Hardangerfjordmagasinet nr 3 2021

Page 46

Til Bømlo for å lukkast! På Bømlo arbeider næringsliv, kommune og skule i lag for at ungdom, etablerarar og bedrifter skal lukkast. Tusenvis av dyktige fagfolk og ingeniørar har starta ut på vidaregåande skule på Bømlo, og er nøkkelpersonar i den enorme teknologiske utviklinga på Vestlandet.

Unitech kasta sine auge på Bømlo

– Gründer- og innovasjonskulturen, og den kompetansen som er så tett på kvarandre i Sunnhordland og Bømlo, er grunnen til at me valde å plassera teknologisenteret på Rubbestadneset, fortel Bernt Hellesøe i Unitech, – tett på industrien og Noregs beste vidaregåande skule. I teknologisenteret er målet at fagarbeidarar, ingeniørar og forskarar skal arbeide saman med å løyse konkrete problemstillingar for kundar. – Me ventar oss store ting av dette senteret, fortset Hellesøe. – Tenk å få setja saman kreativ ungdom under utdanning med ingeniørar og forskarar i eit sydande innovasjonsmiljø! Det blir ein dynamikk me truleg ikkje har sett før! Teknologisenteret vil vere ein prototypingsverkstad for bedrifter som treng areal, utstyr og kompetanse til å utvikle konsept fram til eit kommersielt produkt. Senteret vil vere ein unik samlingsplass for dei som driv teknologiutvikling innan maritim industri, havvind og havbruk – særleg med fokus på energieffektivisering og elektrifisering. LOS Gruppen blir ein del av teknologisenteret

LOS Gruppen har sidan starten i 1983 vakse frå ei kjellarbedrift til eit konsern med mange selskap. Konsernet tel i dag nærare 450 tilsette, og er eitt av dei største privateigde elektroselskapa på Vestlandet. 46

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 3 2021

Gründerane, Martin Lønning og Jakob Særsten, var lærarar på det som den gongen heitte Rubbestadnes yrkesskule. Dei er begge levande opptatt av å skapa framtidsretta lærling- og arbeidsplassar for elevar som går ut frå denne skulen, og ryggrada i LOS Gruppen er sett saman av ungdom som kjem derifrå. Innovasjon, nytenking og driftig satsing har gjort at selskapet i dag har både skipsverft og eigarskap inn i fleire grøne teknologibedrifter, i tillegg til elektroverksemda. – Me må invitere ungdommen med inn i dette arbeidet, så tidleg som mogleg, og då er det flott at dei får gå på skule i teknologisenteret. Bømlo er pilot – her blir framtidsskulen forma

For no ser Noreg noko heilt nytt stiga fram. Den nyutvikla, spennande «Bømlomodellen» der elevane får tettare kontakt med bedriftene. Bømlo vidaregåande skule og Rubbestadnes vidaregåande skule vert slått saman frå hausten 2022. Og no kjem skulen enno tettare på bedriftene. Det skjer m.a. gjennom meir hospitering, spesialiserte opplæringsstasjonar ute i verksemdene, og ikkje minst auka motivasjon gjennom meir relevant praksis tett på arbeidslivet, uavhengig om en går på yrkesfag eller studiespesialiserande.

Nytt frå skuleåret 2022, er ei naturbrukslinje, der ein kan gå vidare på akvakultur frå hausten 2023. – Me er med på laget i etableringa av ei akvakulturlinje ved Bømlo vidaregåande skule, fortel utviklingssjef i Bremnes Seashore, Simon Nesse Økland. – Her vil me etablere eit heilelektrisk oppdrettsanlegg, og ein elektrisk lokasjonsbåt. Det vil vera klasserom på fôrflåten og undervisning med moderne teknologi rundt elevane. –Me ser føre oss at fleire vil kunne få tilgang til desse fasilitetane ved teknologisenteret, som til dømes bedrifter som driv teknologiutvikling retta mot oppdrettsnæringa, og at elevar frå skulen blir invitert med på å løyse utfordringar me har, legg Økland til. – Olav Svendsen sr., som i si tid grunnla Bremnes Seashore, var berre 14 år då han starta. Eg er viss på at det finst mykje god problemløysingskompetanse hos elevane som går på Bømlo vidaregåande skule òg. Skulen vil vera lokalisert på Svortland og på Rubbestadneset, og skal bygga vidare på den suksessen som gjorde at han blei kåra til Noregs desidert beste i 2016. – Me trur denne modellen vil tilføra ein ny, vitaliserande måte å tenkja utdanning på, der me samstundes fører vidare høg grad av fullføring for elevane og stor inspirasjon innan ungt entreprenørskap, seier den nye rektoren


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.