MED MODERNISERT HYDRO HUSNES MOT EI GRØNARE FRAMTID MODERNISERING OG RESTART AV B HALLEN: Aluminiumsverket på Husnes har starta oppatt B-hallen og alle dei 200 omnane er no i drift. Hallen er modernisert med meir miljøvenleg og effektiv teknologi.
Samstundes er støyperiet oppgradert for å handtera større volum. På Husnes er det investert ca. 2 milliardar kroner dei siste par åra i å gjera Husnes klar for framtida. SMIBOLT: Det nye produktet smibolt er innført. Husnes er den einaste fabrikken i verda med denne teknologien. Dette er ein nyskapande prosess som er utvikla av Hydro og er meir kostnadseffektiv og eit produkt som er enno meir miljøvenleg. Produktet blir brukt av bilindustrien, som får lettare bilar som krev mindre energi og set mindre fotavtrykk. NYE TILSETTE På Hydro Husnes er meir enn 100 nye tilsette dei to siste åra. Då er det samla talet på tilsette 340, og i tillegg om lag 30 lærlingar.
MILJØ EU ser på aluminium som eit strategisk materiale, fordi aluminium mogleggjer det grøne skiftet på heilt avgjerande områder som transport, infrastruktur og bygg, eit eksempel er elektriske bilar. Aluminium har lav vekt og er 100 prosent resirkulerbart. Det gjer aluminium vel eigna som materiale for el-bilar. Etterspurnaden etter aluminium aukar, og interessa for Hydro sin lavkarbon aluminium REDUXA, og resirkulerte aluminium CIRCAL, er veksande. Noreg har det beste utgangspunktet i verda for å produsere grøn aluminium. Aluminiumsproduksjon er energikrevjande. Hydro Husnes og Hydro sine andre aluminiumsverk i Noreg, produserer aluminium basert på fornybar energi. Det reduserer utsleppa med 75 prosent samanlikna med
FOTO: GEIR BERNTZEN
AMALIE MYHRE er 19 år, frå Kløvheim, Alver kommune i Nordhordland. Ho er andre års lærling i elektrolysen. Ein jobb ho søkte på etter å ha gått på kjemi/ prosess-linja på Knarvik vidaregåande skule.
14
I
HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 3 2021
På skulen fekk dei besøk av representantar frå Hydro Husnes som fortalde om fabrikken. Seinare reiste heile klassen til Amalie til Husnes på bedriftsbesøk. Her fekk vi omvising og informasjon om produksjon, jobbmoglegheiter og framtidstankar. Då Hydro Husnes søkte etter folk var eg snar å senda søknad. Fekk jobb, og det har eg aldri angra på eit einaste
gjennomsnittet i verda – og meir enn 90 prosent samanlikna med kol-basert aluminium frå Kina. FRAMTIDA Hydro Husnes har forbetra sin posisjon betrakteleg dei siste åra, gjennom høgare volum, reduserte kostnader og ved å skaffa seg fleire bein å stå på når det gjeld produkt. Det gir Hydro Husnes eit svært godt og robust utgangspunkt for å fortsetja utviklinga inn i dei dei neste femti åra. Fokuset framover er å driva med forbetringar og optimalisering av det nye utstyret og dei nye prosessane. Realiteten er slik at og ei industribedrift alltid må utvikla seg. -Vi kjem heilt sikkert til å koma på nye idear og prosjekt som kan gjera Hydro Husnes enno meir solid i framtida, seier ein optimistisk Jon Ola Ystgaard.
sekund. Trivest kjempegodt, saman med kjekke og hyggelege kollegar. Bur på Husnes i ei leilegheit som eg leiger, seier den smilande og hyggelige jenta. Men når du går heilkontinuerlege skift, jobbar kveld og natt, så må det no vera vanskeleg med hobbyar og sosialt liv, prøver eg. -Nei, det går heilt greitt, seier Amalie. Vi har fri-periodar og eg har avtale med kulturskulen og song-læraren min på kulturskulen i Alvær, slik er undervisning tilpassa når det høver og eg har fri, seier Hydro-lærlingen, som når ho ikkje syng, likar å mala!