Studiestart ved Det humanistiske fakultet 2015

Page 1

STUDIESTART

DET HUMANISTISKE FAKULTET UNIVERSITETET I BERGEN

HAUSTEN

2015


Alt du treng å vite som ny student finn du på

uib.no/nystudent

Velkomen Velkomen til Universitetet i Bergen. Vi er glade for at du har valt å studere hos oss! Dette informasjonsheftet fortel deg om ein del av dei praktiske gjeremåla du må gjennom den første tida som student. Vi håpar vi kan gi deg ein god start på studia ved UiB på ein praktisk, sosial og fagleg måte. Lykke til!


INNHALD 1. Dette bør du gjere før studiestart

4

8. Faglitteratur

2. Dette må du gjere ved studiestart

6

3. Program for studiestartveka

8

Universitetsbiblioteket ����������������������������������������� 34 Fagbokhandel ��������������������������������������������������������� 34

Informasjonsmøta måndag 10. august ������������������13 Informasjonsmøta torsdag 13. august ������������������14 Informasjonsmøta fredag 14. august ��������������������15

4. Ditt første semester

16

Om emna i det første semesteret ����������������������������16

5. Informasjons- og rettleiingstenester 26 Informasjonssenteret ved fakultetet ��������������������� 26 Mi side ����������������������������������������������������������������������������� 26 Studentsider ��������������������������������������������������������������������27 Uib.no ��������������������������������������������������������������������������������27 Student-e-post ��������������������������������������������������������������27 Har du behov for tilrettelegging? ����������������������������27

6. IKT-tenester

28

Lagringsområde ��������������������������������������������������������� 28 Trådlaust Internett ������������������������������������������������������� 28 Utskrift, kopiering og skanning ������������������������������� 28 Læringsstøtte ����������������������������������������������������������������� 30 Pc-stover ������������������������������������������������������������������������� 30

7. Campus

31

Romoversikt på Sydneshaugen skole ��������������������32

9. Studentvelferd

34 36

Studentsamskipnaden i Bergen ����������������������� 36 Studentprestane ����������������������������������������������������� 37 Utdanning i Bergen ����������������������������������������������� 37 Studentparlamentet ��������������������������������������������� 37

10. Fadderordninga

38


1. DETTE BØR DU GJERE FØR STUDIESTART Før du begynner å studere hos oss er det ein del gjeremål du må gjennom. Her finn du ei liste med dei viktigaste. 1

4

Alle som skal studere ved UiB må betale semesteravgift til Studentsamskipnaden i Bergen (SiB).

Takk ja til studieplassen

Betalingsinformasjonen finn du på Studentweb. Vel ’Betaling’ for å få fram nødvendig betalingsinformasjon som KID, kontonummer og beløp, og betal avgifta.

Hugs å svare Samordna opptak på tilbodet om studieplass. Frist: 26. juli 2

Søk om bustad SiB har over 4000 hybeleiningar med ulike fasilitetar. Dei har ein bustad for deg enten du ønsker å bu aleine, dele kjøkken, dele bad, bu med eller utan barn eller bu i kollektiv. Søk om bustad via sib.no/bolig.

3

Logg deg på Studentweb Gå til studentweb.uib.no. Her loggar du deg på med fødselsnummer og pin-koden i brevet du fekk med denne brosjyra. Om du ikkje har dette brevet, kan du på studenweb legge inn ditt fødselsnummer, og be om å få tilsendt koden på e-post. Noter deg den tilsende pin-koden og hente ut studentnummeret frå Studentweb. Hugs pin-koden din!

4

Betal semesteravgifta

Vi rår deg til å betale så tidleg som mogleg, og helst før studiestart for å unngå forseinking. Avgifta skal vere betalt innan 1. september. 5

Søk om lån og stipend Dersom du ønsker studiestøtte, må du søke om dette. Du må ha betalt semesteravgifta og stadfesta utdanningsplanen for å få utbetalt støtta, men det kan likevel vere lurt å søke i god tid. Du finn meir informasjon på lanekassen.no


6

Søk politiattest Studentar på lektorutdanningane og det integrerte masterprogrammet i musikkterapi er pliktige til å levere politiattest. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn tre månader. Etter at du har takka ja til studieplass, søker du elektronisk på politi.no. Behandlingstida hos politiet er inntil 14 dagar frå søknaden er motteken. Du leverer attesten på Informasjonssenteret ved HF eller på Griegakademiet innan 10. august.

5


2. DETTE MÅ DU GJERE VED STUDIESTART Når du kjem til oss i veke 33, må du òg gjennom ein del gjeremål. Desse får du hjelp til å gjennomføre av faddergruppa di eller tilsette ved UiB. 1

Brukarkontoen gir deg • tilgang til studentportalen Mi side • eiga e-postadresse • tilgang til pc-stover • utskrift, skanning og kopiering • tilgang til UiB sitt nett frå eiga datamaskin, smarttelefon o.l. • personleg lagringsområde på nett, med tryggleikskopiering

Stadfest utdanningsplanen din Logg inn på studentweb.uib.no. Her skal du • melde deg til undervisning og vurdering (eksamen) • stadfeste at utdanningsplanen din er riktig for dette semesteret • registrere adressa di • velje om du ønsker semesterkvittering (sjå punkt 4) Frist: 1. september 2015.

2

Opprett brukarkonto Når du har stadfesta utdanningsplanen din på Studentweb må du opprette ein brukarkonto som gir tilgang til UiB sine IT-tenester. Det gjer du ved å gå inn på sebra.uib.no og følge instruksjonane der. For å opprette brukarkonto treng du • fødselsnummer • studentnummer (frå Studentweb) • pin-koden (frå Studentweb)

6

Merk deg at det kan ta inntil éin time frå du har stadfesta utdanningsplanen din til du kan opprette brukarkonto. 3

Skaff deg studentkort Alle studentar må ha eit studentkort. Studentkortet fungerer som • identitetskort • nøkkelkort • lånekort ved Universitetsbiblioteket • inngangskort til SiB sine treningssenter (mot avgift) • betalingskort ved utskrift og kopiering Du må ha stadfesta utdanningsplanen og oppretta brukarkonto seinast dagen før du kan hente kortet. Du kan ta bilde og hente kortet på Kortsenteret på Studentsenteret. Merk at du må vise gyldig legitimasjon ved fotografering. Kortsenteret har utvida opningstider i veke 33–35, kl. 09.00–15.00.


4

Gjer studentkortet gyldig For at studentkortet ditt skal være gyldig, må du kunne bevise at du har betalt semesteravgifta for inneverande semester.

ikkje har fått semesterkvitteringa innan ti dagar etter at du har betalt semesteravgifta og stadfesta utdanningsplanen. 5

Studentweb er open for registrering av ex.phil. og ex.fac.-grupper i perioden 10.–13. august. For meir informasjon om gruppeinndeling på desse emna, sjå kapittel 4, Ditt første semester.

Eg har smarttelefon Last ned applikasjonen ’Studentbevis’ frå Google play eller App store. Du må ha fullført semesterregistreringa på Studentweb og ha betalt semesteravgifta for det inneverande semesteret for å kunne ta appen i bruk. Merk at det kan ta tre til fem dagar frå du har betalt semesteravgifta, til det blir registrert på Studentweb. I applikasjonen finn du studentnummeret ditt som du vil få bruk for i mange samanhengar. Eg har ikkje smarttelefon Hvis du ikkje har ein Android- eller iOS-telefon, kan du få tilsendt ei semesterkvittering i posten. Dette vel du når du stadfester utdanningsplanen i Studentweb (sjå punkt 1). Det er viktig at du registrerer adressa di i Studentweb og sørger for at du har namn på postkassa di.

Meld deg på ex.fac.og ex.phil.-grupper

6

Har du tidlegare utdanning? Har du teke ex.phil./ex.fac. før, enten ved UiB, ein annan lærestad eller i ein tidlegare oppnådd grad? Då må du registrere det same tidsrom som i punktet over, mellom 10-13. august. Er du usikker på kva emne du skal velje? Treng du hjelp til å sette saman graden? Du kan kontakte Infosenteret ved HF for å få individuell hjelp og rettleiing. Sjå òg informasjon om innpassing på studentsidene (uib.no/student).

Med denne kvitteringa følger ein oblat som du kan lime på studentkortet. På studentsidene (uib.no/student) finn du informasjon om kva du skal gjere om du 7


3. PROGRAM FOR STUDIESTARTVEKA Måndag 10. august Alle nye studentar har eitt eller fleire møter denne første dagen. • Kl. 09–14: Du vil møte fagmiljøet ditt og få informasjon om studiet. • Kl. 14: Velkomsmøte for alle nye HFstudentar

Oppmøte for alle HF-studentar I oversikta under ser du kvar og når du skal møte opp. Sjå etter studieprogrammet ditt: • Arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium, tysk, lektorutdanning i framandspråk. Tid: kl. 09.00 Stad: HF-biblioteket, Haakon Sheteligs plass 7 • Digital kultur, gresk, kunsthistorie, latin, litteraturvitskap, nordisk språk og litteratur, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap, lektorutdanning i nordisk. Tid: 09.00 Stad: Auditorium A, Sydneshaugen skole

8

• Kjønnsstudium Tid: 09.00 Stad: Oppmøte i Borggården på Sydneshaugen skole. Felles avgang til Ida Bloms hus, Allégaten 34 • Arkeologi, historie, kulturvitskap og religionsvitskap Tid: 09.15 Stad: Sjøfartsmuseet, Håkon Sheteligs plass 15 • Filosofi Tid: 10.15 Stad: Auditorium D, Sydneshaugen skole • Musikkvitskap, integrert masterprogram i musikkterapi, utøvande musikk eller komposisjon Tid: Sjå oversikt på s. 13 Stad: Gunnar Sævigs sal, Griegakademiet • Retorikk Tid: 11.15 Stad: Auditorium D, Sydneshaugen skole


14.00–15.00 Velkomst- og informasjonsmøte i Grieghallen Alle studentar med unntak av bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, skal delta på dette møtet. Her blir du ønskt velkommen av dekanen ved fakultetet, i tillegg til at du får praktisk informasjon om ex.phil. og ex.fac.

Faddergrupper og omvising Etter velkomstmøtet i Grieghallen vil studentane bli delt inn i faddergrupper. Fadrane (studentar) vil ta gruppa med på ei omvising slik at du blir kjend på campus. Stad: Grieghallen, Edvard Griegs plass 1 Frå ca. 15.00 Arrangement i regi av fadderveka

9


Tysdag 11. august 09.00–14.00 Studiestartgrupper Studiestartgruppene møtest på avtalt stad og går gjennom programmet for dagen. 10.00–13.00 For deg som er fersk historiestudent eller religionsstudent: Vi inviterer studentar på bachelorprogram i historie og bachelorprogram i religion inviterer til kaffi. Det blir eit uformelt møte med forelesarar, og du vil treffe medstudentar og få høve til å stille spørsmål. • Bachelorprogram i historie Tid: 10.00–12-00 Stad: Andre etasje i kantina på Sydneshaugen skole • Bachelorprogrami religionsvitskap Tid: 11.00–13.00 Stad: Auditorium R, Sydneshaugen skole 09.00–13.30 Studenttorg i Studentsenteret Her kan du møte rundt 100 studentorganisasjonar – alt frå politiske og idealistiske organisasjonar til kor, idrettslag og studentmedia. Du har ein eineståande sjanse til å finne ut kva du vil drive med på fritida. Ikkje nøl med å ta kontakt!

10

14.00–15.00 Velkomstseremoni i Nygårdsparken Velkommen til Universitetet i Bergen si offisielle opning! Saman med alle dei andre nye studentane kan du møte rektor Dag Rune Olsen og leiaren av Studentparlamentet, i tillegg til mange andre inviterte gjestar. For meir informasjon og oppdaterte detaljar, sjå uib.no/utdanning når det nærmar seg.

Onsdag 12. august 11.00–11.45 Korleis er det å studere humanistiske fag? Fakultetsleiinga ved dekan Margareth Hagen og instituttleiar Jan Heiret ønsker velkommen og det blir samtalar med profilerte forskarar om korleis det er å studere ved Det humanistiske fakultet, og om kva det vil seie at utdanninga ved universitetet er forskingsbasert. For studentar med etternamn som startar på A–N Stad: Auditorium A, Sydneshaugen skole For studentar med etternamn som startar på O–Å Stad: Auditorium B, Sydneshaugen skole



12.00–14.30 Fagdag for nye studentar Er du nysgjerrig på hva som rører seg på forskningsfronten ved Det humanistiske fakultet?

13.00–14.00 God start Eit foredrag om gode studievanar, vanlege «startvanskar» for nye studentar, og karriereplanlegging.

Her får du et unikt innblikk i mange ulike tema. Forskere, stipendiater og masterstudenter presenterer sine forskingsprosjekter.

For studentar med etternamn på A–N, studentar på lektorutdanningane og studentar på musikkterapi. Stad: Auditorium A, Sydneshaugen skole]

Stad: Sydneshaugen skole, Aud. A og B Programmet blir publisert på uib.no/hf før studiestart.

Torsdag 13. august 09.00–15.00 Informasjonsmøte Mange av studieprogramma har informasjonsmøte denne dagen. Sjå oversikt på s. 14. 10.15–12.00 Introduksjonsforelesing i Akademisk skriving Stad: Auditorium, Studentsenteret, «Egget» (stort auditorium)

Fredag 14. august

11.00–15.00 Informasjonsmøte Nokre av studieprogramma har informasjonsmøte denne dagen. Sjå oversikt på s. 15. 13.00–14.00 God start Eit foredrag om gode studievanar, vanlege «startvanskar» for nye studentar, og karriereplanlegging. For studentar med etternamn som startar på O–Å Stad: Auditorium A, Sydneshaugen skole Treng du hjelp med registreringa? Heile veka kan du få hjelp til stadfesting av utdanningsplan og oppmelding til emne og eksamen på Infosenteret ved HF som du finn på Sydneshaugen skole.

12


Informasjonsmøta måndag 10. august FELLESMØTER

TID

Fellesmøte for alle nye studentar på Institutt for fremmedspråk (IF): Bachelorprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium og tysk og lektorutdanning med master i framandspråk Fellesmøte for alle nye studentar på Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (LLE): Bachelorprogram i digital kultur, gresk, kunsthistorie, latin, litteraturvitskap, nordisk språk og litteratur, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap og lektorutdanning med master i nordisk Fellesmøte for alle studentar Institutt for arkeologi, historie, kultur og religion (AHKR): Bachelorprogram i: Arkeologi, historie, kulturvitskap og religionsvitskap. Første samling for alle nye studentar på Bachelorprogram i kjønnsstudium

09.00 HF-biblioteket Haakon Sheteligs plass 7

STAD

09.00 Auditorium A, Sydneshaugen skole

09.15 Sjøfartsmuseet Haakon Sheteligs plass 15 09.00 Oppmøte i Borggården på Sydneshaugen skole. Felles avgang til Ida Bloms hus, Allégaten 34

STUDIEPROGRAM

TID

Bachelorprogram i arkeologi

11.15 Seminarrom E Studentsenteret 10.15 Auditorium D Sydneshaugen skole 11.15 Auditorium A Sydneshaugen skole 11.15 Seminarrom D Studentsenteret 10.15 Prøvesalen Griegakademiet 11.15 Auditorium R Sydneshaugen skole 11.15 Auditorium D Sydneshaugen skole 11.15 Gunnar Sævigs sal Griegakademiet 10.15 Gunnar Sævigs sal Griegakademiet 10.15 Auditorium Q Sydneshaugen skole 14.00 Grieghallen

Bachelorprogram i filosofi Bachelorprogram i historie Bachelorprogram i kulturvitskap Bachelorprogram i musikkvitskap Bachelorprogram i religionsvitskap Bachelorprogram i retorikk Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon Integrert masterprogram i musikkterapi Alle årsstudium Velkomst- og informasjonsmøte om ex.phil. og ex.fac. ved HF

STAD

13


Informasjonsmøta torsdag 13. august PROGRAM

TID

STAD

Bachelorprogram i digital kultur

12.15

Bachelorprogram i engelsk

14.15

Bachelorprogram i fransk

13.15

Bachelorprogram i gresk (felles møte med latin) Bachelorprogram i italiensk

14.15

Bachelorprogram i japansk

11.15

Bachelorprogram i kinesisk

13.15

Bachelorprogram i kjønnsstudium

13.15

Bachelorprogram i kunsthistorie

14.15

Bachelorprogram i latin (felles møte med gresk)

14.15

Bachelorprogram i litteraturvitskap

13.15

Bachelorprogram i: Nordisk språk og litteratur Norrøn filologi Norsk som andrespråk Bachelorprogram i russisk

09.15

Auditorium B Sydneshaugen skole Auditorium A Sydneshaugen skole Seminarrom 301 HF-bygget Seminarrom 301 HF-bygget Seminarrom 216 HF-bygget Auditorium D Sydneshaugen skole Seminarrom M, ­Sydnes­haugen skole Ida Bloms hus Allégaten 33 Auditorium Q Sydneshaugen skole Seminarrom 301 HF-bygget Auditorium D Sydneshaugen skole Auditorium Q Sydneshaugen skole

Bachelorprogram i spansk språk og latinamerikastudium

09.15

Bachelorprogram i teatervitskap

13.15

Bachelorprogram i tysk

11.15

Lektorutdanning i framandspråk og nordisk

14.15

14

11.15

11.15

Auditorium R Sydneshaugen skole Auditorium A Sydneshaugen skole Seminarrom N Sydneshaugen skole Seminarrom 301 HF-bygget Auditorium R Sydneshaugen skole


Informasjonsmøta fredag 14. august PROGRAM

TID

STAD

Bachelorprogram i arabisk

13.15

Bachelorprogram i sprĂĽkvitskap

11.15

Seminarrom M, Sydneshaugen skole Auditorium D Sydneshaugen skole

15


4. DITT FØRSTE SEMESTER Oversikt over fagorienteringsmøta

Om emna i det første semesteret

Nokre studentar skal starte direkte på eit fagstudium. Dette gjeld dei som skal ta eit årsstudium eller programstudentar som allereie har teke ex.phil. eller ex.fac. For meir informasjon om fagorienteringsmøte, sjå oversikt på uib.no/hf.

Akademisk skriving

Examen philosophicum (ex.phil.) og Examen facultatum (ex.fac.) er ein obligatorisk del av bachelorprogramma og femårige masterprogram. Ex.phil. inngår i alle programma og dei fleste programma tar eitt ex.fac.-emne, medan nokre få program har krav om to ex.fac.-emne (sjå tabellen over Dine emne hausten 2015) Samla gir emna ei brei innføring i universitetsstudia, både fagleg, praktisk og sosialt: fagleg fordi du blir kjend med fagtradisjonar, metodar og kunnskapsfelt i dei humanistiske studia, praktisk fordi du får øve deg i ulike skrive-, argumentasjons- og arbeidsmåtar, og sosialt fordi du møter medstudentar i mindre grupper og får høve til å bli kjend med andre. Detaljert informasjon om emna blir gitt på informasjonsmøtet for ex.phil. og ex.fac. i Grieghallen måndag 10. august kl. 14.00–15.00. 16

Akademisk skriving er eit intensivt kurs som går i starten av semesteret. Kurset skal lære deg korleis du skal lese og vurdere vitskaplege tekstar og på dette grunnlaget vurdere korleis du sjølv kan skrive analytisk og strukturert. Undervisninga går føre seg i mindre grupper og er ein kombinasjon av miniforelesingar, gruppe- og skrivearbeid og plenumsdiskusjonar. Eksamensoppgåva skriv du i løpet av den tida kurset går. Undervisninga startar: torsdag 13. august Kode: EXFAC00AS Stad: Auditorium «Egget», Studentsenteret Studentweb er open for påmelding frå 10. august.

Examen philosophicum (ex.phil.) Examen philosophicum skal gi deg ei innføring i sentrale spørsmål knytte til kunnskap, moral, estetikk, språk, tolking og logikk. Ex.phil. ved HF legg vekt på filosofiske problemområde som står sentralt i den humanistiske tradisjonen. Her får ein ei innføring i ulike syn på filosofien si


handsaming av sentrale spørsmål knytt til kunnskap, moral og estetikk. Kurset tek òg føre seg spørsmål knytte til logiske omgrep, språkbruk, definisjonar, argumentasjon, tolking og vitskapsforståing. Du kan velje seminarmodell med seminaroppgåve eller sjølvstudium med avsluttande skoleeksamen. Seminarmodellen På seminarmodellen får du tett oppfølging gjennom heile semesteret, og opplegget er skreddarsydd for ferske studentar. Du får plass på ei gruppe som du følger heile semesteret. Det er obligatorisk oppmøte i seminargruppene og krav om aktiv innsats gjennom heile semesteret. Du skriv ei seminaroppgåve og denne oppgåva blir til slutt vurdert som eksamensarbeidet ditt. Undervegs i semesteret blir informasjon gitt på seminaret og på Mi side. NB: Det er obligatorisk oppmøte på det første seminaret! Dersom du ikkje møter opp, risikerer du å miste plassen din på seminarmodellen.

Undervisninga startar: fredag 21. august, sjå timeplan på uib.no/emne/EXPHIL-HFSEM Første seminar: veke 36 (NB: obligatorisk oppmøte!) Kode: EXPHIL-HFSEM
 Studentweb er open for søknad om plass på seminargruppe frå 10. august til 13. august. Nye studentar på bachelorprogram og femårige masterprogram blir prioriterte. Skoleeksamen Dersom du ikkje har høve til å følge seminarmodellen, kan du likevel gå opp til ein skriftleg skoleeksamen. Her er det ikkje obligatorisk undervisning, men du har høve til å følge dei opne forelesingane. For å kunne gå opp til skoleeksamen må du skrive ei øvingsoppgåve som dekker ulike delar av pensum. Meir informasjon finn du i emneskildringa. Undervegs i semesteret vil informasjon bli gitt på forelesingar og på Mi side. Undervisninga startar: fredag 21. august, sjå timeplan på uib.no/emne/EXPHIL-HFEKS. Kode: EXPHIL-HFEKS. Siste frist for oppmelding til eksamen er 1. september.

17


Språk og kommunikasjon Språk og kommunikasjon gir ei innføring i dei grunnleggande omgrepa i språkvitskapane, for at studentane for at studentane skal få eit godt grunnlag for og gode arbeidsreiskapar til bruk i vidare språkstudium. Språk og kommunikasjon inngår i nokre av programma, mens emnet er valfritt i andre (sjå tabellen over Dine emne hausten 2015, s. 20–23). I dei programma der emnet er valfritt, bør du ta Språk og kommunikasjon dersom du planlegg å studere språk som ein del av bachelorprogrammet. Undervisninga startar: onsdag 16. september, sjå timeplan på uib.no/hf. Første seminar: veke 38 (NB: obligatorisk oppmøte!) Kode: EXFAC00SK Studentweb er open for påmelding frå 10. august til 13. august.

Tekst og kultur
 Tekst og kultur gir ei innføring i nokre grunnproblem innan dei humanistiske vitskapane, og presenterer ulike fagområde som kunst, litteratur, musikk, religion, nyare medium, arkeologi og historie. Du kan velje mellom seminarmodell med mappevurdering og sjølvstudium med

18

avsluttande skoleeksamen. Tekst og kultur inngår i nokre av programma og er valfritt i andre (sjå tabellen over Dine emne hausten 2015, s. 20-23). Seminarmodellen Du får plass i ei gruppe som du følger heile semesteret. Kvar gruppe har sin eigen seminarleiar med ansvar for undervisning og rettleiing. Det er obligatorisk oppmøte i seminargruppene, og det er krav om aktiv innsats gjennom heile semesteret. Du skriv ei oppgåve som til slutt blir vurdert som eksamensarbeidet ditt. Det er ingen avsluttande skoleeksamen. Undervegs i semesteret får du informasjon på seminaret og på Mi side. NB: Det er obligatorisk oppmøte på det første seminaret! Dersom du ikkje møter opp, risikerer du å miste plassen din på

seminarmodellen. Undervisninga startar: onsdag 16. september, sjå timeplan på uib.no/hf. Første seminar: veke 38. (NB: obligatorisk oppmøte!). Kode: EXFAC00TKSEM Studentweb er open for påmelding frå 10. august til 13. august.



Skoleeksamen Dersom du ikkje har høve til å følge seminarmodellen, kan du likevel gå opp til ein skriftleg skoleeksamen. Her er det ikkje obligatorisk undervisning, men du har høve til å følge dei opne forelesingane. Undervegs i semesteret får du informasjon på forelesingar og på Mi side.

Undervisninga startar: onsdag 16. september, sjå timeplan på uib.no/hf. Kode: EXFAC00TKEKS Studentweb er open for påmelding frå 10. august til 1. september.

Dine emne hausten 2015 Alle studieprogramma er sette saman av mindre emne. Studentar på det første semesteret tek tre emne (3 x 10 studiepoeng). Ex.phil. og ex.fac. Ex.phil. inngår i alle programma, og står derfor ikkje i oversikten under. I dei fleste programma tar ein eitt ex.fac.-emne, medan nokre få program har krav om to ex.fac.-emne. Oversikten viser kva for ex.fac.-emne som er anbefalt: Akademisk skriving, Tekst og kultur eller Språk og kommunikasjon. Introduksjonsemne Ein del av studieprogramma har introduksjonsemne som anten er sterkt anbefalte eller obligatoriske. Det obligatoriske introduksjonsemna er merka med stjerne*. Introduksjonsemnet tek du i tillegg til ex.phil. og ex.fac. Viss du går på eit studieprogram utan introduksjonsemne, anbefaler vi at du tek to ex.fac.-emne i staden. Årsstudium På dei fleste årsstudia tek studentane to emne (2 x 15 studiepoeng). Nedst i tabellen under finn du oversikt over emne som inngår i årsstudiet.

20


BACHELORPROGRAM

ANBEFALTE EX.FAC.-EMNE

INTRODUKSJONSEMNE

Arabisk

Språk og kommunikasjon

Arkeologi Digital kultur

Akademisk skriving eller Tekst og kultur Tekst og kultur

ARA100 - Innføringskurs i arabisk språk og kultur ARK 100 - Innføring i arkeologi

Engelsk

Språk og kommunikasjon

ENG100 - Introduksjon til engelskstudiet

Filosofi

FIL124 - Introduksjon til praktisk filosofi

Fransk

Akademisk skriving eller Tekst og kultur Språk og kommunikasjon

Gresk

Språk og kommunikasjon

Akademisk skriving eller Tekst og kultur

Historie

Akademisk skriving

HIS100 - Innføring i historie

Italiensk

Språk og kommunikasjon

ITAL100 - Innføring i italienskstudium

Japansk

Språk og kommunikasjon

ASIA100 - Kultur, språk og historie i Øst-Asia*

Kinesisk

Språk og kommunikasjon

ASIA 100 - Kultur, språk og historie i Øst-Asia

Kjønnsstudium

Du kan velje mellom alle dei tre KVIK100 - Innføring i kjønnsstudium* ex.fac.-emna. Språk og kommunikasjon er anbefalt for dei som spesialiserer seg i engelsk eller nordisk. Akademisk skriving eller KUVI100 - Innføring i kulturvitskap Tekst og kultur

Kulturvitskap

DIKULT101 - Formidling i digitale medium

FRAN100 - Introduksjon til franskstudiet

Kunsthistorie

Tekst og kultur

Akademisk skriving

Latin

Språk og kommunikasjon

LAT100 - Innføring i latin

Litteraturvitskap

Tekst og kultur

ALLV100 - Innføringsemne i litteraturvitskap

Musikkvitskap

Akademisk skriving

Språk og kommunikasjon eller Tekst og kultur.

* obligatorisk emne

21


BACHELORPROGRAM

ANBEFALTE EX.FAC.-EMNE

INTRODUKSJONSEMNE

Nordisk språk og litteratur Norrøn filologi

Språk og kommunikasjon

NOLISP100 - Innføring i nordiskstudiet*

Språk og kommunikasjon

NOFI100 - Innføring i nordiskstudiet med vekt på norrøn filologi* NORAN120 - Innføring i nordiskstudiet med vekt på norsk som andrespråk * RELV100 - Religion, kultur og samfunn

Norsk som andrespråk Språk og kommunikasjon Religionsvitskap Retorikk

Akademisk skriving eller Tekst og kultur Tekst og kultur

Russisk

Språk og kommunikasjon

Akademisk skriving

Spansk språk og latin­ Språk og kommunikasjon amerika­studium Språkvitskap Språk og kommunikasjon

RUS100 - Grunnkurs i skriftleg og munnleg russisk * SPLA100 - Introduksjon til spansk språk og latinamerikastudium Valfritt introduksjonsemne i eit språkfag

Teatervitskap

Tekst og kultur

Akademisk skriving eller Tekst og kultur

Tysk

Språk og kommunikasjon

TYS100 - Introduksjon til tyskstudiet

Utøvande musikk eller Akademisk skriving** komposisjon

Har ikkje introduksjonsemne

* obligatorisk emne ** eige emne: MUG19 - akademisk skriving for bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon

22


INTEGRERTE UTDANNINGAR

ANBEFALTE EX.FAC.-EMNE

INTRODUKSJONSEMNE

Lektorutdanning med master i nordisk Lektorutdanning med master i framandspråk (engelsk, fransk eller tysk) Femårig integrert masterprogram i musikkterapi

Språk og kommunikasjon Språk og kommunikasjon eller Tekst og kultur

PEDA120 - Skulen og lærarrolla* KOPRA101 - Skulen og lærarrolla i praksis* PEDA120 - Skulen og lærarrolla* KOPRA101 - Skulen og lærarrolla i praksis*

Akademisk skriving

PSYK100 - Innføring i psykologi*

ÅRSSTUDIUM

EMNE SOM INNGÅR I STUDIET

Årsstudium i historie

HIS101 og eit valemne i historie

Årsstudium i filosofi

FIL121, FIL123, FIL124 og FIL126

Årsstudium i kunsthistorie

KUN123 og KUN124

Årsstudium i nordisk

NOSP103 og NOLI102

Årsstudium i religionsvitskap Årsstudium i engelsk, fransk, norsk som andrespråk, spansk språk og latin­amerika­studium, tysk

RELV102 og RELV103 Studiet startar våren 2016 (veke 2). Studentar som ønskjer å studere hausten 2015, kan ta ex.phil., ex.fac. eller andre emne. Kontakt infosenteret ved HF for å få råd.

* obligatorisk emne

23


Utsett studiestart Du kan søke om utsett studiestart på grunn av førstegongsteneste, graviditet eller alvorleg sjukdom. Sjå samordnaopptak.no og/eller uib.no for meir informasjon.

Informasjon om fag og emne Det er viktig at du bruker Mi side for å få den informasjonen du treng. All emneinformasjon finn du på Mi side (du får tilgang når du har oppretta brukarkonto). Mi side viser emneskildringane, litteraturlister og timeplanar. Når du har oppretta ein brukarkonto, kan du logge deg inn på Mi side. Her finn du aktuelle meldingar frå forelesarer og studierettleiarar, din eigen timeplan veke for veke, oversikt over dei andre studentane på emnet og annan informasjon som du treng. Når lærestaden sender ut viktig e-post, blir denne send til den e-postadressa du får frå UiB. Du må sjekke Mi side og posten din dagleg.

Om studiestrukturen ved HF • Eit bachelorprogram er eit treårig studium (180 studiepoeng), og ex.phil./ex.fac. inngår i studiet. • Bachelorprogrammet i musikk er fireårig (240 studiepoeng). • Spesialisering på minst 90 studiepoeng (tre semester) i eitt av faga som inngår i programmet. Dette valet vil òg avgjere

24

kva fag du eventuelt kan søke opptak til mastergradsstudium i. Resten av programmet (60 studiepoeng) er sett saman av obligatoriske eller valfrie emne, avhengig av kva program du går på. I byrjinga av kvart semester må du stadfeste utdanningsplanen din og undervisning- og vurderingsmelde deg i Studentweb på dei emna du vel å ta. Utdanningsplanen din vil vise deg kva fag og emne som inngår i studieprogrammet. Du vil òg få informasjon om dette på orienteringsmøtet. I tillegg kan du bestille time hos studierettleiaren for å diskutere korleis graden din bør sjå ut. Den integrerte lektorutdanninga er femårig (300 studiepoeng) og fører fram til ein mastergrad i faget du vel som fag 1 i programmet. Det femårige integrerte masterprogrammet i musikkterapi (300 studiepoeng) fører fram til ein mastergrad i musikkterapi. Eit årsstudium kan innpassast i nokre av bachelorprogramma ved HF. Ta kontakt med Infosenteret ved HF eller studierettleiar for å få informasjon.



5. INFORMASJONS- OG RETTLEIINGSTENESTER Informasjonssenteret ved fakultetet På Infosenteret ved HF kan du alltid treffe ein studierettleiar. På Infosenteret ved HF får du: • informasjon om fag, emne, reglar, utveksling osb. • høve til å avtale personlege rettleiingstimar • ulike skjema, for eksempel søknadsskjema • informasjon om ec.phil. og ex.fac. • hjelp til å fylle ut utdanningsplanen Hos ein studierettleiar kan du blant anna diskutere: • korleis du planlegg bachelorgraden din, og kva emne som skal inngå i graden • informasjon om studietilbodet ved fakultetet • samanhengen mellom val av fag og moglege yrkesvegar • studium i utlandet • hjelp når du ikkje meistrar studia • gjeldande regelverk • endring av utdanningsplanen

26

Kontakt Infosenteret dersom du er usikker fordi du: • har teke ex.phil. og/eller ex.fac. ved ein annan institusjon • er i tvil om kva fag og emne du kan eller vil ta • har andre spørsmål som dette heftet ikkje har gitt svar på Adresse: Sydnesplassen 9 (1. et.) (nummer 41 på kartet). Opningstider: måndag–fredag 10.00–15.00 (09.00–15.00 i veke 33–34) E-post: studierettleiar@hf.uib.no Telefon: 55 58 93 70 (10.00–15.00)

Mi side Miside.uib.no er ei personleg nettside med samla tilgang til kalender med timeplaninformasjon, pensum, emneinformasjon, meldingsteneste, personleg fillager og diskusjonsgrupper. Mykje av den faglege og administrative informasjonen blir formidla via Mi Side, og UiB forventar at du tek denne tenesta i bruk.


Studentsider På studentsidene (uib.no/student) finn du informasjon og skjema som du har bruk for som student. Har du for eksempel spørsmål om betaling av semesteravgift, semesterkort, studentkort, karakterutskrift eller tilrettelegging til eksamen, så er studentsidene ein lur stad å leite.

Uib.no På nettsida uib.no/utdanning finn du blant anna oversikt over fagtilbod, studieplanar, delstudium i utlandet og rettleiings- og velferdstenester. Fakulteta har òg eigne nettsider med informasjon.

Student-e-post

Har du behov for tilrettelegging? Vi legg studia til rette for deg med nedsett funksjonsevne og tilbyr • rådgiving og behovsutgreiing • tilrettelegging av eksamen og i studiesituasjonen • informasjon og rettleiing om andre aktuelle tenester (hjelpemiddel, bustad osv.) Det er du som veit best kva slags tilrettelegging du har behov for. Ta difor kontakt med oss så tidleg som råd i semesteret, slik at vi har størst sjanse til å finne gode løysingar saman med deg. Sjå uib.no/utdanning for meir informasjon.

Når du har oppretta ein brukarkonto, får du automatisk e-postadresse, vanlegvis namn. etternamn@student.uib.no. Det er denne e-postadressa UiB bruker for å sende ut e-post til deg personleg. På webmail (webmail.uib.no) kan du lese og sende e-post. Webmail har god lagringskapasitet i tillegg til spam- og viruskontroll. Ein del av e-posten du får frå UiB, inneheld store vedlegg med forelesingsnotat, tekstar og artiklar osv. Hugs å lese e-posten din dagleg!

27


6. IKT-TENESTER Når du har oppretta brukarkonto, får du tilgang til tenester som ditt eige lagringsområde, trådlaust Internett og utskrift.

Lagringsområde Frå UiB sine pc-ar har du automatisk tilgang til lagringsområdet ditt. Du bør bruke dette området til å lagre dokument og filer. Du kan òg bruke dette området frå din eigen pc. Korleis du gjer dette, finn du på studentsidene (uib.no/student).

Trådlaust Internett På universitetet har vi eit trådlaust nettverk kalla Eduroam. Eduroam finn du i alle studentareal ved UiB, ved andre lærestader i inn- og utland, og på norske flyplassar. Bruk UiB-kontoen din til å logge på Eduroam. Les meir på studentsidene. Om du bur i ein av studentbustadene til Studentsamskipnaden i Bergen, har du gratis oppkopling til Internett. Sjå ­sib.no/no/ bolig/beboer/internet for meir informasjon.

28

Utskrift, kopiering og skanning Over heile campus er det utplassert skrivarar du som student kan bruke. Pullprint er ei betalingsbasert teneste der du betaler for kvar kopi eller utskrift. Det er gratis å skanne sider og få dei sende som ei fil til student-e-postadressa di. For å få tilgang til Pullprint må du ha gyldig studentkort. For å skrive ut eller kopiere må du først fylle pengar på utskriftskontoen via ei webteneste (payprint.uib.no) der du kan betale med kredittkort (Visa/Mastercard). Du kan òg skrive ut frå eiga datamaskin. Ver merksam på at det kan ta opptil ei veke før du kan ta tenesta i bruk, avhengig av kor raskt du klarer å opprette brukarkonto og skaffe deg studentkort. Les meir på studentsidene.



Læringsstøtte Dersom du bruker UiB-maskiner, eller koplar deg opp mot UiB med di eiga maskin, så får du tilgang til mange tenester som berre er tilgjengelege for deg som UiB-student. Eit døme er retriever.no der ein kan søke i artiklar i norske aviser eller digitale bibliotek. Sjå uib.no/ub for meir informasjon.

Pc-stover Pc-stover er arbeidsplassar for studentar. Her finn du maskiner drifta av UiB. Ved pålogging med brukarkonto får du tilgang til ditt eige lagringsområde. For å komme inn på pc-stover og lesesalar med pc-ar må du bruke studentkortet og pin-koden din. Alle fakulteta har eigne pc-stover og plassar for oppkopling av eigen pc. I tillegg kan du nytte tenestene ved læringssentera til Universitetsbiblioteket. HF-studentar har pc-stover på rom 317 og 318 på Sydneshaugen skole. Du har tilgang med studentkortet ditt frå 08.00 til 23.00. Fakultetet har òg pc-ar som er meinte for oppslag på uib.no, stadfesting av utdanningsplan, e-post og anna informasjonshenting på UiB sine nettsider. Her kan du ikkje skrive ut dokument. Desse

30

maskinene krev ikkje pålogging. Du finn desse i Infosenteret på Sydnesplassen 9 (1. et.) (nummer 41 på kartet)

Få hjelp På studentsidene (uib.no/student) finn du oversikt over pc-stover, brukarrettleiing for oppkopling av eigen pc, oversikt over anbefalt utstyr og annan nyttig brukarinformasjon. IT-avdelinga er òg på Facebook. Her kan du få driftsmeldingar og annan informasjon (facebook.com/itavduib). Dessutan har vi IT-assistentar som kan hjelpe deg med å kople til trådlaust nett, skrivar og andre tenester frå UiB og rettleie ved installasjon av virusvern o.l. IT-assistentane gir ikkje generell brukarstøtte på private maskiner. Du finn IT-assistentane i HF-bygget, rom 5 i 1. etasje og Biblioteket for humaniora på Haakon Sheteligs plass.


7. CAMPUS Lesesalar

Romoversikt

Studentane ved HF har lesesalsplassar på Sydneshaugen skole. Lesesalane er felles for alle studentar som tek lågare grad ved fakultet. Lesesalane på Sydneshaugen skole finn du i 4. etasje.

Både gamle og nye studentar har opplevd å gå seg vill på Sydneshaugen skole. Oversikta på neste side vil hjelpe deg å finne fram mellom auditorium, undervisningsrom, grupperom og kollokvierom.

Opningstider: Inngang A, B og C: Opne kvardagar mellom 08.00 og 20.00, og laurdagar 08.00–15.00. Opningstider med kort: Det er kortlesar i døra mot Ivar Aasens gate (inngang E). Tilgang 08.00–23.00 måndag–laurdag, og 08.00–22.00 søndagar.

Ad Fontes I første etasje på HF-bygget finn du lokale til studentstaden Ad Fontes, der mange studentar går dagleg. Her er det open kafé der du kan komme og ta ein pause mellom leseøktene, og her blir det arrangert fagfestar, quiz, spelkveldar, filmframsyningar, konsertar og mykje anna.

31


Romoversikt på Sydneshaugen skole Skjematisk oversikt over Sydneshaugen skole Skjematisk oversikt over Sydneshaugen skole

1. etasje 1. etasje

Aud. A Aud. A Aud. D Aud. D

Vaktmeisterbustad Vaktmeisterbustad Lesesalar for Lesesalar for mastergradsstudentar mastergradsstudentar Bogeportal Bogeportal

Kantine Kantine

Inngang A Inngang A

Aud. R Aud. R

Infosenteret Infosenteret

Inngang C Inngang C 128 128 125 125 Undervisningsrom Undervisningsrom Digital kultur Digital kultur

Lesesalar Lesesalar lågare lågare grad grad 122 122

Lesesalar Lesesalar lågare lågare grad grad 121 121

Lesesalar Lesesalar lågare lågare grad grad 120 120

Inngang B Inngang B

Lesesalar Lesesalar lågare grad lågare grad 119 119

Lesesalar Lesesalar lågare grad lågare grad 114 114 Vestibyle Vestibyle -Bokboksar i underetasjen -Bokboksar i underetasjen -Heis -Heis -Surfe-PC-ar -Surfe-PC-ar

Inngang E Inngang E

2.2.etasje etasje VaktmeisterVaktmeisterbustad bustad

Til Aud. B Til Aud. B HFHFbygget bygget Kantine 2. et Kantine 2. et

Aud. E Aud. E Trapper Trapper Trappeheis Trappeheis

Sem Sem FF Rom RomP P

Rom Rom G G Rom Rom H H

233 233

Rom Rom II

Rom RomOO

216 216 217 217

Aud. Aud.NN

Sem. Sem.MM

Sem. Sem.LL

Sem. Sem.KK

Rom Rom JJ 244 244

Kontor Kontor

Vestibyle Vestibyle

32


Skjematisk oversikt over Sydneshaugen skole

3. etasje

Kontor Seminarleiarar ex.phil.

Aud. Q Rom 304 A

PC-stove lågare grad 318

PC-stove lågare grad PC-vakt 317

Rom 304 B Rom 304 C PC-stove Digital kultur master

PC-stove Høgare grad

PC-stove Lågare grad 314

PC-stove lågare grad 313

311

310

309

Vestibyle

4. etasje Lesesal lågare grad 411 410

Lesesalar - lågare grad 408/407

Trapp/ gang

HSU 401/402

Atrium Replikk Prosopopeia 404

Kommentarar til denne oversikta? Send til studierettleiar.hffa@uib.no

Opningstider Sydneshaugen skole: 08.00–20.00

Opningstider Sydneshaugen skole: 08.00-20.00 Opningstider kort: Inngang E: 08.00–23.00 kvardagar Opningstider med kort:med Inngang E: 08.00-23.00 kvardagar og laurdag, sundag 08.00-22.00og laurdag, sundag 08.00–22.00 (Helligdagar er det stengt.) Lesesalar: Alle lesesalane er opne for alle studentar. Sjå eige reglement. All bruk av mobiltelefon på lesesalane Lesesalar: Alle lesesalane er opne for alle studentar. Sjå eige reglement. All bruk av mobiltelefon på lesesalene er forbode (også SMS). er forbode (også SMS). Bokboksar finst i underetasjen under vestibylen v/inngang B/E. Bruk av boksane skjer på eige ansvar. Bokboksar finst i underetasjen under vestibylen v/inngang B/E. Bruk av boksane skjer på eige ansvar. PC-stovene: opne for studentar med kort. Pålogging med brukarnamn og passord (same som til MI Side). Pc-stovene: opne10-18 forpå studentar medforkort. brukarnamn og passord (same som til Mi side). PC-vakt: rom 317 mellom kvardager. Ansvar PC-arPålogging og skrivarar på med Sydneshaugen skole og HF-bygget. Hjelper deg dersom data- eller utskriftsproblem. Pc-vakt: HF-bygget, rom 5 idu 1. har etasje mellom 08.00–18.00 på kvardagar. Ansvar for pc-ar og skrivarar på Rullestol: Det er ein rullestolheis i vestibylen (inngang B/E). Til aud. B er det montert Sydneshaugen skole og HF-bygget. deg dersom du har data- eller utskriftsproblem. trappeheis. Kontakt drifta på nummer 55589400 ellerHjelper Infosenteret for hjelp.

Rullestol: Det er ein heis i vestibylen (inngang B/E). Til auditorium B er det montert trappeheis.


8. FAGLITTERATUR Universitetsbiblioteket Universitetsbiblioteket (UB) er eit moderne læringssenter og ein del av det faglege og pedagogiske tilbodet ved UiB. UB har bibliotekavdelingar ved alle fakulteta. Biblioteket tilbyr • arbeidsplassar med Internett • tilgang til store boksamlingar • tilgang til elektroniske tidsskrift, oppslagsverk og annan faglitteratur på nettet • kurs og rettleiing i informasjonssøking og støtte til oppgåveskriving • Chat med en bibliotekar på uib.no/ub. Chatten er open frå kl. 10.00–15.00 måndag til fredag i semestera. Du kan søke fram det meste av både trykt og elektronisk materiale ved biblioteket, via UB sin elektroniske katalog. Studentkortet ditt fungerer òg som lånekort ved UB. Bruk det aktivt! Du er velkomen som brukar ved biblioteket. Du finn meir informasjon på nettsida vår, uib.no/ub.

34

Bibliotek for humaniora Adresse: Haakon Sheteligs plass 7 Opningstid i semesteret: Måndag–torsdag: 08.30–20.00 Fredag: 08.30–19.00 Laurdag: 10.00–16.00 ubbhf@ub.uib.no, 55 58 25 18

Fagbokhandel Akademika er ein fagbokhandel der du finn pensumbøker og alt du treng til studia. Akademika sitt hovudutsal er på Studentsenteret.



9. STUDENTVELFERD Studentsamskipnaden i Bergen Studentlivet er meir enn studia, difor finst Studentsamskipnaden. Når du har betalt semesteravgifta til SiB, kan du nytte alle SiB sine tilbod. SiB vil at du skal ha det godt som student i Bergen! På Studentsenteret har vi samla dei fleste av SiB sine tilbod under eitt tak:

SiB Rådgiving Her får du individuelle råd og rettleiingstimar, og tilbod om ei rekkje spennande og nyttige kurs i blant anna eksamensmeistring, å ta ordet eller stressmeistring, heilt gratis. Ta kontakt på radgivning@sib.no.

SiB Psykiske Helseteneste (SPH) Gratis psykologtilbod til studentar. Kort ventetid. Besøk oss på Studentsenteret, eller bestill time på telefon 55 54 51 45.

Refusjon av legeutgifter SiB refunderer helseutgiftene dine når dei overstig 550 kr i løpet av eit år. Dersom du har utgifter til lege, fysioterapeut, transport eller tannskadar, kan du gå til sib.no/helse der du finn søknadsskjema og informasjon om kvar du får pengane tilbake.

36

Legene på Høyden og 7 Fjell Legesenter Studentane i Bergen har to eigne legetilbod. Tenestene er fastlegetilbod, men tilbyr også akuttimar for studentar som ikkje har fastlegen sin i Bergen. Sjå sib.no/no/helse/ lege for meir informasjon.

SiB Tannlege Studentane har ei eiga tannhelseteneste på Årstad og på Danmarks plass. Her får du tannundersøkingar og tannbehandling til rimelege prisar. Telefon: 55 20 64 58/59.

Helsestasjon SiB og Engen Helsestasjon samarbeider om å gi eit gratis helsetilbod med fokus på studentar si seksuelle helse. På Engen Helsestasjon får du gratis reseptar og kondom, test av kjønnssjukdomar og råd om sex og samliv. Ope måndag, tysdag og onsdag 15.30–18.00. Inga timebestilling, trekk kølapp når du kjem.

Karrieresenteret Lurer du på kva du skal bruke utdanninga di til? Kom gjerne på Karrieresenteret tidleg i studia, og drøft det med ein karriererettleiar. Senteret hjelper deg òg med CV, jobbsøknader, intervjutrening og tips om arbeidsmarknaden. Karrieresenteret driv traineeprogrammet Trainee vest, som kvar vår lyser ut traineestillingar.


SiB Trening SiB driv seks flotte treningssenter rundt om på campus. To av dei ligg i Bergen sentrum, og det største er på Studentsenteret. Hos SiB Trening kan du trene alt frå aerobic, pilates, vekttrening, symjing, klatring og squash med meir til ein rimeleg pris.

SiB Bustad SiB har over 4000 hybeleiningar med ulike fasilitetar. Vi har ein bustad for deg anten du ønsker å bu aleine, dele kjøkken, dele bad, bu med eller utan barn eller bu i kollektiv. Søk om bustad hos oss via sib.no/bolig. Les meir om tilboda på sib.no.

Studentprestane Treng du ein å dele tankane dine med, har studentprestane tid. Du bestemmer kva vi skal snakke om. Vårt tilbod er for alle studentar uavhengig av livssyn. Studentprestane er tilsette av Den norske kyrkja. Adresse: Studentsenteret, Parkveien 1 Kontakt: Kan treffast etter avtale Telefon: 55 58 47 14, Inge Høyland og 55 58 94 45, Marie Grindheim E-post: inge.hoyland@prest.uib.no og marie. grindheim@prest.uib.no Nettside: studentprest.no

Utdanning i Bergen Utdanning i Bergen arrangerer spennande turar som skitur, båttur, fjelltur og mange andre aktivitetar. Alle turane er subsidierte for studentar ved UiB. Sjekk ut utdanningibergen.no for meir informasjon om dette. Utdanning i Bergen driftar også studentbergen.no. På desse sidene får du den mest komplette oversikta over studentorganisasjonane og studentaktivitetane i Bergen.

Studentparlamentet Studentparlamentet (SP) er det øvste studentpolitiske organet ved UiB. SP består av 25 valgte studentar som arbeidar for å framme UiB-studentane sine interessar. SP er studentane si viktigste stemme opp mot universitetsleiinga, kommunen, staten og andre aktuelle aktørar.

37


10. FADDERORDNINGA Sjølv om fadderveka ikkje tek til før i august, har ei stor gruppe studentar brukt heile våren på å planlegge eit program spekka med arrangement og opplevingar som skal gi deg ein introduksjon til det å vere student i Bergen. Målet med fadderveka er at du skal bli kjend med dine nye medstudentar, Bergen som studieby, universitetet og alt det

38

spennande du kan engasjere deg i på fritida. Fadderveka er lagd opp slik at ho skal gi deg ein smakebit på det store spekteret av tilbod som finst for studentar. Fadderprogramma for dei ulike fakulteta finn du på ­nettsidene våre, uib.no/ ­­­ nystudent. Vi ønsker deg ein god start på studietida!


UTGJEVAR: Studieadministrativ avdeling, Universitetet i Bergen GRAFISK DESIGN: Kommunikasjonsavdelingen, Universitetet i Bergen FOTO: Eivind Senneset (forside, s. 11, 29, 38) • Endre Hilleren (s. 19) • Emil Breistein (s. 15, 29) • iStockphoto (s. 19) • Paul S. Amundsen (s. 19) • Sandra Ječmenica (s. 19, 25) • Thor Brødreskift (s. 19) • colourbox.no (s. 19) • Paul-Erik Rosenbaum (s. 19, 35) • Marius E. Hauge (s. 19) • iStockphoto (s. 19) TRYKK: Bodoni AS, Bergen OPPLAG: 2100 PAPIR: G-Print (115 g/250 g)


uib.no

Følg oss på Facebook og Instagram og sjå korleis vi har det på Universitetet i Bergen


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.