Formsydde presenningar

Page 1

formsydde

presenningar PRESENNINGAR til fiskeoppdrett

Reduser t volum

PLANY AS N-6082 Gursken NORWAY  www.plany.no salg@plany.no T: +47 70 02 68 20


Vellukka avlusing krev god planlegging og utstyr som du stolar på. PLANY heilpresenning gjer arbeidet med avlusing sikrare.

AVLUSING MED HEILPRESENNING

Redusert behandlingsvolum og kostnad

Med PLANY heilpresenningar, som er formsydd etter spissen på nota, kan behandlingsvolumet reduserast med nesten 50%. Redusert volum opnar for behandling med hydrogenperoksid samstundes som det gjev store innsparingar ved bruk av tradisjonelle middel for behandling.

Ulikt behandlingsvolum, same presenning Formsydde presenningar har også system for behandling av ulike volum. Eit ekstra sett med løftepunkt gjer at presenningen egnar seg godt til behandling av mærder med lita biomasse.

Berre det beste er godt nok

Til PLANY heilpresenningar brukar vi alltid dei beste kvalitetar av duk, ringar og band. Våre produkt er designa og testa for å tole hard påkjenning under avlusing. Ein viktig detalj på våre presenningar er at dei er godt merka. Dette er svært viktig når arbeidet skal gjerast på mærdkanten.


PLANY vart etablert som seglmakarverkstad i 1964. Gjennom åra har PLANY utvikla seg til ein innovativ leverandør av skreddarsydde løysingar til marine- og maritime næringar. 03

H2O2 - lus og AGD

Med formsydde presenningar har vi redusert behandlingsvolumet i 160m mærder til ned mot 10 000 m3. Ein viktig grunn til at vi har utvikla formsydde posar er beredskap ved ein eventuell invasjon av gjelleamøber (AGD), der behandling med hydrogenperoksid er viktigaste tiltak.

Opplæring

God teoretisk- og praktisk opplæring er viktig for å lukkast med avlusinga. PLANY har lang erfaring med deltaking i opplæring av personell. Dette er ein viktig del av servicen som vi gjev våre kundar.

Service på presenningar

PLANY har eige lokale til service av heilpresenningar. Vårt mål er å utføre naudsynt service, på kort varsel, når du som kunde treng det.


SKREDDARSYDDE LØYSINGAR

PLANY leverer presenningstelt for lysstyring, tilpassa alle typar kar. Vi leverer komplette løysingar med reisverk. Om du ynskjer det, kan vi gjere monteringsarbeidet for deg. Lysstyring av smolt har gitt auka produksjon, betra effektivitet og lønnsemd for oppdrettarane.

Skreddarsydde løysingar

PLANY skreddarsyr løysingar for krevjande miljø. Våre produkt er varige og funksjonelle. Med ei fleksibel produksjonsline kan vi tilpasse produktet slik du ynskjer det.

PLANY AS N-6082 Gursken NORWAY  www.plany.no salg@plany.no T: +47 70 02 68 20

tegneren.no Foto: Trond Hovland og PLANY AS

Telt for lysstyring


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.