PROGRAM 2019
3.-12. MAI
KULTURDAGAR I ARNA
Kulturlivet i Arna er mangfaldig, tradisjonelt og nyskapande! Gjennom 63 arrangement frå 46 arrangørar på alle mulege stader, gjev Kulturdagar i Arna deg høve til å bli godt kjend med kulturlivet i bydelen din. Svært mange av arrangementa skjer i samarbeid mellom arrangørar, og dette har ved fleire høve vist seg å gjere publikumsopplevinga endå betre. Programmet spenner frå Edru Livsstil Arna/Bergen sitt klassiske rebusløp med bil, strikking, internasjonal dag og ei rekkje konsertar, til ekstra mange utstillingar og arrangement for born. Espeland Fangeleir får vitjing av Sigrid Moldestad, Karoline og Sigvart syng i Arna kyrkje - og til opninga kjem både Cato og Klaus, pluss Toril A.M. Paulsen med Twang Gang. Sistnemnde gruppe spelar også til gamaldags bygdafest om kvelden på opningsdagen. Takk til alle dei som deltek, Øyrane Torg, Bygdanytt og alle andre som stør opp om det lokale kulturlivet! Ta del i kulturdagane, og delta på eit lokalt arrangement!
John Kristian Øvrebø Kultursjef for Arna og Åsane
Lokale festivalar og mønstringar Arna Trefestival, familiefestivalen Låveleik og Gatemarknaden i Ytre Arna (15. juni), er gode døme på store arrangement, der lokale krefter skapar gode kulturopplevingar med utgangspunkt i eigne ressursar. Kulturkontoret ynskjer å bidra til at det blir mønstringar og «kulturdagar» gjennom heile året, så ta gjerne kontakt dersom du treng tips og hjelp til å setje kulturidéen din ut i livet!
Nyhende på kulturfronten - Arbeidet med å danne eit kulturråd for Arna er i full gang, sjå side 15 - I oktober kan du lansere eller prøve ut nye aktivitetar under konseptet Fun Palaces, sjå: funpalaces.no - Ny kommunal tilskotsordning for folkeverkstader, der føremålet er å etablere fellesarenaer for skaping, reparering eller konstruksjon av nye ting. For meir informasjon, ta kontakt med Arna og Åsane kulturkontor på 55 56 71 13.
Kulturlokaler og kulturverkstader Bergen kommune har ei rekkje kultur- og aktivitetslokalar som frivillige lag og organisasjonar kan leige gratis! Informasjon om lokale og ledige tider finn du i kommunen sitt elektroniske utleigesystem: www.bergen.kommune.no/aktivby
UTSTILLINGAR
3. MAI – 12. MAI
Ytre Arna Museum
Ytre Arna Museum, Ivar Aasgaardsveg 1 Temautstilling om Arne Fabrikker og knoppskyting av tekstilindustrien. Foredrag med Bjørn Bremerthun onsdag 8. mai kl. 19.00, og Forteljestund med Vibeke Mowinckel Lorentz, 6. og 8. mai kl. 10.00 – sjå eige oppslag i programmet! Opningstider: Tysdag – sundag kl. 12.00-15.00 Laurdag 4. mai kl. 09.00-15.00 Pris: kr 50,- ved inngang. Gratis for born. Arr: Stiftinga Ytre Arna Museum
5. MAI – 12 MAI
Ådnatun Museum
Ådnatun Museum, Utløebakken 81 Forutan husa og gjenstandane i Ådnatun, kan du under kulturdagane sjå kunst av Hege Bringe. Husflidslaget stiller ut husflidsprodukt. Apoteket sel eteriske olje. Sal av sveler og kaffi. Opningstider: Sundag 5. mai kl. 13.00: Utstillingsopning med kulturinnslag Tysdag 7. mai og torsdag 9. mai kl.17.00-19.30 Laurdag 11. mai kl. 12.00-15.00 Sundag 12. mai kl. 13.00-16.00 Pris: Gratis Arr: Arna Sogelag
5. MAI – 12. MAI
Arna trefestival
Rambergsvegen i Indre Arna - sjå kartet i midten! Arna trefestival inviterer til årets magiske utadørs kunstutstilling «Verden innenfor». Utstillinga er opa døgeret rundt under kulturdagane. Kart over utstillingsområdet finn du midt i programheftet!
ILL: ORANGUTWANG DESIGN
Opningstider: 5. - 12. mai, 24 timar i døgeret Sundag 5. mai kl. 13.00: Utstillingsopning og tur med omvising Sundag 12. mai kl. 13.00: Eventyrstund i «Heksehytta» (gapahuken) Pris: Gratis Arr: Arna trefestival 3. - 12. MAI, 24 TIMAR I DØGERET
Gatekunstutstilling «Vår framtid»
Ei pop-up gatekunstutstilling laga av elevar ved Garnes ungdomsskule flyttar ut i gatene under Kulturdagane. Verka vil poppe opp rundt om i Arna, så her gjeld det å halde augene opne. Utstillinga kan sjåast mellom 3. og 12. mai, 24 timer i døgeret rundt om i Arna! Pris: Gratis Arr: Garnes ungdomsskule
FOTO MISS.PRINTED
4
UTSTILLINGAR - SJÅ SIDE 4 OG 5
Kunstutstilling med Atelier 10+
Øyrane Torg, Ådnavegen 63 Hjarteleg velkomen til ei fargerik kunst-/salsutstilling i regi av Atelier 10+. Medlemane brukar varierte materialar, reiskapar og måleteknikkar. Opningstider: 3. – 11. mai kl. 11.00 – 19.00 Pris: Gratis Arr: Atelier 10+ VERK AV REIDUN ERSTAD
UTSTILLINGAR
3. MAI – 11. MAI
4. MAI – 12. MAI
Kunstutstilling «Arr»
Fjøsen i Espeland fangeleir, Moldamyrane 81 Kunstnarane Krister og Adela Salomon-Hammersland og Steinar Karlsen er inspirerte av historia til Espeland fangeleir, kampen for fridom og draumen om eit liv utanfor bobla. Salsutstilling med fotografi, måleri, glas, video og lyd.
FOTO: STEINAR KARLSEN
Opningstider: 4. mai kl. 18.00: Offisiell opning | 5. mai kl. 12.00-15.00 I 6. mai kl. 10.00-14.00 I 8. mai kl. 12.00 – 16.00 | 9. mai kl. 14.00-18.00 I 11. mai kl. 11.00 – 15.00 I 12. mai 12.00-15.00 Pris: Gratis Arr: Form for alle
3. MAI – 5. MAI
Måleriutstilling hos Flatabø Tidlegare Flatabø Sko, Lonaleitet 12
Utstillarar er Nore Grimen og Reidar Flatabø. Kom og et vaflar, sjå på bilete og høyr Reidar fortelje om sin unike kultursamling! Opningstider: Fredag 3. mai kl. 17.00-20.00 Laurdag 4. mai og sundag 5. mai kl. 14.00-18.00 Pris: Gratis Arr: Nore Grimen og Reidar Flatabø VERK AV REIDAR FLATABØ
7. og 9. MAI
Kunst- og salsutstilling
Kafeen i Ytre Arna bedehus, Peter Jebsens veg 23 Sal av brukskunst i keramikk laga av Sissel Solheim frå Åsane og Solfrid Stein frå Ytre Arna. Opningstider: Tysdag 7. mai og torsdag 9. mai kl. 17.00-20.00 Pris: Gratis inngang Arr: Solfrid Stein
VERK AV SOLFRID STEIN
UTSTILLINGAR - SJÅ SIDE 4 OG 5
5
FREDAG 3. MAI
FREDAG KL. 11.30-13.30
Open kafé
Ytre Arna bedehus, Peter Jebsens veg 23 Velkomen til årets Open kafé i kjellaren til Ytre Arna Bedehus. Det blir sal av kaffi, vaflar, kaker med meir. Pris: Gratis Arr: Ytre Arna bedehus
FREDAG KL. 19.00
Vårfest med Det hvite bånd Ljoshall, Ekrevegen 43
Foreininga «Det hvite bånd» arbeider for ei rusfri verd. Tradisjonell Vårfest med musikk, song av Ytre Arna Vokal, opplesing v/Margit Hollekve og tale av stortingsrepresentant Kjersti Toppe. Servering. Alle er velkomne! Pris: Kollekt Arr: Det hvite bånd
FOTO: PIXABAY
LAURDAG 4. MAI
LAURDAG KL. 09.00-12.00
Smakebitar frå «Pippi til Popeye» på Øyrane Torg Øyrane Torg, Ådnavegen 63
Skulekorpsa frå Garnes og Arna spelar lett og fengande musikk på Øyrane torg mellom kl. 09.00 og 12.00. Heile konserten spelast kl. 14.30 i Kulturhuset Sentrum i Ytre Arna. Sjå s. 9 for meir informasjon. Pris: Gratis Arr: Garnes Skulekorps og Arna Skulekorps FOTO: PIXABAY
LAURDAG KL. 12.00-23.00
Karneval og andre aktivitetar Ådnahall kulturverksted, Lakslia 10
Karneval med ulike aktivitetar for små og store fram til kl. 19.00. Etter kl. 19.00 er det ungdomsklubb frå 5 til 10. klasse. Danseframsyning med showdansgruppa “Little feet”. For meir program, sjå Facebook: Bry deg Pris: Gratis Arr: Bry Deg, Arna Verk og BARK
FOTO: BRY DEG
6
UTSTILLINGAR - SJÅ SIDE 4 OG 5
Heile Ytre Arna
Som i fjor vert det yrande folkeliv når Ytre Arna mobiliserer for å vise sitt mangfald i notid og ei lysande framtid. Det vert kaféar, utstillingar, omvisingar, aktivitetar og underhaldning i heile Ytre Arna. Sjå meir informasjon på andre postar i programmet, og på www.arnemusikforening.no eller Facebook-gruppa «Kulturdagen i Ytre Arna». Arr: Arne Musikforening
LAURDAG 4. MAI
LAURDAG KL. 09.00- 02.00
Kulturdagen i Ytre Arna
ANIMASJONSBILETE: OMRÅDESATSINGA YTRE ARNA
LAURDAG KL. 09.00-16.00
Med DS Oster til kultur- og industribygda Ytre Arna Ytre Arna, Øyrane Torg og Osterøy
FOTO: KOLBJØRN VALESTRAND
Opplev Sørfjorden og Arnavågen ombord i DS Oster slik folk reiste i gamle dagar. Første tur med båten går frå Valestrand kl. 09.00, frå Øyrane kl. 10.15 og frå Haus/Votlo kl. 11.10. Oster er innom Ytre Arna på alle turane. Veteranbuss mellom Øyrane og Ytre Arna. Skulekorpsa i Arna spelar på kaiane. Kafé, utstillingar og underhaldning i heile Ytre Arna! Meir informasjon på www.arnemusikforening.no Billett DS Oster: Vaksne kr 50,- born kr 25,Arr: Arne Musikforening LAURDAG KL. 09.00-15.00
G. Aasgaard handelshus frå 1875 Kaien i Ytre Arna, Ivar Aasgaards veg 3
Den gamle Aasgaard-butikken på kaien er open, og står fram som han var i gamle dagar. Her får du skillingsbollar og ferske brød bakt på gamle oppskrifter, serverte av blide og kjende ekspeditriser frå den gong butikken var i dagleg drift. Pris: Nok pengar til bollar og brød Arr: Arne Musikforening
FOTO: LARS ASPLIN
LAURDAG KL. 09.00-15.00
Oleana-fabrikken ved fjorden Oleana, Ivar Aasgaardsveg 1
På kulturdagen held strikkeplaggfabrikken Oleana ope, med omvisingar i fabrikken kl. 10.00 og kl. 13.00. Få eit innblikk i gamle handverksteknikkar og sjå korleis produksjonen vert utførd i dag. Pris: Kaffi og kaker er å få kjøpt. Inngang gratis Arr: Oleana AS og Arne Musikforening
FOTO: INGE OLSEN
UTSTILLINGAR - SJÅ SIDE 4 OG 5
7
LAURDAG 4. MAI
LAURDAG KL. 09.00-15.00
Open dag på Gamle Arna stasjon Gamle Arna Stasjon, Ådnavegen 26
Museet Gamle Vossebanen inviterer til utstilling av jernbanemateriell, møte med dei frivillige og togtur til Haukeland. Turen vert køyrd med ei vakkert restaurert motorvogn av type BM 86. For meir informasjon og rutetider, sjå Facebook: Gamle Vossebanen Pris: Gratis inngang på stasjonen, men sal av billettar til togturar Arr: Museet Gamle Vossebanen FOTO: KAJ STOKSTAD
LAURDAG KL. 10.00 – 15.00
Open kafé
Ytre Arna bedehus, Peter Jebsens veg 23 Velkomen til årets Open kafé i kjellaren til Ytre Arna Bedehus. Det blir sal av kaffi, vaflar, kaker med meir. Pris: Gratis Arr: Ytre Arna bedehus
LAURDAG KL. 11.30-13.00
Offisiell opning av Kulturdagane 2019 og Kulturdagen i Ytre Arna Oleana Fargeriet, Ivar Aasgaardsveg 1
FOTO: LARS ASPLIN
Cato og Klaus skapar lått og løye. Rockabilly bandet Twang Gang og solist Torill Aurora Mønnich Paulsen får stemninga til å gå i taket. Arne Musikforening spelar utdrag frå sitt repertoar. Arne Sangforening er óg med på festen. Byråd for klima, kultur og næring Julie Andersland opnar Kulturdagane 2019 og deler ut Kulturprisen for Arna. Pris: kr 200,-/born i fylgje med vaksne gratis Arr: Arne Musikforening LAURDAG KL. 10.00-16.00
Kunstutstilling og kulturkafé
Kafeen i Kulturhuset Sentrum, Peter Jebsens veg 4 Måledamene i Ytre Arna stiller ut og sel måleria sine i kafeen i Kulturhuset Sentrum. Sal av kaffi, kaker og varm mat. Vel møtt! Pris: Gratis inngang Arr: Arne Musikforening
FOTO: INGE OLSEN
8
UTSTILLINGAR - SJÅ SIDE 4 OG 5
Opa dør hos Urban Light Studio Arna Industrihus, Fabrikkvegen 1, inngang 20
Ta ein tur innom Urban Light Studio Bergen til dokumentarfotograf Kristina Vosyliene. Sjå gjennom portefølje og slå av ein hyggjeleg prat over ein kopp kaffi og smultring. Pris: Gratis Arr: Urban Light Studio Bergen
LAURDAG 4. MAI
LAURDAG KL. 11.00 – 18.00
FOTO: KRISTINA VOSYLIENE
LAURDAG KL. 11.00-20.00
Opent ateliér
Arna Industrihus, Fabrikkvegen 1 Guro Gomo er utdanna biletkunstar og jobbar med måleri og video. Ho har tidlegare stilt ut fleire stader i Noreg og Europa. Denne dagen vil ho vise litt av det ho har jobba med. Pris: Gratis Arr: Guro Gomo
FOTO: GURO GOMO
LAURDAG KL. 14.00
Familielaurdag: Zara og dei
Ytre Arna bibliotek, Peter Jebsens veg 4 Forfattar Bjørn Sortland les og fortel om den vesle zombiefamilien. Ansiktsmåling og vising av animasjonsfilm. Passar for born frå 4 år og oppover. Pris: Gratis Arr: Ytre Arna bibliotek
ILL: ELISABETH MOSENG
LAURDAG KL. 14.30
«Frå Pippi til Popeye» i Ytre Arna Kulturhuset Sentrum, Peter Jebsens veg 4
Konsert i samarbeid mellom Garnes Skulekorps og Arna Skulekorps. Lett og fengande musikk for musikkentusiastar i alle aldrar. Framføringar av både hovudkorps og aspirantar. Velkomen! Pris: kr 50,- vaksne, born gratis Arr: Arna Skulekorps og Garnes Skulekorps
FOTO: PIXABAY
UTSTILLINGAR - SJÅ SIDE 4 OG 5
9
LAURDAG 4. MAI
LAURDAG KL. 19.30
Konsert med Sigrid Moldestad Trio Espeland fangeleir, Moldamyrane 81
Folkemusikar Sigrid Moldestad leverer unike konsertar, og me ynskjer velkomen til ein stemningsfull kveld i Espeland fangeleir. HUGS! Kl. 18.00 er det offisiell opning av utstillinga «Arr» i Fjøsen, sjå side 5 i programmet. Pris: kr 250,- Billettar ved inngang og hjå Margit Vangdal, tlf. 901 88 201 Arr: Form for alle og Espeland fangeleir FOTO: ØYSTEIN HAARA
LAURDAG KL. 20.00 – 02.00
Bygdedans med Twang Gang Kulturhuset Sentrum, Peter Jebsens veg 4
God gamaldags bygdedans med Vossabandet Twang Gang. Slå av ein god prat og prøv dansefoten til svingande rytmar. Open bar med sal av øl og vin. 18 års aldersgrense. Pris: kr 200,Arr: Arne Musikforening
FOTO: EILIF STENE
SUNDAG KL. 12.00-15.00
Espeland Fangeleir Moldamyrane 81
Fangeleiren er open for omvising. Pris: Kr 80,- / born gratis Arr: Stiftelsen Espeland fangeleir 6
7
,
)
7
(
/
6
(
1
(63(/$1'
)$1*(/(,5
SUNDAG 5. MAI
SUNDAG KL. 13.00
Arna trefestival inviterer til opninga av «Verden innenfor»
Oppmøte på parkeringsplassen i Stølsvegen ved starten av Rambergsvegen (sjå eige kart på midtsida i programmet)
arna trefestival ILL: ORANGUTWANG DESIGN
10
Ta ein pause og bli med på utstillingsopning og tur med omvising i den eventyrlige løypa i Rambergsvegen. Levande opplevingar og overraskingar. I «Heksehytta» (gapahuk) blir det sal av huldrevaflar og nøkkevatnskaffi. Pris: Gratis Arr: Arna trefestival
UTSTILLINGAR - SJÅ SIDE 4 OG 5
Opning av kunstutstilling i Ådnatun Ådnatun museum, Utløebakken 81
VERK AV HEGE BRINGE
Utstillaren i år er kunstnaren Hege Bringe. Natur og årstider er ofte inspirasjon for hennar måleriske prosess. Med måleri inspirerte av Vestlandets natur og lys, formidlar ho stemningar og inntrykk frå naturen. Måleria vert laga på MDF plater, gjerne med bruk av materialar frå naturen og industrien. Musikalsk innslag med Unnelandskoret. Kafeen sel sveler og kaffi. Pris: Gratis Arr: Arna Sogelag
SUNDAG 5. MAI
SUNDAG KL. 13.00
SUNDAG KL. 18.00 OG 20.30
Konsert med Karoline og Sigvart Arna kyrkje, Lakslia 19
MÅNDAG KL. 10.00
Forteljestund med Vibeke Mowinckel Lorentz Ytre Arna Museum, Ivar Aasgaardsveg 1
Song, regler og eventyrforteljing som passar for 1. og 2. klassetrinn. Varer 45 minutt. Påmelding innan fredag 26. april til e-post: post@ytrearnamuseum.no Pris: Gratis Arr: Stiftinga Ytre Arna Museum
MÅNDAG 6. MAI
FOTO: PRESSEFOTO
I år får me oppleve ein sjeldan samkøyrt duo under Kulturdagar i Arna, Karoline Krüger og Sigvart Dagsland! Ho er etablert scenekunstnar med musikkteater-suksess i inn- og utland, og han har ei stor popkarriere, og er for lengst etablert som ei av Skandinavias største stemmer. Pris: kr 400,Billettar kan tingast på tlf. 913 48 008/900 36 640 Arr: Arna Rotary Klubb, Arna Mållag, Edru Livsstil Arna/Bergen og Folkeakademiet Arna
FOTO: PRIVAT
MÅNDAG KL. 14.00-22.00
Opent hus for alle
Ådnahall kulturverkstad, Lakslia 10 Bry Deg inviterer til å bli med i eit lokalt og sosialt fellesskap med eit stort utval av spel og mange andre aktivitetar for born og unge. For program, sjå Facebook: Bry deg Pris: Gratis Arr: Bry Deg
FOTO: BRY DEG
UTSTILLINGAR - SJÅ SIDE 4 OG 5
11
MÅNDAG 6. MAI
MÅNDAG KL. 17.00-20.00
Opent i Ekrahuset Ekrahuset, Ekrevegen 17
Kunstnarane Adela og Krister Salomon-Hammersland inviterer til sitt kreative hus. Verkstader for store og små, med nålefilting, linoleumstrykk og måling på lerret/plater. Sal av glaskunst, måleri, teikningar og smykke. Pris: Kr 90,- for bruk av materialar Arr: Ekrahuset
FOTO: ADELA SALOMON-HAMMERSLAND
MÅNDAG KL. 18.30
Rebusløp for bilar Ljoshall, Ekrevegen 43
Rebusoppgåver fører bilane frå plass til plass i Arna, med kontrollspørsmål på kvart stopp. Tid og køyrelengd tel òg. Premieutdeling og sal av nydeleg kveldsmat i Ljoshall etter at alle bilane er tilbake. Pris: 100,- per bil Arr: Edru Livsstil Arna/Bergen
FOTO: PIXABAY
MÅNDAG KL. 19.00
Kortreff
Trengereid forsamlingshus, Trengereid Konsert med Trengereidkoret, Tysnes kammerkor, Sangforeningen Ekko frå Askøy og fleire. Sal av kaffi og kaker, loddsal. Alle er velkomne! Pris: Gratis Arr: Trengereidkoret
FOTO: ERIC CLEMENT
TYSDAG 7. MAI
TYSDAG KL. 18.00
Bokprat: «Ruter og Lus»
Ytre Arna bibliotek, Peter Jebsens veg 4 Den nye strikkeboka frå Norsk Trikotasjemuseum, Ruter og lus, presenterer nye strikkeoppskrifter inspirerte av islendarar og mønster frå Salhus Tricotagefabrik. Hanne Dale og Siri Gamborg fortel om arbeidet med boka. Ta gjerne med strikketøyet! Pris: Gratis Arr: Ytre Arna bibliotek
FOTO: TOVE LISE MOSSESTAD
14
UTSTILLINGAR - SJÅ SIDE 4 OG 5
OPE MØTE OM KULTURBYDELEN ARNA TYSDAG KL. 18.00 LJOSHALL, Ekravegen 43
Fleire bydelar i Bergen har oppretta kulturråd. Vi meiner at også Arna bør gjere det same. Alle lag og organisasjonar i Arna inviterast difor til eit ope møte i Ljoshall, tysdag 7. mai, kl. 18.00. SAKLISTE: 1. Orientering om bakgrunnen for initiativet 2. Kultursjef John Kristian Øvrebø: Erfaringar med Kulturrådet i Åsane 3. Drøfting av etablering av Kulturrådet i Arna 4. Stifting av Kulturrådet i Arna: - Forslag til vedtekter - Stiftingsprotokoll – underskriving - Val av interimsstyre
Døme på kulturråd sin funksjon for kulturlivet: - Vere felles talerøyr overfor politikarar, offentlege styresmakter og kulturlivet sine organisasjonar - Synleggjere kulturaktivitetar, og medverke til styrking av eksisterande møteplassar og etablering av nye - Arbeide for å skaffe samarbeidspartar, sponsorar og støttespelarar for kulturlivet i bydelen - Betre rammevilkåra for kulturlivet i Arna Møt fram for å bli orientert, og sei di meining om etablering av kulturrådet i Arna! UTSTILLINGAR - SJÅ SIDE 4 OG 5
15
TYSDAG 7. MAI
TYSDAG KL. 18.00-21.00
Strikkedugnad
Arna kyrkjelydshus, Lakslia 21 Alle som likar å strikke og vil hjelpe nyfødde barn ved Okhaldhunga Community Hospital i Nepal, er hjarteleg velkomne denne kvelden for å strikke pledd og ullplagg. Kaffi, prat og utlodding. Pris: Gratis Arr: Arna sokneråd, konfirmantgruppe
TYSDAG KL. 19.00
Gamaldans med Arnaringen Haugland skule, Hauglandsvegen 8
Arnaringen har danseøvingar kvar tysdag på Haugland skule med gamaldans og turdansar. Avslutning av vårsesongen med dans og litt mat. Alle som likar gamaldans er velkomne! Pris: Gratis Arr: Arnaringen
FOTO: UNSPLASH
TYSDAG KL. 19.00
Korkafé
Friborg på Lone, Lonaleitet 160 Haukeland songlag feira 90 år i 2018! I år inviterer dei til korkafé med lotteri. Opent for alle som har lyst å høyre på Haukeland songlag og gjester saman med ein «kaffitår med noko attåt». Pris: Gratis Arr: Haukeland songlag
FOTO: MULTIFOTO
ONSDAG 8. MAI
ONSDAG KL. 10.00
Forteljestund med Vibeke Mowinckel Lorentz
Ytre Arna Museum, Ivar Aasgaardsveg 1 Song, regler og eventyrforteljing som passar for 1. og 2. klassetrinn. Varer 45 minutt. Påmelding innan fredag 26. april til e-post: post@ytrearnamuseum.no Pris: Gratis Arr: Stiftinga Ytre Arna Museum FOTO: PRIVAT
16
UTSTILLINGAR - SJÅ SIDE 4 OG 5
Føremiddagstreff
Indre Arna Bedehus, Indre Arnavegen 115 Tale av Terje Breivik og song ved Arna og Ytre Arna kyrkjekor. Servering av varmrett, kaffi og kaker. Pris: Gratis Arr: Indre Arna Indremisjon
ONSDAG 8. MAI
ONSDAG KL. 12.00
FOTO: UNSPLASH
ONSDAG KL. 12.00-16.00
Dansekafé
Arna Seniorsenter (Kyrkjelydshuset), Lakslia 21 Seniordans og internasjonale ringdansar. Linedans. Solodansar og pardansar. Swing. Programmet for swing, baserer seg på dans med fast partnar, og med partnarbytte. Alle gjestene får instruksjon i, og høve til å prøve seg på danseprogrammet. Det vert servert kaffi og vaflar. Pris: Gratis inngang Arr: Arna Seniordans
ONSDAG KL. 12.50-16.00
Markering av Frigjeringsdagen i Espeland fangeleir Espeland fangeleir, Moldamyrane 81
6
7
,
)
7
(
/
6
(
1
(63(/$1'
)$1*(/(,5
Først blir det appell ved August Ratke på Espeland togstasjon, og deretter går ein i tog til leiren. Kransenedlegging ved stortingsrepresentant, Petter Chr Frølich. Song av Malin Birkelid Meyer og kåseri ved Kjartan Rødland i Kvinnebrakka. Utdeling av Stiftelsen Espeland fangeleir sin pris. Pris: Gratis Arr: Stiftelsen Espeland fangeleir
ONSDAG KL. 14.30-19.30
Open scene og jam
Ådnahall kulturverksted, Lakslia 10 Me set opp trommesett, eit par gitarforsterkarar og vokalmikrofonar. Ta med deg instrument og kom! Konsertstart kl. 16.30. Servering av mat. For meir program, sjå Facebook: Ådnahall UNG Alder: 13-16 år Pris: Gratis inngang Arr: Bergen kommune ved Ådnahall UNG og U82 FOTO: UNSPLASH
UTSTILLINGAR - SJÅ SIDE 4 OG 5
17
ONSDAG 8. MAI
ONSDAG KL. 16.00-19.00
Kafé Samhold – Nabolagskafé med kulturknekk Kulturhuset Sentrum, Peter Jebsensveg 4
Sal av kjærleiksfullt laga rettar av gode råvarer og varm drikke med noko søtt attåt. Denne onsdagen vert det kulturelle innslag. Pris: Gratis inngang. Kaffiprisar til å leve med. Arr: Ytre Arna Brød og Sirkus
ILL: RANDI WALLEM SEKKINGSTAD/DESIGNDORIS
ONSDAG KL. 18.00
Kyrkjelydsklubben sin kulturkafé Kyrkjelydhuset i Indre Arna, Lakslia 21
Arnastrilen Toraderlag spelar på den opne kulturkafeen. Ta ein svingom! Alle er velkomne! Sal av vaflar, kaffi og brus. Utlodding. Pris: kr 50,Arr: Klubben for funksjonshemma
FOTO: AUDUN STØLÅS
ONSDAG KL. 18.00
Kulturkonsert med kafé
Arna Misjonsmenighet, Hølbekken 1 Smil og tårer kjem fort fram når Arna Soul Children, Gutta og Arna Soul Kids opptrer. Dei har sunge med store artistar i Grieghallen og på Lysfesten, og no kan vi høyre dei heime i den flotte misjonskyrkja på Arnatveit. Etter konserten vert det kafé. Pris: Vaksne kr 50,-/born 20,-/familie kr 150,- i døra Arr: Arna Soul Children og Arna Soul Kids
FOTO: RUNE STØLÅS
ONSDAG KL. 19.00
Foredrag: Arne Fabrikker, det var her det starta! Oleana Fargeriet, Ivar Aasgaardsveg 1
Bjørn Bremerthun held foredrag om knoppskyting av tekstilbedrifter ut frå Arna Fabrikker. Lett servering. Konsert med Bergens Musik Corps. Utstilling med same tema gjennom heile kulturveka. Pris: Vaksne kr 100,-/born gratis. Billettar i døra. Arr: Ytre Arna Museum KART: ARNE FABRIKKER
18
UTSTILLINGAR - SJÅ SIDE 4 OG 5
Kulturfest på Unneland Unnelandsvegen 253
Unnelandskoret inviterer til kulturfest med Trengereid Musikklag, Arnastrilen Toradarlag og Showdansegruppen i Unneland kulturog aktivitetshus. Kulturkafé med kaffi og kaker - ta med penger eller Vipps! Pris: Gratis inngong. Kaffi og kaker – spis så mykje du vil for kr. 50,-. Arr: Unnelandskoret
ONSDAG 8. MAI
ONSDAG KL. 19.00
TORSDAG KL. 14.30-19.30
VR turnering og Cosplay fotoshoot Ådnahall kulturverkstad, Lakslia 10
Ådnahall UNG inviterer til VR turnering med Playwell og Virtual Nordic, og til cosplay/kostyme fotoshoot med UniLoid, med kåring av beste bilete. For program, sjå Facebook: Ådnahall UNG Alder: 13-16 år Pris: Gratis Arr: Bergen kommune ved Ådnahall UNG
TORSDAG 9. MAI
ILL: PIXABAY
FOTO: UNSPLASH
TORSDAG KL. 19.00
Concert Romantique Arna kyrkje, Lakslia 19
Kva har The Rose, Brudemarsj frå Øre og You will never walk alone til felles? Kom på romantisk konsert med kjende bruremarsjar, salmar, solosong og musikk med kantor Olav Arne Steinkopf og solist Cathrine Snipsøyr. Pris: Kollekt ved utgang Arr: Arna sokneråd
FREDAG KL. 11.30-13.30
Open kafé
Ytre Arna bedehus, Peter Jebsens veg 23 Velkomen til årets Open kafé i kjellaren til Ytre Arna Bedehus. Arrangementet er gratis og det blir sal av kaffi, vaflar, kaker med meir. Pris: Gratis Arr: Ytre Arna bedehus
UTSTILLINGAR - SJÅ SIDE 4 OG 5
FREDAG 10. MAI
FOTO: MARIANNE FANEBUST
19
FREDAG 10. MAI
FREDAG KL. 17.00-20.00
Opent i Ekrahuset Ekrahuset, Ekrevegen 17
Kunstnarane Adela og Krister Salomon-Hammersland inviterer til sitt kreative hus. Verkstader for store og små, med nålefilting, linoleumstrykk og måling på lerret/plater. Sal av glaskunst, måleri, teikningar og smykke. Pris: Kr 90,- for bruk av materialar Arr: Ekrahuset
FOTO: ADELA SALOMON-HAMMERSLAND
FREDAG KL. 19.00
«Hairspray» med ungdomsgruppa Kulturhuset Sentrum, Peter Jebsensveg 4
Bergen Musikkteater si vaksengruppe og ungdomsgruppe syner begge, men kvar for seg, musikalen Hairspray. Pris: 200,- for vaksne/150,- for born Bill.: www.eventim.no Arr: Bergen Musikkteater
LAURDAG 11. MAI
LAURDAG KL. 10.00-15.00
Open kafé
Ytre Arna bedehus, Peter Jebsens veg 23 Velkomen til årets Open kafé i kjellaren til Ytre Arna Bedehus. Det blir sal av kaffi, vaflar, kaker med meir. Pris: Gratis Arr: Ytre Arna bedehus
LAURDAG KL. 11.00 – 18.00
Opa dør hos Urban Light Studio Arna Industrihus, Fabrikkvegen 1, inngang 20
Ta ein tur innom Urban Light Studio Bergen til dokumentarfotograf Kristina Vosyliene. Sjå gjennom portefølje og slå av ein hyggjeleg prat over ein kopp kaffi og smultring. Pris: Gratis Arr: Urban Light Studio Bergen
FOTO: KRISTINA VOSYLIENE
20
UTSTILLINGAR - SJÅ SIDE 4 OG 5
Andeslepp
Storelva ved Øyrane Torg Haukeland songlag sender 500 gule ender nedover Storelva, med premiering av dei 10 første som kryssar målsnora. Alle endene vert fanga inn etter elveturen. Vi har ingen å miste! Pris: Gratis å sjå på andesleppet. And-elsbrev kr 100,- blir selde på førehand. Arr: Haukeland Songlag
LAURDAG 11. MAI
LAURDAG KL. 13.00
FOTO: UNSPLASH
LAURDAG KL. 13.00-17.00
Vårmarknad hjå Arna Husflidslag Ådnatun museum, Utløebakken 83
Du som er interessert i både nyskapande og i tradisjonell husflid, stikk innom vårmarknaden til Arna Husflidslag! Mykje vakker husflid og handverk å sjå på! Sal av lokale husflidsprodukt. Pris: Gratis Arr: Arna Husflidslag
FOTO: ADELA SALOMON-HAMMERSLAND
LAURDAG KL. 16.00-23.00
Opent hus for alle
Ådnahall kulturverkstad, Lakslia 10 Bry Deg inviterer til å bli med i eit lokalt og sosialt fellesskap med eit stort utval av spel og mange andre aktivitetar for born og unge. For program, sjå Facebook: Bry deg Pris: Gratis Arr: Bry Deg
ILL: BRY DEG
LAURDAG KL. 19.00
«Hairspray» med vaksengruppa Kulturhuset Sentrum, Peter Jebsensveg 4
Bergen Musikkteater si vaksengruppe og ungdomsgruppe syner begge, men kvar for seg, musikalen Hairspray. Pris: 200 for vaksne / 150 for born Bill.: www.eventim.no Arr: Bergen Musikkteater
UTSTILLINGAR - SJÅ SIDE 4 OG 5
21
SUNDAG 12. MAI
SUNDAG KL. 11.00-15.00
Open gard
Bergen Undervisningsgård, Garnestangen 60 Helse på alle dyra me har på garden, til dømes flotte kaninar og ulike typar fjørkre. Mellom fleire aktivitetar kan du skyte med pil og boge og luftgevær og ri på hest. Sal av mat og drikke. Pris: kr 25,Arr: Bergen Undervisningsgård
FOTO: LINN MYHR
SUNDAG KL. 11.00
Sundagssamling
Ytre Arna bedehus, Peter Jebsensveg 23 Sundagssamling i Ytre Arna Bedehus. Tale av Ole Jørgen Storsæter. Sundagsskule. Kaffi med meir. Pris: Gratis Arr: Ytre Arna indremisjon
FOTO: BRIT RØNNINGEN
SUNDAG KL. 12.00-15.00
Espeland Fangeleir Moldamyrane 81
Fangeleiren er open for omvising. Pris: Kr 80,- / born gratis Arr: Stiftelsen Espeland fangeleir 6
7
,
)
7
(
/
6
(
1
(63(/$1'
)$1*(/(,5
SUNDAG KL. 13.00
Eventyrstund i «Verden innenfor» «Heksehytta» (gapahuken) i Rambergsvegen
Eventyrstund med Geir Uldal for born i alle aldrar. Har du eit stort eller lite troll i magen er det lov å kle seg ut! Troll i Ord syng harmoniar til akkompagnement av rammetromme og kantele. Sal av heksesuppe, saft og kaffi. Pris: Gratis Arr: Arna trefestival
FOTO: LASSE NORLEMANN MATHIESEN
22
UTSTILLINGAR - SJÅ SIDE 4 OG 5
Internasjonal dag
Kulturhuset Sentrum, Peter Jebsens veg 4 Bebuarane ved Arna mottakssenter flyttar heile verda inn i Kulturhuset Sentrum når dei inviterer til musikk, song, talar og mat frå alle verdsdelar. Oppvising ved Arna Seniordans. Pris: Gratis Arr: Bebuargruppa ved Arna mottakssenter
SUNDAG 12. MAI
SUNDAG KL. 16.00-19.00
FOTO: PIXABAY
SUNDAG KL. 19.00
Salmefest
Arna kyrkje, Lakslia 19 Tradisjonelle salmar og gospel, spirituals, moderne lovsong, viser, afrikanske, latinamerikanske og asiatiske salmar. Eit band med dyktige musikarar med saksofonisten Thomas Nøkling i spissen, er med på å få salmane verkeleg til svinge. Musikalsk leiar er kantor Olav Arne Steinkopf. Ynskjekonsert til slutt, der folk kan få ynskje seg sin eigen salme. Pris: Kollekt ved utgangen Arr: Arna sokneråd FOTO: THOMAS NØKLING
VI TEK ATTERHALD OM FEIL I PROGRAMMET.
UTSTILLINGAR - SJÅ SIDE 4 OG 5
23
ARNA OG ÅSANE KULTURKONTOR Adresse: Åsane Senter 40 5116 ULSET E-post: ArnaogAsane.Kulturkontor@bergen.kommune.no Telefon: 55 56 71 15 Facebook: www.facebook.com/arnaogaasanekulturkontor Resepsjonen er open måndag kl. 12.00-15.00, tysdag til fredag kl. 09.00-15.00 Kveldsmøte kan avtalast. Alle kulturtilbod i regi av Bergen kommune finn du her: www.bergen.kommune.no/kultur