Eit livbåteventyr i Hardanger

Page 1

EIT LIVBÅTEVENT YR EIT LIVBÅTEVENT YR VED HARDANGERFJORDEN

VED HARDANGERFJORDEN O m G e r h a r d S k a a l a og HARD I N G

O m G e r h a r d S k a a l a og HARD I N G Forfat tar:


0028_Nors bok innmat.indd 2

15.03.11 12.44


Olav Eikeland

E I T L I V B ÅT E V E N T YR VED HARDANGERFJORDEN

Om Gerhard Skaala og HARDING

R o s e n d a l

0028_Nors bok innmat.indd 3

2 0 1 1

15.03.11 12.44


Eit livbåteventyr ved Hardangerfjorden

I NN HALD

Føreord Innleiing

6 8

1920 – 1940 Smakebitar frå samtida Rosendal og nabobygdene i 1920-åra Barndom og oppvekst Ungdomsår i arbeid og hobby Som gartnar og elektrisitetsutbyggar i 30-åra Som band manager Med fin sykkel med gir Som handelsgartnar og båtbyggar Gerhard søkjer meir utdanning 1938-40 ”Eg vil byggja båtar.”

10 11 13 18 18 19 19 20 20 21

1940 – 1945 Smakebitar frå samtida Gerhard Skaala som skipsbyggar på Verven Bergen Tekniske Skole og sponpotter Var Gerhard sta eller egen?

24 25 26 29

1946 – 1950 Smakebitar frå samtida … og korleis såg det ut i Kvinnherad? Litt om økonomisk politikk før og etter krigen 1940-45 Bjørke Båtbyggeri blir starta i 1945. Om tida 1945 -50. Ekstrem elkraft-rasjonering Om elektrisitetsforsyninga i nærsamfunnet Muradalen 1 Sunnhordland Kraftlag – SKL 1951-1960 Smakebitar frå samtida Bjørke Båtbyggeri i 1950-åra. Livbåtar blir hovudproduktet. Frå tre til glasfiberarmert polyester Om et forargelsens vassdrag og eit lite elektrisitetsverk Ein skipsingeniør blir kraftutbyggar Forslag til kommunal gjenreising i Muradalen Om den fysiske utbygginga Om drifta av Muradalen 2 Aviskrig og prinsipp våren 1955 Muradalen 2 og konsekvensar

Båtbyggeriet går vidare. Produksjonsmetoden for ein GRP-båt Vi snakkar med ein medarbeidar – Bjarne Klette Sikkerheit til sjøs Det nyttar! 1961-1970 Smakebitar frå samtida Skipsbygginga påverkar etterspurnaden etter livbåtar Frå lokalsamfunnet i 60-åra Bjørke Båtbyggeri i 60-åra. Glasfiberarmert polyester styrkjer stillinga som byggematerial. Båttypane blir fleire. Produksjonen aukar. Båtbyggeriet knoppskyt i Toftevåg, Øystese og Skjold. Ølvefabrikken blir planlagt. Streiftog i livbåthistoria – tilbake til 1890 og nokre år deretter Cruise-skipsfart på veg inn Vi snakkar med ein medarbeidar – Lambrecht Haugen Nokre båttypar og utsetjingsutstyr Om geografi, samferdsel og næringsliv – og Fonnafly

30 31

1971-1980 Smakebitar frå samtida Frå lokalsamfunnet i 70-åra. Shipping og livbåtar Ein ny kunde dukkar opp av havet kring 1970 Bjørke Båtbyggeri/Harding i 70-åra. MOB – ”Mann-Over-Bord” – båten kjem Den overbygde livbåten overtar marknaden Namneskifte i 1974 Salsfunksjonen blir omlagd i 1975 Individuell cruise-fart Harding i fiskebåtmarknaden Passasjerkatamaranar Havari i Nordsjøen. ”Deep Sea Driller” mars 1976 og ”Aleksander Kielland” i mars 1980 Livbåt og davit/utsetjingssystem Fritt-fall livbåten kom og blei godkjend i 1978 Alt er mogeleg. ”Det umogelege tar berre litt lengre tid”.

32 33 36 39 41

42 43 43 44 44 46 47 48 50

53 55 57 59

60 61 61

62 65 72 75 77 79

82 83 83 84 85 85 85 88 88 89 89 90 90 92 94 97

4

0028_Nors bok innmat.indd 4

15.03.11 12.44


Eit livbåteventyr ved Hardangerfjorden

Medalje til Gerhard Skaala Gerhard var personleg tilbakehalden, men hadde eit sosialt engasjement Om messer, marknad, politikk og public relation Dei store produksjonsplattformene i Nordsjøen. Marknaden for livbåtar Vi snakkar med Clara Skaala Muradalen 3 1981-1985 Smakebitar frå samtida Frå nærsamfunnet i 80-åra Fritt-fall-båten i stål kjem. Seimsfoss blir utbygd. Produksjon i Alabama (USA) kjem i gang. Harding kjøper Lambie (Boats) UK. Leige-produksjon ved plastbåtverft andre stader. Endring i leiinga. Fritt-fall-båten styrkjer stillinga si. Seimsfoss blir bygd ut Stålstuparen kjem i 1981 Lambie (Boats) UK Alabama USA i 1983 Konstruktøren Geir Skaala om konstruktøren Gerhard Skaala Ein storkunde fortel om kvalitet og pris Endeleg ein vielsesbåt frå Harding Bedriftsidrett 1982 – 1985. Skifte i leiinga. Finansiell motvind Kina 1983 Muradalen 2 – etter 30 år 1985. Gerhard Skaala og familien tapar Harding AS, men bedrifta lever vidare. Gerhard blir ein aktiv pensjonist. Sonen Geir går inn i eit livbåtfirma i Grimstad og utviklar dette til ein ny stor livbåtutviklar og – byggar – også internasjonalt.

97

Lesarinnlegg i ”Grenda” 9. januar 2009 Gerhard Skaala sitt verk går vidare i to retningar. Den eine fører til Arendal og Norsafe AS og den andre er den direkte vidareføring av Harding AS til Schat-Harding AS i Kvinnherad. Produktutvalet ved Norsafe Norsafe går utanlands, men ekspanderer også i Noreg

98 99 102 103 104 107

Eit nytt forretningsområde i kjølvatnet av IMO 1206. Eit direktiv som gjeld alle i bransjen, også dei store i marknaden – Schat-Harding og Norsafe. Frå 1985 og fram mot 2009: Harding AS blir Harding Safety AS og deretter Harding-Watercraft AS og omsider Schat-Harding AS tilhøyrande Umoe-gruppa. Sluttord om dei to store i bransjen; Schat-Harding og Norsafe Om Rosendal og nærsamfunnet rundt 2009 Andre har ordet: ”Gerhard Skaala – båten og bygda”, ved Sjur Tjelmeland Skaparevne Kapasitetsauke Millionar til samfunnet Underleverandørar ”Gerhard – min arbeidsgjevar”, ved Lambrecht Haugen ”Hallvard Skåla – den fyrste tilsette i bedrifta”, ved Øystein Skaala Minneord ved Ingemar Presthus, Ølve … og endeleg til slutt Kjelder

108 108

109 111 112 113 113 114 118 119 119 120 120 121

126

127 129 132

134

134 138 139

142 143 144 144 145 146 147 148 149 150

123

5

0028_Nors bok innmat.indd 5

15.03.11 12.44


Eit livbåteventyr ved Hardangerfjorden

Føreord

D

Om vi skal dra fram nokre av dei sentrale eigenskapane som var føresetnader for at verksemda utvikla seg til eit internasjonalt ”eventyr”, må det vera hovudpersonen si intense skapartrong, lyst til å engasjera seg, ei sterk tru på si eiga evne til å gjennomføra ideane og oppfylla visjonane, arbeidslyst gjennom lange dagar og sjølvsagt dei nødvendige faglege kvalifikasjonane. Han var kompromisslaus på kvalitet, og produksjonen skulle gå føre seg lokalt og bidra til utvikling i bygdene. Er desse haldningane gått ut på dato? Tvert om, i dag konkurrerer vi som nasjon på alle plan internasjonalt. Meir enn nokon gong før treng vi skapartrong, høg kompetanse og lyst, vilje og evne til gjennomføring. Fleire av dei tidlegare tilsette i bedrifta har vore opptekne av verdien av desse eigenskapane og formidla til oss at dette bør stå sentralt i boka. Det er difor vårt ønskje at boka skal bidra til å setja fokus på desse kvalitetane, og på korleis vi møter, stimulerer og ivaretek dei. Når dette er nemnt, ønskjer vi å understreka at både hovudpersonen i boka og vi andre har vore merksame på at vi er stor takk skuldig alle dei tilsette som lojalt har lagt sine krefter og kunnskap inn i utviklinga av denne verksemda, og bidrege til ein suksess og eit eventyr. Boka er difor tileigna skapartrongen og alle medarbeidarane i livbåteventyret!

et er vårt ønskje at denne boka skal vere noko meir enn eit historisk tilbakeblikk på røtene til den vesle bedrifta Bjørke Båtbyggeri som starta med båtbygging mellom bjørketre under open himmel, vaks og utvikla seg, og vart ein pådrivar og internasjonal leiar i utviklinga av betre redningsbåtar til skip og oljeriggar. Ein kan gjerne seie at alt låg tilrette i etterkrigstida, at alt måtte byggjast opp att og at alle var klare til å ta fatt og løfta i flokk. Slik var det ikkje. Det meste mangla: elektrisk energi, råstoff og byggjematerialar, teknisk kompetanse og støtteordningar, for å nemna noko. Og det var heller ikkje slik at dørene stod opne for den som hadde lyst å prøva seg, særleg ikkje om ein tenkte nytt! Når vi tre brørne ser attende på vår oppvekst, slår det oss at vi vaks opp i eit stormsenter av uvanleg kreativitet, der punkt 1, 2 og 3 på dagsorden var å utvikla det beste av redningsmidlar for å berga menneske på havet i allslags vêr. Gamle syn på livbåtar og regelverk vart endevende og revolusjonerte, og sjøfartsstyresmaktene hadde si fulle hyre med å fylgja med på dei teknologiske framstega. Samstundes var hovudpersonen svært søkjande, han såg langt utover livbåtproduksjonen og hadde mange tankar om tema som ville krevja kunnskap, der det ville bli viktige aktivitetar innover i framtida. Det kunne vera industri, miljøproblematikk eller kombinasjonar av desse, og vi vart støtta og oppmuntra til å søkja våre eigne vegar.

Bjarte Skaala

Øystein Skaala

Geir Skaala

6

0028_Nors bok innmat.indd 6

15.03.11 12.44


Eit livb책teventyr ved Hardangerfjorden

7

0028_Nors bok innmat.indd 7

15.03.11 12.44


Eit livbåteventyr ved Hardangerfjorden

: Innleiing

K

vere eit farleg føretak. Dersom ulykka var ute var det få mogelegheiter til å kome frå den med livet i behald. Eit vendepunkt var forliset til ”Titanic” i 1912. ”Titanic” hadde livbåtar, men temaet ”sikkerheit til sjøs” var ikkje sett i system. Det 270 meter lange og 28 meter breie skipet hadde fleire livbåtplassar enn det som dei britiske styresmaktene på den tida forlanga. Gerhard Skaala var fødd åtte år etter ”Titanic” sin undergang. Men først i slutten av 1940-åra skulle han yrkesmessig begynne å interessere seg for ”sikkerheit til sjøs”. Av skipsforlis i freds- og krigstid hadde han sett at livbåten ikkje var ein garantist for ei endeleg berging. Dei som var om bord i det brennande eller søkkande morskipet kunne kome vel i livbåtane. Men ofte blei livbåten knust mot skipssida. For dei som var komne vel på sjøen, var likevel ikkje redslene over. Dei var overletne til seg sjølve. Ofte i eit forrykande uvêr, eller i stille vêr med minus 20 grader eller ei brennande sol i pluss 50 grader. Oftast med lite vatn, proviant og førstehjelpssaker. Heller ikkje hadde livbåtane ein tilfredsstillande dekning for uvenleg ver. Og dei hadde få eller ingen kommunikasjonsmidlar. Mange blei redda for deretter å omkomme i livbåten! Gerhard Skaala fatta interesse for heile breidda av farar som truga

ven var Gerhard Skaala?, spør du kanskje. Kort sagt: Han var mannen som bygde opp Harding til ein stor internasjonal utviklar og produsent av redningsutstyr for skip og boreriggar. Utan å trø nokon på tærne kan vi kalle han ”den moderne livbåten sin far”. Gerhard Skaala var fødd i Rosendal i 1920 og døydde i 1999. Men verket hans lever. Da Gerhard Skaala tok til med livbåtbygging rundt 1950 var Rosendal langt borte frå eit nasjonalt eller internasjonalt ”livbåtmiljø”. Mindre enn 30 år seinare var det i Harding og i Rosendal oppstått eit ”internasjonalt livbåtmiljø”. For Gerhard Skaala var distriktsutbygging i praksis meir enn hardt arbeid. Før det var det ein visjon. Gerhard Skaala har gjort noko som er utanom det vanlige. Han ragar høgare enn svært mange av sine samtidige. Han skaffa elektrisk kraft i eit kraftfattig distrikt og bygde opp ein industri med nesten 300 arbeidsplassar i eit industrifattig distrikt. Og han utvikla over åra betre og betre redningsutstyr for menneske i nød på havet. Alt var gjort utan storkapitalen i bakhand, og til dels med motstand både frå politikarar og presse. ”Sikkerheit til sjøs” er eit omgrep som har engasjert mange i det siste hundreåret. Før den tid kunne ei sjøreise

8

0028_Nors bok innmat.indd 8

15.03.11 12.44


Eit livbåteventyr ved Hardangerfjorden

Gerhard Skaala begynte i det små, som båtbyggar av tradisjonelle, mindre fritidsbåtar i tre. Men han gjekk snart over til bygging av livbåtar. Først på den tradisjonelle måten i tre med spant og bord. Etter få år gjekk han over til nye modellar, nytt byggematerial og nye utsetjingsmetodar. På denne måten ville han sjalta ut mange av dei farane som møter den skipbrotne frå det sekund han set foten i livbåten. I denne boka vil vi fortelje om denne ”gründaren” som gjorde ”sikkerheit til sjøs” til si livsoppgåve. Han var ein seriøs entusiast. Han tenkte alltid eit skritt vidare for den skipbrotne! Vi vil fortelje kva han gjorde i materialvalg, konstruksjon og utsetjingssystem for å redde liv. Vi vil ikkje trø etter han i kvart fotefar. Undervegs vil vi også gje smakebitar frå samtida. Samtidsbiletene tar ikkje mål av seg å vere verken representative eller dekkande. Men kanskje er dei dekkande nok til å gje fortida ein gjenkjennande identitet for dei av lesarane som har levd nokre år. Vi ønskjer deg ei god lesing eller gjennombladning. Det Gerhard Skaala gjorde er meir spennande enn du kanskje trur!

den uheldige. Etter ein del år med livbåtbygging i tre såg han at framtida ville krevje betre byggematerialar og nye utsetjingsmetodar. Han var ikkje aleine om ei slik erkjenning. I kapitlet ”Sikkerheit til sjøs” vil vi fortelje litt om det organiserte arbeidet med å auke sikkerheita til sjøs. For Gerhard Skaala blei ”sikkerheit til sjøs” eit livslangt engasjement. Han utvikla og produserte betre og betre livbåtar og utsetjingsutstyr. Han og Harding var med på å revolusjonere metodane for utsetjing. Er det ein anakronisme at ”den moderne livbåtens far” kjem frå Hardangerfjorden? Eigentleg ikkje. Ferdsel til havs var for alle i landet – spesielt i kystområda med vêrharde klima– gjennom tusenar av år eit dristig og livsnødvendig føretak. Båten si evne til å møte farane til sjøs var livsforsikringa til dei som var ombord. Båten blei brukt til å skaffe næring både i fiske og i fangst, i handel og samferdsel, i krig og i fred. Langs strendene i Hardangerfjorden har det utvikla seg ein stor og lang skipsbyggartradisjon. Dette hadde unge Gerhard sett i nærsamfunnet. Men han braut med hevdvunnen metode for bygging og val av materialar. Han var likevel tradisjonstru når det galdt målet. Båten skulle vere sikker, ei livforsikring for dei som reiser til sjøs.

9

0028_Nors bok innmat.indd 9

15.03.11 12.44


Eit livbåteventyr ved Hardangerfjorden

1 9 2 0 – 1940

: Smakebitar frå samtida

S

verdipapirbørsen i New York det verste krakket nokosinne. Papirformuar forsvinn på få timar eller dagar. Tyskland får ein ny Rikskanslar i 1933 – Adolf Hitler. Hyggelegare er det at norske Kirsten Flagstad i 1935 gjer ein sensasjonell debut på Metropolitan i New York. Bilane er også komne til Noreg. I 1936 har vi 71.000 mot 14.000 i 1920. På den politiske scenen går Mowinckel (Venstre) og Nygaardsvold (AP) kjem. Glenn Miller lanserer ”In the Mood” som blir ein populær slager. I juni 1939 blir Fornebu flyplass ved Oslo opna. Men meir dramatiske ting skjer; Tyskland går til angrep på Polen i september. Sovjet og Tyskland deler Polen mellom seg. Sovjet går til angrep på Finland i november og Tyskland gjer invasjon i Noreg og Danmark i april 1940. I mai marsjerer Tyskland inn i Nederland, Belgia, Luxemburg og Frankrike. Diktatura slår til!

ovjetunionen blir stifta i 1922. Frå tsarens diktatur til ”proletariatets diktatur” blei det sagt på den tida og 80 år deretter. I Kristiania kom dei i gang med prøvesendingar for radio. George Gershwin publiserte ”Rhapsody in Blue”. I åra etter den første verdskrigen var inflasjonen eit problem. På det verste i november 1923 steig dollaren med 613.000 mark pr. sekund i Tyskland. På svartebørsen kosta ein dollar opp til 12 billionar mark. Et brød kosta derimot berre 260 milliardar mark. Hovudstaden Kristiania får tilbake det gamle namnet sitt – Oslo – frå 1. januar 1925. Også vårt land hadde hatt forbod mot brennevin, slik som i USA. Dette blei oppheva i 1927. Same året kryssa Lindbergh Atlanteren med fly aleine. I 1929 oppdagar Alexander Flemming penicillinet som blir ein banebrytande medisin. Og i 1929 opplever

10

0028_Nors bok innmat.indd 10

15.03.11 12.44


Eit livbåteventyr ved Hardangerfjorden

: Rosendal og nabobygdene i 1920-åra

P

å denne tida var det stor avstand mellom Rosendal, Løfallstrand og Seimsfoss. Ja, ikkje slik at den fysiske avstanden er redusert i mellomtida, men i 1920-åra var transportmidlane få og saktegåande. Vegar var det, og dei var tilpassa tida sine kjøretøy. Hest og vogn, eller til fots. Og kanskje ein sykkel her og der. Med slike framkomstmidlar blir kontakten sjeldnare. Folket i bygdene blir mellom seg. Den første bilen kom til Sunde – veldig langt borte den gongen – i 1926. I 1934 begynte HSD med bilruter i distriktet vårt. Men så tidleg som i 1928 hadde Bjarne Thorsen, også på Sunde, begynt den første form for biltransport i rute. Fjorden var den samanbindande ferdselsvegen. Mellom nære bygder var robåt med og utan segl, samt motorbåt viktige for samkvemmet mellom kjende og slektningar. Og for å kjøpe det viktigaste eller selje produkt frå garden. HSD bind bygdene saman i eit rutenett med dampbåtane sine, og sørgjer for basisforsyningar til og frå byen. Bussar og ferjer var enno ikkje komne. Vegutbygginga var ikkje langt komen og overgangen frå sjø til land måtte dei som levde rundt 1920 venta på i mange år. Radio eller fjernsyn hadde forfedrane våre heller ikkje. Nyheitene kom med avisene, og da var nyheitene allereie ein dag gamle. Telefon hadde Rosendal hatt frå 1898, til liks med dei nærliggande bygdene. Telefonsentralen var manuell og open berre nokre timar kvar dag. Bygdene – i alle fall på sørsida – hadde høge fjell i ryggen, og dei strekte seg innover til Folgefonna. Mot nord og vest hadde bygdene glede av Hardangerfjorden som på denne tida også ga til dels gode mengder brisling. Brislingen var grunnlaget for hermetikkindustrien litt lenger ute langs fjorden. Dette ga arbeid for mange – men ofte berre sesongarbeid – i eit industrifattig område. Kulturelt var bygda langt framme for å vere eit lite bygdesamfunn. Musikklaget vart stifta i 1896, songlaget i 1883 og turnlaget i 1901. Skyttarlag var det og. Folkeskulen på Malmanger var rett nok bygda sin einaste skule. Huset var heller enkelt og bygd i 1893. Folkeskulen var også i 20-åra 7-årig, men elevane var så få at ein ikkje kunne ha eige klasserom til alle klassane. Derfor gjekk elevane berre annankvar dag og måtte dele klasserom med ein annan klasse. På folkeskulen var Abel Seglem og Marie Teigen lærarar.

Frå supermarknaden i 1920. Her hos Johs. L. Ness som opna landhandel i Rosendal i 1887. Bak disken kan vi skimta Ragnvald Ness (1900 – 1975) – son av Johs. L. Ness. Huset som husa folkeskulen på Malmanger i Rosendal vart bygd i 1893. Det hadde to undervisningsrom nede og eit ovanpå. Det andre rommet i andre høgda vart nytta av folkebiblioteket. Bildet er tatt av Røvde og viser 17. mai-prosesjonen i 1918.

11

0028_Nors bok innmat.indd 11

15.03.11 12.44


Eit livbåteventyr ved Hardangerfjorden

gen i bygda i desse dagane. Nokre få hadde vatn frå den vassleidningen som opphavleg leverte vatn til kaptein Jensen sitt elektrisitetsverk på Vang. Dei fleste henta vatn frå brunn eller kjelde i nærleiken, eller hadde ein røyrleidning frå ei nærliggande kjelde eller bekk. Vassklosett, kloakk­system eller søppeltømming eksisterte ikkje. Jordbruket var hovudnæringsvegen, men m.a. på Ullvarefabrikken, Skaalurens Skibsbyggeri, Jøraknuten, Indigo fargefabrikk og i butikkane var det ein del arbeidsplassar utanom jordbruket. Snikkarverkstaden i Rosendal kom først i 1926. Rosendal var for bygdefolket, og nokre mindre bygder i nærleiken, eit viktig innkjøps- og service­ sentrum. Her var det nokre butikkar for daglegvarer, bakeri, nokre få spesialforretningar, fotograf, skomakar, lege, prest og lensmann. Lensmann fram til 1927 var Andreas Meidell, og etter at han døydde blei svigersonen Sigurd Malmanger lensmann. Banken og kommunestyresalen var i Omvikdalen/Dimmelsvik. Skålakaien i Rosendal var dominert av dei store dampbåtane frå HSD både tidt og ofte, men kaien var og godt besøkt av små motorbåtar og robåtar frå Snilstveitøy/ Kalven, Hatlestrand, Ølve, Varaldsøy, Ænes og Mauranger. Ofte var det slik at ein del personar slo seg saman for å reise til Rosendal på innkjøpstur. Det var på desse tider ingen veg til Lyngstand, Ænes og Mauranger. Alt gjekk til fjords. Sjølv om butikktilbodet var godt etter den tidas målestokk, må vi huske at forsyningssystemet var annleis. Det var i 20-åra ein høgare grad av naturalhushaldning enn i dag. Mykje av det som blei brukt på gardane blei og produsert der. Skulle kjøt lagrast måtte ein salta, røyka, tørka eller hermetisera. Ein slakta gris skulle vara lenge. Ein frysar i kjellaren hadde dei ikkje. Poteter og grønsaker blei, i den grad det var mogeleg, lagra der gjennom vinteren. Korn blei levert til eiga mølle eller ei bygdemølle og deretter brukt i eige hushald. Ein god del innkjøp som i dag skjer på supermarknaden gjekk direkte frå produsent til eige forbruk eller til konsumentar som ikkje sjølv hadde landbruk som næring eller hobby. Sett bort frå dette, var vareutvalet i Rosendal i 20-åra vesentleg mindre enn i dag. Antakeleg ville mange av oss funne det tungt å legge om til den tids varetilbod i eige hushald i dag. Stemmene ved stortingsvalet i 1921 fortel litt om dei

”Baroniet” representerte med sitt nærvær og historie ein form for kultur, rett nok ikkje veldig handgripeleg i desse dagar. Den såkalla Rosendalskulen som eksisterte der nokre år vart nedlagd. Slottsbygningen blir gjerne kalla Skandinavias minste slott. Det stod ferdig i 1665 og vart bygd av den danske adelsmannen Ludwig Rosenkrantz. Turnhallen hadde stått ferdig frå 1904. På det tidspunktet var huset eit av dei største på landsbygda på Vestlandet. Ikkje lenge etter kunne gjestene i turnhallen nyte elektrisk lys i festlege lag. Straumen kom frå kaptein Josef Jensen sitt vesle elektrisitetsverk på Vang frå 1906. Eit viktig tema for turnlaget rundt 1920 var å skaffe laget og bygda ein idrettsplass. Hestasletto var til no også brukt som idrettsplass, men plassen ga få mogelegheiter for eit breitt utval av idrettsøvingar. Tidleg hadde laget sett seg ut området der utstillingsplassen er no, men først i 30-åra blei idrettsplassen bygd her. Men mange år fekk han ikkje ligge. Den store flaumen i 1940 øydela den delvis ferdige plassen totalt. Kyrkjebygningen frå år 1250 er for ei så lita bygd både stor og monumental. Kyrkja skal vere ei av dei største steinkyrkjene frå middelalderen. Den er bygd i romanskgotisk stil til dels av kleberstein frå området. Veggene er 1.2 meter tjukke. Rundt 1920 og fram til 1923 var Nils Andreas Andersen prest og etter han kom Ole R.E. Weibust, som mange av lesarane i dag også vil hugse. I bygda var det mange lag og foreiningar med forskjellige gode formål, men hovudsaka var å hjelpe menneske i nød. Elektrisitet hadde bygda hatt sidan 1913/14 og meir kom i april 1920 frå Muradalen, men alle såg seg ikkje råd til nødvendig installasjon og kjøp av elektrisk kraft. Framleis var oppvarming og koking basert på ved. Eit spor av vedbruken ser vi når vi samanliknar bilete av f.eks. Skålafjellet frå 1920 med i dag. Fjellet var snauare, det blei hogd meir brenneved den gongen enn i våre dagar. Det var vanleg at ein brukte 10-15 mål ved på ein gard i dei tidene. Vegetasjonen i fjelliene bar preg av at det var meir sau og geit den gongen. Dei gnagande husdyra våre tok det dei såg som smakte godt. Det var vanskeleg for en liten busk å bli meir enn ein liten busk. Rennande vatn frå ein kommunal leidning hadde in-

12

0028_Nors bok innmat.indd 12

15.03.11 12.44


Eit livbåteventyr ved Hardangerfjorden

og bygdene i nærleiken hadde, med eit sterkt jordbruk og lite industri, kom lettast frå den kommande vanskelege perioden. Målt i kroner var den totale produksjonen i landet (BNP=bruttonasjonalproduktet) 94 milliardar kroner, eller 35.000 kroner pr. person. Ved utgangen av hundreåret var BNP komen opp i 1470 milliardar kroner. Men vi var da blitt 70% fleire som skulle dele kaka. Trass i dette hadde BNP pr. person stege til 325.000 kroner; altså vel 9 gonger meir enn i 1920. Alle beløp er rekna i ”år2000-kroner”. Men ikkje berre BNP var blitt høgare. Også rekruttane. I 1920 var dei i gjennomsnitt 171,4 cm og i år 2000 179,9. Dette var ein auke på 8,5 cm eller 5% på 80 år.

politiske straumane i kommunen. Venstre fekk 899 stemmer (56%), Høgre 257 stemmer (16%) og Bondepartiet 453 stemmer (28%). Arbeidarpartiet fekk berre 4 stemmer. Av 2803 stemmeføre hadde 1613 eller 58% stemt. Bonde­partiet vart stifta så seint som i 1920. Lokallaget i Kvinnherad vart stifta av ordførar Ingemar Traavik. Noreg hadde i 1920 2.650.000 innbyggarar. Tida etter den store krigen frå 1914 til 1918 var god, men farar truga i framtida. Verdssamfunnet skulle omstille seg frå krigsproduksjon til fredstid. Arbeidsløysa steig kraftig og sosialt elende med den. Samfunn av det slag som Rosendal

: Barndom og oppvekst

D

av sitt yrkesaktive liv. I daglegtale blei han omtala som Sagemannen. Han var ansvarleg for drifta av oppgangssaga som kom i 1917 og høvleriet som kom i 1923. Han passa på at maskinhuset fungerte. I maskinhuset stod ein dieselmotor som var tilknytt ein generator som kunne produsere 50/60 kW. Men han var ikkje berre mekanikar. Han var og med som trearbeidar spesielt ved innreiinga av båtane. På Verven blei det bygd tradisjonelle båtar i tre. For det meste fiskebåtar. Mora, Sofie Johanne, fødd Flatebø (1888 – 1969), var frå Nordrepollen i Mauranger. Dei gifte seg i 1918. På denne tida var vegen til Nordrepollen lang og tung. Veg til lands var det ikkje. Fjorden var vegen som i tusenvis av år før. Vi lar Haldis Havnerås (f. Bondhus) fortelje: ”Sofie Johanne høyrde til dei ungjentene frå Mauranger som blei send til Rosendal for å arbeide på Ullvarefabrikken eller arbeide som tenestehjelp i ein heim eller på ein gard. Sofie Johanne arbeidde hos ein familie på Nes i Rosendal. Og slik kom det til at ho og Gotskalk trefte kvarandre. Når Gotskalk

et nye sjølvstendige Noreg frå 1905 var berre 15 år da Gerhard Skaala slo augo opp i Rosendal 31. mai 1920. Et par hundre vegmeter ovanfor Kvinnherad Kyrkje frå år 1250, men 87 høgdemeter over Hardangerfjorden. Ja, Kaare Skaala (”Når togna talar”) meiner at fjorden gjekk opp til Bjørke for mange år sidan. ”Ein gong for ikring 9800 år sidan, lende dei skinnbåtane sine mot grusbankane 87-88 meter over fjorden i dag, og gjorde dei første stega over Bjørkesøyro. Med undring såg dei mot iskanten litt inne på øyra… ” Etterkvart som isbreen smelta blei landet lettare. Landet steig så å seie opp av havet. Og i dag ligg altså fjorden 87 meter under Bjørke der Gerhard starta framtida som industribyggar i bransjen ”sikkerheit til sjøs.” Frå Bjørke er det ein storslått utsikt over fjorden. Men om denne sjøutsikten var med å bestemme Gerhard Skaala si seinare interesse for sjø og ”sikkerheit til sjøs” er ikkje kjend. - Far til Gerhard, Gotskalk (1886-1959) arbeidde på Skaalurens Skibsbyggeri (Verven) mestedelen

13

0028_Nors bok innmat.indd 13

15.03.11 12.44


Eit livbåteventyr ved Hardangerfjorden

Biletet er frå starten av 1930-åra. Gotskalk og Sofie står bak. På benken sit Halvard til venstre og Gerhard til høgre. Guten i midten er ikkje kjend.

14

0028_Nors bok innmat.indd 14

15.03.11 12.44


Eit livbåteventyr ved Hardangerfjorden

Biletet er antakeleg frå ca. 1926. Guten med båten er Gerhard. Har han allereie bestemt seg for å bygge båtar? Båten hadde han fått av ein nevenyttig nabo, Helge Skaaluren (1905-1973).

og hadde difor nok av alt”, seier ei kjelde. At Sagemannen også hadde hjartelag fortel denne episoden som vi har saksa frå ”Fjæreskulen” av Johannes Hus (årgang 1933): ”…Eit av dei gode minna eg har etter Sagemannen er om beksaumstøvlane eg fekk av han. Det hadde seg slik at då eg var kring fem år måtte eg på sjukehus. Det var på den kalde årstida og eg hadde ikkje høvelege sko å reisa i. Foreldra mine hadde ikkje råd til anna enn sjølve reisa fram og attende. Dette fekk Sagemannen greie på, og det er noko av det fyrste sikre eg hugsar. Eg tykkjer enno eg kan sjå for meg dei nye, fine skoa han stilte opp med og gav meg til odel å eige. Ikkje rart eg tykte eg hadde ein god ven!…” Gerhard gjekk på folkeskulen mellom 1927 og 1934. På

skulle fri i 1917 rodde han inn til Nordrepollen. Ca. 25 kilometer ein veg. Ingen veit sikkert kor lang tid det tok, men ei god gjetting er 7 timer. Dette var ein laurdag. Sofie Johanne var på stølen Kattura, litt opp i Flatebødalen mot Jondal. Med båten godt fortøydd og 7 timar på tofta var det godt å strekke på beina den timen det tok til støls. Han var endeleg ved målet – Sofie Johanne på Katturastølen. Det blir sagt at det formelle gjekk greitt unna. Søndag gjekk turen same veg tilbake. Gotskalk hadde eit ja med i bagasjen, og bryllaupet stod på Bjørke i 1918.” Og i 1920 kom Gerhard til verda. Mora var den strengaste i familien. Gotskalk var mildare, men begge var nøkterne menneske. ”Dei var vane med å greie seg med lite

15

0028_Nors bok innmat.indd 15

15.03.11 12.45


Eit livbåteventyr ved Hardangerfjorden

Frå bryllupet på Bjørke i 1918

50 meter ovanfor går for full gass utan belastning. Den måtte regulerast manuelt. Ofte var unge Gerhard med. På eit vink frå faren , som passa oppgangssaga, stilte han motoren ned til eit passande arbeidstempo når stokken var ferdig saga. ”Ein dag”, seier Knut E. Skåla (f. 1934) ”var Gerhard ikkje med faren, men det hadde Sagemannen gløymt. Tømmerstokken var skoren til ende. Men dieselmotoren raste vidare i eit høgare og høgare tempo. Då det gjekk opp for Sagemannen at Gerhard ikkje var der, sprinta han sjølv opp til maskinhuset for å regulera motoren. På verven vart det sagt at aldri hadde nokon sett Sagemannen i sprint – verken før eller seinare.”

denne tida var det skule annankvar dag over sju år. Skulehuset på Malmanger er borte no. Men det låg på andre sida av riksvegen for skulen i dag. Gerhard var ikkje særlig begeistra for å gå på folkeskulen. ”Den vert hugsa som unyttig og uinteressant, og sett tilbake på utan glede”, seier ei kjelde. Han blei konfirmert i 1934. I skuleåra besøkte han ofte faren på Verven. Her skjedde det noko. Noko av det mest interessante for den unge Gerhard var når faren skulle skjære tømmer på oppgangssaga. Dieselmotoren blei starta og elektrisk kraft kom frå generatoren. Å sage ein tømmerstokk på langs med fleire skjær er ein kraftkrevjande operasjon. Men når stokken er til ende blir oppgåva for saga plutselig veldig lett. Saga går på tomgang medan dieselmotoren i maskinhuset

16

0028_Nors bok innmat.indd 16

15.03.11 12.45


Eit livbåteventyr ved Hardangerfjorden

Konfirmasjonsbilete frå 1934. Første rad frå venstre - sitjande:

Gerhard Skaala, prest Ole Weibust, Lars Mehl (Tue-Lars), Gustav

ukjend, Margrete O. Hjelmeland, Emma Skeie, Anna Eik, Tordis Mal-

Hansen, Bjørg Eikeland f. Hatteberg, Margrethe Naterstad Hansen.

manger, Sigrid Seim, Agnes Stuland, M. Eidsvik. Andre rad frå ven-

Tredje rad frå venstre: ukjend, ukjend, Ludvik Knutsen Huse, Bjarne

stre: Wenche Skaaluren f. Lea, Sara Hjelmeland f. Skeie, Per Røyrvik,

Hjelmeland, Anton Hjelmeland, Knut Olai Mehl, Øystein Omvik.

17

0028_Nors bok innmat.indd 17

15.03.11 12.45


Eit livbåteventyr ved Hardangerfjorden

: Ungdomsår i arbeid og hobby

G

erhard hadde tidleg interessert seg for musikk. Ein av musikkvenene hans, Øyvind Fossheim (f. 1917) – organist i Kvinnherad kyrkje og Uskedalen kyrkje i 30 år m.m. hugsar tilbake og seier i ein samtale i oktober 2004 at Gerhard var meir enn alminneleg musikalsk utrusta. Rosendal var ei bygd med gode mogelegheiter til å dyrka ei musikalsk interesse. Kvinnherad kyrkje var ei av dei første som fekk orgel, rett nok lenge før Gerhard si tid. Dette var eit godt grunnlag for dei som var interesserte i song. Rosendal Songlag vart stifta i 1883 og Rosendal Musikklag i 1896. Gerhard hadde tidleg tatt mål av seg å spela i ”musikken” og allereie i 1936 ser vi han på fremste benk i uniform med trompeten i handa saman med 19 korpskameratar.

Biletet er av Rosendal Musikklag i 1936. Bak frå venstre: Johannes J. Mehl, Gotskalk Skåle, Johan Røvde, Sigfus S. Mehl, Leif Klette, Sigurd Bjørke. Midten frå venstre: Helge Skåluren, Edvart Fjørtoft Neraal, Lars S. Mehl, Tor Hatteberg, Ragnvald Ness, Kristian J. Mehl, Lars J. Mehl. Sitjande frå venstre: Sigurd Hatteberg, Ludvig Eik, Gerhard Ness, dirigenten Johan Klette, Sigvald Ivarhus, Gerhard Skaala, Jon Bjørke. Biletet har vi tatt frå musiklaget sitt fine 100 års-skrift frå 1996 ”Still dine strengjer”.

: Som gartnar og elektrisitetsutbyggar i 30-åra

S

”smitta” av vasskraftutbygging. Han hadde med eigne auge sett at eit moderne elektrisitetsverk med relativt små mengder elvevatn og få meter fall blei omgjort til nokså store mengder elektrisk energi. Etter den tida si målestokk. Dessutan kunne energien overførast til bruk andre stader enn ved elva. - For å fylle fritida monterte han ein liten elektrisk motor på rokken til mora. Dette hadde han lova mora som liten gut: ”Når eg blir litt større skal eg setja motor på rokken din, mor!” Gerhard snekra dessutan små leiketøysbåtar med springfjærdrevne urverk for propellerframdrift ombord, laga mandolinar, kjelkar, ski, vevstolar og ein del andre saker.

kulegangen vart førebels avslutta med folkeskulen i 1934. Men Gerhard var svært aktiv i arbeid og i hobby i åra frå 1934 til 1938. Dette siste året starta Kvinnherad kommunale mellomskule. - Han arbeidde som hjelpar hos gartnar Andersen ved Stamhuset Rosendal 60 timar i veka i åra etter folkeskulen, og var med på å bygge opp Skålaverket på ny i 1937. Elektrisitetsverket vart øydelagd av lynnedslag i 1936. Gerhard blei av mange eldre kollegaer på arbeidsplassen, på grunn av kunnskapar utanom det vanlege, meir eller mindre nytta som ”formann” - 17 år gammal! Ein samtidig, søskenbarn Harald Mehl, hevdar at Gerhard under dette arbeidet blei

18

0028_Nors bok innmat.indd 18

15.03.11 12.45


Eit livbåteventyr ved Hardangerfjorden

: Som band manager

M

en mandolinane skulle det spelast på. Han tromma saman ungdom frå bygda og skapte bygda sitt første og antakeleg einaste mandolinband med desse utøvarane: Millie Kroka (f. 1925), Edvin Uglehus (f. 1924), Harald Mehl (f. 1925), Knut Lie (f. 1924+1942) og seg sjølv. Notane for musikken skreiv Gerhard. Mandolinbandet hadde si glanstid i 1937/38. Altså vel eit år før Glenn Miller gjekk til topps med ”In the Mood”. Men denne melodien var vel meir tilpassa eit ”brassband” enn eit mandolinband med fem ungdomar frå Rosendal. Bandet løyste seg naturleg opp etterkvart som vidare skulegang for enkelte medlemmer blei aktuell.

: Med fin sykkel med gir. Frakk er bra, men trompet betre!

P

engane han tente tok han godt vare på for å bruke i investeringar i utdanning, konstruktive hobbyar og utstyr. ”Det einaste som kanskje kan kallast ekstravagant”, seier ein samtidig, Per Eikeland (1923-2005), ”var at Gerhard kjøpte ein flott sykkel i 30-åra - med gir! Men, dersom dette var ekstravagant må vi kunne godta det. Gerhard var eit multitalent, ein ”Petter-Smart” og ein einar. Grunnretninga hans var seriøs og skapande for seg og for andre”. Den fine sykkelen var sikkert den første av sitt slag i bygda. Ei anna kjelde, som arbeidde saman med Gerhard hos gartnar Andersen i baronihagen, fortel at ho lærde å sykla på denne sykkelen. Knut E. Skåla, med mor si som kjelde, fortel: ”Mor til Gerhard hadde ein gong i slutten av 30-åra sendt Gerhard til Bergen for å kjøpe ein frakke. Han brukte tida i byen til å beundra dei fine forretningane med fine utstillingar innanfor store glasruter. Han fann vareutvalet svært stort, også av frakkar. Men i musikkforretningane var det skinnande messinginstrument i mengder. Hobbyen vann. Gerhard kom heim til Rosendal utan frakk, men med ein ny trompet! Mora fekk høyra trompeten i øving i tide og utide, og betrudde seg til ei venninne: Hadde han berre kjøpt frakke i staden for trompet.”

19

0028_Nors bok innmat.indd 19

15.03.11 12.45


Eit livbåteventyr ved Hardangerfjorden

: Som handelsgartnar og som båtbyggar

I

baronihagen hadde Gerhard fått augo opp for blomar og andre nytteplanter. I starten av 40-åra bygde han eit vedfyrt drivhus i hagen heime på Bjørke. Her dyrka han krysantemer, grønsaker og eit par år seinare tobakksplanter for sal. Bak seg hadde han allereie leveringa av ”Uni”, ein lystbåt på 24 fot for Johannes Presthus – ein reiar frå Ølve/Bergen. Med seg i arbeidet hadde han hatt faren og eit par andre – alle på deltid. Konstruksjonen av båten er verd eit par linjer. I nærleiken av Bjørke ferierte ein familie frå Bergen om somrane. Familien hadde ein fin fritidsbåt med ”racerbåtlinjer”. Ein nevenyttig mann i nabolaget, Helge Skaaluren, laga ein svært god modell av båten. Gerhard overførde deretter alle måla til linjeteikningar slik at det var mogeleg å bygge ein liknande båt. I båten blei det sett inn ein Marna motor på 8 hk. Den fine båten måtte derfor ta til takke med ein heller lav fart. Denne båten ga Gerhard byggenr. 1. Han var blitt 19 år gammal. Det var den første av fleire som skulle leverast frå verkstaden på Bjørke og ta den smale vegen forbi kyrkja. Transportane skulle etterkvart bli både større og oftare.

Frå rosehagen i baroniet. Gerhard arbeidde som hjelp for gartnar Andersen i 30-åra. Foto: Helge Sunde

: Gerhard søkjer meir utdanning. Middelskule 1938 – 40

G

erhard blei hausten 1938 elev på middelskulen i Rosendal, og tomla med planar om å bygge fritidsbåtar av tre på Bjørke. Gerhard var allereie blitt 18 år og dermed opp til fire år eldre enn mange av klassekameratane. Han var nok derfor meir moden enn mange andre. Dette hjelpte han i skulearbeidet som ser ut til å ha falle lett. Men aldersskilnaden var kanskje for stor til å skape mange nære personlege kontaktar med dei andre. ”Gerhard var ingen typisk pratsom type – kanskje heller litt tilbakehalden”, seier ein medelev. Etter å ha høyrt om pensum utanom skulen skulle vi tru at det blei lite tid for pensum på skulen. Karakterboka, i handskrifta til den legendariske Ragnvald Guddal, fortel noko anna. Berre M-ar, monotonien av og til broten av ein S. Dei siste tre perioderesultata før eksamen ga S i hovudkarakter.

20

0028_Nors bok innmat.indd 20

15.03.11 12.45


Eit livbåteventyr ved Hardangerfjorden

Han hadde energi til skulen og. Arbeidskrafta og aktivitetslysta til Gerhard var for mange samtidige vanskeleg å følgje. På eit område synest Gerhard likevel å ha investert lite tid og lyst. Innanfor leik og sport i oppvekståra finn vi han lite eller ikkje. Den andre verdskrigen begynte for landet vårt 9. april 1940. Tyskland invaderte Danmark og vårt land. For ein del land, m.a. Polen, hadde krigen starta noko tidlegare. Sovjet hadde invadert Finland. Også norske sjøfolk var mellom dei som følte at krigen hadde begynt før april 1940. Det var krisestemning i landet og okkupasjon av tyske soldatar. Gerhard og skulekameratane skulle inn i dei avsluttande to månader på middelskulen, med eksamen i juni 1940.

: ” E g v i l b y g g j a b å t a r.”

M

også handverksmessig var han ualminneleg god. Men kvifor ville Gerhard absolutt bygga båtar? Han hadde rettnok som 19-åring levert sin første 24-fots fritidsbåt. Men var det meir å tolke som eit velvaksent hobbyarbeid enn som ein del av ei framtidsplanlegging? Kanskje var han også påverka av Rosendal og Sunnhordland sine store skipsbyggartradisjonar? Mange gode og sjødyktige trebåtar var bygde i Skålafjøro og på beddingar i nærleiken. Den mest kjende er nok ”Gjøa” som blei brukt av Roald Amundsen da han gjorde den første reisa gjennom nordvest-passasjen mellom Grønland og Canada frå 1903 til 1906. ”Gjøa” – ei Hardangerjakt - blei bygd av Jøraknuten i 1872. Frå Bjørke kunne Gerhard følgje med i båttrafikken på fjorden. Og av og til var han med faren på arbeid på Ver-

ora var – utruleg nok - i tvil om den aktive Gerhard kunne stake ut si eiga framtid. Han hadde så mange jern i elden. I nærleiken av familieheimen på Bjørke hadde eit lite forsikringsselskap, Kvinnherad gjensidige Brandtrygdelag, kontoret sitt. Og dei hadde bruk for ein kontormann ekstra. Mora meinte at Gerhard burde søkje framtida si i forsikring. Ho fekk meir eller mindre lovnad om at Gerhard kunne få stillinga, dersom han ville. Mora hadde nok ikkje rekna med motstand og blei overraska da han svara: ”Eg vil ikkje inn i forsikring. Eg vil byggja båtar.” Mora reagerte sterkt på at den halvvaksne Gerhard ikkje ville lyde fornuftige råd frå henne. Ho sa at han frå no av kunne halde seg sjølv med kosten. Og slik blei det. Gerhard var arbeidsam og ein teknisk begavelse, men

21

0028_Nors bok innmat.indd 21

15.03.11 12.45


Eit livbåteventyr ved Hardangerfjorden

Samtidsvitner seier at biletet er tatt ved kyrkja i 1939. Båten

ven. Her og andre stader i Rosendal kunne han sjå båtbygging i praksis. Her var handverkarar med lang erfaring og dugleik i gang med å omsette lang båtbyggartradisjon til nye båtar. Dampbåttrafikken på fjorden kunne vere livlig. Rosendal var eit knutepunkt i rutenettet. Ofte møttest her fleire båtar samstundes for å flytte last og passasjerar frå den eine til den andre. Dampskipskaien var om kveldane og i helgene ein samlingsplass for bygdefolket. Her fekk dei oppleva litt av verda utanfor. Dei reisande observerte bygdefolket og omvendt. Dampskipa var navlestrengen som batt bygdene saman med storsamfunnet. Dei hadde post, aviser og forbruksvarer med til oss, og tok med seg råvarer og post attende til byen. I tillegg kom dei som reiste i arbeid eller i fritid. Båtar, samferdsel og elektrisitetsproduksjon skulle spele ei stor rolle for Gerhard framover. Krigen kasta ein skygge over framtidsplanane. Det blei vanskeleg å skaffe byggematerialar, motorar, delar og drivstoff. Og kundane, i alle fall for fritidsbåtar, var ikkje mange. Elektrisitetsforsyninga i bygdene var blitt svært dårleg etter at ein stor flaum hadde øydelagd Muradalsverket (1) i november 1940.

heiter ”Uni”, er på 24 fot og skulle leverast til Johannes Presthus. Den stolte byggmeister, Gerhard, står i båten.

Jakta ”Gjøa” blei bygd i Rosendal i 1872 av Knut Johannessen Nes. Den er 70 fot lang og 20 fot breid, og hadde en djupgang på 10 fot. Tonnasjen utgjorde 47 netto registertonn. Jakta blei seinare forsterka med ishud og ein glødemotor blei montert. Ein 13 hk ”Dan”, den første i Norge. Seglføringa var 284 m2. Natta mellom 16. og 17. juni 1903 segla ”Gjøa” ut frå Tromsø for si tre år lange reise gjennom Nordvestpassasjen. Og Roald Amundsen var sjefen.

22

0028_Nors bok innmat.indd 22

15.03.11 12.45


Eit livbåteventyr ved Hardangerfjorden

Frå Skålakaien, Rosendal, ein sommardag i 1930 åra. D/S ­” Vøringen”, den finaste dampbåten i HSD sin flåte, er på besøk. Til venstre Guddalsbuo og til høgre huset der Helge Guddal og Sigurd Bjørke hadde kjøt- og fiskeforretning.

23

0028_Nors bok innmat.indd 23

15.03.11 12.45


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.