BRUKARMANUAL PLANY LUSESKJOLD

Page 1

BRUKARMANUAL

PLANY luseskjold - 2014 Verneduk mot påslag av lakselus

plany.no

I denne brukarmanualen finn du: • oversikt over oppbygging, bruk og vedlikehald • rettleiing for utsettjing/montering og utskifting av • informasjon om eventuell påverknad på anna utstyr PLANY Luseskjold oppfyller standardkrava til ekstrautstyr for flytande oppdrettsanlegg. (NS 9415:2009)

1


BRUKARMANUAL

PLANY LUSESKJOLD - 2014

PLANY Luseskjold er resultatet av ein lang og grundig utviklingsprosess, der både oppdrettarar, våre eigne fagpersonar på havbruk og eit solid team av utviklarar har vore involvert. Målet var å finne ei løysing som både kunne redusere behovet for avlusing, lette arbeidet til oppdrettaren og bidra til betre fiskehelse. PLANY Luseskjold syner seg å ha god effekt på alle desse områda. Plany AS har levert gode presenningsløysingar til oppdrettsnæringa heilt sidan 1980-talet. Vi samarbeider alltid tett med næringa og dei enkelte oppdrettarane, og er ofte ute på merdane for å lytte og lære, tenkje høgt og teste ut nye idear.

Ansvarleg: Kenneth Brandal Gyldig frå 01.07.2014 Godkjent av Aquastructures AS.

PLANY Luseskjold er utvikla for å redusere påslag av lakselus i oppdrettsanlegg. Skjoldet hindrar kopepodittar av lakselus i pelagiske stadium å nå oppdrettsanlegget, ved å avleie straumen i dei øvre vassmassane. I denne brukarmanualen finn du: • oversikt over oppbygging, bruk og vedlikehald • rettleiing for utsettjing/montering og utskifing • informasjon om eventuell påverknad på anna utstyr PLANY Luseskjold oppfyller standardkrava til ekstrautstyr for flytande oppdrettsanlegg. (NS 9415:2009) Leverandør: Plany AS Haugsbygda 6082 Gursken Org.nr.: 918346651

2


Innhald

Innleiing

ISO 9001/14000

1

Leverandør, produktidentifikasjon og eventuelle

endringar av produktet

2 2

1.1 Om leverandøren Plany AS

4

1.2 Identifikasjon av produktet

4

1.3 Endring av produktet

4

2

5

Skildring av PLANY Luseskjold

2.1 Funksjon

5

2.2 Komponentar/oppbygging

5

2.3 Definisjonar/spesifikasjonar

5

2.3.1 Band

5

2.3.2 Løfteband

5

2.3.3 Monteringsstroppar

5

2.3.4 Stålringar

5

2.3.5 PVC-duk

5

2.3.6 Polyesterduk

5

2.3.7 Kjetting

5

2.3.8 Totalvekt

5

2.4 Sporing

5

2.5 Føresetnader og avgrensingar i bruken av utstyret

5

2.6 Størst tillatne laster

5

2.7 Prosedyre ved eventuell skade på produktet

5

3

6

Montering

3.1 Kvalifikasjonskrav til monetringspersonell

6

3.2 Krav til ettersyn/kontroll etter montering

6

3.3 Kontroll av utført arbeid etter montering og sjøsetting

6

4

7

Transport, desinfeksjon og lagring

4.1 Pakking og transport

7

4.2 Flytting/sleping av merd med luseskjold

7

4.3 Desinfeksjon og lagring av PLANY Luseskjold

7

5

7

Drift

5.1 Krav til opplæring av driftspersonell

7

5.2 Prosedyrar for drift og ettersyn

7

5.3 Instruks for normal drift

7

5.4 Groing og reingjering

7

5.5 Krav ved spesielle miljøforhold

7

6

7

Vedlikehald

6.1 Små skadar

7

6.2 Større skadar

7

6.3 Kassering

7

6.4 Uventa hendingar

7

6.5 Krav til fjerning av delar og materiale

7

7

Vedlegg

8-10

8

Notatar

11

3


1 Leverandør, produktidentifikasjon og eventuelle endringar av produktet 1.1 Om leverandøren Plany AS

1.2 Identifikasjon av produktet

Plany AS vart etablert som seglmakarverkstad i 1964. I starten gjekk leveransane våre først og fremst til skip og skipsindustri, men det vart også produsert vimplar og flagg til privatmarknaden. Produkta har endra og utvikla seg i takt med samfunnsendringane. På 70- og 80-talet var landbruksnæringa vår største marknad. I dag kjem 90 % av kundane våre frå marin og maritim sektor, og dei største segmenta er havbruk, skip og verftsindustrien.

Luseskjoldet er merka med identifikasjonsnummer i begge øvre hjørna. Merkinga viser leverandør, storleik og produksjonsnummer (produktkode, årstal og serienummer). Alle skjolda vi leverer har unike produksjonsnummer. Sjå figur 1.

Plany AS er lokalisert i Gursken i Sande kommune. Bedrifta er dermed godt plassert i den maritime klynga på Sunnmøre. Vi har gode logistikkløysingar, med henting og levering av varer kvar dag. Bedrifta ligg 40 minutt frå næraste flyplass og ca. 1,5 time frå Ålesund.

1.3 Endring av produktet Alle endringar og eventuelle ombyggingar av luseskjoldet må gjerast i samråd med Plany AS.

Kontaktinformasjon: Plany AS 6082 Gursken NORWAY Tlf +47 70 02 68 20 salg@plany.no www.plany.no

4

Figur 1: Identifikasjon plassert i begge øvre hjørna av skjoldet.


2 Skildring av PLANY Luseskjold 2.1 Funksjon PLANY Luseskjold er levert av Plany AS. Luseskjoldet er hovudsakleg utvikla for å redusere påslag av lakselus i oppdrettsanlegg. Skjoldet er todelt, og skal monterast rundt oppdrettsmerden for å avleie vass-straumen i dei øvre vassmassane. Skjoldet hindrar kopepodittar av lakselus å nå inn til fisken, og skjermar også anlegget for ureining og andre uønskte akvatiske organismar. Luseskjoldet kan anten setjast på utsida eller på innsida av merdringane.

2.2 Komponentar/oppbygging PLANY Luseskjold er produsert av tettvevd kvit polyesterduk (205 gram/m²). Standard djupne er 6, 8 og 10 m, med eit tillegg på 0,75 m for PVC-kant i toppen. Toppkanten er av svart PVC-duk (900 gram/m²). Langs heile toppkanten av skjoldet er det montert stålringar med 2,8 m mellomrom, festa med vevde polyesterband. Ringane har monteringsstroppar (12 mm PP) for kraning og innfesting i merden. Stroppane skal knytast til foten av rekkestøttene på flyteringen. Det går løfteband frå toppkanten til botnen av luseskjoldet. Desse er sydde inn med 11,2 m mellomrom, langs heile breidda. Nedover løftebanda er det montert nylonringar med 1 m mellomrom. Tauet som går gjennom desse ringane, sikrar at skjoldet enkelt kan hevast og senkast. Som lodd er det brukt kjetting (3 kg/m) i botnen. Kjettingen ligg i ei kjettinglomme av PVC-duk. Denne er igjen bendsla fast i ringar, som er festa i band langs botnkanten av luseskjoldet. PLANY Luseskjold er produsert med overmål på 10 m i lengda, for å sikre overlapp og tetting mellom dei to delane. Merdar med omkrins på 160 m vil til dømes trenge skjold på 2 x 90 m lengde.

2.3 Definisjonar/spesifikasjonar 2.3.1 Band Vevde polyesterband. To kvalitetar og to fargar er brukt. Grøne band til løfteband og oransje band til innfesting av stålringar i øvre kant på skjoldet. 2.3.2 Løfteband Vertikale grøne band av 70 mm brei polyestervev. Det er festa ringar med tau i desse. Løftebanda skal brukast til heving og senking av skjoldet ved behov. 2.3.3 Monteringsstroppar Stroppar av 12 mm PP tau med 5 m lengde. Monteringsstroppane vert brukte ved kraning/utsetting og for innfesting i rekkestøttene. 2.3.4 Stålringar Rustfrie stålringar som er monterte fast til skjoldet med 50 mm industriband.

2.3.6 Polyesterduk Sjølve skjoldet er laga av einsfarga tettvevd polyesterduk, ~205 gram/m². 2.3.7 Kjetting Galvanisert kjetting med eigenvekt på 3 kg/m. Kjettingen fungerer som lodd, og ligg i ei kjettinglomme av PVC-duk. Denne er igjen bendsla fast i ringar, som er festa i band langs botnkanten av luseskjoldet. Kjetting er skøyta med taubendsel og er dermed ikkje dimensjonert for å tole drag utover normal påverknad frå havstraumen. 2.3.8 Totalvekt Vekta av PLANY Luseskjold (djupne 10 m og lengd 90 m) er 580 kg. Dette er total tørrvekt, inkludert band, stroppar, ringar, tau, kjetting og duk.

2.4 Sporing PLANY Luseskjold kan sporast internt i Plany AS med grunnlag i produktmerkinga. Luseskjoldet er merka med identifikasjonsnummer i begge øvre hjørna. Sjå figur 1.

2.5 Føresetnader og avgrensingar i bruken av utstyret Oppdrettaren har alt ansvaret for montering, bruk og vedlikehald av PLANY Luseskjold. Oppdrettaren er også ansvarleg for at det er rett dimensjon på fortøyingane på anlegget der ein skal montere luseskjoldet. PLANY Luseskjold er tilnærma tett. Når ein skal berekne belastninga på fortøyingane, må dette takast omsyn til. Oppdrettaren er sjølv ansvarleg for å dokumentere berekningar, som tek omsyn til vekt og fordeling av vekt ved eventuell nedising av anlegget.

2.6 Størst tillatne laster Dvs miljølaster og laster frå feste mot ekstrautstyr og andre hovudkomponentar som fortøying og nót. Sjå notat frå AquaStructures AS (TR-30787-2447-1).

2.7 Prosedyre ved eventuell skade på produktet Eventuelle avvik ved levering skal rapporterast til Plany AS. Dersom det skulle oppstå mindre rifter i duken, kan desse syast saman med nål og tråd. Kontakt Plany AS dersom luseskjoldet får større skadar. Sjå også punkt 6 om vedlikehald.

2.3.5 PVC-duk PVC-belagd polyestervev. Duken er brukt i toppkanten, fordi han er sterkare og toler meir gnag enn rein polyesterduk. PVC-duken er svart, for å redusere visuell forstyrring på anlegget.

5


3 Montering Plany Luseskjold vert levert i kasser eller spesialsydde sekkar. Utpakkinga og klargjeringa bør gå føre seg på eit område med god plass. Monterings-stroppane til løfting/kraning er ferdig monterte, og er festa langs toppkanten av luseskjoldet. Pass på å henge dei opp i krana i rett rekkefølgje, slik at utsetjinga blir riktig. Eventuelle stroppar/tau som vert brukte til å samle luseskjoldet ved løfting/ kraning, må ha tilstrekkeleg styrke. Sjå figur 2.

Figur 4: Banda skal vere på utsida av skjoldet ved montering. Monteringsstroppar er festa til ringar i kanten oppe.

Figur 2: Skjoldet vert hengt opp i krana etter festestroppane. Luseskjoldet skal monterast med den glatte innsida mot nóta. Ringar og band er monterte på utsida av skjoldet. PLANY Luseskjold kan setjast både på utsida og innsida av merdringane. Ver merksam på faren for gnag ved haneføtene, dersom skjoldet skal monterast på utsida av ringane. Kanten på skjoldet skal difor trekkast under flyteringen der haneføtene går ut.

Figur 5: Luseskjold montert på flytering.

3.1 Kvalifikasjonskrav til monetrings personell Det er ikkje krav om særskilt kompetanse utover det som er vanleg for personalet på eit oppdrettsanlegg.

3.2 Krav til ettersyn/kontroll etter montering PLANY Luseskjold skal registrerast av oppdrettaren som montert på gjeldande eining i oppdrettsselskapet sitt eige kvalitetskontrollsystem. Luseskjoldet må inspiserast dagleg. Vi tilrår dykkarinspeksjon etter monteringa. Inspeksjon av PLANY Luseskjold bør også inngå i den faste sjekklista ved dykkarinspeksjon på anlegget. Figur 3: Skjoldet vert festa til foten av rekkestøtte. Det bør vere lite straum i sjøen under monteringa. Ta omsyn til hovudstraums-retninga på lokaliteten, slik at overlappinga vert liggande mest mogeleg medstraums. Luseskjoldet skal festast til foten av rekkestøttene. Bruk monteringsstroppane som allereie er festa på skjoldet til dette. Monter skjoldet slik at du unngår kontakt med nóta, opphenget til botnringen og haneføtene.

6

3.3 Kontroll av utført arbeid etter montering og sjøsetting Duken skal stå rett og fint i sjøen etter monteringa. Kvar monteringsstropp skal vere innfesta i ei rekkestøtte, og PVC-duken i toppkanten skal ligge parallelt og på nivå med toppen av merdrøra. Skjoldet skal ikkje vere utsett for gnag frå andre komponentar, som nót, haneføter, kjetting/tau til lodding av nót osb.


4 Transport, desinfeksjon og lagring

6 Vedlikehald

4.1 Pakking og transport

6.1 Små skadar

Når luseskjoldet vert løfta opp frå sjøen, skal det hengast opp på same måte som ved montering. Eventuelle stroppar/tau som vert brukte til å samle luseskjoldet ved løfting/kraning, må ha tilstrekkeleg styrke. (Sjå 2.3.8.) Skjoldet bør lagrast og transporterast i storsekkar som vernar mot gnag og rifter. Unngå at luseskjoldet vert utsett for skarpe gjenstandar. Ved manøvrering av båt langs luseskjoldet må det visast særleg merksemd, for å unngå kontakt med propell.

Dersom det skulle oppstå mindre skadar i duken, kan dei ofte reparerast på staden. Små rifter kan syast saman med nål og tråd.

4.2 Flytting/sleping av merd med luseskjold

6.2 Større skadar Ved større skadar må luseskjoldet takast opp for tilstandsvurdering og reparasjon. Luseskjoldet vil i dei fleste tilfella kunne reparerast tilbake til fullgod stand. Vurdering av skadeomfang, reparasjonar og eventuell kassering bør gjerast i dialog med Plany AS.

6.3 Kassering

Dersom ei merd med luseskjold skal flyttast/slepast, må skjoldet først heisast opp til overflata eller demonterast heilt.

Plany Luseskjold er laga for å kunne vare i fleire sesongar, men enkelte lokalitetar er meir vêrharde enn andre, med sterk vind, straum, gnag osb. Like produkt kan difor ha noko ulik levetid.

4.3 Desinfeksjon og lagring av PLANY Luseskjold

6.4 Uventa hendingar

Luseskjoldet må vaskast, desinfiserast og tørkast før lagring. Klorhaldige desinfeksjonsmiddel skal ikkje brukast. Direkte sollys under lagring kan svekke duken.

Luseskjolda må inspiserast dagleg. Ved uventa hendingar, som påslag av is, ekstreme vêrtilhøve eller andre uhell ved oppdrettsanlegget, må skjoldet kontrollerast særleg grundig, med hjelp av dykkar. Er ein usikker på om skjoldet har kome til skade, bør luseskjoldet takast opp for grundig kontroll.

5 Drift

6.5 Krav til fjerning av delar og materiale

5.1 Krav til opplæring av driftspersonell

Fjerning av delar eller kassering av materiale frå luseskjoldet skal gjerast i tråd med bedrifta sine interne retningsliner og elles etter gjeldande reglar for avfallshandtering.

Plany AS kan tilby opplæring i bruken av PLANY Luseskjold. Denne brukarmanualen er dokumentasjon og grunnlag for opplæringa. Opplæring er ikkje eit krav frå produsenten.

5.2 Prosedyrar for drift og ettersyn Drifts- og ettersynsprosedyrane skal samkøyrast med tilsynsrutinane på anlegget. Skjoldet skal ha dagleg ettersyn.

5.3 Instruks for normal drift Under normal drift skal PVC-kanten i toppen på skjørtet ligge parallelt med og på nivå med toppen av merdrøra. Duken skal henge rett i sjøen. Kontroller skjoldet for gnag eller skade. Sørg eventuelt for nødvendig reparasjon av luseskjoldet.

5.4 Groing og reingjering Så lenge luseskjoldet står i sjøen vil det oppstå naturleg groe på duken. Ein dykkar vil kunne spyle duken medan skjoldet er i sjøen. Skjoldet kan også spylast eller maskinvaskast på land.

5.5 Krav ved spesielle miljøforhold Luseskjoldet må haldast fritt for is, då ising kan skade både luseskjoldet og nóta i oppdrettsmerden. Påslag av is vil også endre føresetnaden for vekt- og lasteberekningar.

7


7 Vedlegg 7.1 Notat fr책 AquaStructures AS, 3 sider (TR-30787-2447-1).

8


9


10


Eigne notat

11


Foto: Plany AS Illustrasjonar: Vestcad AS Tekst: Akka Tekst Design/førtrykk: Tegneren

PLA-NY AS 6082 Gursken  NORWAY T: +47 70 02 68 20 salg@plany.no www.plany.no

12


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.