SPEIDEREN #2 - 2022

Page 18

SPEIDARKOKKEN

TEKST OG FOTO: AMALIE DALHAUG HALLELAND

Mål: K-7, 8

Blid bakst med surdeig Kan du blande vatn og mjøl? Om svaret er ja, så kan du òg bake med surdeig! Det er lett og morosamt, og resultatet blir eit godt brød som du kan nyte heime eller på tur. Ein surdeig er eit levande «vesen» med både eigen personlegdom, utsjåande og humør. Alt avheng av kva for ein kornsort du nyttar, kor grovmalt mjølet er og kor mykje du matar surdeigen. Nokon har og eigne namn, surdeigane mine heiter Clemet Cato og Bergljot Camilla. LAG DIN EIGEN SURDEIGSFAMILIE Clemet Cato var den fyrste surdeigen i familien, og han laga eg slik: 1. Bland 1 dl lunka vatn og 100 gram mjøl. La blandinga stå i eit tett glas på kjøkkenbenken over natta. 2. Dagen etter tek du litt av blandinga, omlag 25 gram, og blandar med 1 dl lunka vatn og 100 gram mjøl. Resten av blandinga, omlag 175 gram, treng du ikkje til surdeigen, men du kan bruke ho i anna bakverk, sjå Tips & triks. 3. Punkt 1 og 2 gjentek du i enda tre dagar på rad. No skal surdeigen byrje å boble og vekse. 4. På dag fem skal surdeigen vere boblande og klar til å bake med. Bergljot Camilla, på si side, er som eit barn for Clemet Cato. Då eg laga ho, tok eg nemleg berre ein del av Clemet Cato som eg mata opp og, vipps, hadde eg to startarar.

ORDLISTE

Startar - Mora til alle brøda dine er startaren, det er ho du må mate for å laga ein aktiv surdeig. Mate – Å blande saman ein liten del startar med like delar mjøl og vatn. Aktiv surdeig - Den ferdig mata surdeigen som boblar og som du brukar til å bake med.

18 | SPEIDEREN #2.2022


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.