
1 minute read
TRANSENDERT
Før eg går frå arbeid kan eg av og til stoppe opp og sjå meg sjølv i spegelen. Nokre gongar kan eg møte eit blikk som ikkje er mitt. Det er som auga ser gjennom meg og tilbake på meg, på same tid. Nokre gongar kan det vere David. Andre gongar kan det vere Bendik som møter blikket mitt. Av og til er det ingen der. Berre eit tomt blikk. To slitne auger som stirrar tilbake på meg. Uansett kven sitt blikk eg møter. Uansett kva historier eller emosjonar desse auga forsøker å drage meg inn i, så skal eg stritte i mot.