Elvekanten
Elvekanten – inspirert av Jølstra
Framtida er her – vi presenterer Elvekanten – Førde sitt mest moderne næringslokale. Det er mange faktorar som skal til for å skape ei bedrift, men svært gode lokale på ei flott plasser ing er ein god start. Elvekanten blir det mest moderne næringslokalet i vår region – med etter vårt syn den beste plasseringa: I hjartet av Førde sitt handel- og servicesenter.
3
fekt kombinasjon av urbane kvaliteter og tilgang til natur. Som leigetakar vil du aldri misse utsikta over Jølstra – du er jo på Elvekanten. Her får di bedrift det kanskje flottaste utemiljøet i Førde.
Med Elvekanten ønskjer vi å legge til rette for å skape eit spennande fellesskap av bedrifter, innan forretningar, handel, kontor og tenesteyting, som kan skape eit levande, interessant arbeidsmiljø.
Når bedrifter skal velje lokale har dei mange spørsmål, som krev gode svar: Elvekanten svarar på desse i form av moderne lokale, god ventil asjon, rikeleg med lys, gode fellesfunksjonar, fungerande logistikk og spennande naboar. Når du kombinerer dette med eit framtidsretta bygg, med dei mest oppdaterte tekniske løysingane, får di bedrift dei beste arbeidsvilkåra og ein «heim» dei tilsette vil trivast i.
Alle seier Førde bør vende seg mot Jølstra Elvekanten er det første næringsbygget som er designa med dette som hovudformål, og som verkeleg speler på lag med elva. Det gir ein per
Elvekanten blir det mest energieffektive b ygget i vår region. Vi bygger for framtida sine behov, ikkje gårdagens krav: Det betyr eit bygg som både b ruker mindre energi enn dagens s tandard,
og sjølv produserer energi. Dette er ein viktig faktor, som både tek vare på klimaet og gir lågare kostnadar for leigetakarar. Solceller på tak og fasade leverer ca. 156.000 kWh straum, som driv ventilasjon og høgeffektive varmepumper. Desse hentar energi frå Jølstra, eventuelt Fjordvarme frå Førdefjorden Energi. Elvekanten blir bygd i høve TEK 17 og dei energi økonomiske krava der. Difor får Elvekanten eit straumforbruk til oppvarming og ventilasjon til svarande ca. 25% av bygningar bygd etter stand arden TEK 10. Det betyr store summar spart for di bedrift på oppvarming og ventilasjon.
12 fordelar med Elvekanten • Sentral plassering – med kort veg til alt i Førde sentrum. • Fantastisk utemiljø ved Jølstra, elvesti, opp arbeida uteområde og overbygde uteområde. • Sogn og Fjordane sitt mest energiøkonomiske bygg, som gir reduserte kostnadar for leige- takar. • Stor møblert fellesterrasse på taket av andre etasje, med utsikt over Jølstra. • Moderne lokale med store glasfasadar som slepp inn mykje lys. Ekstra takhøgd gir god romkjensle. Ein open korridor gjennom første etasje, bidreg til eit lyst og luftig inn- trykk. • Parkering for bil og sykkel i kjellar, med høve for lading av el-bil. Tilrettelagt for handikapp- parkering. • Lokale midt i Førde sentrum, med utsikt over Jølstra. • Ligg midt i gang- og sykkelsti-nettverket i Førde, 120 meter frå rutebilstasjonen. • Moglegheit for samdrift, til dømes felles resepsjon/mottakskontroll/kantine og sam- bruk av møtelokale for leigetakarane. • Spennande miks av bedrifter i eit bygg med gode arkitektoniske kvalitetar. • Enkel logistikk til og frå Elvekanten. • Elvekanten ligg i kryssingspunktet mellom gang-aksane skapt av elvestien aust-vest, og gangbrua nord-sør. Bygget er veldig synleg, frå begge bruene over Jølstra, og frå rundkøyringa. Det gir verdifull eksponering.
Totalt 5960 m² til leige Elvekanten er eit kombinasjonsbygg beståande av
4
forretning, restaurantar, kontor og bustadar, som skal byggast i Førde sentrum ved elva Jølstra. Samla oppvarma bruksareal er på 10.474 m2. Plan 1-2-3 består av næringslokale, plan 4-5-6 består av leilegheiter. Byggherre er Tober Invest AS, via eit heileigd selskap for oppføring og drift av bygget. Kjellar er satt av til parkering og tekniske rom.
Totalt areal til utleige: 1.etasje: 1955 m2, + mesanin på ca. 390 m2. 2.etasje: 2400 m2 3.etasje: 527 m2 i eine blokka, og 688 m2 i den andre. Totalt 5960 m2 næringsareal BRA, inkludert fellesareal, trappegangar, heis og anna. Arealet kan kombinerast på ulike vis, og huse ein varia sjon av bedrifter. 2400 m2 næringsareal på eit plan er eit unikt tilbod i Førde-området. Vi trur Elvekanten blir eit spennande hus for bedriftene som flyttar inn. Kontaktinformasjon: Om du har spørsmål, eller er interessert i å leige lokale i Elvekanten, kontakt: Torbjørn Berqvam toberqva@online.no, tlf. 913 33 022
Nullenergihus-standard Første bygg i vår region som nærmar seg nullenergihus-standard Elvekanten blir bygd i høve krava til passivhus standard i TEK 17. Dermed blir det eit særs
nergieffektivt bygg, eit signalbygg på dette e feltet. Elvekanten blir det første bygget i vår region som nærmar seg nullenergihus-standard, etter Futurebuild sin standard som krev 70 prosent forbetring i høve energikrava i TEK 10. Dette krev svært gode bygningsmessige og tek niske kvaliteter, samt ein høgeffektiv lokal t ermisk energiforsyning. Elvekanten hentar straum til oppvarming og styring av teknisk anlegg via solceller på tak og fasade, som også blir brukt til å drive varmepumper. Desse hentar lokal ter misk energi frå Jølstra, eventuelt Fjordvarme frå Førdefjorden Energi. Solcellene vil levere 156.000 kWh straum i året til teknisk anlegg, som via varmepumpene hentar ut 10 gangar så mykje varmeenergi tilbake.
Kva betyr dette for meg som leiketakar? I praksis betyr det ein energibruk til ventilasjon og oppvarming/kjøling/tappevatn som svarar til ca. 25 prosent av forbruket til eit standard TEK 10-bygg. Energibruk til oppvarming/kjøling/ tappevatn i eit næringsbygg ført opp etter Tek 10 er berekna til ca. 200 kWh/m2 for året. Tilsvar ande tal for Elvekanten er berekna til cirka 47,3 kWh/m2. Talet her er gjennomsnittstal for heile bygget, og vil varierer noko for bustad, kontor og næring. Det gir ein kraftig reduksjon av straumutgiftene til leigetakarar– som igjen betyr lågare kostnadar for di bedrift.
Endeleg vender vi oss mot Jølstra Førde har mange næringslokale som vender seg vekk frå Jølstra, og nokre som delvis snur seg mot elva. Elvekanten er det første næringsbygget som er teikna og plassert for å gjere Jølstra til sitt viktigaste trekk. Vi meiner Elvekanten får Førde si beste plassering av eit næringsbygg: Ved Jølstra, midt i sentrumnordvest, vis a vis Naustøyna. Denne flotte plasseringa gir Elvekanten ein unik tilleggsverdi: Her vil ein alltid vere sikra flott utsikt mot elva, sørsida av Førde og mot aust og vest. Nærleiken til elva skaper trivsel, og bidreg til eit attraktivt nærmiljø. Vi har lagt stor vekt på å skape eit bygg som speler på lag med nærmiljøet, og på å skape ei innbydande sone mellom Elvekanten og Jølstra. Vi trur dette samspelet blir eit smykke for Førde.
tek igjen forma til Jølstra, og blir vakkert lyssett. Elvestien strekk seg forbi bygget, og trapper invit erer ned til Jølstra. Det blir også lagt til rette med rampe, så alle er sikra tilgang til elva. Dette blir nydelege stadar for ein rask kaffi pause, eller til å berre nyte livet på solfylte ettermiddagar. Vårt mål er at området rundt Elvekanten blir til glede for alle som bur i, eller vitjar, Førde. I tredje etasje er det tenkt ei felles kantine, med utgang til ein stor møblert terrasse, som vender mot Jølstra og fyller området mellom tårna. Om vi kikar i krystallkula, trur vi dette blir ein ynda arena for å nyte lunsjen om sommaren, og eit naturleg samlingspunkt for dei som har sitt virke i Elvekanten. Her kan ein tenke seg mange andre bruksområde: Til dømes konsertar, kick-off og ulike arrangement.
Fantastisk inne-miljø, i eit vakkert bygg Førde sitt flottaste utemiljø? Trivsel er ein nøkkelfaktor for å skape gode arbeidsmiljø. Vi er trygge på at Elvekanten blir eit bygg å trivast i. Og så skal også eit bygg bidra til byrommet. Elvekanten skal både invitere folk inn, og utfylle fellesromma i byen. Vi har lagt stor vekt på å lage eit nærområde rundt bygget som gir gode arenaer for folk å opphalde seg i. Eit viktig mål med Elvekanten er å også skape uteareal som bidreg til urbant byliv. Når du ligg plassert ved elva, blir Jølstra eit viktig element. I nærområdet rundt bygget blir det laga gode arenaer for å nyte både byrom og natur: Vi har designa eit område på gateplan med benkar, og eit heva område med ei kunstig elv. Denne
7
Innemiljøet på Elvekanten blir særs innbydande. Bygget får store glasfasadar, som slepp inn rike leg naturleg lys, og skaper trivelege lokale som speler på lag med utsida. Frå inngangspartiet blir det ope tvers gjennom bygget, slik at du ser ut på andre sida. I første etasje er det også mogleg heiter for sambruk, i form av felles resepsjon/ mottakskontroll. Alle etasjar har ekstra takhøgd, som skaper luftig lokale, og særs god romkjensle. I første etasje blir det også ein mesanin på ca. 390 m2. Det skaper eit område med særpreg, og flott utsyn over Jølstra. Første etasje har takhøgd på heile 5 meter.
Parkering i kjellar med tilgang til etasjane over i form av både heis og trapper sikrar enkel tilgang, både for gjestar og dei som jobbar her. Dei vakre omgivnadane mot Jølstra har inspirert fram ein innbydande fasade, med store vind augeflater. Fasaden tek opp i seg fargespelet i omgivnadane i skiftande lystilhøve for å skape eit interessant bygg, som speler på lag med Jølstra og nærområdet.
Få Førde si raskaste pendlar-rute Over næringsarealet i første og andre etasje blir det ein stor felles terrasse, og to tårn på tre og fire etasjar. Tredje etasje i desse tårna er også næringslokale, medan dei øvste etasjane er sett av til leilegheiter. Her er det teikna inn 33 flotte, moderne leilegheiter, med areal frå 42-112 m2. Leilegheitene får store vindaugeflater, ekstra takhøgd, fantastisk utsikt og innglasa terrassar. Leilegheitene blir bygd i høve TEK 17 – med same høge energistandard som næringslokala – og same gunstige låge kostnadar til oppvarming og ventilasjon. I tillegg til ei flott, framtidsretta leilegheit med høg standard, får du ein bustad med fantastisk utsyn over sentrum og Jølstra – og vissheita om at utsikta er sikra i all framtid. Her kan du slå to fluger i ein smekk: Jobbe i ein av dei tre første etasjane, og bu i ein av dei øvste: Det gir verdas kortaste pendlar-rute – i heis.
Elvekanten – midt i alt
berre 120 meter å gå til Førde Rutebilstasjon.
I dagens verd kan mange bedrifter ha kontor kvar som helst, men det har mange fordelar å vere sentralt plassert. Spesielt innan handel, forvalt ning og tenesteyting. Elvekanten ligg midt i Førde sentrum, der tyngda av handel- og tenesteyting føregår, i gangavstand til «alt». Når du ser på bilete av Elvekanten – veit du at her er det kort veg til det meste.
Elvekanten får parkering i kjellar med 104 park eringsplassar, samt handicapparkering. Det blir lag til rette for elbil-lading, og satt av 120 plass er til sykkelparkering. Kjellaren har tilkomst til etasjane over via heis og trapper.
Elvekanten ligg i kryssinga mellom gangaksane skapt av elvestien aust-vest, og gangbru nordsør. Bygget blir synleg og lett å sjå frå begge bruene over Jølstra og frå rundkøyringa. Det gir verdifull eksponering. Den nye elvestien langs Jølstra knyt Elvekanten svært godt saman med gang-og sykkelvegnettet i Førde. Når gangbrua over til Sentrum Sør er på plass, vil sør- og nordsida av Førde bli betre knytt saman – og Elvekanten ligge enno meir sentralt plassert. Elvekanten er det inga krise om du gløymer matpakka: Det er tiltenkt kantine på huset, og nærmaste matbutikk med varm-matdisk ligg 100 meter unna. Du finn også åtte restaurantar/ kafear innan tre minutt gange. Det er eit sentralt mål å få inn restaurantar/kafear som leigetakarar i Elvekanten.
Sentralt plassert, enkel logistikk I Elvekanten får ein enkel logistikk til og frå arbeid, anten du kjem med buss, med bil, til fots eller på sykkel. Og like lett er det for kundar og samarbeidspartar å finne deg. Når di bedrift skal ut i verda, er det like enkelt. Til dømes er det
8
Spennande moglegheiter for restaurantar/ kafear Plassering er det første eigedomsmeklarar snakkar om når det gjeld eigedom. E lvekanten si plassering er særs god, og kanskje spesielt for restaurantar/kafear. Første etasje i Elvekanten byr på spennande moglegheiter, takka vere den flotte mesaninen. Ein restaurant/kafé her vil få eit vakkert lokale, med u truleg romkjensle, i eit allereie etablert restaurant/kafé-område. Ein restaurant med eit av Førde sine finaste uteområde ved elva Jølstra, med gode soltilhøve, det trur vi må vere eit særs godt tilskot til Førde sin fauna av stader å ete. Her kan ein verkeleg skape ein ynda stad for folk å nyte gode måltid, i ditto selskap.
Elvekanten – plass nok Eit av måla med Elvekanten er å legge til rette for ein fin blanding av bedrifter, som skaper eit spennande, pulserande miljø. Elvekanten er eit romsleg bygg med mykje areal, som kan kombi nerast i ei blanding av små og store bedrifter. Anten det blir ein spennande miks av bransjar – eller ei næringsklynge av likesinna. Her kan di bedrift skreddarsy lokale til sine behov.
For dei som treng mykje plass gir 2400 m2 næringslokale på eit plan eit unikt høve. Totalt har Elvekanten 5960 m2 næringsareal BRA til utleige. Første etasje består av 1955 m2, + mesanin på ca. 390 m2. Andre etasje er på 2400 m2. I tillegg har ein i tredje etasje 527 m2 i den eine blokka, og 688 m2 i den andre.
Moglegheiter for felles resepsjon/mottaks kontroll, kantine og møterom Elvekanten er tiltenkt å huse ei blanding av små og store bedrifter, i lokale tilpassa deira ulike behov. Men nokre behov er alltid felles: Til dømes er det høve til å bygge felles resepsjon og mottakskontroll i inngangsparti, som vil effektiv iserer og profesjonaliserer denne sida av bedrifta di, samt reduserer kostnadar. Det er også tenkt felles kantine i tredje etasje, knytt opp mot terrassen på plan tre. Det vil skape eit fantastisk samlingspunkt. For små bedrifter gir dette ei unik moglegheit til å sikre kantinetenest er, utan å få for høge kostnadar. Bedrifter treng gode, moderne møtelokale, med all teknologi ein forventar. Dette krev areal og investering i utstyr. I Elvekanten blir det høve til å spele på lag, i form av sambruk av møtelokale. Det reduserer utgiftene til den enkelte bedrift.
Elvekanten, i arkitekten sine ord Prosjektet Elvekanten er unikt plassert i Førde sentrum, med sørvendt fasade mot Jølstra og det opne parkområdet langs elveløpet. Det trafikale knutepunktet mellom elveprome naden og den nye gangbrua over Jølstra, som skal knytte saman sentrum- nord og sør, ligg rett ved Elvekanten. I ein radius på 100 meter ligg gode offentlege uteareal, som Tangen og den grøne strukturen langs Jølstra. Bygget får også eit «grønt» preg, i form av 1100m² felles grøn takterrasse, og store inntrekte balkongar for leilegheitene. Fasaden på gateplan har avrunda hjørne, som mjuknar overgangen mellom gata og bygget. Store glasfelt og ei innvendig «gate» gjennom bygget frå nord til sør, gjer lokala transparente og inviterande. Denne etasjen skil seg frå resten av bygget i utforming og byggematerialar. Her brukar ein ståande trekledning, eit varmt og taktilt materiale mot byrommet rundt. Konseptuelt kan ein sjå føre seg eit objekt ligg ande langs elvebredda, der rørslemønsteret rundt bygget rundar av overgangane og framhevar det overliggande volumet, som er utforma kontrast fullt med ei tydeleg, skarp form. Fasaden mot elva og det opne byrommet skrår innover, for å understreke ei bevisst haldning til omgjevnadane ved å skape meir rom. Den skrå fasaden syner respekt for landskapsrommet langs elva og park en, og tar opp i seg Førdedalen sine naturlege
13
vinklar med bratte lier. Dei skarpe vinklane og hellande fasadane til bygget vil saman med det svakt skrånande taket gje ein særprega og interessant silhuett i bybilete, med ein bygnings kropp som er løfta opp frå gata av det mjuke og avrunda gateplanet. Det gir eit variert og «svevande» dynamisk uttrykk. Over grunnplan er bygget kledd med keramisk fasadeflis, med ei mørk og glasert overflate med djupe relieff. Dette gjer at fasaden oppfattast ulikt ut frå synsvinkelen. Eit varierande mønster, saman med kontrasten mellom ei reflekterande overflate og eit markert skuggefelt, refererer til vatnet i elva. Heile bygget er utforma med gode universielt utforma løsningar med tanke på tilkomst, både frå underetasje og grunnplan. Plan 0 er ein parkeringskjellar. Innkøyringa skjer frå ein rampe, plassert i det opne byrommet aust for bygget. Parkeringskjellaren skal i fram tida kunne nyttast som tilkomst til parkering for 2 tilgrensande byggjetomter, mot nord og aust. I kjellaren er det også sykkelparkering, tekniske rom og sportsboder for bebuarane. Plan 1 er gateplan, med rom og funksjonar ein ynskjer skal få eit samvirke med dei offentlege byromma rundt bygget. Planet er primært tiltenkt publikumsfunksjonar, som kafear, restaurantar og småbutikkar. Store glasfelt knyt arealet til landskapsrommet langs Jølstra. Dei store glas felta i ytterveggen, og i den innvendige gata, opnar opp planet og skaper ei kjensle av felles
skap. Mot gata i nord er planet lukka i området med tekniske og underordna rom. Denne veggen er ein del av den avrunda veggen med trekled ning, som skapar ei mjuk og varm kjensla mot uteareala rundt bygget. Plan 2 er eitt samanhengande næringsareal, med eigen inngang mot gateplan og direkte kontakt opp til kantine og møterom på plan 3. Derifrå får dei også tilgang til takterrassen. Frå plan 3 er golvarealet delt på 2 blokker. Plasse ringa og utforminga av desse er gjort for å skape gode lystilhøve og godt utsyn til takterrassen med sørvendt areal, til glede for næringsarealet på planet og for bustadene høgare opp. Plan 4, 5 og 6 er bustaddelen i prosjektet. Leileg heitene får romslege og inntrekte balkongar. Saman med desse balkongane, og felt med store vindauge, brytast fasaden opp i hjørna for å gjere bygget transparent. For å oppnå dette, og på same tid gjere linene i bygget tydelege, brytast hjørna i annakvar etasje med eit forskyvd mønster frå etasje til etasje. Vindauga er plass ert i eit ikkje-repeterande mønster, for å unngå inndeling av fasaden. Utforminga og storleiken på felt med vindauge skal reflektere rombruken for kvar etasje, slik at det som er næring skal skilje seg i frå leilegheitene. Slik oppstår ein tydeleg og heilskapleg form, samstundes med at dei forskjellege bruksområda i bygget får sin eigen identitet.
Planteikningar Plan 1
1955 m², + mesanin på ca. 390 m². Inngang Blokk B
Mottak 60,7 m2
Kontorlokaler 36,7 m2
Kjøl 7,9 m2
Varemottak 25,6 m2
15,3 m2
g gan Inn ring Næ
Kjøkken 72,1 m2
Gang Bolig 16,8 m2
Kjølt avfall 6,8 m2
Frys 8,0 m2
Garderobe2 A: 46,7 m2
Lager 6,0 m2
Papir- komprimator 7,2 m2
Heis
Leietaker 365,2 m2
Gang 16,2 m2
Heis
Leietakere 365,2 m2
Toalett 8,6 m2
Garderobe1 A: 39,5 m2 Toalett 8,5 m2
Disk
Toalett 9,0 m2
Inngang Næring
Leietaker3 A: 299,9 m2
Leietakere3 A: 299,9 m2
Trafo A: 12,7 m2
Inngang Blokk A
Disp A: 12,8 m2
Leietakere4 Leietaker4 m2 A: 207,0 A: 207,0 m
Gang 229,4 m2
Gang Bolig 24,2 m2
2
Gang 18,6 m2
Heis
Toalett 9,1 m2
park.kjeller Nedkjøringsrampe
For plan U: 120 stk sykkelparkering plasser Disp A: 237,8 m2
Leietaker2 A: 346,3 m2
g gan Inn ring Næ
Lager A: 176,2 m2
1
5
Sykkel A: 8,9 m2
Leietakere2 A: 346,3 m2
15
20
25
83
1:12
Heis
Gang 16,2 m2
Sykkelparkering A: 35,4 m2
Gang 11,8 m2
1:10
98
35
Tekniskrom 144,3 m2
40
95
86 75
45
Gang 11,0 m2
Boder A: 81,5 m2
Gang 15,1 m2
Lager A: 68,9 m2
90
Heis
50
Utleie1 3 661,1 m2
88 87
55 70 60 65 Drift trafo A: 63,1 m2
14
34
30
98+6 stk HC p- plasser =104 stk p-plasser
82 80
10
Plan U
1:12
Møterom 16p 43,9 m2
Arbeidssone 57,5 m2 Cellekontor 11,3 m2
Cellekontor 11,5 m2
Cellekontor 10,8 m2
Cellekontor 11,8 m2
Arbeidssone 74,4 m2
Multirom 6,1 m2
Multirom 6 m2
Arbeidssone 122,6 m2
Disp 54,9 m2
Gang 20,4 m2
Garderober / wc 95,5 m2
ÅPENT NED
Teknisk 69,4 m2
Gang 4 m2
Kjøkken 5,9 m2
Multirom 6 m2
Multirom 6,2 m2
Multirom 6 m2
Plan 2
Kommunikasjonsareale 258,2 m2 Disp 50,4 m2
Felles kommunikasjonsareale 21,3 m2 Dusj 2,9 m2
2400 m² Arbeidssone 79,9 m2
Garderobe 12 m2 Dusj 3 m2
Sikkert arkiv 6 m2 Multirom 6,5 m2 Gang 19,6 m2
Trapp / Heis 19,7 m2
Arbeidssone 65,9 m2
ITK /teknisk lager 4,3 m2
Gang 14 m2
Multirom 6,2 m2 Sosialsone 19,5 m2 Printerrom 10,1 m2
Møterom 8p 19,7 m2
HEIS
Arbeidssone 72,2 m2
Møterom 8p 14 m2
Møterom 6p 11,1 m2
Kjøkken 13,2 m2
DW
Møterom 8p 14,2 m2
Stillerom/hvile 9,7 m2
Felles kommunikasjonsareale 95,6 m2
Garderobe 12,1 m2
Printerrom 10,7 m2
Arbeidssone 72,4 m2
Cellekontor 10,9 m2
Disp 33,2 m2
HEIS
HEIS
ITK /teknisk lager Lager 4 m2 16,3 m2 Patch/Serverrom 2,2 m2
Multirom 6,2 m2
Multirom 6 m2
Garderobe besøk 2,6 m2
Arbeidssone 72,1 m2
Multirom 6 m2
ProsjekteringsromStudieveileding/Fagbibliotek 18 m2 18 m2
Multirom 6 m2
Multirom 6,2 m2
Cellekontor 11,6 m2
Arbeidssone 72,4 m2
WC 3 m2
HCWC 6,2 m2
Multirom 6,2 m2
KjøkkenMyldre/Sosialsone 5,2 m2 12,6 m2
WC 3,1 m2 Arbeidssone 51,2 m2
WC 3 m2 Arbeidssone student 2 Kommunikasjonsareale 12,2 m 108,4 m2 Multirom 7,1 m2
Lager 3,7 m2
Stillerom/hvile 6,8 m2
Multirom 6,2 m2
Sosialsone 45,7 m2
Konferanserom A: 65,6 m2
Teknisk 28,0 m2
Møterom 8 p 20,4 m2
Printerrom 11,1 m2
Møterom 24p 40,8 m2
Arbeidssone 67,1 m2 Toalett/BK A: 7,8 m2
Møterom 16p 28,5 m2
HEIS
Kantine 143,0 m2
Kommunikasjonsareale 85,1 m2 Multirom 6,4 m2
Gang 16,1 m2
Arbeidssone 72,4 m2
Multirom 5,6 m2 HEIS
Gang 16,2 m2
Kjøkken 7,9 m2
ÅPENT NED
Kjøkken 8,1 m2
Gang 8,7 m2
Arbeidssone 111,0 m2
Inngang
Printerrom 12,0 m2
Kommunikasjonsareale A: 118,2 m2
ITK /teknisk lager 15,9 m2
Gang A: 31,0 m2 Inngang
Ventesone 19,8 m2
Kjøkken 11,1 m2 HEIS
Plan 3 527 m² i eine blokka, og 688 m2 i den andre.
Arbeidssone 44,6 m2
HCWC 6,2 m2
Grupperom 9,8 m2
Multirom 6,2 m2
Arbeidssone 85,4 m2
15
Lager/ BK A: 2,0 m2
WC 3,0 m2
WC WC 3,1 m2 3,0 m2
Møterom 16p 28,5 m2
Møterom 16p 30,2 m2
Sosialsone 23,6 m2
Arbeidssone 85,3 m2
Elvekanten Kontaktinformasjon: Om du har spørsmål, eller er interessert i å leige lokale i Elvekanten, kontakt: Torbjørn Berqvam toberqva@online.no, 913 33 022 Arkitekt: Salt Arkitekt, v/Idar G. Havn Totalentrepenør: Consto Sfj AS Kontaktperson: Jan-Magne Fylkesnes Jan-magne.fylkesnes@consto.no, 476 39 926 Grafisk produksjon: Rein Design