17 minute read

Innleiing

Next Article
Føreord

Føreord

Havet med sitt enorme matkammer har alltid vore viktig for Noreg. Det er ikkje det minste rart når vi veit at kystlinja vår er ei av dei lengste og mest produktive. Ein mild golfstraum er med på å skapa rike næringsførekomstar. Det har gjort det attraktivt for makrellstørja å koma hit på sommarbeite i tusenvis av år. Denne store tunfisken ser ut til å ha blitt utnytta som matfisk på kysten vår frå forhistorisk tid, og etter kvart vart harpunfiske nokså vanleg. Men det var notfiske, snurpenotfiske, etter det som no vert kalla ein pelagisk fisk, stimfisk i overflatelaga, som hadde framtida for seg og er tema for boka. Not var velkjent i fleire fiskeri. Flaskehalsen var å finna sterke nok nøter til å tøyla den ustyrlege størja.

Boka er delt i ein fagleg, allmenn del som framstiller eigenskapar ved fisken og makrellstørjas betydning i Noreg. Kystfolket sine forteljingar utgjer den største tyngda i boka og er samla i ein del, Kystfolket fortel. Denne delen er bygd på samtalar og intervju og har med innleiande tekstar, som viser den meir generelle ramma rundt det personane skildrar.

Advertisement

Den historiske framstillinga tek utgangspunkt i tre hovudfasar. Under delen Starten – det moderne notfisket tar form, får ein kjennskap til notfisket som tok til rett etter andre verdskrig på Helgeland. Omkring 1949–1950 reiste dei første størjefiskarane frå Vestlandet nordover for å ta del i det nye fisket. Fiskeriet gjekk så inn i ein ny fase og er skildra under delen Frå gylne år til nedgang og fiskeslutt 1950–1986. Frå sesongen 1950 flytta tyngdepunktet seg til Vestlandet, og særleg i dåverande Hordaland fylke. Hovudfokus i boka er lagt til dei gylne og eventyrlege åra for størjefiskarane på 1950-talet og byrjinga av 1960-talet. I denne perioden gjorde mange båtar langs kysten seg berømte med dei gode fangstane. Fisket fann si særeigne form, organisert med størjebruk (størjenot/fartøy som vart nytta særskilt på størjefisket, sjå s. 40. Utrustning – fartøy og reiskap) og sidenæringar, og eit heilt apparat for fiske, mottak og eksport vart etablert på kort tid. Fisket gjekk tilbake og tok heilt slutt i 1986. Men den største tunfisken i verda er no attende i våre farvatn etter eit ganske langt fråvær. Det engelske ordet comebacket er ofte brukt i fagartiklar og presse, og det er såleis nytta også her under den historiske delen Størja kjem att – nytt fiske i berekraftig perspektiv.

Det er viktig å ha i minnet at størjefisket med not slik det føregjekk i den første etterkrigstida, må sjåast ut frå si samtid. Fisket var den gong fritt og utan tiltak for å avgrensa uttaket av bestanden, som reguleringar, kontroll og sanksjonar som ein ser i dag. Ein kan ana eit tidlegare optimistisk syn på naturressursane i havet: Dei

var utømmelege. Men det var velkjent for alle på kysten at fiskeria kunne variera, både over tid og geografisk. Den gjengse oppfatninga, blant både fiskarar og fagfolk, var her som i andre land at fiskebestandane var meir eller mindre konstante. Ein av tankane var at fisken over tid kunne vandra over store avstandar. Når størja vart borte ein stad, ville ho dukka opp att ein annan stad. Det var nok fisk å ta av. Det var berre om å gjera å bli flinkare til å henta han opp av havet. Rett nok hadde havforskarane alt då det moderne størjefisket starta, funne ut at fiskeria også veksla med gode og dårlege årsklasser. Dette var kjent også blant fiskarane. Havforskarane tok ikkje til med kartlegging av størja i norske farvatn før utpå 1950-talet. Då var det alt teikn til nedgang i det norske fisket, og det døydde etter kvart ut og vart også redusert i andre land. Då vart det også internasjonalt retta fokus på om det var overfiske og ein redusert bestand som slo ut.

Uro over utviklinga i det internasjonale fisket gjorde at ein eigen organisasjon, Den internasjonale kommisjon om bevaring av atlantisk tunfisk (International Commission for the Conservation of Atlantic Tunas – ICCAT) vart bestemt oppretta i 1966, med sekretariat i Madrid. Noreg var ikkje med frå starten, men meldte seg inn i ICCAT seinare.

Framtida for makrellstørja ser ikkje lenger svart ut. Bestanden er rekna for å vera sunn og berekraftig etter å ha vore nesten på randen av ein kollaps for berre nokre tiår sidan. Noreg har bidrege til å få ei meir ansvarleg og berekraftig forvaltning på plass gjennom ICCAT. Vi har såleis eit godt internasjonalt renommé som berekraftig forvaltar av eigne og delte bestandar. Internasjonalt samarbeid, satsing på forsking og strenge reguleringar med tilhøyrande kontroll syner at det har vore mogleg å få til ei berekraftig utvikling i det norske størjefisket.

Poenget med god forvaltning av fisk og hav er å ta vare på ressursane som lever der. Det sentrale er at vi ikkje fiskar havet tomt, men tvert imot haustar på ein slik måte at vi kan halda fram med å leva av den skattkista som havet er. Det må med andre ord vera nok fisk att i havet til neste generasjon. For fiskaren inneber det at levebrødet vert beskytta. Difor er forsking og berekraftig forvaltning viktig – for både bestanden, økologien og næringa.

Det er gledeleg at størja er å sjå her på nytt. Det går i dag føre seg eit nytt norsk konsesjons- og kvotebasert størjefiske med små kvotar og ein mindre flåte, i motsetning til fisket tidlegare. Dei fleste av dei moderne notbåtane som no deltek, er frå Vestlandet.

Berekrafta til eit fiskeri er ein kontinuerleg prosess. Forskingsbasert kunnskap vert òg betre heile tida. Fiskerinæringa vert oppfordra til å utvikla nye fangstmåtar som kan bidra til å verna ressursen. Eit nærliggjande perspektiv er å ha kunnskap om at teknologisk utvikling kan bidra til å løysa problem, men dilemma kan oppstå. Med ny teknologi vert fisket langt enklare for fiskarane. Ein hake, eit dilemma ved all teknologisk utvikling, er at fisket vert meir effektivt, på godt og vondt. Samstundes gjeld det å stimulera til forsking og finna fram til nye løysningar for å auka verdiskapinga i det som

no vert kalla havnæringane. Eit døme her kan vera den gryande størjeoppdrettsnæringa. Det var etter 1970 at oppdrett av laks og aure slo gjennom i Noreg. Frå norsk hald vart det i 2014 gjort gjennombrot med startfôring av yngel og settefisk av størje. Spørsmålet er om størjeoppdrett i framtida vil vera ei næring i tillegg til fisket.

Ei fiskerihistorie handlar framfor alt om menneskeliv. Dei vert borte, og historiene med dei – om ikkje nokon fangar og formidlar dei vidare. I boka set eg søkelyset på kystfolket og har eit breitt perspektiv på norsk kystkultur i etterkrigstida. Desse kystfolka skreiv sitt eige fiskerieventyr på den tida då det kokte av makrellstørjer i fjordar og på havet langs kysten. Det er ikkje meint å heroisera, men heller tvert imot å gje ein hyllest til dei alminnelege kvardagsmenneska: fiskarar og kystkvinner som streva med å gjera jobben sin, som ofte var tung. Desse var ikkje redde for å ta i eit tak. Målet var å få ein betre leveveg og auka levestandard for seg sjølve og familiane. Det er viktig å få dokumentert deira innsats og kva det betydde. Dei gav seg aldri.

Eit anna gjennomgåande perspektiv i boka er å få fram pionerånda som syner seg i næringa og driv ho fram. I boka er det trekt fram einskildpersonar som er føregangsmenn av betydning for det tidlege fisket. Dette er personar som er først ute med noko nytt, og som kastar seg ut i det ukjende. Kven var så desse fiskarane som tok opp kampen mot dei kjempemessige og lynkjappe tunfiskane? Det var eit heilt nytt fiske for dei, og utstyr og fangstreiskap var i starten slett ikkje tilpassa kreftene storfisken kunne visa. Utvalet av informantar og forteljarar Boka baserer seg først og fremst på samtalar med kystfolk som deler kunnskap og fortel om sine opplevingar, og dessutan på kjeldestudium og fakta frå forskarar. Det har vore nødvendig å gjera eit utval. Blant veteranane har det vore vanskeleg å finna attlevande og folk som enno har eit friskt minne og kan å vera informantar over tid. På det tidspunktet eg møtte dei, var dei eldste i alderen 75 til 103 år. Dei er frå Vestlandet, det kystområdet der størjefisket betydde mest.

Eg har intervjua i alt 18 personar. Hovudforteljarane er i tillegg til far tidlegare størjefiskarar frå dåverande Hordaland fylke. I tillegg fortel ein stuert og størjefiskar frå Karmøy i Rogaland. Fem eldre menn skildrar korleis fisket føregjekk då det var størjefeber på kysten. Dei var alle med båtar som fiska godt, og fleire av dei var på toppbåtar med størjerekordar. Vi følgjer dei på turar i fjordane og på havet og får historier om storfangstar og konkurransen dei imellom for å bli beste båt. Det høyrer til eit fiskarliv.

Det er lagt vekt på å finna fram til fiskarar som hadde ulike roller og ansvarsfelt på størjefisket. Det gjev rom for å skildra at fisket var eit teamarbeid, der kvar mann måtte utføra si oppgåve for å lykkast: Karsten Karlsen frå Askøy/ Austevoll stod i tønna og speida etter størje, Trygve Hellesøy frå Øygarden (tidlegare Hjelme/ Herdla) skildrar korleis det var å stå på styrhustaket og speida. Ingve Torgersen, også frå Askøy, var dekksmann, og tidlegare havforskingsdirektør Odd Nakken frå Øygarden starta i ørebåten (hjelpebåten) og vart seinare assistent

på størjemerking. Stuert og størjefiskar Oddvar Hausken er frå Karmøy kommune. Det synest som om historiene og opplysningane dei deler om størjefisket, har felles trekk – sjølv om fisket kan ha føregått på ulike fangstområde. Eg vonar beretningane kan levandegjera det særmerkte størjefisket. At det dei formidlar, kan representere det typiske; eit allmenngyldig perspektiv. Det er også å vona at det vekkjer minne og gjev gjenklang hos folk som tok del i fiskeriet, og i tillegg har interesse for dei som ønskjer å få eit innblikk i fisket, slik det moderne, kommersielle størjefisket med notreiskap utvikla seg.

Boka utvidar perspektivet, og tre kystkvinner, bakkemannskapet, fortel om livet heime medan mennene var på størjefisket. Magdalena Klepsvik, Astrid Hufthammer og Marta Aud Troland er enkjer etter størjepionerar frå Austevoll. Kvinnene var sjølve limet i mindre kystsamfunn. Dei hadde ansvar for at alt var på stell, både i heimen, for ungar, eldre, gard og dyr. Fiskeribølgja, meldingstenesta for fiskeria med eigen radiofrekvens, stod på dagen lang. Kom karane snart heim med fangst? Størjefisket føregjekk om sommaren og hausten og kom i tillegg til dei andre sesongfiskeria mennene tok del i. Typisk nok skulle størjefiskarane på feltet når det var på den travlaste tida heime, for dei som hadde gard.

Eg har også møtt folk frå tilknytte næringar, herunder båtbyggjaren og arbeidsfolk på gamle nothengjer. Her fortel sløyaren Nils Håpoldøy og kona hans, Randi Håpoldøy frå Askøy, om eit sløyaryrke som fekk ein viktig funksjon med å ta hand om desse store fiskane. Dette var menn som spesialiserte seg på å sløya størjer, og som difor vart kalla sløyarar. Båtane som vart nytta, gjekk også under fellesnamnet sløyarar.

Det var tungt arbeid å vøla dei store størjenøtene av bomull, og det vert eit gløtt inn i arbeidet som føregjekk med dei svære nøtene på dei gamle nothengjene. Ole Andreas Kalvenes skildrar arbeidet som føregjekk på nothengja i Bekkjarvik i Austevoll. Ei nothengje (hengje, hengja) er eit byggverk som står på pålar og er kledd med tak berre i øvre halvdel. Her vart størjenøtene av bomull/hamp barka (impregnerte) og tørka, slik at nøtene skulle halda seg lengst mogleg.

Skipsbyggjaren Tørris Skaaluren frå Rosendal i Kvinnherad formidlar korleis størjebåtar rusta seg med kraftigare motorar, og korleis overgangen var frå tre til stål som byggjemateriale. Fiskehandlaren Hallvard Lerøy jr. frå Bergen fortel om korleis store mengder fisk vart ilandført og eksportert med tog til Italia då han var ung. Dette er såleis ei bok om meir enn sjølve fisket og korleis det var organisert i høve til andre fiskeri. Sider ved næringskjeda, frå hav til bord, er med. Det inkluderer innslag om utstyr, tilverking og eksport, og om marknaden – forbrukarane – og størje som mat.

Deltakarane står i sentrum. Dei har fått høve til å vektleggja det som har vore viktig når dei ser seg attende i tid. Eit minne er ikkje alltid fakta, men det er slik historiene har blitt for dei. Fleire generasjonar seinare er det no blitt ein del av kysthistoria vår. Eg har etter beste evne forsøkt å behandla dei eg har intervjua, med respekt, og dei portretterte har godkjent tekstane. Ut frå

det store innsamla materialet er det heller korte portrett eg har laga. Det som er med, er det som har fengsla meg, og som eg vil dela vidare.

I tillegg til nære portrett er boka krydra med mindre sitat frå utvalde folk som eg har snakka med undervegs, tidlegare fiskarar, etterkomarar av størjepionerar og representantar for den nye kystflåten som i dag har fått tildelt kvote. Det er slikt dei har uttrykt i ein samtale som kan fargeleggja typiske trekk ved fisket – formidla av folket på kysten sjølv.

Frå det nyare fisket fortel Linn Theres R. Nekkøy frå Florø i Kinn kommune og Tore Jan Hillersøy frå Bulandet, Askvoll i Sogn og Fjordane. Linn Theres har vore kombinert fiskar og stuert på «Bluefin». Tore Jan er reiar og skipper på «Hillersøy», som var den første båten som fekk fangst i norske farvatn i vårt tusenår. Han var også på fisket frå midten av 1960-talet og utover og formidlar forskjell på fisket før og no. Felles er deltakinga deira på årsmøta i ICCAT. Dei var dei første med fiskarrøynsle som deltok, og representerte Norges Fiskarlag.

Sjølv om boka har hovudfokus på notfiske, er det teke med eit portrett frå sports-/fritidsfiske som i dag vert drive av ei relativt stor gruppe som får ein liten bit av den norske kvota. Øyvind Fjeldseth er fiskeribiolog og fagleg ansvarleg for fisk i Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF). Han fortel om fritidsfiskarar som tek del i merkeforsøka i regi av Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet, slik at forskarar kan følgja fisken på si vidare vandring.

Sushi er favorittmat for mange, og i dag er det nok fleire som først og fremst knyter tunfisk til det japanske kjøkkenet. Sidan størje har hatt ei svært lang historie i landet vårt, må ho ha vore eit innslag i kosthaldet. Så kvifor slo ikkje størja riktig an i matvegen her heime då fisket var stort? Det er ikkje lett å svara på det, men faktum er at det aller meste av størjekjøtet på 1950- og 60-talet vart eksportert til europeisk hermetikkproduksjon, sidan også til den japanske marknaden med sine høge prisar. Michelinkokk i sushi, Roger Asakil Joya frå Stavanger, syner fram den mest eksklusive fisken i verda. Det raude gullet i havet – nye produkt på den norske marknaden: sushi og sashimi.

Oppdrett av makrellstørje er kanskje framtida i tillegg til fiske? Norsk gjennombrot frå Fiskeri og ny biomarin industri – SINTEF Ocean AS med produksjon av størjeyngel har gjort oppdrett av fiskearten mogleg. Pioneren på feltet, størjeoppdrettar Jan-Helge Dahl frå Lofoten, fortel om vegen fram.

Kjelder og litteratur I arbeidet med boka er munnlege kjelder dei viktigaste. Intervjua er gjort i tidsrommet 2018 til 2022. Covid-situasjonen prega prosessen og gjorde det vanskeleg å møta eldre folk i heimane deira. Kommunikasjon vart utfordrande, for det er ikkje alle eldre som nyttar e-post. Å bruka mobiltelefon kunne bli hindra av problem med å høyra. Eg valde difor å ta korte, men heller hyppigare samtalar. Nære familiemedlemmar har hjelpt til. Brevskriving er gildt, også i nyare tid. Det var lagt planar for å ta foto av informantane i naturlege miljø, men dette vart

også vanskeleg å få til ved nokre høve. Her har lokale journalistar hjelpt til, og nokre av informantane har skaffa relevante foto. Fleire av informantane har også skrive og sendt inn tekstar ut frå intervjuskjema som på førehand var laga til den einskilde.

Lydopptak har vore eit viktig hjelpemiddel, for å unngå misforståingar og stilla unødige spørsmål. Samtalane, på telefon eller ved direkte møte, har resultert i timevis med lydopptak. Eg har forsøkt å skriva ned så korrekt som mogleg, og noko er gjengjeve som direkte tale og er kombinert med skildringar og andre opplysningar. Det er lagt vekt på å få fram det fiskarspråket som vart nytta i 1950- og 60-åra, for å ivareta denne delen av fiskerihistoria. Språk er identitet. Personane kjem frå ulike stader, så det er dialektforskjellar. Ein del særmerkte dialektord førekjem, og det er forsøkt forklara undervegs. Det er òg å vona at tydinga er å skjøna ut frå samanhengen, konteksten, orda er nytta – og at de ikkje stoppar opp, men held fokus på historiene som vert fortalde.

Sidan språket også har ein kommunikativ funksjon, er det nytta ordinær nynorsk. Språket utviklar seg, og ord og uttrykk vert borte om dei ikkje vert skrivne ned. Eg har lagt vekt på å få fram uttrykk dei eldre fiskarane nytta, så presist som mogleg. Som ei lesarstøtte er det samla fotografi, skisser av kasteteknikk og opplysningar om fartøy, reiskap og utstyr. Det er meint for dei som ikkje kjenner så godt til størjefisket slik det tidlegare vart drive med not. Ny teknologi og omstrukturering av fisket gjer at denne informasjonen langt på veg er historie.

Det er elles med litteratur frå ulike felt. Det kan merkast at opp gjennom tidene har størje vore nytta som eit vanleg omgrep på fiskar som var usedvanleg store. Det gjer studiar spesifikt på makrellstørje vanskeleg. I tillegg synest temaet å vera sparsamt og lite systematisk omhandla av historikarar gjennom tida. Det kan vera naturleg at kvardagsfisket til folk er mindre vektlagt når dei store fiskeria vert skildra i litteraturen.

Sjølv om det er lite om størjefisket i større oversiktsverk i fiskeri- og kysthistoria, finst det litteratur. Om sjølve fisken, makrellstørja, har eg nytta norsk litteratur der det har vore råd å finna. Her har pionerforskar Johannes Hamre (1929–2019) ved Havforskningsinstituttet vore ein sentral bidragsytar med nyttig informasjon som framleis held stand. Om utviklinga av størjefisket er særleg boka til forfattar Magnus Tangen, Størjefisket på Vestlandet, frå 1999 viktig som bakgrunn. Han skriv detaljert om den årlege utviklinga av fisket, og om meir enn Vestlandet, sjølv om kjeldene mest er derifrå, og særleg frå Hordaland. I denne boka er det henta historiske opplysningar frå pionertida, og informasjon om størjebåtar/flåten og fangstresultat/ rekordar er vektlagt. Vidare er årsrapportane frå Fiskeridirektøren i 1950–1964 nytta i den historiske framstillinga, saman med statistikkpublikasjonen Norges Fiskerier, som er utarbeidd av Fiskeridirektøren og publisert av Statistisk sentralbyrå (SSB). I tillegg er årsmeldingar frå Hordaland Fiskarlag for sesongane 1950–1964 nytta. Arkiv i Nordland i Bodø har protokollar med opplysningar om størjefisket for Nordland

Fylkes Fiskarlag. Informasjon om båtane i boka er henta frå Register over merkepliktige norske fiskefarkostar av Fiskeridirektøren og Sjøfartsdirektoratets kartotekkort. Frå andre regionar enn Vestlandet er det skrive artiklar frå fisket på Helgelands-kysten etter andre verdskrig. Her har artiklar av Kåre Laukholm, Tore Drevvatne og Anton Ramfjord vore gode å støtta seg til. For den sørlege delen av landet er nytta Skagerrak. Fiskerens historie frå 1996 av Hartvig Dannevig og Jo van der Eynden. Andre regional- og lokalhistoriske bøker er Karl Egil Johansen si Fiskarsoge for Hordaland 1920–1990 frå 1990, og Bjarne Myrstad si Vestlandsfiske frå 1996. Vidare har Austevollsoga – Kultursoge I frå 1986 mykje nyttig informasjon om fisket.

Om kystkvinnene si rolle har bøkene til Åsa Elstad si Kystkvinner i Norge frå 2004, Harald Norstrand si Kystkvinner: liv og lagnad frå 2000 og Husmorboka: Et gjensyn med Norges glemte arbeidsplass, skriven av Iris Furu i 2016 – saman med ein artikkel av Eli Skeidsvoll frå 1994 – vore viktige kunnskaps- og inspirasjonskjelder. Men det finst lite som er skrive med perspektivet kvinnene og størjefisket.

Sentrale føregangsmenn på størjefisket er skildra i boka Fiskarhøvdingar langs vestlandskysten av Magne Misje i 2000. Det finst også TV- og radioprogram frå NRK om størjefisket på 1950- og 60-talet. Den nyleg prisløna svensk filmserien Fiskarnas rike er informativ om tilbakekomsten av makrellstørja.

Om verfts-, reiskaps- og annan utstyrsindustri er det særleg henta opplysningar frå Norges fiskeri- og kysthistorie, Bind III. En næring i omforming 1880–1970, Nils Kolle (red.), 2014. Boka til Trygve Sørvåg, Englandsfeber: Nordsjøfarten 1940–45 – mennesker og steder 60 år etter, har vore til inspirasjon når det gjeld oppbygning av portrettdelen.

Når det gjeld litteratur og kjelder etter 2000, er det lite å finna på norsk. Det har resultert i at eg har knytt kontakt med ei knippe av dei fremste fagfolka i landet på sine felt. Det er vektlagt å ha ei bok rik på bilde som syner både båtar, folk og fiskevær på kysten.

Kroppen til makrellstørja er muskuløs med elegante linjer. Spisse, gule småfinnar lyser opp langs buken og den elles så blåsvarte, metalliske ryggen. Dette er blant dei raskaste og største av alle beinfiskar på kloden: Vi snakkar om den aller største tunfiskarten i verdshavet. Ein kompakt muskelbunt som i forma liknar på ein torpedo. Kroppen er robust og straumlinja, aerodynamisk. Kvar minste detalj på denne arten er tilpassa til å symja raskt, vera uthaldande og ha kraft. Fisken har trong for mykje næringsrik mat. Det finn han i rikelege mengder i våre farvatn om sommaren. Fotograf: Brian Skerry.

This article is from: