HELGELAND som litterært landskap

Page 14

norske jordeigarar, og at prinsippet om possesjon såleis skulle tre i kraft framfor det geografiske prinsippet om å følgje fjellryggen, altså Kjølen. Sveriges krav om at Kjølen skulle gjelde, vann til slutt gjennom (Hansen og Olsen, 2004, s. 270). Kjølen og den svensk-norske grensa er omtala av Heltzen og av Nordh. Den såkalla odlingsgränsen er tematisert i forfattarskapen til Bernhard Nordh. Odlingsgrensa er ei grense mellom område i Nord-Sverige som skulle vere tilgjengelege for jordbruk på austsida av grensa og område reservert for reindrift på vestsida av grensa. Ei grense som er særleg sentral i nokre av verka, er grensene mellom etniske grupper: den norske/svenske på den eine sida og den samiske på den andre. Vidare tematiserer tekstane grensene mellom kultur og natur, mellom det tamme og det ville, menneske og dyr, innmark og utmark, mellom det nyttige og det unyttige, rett religion og heidenskap, liv og daude og til sjuande og sist: grenser mellom det gode og det vonde. I fleire av dei tekstane som her blir granska, blir altså grenser stadig utfordra og problematiserte, og av og til overskridne. Med nokre døme frå Nordh sine romanar: Korleis kan ein drive landbruk på gal side av odlingsgränsen? Korleis kan ein varg gjere nytten som vakthund, og kva skjer når ein son av ein svensk rydningsmann får arbeid som «samisk» reingjetar? Lesne kritisk, til dømes med postkoloniale briller på, er desse grensene og grenseoverskridingane ofte problematiske. Ikkje minst gjeld dette dei grensene som handlar om etnisitet. Samanstillinga av det samiske og «det ville» i nokre av verka som eg tek føre meg her, er til dels ubehageleg lesnad. Blikket på det samiske varierer historisk, men felles for dei forfattarane som tematiserer det samiske, er at alle ser på det samiske frå utsida. Nokre gjer det med fascinasjon, nokre med skepsis, men nokre òg med stor grad av sympati og innleving.

Utval av tekstar – tekst og stad Tekstane eg har valt å skrive om her, har alle ei eller anna tilknyting til Helgeland og grenseområda mellom Västerbotten og Helgeland. Kåre Glette forstår litterær regionalisme som eit supplement til den nasjonale litteraturvitskapen, og han argumenterer for at det finst eit 18


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.