2 minute read

Føreord

Brått, midt i livet, kan det koma eit ønskje om å sjå seg attende. Små gløtt frå fortida kan bli verdifulle for både den det gjeld, og andre. Det starta med at eg ville vita meir om farfar min, Konrad Karlsen. Han drukna på havet under eit størjekast midt på 1950-talet. Far, Karsten, var då ein ung størjefiskar. Han var med då ulykka skjedde, og vart utgangspunktet for denne boka. Familiebåten «K.S.K.» og mannskapet kom i hovudsak frå den vesle øya Ramsøy utanfor Askøy nord for Bergen. Båten var oppkalla etter dei tre brørne Karl, Sigurd og Konrad, som dreiv han. Det er ein båt som vert hugsa som ein av pionerane, og blant dei fremste med sesongrekord i landet.

Med bakgrunn i den dramatiske familiehistoria, som eg visste for lite om, vart det eit driv til å få far til å fortelja. Det resulterte i at den pensjonerte skulemannen og rektoren heldt foredrag og viste bilde og filmar om sine unge år på størjefiske for fullsette salar. Eg har ringt han jamt og trutt frå Austlandet til Vestlandet i ein fireårsperiode. I oppstarten laga han også hjelpeillustrasjonar om tema som kasting og fangstreiskap og forklaring av faguttrykk som for meg og dei som no veks opp, er framande.

Advertisement

I ungdomsåra arbeidde eg om somrane ved Austevoll fiskeindustri. Fleire somrar kom det japanske frysebåtar dit. Etter nokre månader drog dei lasta med størjer til heimlandet. På den tida var både det utanlandske mannskapet, digre fiskar og rå sushimat eit framandt syn på ei øy vest i havet.

Eg har tidlegare skrive slekts- og lokalhistorie som eg gav ut i 2018.1 I denne boka har eg med intervju og forelesingar frå far i åra 2015 til 2018. Etter ei tid kom fleire personportrett inn. Det vart meir og meir tydeleg for meg at skal ein læra om kysthistoria vår, skjer det best gjennom å lytta til ulike folk som er knytte til næringa, og som har opplevd ho. Å driva eit notfiske på den største tunfisken i verda, makrellstørje, eller størje, som oftast er brukt i munnleg tale, er rekna for å vera eit fiske fullt av fart og spenning. Den historiske framstillinga famnar minst 70 år, om enn tyngda ligg på det som skjedde i 1950- og 60-åra, då Noreg hadde eit stort størjefiske.

Makrellstørja er uventa komen attende til våre farvatn og gjev nytt liv til boka sitt tema. Til mi overrasking oppdaga eg at her eg er busett på Austlandet, veit folk mest ikkje kva ei makrellstørje er. Ordet størje har dei knapt høyrt. Om eg seier tunfisk, er dei med. For det er sushi. «Kvar kjem tunfisken frå, som de nyttar i sushirullar her?» spurde eg ein tilsett på ein sushibar. Svaret var kontant: «Frå havet.»

Eit av siktemåla med boka har vore å byggja bru mellom gammal og ny tid. Det inkluderer forskinga på 2000-talet, som berre havforskarar og fagfolk har skrive publikasjonar om, og det er ikkje alltid like enkelt for folk flest å forstå. Frå nær sagt kollaps i bestanden har internasjonalt samarbeid og forsking vist at det er mogleg å få til ei berekraftig utvikling i fiskeriet. I dag er det såleis eit nytt norsk fiske i gong. Eit ønskje har og vore å syna fram eigenskapar ved sjølve den norske makrellstørja, som er lite framstilt i fiskerilitteraturen vår. Det er altså ei bok om fisk – og folk.

Linda B. Karlsen Sperrebotn, Våler Oktober, 2022

This article is from: