6 minute read

FJELLTOPPENE?

BYNÆRT

Gullfjellet

Advertisement

Ta buss 930 fra busstasjonen og sitt på den i 45 minutter. Den vanligste traseen starter i Gullbotn.

Austefjellet

Ikke like lettvint med kollektivt, men etter en time er du på plass ved Osavatnet parkering. Vi snakker bybane, buss 90 deretter buss 97 eller en halvtime i bil.

Ulriken

Ved sjeldent gode forhold (som i desember i fjor) kan man få mye god skikjøring på skyggesiden av Ulriken. Ta gondolen opp og nyt byutsikt.

KVAMSSKOGEN

Byrkjefjell

Ta buss 930 fra busstasjonen og sitt på den i en time og 14 minutter. Den vanligste traseen starter fra Jonshøgdi.

Tveitakvitingen

Finn ut hvem som skal være med. Ved stor gruppe og lite erfaring – unngå skredterreng. Hva sier farevarselet om snøen i området du har sett deg ut?

– Les turbeskrivelsen nøye. Gjør research, og sørg for at du har satt deg inn i hvordan terrenget er. Hvis du blir usikker underveis kan du sjekke kartet på mobilen du har lastet ned på forhånd, påminner Mo-Bjørkelund oss.

Pudder for alle penga

Etter turledernes beslutning om å snu ved det bratte henget, settes fellene nok en gang på skia. Timene har fart forbi i samme fart som skikjørerne, og sola er like sliten som leggene mine.

– Jeg har samme følelse som når man spiser dessert. Er liksom mett, men vil ha mer likevel, forteller en av deltakerne humrende og legger i vei oppover.

Etter at de siste svingene er satt, og sola til slutt har lagt seg merker denne journalisten at det samme frister. Morgendagen kan heldigvis brukes på lydløs disko og nipping av café au lait.

Fjellene står stødig til neste gang lysten på topptur kommer snikende.

Ta buss 930 fra busstasjonen og sitt der i en time og 17 minutter. Dette er en ganske flat og lang tur som ofte gåes på fjellski. Turen starter ved Furedalen Alpinsenter.

Eikedalen skisenter

Ta buss 930 og sitt på i en time og 10 minutter. Bruk kveldene på å bli flink på ski, så slipper du å bruke velfortjente svinger etter turen opp på det samme.

VOSSASKI

Lønahøgdi

Ta toget til Voss og bestem deg for hva slags heiskort du vil ha. Topptur enten med eller uten gondol.

Raundalsryggen

Dette er vårskiturer. De er lange og krevende, men perfekte i fint vær. Ta toget til Voss og bestem deg for hvor mange topper du vil ha. Ta buss 955 i en halvtime fra toget og nyt.

Eilivseggi

Toget videre fra Voss til Ljosandbotn. Start ved togstasjonen og jobb deg oppover.

Det er inga påske utan påskekrim! Under den årlege stafetten for studentane i Bergen er det ein deltakar med vonde hensikter, og det er opp til Mari Mole å løyse gåta. Det er uvanleg fint og mildt vêr på Kvamskogen under påskestafetten «Ta Pinnen!» –den årlege stafetten kor studieinstitusjonane i Bergen konkurrerer seg imellom.

Sidan stafetten krasjar med ein planlagt demonstrasjon for høgare temperaturar på Bergen Arkitekthøgskule, kunne ikkje dei stille med lag. I rein desperasjon klarte arrangørane å gjere ein feil; dei inviterte Sjøkrigsskulen i staden, representert ved Mari Mole frå logistikklinja.

Mari Mole skuar bort på konkurrentane. Den fyrste ho legg merke til er guten med randoneeutstyr. Preben Pappasson med sin glatte frisyre lyser BI lang veg. Han verkar svært oppteken av å følgje med på samtalen som utspeler seg mellom paret ved sida av han.

Der står ei høg og tynn jente frå Høgskulen på Vestlandet (HVL). Ingrid Klepp er sjølverklært «that girl», og klarer ikkje ta auga vekk frå den kjekke guten framføre ho.

William Jeppesen verkar på si side meir oppteken av å snakke om seg sjølv og aksjar, enn av Ingrid. Han har dei raskaste shadesa, studerer på Norges Handelshøyskole (NHH), hvor han går sisteåret på master i innsidehandel og skatteparadis. William held alltid mas- ka, utenom når jenter på Ricks kallar han for «short king».

Mari Mole ser den andre vegen. Ho legg merke til ein blond gut med ein bibel i handa som er djupt inne i ein diskusjon med læraren sin. Kristian Kirkeby studerer teologi på NLA Høgskolen.

– Du må vere meir kreativ. Mappeoppgåva skal inn på søndag, avsluttar læraren og går. Medan ho får tildelt startnummeret sitt stusser Mari Mole over ein ting: Kvifor kallast det stafett når det berre er éin utøvar frå kvar studiestad?

Over høgtalaranlegget høyrer dei styreleiar for arrangørorganisasjonen I Lag, Sture Leiar:

– I år er det totalt eitt universitet og fem høgskular som deltek. Kanskje vi blir heile tre universitet til neste år. Eller kva tenkjer de, NHH og HVL?

– Vi går vel frå overlegen høgskule til overlegent universitet, då, kjem det frå William.

– Det er berre plass til eitt universitet i Bergen, fnyser geologistudenten Stein Skifer.

Stein kan mistakast for å vere HF-student, der han står i mariusgenser og vårlege knebukser, som stolt representant for Universitetet i Bergen. Sjølv om han studerer geologi, er han også ein ihuga nynorsk-brukar tilknytta Norsk Målungdom.

– Sjukt nørd å være universitet! smeller det frå Preben. Han ser forhåpningsfullt bort på Ingrid for anerkjenning, men blir grøn av sjalusi. Ho ser berre William.

Sture Leiar ler og held fram:

– Alle som har fått startnummer og kart: Til start!

Startskotet går, og deltakarane labbar avgårde. Ingrid og William i front, med Stein like fiskar fram Bibelen, som han har hatt inne i jakka heile turen.

– Frå jord har du kome, til jord... eh, is skal du bli. Nei, det vart litt feil, eg må prøva igjen.

Medan Kristian held fram med den spontane minnestunda, prøver Mari Mole å forstå kvifor Ingrid gjekk feil veg og rett ut på isen.

Ho ser noko festa i ei grein. Kartet må ha flydd ut av handa hennar då ho datt gjennom isen. Kan det gje ei forklaring på kvifor ho gjekk denne vegen?

Det er nokon som har tegna feil veg på kartet – nokon som visste isen ikkje var trygg.

– Eg må seie ifrå til arrangøren! Det er raskast å fortsetje til målstreken, seier ho og legg kartet i lomma.

– Gjer det. Eg er i alle fall nøgd med å få halde minnetale. Då er ein av tre i boks til mappeeksamen, seier Kristian litt vel ivrig.

Over målstreken ser ho Stein ete ei skive med syltetøy medan han les i ei stor gul bok. Verken Preben eller William er å sjå.

– Det var på tide! Eg hadde aldri trudd at eg skulle gå ifrå både frøken prestasjon og kongen av Ricks med den farten dei hadde, seier han mellom tygga.

Jordbærsyltetøyet renn frå munnen hans og ned på boka.

– Ånei! Det var årets utgåve av Nynorsk ordliste! Eg fekk ho signert av forfattarane, seier han med tårer i augene.

– Det har skjedd ei ulukke. Ingrid Klepp har gått gjennom isen. Eg trur ho er død, seier Mari Mole dystert.

– Oi, det var leit. Såg du William på vegen? Kanskje han veit noko? Eg må nesten få torka av denne boka, seier Stein før han hastar bort til toaletta.

Mari Mole er ikkje overraska over MatNat-studenten sin mangel på sosiale antenner.

Eit team med førstegongstenestesoldatar,

VEIT DU KVEN MORDAREN ER?

Send svar og grunngjeving til nyhetsredaktor@studvest.no.

Svaret vert avslørt 2. påskedag på studvest.no.

flygne inn med helikopter frå Haakonsvern, dreg ut for å hente opp Ingrid, etterfulgt av ei gruppe med kliss like jenter.

Dei må vere venninnene hennar frå HVL, tenkjer Mari Mole, før ho dreg ut i sporet igjen for å finne William – han er eit mogleg vitne.

Rett før mållinja ser ho enda eit skispor som leiar rett ut til sida. Ho går nokre skritt ut av løypa, før ho brått stansar og gispar.

William er spidda av sin eigen skistav.

Ho sjekker pulsen hans, trass i den openberre staven som spiddar han. Ho oppdagar eit stort, raudt merke i tinningen hans, og litt blod. Som om han har slått hovudet mot noko firkanta. Mobilen hans plingar og ei melding kjem opp på skjermen.

Hva faen, William?? Du glemte å selge før aksjene droppa!

Plutseleg høyrer ho nokon som kjem bakfrå.

– Herremann, kva er sjansen for enno ei minnestund i dag? Det ser ut til at fleire av dei ikkje-truande har uhellet med seg, men det er berre flaks for meg, seier Kristian, og gjer seg klar for nok ei minnestund.

– Eg ber arrangør samle alle ved målstreken. Eg fryktar dette ikkje er tilfeldige ulukker, seier Mari Mole.

Ved målstreken rår full forvirring.

– Trur du verkeleg nokon av oss kunne ha gjort noko slikt? spør Kristian, før han fortset:

– Og kvar er det blitt av BI-guten?

– Såg du Preben krysse målstreken, Stein? spør Mari Mole.

– Nei, eg var oppteken med å tørke av nynorskboka mi, svarar Stein.

Mari Mole tenkjer seg litt om før ho roper:

– Eg veit kven mordaren er. Sture Leiar, ring militærpolitiet!

Send anonymt spørsmål, ris eller ros til: magnusogmarie@studvest.no

This article is from: