Fy fela som me gledar kånn til Telemarkfestivalen 2024, med eit mangfaldig og godt program med mykje flott lokal, nasjonal og internasjonal folkemusikk! Med oss i ryggen har me 2023, der Telemarkfestivalen blei kåra til Årets folkemusikkfestival av FolkOrg, og me blei også nominert til Årets festival for 2023 av Norske Kulturarrangørar. Oppå dette fekk me eit treårig tilskot frå Kulturdirektoratet. Det går rett og slett på skinner for festivalen, alle signallamper lyser grønt, og me er klare til å tøffe inn mot årets festival – den 35. i rekkja.
Bruk av språklege tog-bilete er ikkje heilt tilfeldig. I år skal me nemleg markere 100-års jubileet til Bø stasjon – eit symbol på vår kontakt ut mot den store verda og alt det har betydd musikalsk og kulturelt. Kan det tenkast at det kanskje ikkje hadde vore ein Telemarkfestival i Bø om det ikkje hadde vore for stasjonen? Pakkhuset på stasjonen blir tatt i bruk som konsertlokale. Dette huset blei bygd samstundes med stasjonen og er også 100 års-jubilant, men så vidt me veit har det ikkje vore konsert der i løpet av desse åra. Dette blir ei heilt unik oppleving. Årets festival har sin avgang torsdag 8. august med tingingsverket «Locus», som vil få perfekte kulisser når musikken skal ut på si fyrste ferd ut frå perrongen, bokstavleg tala. Telemarkfestivalen 2024 når sitt endestopp sundag 11. august med ein eigen temakonsert om Bø stasjon, med ein flott bukett historiekunnige midt-telemarkingar og musikalske innslag. Mellom desse kan du oppleve ei spennande festivalreise med folkemusikk i mange forskjellige former og uttrykk. Telemarkfestivalen skal også i år bidra til ei vidareutvikling av tradisjonen, og me lovar eit alltid like spennande møte mellom no og då; mellom fortid og framtid, og også mellom heime og borte. Gamle og nye musikalske uttrykk skal veksle spor og ta opp nye passasjerar, og me håpar at du får opp dampen, løyser billett, finn deg eit godt sete med utsikt og får med deg heile det musikalske landskapet me skal tøffe gjennom i august.
I høve 100 års-jubileet til Bø stasjon vil Telemarkfestivalen markere jubileet ved å ta i bruk Pakkhuset på stasjonen som ein eigen konsertarena.
Torsdag 8. august får Telemarkfestivalen 2024 sin avgang med tingingsverket «Locus».
I 2024 er det 100 år sidan jernbanen kom til Bø og verda vart brått mindre. Som så mange andre stader, så har jernbana vore enormt viktig for Bø. Jernbana gjorde det meir lettvint for folk å reise ut frå Midt-Telemark og heim igjen – folkemusikarar inkludert.
Jernbanen viktig
Utøvarar innan folkemusikk tok med seg tradisjonsmusikken frå Telemark ut i verda. Dei kom gjerne heim att med inntrykk frå andre musikktradisjonar, som vidare vart med å forme den heimlege tradisjonsmusikken.
– Akkurat dette er jo sjølve essensen i arbeidet til Telemarkfestivalen, det å få folkemusikken frå Telemark ut i verda, samstundes som me får folkemusikk frå heile verda til Telemark. Slik sett er det heilt naturleg for Telemarkfestivalen å markere 100-årsjubileet for Bø stasjon, seier dagleg leiar, Kristoffer Mosfjeld.
Han synest det er veldig stas å kunne ta i bruk det gamle Pakkhuset som konsertarena og fortel at samarbeidet med Bane Nor som eig huset har gått på skinner. Pakkhuset er både start og endestopp for Telemarkfestivalen 2024.
Tingingsverk opnar
Årets festival har sin avgang torsdag 8. august med tingingsverket «Locus», med felespelar Håkon Aase frå Flatdal som komponist. Aase er fostra opp på tradisjonsmusikken frå Telemark og andre musikkformer i ein musikalsk familie. Trass
ung alder, har han gjort seg merka med eminent og eigenarta felespel. Aase omtaler seg sjølv som ein verdsborgar når det kjem til musikk, og han er stadig på reisefot for å la seg inspirere av andre musikkformer rundt om i verda. I tingingsverket «Locus» vil publikum få vere med på ei musikalsk togreise frå Telemark og ut i verda, med Håkon Aase som lokomotivførar og fire fantastiske musikarar som konduktørar; Hans Hulbækmo, Frode Haltli, Eivind Lønning og Ole Morten Vågan.
Hårre ska me?
Musikken i tingingsverket vil spegle Haakon Aase sin fascinasjon og lidenskap for så vel den norske tradisjonsmusikken, som for tradisjonsmusikk frå andre delar av verda.
– Det er veldig stas å bli spurt om å laga bestillingsverk til Telemarkfestivalen. Eg har skrive mykje musikk opp gjennom åra, men har ikkje heilt tora å satse på det. Eg er glad for å få denne moglegheiten, seier Håkon Aase, som enno ikkje heilt veit kvar den musikalske togreisa går.
– Men me skal nok austover, seier han lurt.
Etter tingingsverket held kvelden fram med den kritikarroste duoen Naaljos Ljom som blandar norsk, mikrotonal folkemusikk med meir moderne elektroniske impulsar, og er mellom andre sterkt inspirert av Eivind Groven og Anders Røine.
Festivalkviss og konsert på Th
Festivalkvissen på Bull Inn har blitt eit populært innslag i festivalprogrammet. Etter kvissen vert det flott konsert med Vincent Cross frå USA.
I samarbeid med Bull Inn er festivalen glade for å kunne invitere til ein akkurat passe vanskeleg festivalkviss, etterfølgd av konsert med den amerikanske trubaduren, Vincent Cross.
Litt ekstra fokus på musikk
I Bø er det populært med kviss, og festivalkvissen på Telemark-
festivalen har blitt ein fast post på festivalprogrammet. Men er det berre spørsmål om folkemusikk?
– Nei, eg vil vel seie at det vert ein kviss med ei god blanding av tema, men kanskje litt meir fokus på musikk enn andre kvissar, seier kvissmeister Torgeir Gullbekk Hansen,
som kosar seg med å lage gode kvisspørsmål til kvissarar i Midt-Telemark.
Når fasiten har kome og vinnarlaget er kåra, vert det konsert med den amerikanske trubaduren Vincent Cross.
– Bø er min andre heimstad Det er fleire som hugsar besøka på Telemarkfestivalen i 2015 og 2019 med glede, og han er no klar for sitt tredje besøk til Bø og Telemarkfestivalen. – Eg har blitt veldig glad i Bø
TINGINGSVERK: Håkon Aase frå Fla
se frå Bø og ut i verda
tdal komponerer årets tingingsverk til Telemarkfestivalen. FOTO:
he Bull Inn
og dei mange fine folka der som eg gleder meg til å sjå att. Bø er min andre heimstad, fortel Vincent Cross.
Med humor og glimt i auget spelar han både eigen og andre sin musikk, som stort sett høyrer heime i eit landskap med mykje blågras og røter, men også med innslag av country og blues. Ei samanlikning med nokre av dei store amerikanske visepoetane som Bob Dylan, Woody Guthrie og Neil Young er nok ikkje heilt bak mål. Vin-
cent vil du møte fleire gonger i løpet av festivalhelga. TIL BØ FOR TREDJE
GONG: Vincent Cross kjem attende til Bø og Telemarkfestivalen i august. Her frå konsert på Roxy under hans første besøk i 2015. FOTO: Knut Utler
Gro B. Røiland, Bø blad
Dei mange gode bitane
Den 35. utgåva av Telemarkfestivalen vert opna med ein eigen opningskonsert med mange flotte og spennande musikalske innslag. Etter Opningskonserten vert det konsert med Øyonn Groven Myhren og Leiv Solberg om «Gamle-Rikard» frå Rauland.
Fredag 9. august vert det ein flott festivalkveld i Gullbring med Opningskonserten i Storsalen, etterfølgd av ein flott konsert med folkesongar Øyonn Groven Myhren og multi-instrumentalist Leiv Solberg i Framstugo. Sistnemnde er òg årets festivalopnar.
Ei konfekteske
Om ein konsert kunne vere ei konfekteske, så er kan hende ikkje Opningskonserten så langt unna. Den tradisjonelle konserten vil som vanlig gi publikum nokre smakebitar frå festivalprogrammet.
Musikar og tidlegare programleiar for Folkemusikktimen i NRK, Leiv Solberg, vil formelt opne årets festival, medan Jorid Vale vil leie konserten med stø-
dig hand. Det vert innslag med Øyonn Groven Myhren og nemnde Leiv Solberg, supergruppa
Dallahan frå Skottland og Ruby Red & the Moonshine Brothers frå indre Agder. Gjengen i Folkemusikk fordjuping vil presentere ein smakebit frå den nye framsyninga deira, «Bergekongen». Det vil bli atthøyr med den flotte musikken frå «Veslefrikk med fela», som vart relansert tidlegare i år. I høve Bø stasjon sitt 100-årsjubileum kjem Jon Jarle Haugen med ei rallarvise eller to, medan Vincent Cross frå USA kjem med ein «hobo»-vise i anden etter Woody Guthrie. Og sist, men absolutt ikkje minst; kjem Spelemannslaget Bøheringen og Bø Dansarring.
Arven etter «Gamle Rikard» Rikard Aslaksen Berge (1815 –1902) frå Rauland var ein røynd mann i fjellbygda. Han var ordførar, intellektuelt nysgjerrig og det vert sagt at Ivar Aasen besøkte han på Rauland og følgde etter Rikard med notatblokk medan han arbeidde. Berge etterlet seg òg ein musikalsk arv av slåttar, viser, tekstar og folketonar.
Barnebarnet hans, Rikard Berge, bevarte mykje av denne arven som vart ein del av utgjevinga «Norsk visefugg» i 1904. Materialet etter «Gamle Rikard» er ufortent lite kjend og gir eit tidsbilete av eit levande musikkmiljø på 1800-tallet.
Øyonn Groven Myhren og Leiv Solberg – tremenningar og erfarne musikarar – utforskar no for første gong musikken til deira felles tippoldefar i ein lun og morosam konsert med gode historier, nydeleg song og godt spel.
FESTIVALOPNAR: Mangårig radiovert for Folkemusikktimen i NRK, Leiv Solberg, er årets festivalopnar.
FOTO: Knut Utler
Kos dere med
Vi gleder oss til å skape gode festivalminner sammen med dere. - Stolt sponsor og bestevenn.
«Svorsk» draumekveld
Valkyrien Allstars, Sara Parkman og Røine/Warg + Opheim
står på menyen for det som etter alle solemerke vert ein knalltøff festivalfredagskveld på Kroa i
Bø fredag 9. august.
Under fjorårets utgåve av Telemarkfestivalen fekk festivalsjef Kristoffer Mosfjeld feire ti år som festivalsjef med eigenkomponert draumekonsertkveld på Kroa i Bø. I år vert det røff folkemusikk frå Noreg og Sverige.
– Det var ein flott kveld i fjor, men det kunne like gjerne ha vore denne. Dette blir ein «svorsk» draumekveld i bygdas storstove, seier Mosfjeld.
Kjem endeleg tilbake
Den norske supergruppa Valkyrien Allstars kjem attende til festivalen for første gong sidan 2015.
– Me er glade for å ønskje eit av landets beste liveband tilbake til Telemarkfestivalen, seier Mosfjeld, som har høyrt rykte om at bandet har med seg heilt ny musikk til Bø. Valkyrien Allstars omtalast som ei leiestjerne i utviklinga av arrangert folkemusikk. Det foreløpig siste studioalbumet, «Slutte og byne», vann Spellemannsprisen.
– Med Tuva Syvertsen i front leverer Valkyrien Allstars skjellsettande konsertar med genuint og gnistrande samspel, seier Mosfjeld.
I pausane mellom konsertane og på slutten av kvelden vil DJ Daeva snurre plater i Intimen på Kroa med dansbar musikk frå alle verdsdelar.
Stor stjerne i Sverige Valkyrien Allstars får følgje av den svenske folkemusikkstjerna, Sara Parkman. Ho har tatt den svenske folkemusikkscena med storm og rett og slett fått kultstatus innan moder-
ne svensk folkemusikk med utselde konsertar over heile Skandinavia. Ho slo gjennom med albumet «Vesper» i 2019, og følgde opp med «Eros Agape Philia» i 2022 og «Funeral Folk» i 2023 til strålande kritikkar og eit hagl av prisnominasjonar. Ho vart nyleg nominert til Nordisk Råds musikkpris.
– Eg har vore på konsert med ho, og eg kan skrive under på
at Sara Parkman berre må opplevast. Eg er sikker på at ho vil gjere eit uutsletteleg inntrykk på publikum, seier Mosfjeld.
Endeleg klaffa det Kveldens siste konsert er av det svært etterlengta slaget.
Anders Erik Røine og Daniel Sandén-Warg gav ut den smått legendariske plata «Bibopalula» i 2018, men har berre spelt ein konsert sidan.
Spennande kurs på Evju bygdetun
Sundag 11. august er det kursdag på Evju bygdetun. Her er årets kursmeny:
Kvedarkurs med Anne Gravir Klykken
Kurset blir ei uhøgtideleg samling der deltakarane syng seg gjennom stubbar, viser, slåttestev og bånsullar frå Telemark med Anne Gravir Klykken som kursleiar. Kurset kan passe både for nybyrjarar, og dei som er meir trena.
Kurs i spel seljefløyte med Silje Hegg
Seljefløyta er truleg eit av dei
eldste instrumenta me har, og me finn slektningar av fløyta over heile verda. Silje Hegg frå Vinje har vunne fløyteklassa på Landskappleiken fleire gonger. Kursdeltakarane får nytte fløyter laga av Ånon Egeland. Desse kan òg kjøpast til odel og eige om ein ønskjer det.
Kurs i teledans med Kristian og Borghild Hanto Borghild Hardang-Hanto og
Kristian Ihle Hanto har halde tallause kurs i springar, gangar og halling, her heime og i utlandet. Dette kurset vil passe for både nybyrjarar og for dei som har dansa litt før. Alf Tveit spelar til dans under kurset – ei oppleving i seg sjølv!
Kurs i pileflett med Mari Fallet Mosand I dette kurset vil Mari Fallet Mosand lære deg å flette ei korg på trebotn, sette inn stakar, flette ulike typar sideflett, flette kimning og legge kant. Med trebotn som start på ei korg har du mange mogleg-
heiter til utforming av ulike fletteprosjekt. I kurset vil det bli fletta med pil. Alle kursa
– Eg har ønska meg ein konsert med dei kvart år sidan plata kom ut, og no klaffa det endeleg, seier Mosfjeld. Publikum skal endeleg få høyre meisterverket i sin heilskap på heimebane i Bø, for høvet forsterka med perkusjonist Kåre Opheim. Festivalsjefen har stor tru på nok ein draumekveld på Kroa.
– Det vert tre fantastiske konsertar – heilt garantert, seier han.
varar i tre timar. Meir info finn du på Telemarkfestivalen sin nettstad.
SONGSTUND I RAUDSTOGA: Fjorårets kvedarkurs med Anne Gravir Klykken vart fullteikna. FOTO: Knut Utler
NY MUSIKK: Valkyrien Allstars kjem endeleg attende til Telemarkfestivalen. Med seg har dei ny musikk! FOTO: Stein Hofve
RAG ‘N’ BONE MAN
THE FABULOUS THUNDERBIRDS TNT
VANESSA COLLIER JJ GREY & MOFRO ANA POPOVIC & FANTASTAFUNK BIG BAND PROJECT CC COWBOYS DANCE WITH A STRANGER
BLOOD BROTHERS - MIKE ZITO & ALBERT CASTIGLIA CEDRIC BURNSIDE ELLES BAILEY ODD RENÉ ANDERSEN KÅRE VIRUD BAND NICK MOSS BAND FEAT. DENNIS GRUENLING PAAL FLAATA JOHNNY BURGIN EARL THOMAS & THE GOSPEL AMBASSADORS FEAT. SISTER LEOLA AMERICAN LADIES IN THE HOUSE: ANNIKA CHAMBERS, TERRIE ODABI & LADY A D.K. HARRELL ISRAEL NASH
GA-20 EN HYLLESTKONSERT TIL MORTEN OMLID «SOMLIGA GÅR MED TRASIGA SKOR» SPOONFUL OF BLUES SHANDON SAHM & THE CONTENDERS REIDAR LARSEN & HJEMMELAGET BACKSTREET GIRLS MITCH WOODS NOTODDEN BLUES BAND DAMER I BLUES - RITA ENGEDALEN OG MARGIT BAKKEN TRICKBAG JELLY ROLL MEN
DR. BEKKEN & RICHARD GJEMS HÅKON HØYE & THE HONEYTONES RELOADED NORWAY ROBBERT DUIJF TRIO GHALIA VOLT KAASIN CHICKEN SKIN MUSIC: DANIEL ERIKSEN/STIG SJØSTRØM /MATTIS KLEPPEN/VIKTOR WILHELMSEN GOOD TIME CHARLIE BYTING SPINNING WHEELS BAND THE NORWEGIAN SOUL BAND TERRY LEHNS NI LIV THE BOOTS BAND & KINSEY ROSE ANNE FAGERMO AKKERHAUGEN RAID ROOSTERHOUSE GUMBO BAND IRINA NORDVIK TRYM INNLEGGEN COMPAGNIET SMOKESTACK PYTHONS BLUES CRUISE JAILHOUSE STAGE: THE CHICAGO OUTFIT, SKYLDIG SOM FAEN, PANORAMA, BLACK GLORIES, RESILIENS, FREE LANE, ANNEMETTEBAND BLUES STUDENTS USN NOTODDEN TALENTS LITTLE STEVEN’S BLUES SCHOOL BARNAS BLUES FESTIVAL OFFISIELL FESTIVAL JAM
KONA Electric. Større og sterkere.
kjører i biler utlånt av Mobile Bø!
Helt nye Hyundai KONA Electric
Den nye Hyundai KONA er en romslig familiebil som kombinerer moderne komfort med banebrytende teknologi. Med en imponerende rekkevidde på inntil 514 km (WLTP) og et bagasjerom på 466 liter, er den et utmerket valg for både bykjøring og lengre turer.
Margit Hjukse og LitiKjersti var lette offer, men kva skjer når tøffe Halling Jårån blir bergteken av Bergekongen? Det er litt av historia i framsyninga som har urpremiere på Telemarkfestivalen.
Om lag 20 unge dansarar, kvedarar og fele- og munnharpespelarar frå to fylke er med i det som skal bli ei heilt ny sceneframsyning med spel, dans og kveding. Nyleg var dei samla til øving på «Bergekongen», som har urpremiere i Bø på Telemarkfestivalen. Deretter skal framsyninga ut på miniturne, med visning i Setesdal og Seljord. Målet er også å få sett den opp på Riksscenen i Oslo.
Nyskaping i dansen
Idé og manus til «Bergekongen» er ved Even Ellegaard Westeng, kjent hallingdansar frå Gransherad og lærar i Midt-Telemark kulturskule og på folkemusikk fordjupning. På fordjupningskurset har danseelevane hatt framsyning som tema og jobba med idear og ulike koreografiar.
– Tanken er å få til nyskaping i folkedansen, gje ungdomane eit verktøy for å lage noko nytt og ta dei ut av komfortsona. Det låg også i bakhovudet at dette kunne bli ei framsyning, seier Westeng.
Med seg i arbeidet har han kvedaren Ingebjørg Lognvik Reinholdt frå Seljord og felespelarane Johanne Flottorp
og Lars-Ingar Meyer Fjeld frå Midt-Telemark. Jan Ivar Lund, som til dagleg underviser dans ved Høyskolen Kristiania, har koreografi
Framsyninga er eit samarbeid mellom Midt-Telemark kulturskule og Sørnorsk folkemusikksenter, med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB.
Bergtaking som tema
Historia i stykket bygger på det ein kallar bergtakingsviser, noko som ifølgje Ingebjørg Lognvik Reinholdt er eit ynda tema i folkesongen i Telemark.
I «Bergekongen» har dei tatt utgangspunkt i folkevisene
«Margit Hjukse» og «Liti-Kjersti», og blanda inn karakteren Halling-Jårån.
Både Westeng, Lognvik Reinholdt, Meyer Fjeld og Flottorp er lærarar i Folkemusikk fordjupning, som er eit fordjupningskurs for barn og unge frå heile Telemark, samt nabofylka. Kulturskulen i Midt-Telemark og rektor Guri Røsok har hand om kurset.
– For elevane på folkemusikk fordjupning er det fint å ha eit mål å jobbe fram mot. Å laga miljø for unge folkemusikarar og -dansarar er ei utfordring enkelte stader, som i Telemark og Agder. Det er ikkje så mange av
dei, seier Guri Røsok. Kostymegruppe
Nyleg var ungdomar og instruktørar samle til øving. Her var det også prøving av kostyme, som er spesialsydde til «Bergekongen».
Ei gruppe på tre, Ingvild Flottorp, Ellen Hogstad-Erikstein og Anne Britt Seljord Amundsen, har ansvar for kostyme.
Anne Britt og Ellen er elevar på fordjupningskurset og med som aktørar på scenen. Dei er ivrige syarar på fritida, og tok initiativ til å sy kostyme til «Bergekongen». Rektor Guri Røsok likte ideen og fekk Ingvild Flottorp med til å leie kostymegruppa.
Gjenbruk er stikkord for kostymegruppa.
– Gjennom dette har NMS Gjenbruk i Bø fått ein god kunde, seier Flottorp med eit smil, og viser fram sceneantrekk laga av gamle dukar og andre flotte tekstilar funne i gjenbruksbutikken.
Kostymemakarane har stått fritt når dei skulle kle opp Bergekongen og dei andre karakterane i stykket.
– Me tenkte fyrst natur og jord sidan det er i fjellet, men fann ut at det er kulare å køyre på med rosa, raudt og glitter, seier Flottorp. Korleis det ser ut, kan me sjå i Gullbring kulturhus laurdag 10. august.
NY FRAMSYNING: Unge aktørar frå Telemark og Agder saman med instruktørane Ingebjørg Lognvik Reinholdt, Even Ellegaard Westeng og Lars-Ingar Meyer Fjeld.
FOTO: Gro B. Røiland
Laurdagsmoro på Sandvin
Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga kjem med konserten «Langt Heimafrå», Dallahan kjem med festmusikk frå Skottland, medan Ruby Red & the Moonshine Brothers kjem med fengande folkemusikk-country frå indre Agder.
– Dette er oppskrifta for ein feiande flott festivalkveld, meiner festivalsjef Kristoffer Mosfjeld, som kan love folkefest og god laurdagsstemning i Sandvinparken laurdag 10. august.
Tilbake til Sandvinparken
Etter mange år i Gullbring Amfi, flyttar festivalen laurdagskvelden opp til Sandvin att. Festivalen nytta Sandvin som arena i 2014, 2015 og 2016.
– Gullbring Amfi er ein flott arena på mange måtar, men etter pandemien ser me at me ikkje har fått amfiet til å fungere heilt slik som me vil. Me ønskjer difor å gjere eit nytt forsøk på Sandvin, fortel Mosfjeld. Festivalen inviterer som vanleg til folkefest og laurdagsstemning, og på programmet denne kvelden finn ein både lokale og internasjonale namn.
- Ikkje noko å lure på!
Det er no gått over ti år sidan Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga spelte inn plata «Heimafrå» til stor jubel, og i 2013 heldt dei ein nydeleg konsert i lag på ein
stappfull Skogen gård i sentrum. Sidan den gong har Skogen gård blitt historie, Ingebjørg Bratland har blitt ein av dei største artistane i Noreg, medan Nordstoga har halde fram med å levere ei rad med album som publikum og kritikarar har elska. – Då me fekk nyss om at Ingebjørg og Odd skulle gi ut ny musikk i lag, ja, så var ikkje det noko å lure på. Sjølvsagt skulle dei spele på Telemarkfestivalen, seier Mosfjeld. Dei opnar konsertkvelden i Sandvinparken med musikk
både «Heimafrå» og «Langt Heimafrå».
Festmusikk frå Skottland Ingebjørg og Odd får følgje av to andre flotte band utover kvelden. Den skotske supergruppa Dallahan tek lyttarane med på ei livleg musikalsk reise med røter i den skotske folkemusikken. Dei gav ut sitt debutalbum «When The Day Is On The Turn» i 2014, og sidan den gong har dei turnert over heile verda. Dei har vore nominert i den prestisjetunge kåringa, «Folk Band
Ti år med Torgfestival
Torgfestivalen er ein festival i festivalen med gratiskonsertar, marknad og aktivitetar for store og små. I år arrangerast festivalen i festivalen for tiande gong!
Laurdag 10. august vert ein flott dag med mykje liv og moro på torget; marknad, Roheim-parade, spennande musikkinnslag frå scenen og eigen familiekonsert. Torgfestivalen vart introdusert til Telemarkfestivalen i 2014 og har blitt eit svært populært arrangement under festivalen. Festivalsjef Kristoffer Mosfjeld meiner det er ei viktig oppgåve for festivalen å legge til rette for at folkemusikken også kan bli høyrd av dei som kanskje ikkje oppsøker eller har høve til å oppsøke festivalen elles. Her er Torgfestivalen ein veldig flott og inkluderande arena. Torgdagen vil som vanleg innehalde marknad, konsertar og morosame aktivitetar. Marknadsansvarleg Marita Kristina Valkeinen gleder seg. – Me har rekordstor påmelding med mange spennande salsbodar, fortel ho.
Høgtsvevande familiekonsert
Festivallaurdagen vil som vanleg innehalde ein flott bukett innslag frå scenen. Born og unge frå sommarkurset UngFolk vil ha eigen konsert. Roheim-paraden køyrer i Bøgata med påfølgjande spel og dans på torget. Det vert eigen familiekonsert med Igor Dunderovic & Marihøne Airlines som vil ta publikum med på ei musikalsk flyreise med fengande musikk frå Balkan. Torgfestivalen avsluttast med konsert med Folkebandet, eit rykande ferskt band med bøhering Audun Rørmark i spissen.
of the Year» heile tre gongar.
– I 2024 feirar dei 10 år som band. Telemarkfestivalen er glade for å vere med på feiringa som vertskap for, etter det me veit, bandet sin aller første konsert i Noreg, seier Mosfjeld.
Folkemusikk-køntri
Ruby Red & the Moonshine Brothers består av eitt ektepar, eitt søskenpar og to som heiter Mats. Alle desse er sørlendingar som hausten 2011 kom saman i Oslo for å spele fengande countrypop med ein snert av harding-
fele. Det musikalske uttrykket er amerikansk, men likevel har musikken ein norsk bygdeklang over seg. Hardingfela trakterast av Johanne Flottorp som melde overgang frå Agder til Midt-Telemark for nokre år sidan. Festivalsjefen er òg begeistra for å ha Ruby Red og gjengen hennar tilbake på Telemarkfestivalen. – Etter mi meining er dette eit av dei verkeleg gode live-banda i Noreg med veldig fengande og melodiøse låtar, solide musikarar og stor sceneutstråling, seier festivalsjef Mosfjeld.
POPULÆR TORGDAG: I fjor var det fleire tusen innom Torgfestivalen. FOTO: Knut Utler
SAMAN ATT: Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga kjem til Telemarkfestivalen med konserten, «Langt Heimefrå».
Tusen takk
til næringslivet i Bø for støtta til festivalen!
Din lokale leverandør av vaskeri-, rens- og renholdstjenester.
Kreativetelemarkinger
superlativ.no
Slåttespel og joik på låven
Konsertlåven heime hjå ekteparet Torgeir
Hefre og Gyrid Kvaale vart introdusert til Telemarkfestivalen i 2022. I år er vert det to flotte konsertar på det som kanskje er festivalen sin koselegaste arena.
I fjor lét publikum seg føre hen av dei vakre tonane til Sudan Dudan. I år er det hardingfelespelar Lars-Ingar Meyer Fjeld og den samiske artisten Kajsa Balto som skal fylle Konsertlåven i Nordbøvegen med dei vakraste tonar med konsertar fredag 9. august og laurdag 10. august.
Platesleppkonsert
Fredag 9. august vert det platesleppkonsert med Lars-Ingar Meyer Fjeld, som har spelt inn slåttar etter hans store førebilete, meisterspelemann Johannes Dahle frå Tinn.
– Johannes Dahle tok vare på dei eldre slåttane etter Håvard Gibøen og Myllarguten, men han komponerte òg nye slåttar, og truleg kan han reknast som ein av 1900-talets største slåttekomponistar, fortel Meyer Fjeld.
I denne platesleppkonserten vil publikum få høyre eit utval av desse særeigne slåttane, i første rekkje framført av Lars-Ingar sjølv, men nokre av dei vil også bli framført av Tinn spelemannslag. I tillegg får me sjå Tinnspringaren og Tinngangaren av dansarane Birgit Haukås og Knut Boksasp Berge.
Kraftfullt og vakkert
Gamle tradisjonar møter den moderne verda i Kajsa Balto sitt musikalske uttrykk, der joik og nordsamiske tekstar vert presentert i eit sjeldan sjelfullt lydbilete. Kajsa har dei siste åra markert seg med sitt særeigne vokaluttrykk, og fått mange lovord frå mange hald for sine utgjevingar og prestasjonar frå scenen. Kajsa Balto er oppvaksen i Oslo, ein bakgrunn som har prega hennar innfallsvinkel til tradisjonell samisk musikk. Sidan debuten i 2017 har ho skrive ny musikk basert på tradisjonar frå Kárášjohka der far hennar kjem frå. På sjølvaste nasjonaldagen slapp ho sitt
fjerde album, «Rájás», til strålande mottaking.
Drømmestipend-vinnarar Som ei oppvarming til konserten med Kajsa Balto vert det ein liten konsert med hardingfelespelar Sunniva Lan-
gås-Røiland frå Bø og kvedar Magnhild Garnås Haugen frå Hjartdal. Tidlegare i år fekk dei tildelt kvart sitt Drømmestipend. Dei vil framføre flott slåttespel og nydeleg song, både kvar for seg og i lag.
bø jazzklubb PROGRAM HØST 2024
JOIK FRÅ KARASJOK: Kajsa Balto kjem til Telemarkfestivalen for første gong.
Foto: Karoline Bjørhei
Hausten 2024
telemarkfylke.no
Heia Telemark!
Kultur gjør livene våre rikere og f ylket vårt mer attraktivt. Kultur skaper bolyst, kreativitet og arbeidsplasser.
Telemark f ylkeskommune heier på dyktige arrangører som Telemarkfestivalen, som gir kunstnere en scene og publikum flotte opplevelser.
Ni Liv, Telemarksfestivalen. Foto: Knut Utler
Fredag 27. september Kl. 20.00 på Riksscenen 440/390/340
Velkommen til plateslipp og festkveld i norsk visehistorie
Kari Svendsen
Knut Reiersrud
Rolf-Erik Nystrøm
Håkon Thelin
Frode Haltli
Helge Lien
Edvard Askeland
Steinar Ofsdal
strykere:
Ingrid B. Mehus
Bendik Foss
Magnus B. Hansen
Telemark og Hardanger møtast i Borgjakonserten
I den tradisjonelle
Borgjakonserten vil me
i år møte Per Anders
Buen Garnås frå Bø i Telemark og Alexander
Aga Røynstrand frå Granvin i Hardanger.
Borgjakonserten har ein lang historikk på Telemarkfestivalen, og konserten vert tildelt ein eller fleire hardingfeleutøvarar som har utmerka seg i særleg grad. Det gjeld i aller høgste grad Per Anders Buen Garnås og Alexander Aga Røynstrand. Sundag 11. august møtast dei i Borgjakonserten på Nye Sjodar.
To kjerneområde
I årets Borgjakonsert vert det eit spennande møte mellom to av våre mest røynde hardingfeleutøvarar, som dei siste åra har veksla på å vinne Hardingfele klasse A på Landskappleiken. I år trakk Per Anders Buen Garnås det lengste strået i årets tevling, som fann stad på Gol i Hallingdal. Når dei no kjem saman er det ikkje som konkurrentar, men som to gode vener med stor respekt for kvarandre sitt spel. Det er ikkje berre to framifrå utøvarar som møtest, det vert òg eit flott og spennande møte mellom dei to sterke hardingfeletradisjonane i Telemark og Hardanger. – Midt-Telemark kommune og Voss kommune, som Granvin no har blitt ein del av, er dei einaste
BORGJAKONSERTEN: Per Anders Buen Garnås og Alexander Aga Røynstrand på Landskappleiken i Gol. I august møtest dei til felles konsert på Telemarkfestivalen.
kommunane i landet med hardingfele i kommunevåpenet, seier festivalsjef Kristoffer Mosfjeld, som gleder seg til å kunne presentere ein Borgjakonsert frå øvste hylle.
Første gong på festivalen
Per Anders Buen Garnås har vakse opp i Bø og vore på dei aller fleste utgåvene av Telemarkfestivalen, både som publikummar og utøvar i fleire konsertar.
For Alexander Aga Røynstrand
frå Granvin i Hardanger er det derimot aller første gong han spelar på Telemarkfestivalen.
– Eg gleder meg stort til å spele i lag med Per Anders på heimstaden hans, seier Røynstrand.
Han kjem til Bø med debutplata «Heimom» i snippsekken, ei plate som har fått strålande mottaking. Når Per Anders og Alexander møtast på Nye Sjodar, vil dei framføre slåttar i formene dei har med seg heimanfrå
Kva ville Bø ha vore utan?
Sundag 11. august kjem Telemarkfestivalen 2024 fram til sitt endestopp med temakonser ten «Bø stasjon – 100 år».
I 2024 er det altså 100 år sidan jernbanen kom til Bø og verda vart brått mindre. Som så mange andre stader så har jernbana vore enormt viktig for Bø. I denne temakonserten vil publikum bli betre kjent med historia til Bø stasjon, ispedd musikalske innslag.
Historier frå «salongvogna»
Telemarkfestivalen 2024 avsluttast med temakonserten
«Bø stasjon – 100 år» Her vil ein flott gjeng med historiekunnige midt-telemarkingar møtast til salongsamtale om Bø stasjon.
Samtala i «salongvogna» vil bli leia av Halvor Kleppen, og publikum vil få høyre Gunleik Hynne, Gunnar Brekke Amundsen, Jon Jarle Haugen, Johan Staxrud og Torgeir Straand fortelje om Bø stasjon, rallarar, folkemusikk, gode histo-
rier, framtidssynsing, ramme alvor og harde fakta.
Ny jubileumslåt Jernbane og musikk går hand i hand, og i løpet av temakonserten vert det fleire musikalske innslag.
Jon Jarle Haugen vil framføre eit knippe rallarviser, Vincent Cross frå USA vil framføre nokre «hobo»-viser i anden etter Woody Guthrie, Torgeir Straand kjem med eit par velvalde hardingfeleslåttar og sist men ikkje minst: Jon Solberg vil framføre ei heilt ny låt skriven spesielt i høve jubileet.
FOTO/MONTASJE: Gro B. Røiland
i eit klingande møte med deira eigne personlege uttrykk.
Sterke band
Det har alltid vore sterke band mellom hardingfelespelarar frå Telemark og Hardanger, noko som har vore spegla på Telemarkfestivalen ved fleire høve.
– Tradisjonen med at spelemenn frå Telemark og Hardanger møtest og spelar og lærer av kvarandre, er gamal, nesten like
gamal som hardingfela sjølv, sier festivalveteran Kjell Bitustøyl, som fortel at legendariske spelemenn som Knut Luraas og Myllarguten i si tid drog til Hardanger og Voss. Telemarkfestivalen har teke denne tradisjonen på alvor frå dag éin, alt i 1990 under den første festivalen stod slåttar med Knut Buen og Knut Hamre på programmet. No er det duka for eit nytt meistermøte mellom Telemark og Hardanger.
ENDESTOPP: Telemarkfestivalen 2024 avsluttast med temakonserten, «Bø stasjon – 100 år». Biletet er frå samlinga til Bø museum.
26.–29. september 2024
LITTERATURDAGANE
Olaug Nilssen / Inger Bråtveit / Monica Goksøyr / Marit Beate Kasin / Kristian Kristensen / Odd Nordstoga / Svanhild Amdal Telnes / Thor Magnus Tangerås / Bernhard Ellefsen / Gabriel Fliflet / Hæge Manheim / Benedicte Maurseth og Hildegun Riise / Trygve Riiser Gundersen / og mange fleire
Sjå fullstendig program og kjøp billettar på nynorsk.no
Bø kino og Gullbring kulturhus
8.-11. AUGUST 2024
35 ÅR I BØ I TELEMARK
TORSDAG 8. AUGUST
ArrangementKlPris*
Tingingsverket: «Locus»
20.00335,- / 435,-Pakkhuset ved Bø stasjon
Festivalkviss 20.00Gratis! The Bull Inn
Naaljos Ljom 22.00235,- / 435,-Pakkhuset ved Bø stasjon
Vincent Cross ca 22.30Gratis! The Bull Inn
Arrangement
FREDAG 9. AUGUST
Lars-Ingar Meyer Fjeld: «Slåttar etter Johannes Dahle» 16.00235,-Konsertlåven, Nordbøvegen 10
* Alle billettar til alle arrangement selgast via Gullbring kulturhus.
* Alle prisar er ink. bill. avg.
* Alle tidspunkt markerer konsertstart. Publikum bør kome i god tid før konserten startar. 17.00
Borgjakonserten: Per Anders Buen Garnås & Alexander Aga Røynstrand15.00335,- Nye Sjodar - Evju bygdetun Temakonsert: Bø stasjon - 100 år 17.00365,- Pakkhuset ved Bø stasjon Festivalpass: 2035,-
* Born til og med 14 år har gratis adgang. Frå og med 15 år gjeld ordinære prisar. Personer under 18 år må gå i følge med foreldre/foresatte