marius Wulfsberg viser fram utstillinga etter den ordinære omvisinga. ONSDAG

12.

zzkl. 14.00. Omvising i utstillinga kl. 15.00


FOTO: ANNA JULIA GRANBERG

Nasjonalbiblioteket

«Piker, vin og sang»

Støv og stjerner med Hilde Louise Asbjørnsen Dei levde på kant med lover og reglar og fekk aldri noka gate eller nokon staseleg plass kalla opp etter seg. Dei kunne kanskje håpe på ei lita vise, der livet og levemåten deira blei OKT. skildra med nokolunde rettvise. Det er utskota i samfunnet det skal handle om denne kvelden, både fiktive og ekte. Hilde Louise Asbjørnsen er musikar, låtskrivar, skodespelar og kabaretartist, og gav i 2015 ut sitt tiande studioalbum Don’t Stay for Breakfast. No vier ho kvelden til viser om fyll, kriminalitet, prostitusjon og anna fanteri, i samspel med programleiar Kari Slaatsveen og forskingsbibliotekar Liv Kreken. Arrangementet er ein del av programserien Støv og stjerner. ONSDAG

12.

zzkl. 19.00


FOTO: ARTHUR SAND

Program

Den elektriske stemma

Karin Krog, Gyrid Kaldestad, Andreas Bergsland og Audun Vinger Skrik, song, sukk og kviskring. Stemma – eller opptak av menneskestemma – var eit viktig utgangspunkt for fleire komponistar i den tidlege elektroniske musikken, og er eit sentralt OKT. instrument også i dag. Stemma til Karin Krog blei brukt i fleire elektroakustiske verk frå 60-talet, og ho var sjølv tidleg ute med å eksperimentere med elektronikk. Ho møter songar Gyrid Nordal Kaldestad og musikkforskar Andreas Bergsland i ei samtale som blir leidd av Audun Vinger. Arrangementet er ein del av Nasjonalbiblioteket si arrangementsrekkje om norsk elektronisk musikkhistorie. TORSDAG

13.

zzkl. 19.00

Veien til et verksregister Seminar

Hvilke verk har Hamsun skrevet? Et enkelt søk i nasjonalbibliografien burde gi svar på dette, men slik er det ikke i dag. Grunnet måten utgivelser er katalogisert på gjennom årene, OKT. får vi treff på over 2200 objekter med Hamsun som forfatter, hvorav 70 er ulike utgaver av Sult. For å bøte på dette er Nasjonalbiblioteket i gang med å lage et autoritetsregister for verk. Hvilke typer utgivelser representerer samme verk og hvor mye kan ekstraheres automatisk fra katalogen? Hva slags relasjoner finnes mellom ulike verk? Fullt program og påmelding på nb.no. FREDAG

14.

zzkl. 10.00–16.00


FOTO: INGRID POP

FOTO: NASJONALBIBLIOTEKET

Nasjonalbiblioteket

Henning Hagerup leser Sigrid Undset Fortidens folkelesning

Hun er avbildet på 500-lappen, ble ridder av 1. klasse, mottok Nobelprisen i litteratur, æreskors og frihetsmedaljer. Sigrid Undset kjempet mot fascismen, og var for en OKT. konservativ katolsk livsførsel. Hun har blitt omtalt som antifeminist, men skrev åpent om kvinners seksualitet. Hennes realistiske og tidvis melodramatiske romaner preget flere generasjoners forståelse av livet i nordisk middelalder. Hvor mange nattbord og skrivepulter ligger hun på i 2016? Er Sigrid Undset fortsatt folkelesning? Henning Hagerup er en av Norges fremste litteraturkritikere og essayister. Hvilken relevans finner han i hennes bøker i dag? LØRDAG

15.

zzkl. 14.00


Fortidens folkelesning Gjennom bokutgivelser og foredrag aktualiserer Nasjonalbiblioteket forfatterskap som var viktige i sin samtid, men som ikke lenger er en del av vår felles hukommelse. Tidligere utgivelser i serien: Dag Solstad leser Olav Duun Ole Robert Sunde leser Johan Borgen Vigdis Hjorth leser Herman Wildenvey Kjøp bøkene på nb.no og i utvalgte bokhandler.

49,-


Nasjonalbiblioteket

Fra asylet

Finn Skårderud og Anne Helene Guddal Sigbjørn Obstfelder vendte i 1891 tilbake fra Amerika, sliten og nedtrykt med frynsete nerver, og ble lagt inn på sinnssykeasyl med mentalt sammenbrudd. I hans sykejournal OKT. skildres denne perioden fra et medisinsk ståsted, mens han i dagbøkene omtaler den med stor litterær kraft. Marius Wulfsberg møter to forfattere som begge har reflektert rundt forholdet mellom litteratur og galskap. Psykiater Finn Skårderud har jobbet mye med uroen hos det moderne, fremmedgjorte mennesket. Anne Helene Guddal ble i fjor kåret til en av de viktigste forfatterne under 35 år. I sin debutbok Også det uforsonlige finnes reflekterer hun over psykiatri og normalitet på en måte som fikk Morgenbladets kritiker til å føle at «eksistensen selv står på spill». MANDAG

17.

zzkl. 19.00

1866-1900

Obstfelder 150 år


«Det er selve hakesleppenes hall» – Torgrim Eggen

Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana tek imot, registrerer, digitaliserer og tek vare på det nasjonale minnet. Hit kjem alt som blir publisert i Noreg. Depotbiblioteket med meir enn ein million bøker ligg óg her. I store magasin inne i fjellet blir bøker, aviser, film, musikk, foto og kringkastingsmateriale lagra. Om lag femti hyllekilometer og millionvis av digitale megabyte blir teke vare på for


«Jeg har sett fortiden bli født!»

framtida, og samlinga veks kvar dag. Nasjonalbiblioteket formidlar høgdepunkt frå samlinga med arrangement for publikum også i Mo i Rana. Med jamne mellomrom viser vi filmar frå norsk filmarv og arrangerer føredrag og samtalar med forfattarar og forskarar. Følg med på nb.no for å lese meir og sjå program.

FOTO: JAN INGE LARSEN

– Vigdis Hjorth


ALLE ARRANGEMENTER ER GRATIS For mer informasjon, se våre nettsider nb.no

KET •

LIOTE

LBIB

A SJON N: NA

TRY

RIK KK: E

SSEN E NIL

AS

H TANC

DESIG

Henrik Ibsensgate 110 på Solli plass i Oslo Telefon: 810 013 00 • nb.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.