6 minute read
Utval av tekstar – tekst og stad
norske jordeigarar, og at prinsippet om possesjon såleis skulle tre i kraft framfor det geografiske prinsippet om å følgje fjellryggen, altså Kjølen. Sveriges krav om at Kjølen skulle gjelde, vann til slutt gjennom (Hansen og Olsen, 2004, s. 270). Kjølen og den svensk-norske grensa er omtala av Heltzen og av Nordh. Den såkalla odlingsgränsen er tematisert i forfattarskapen til Bernhard Nordh. Odlingsgrensa er ei grense mellom område i Nord-Sverige som skulle vere tilgjengelege for jordbruk på austsida av grensa og område reservert for reindrift på vestsida av grensa. Ei grense som er særleg sentral i nokre av verka, er grensene mellom etniske grupper: den norske/svenske på den eine sida og den samiske på den andre. Vidare tematiserer tekstane grensene mellom kultur og natur, mellom det tamme og det ville, menneske og dyr, innmark og utmark, mellom det nyttige og det unyttige, rett religion og heidenskap, liv og daude og til sjuande og sist: grenser mellom det gode og det vonde.
I fleire av dei tekstane som her blir granska, blir altså grenser stadig utfordra og problematiserte, og av og til overskridne. Med nokre døme frå Nordh sine romanar: Korleis kan ein drive landbruk på gal side av odlingsgränsen? Korleis kan ein varg gjere nytten som vakthund, og kva skjer når ein son av ein svensk rydningsmann får arbeid som «samisk» reingjetar?
Advertisement
Lesne kritisk, til dømes med postkoloniale briller på, er desse grensene og grenseoverskridingane ofte problematiske. Ikkje minst gjeld dette dei grensene som handlar om etnisitet. Samanstillinga av det samiske og «det ville» i nokre av verka som eg tek føre meg her, er til dels ubehageleg lesnad. Blikket på det samiske varierer historisk, men felles for dei forfattarane som tematiserer det samiske, er at alle ser på det samiske frå utsida. Nokre gjer det med fascinasjon, nokre med skepsis, men nokre òg med stor grad av sympati og innleving.
Tekstane eg har valt å skrive om her, har alle ei eller anna tilknyting til Helgeland og grenseområda mellom Västerbotten og Helgeland. Kåre Glette forstår litterær regionalisme som eit supplement til den nasjonale litteraturvitskapen, og han argumenterer for at det finst eit
«infrastrukturelt grunnlag for regional og regionalistisk litteraturforsking» som «både kan utfylla, nyansere og supplera den ‘nasjonale’ litteraturforskinga og forvaltninga» (Glette, 1998, s. 38). Denne boka kan nettopp forståast i eit slikt lys.
Vidare har eg valt tekstar som meir eller mindre eksplisitt tematiserer kultur-/naturproblematikk. Eg har lagt eit breitt litteraturomgrep til grunn, og tekstane dekkjer sjangrane topografisk litteratur ved Ranens Beskrivelse av Iver Anker Heltzen, ein turistguide utgjeve av Helgeland turistforening, ei reiseskildring av Adolf Hoel og romanar av Ivar Strompdal, Bernhard Nordh og Birger Jåstad og ein roman og ei samling (biografiske) forteljingar av Laila Stien. Romanane til Strompdal, Jåstad og Stien kan kategoriserast som barne- og ungdomsromanar, dei er skrivne med bestemte alderssegment som målgruppe. Marsfjäll-bøkene til Nordh er snarare i segmentet underhaldningsroman for vaksne. Nordh sine romanar har dessutan eit nokså opplagt dokumentarpreg ettersom handlinga er lagt til ein faktisk, namngjeven stad og elles basert på faktiske hendingar og personar. Eg har valt å ikkje ta med døme frå den lyriske helgelandslitteraturen, sjølv om her òg finst fleire opplagde kandidatar i eit natur-/kulturperspektiv, til dømes Astrid Langjord sine diktsamlingar (Langjord, 1951 og 1956). Nokre av dikta til Audun Nilsskog og Birger Jåstad kunne òg nemnast.
Helgeland som litterært landskap har ei ganske lang historie, og om ein skulle byrja med starten så å seie, kunne ein velje å byrje med sagalitteraturen, eller i det minste med diktarpresten Petter Dass. Ettersom kvalifiserte lesingar av så vel sagalitteratur som barokkdikting føreset ein spesialistkompetanse som eg ikkje har, har eg valt å starte ein annan stad, men her vil eg likevel kort kommentere desse moglege startpunkta. I soga om Egil Skallagrimsson er viktige hendingar og personar knytte nettopp til Namdalen og Helgeland. Her finn vi òg ei mykje sitert skildring av den såkalla Finnmarka, som der, og i sagalitteraturen generelt, refererer til eit langt større område enn dagens Finnmark:
Finnmarka er umåteleg vid. Vestafor ligg havet, og derifrå skjer store fjordar seg inn, like eins nordafor og heile vegen austanom. Sønnafor ligg Noreg. Finnmarka femner om neste heile innlandet like langt sørover som Hålogaland rekk på kysten. [D]et er store fjellbygder der oppe, dels innover i dalar og dels omkring
vatn. I Finnmarka er det forunderleg store vatn og attmed vatna store skogvidder, langsetter heile Finnmarka ligg høge fjell, dei blir kalla Kjøler. (Soga om Egil Skallagrimsson i Jørgensen og Hagland (2014), s. 15)
Innlandet, altså Finnmarka, har her ein viss mytisk dåm, og dei store vatna på Helgeland og i Nord-Sverige har tydelegvis vore fascinerande å høyre om for den islandske skrivaren som har spandert adjektivet «forunderleg» her (norrønt: furðulega, av furðuligr (adj.)). Men vi merker oss at soga ikkje presenterer landskapet som aude eller folketomt, her er store fjellbygder.
Forfattarskapen til Petter Dass, og då særleg det topografiske diktet Nordlands Trompet, kunne òg vere eit aktuelt startpunkt for dette arbeidet. Ikkje minst ettersom tilhøvet mellom litteratur og stad for nokre år sidan vart debattert i samband med Hanne Lauvstads doktoravhandling om nettopp diktinga til Petter Dass. Kort forklara dreidde debatten seg om i kva grad Nordlands Trompet helst burde lesast i lys av ein lang europeisk litterær tradisjon, og at naturskildringane i til dømes Nordlands Trompet dermed ikkje alltid er reelle skildringar av eit verkeleg nordnorsk landskap. Det Nordland vi les om hos Petter Dass, er meir bygd på klassiske, særleg italienske, litterære førebilete enn på det faktiske landskapet, meinte Lauvstad (Lauvstad, 2007a og 2007b). Som barokkdiktar var etterlikning av litterære førebilete rett og slett den framgangsmåten som var tilgjengeleg for forfattaren Dass, og slik skriv Dass seg inn i ein europeisk litterær tradisjon. Han er ikkje først og fremst nokon representant for Nord-Noreg som «provins» eller region, men for den europeiske overklassekulturen. Nordlandslandskapet som blir skildra i Nordlands Trompet, er så å seie filtrert gjennom italienske prisme. Tromsøprofessoren Nils Magne Knutsen var ein av dei tydelegaste kritikarane av Lauvstads konklusjonar og meiner at Lauvstad les Petter Dass med ryggen vendt mot Nord-Noreg, at Dass sjølvsagt først og fremst fortalde og skreiv om det han kunne sjå frå dørhella si, og at Dass var original og nyskapande snarare enn bunden av litterære konvensjonar og antikke førebilete (Knutsen, 2007). Eg skal ikkje gå vidare inn i debatten kring Petter Dass. Men spørsmålet om kva landskap ein tekst refererer til, og kva status ein kan tilskrive eit slikt landskap, er sjølvsagt av
Kva landskap er det Petter Dass skildrar i Nordlands Trompet? Eit Helgeland sett med italienske briller? (Foto: Anders Beer Wilse, nb.no PD)
Denne boka handlar om korleis helgelandslandskapet er framstilt litterært gjennom 200 år. Det konkrete landskapet har endra seg på mange måtar, ikkje minst som resultat av industrialiseringa. Vår måte å oppfatte og lese landskapet på har òg endra seg, og det er dette som er hovudtema for denne boka. Tekstane som blir presenterte her, viser ulike aspekt ved landskapet og eksemplifiserer ulike forståingar av samspelet mellom landskap og menneske. Er landskapet til for menneskeleg utnytting? Skal vi juble over eller gråte over dei endringane som modernisering av landbruk og fiske fører med seg? Kva har størst verdi: den frittrennande fossen eller fossen som er sett i arbeid og lagar elektrisitet? Lesingane av desse til dels lite kjende tekstane viser korleis natur og kultur er uløyseleg samanvove, og at landskap og natur alltid òg er sett gjennom nokre bestemte kulturelle briller.
Hallvard Kjelen er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Nord universitet, Nesna.
ISBN: 978-82-8104-489-0