STUDIESTART
DET HUMANISTISKE FAKULTET UNIVERSITETET I BERGEN
HAUSTEN
2014
Velkommen Velkomen til Universitetet i Bergen. Vi er glade for at du har valt å studere hos oss! Dette informasjonsheftet fortel deg om ein del av dei praktiske gjeremåla du må gjennom den første tida som student. Vi håpar vi kan gi deg ein god start på studia ved UiB på ein praktisk, sosial og fagleg måte.
Lykke til!
INNHALD Sjekkliste 4 1. Program for studiestartveka
6
Informasjonsmøta måndag 11. august . . . . . . . . . . . . . . 10
2. Ditt første semester
12
Om emna i det første semesteret. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 12
3. Praktisk informasjon
22
1. Betale semesteravgift. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 22 2. Stadfeste utdanningsplanen på StudentWeb. . . . . . 22 4. Ta i bruk nettsida Mi side. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 23 5. Skaffe deg studentkort . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 23
4. Informasjons- og rettleiingstenester
24
Informasjonssenteret ved fakultetet. . . . . . . . . . . . . . . . . 24 ‘UiB og meg’. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 24 uib.no/utdanning. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 25 Studentsamskipnaden i Bergen. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 25 Studentprestane. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 26
5. IKT-tenester
27
Brukarstøtte. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 27 Eiga e-postadresse. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 27 Pc-stover . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 28
6. Faglitteratur
30
Universitetsbiblioteket. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 30 Fagbokhandel. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 30
7. Romoversikt på Sydneshaugen skole
32
8. Fadderordninga
34
SJEKKLISTE Før studiestart: takke «ja» til studieplassen, svare Samordna opptak innan 26. juli notere deg den tilsendte pin-koden og hente ut studentnummeret frå StudentWeb hente ut betalingsinformasjonen frå StudentWeb og betale semesteravgift til Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) søke om studielån søke om bustad bli kjend med uib.no
Ved studiestart: delta på orienteringsmøte for studieprogrammet ditt og orienteringsmøte for ex.phil. og ex.fac. i Salem konferansesenter måndag 11. august stadfeste utdanningsplanen din på StudentWeb opprette brukarkonto studentar på lektorutdanning: Levere politiattest innan 11. august på Infosenteret ved HF studentar på musikkterapi: Levere politiattest innan 11. august på Griegakademiet delta på velkomstseremonien i Nygårdsparken og bli kjend med studentorganisasjonane på Studentsenteret 12 . august logge deg inn på Mi side hente studentkortet ditt på Kortsenteret ta med deg denne brosjyren og brevet frå UiB når du møter til studiestart
4
1. PROGRAM FOR STUDIESTARTVEKA Måndag 11. august 09.15–13.00 Kvart program har sine informasjonsmøte. Stad: Sydneshaugen skole. Sjå tabellen på side 10–11. På informasjonsmøtet vil faglærarar og studierettleiarar fortelje deg om korleis programmet er bygd opp, og gi praktiske opplysningar om kva emne som inngår. Du vil også treffe medstudentar og få høve til å stille spørsmål. Faddergrupper og omvising Stad: Sydneshaugen skole og HF-campus Etter informasjonsmøtet vil studentane bli delte inn i grupper leidde av studentar (fadrar). Desse fadrane vil også ta gruppa med på ei omvising slik at du blir kjend på campus. 10.00–15.00 Hjelp med stadfesting av utdanningsplanen på rom 317 og 318 (Sydneshaugen skole) eller på Infosenteret ved HF.
6
13.45 Orientering om ex.phil. og ex.fac. Stad: Salem konferansesenter, Sigurdsgate 6 Alle studentar på lektorutdanning, musikkterapi og bachelorprogram (med unntak av bachelorprogram i musikk) skal delta på dette møtet. Her får du praktisk informasjon om korleis undervisninga er organisert, kva du må gjere, tider, stader og pensum. Frå ca. 14.30 Arrangement i regi av fadderveka
Tysdag 12. august 09.00–15.00 Hjelp med stadfesting av utdanningsplanen på rom 317 og 318 (Sydneshaugen skole) eller på Infosenteret ved HF. 09.00–13.30 Studenttorg i Studentsenteret Her finn du rundt 100 studentorganisasjonar – alt frå politiske og idealistiske organisasjonar til kor, korps, idrettslag og studentmedia. Her har du ein eineståande sjanse til å finne ut kva du vil drive med på fritida. Ikkje nøl med å ta kontakt!
14.00–15.00 Velkomstseremoni i Nygårdsparken Rektor Dag Rune Olsen vil ønske velkommen. Leiar av Studentparlamentet vil sei nokre ord, og vi vil overraske med gjestetaler. Det vil også vere ei velkomsthelsing frå Bergen, og musikkinnslag. Velkomstseremonien blir arrangert i Nygårdsparken, rett ved Studentsenteret. For meir og oppdaterte detaljar, sjå uib.no/ utdanning når det nærmar seg.
Onsdag 13. august 10.00–10.45 Korleis er det å studere humanistiske fag? Fakultetsledelsen ved dekan Margareth Hagen og visedekan Claus Huitfeldt ønsker velkommen og samtaler med profilerte forskere om korleis det er å studere ved Det humanistiske fakultet, og om kva det vil si at utdanninga ved universitetet er forskningsbasert.
For studentar på bachelorprogram, integrert lektorutdanning og musikkterapi med etternamn A–N Stad: Auditorium A, Sydneshaugen skole For studentar på bachelorprogram, integrert lektorutdanning og musikkterapi med etternamn O–Å Stad: Auditorium B, Sydneshaugen skole 11.00–14.00 Fagdag for nye studentar ved Det humanistiske fakultet Stad: Auditorium A og B, Sydneshaugen skole. Programmet blir publisert på uib.no/hf før semesterstart. Fagorienteringsmøte for nokre fag – sjå tabell på side 11. Hjelp med stadfesting av utdanningsplanen på rom 317 og 318 (Sydneshaugen skole) eller på Infosenteret ved HF.
7
Torsdag 14. august 09.00–15.00
Fredag 15. august
Hjelp med stadfesting av utdanningsplanen på rom 317 og 318 (Sydneshaugen skole) eller på Infosenteret ved HF.
09.00–15.00 Hjelp med stadfesting av utdanningsplanen på rom 317 og 318 (Sydneshaugen skole) eller på Infosenteret ved HF.
Introduksjonsforelesing i Akademisk skriving 10.15–13.00 For studentar på bachelorprogram og 5-årig masterprogram i musikkterapi med etternamn A–N Stad: Auditorium, Studentsenteret, «Egget» (stort auditorium) Nokre fag har fagorienteringsmøte – sjå tabellen på side 11. 13.15–14.15 God start Eit foredrag om gode studievanar, vanlege «startvanskar» for nye studentar, og karriereplanlegging. For studentar på integrert lektorutdanning, musikkterapi og bachelorprogram med etternamn A–N Stad: Auditorium A, Sydneshaugen skole
8
Introduksjonsforelesing i Akademisk skriving 10.15–13.00 For studentar med etternamn på O–Å på bachelorprogram og 5-årig masterprogram i musikkterapi: Stad: Auditorium, Studentsenteret, «Egget» (stort auditorium) Nokre fag har fagorienteringsmøte – sjå tabellen på side 11. 13.15–14.15 God start Eit foredrag om gode studievanar, vanlege «startvanskar» for nye studentar, og karriereplanlegging. For studentar på integrert lektorutdanning, musikkterapi og bachelorprogram med etternamn O–Å Stad: Auditorium A, Sydneshaugen skole
Informasjonsmøta måndag 11. august PROGRAM
Ex.phil. og ex.fac. Fellesmøte for alle nye studenter på bachelorprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium, tysk.* Bachelorprogram i arabisk Bachelorprogram i arkeologi Bachelorprogram i digital kultur Bachelorprogram i engelsk Bachelorprogram i filosofi Bachelorprogram i fransk Bachelorprogram i gresk (felles møte med latin) Bachelorprogram i historie Bachelorprogram i italiensk Bachelorprogram i japansk Bachelorprogram i kjønnsstudium Bachelorprogram i kulturvitskap Bachelorprogram i kunsthistorie Bachelorprogram i latin (felles møte med gresk) Bachelorprogram i litteraturvitskap Bachelorprogram i musikk Bachelorprogram i nordisk Bachelorprogram i religionsvitskap Bachelorprogram i retorikk Bachelorprogram i russisk Bachelorprogram i spansk språk og latinamerikastudium Bachelorprogram i språkvitskap Bachelorprogram i teatervitenskap Bachelorprogram i tysk Lektorutdanning i framandspråk og nordisk 5-årig integrert masterprogram i musikkterapi Alle årsstudium
TID
STAD
13.45
Salem konferansesenter, Sigurdsgt./Neumannsgt.
09.15
Auditorium B, Sydneshaugen skole
10.15 12.15 12.15 10.15 10.15 10.15 10.15 09.15 10.15 10.15 12.15 11.15 12.15 10.15 09.15 11.15 09.15 10.15 11.15 10.15 10.15 10.15 09.15 10.15 09.15 10.15 13.15
Seminarrom K, Sydneshaugen skole Auditorium Q, Sydneshaugen skole Auditorium R, Sydneshaugen skole Auditorium B, Sydneshaugen skole Auditorium Q, Sydneshaugen skole Seminarrom M, Sydneshaugen skole Grupperom O, Sydneshaugen skole Auditorium A, Sydneshaugen skole Seminarrom N, Sydneshaugen skole Auditorium A , Sydneshaugen skole Seminarrom N, Sydneshaugen skole Auditorium D, Sydneshaugen skole Auditorium B, Sydneshaugen skole Grupperom O, Sydneshaugen skole Auditorium D, Sydneshaugen skole Gunnar Sævigs sal, Griegakademiet Auditorium Q, Sydneshaugen skole Auditorium R, Sydneshaugen skole Grupperom P, Sydneshaugen skole Auditorium D, Sydneshaugen skole Auditorium E, Sydneshaugen skole Seminarrom N, Sydneshaugen skole Auditorium E, Sydneshaugen skole Seminarrom L, Sydneshaugen skole Auditorium R, Sydneshaugen skole Gunnar Sævigs sal, Griegakademiet Auditorium A, Sydneshaugen skole
* Institutt for fremmedspråk inviterer alle nye bachelorstudentar til felles opning kl. 09.15 i auditorium B på Sydneshaugen skole. Etter møtet vil språkstudentane få meir informasjon i fagvise informasjonsmøter, sjå tid og stad i oversikta. NB! Nye studentar på bachelorprogrammet i engelsk blir invitert til opning kl. 10.15 i auditorium B på Sydneshaugen skole.
10
Oversikt over fagorienteringsmøta Nokre studentar skal starte direkte på eit fagstudium. Dette gjeld dei som skal ta eit årsstudium, eller programstudentar som allereie har teke ex.phil. og eller ex.fac. På fagorienteringsmøtet får ein informasjon om emnetilbodet hausten 2014 i fag som det er mogleg å starte med om hausten. Nokre av faga har også gruppepåmelding i samband med orienteringsmøta. For informasjon om andre fagorienteringsmøter, sjå emneomtale på nett. FAG
DATO
TID
STAD
Arkeologi Digital kultur Filosofi Historie Islandsk Kulturvitskap Kunsthistorie Litteraturvitskap Nordisk Religionsvitskap Teatervitskap
13. august 14. august 18. august 13. august 15. august 14. august 15. august 18. august 14. august 14. august 18. august
10.15–12.00 12.15–14.00 09.15–15.00 09.00–10.00 12.15–13.00 10.15–11.00 10.15–11.00 12.15–14.00 10.15–11.00 10.15–11.00 12.15–14.00
Auditorium D (109), Sydneshaugen skole Auditorium R , Sydneshaugen skole Undervisningsrom 208/209, Sydnesplassen 12–13 Auditorium 2, Dragefjellet (Det juridiske fakultet) Seminarrom 371, HF-bygget Undervisningsrom 208/209, Sydnesplassen 12-13 Auditorium 4, Dragefjellet Auditorium E , Sydneshaugen skole Auditorium R (129), Sydneshaugen skole Auditorium A , Sydneshaugen skole Auditorium D, Sydneshaugen skole
Informasjonsmøtet om ex.phil. og ex.fac. finn stad i Salem konferansesenter, som ligg i gatekrysset Sigurds gate 6 og Neumanns gate 21 midt i Bergen sentrum. Sjå midtsidene for kart.
11
2. DITT FØRSTE SEMESTER Examen philosophicum (ex.phil) og Examen facultatum (ex.fac) er ein obligatorisk del av bachelorprogramma og femårige masterprogram. Det er eit fulltidsstudium (30 studiepoeng = fullt studiesemester) som er sett saman av tre emne på 10 poeng kvar. Samla gir emna ei brei innføring i universitetsstudia både fagleg, praktisk og sosialt: fagleg fordi du blir kjend med fagtradisjonar, metodar og kunnskapsfelt i dei humanistiske studia, praktisk fordi du får øve deg i ulike skrive-, argumentasjonsog arbeidsmåtar, og sosialt fordi du møter medstudentar i mindre grupper og får høve til å bli kjend med andre. Detaljert informasjon om emna blir gitt på orienteringsmøtet for ex.phil. og ex.fac. i Salem konferansesenter, måndag 11. august kl. 13.45. Dersom du allereie har teke ex.fac./ex.phil., kan du få fritak frå desse faga. Om du har ex.phil./ex.fac. frå UiB, blir dette automatisk lagt inn i utdanningsplanen din. Dersom du har teke ex.fac./ex.phil. ein annan stad enn ved UiB, finn du informasjon og søknadskjema på nettsida ’UiB og meg’ (uib.no/studentinfo).
12
Om emna i det første semesteret NB: Nokre studieprogram har andre krav til innføringsemne enn dei som er omtalte her. Sjå tabellen over Dine emne hausten 2014 (s. 17) for å få ei oversikt.
Akademisk skriving Akademisk skriving er eit intensivt kurs som går i starten av semesteret. Kurset skal lære deg korleis du skal lese og vurdere vitskaplege tekstar og på dette grunnlaget vurdere korleis du sjølv skal skrive analytisk og strukturert. Undervisninga går føre seg i mindre grupper og er ein kombinasjon av miniforelesingar, gruppe- og skrivearbeid og plenumsdiskusjonar. Eksamensoppgåva skriv du i løpet av den tida kurset går. Undervisninga startar: torsdag 14. august/ fredag 15. august Kode: EXFAC00AS Stad: Auditorium «Egget», Studentsenteret StudentWeb er open for påmelding frå 11. august.
Examen philosophicum (ex.phil.)
Seminarmodellen
Examen philosophicum skal gi deg ei innføring i sentrale spørsmål knytte til kunnskap, moral, estetikk, språk, tolking og logikk. Ex.phil. ved HF legg vekt på filosofiske problemområde som står sentralt i den humanistiske tradisjonen. Her får ein ei innføring i ulike syn på filosofien si handsaming av sentrale spørsmål knytt til kunnskap, moral og estetikk. Kurset tek òg føre seg spørsmål knytt til logiske omgrep, språkbruk, definering, argumentasjon, fortolking og vitskapsforståing. Du kan velje seminarmodell med seminaroppgåve eller sjølvstudium med avsluttande skoleeksamen.
På seminarmodellen får du tett oppfølging gjennom heile semesteret, og opplegget er skreddarsydd for ferske studentar. Du melder deg på ei gruppe som du følger heile semesteret. Det er obligatorisk oppmøte i seminargruppene, og det er krav om aktiv innsats gjennom heile semesteret. Du skriv ei seminaroppgåve og denne oppgåva blir til slutt vurdert som eksamensarbeidet ditt. Undervegs i semesteret blir informasjon gitt på seminaret og på Mi side. NB: Det er obligatorisk oppmøte på det første seminaret! Dersom du ikkje møter opp, risikerer du å miste plassen din på seminarmodellen. Undervisninga startar: måndag 1. september, sjå timeplan på uib.no/emne/EXPHIL-HFSEM Første seminar: veke 38. (NB: obligatorisk oppmøte!) Kode: EXPHIL-HFSEM StudentWeb er open for søknad om plass på seminargruppe frå 11. august til 15. august. Nye studentar på bachelorprogram og femårige masterprogram blir prioriterte.
13
Skoleeksamen Dersom du ikkje har høve til å følge seminarmodellen, kan du likevel gå opp til ein skriftleg skoleeksamen. Her er det ikkje obligatorisk undervisning, men du har høve til å følge dei opne forelesingane. For å kunne gå opp til skoleeksamen må du skrive ei øvingsoppgåve som dekker alle delar av pensum. Meir informasjon finn du i emneskildringa. Undervegs i semesteret vil informasjon bli gitt på forelesingar og på Mi side. Undervisninga startar: måndag 1. september, sjå timeplan på uib.no/emne/ EXPHIL-HFEKS. Kode: EXPHIL-HFEKS. Siste frist for oppmelding til eksamen er 1. september.
Språk og kommunikasjon (valemne) Språk og kommunikasjon gir ei innføring i dei grunnleggande omgrepa i språkvitskapane for at studentane skal få eit godt grunnlag for og gode arbeidsreiskapar til bruk i vidare språkstudium. Språk og kommunikasjon inngår i nokre av programma, mens emnet er valfritt i andre (sjå tabellen over Dine emne hausten 2014, s. 17). I dei programma der emnet er valfritt, bør du ta Språk og kommunikasjon dersom du planlegg å studere språk som ein del av bachelorprogrammet.
14
Undervisninga startar: onsdag 17. september, sjå timeplan på uib.no/hf. Første seminar: veke 38 (NB: obligatorisk oppmøte!) Kode: EXFAC00SK StudentWeb er open for påmelding frå 11. august til 1. september.
Tekst og kultur (valemne) Tekst og kultur gir ei innføring i nokre grunnproblem innanfor dei humanistiske vitskapane, og presenterer ulike fagområde som kunst, litteratur, musikk, religion, nyare medium, arkeologi og historie. Du kan velje mellom seminarmodell med mappevurdering og sjølvstudium med avsluttande skoleeksamen. Tekst og kultur inngår i nokre av programma og er valfritt i andre (sjå tabellen over Dine emne hausten 2014, s. 17).
Seminarmodellen Du får plass i ei gruppe som du følger heile semesteret. Kvar gruppe har sin eigen seminarleiar med ansvar for undervisning og rettleiing. Det er obligatorisk oppmøte i seminargruppene, og det er krav om aktiv innsats gjennom heile semesteret. Du skriv ei oppgåve som til slutt blir vurdert som eksamensarbeidet ditt. Det er ingen avsluttande skoleeksamen. Undervegs i semesteret får du informasjon på seminaret og på Mi side.
NB: Det er obligatorisk oppmøte på det første seminaret! Dersom du ikkje møter opp, risikerer du å miste plassen din på
seminarmodellen Undervisninga startar: onsdag 17. september, sjå timeplan på uib.no/hf. Første seminar: veke 38. (NB: obligatorisk oppmøte!). Kode: EXFAC00TKSEM StudentWeb er open for påmelding frå 11. august til 1. september.
Skoleeksamen Dersom du ikkje har høve til å følge seminarmodellen, kan du likevel gå opp til ein skriftleg skoleeksamen. Her er det ikkje obligatorisk undervisning, men du har høve til å følge dei opne forelesingane. Undervegs i semesteret får du informasjon på forelesingar og på Mi side. Undervisninga startar: onsdag 17. september, sjå timeplan på uib.no/hf. Kode: EXFAC00TKEKS StudentWeb er open for påmelding frå 11. august til 1. september.
16
Dine emne hausten 2014 Alle programma er sette saman av mindre emne. Tabellen viser kva emne som inngår i studiet ditt hausten 2014. Studentar på det første semesteret tek tre emne (3 x 10 studiepoeng), studenter på dei fleste årsstudium tek to (2 x 15 studiepoeng). PROGRAM/STUDIUM
EMNE SOM INNGÅR I STUDIET
TILRÅDD VALEMNE
Bachelorprogram i arabisk
Ex.phil., ARA100 Innføringskurs i arabisk språk og kultur, valfritt emne*
Språk og kommunikasjon
Bachelorprogram i arkeologi
Ex.phil., Akademisk skriving, valfritt emne*
Tekst og kultur
Bachelorprogram i digital kultur
Ex.phil., Akademisk skriving, valfritt emne*
Tekst og kultur
Bachelorprogram i engelsk
Ex.phil., Akademisk skriving, valfritt emne*
Språk og kommunikasjon
Bachelorprogram i filosofi
Ex.phil., Akademisk skriving, valfritt emne*
Tekst og kultur
Bachelorprogram i fransk Bachelorprogram i gresk
Ex.phil., FRAN100 Introduksjon til franskstudiet, valfritt emne* Ex.phil., Akademisk skriving, valfritt emne*
Språk og kommunikasjon Språk og kommunikasjon
Bachelorprogram i historie
Ex.phil., Akademisk skriving, valfritt emne*
Tekst og kultur
Bachelorprogram i italiensk
Ex.phil., ITAL002 Innføring i italienskstudier, valfritt emne* Ex.phil., ASIA100 Kultur, språk og historie i Øst-Asia, valfritt emne*
Språk og kommunikasjon Språk og kommunkasjon
Bachelorprogram i japansk Bachelorprogram i kjønnsstudium
Ex.phil., KVIK100, valfritt emne*
Bachelorprogram i kulturvitskap
Ex.phil., Akademisk skriving, valfritt emne*
Tekst og kultur
Bachelorprogram i kunsthistorie
Ex.phil., Akademisk skriving, valfritt emne*
Tekst og kultur
Bachelorprogram i latin
Ex.phil., Akademisk skriving, valfritt emne*
Språk og kommunikasjon
* Val mellom Språk og kommunikasjon og Tekst og kultur eller Akademisk skriving ** Med atterhald om endringar.
17
PROGRAM/STUDIUM
EMNE SOM INNGÅR I STUDIET
Bachelorprogram i litteraturvitskap Ex.phil., Akademisk skriving, valfritt emne* Bachelorprogram i musikk
Informasjon i møtet 11. august
Bachelorprogram i nordisk
Ex.phil., Akademisk skriving, valfritt emne*
TILRÅDD VALEMNE
Tekst og kultur Språk og kommunikasjon
Bachelorprogram i religionsvitskap Ex.phil., Akademisk skriving, valfritt emne*
Tekst og kultur
Bachelorprogram i retorikk
Ex.phil., Akademisk skriving, valfritt emne*
Tekst og kultur
Bachelorprogram i russisk
Språk og kommunikasjon Språk og kommunikasjon
Bachelorprogram i språkvitskap
Ex.phil., RUS100 Grunnkurs i skriftleg og munnleg russisk Ex.phil., SPLA100 Introduksjon til spansk språk og latinamerikastudium, valfritt emne* Ex.phil., Akademisk skriving, valfritt emne*
Bachelorprogram i teatervitskap
Ex.phil., Akademisk skriving, valfritt emne*
Tekst og kultur
Bachelorprogram i tysk
Ex.phil., TYS100 introduksjon til tyskstudiet, Språk og valfritt emne* kommunikasjon HIS101 og eit valemne i historie Meir info på orienteringsmøtet for historie. FIL121, FIL123, FIL125 og FIL126 Meir info på orienteringsmøtet for filosofi.
Bachelorprogram i spansk språk og latinamerikastudium
Årsstudium i historie
Årsstudium i filosofi
Årsstudium i kunsthistorie
KUN123 og KUN124
Årsstudium i nordisk
NOSP103 og NOLI102
* Val mellom Språk og kommunikasjon og Tekst og kultur
18
Språk og kommunikasjon
PROGRAM/STUDIUM
EMNE SOM INNGÅR I STUDIET
Årsstudium i religionsvitskap
RELV102 og RELV103
Årsstudium i engelsk, fransk, norsk som andrespråk, spansk språk og latinamerikastudium, tysk
Studiet startar våren 2015 (veke 2)
Lektorutdanning med master i nordisk
Ex.phil., Innføring i pedagogikk (PEDA111), Kortpraksis 1 (KOPRA101), Språk og kommunikasjon Ex.phil., Innføring i pedagogikk (PEDA111), Kortpraksis 1 (KOPRA101), Språk og kommunikasjon Ex.phil., Akademisk skriving eller Tekst og kultur, Innføring i psykologi (PSYK100)
Lektorutdanning med master i engelsk, fransk eller tysk Femårig integrert masterprogram i musikkterapi
Innpassing av tidlegare utdanning? Usikker på kva emne du skal studere? Har du teke ex.phil./ex.fac. før? Er du usikker på kva fag du skal velje? Treng du hjelp til å sette saman graden? Du kan kontakte Infosenteret ved HF for å få individuell hjelp og rettleiing. Sjå også informasjon om innpassing på nettsida ’UiB og meg’ (uib.no/ studentinfo).
TILRÅDD VALEMNE
Studentar som ønsker å studere hausten 2014, kan ta ex.phil., ex.fac. eller andre emne. Kontakt Infosenteret ved HF for å få råd
Utsett studiestart Du kan søke om utsett studiestart på grunn av førstegongsteneste, graviditet eller alvorlig sjukdom. Sjå samordnaopptak.no og/eller uib.no for meir informasjon.
Informasjon om fag og emne Det er viktig at du bruker Mi side for å få den informasjonen du treng. All emneinformasjon finn du på Mi side (du får tilgang når du har oppretta brukarkonto). Mi side viser emneskildringane, pensumlister
19
og timeplanar. Når du har oppretta ein brukarkonto, kan du logge deg inn på Mi side. Her finn du aktuelle meldingar frå lærarar og studierettleiarar, din eigen timeplan veke for veke, oversikt over dei andre studentane på emnet og annan Politiattest Studentar på de integrerte lektorutdanningene og det integrerte masterprogrammet i musikkterapi er pliktige til å levere politiattest. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn tre månader. Etter at du har takka ja til studieplass, søker du elektronisk på politi.no. Er du folkeregistrert i Oslo, Akershus, Østfold, Oppland eller Hedmark må du søke på papirskjema lokalt. Kopi av tilbodsbrevet om studieplass du fekk ifrå Samordna opptak, må leggast ved. Behandlingstida hos politiet er inntil 14 dager frå søknaden er motteken. Innlevering gjer du i informasjonssenteret ved HF eller på Griegakademiet innan 11. august. informasjon som du treng. Når lærestaden sender ut viktig post, blir denne send til den postadressa du får frå UiB. Du må sjekke Mi side og posten din dagleg.
20
Om studiestrukturen ved HF • Eit bachelorprogram er eit treårig studium (180 studiepoeng), og ex.phil./ex.fac. inngår i studiet. • Bachelorprogrammet i musikk er fireårig (240 studiepoeng). • Spesialisering på minst 90 studiepoeng (tre semester) i eitt av faga som inngår i programmet. Dette valet vil også avgjere kva fag du eventuelt kan søke opptak til mastergradsstudium i. Resten av programmet (60 studiepoeng) er sett saman av obligatoriske eller valfrie emne, avhengig av kva program du går på. • I byrjinga av kvart semester må du stadfeste utdanningsplanen din og undervisning- og vurderingsmelde deg i StudentWeb på dei emna du vel å studere. Dei aller fleste startar med ex.phil. og ex.fac. den første hausten. • Utdanningsplanen din vil vise deg kva fag og emne som inngår i studieprogrammet. Du vil også få informasjon om dette på orienteringsmøtet. I tillegg kan du bestille time hos studierettleiaren for å diskutere korleis graden din bør sjå ut. • Den integrerte lektorutdanninga er femårig (300 studiepoeng) og fører fram til ein mastergrad i faget du vel som fag 1 i programmet.
• Det femårige integrerte masterprogrammet i musikkterapi (300 studiepoeng) fører fram til ein mastergrad i musikkterapi.
• Eit årsstudium kan innpassast i nokre av bachelorprogramma ved HF. Ta kontakt med Infosenteret ved HF for å få informasjon.
21
3. PRAKTISK INFORMASJON Det er eit tett program den første veka på universitetet, og det er mykje å hugse på. Derfor har vi laga ei oversikt over kva du må gjere og i kva rekkefølge:
1. Betale semesteravgift Alle som skal studere ved UiB må betale semesteravgift til Studentsamskipnaden i Bergen (SiB). Vi anbefaler deg å betale så tidleg som mogleg, og helst før studiestart, for å unngå forseinking. Du må sjølv hente ut nødvendig betalingsinformasjon frå StudentWeb og betale avgifta innan 1. september. For å logge deg på studentweb.uib.no treng du fødselsnummeret ditt og din personlege pin-kode. Pin-koden finn du i brevet frå UiB med tilbod om studieplass. Dersom du ikkje har motteke pin-kode, kan du enten kontakte informasjonssenteret på fakultetet ditt eller gå på studentweb og gje ditt fødselsnummer og be om å få koden på e-post. Vel ’Betaling’ på StudentWeb for å få fram nødvendig betalingsinformasjon som KID, kontonummer og beløp, og betal avgifta via nettbank. På StudentWeb finn du også studentnummeret ditt, som du treng for å opprette ein brukarkonto. 22
2. Stadfeste utdanningsplanen på StudentWeb Kvart semester må du stadfeste utdanningsplanen din på studentweb.uib.no. Dette kan gjerast frå måndag 11. august. Når du loggar deg inn på StudentWeb, skal du: • melde deg til undervisning og vurdering • stadfeste at utdanningsplanen din er riktig for dette semesteret • finne betalingsopplysingar slik at du kan betale semesteravgifta, dersom du ikkje alt har gjort dette • registrere adressa di Fristen er 1. september 2014. Til deg som har søkt lån og stipend i Lånekassen: utbetaling blir ikkje gjort før du har betalt semesteravgifta og stadfesta utdanningsplanen.
Semesterkvittering og oblat Når du har betalt semesteravgifta og stadfesta utdanningsplanen på StudentWeb, vil du få tilsendt ei semesterkvittering i posten. På denne kvitteringa finn du oblatet ditt som skal limast på studentkortet for at det skal vere gyldig. Det er viktig at du registrerer adressa di i StudentWeb og sørger for at du har namn på postkassa di. På semesterkvitteringa finn du også
studentnummeret ditt, som du vil få bruk for i mange samanhengar som student. På nettsida ’UiB og meg’ (uib.no/studentinfo) finn du informasjon om kva du skal gjere om du ikkje har fått semesterkortet innan ti dagar etter at du har betalt semesteravgifta og stadfesta utdanningsplanen.
3. Opprette brukarkonto Når du har teke imot tilbodet om studieplass og stadfesta utdanningsplanen din på StudentWeb, må du opprette ein brukarkonto. Det gjer du ved å gå inn på sebra.uib.no og følge instruksjonane der. For å opprette brukarkonto treng du: • fødselsnummer • studentnummer (frå StudentWeb) • Pin-koden Brukarkontoen gir deg: • tilgang til personlege sider (Mi side) • eiga e-postadresse • tilgang til pc-stover og utskriftsog kopieringstenester • tilgang til UiB sitt nett frå eigen pc • personleg lagringsområde på nett, med backup etter UiB sine backup-rutinar Merk deg at det kan ta inntil ein time frå du har stadfesta utdanningsplanen din til du kan opprette brukarkonto.
4. Ta i bruk nettsida Mi side Miside.uib.no er ei personleg nettside med samla tilgang til kalender med timeplaninformasjon, litteraturliste, emneinformasjon, meldingsteneste, personleg fillager og diskusjonsgrupper. Mykje av den faglege og administrative informasjonen blir formidla via Mi Side, og UiB forventar at du tek denne tenesta i bruk.
5. Skaffe deg studentkort Alle studentar må ha eit studentkort. Studentkortet fungerer som: • identitetskort • nøkkelkort • lånekort ved Universitetsbiblioteket • inngangskort til SiB sine treningssenter • betalingskort ved utskrift og kopiering Fotografering og avhenting gjerast på Kortsenteret på Studentsenteret. Merk at du må vise gyldig legitimasjon ved fotografering. Du må ha stadfesta utdanningsplanen og oppretta brukarkonto seinast dagen før du kan hente kortet. Kortsenteret har utvida opningstider i veke 33–35, kl. 09.00–15.00. Tips! Lær brukarnamnet og passordet ditt utanåt.
23
4. INFORMASJONS- OG RETTLEIINGSTENESTER Informasjonssenteret ved fakultetet På Infosenteret ved HF kan du alltid treffe ein studierettleiar. På Infosenteret ved HF får du: • informasjon om fag, emne, reglar, utveksling osb. • høve til å avtale personlege rettleiingstimar • ulike skjema, til dømes søknadsskjema • informasjon om ec.phil. og ex.fac. • hjelp til å fylle ut utdanningsplanen Hos ein studierettleiar kan du mellom anna diskutere: • korleis du planlegg bachelorgraden din, og kva emne som skal inngå i graden • informasjon om studietilbodet ved fakultetet • samanhengen mellom val av fag og moglege yrkesvegar • studium i utlandet • hjelp når du ikkje meistrar studia • gjeldande regelverk • endring av utdanningsplanen
24
Kontakt Infosenteret dersom du er usikker fordi du: • har teke ex.phil. og/eller ex.fac. ved ein annan institusjon • er i tvil om kva fag og emne du kan eller vil ta • har andre spørsmål som dette heftet ikkje har gitt svar på Adresse: Sydnesplassen 9 (1. et.) (nummer 41 på kartet). Opningstider: måndag–fredag 10.00–15.00 (09.00–15.00 i veke 33–35) E-post: studierettleiar@hf.uib.no Telefon: 55 58 93 70 (10.00–15.00)
‘UiB og meg’ Vi anbefaler deg å gjere deg kjend med innhaldet på sida ’UiB og meg’ som du finn på uib.no/studentinfo Her har vi samla lenkjer til ei mengde med informasjon og skjema som du har bruk for som student. Har du til dømes spørsmål om betaling av semesteravgift, semesterkort, studentkort, karakterutskrift eller tilrettelegging til eksamen, så er ’UiB og meg’ ein lur stad å leite.
uib.no/utdanning På nettsida uib.no/utdanning finn du blant anna oversikter over fagtilbod, studieplanar, delstudium i utlandet og rettleiings- og velferdstenester.
Studentsamskipnaden i Bergen Studentlivet er meir enn studia, difor finst Studentsamskipnaden. Når du har betalt semesteravgifta til SiB, kan du nytte alle SiB sine tilbod. SiB gir deg positive kvardagsopplevingar!
eller tannskader kan du gå til sib.no/helse, der du finn søknadsskjema og informasjon om kvar du får pengane tilbake.
Legene på Høyden På Vektertorget i Christies gate 13, finn du eit eige legetilbod for studentar. Tenesten er eit fastlegetilbod, men tilbyr også akutt-timar for studentar som ikkje har fastlegen sin i Bergen. Sjå sib.no/no/helse/lege for meir informasjon.
SiB Tannhelseteneste
På Studentsenteret har vi samla dei fleste av SiB sine tilbod under eitt tak:
Studentane har ei eiga tannhelseteneste på Årstad. Her får du tannundersøkingar og tannbehandling til prisar på linje med offentlege satsar. Telefon 55 20 64 58/59.
SiB Rådgivning
Helsestasjon
Her får du individuelle råd og rettleiingstimar, og tilbod om ei rekkje spennande og nyttige kurs i blant anna eksamensmeistring, å ta ordet eller stressmeistring, heilt gratis. Ta kontakt på radgivning@sib.no
SiB Psykiske Helseteneste (SPH) Gratis psykologtilbod til studentar. Kort ventetid. Besøk oss på Studentsenteret eller bestill time på telefon 55 54 51 45.
Refusjon av legeutgifter SiB refunderer dine helseutgifter når dei overstig 550 kr i løpet av eit år. Dersom du har utgifter til lege, fysoiterapeut, transport
SiB og Engen Helsestasjon samarbeider om å gi eit gratis helsetilbod med fokus på studentar si seksuelle helse. På Engen Helsestasjon får du gratis reseptar og kondom, test av kjønnssjukdommar og råd om sex og samliv. Ope måndag, tysdag og onsdag 15.30–18.00. Inga timebestilling, trekk kølapp når du kjem.
Karrieresenteret Lurer du på kva du skal bruke utdanninga di til? Kom gjerne på Karrieresenteret tidleg i studia og drøft det med ein karriererettleiar. Senteret hjelper deg òg med CV, jobbsøknader, intervjutrening og tips om
25
arbeidsmarknaden. Karrieresenteret driv traineeprogrammet Trainee vest, som kvar vår lyser ut traineestillingar.
SiB Trening SiB driv seks flotte treningssenter rundt om på campus. Tre av dei ligg i Bergen sentrum, og det største er på Studentsenteret. Hos SiB Trening kan du trene alt frå aerobic, pilates, vekttrening, svømming, klatring og squash med meir til ein rimeleg pris.
SiB Bustad SiB har over 4000 hybeleiningar med ulike fasilitetar. Vi har ein bustad for deg enten du ønsker å bu aleine, dele kjøkken, dele bad, bu med eller utan barn eller bu i kollektiv. Søk om bustad hos oss via sib.no/bolig. Les meir om tilboda på sib.no.
26
Studentprestane Når livet blir for stort eller for lite Treng du ein å dele tankane dine med, har studentprestane tid. Du bestemmer kva vi skal snakke om. Vårt tilbod er for alle studentar uavhengig av livssyn. Studentprestane er tilsette av Den norske kyrkja. Adresse: Studentsenteret, Parkveien 1 Kontakt: Kan treffast etter avtale Telefon: 55 58 47 14, Inge Høyland 55 58 94 45, Marie Grindheim E-post: inge.hoyland@prest.uib.no marie.grindheim@prest.uib.no Nettside: studentprest.no
5. IKT-TENESTER Brukarstøtte På nettsida ’UiB og meg’ (uib.no/ studentinfo) finn du oversikt over pc-stover, brukarrettleiing for oppkopling av eigen pc, oversikt over tilrådd utstyr og annan nyttig brukarinformasjon.
du får frå UiB, inneheld store vedlegg med forelesingsnotat, tekstar og artiklar osv. Hugs å lese e-posten din dagleg!
Oppkopling til UiB frå eigen pc
Alle som har ein brukarkonto, kan kople seg opp mot UiB heimefrå. I tillegg kan du bruke IT-avdelinga har eige Facebook side. Her kan din eigen berbare pc på universitetsområdet du mellom anna få melding om IKT-driftsavvik og kople deg til UiB sitt nett, anten i og lignande. (facebook.com/itavduib). trådlause soner eller på faste punkt plasserte rundt om på universitetsområdet. IT-assistentar På UiB sine serverar har du òg ditt eige UiB har IT-assistentar som gir generell hjelp og heimeområde. Vi anbefaler deg å ta dette i brukarstøtte til studentar, hovudsakleg på UiB bruk for lagring av dokument og filer. sine tenester. IT-asistentane på HF held til på HF-bygget, rom 5 i 1. etasje, kl. 08.00–18.00. Dersom du ønskjer å ta i bruk desse tenestene, kan du finne meir informasjon Eiga e-postadresse om dette på nettsida ’UiB og meg’. Når du har oppretta ein brukarkonto, får Studentbustadene til Studentsamskipnaden du automatisk ei eiga, personleg tilpassa i Bergen har gratis oppkopling til UiB. Sjå e-postadresse; vanlegvis namn.etternamn@ sib.no/no/bolig/beboer/internet for meir student.uib.no. Det er denne e-postadressa informasjon. UiB bruker for å sende ut e-post til deg Skal du bruke eigen pc, må du sjå til at han personleg. er fri for virus. Maskiner som er virusinfiserte, På Webmail (webmail.uib.no) kan du lese og blir utestengde frå UiB sitt nettverk. På sende e-post frå ein vanleg nettlesar. internett kan ein laste ned virusvern gratis Webmail har god lagringskapasitet i tillegg frå kjende leverandørar. til spam- og viruskontroll. Ein del av e-posten
27
IT-assistentane kan rettleie ved installasjon av virusvern og oppkopling mot UiB sine tenester, men gir ikkje generell brukarstøtte på private maskiner. Du finn IT-assistentane på nettsida ’UiB og meg’.
Pc-stover Pc-stover er arbeidsplassar for studentar. Her finn du stasjonær maskin drifta av UiB. Ved pålogging med brukarkonto får du tilgang til eige heimeområde for lagring på UiB-serverar. Pc-stover for HF-studentar: • Rom 317 og 318 på Sydneshaugen skole. Tilgang med kort 08.00–23.00
Surfe-pc-ar Fakultetet har pc-ar som er meint for oppslag på uib.no, stadfesting av utdanningsplan, e-post og anna informasjonshenting på UiB sine nettsider. Her kan du ikkje skrive ut dokument. Desse maskinene krev ikkje pålogging. Du finn desse i Infosenteret på Sydnesplassen 9 (1. et.) (nummer 41 på kartet).
Lesesalar Studentane ved HF har lesesalsplassar på Sydneshaugen skole. Lesesalane er felles for alle studentar som tek lågare grad ved fakultet. Lesesalane på Sydneshaugen skole finn du i 4. etasje (sjå romoversikt bak i heftet). Opningstider: Inngang A, B og C: Opne kvardagar mellom 08.00 og 20.00, og laurdagar 08.00–15.00. Opningstider med kort: Det er kortlesar i døra mot Ivar Aasens gate (inngang E). Tilgang 08.00–23.00 måndag–laurdag, og 08.00–22.00 søndagar.
Utskrift, kopiering og skanning Pullprint er ei betalingsbasert teneste der du betaler for kvar kopi eller utskrift. Det er gratis å skanne sider og få dette sendt som ei fil til eiga e-postadresse. For å få tilgang til tenesta må du ha ein brukarkonto og gyldig studentkort, som fungerer som betalingskort. I tillegg må du fylle pengar på utskriftskontoen via ei webteneste der du kan betale med kredittkort (Visa/Mastercard). Ver merksam på at det kan ta opptil ei veke før du kan ta tenesta i bruk, etter du har oppretta brukarkonto og skaffa deg studentkort. Les meir på nettsida ‘UiB og meg’.
28
6. FAGLITTERATUR Universitetsbiblioteket
Bibliotek for humaniora
Universitetsbiblioteket (UB) er eit moderne læringssenter, og er ein del av det faglege og pedagogiske tilbodet ved UiB. UB har bibliotekavdelingar ved alle fakulteta.
Adresse: Haakon Sheteligs plass 7 Opningstider i semesteret: Måndag–fredag kl. 08.30–19.00
Biblioteket tilbyr • arbeidsplassar med Internett • tilgang til store boksamlingar • tilgang til elektroniske tidsskrift, oppslagsverk og annan faglitteratur på nettet • kurs og rettleiing i informasjonssøking og støtte til oppgåveskriving
Studia er ei fagbokhandel der du finn pensumbøker og alt du treng til studia. Studia sitt hovudutsal er på Studentsenteret.
Det meste av det som finst av både trykt og elektronisk materiale ved UB, kan du søkje fram via UB sin elektroniske katalog. Studentkortet fungerer òg som lånekort ved UB. Bruk det aktivt! Du er velkommen som lånar ved UB. Bli betre kjend med UB gjennom våre informasjonsfilmar «UB – din kilde til informasjon» og «Et plagieringseventyr», sjå uib.no/ub.
30
Fagbokhandel
7. ROMOVERSIKT PÅ SYDNESHAUGEN SKOLE Skjematisk oversikt over Sydneshaugen skole Skjematisk oversikt over Sydneshaugen skole
1. etasje 1. etasje
Aud. A Aud. A Aud. D Aud. D
Vaktmeisterbustad Vaktmeisterbustad Lesesalar for Lesesalar for mastergradsstudentar mastergradsstudentar Bogeportal Bogeportal
Kantine Kantine
Inngang A Inngang A
Aud. R Aud. R
Infosenteret Infosenteret
Inngang C Inngang C 128 128 125 125 Undervisningsrom Undervisningsrom Digital kultur Digital kultur
Lesesalar Lesesalar lågare lågare grad grad 122 122
Lesesalar Lesesalar lågare lågare grad grad 121 121
Lesesalar Lesesalar lågare lågare grad grad 120 120
Inngang B Inngang B
Lesesalar Lesesalar lågare grad lågare grad 119 119
Lesesalar Lesesalar lågare grad lågare 114 grad 114 Vestibyle Vestibyle -Bokboksar i underetasjen -Bokboksar i underetasjen -Heis -Heis -Surfe-PC-ar -Surfe-PC-ar
Inngang E Inngang E
2. 2.etasje etasje VaktmeisterVaktmeisterbustad bustad
Til Aud. B Aud. B Til HFHFbygget bygget Kantine 2. et Kantine 2. et
Aud. E Aud. E Trapper Trapper Trappeheis Trappeheis
SemFF Sem Rom RomPP
RomGG Rom RomHH Rom
233 233
RomII Rom
Rom RomOO
216 216 217 217
Aud. Aud.NN
Sem. Sem. M M
Sem. Sem. LL
Sem. K Sem. K
Rom JJ 244 244 Rom
Kontor Kontor
Vestibyle Vestibyle
32
Skjematisk oversikt over Sydneshaugen skole
3. etasje
Kontor Seminarleiarar ex.phil.
Aud. Q Rom 304 A
PC-stove lågare grad 318
PC-stove lågare grad PC-vakt 317
Rom 304 B Rom 304 C PC-stove Digital kultur master
PC-stove Høgare grad
PC-stove Lågare grad 314
PC-stove lågare grad 313
311
310
309
Vestibyle
4. etasje Lesesal lågare grad 411 410
Lesesalar - lågare grad 408/407
Trapp/ gang
HSU 401/402
Atrium Replikk Prosopopeia 404
Kommentarar til denne oversikta? Send til studierettleiar.hffa@uib.no Opningstider Sydneshaugen skole: 08.00-20.00
Opningstider med kort: Inngang E: 08.00-23.00 og laurdag, sundag 08.00-22.00 Opningstider Sydneshaugen skole:kvardagar 08.00–20.00 (Helligdagar er det stengt.) Opningstider med kort: Inngang E: 08.00–23.00 kvardagar er opne for alle studentar. Sjå eige reglement. All bruk avog laurdag, sundag 08.00–22.00 Lesesalar: Alle lesesalane mobiltelefon på lesesalane lesesalene er forbode (ogsåfor SMS). Lesesalar: Alle er opne alle studentar. Sjå eige reglement. All bruk av mobiltelefon på lesesalane Bokboksar finst i underetasjen under vestibylen v/inngang B/E. Bruk av boksane skjer på eige ansvar. er forbode (også SMS). opne for studentar med kort. Pålogging med brukarnamn og passord (same som til MI Side). PC-stovene: PC-vakt: rom 317 mellom 10-18 på kvardager. Ansvar for PC-ar ogv/inngang skrivarar på Sydneshaugen Bokboksar finst i underetasjen under vestibylen B/E. Bruk av boksane skjer på eige ansvar. skole og HF-bygget. Hjelper deg dersom du har data- eller utskriftsproblem. PC-stovene: for studentar med kort.B/E). Pålogging brukarnamn og passord (same som til Mi side). er ein rullestolheis i vestibylen (inngang Til aud. B er med det montert Rullestol: Detopne trappeheis. Kontakt driftarom på nummer 55589400 eller Infosenteret for hjelp. på kvardagar. Ansvar for PC-ar og skrivarar på PC-vakt: HF-bygget, 5 i 1.etasje mellom 08.00–18.00 Sydneshaugen skole og HF-bygget. Hjelper deg dersom du har data- eller utskriftsproblem. Rullestol: Det er ein heis i vestibylen (inngang B/E). Til auditorium B er det montert trappeheis.
33
8. FADDERORDNINGA Sjølv om fadderveka ikkje tek til før i august, har ei stor gruppe studentar brukt heile våren på å planlegge eit program spekka med arrangement og opplevingar som skal gi deg ein introduksjon til det å vere student i Bergen. Målet med fadderveka er at du skal bli kjend med dine nye medstudentar, med Bergen som studieby, universitetet og alt det
spennande du kan engasjere deg i på fritida. Fadderveka er lagd opp slik at ho skal gi deg ein smakebit på det store spekteret av tilbod som finst for studentar. Fadderprogramma for dei ulike fakulteta finn du på våre nettsider uib.no/utdanning. Vi ønsker deg ein god start på studietida!
Fadderleiarane ved UiB og dei andre utdanningsinstitusjonane i Bergen har i lang tid planlagt fadderveka
34
UTGJEVAR: Studieadministrativ avdeling, Universitetet i Bergen GRAFISK DESIGN: Kommunikasjonsavdelingen, Universitetet i Bergen FOTO: Endre Hilleren (forside, s. 15) • Emil Breistein (s. 13, 29) • Tourist Photo/Willy Haraldsen (s. 9) • Salem (s. 11) • iStockphoto (s. 5, 15) • Paul S. Amundsen (s. 15) • Sandra Ječmenica (s. 15, 21) • Thor Brødreskift (s. 15) • colourbox.no (s. 15) • Paul-Erik Rosenbaum (s. 15, 31) • Marius E. Hauge (s. 15) • Mona Maria Løberg (s. 34) TRYKK: Bodoni AS, Bergen OPPLAG: 2100 PAPIR: G-Print (115 g/250 g)
Hubrougla er symbolet som er brukt i UiB-logoen. Ugla har fr책 gammal tid betydd klokskap og kunnskap. Bergen museum har brukt hubroen som symbol heilt sidan 1830-책ra. D책 UiB blei skipa i 1946, blei ugla adoptert og har sidan vore ein del av universitetets logo.
uib.no