STUDIESTART VED DET MATEMATISKNATUR足VITSKAPLEGE FAKULTET UNIVERSITETET I BERGEN
HAUSTEN
2014
Velkomen Velkomen til Universitetet i Bergen. Vi er glade for at du har valt å studere hos oss! Dette informasjonsheftet fortel deg om ein del av dei praktiske gjeremåla du må gjennom den første tida som student. Vi håpar vi kan gi deg ein god start på studia ved UiB på ein praktisk, sosial og fagleg måte. Lykke til!
INNHALD Sjekkliste 4 1. Program for studiestartveka
6
Oppmøteplan for den første veka. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 7
2. Ditt første semester
12
Fritak for emne . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 12 Årsstudium i naturvitskaplege fag. . . . . . . . . . . . . . . . . . . 12
3. Praktisk informasjon
14
1. Betale semesteravgift. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 14 2. Stadfeste utdanningsplanen på StudentWeb. . . . . . 14 3. Opprette brukarkonto. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 15 4. Ta i bruk nettsida Mi side. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 15 5. Skaffe deg studentkort . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 15
4. Informasjons- og rettleiingstenester
16
Infosenteret for realfagsstudenter. . . . . . . . . . . . . . . . . . . 16 ‘UiB og meg’. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 18 uib.no/utdanning. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 18 Studentsamskipnaden i Bergen. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 18 Studentprestane. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 20
5. IKT-tenester
22
Brukarstøtte. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 22 Eiga e-postadresse. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 22 Pc-stover . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 23
6. Faglitteratur
24
Universitetsbiblioteket. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 24 Fagbokhandel. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 24
8. Fadderordninga
26
9. Det første semesteret ved UiB
28
10. Romoversikt Realfagbygget, u.et.
30
SJEKKLISTE Før studiestart: takke «ja» til studieplassen, svare Samordna opptak innan 26. juli melde deg på til undervisning på igang.uib.no innan 26. juli lære deg den tilsende pin-koden og hente ut studentnummeret frå StudentWeb betale semesteravgifta til Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) søke om studielån bli kjend med uib.no 4.–8. august: delta på oppfriskingskurs i matematikk studentar på lektorutdanning: skaffe politiattest
Ved studiestart: delta på velkomstmøte på fakultetet måndag 11. august stadfeste utdanningsplanen din på StudentWeb opprette brukarkonto delta på programmøte onsdag 13. august (obligatorisk oppmøte)
studentar på lektorutdanning: levere politiattest innan 15. august i Infosenteret for realfagsstudenter logge deg inn på Mi side hente studentkortet ditt på Kortsenteret delta på fadderveke hugs å ta med deg denne brosjyren når du møter til studiestart!
4
1. PROGRAM FOR STUDIESTARTVEKA Semesteret startar med eit oppfriskingskurs i matematikk i veka før den ordinære semesterstarten. Dette er eit godt høve til å bli kjend med andre studentar og til å komme på plass før det for alvor brakar laus. Vi anbefaler alle til å delta på dei siste dagane i kurset, sidan undervisninga i matematikkemna vil starte rett på sak i første forelesing. Sjå meir informasjon om oppfriskingskurset i matematikk på uib.no/math.
det første semesteret. Mottaksklassen din er i regelen sett saman av studentar som du vil møte igjen i undervisninga utover i semesteret. Fordelinga blir gjort på bakgrunn av dei tilbakemeldingane du gir i påmeldinga til undervisninga. Påmeldinga gjer du på nettsida igang.uib.no. I semesterstarten er fokuset retta mot å skape eit godt sosialt miljø og å bli kjend med universitetet!
I studiestartveka bør du vere innstilt på lange dagar for å få eit optimalt utbyte. Det vil bli mange inntrykk å ta inn og mykje informasjon å fange opp. Bruk gjerne litt tid før semesterstarten til å lese dette heftet og kikke på nettstaden uib.no. I studiestarten vil du bli kjend med mange studentar. Fakultetet tek imot ca. 850 nye studentar, og kring 100 av dei er internasjonale studentar.
Mottak i klasser Ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet blir dei fleste nye studentane tekne imot i klassar på 20–30 personar. Dette gjer vi for å sikre eit best mogleg læringsmiljø i
6
Velkomstmøtet finn stad i Salem konferansesenter, som ligg i gatekrysset Sigurds gate 6 og Neumanns gate 21 midt i Bergen sentrum. Sjå midtsidene for kart.
Oppmøteplan for den første veka NÅR
4.–8. august
KVA
Måndag 11.8 Kl. 08.30
Tysdag 12.8
Onsdag 13.8
Velkomstmøte for realfag
Salem Konferansesenter
Kl. 10.00–15.00
Mottak i klassar
Ulike rom
Kl. 15.00
Første møte med faddergruppa
Realfagbygget, U.et.
Kl. 09.00–12.00
Mottak i klassar
Ulike rom
Kl. 12.00–13.30
Studenttorg
Studentsenteret
Kl. 14.00–15.00
UiB Velkomstseremoni
Nygårdsparken
Kl. 09.00–10.00
Hjelp til semesterregistrering
Pc-stove (datalab 1001) Realfagbygget
Kl. 10.15–11.00
Oppstartsmøte i MAT101
Realfagbygget, Aud 1
Kl. 11.15–12.00
Oppstartsmøte i MAT111
Realfagbygget, Aud 1
Kl. 13.00–15.00
Velkomst på studieprogrammet
Stad vil bli annonsert
Hjelp til semesterregistrering
PC-stove (Datalab 1001) Realfagbygget Realfagbygget, Aud 1
Torsdag 14.8 Kl. 10.00–12.00
Fredag 16.8
KVAR
Oppfriskingskurs i matematikk. Kurset er tilrådd for alle nye studentar
Kl. 12.15–14.00 eller kl. 14.15–16.00
Forelesing i ex.phil.
Kl. 10.00–12.00
Hjelp til semesterregistrering
Kl. 10.00
HMS-kurs i KJEM110, obligatorisk oppmøte
PC-stove (Datalab 1001) Realfagbygget Realfagbygget, Aud 1
7
Måndag 11. august 08.30 Velkomst for dei nye realfagsstudentane i Salem konferansesenter. Leiinga ved fakultetet ønsker velkommen. Det blir gitt informasjon om klassemottaket og kvar din klasse skal vere. 10.00–15.00 Klassemottak i Realfagbygget og andre bygg i nærleiken. I klassen vert timeplanar for hausten presentert, og det blir gitt informasjon om datasystem, bruk av lesesalar, bibliotek og undervisningsrom. Tema som blir diskutert er mellom anna: Kva blir forventa av deg som student? Kva må gjerast denne veka, og kva kan du vente med å tenke på? Studentar som deltek i klassemottaket får ein forhåndsoppsatt timeplan for semesteret
Tysdag 12. august Tysdag 12. august blir ein hendingsrik dag for alle nye og gamle studentar, for då blir den offisielle opninga av det akademiske året ved Universitetet i Bergen arrangert. Det blir ein dag med liv og røre, med taler, underhaldning og med sal av god mat.
8
Programmet denne dagen speglar det mangfaldige studentlivet og gir deg innsyn i kva aktivitetar som finst. 09.00–12.00 Mottaket i klassar held fram. Klassen skal blant anna jobbe med arbeidsplan og sjå nærare på effektiv læring. Utfordringar knytte til tidsplanlegging skal også diskuterast.
12.00–13.30 Studenttorg i Studentsenteret Her finn du rundt 100 studentorganisasjonar – alt frå politiske og idealistiske organisasjonar til kor, korps, idrettslag og studentmedia. Her har du ein eineståande sjanse til å finne ut kva du vil drive med på fritida. Ikkje nøl med å ta kontakt!
14.00–15.00 Velkomstseremoni i Nygårdsparken Rektor Dag Rune Olsen vil ønske velkommen. Leiar av Studentparlamentet vil sei nokre ord, og vi vil overraske med gjestetaler. Det vil også vere ei velkomsthelsing frå Bergen, og musikkinnslag. Velkomstseremonien blir arrangert i Nygårdsparken, rett ved Studentsenteret. For meir og oppdaterte detaljar, sjå uib.no/ utdanning når det nærmar seg.
Onsdag 13. august
Torsdag 14. august
09.00–10.00 Treng du litt hjelp med Studentweb eller brukarkontoen? Møt gjerne opp på Datalab 1001 i Realfagbygget 1. et. Her vil det vere personar du kan spørre dersom du står fast.
10.00–12.00 Treng du litt hjelp med StudentWeb eller brukarkontoen? Møt gjerne opp på Datalab 1001 i 1. et. i Realfagbygget. Her vil det vere personar du kan spørje dersom du står fast.
10.15–12.00 Oppstart av matematikkundervisninga MAT101, kl. 10.15–11.00 MAT111, kl. 11.15–12.00
12.15–16.00 Oppstart av undervisninga i ex.phil. Kl. 12.15–14.00 alternativ 1 Kl. 14.15–16.00 alternativ 2
På den første forelesinga vil det bli gitt informasjon om pensum, forelesingsplanen for semesteret, undervisningstilbodet med ulike grupper, krav og forventingar til studentane samt gjennomgang av nokre matematikkoppgåver.
Fyrste forelesing med meir informasjon om pensum, forelesingsplanen for semesteret, seminargruppene, bibliotekskurs, krav og forventingar til studentane.
13.00–15.00 Velkomstmøte på bachelorprogrammet. Her vil du møte dei fagleg ansvarlege for bachelorprogrammet/det integrerte masterprogrammet og få ein gjennomgang av studiet. Ulike program vil ha ulike opplegg, som kan variere frå forelesingar til laboratoriearbeid. Det er obligatorisk oppmøte på velkomstmøtet til studieprogrammet for alle studentar. Det gjeld også om du har høgare utdanning frå før og ikkje deltek i klassemottaket.
10
Kva for klokkeslett du skal møte opp får du vite når din timeplan blir presentert i klassen på måndag 11. august.
Fredag 15. august 10.00–12.00 Treng du litt hjelp med StudentWeb eller brukarkontoen? Møt gjerne opp på Datalab 1001 i Realfagbygget 1. et. Her vil det vere personar du kan spørje dersom du står fast. 10.00–15.00 Skal du ta KJEM110 må du delta på HMS-kurs heile fredagen. Sjå meir informasjon på uib.no/kj.
Måndag 18. august Realistutvalget arrangerer: 16.00 Presentasjon av studentorganisasjonane ved fakultetet. 17.00 Bruktboksalg! Kanskje du er heldig og kjøper bøkene dine for ein rimelig penge?
11
2. DITT FØRSTE SEMESTER Fritak for emne Har du emne/utdanning frå andre lærestader, kan du få fritak for emne i ein bachelorgrad hjå oss. Du må då sende inn ein søknad om å få emna godkjende/innpassa i det studieprogrammet du har søkt opptak til. Behandlinga av søknader om godkjenning er ein tidkrevjande prosess. Har du ikkje søkt endå, bør du sende inn ein søknad om innpassing snarast. Søknadsskjema finn du på nettstaden ’UiB og meg’ (uib.no/ studentinfo). Dersom du ikkje har fått svar på søknaden innan semesterstart, må du snakke med ein studierettleiar (sjå lista over kontaktpersonar lenger bak) for å få råd om kva emne du bør velje i haust.
Berre ex.phil.? Dersom du har teke eksamen i ex.phil. tidlegare, treng du ikkje søke om innpassing, men du må registrere emnet ved Informasjonssenteret ved fakultetet.
12
Usikker på emneval? Klassemottaket er retta mot dei nye studentane som ikkje har anna høgare utdanning. Dersom du skal gjere avvikande val i ditt første semester, må du sjølv bruke tid på å finne gode kombinasjonar av emne. Meir om dei ulike emna finn du på uib.no. Nokre av emna har kapasitetsgrense. Dei som tek ordinære førstesemesteremne er garantert plass på sine emne. Vel du andre emne må du kanskje konkurrere om plassen. Du må du vere klar over fristen for oppmelding til undervisninga er ved midnatt 14. august. Du melder deg på via StudentWeb.
Årsstudium i naturvitskaplege fag Opptak til årsstudium i naturvitskaplege fag gir deg studierett i eitt år. Du vel sjølv kva for emne du vil studere, og planlegg korleis du vil studere. Alle realfagsemne på lågare grad er på 10 studiepoeng. Ein fulltidsstudent tek eksamen i tre emne kvart semester
(30 studiepoeng). Bruk gjerne tida fram mot semesterstart til å kikke på emneoversikta vår på uib.no/matnat. NB! Det er ikkje alltid kapasitet til alle studentane som ønsker å ta eit spesielt emne. Studentar som er tekne opp til eit bachelorprogram, går føre andre på emne som er obligatoriske på programmet. Merk deg at du sjølv må passe på å velje emne der undervisning og eksamen ikkje kolliderer.
Orienteringsmøte med rettleiartorg Det blir eit eige orienteringsmøte i Auditorium 1, Realfagbygget, måndag 11. august kl. 10.00 for dei som ikkje deltek i klassemottaket. Etter møtet er det eit rettleiartorg med rettleiarar frå alle fagområda på fakultetet. Resten av veka er dei opptatt med å ta i mot andre studentgrupper (masterstudentar og internasjonale studentar), så nytt dette høve for å stille dine spørsmål.
Lektorutdanning i naturvitenskap eller matematikk Studentar på lektorutdanning i naturvitenskap eller matematikk er pliktige til å levere politiattest. Politiattesten skal
ikkje vere eldre enn tre månader. Etter at du har takka ja til studieplass, søker du elektronisk på politi.no. Er du folkeregistrert i Oslo, Akershus, Østfold, Oppland eller Hedmark må søke på papirskjema lokalt. Kopi av tilbodsbrevet om studieplass du fekk ifrå Samordna opptak, må leggast ved. Behandlingstida hos politiet er inntil 14 dager frå søknaden er motteken. Innlevering gjer du i infosenteret for realfagsstudenter innan 15. august.
13
3. PRAKTISK INFORMASJON Det er eit tett program den første veka på universitetet, og det er mykje å hugse på. Derfor har vi laga ei oversikt over kva du må gjere og i kva rekkefølge:
1. Betale semesteravgift
2. Stadfeste utdanningsplanen på StudentWeb Kvart semester må du stadfeste utdanningsplanen din på studentweb.uib.no. Dette kan gjerast frå måndag 11. august.
Alle som skal studere ved UiB må betale semesteravgift til Studentsamskipnaden i Bergen (SiB). Vi anbefaler deg å betale så tidleg som mogleg, og helst før studiestart, for å unngå forseinking. Du må sjølv hente ut nødvendig betalingsinformasjon frå StudentWeb og betale avgifta innan 1. september.
Når du loggar deg inn på StudentWeb, skal du: • melde deg til undervisning og vurdering • stadfeste at utdanningsplanen din er riktig for dette semesteret • finne betalingsopplysingar slik at du kan betale semesteravgifta, dersom du ikkje alt har gjort dette • registrere adressa di
For å logge deg på studentweb.uib.no treng du fødselsnummeret ditt og din personlege pin-kode. Pin-koda finn du i brevet frå UiB med tilbod om studieplass. Dersom du ikkje har motteke pin-kode, kan du enten kontakte informasjonssenteret på fakultetet ditt eller gå på studentweb og gje ditt fødselsnummer og be om å få koden på e-post.
Fristen er 1. september 2014.
Vel ’Betaling’ på StudentWeb for å få fram nødvendig betalingsinformasjon som KID, kontonummer og beløp, og betal avgifta via nettbank. På StudentWeb finn du også studentnummeret ditt, som du treng for å opprette ein brukarkonto.
14
Til deg som har søkt lån og stipend i Lånekassen: utbetaling blir ikkje gjort før du har betalt semesteravgifta og stadfesta utdanningsplanen.
Semesterkvittering og oblat Når du har betalt semesteravgifta og stadfesta utdanningsplanen på StudentWeb, vil du få tilsendt ei semesterkvittering i posten. På denne kvitteringa finn du oblatet ditt som skal limast på studentkortet for at det skal vere gyldig. Det er viktig at du registrerer adressa di i StudentWeb og sørger for at du har namn på postkassa di. På semesterkvitteringa finn du også
studentnummeret ditt, som du vil få bruk for i mange samanhengar som student. På nettsida ’UiB og meg’ (uib.no/studentinfo) finn du informasjon om kva du skal gjere om du ikkje har fått semesterkortet innan ti dagar etter at du har betalt semesteravgifta og stadfesta utdanningsplanen.
3. Opprette brukarkonto Når du har teke imot tilbodet om studieplass og stadfesta utdanningsplanen din på StudentWeb, må du opprette ein brukarkonto. Det gjer du ved å gå inn på sebra.uib.no og følge instruksjonane der. For å opprette brukarkonto treng du: • fødselsnummer • studentnummer (frå StudentWeb) • Pin-koden Brukarkontoen gir deg: • tilgang til personlege sider (Mi side) • eiga e-postadresse • tilgang til pc-stover og utskriftsog kopieringstenester • tilgang til UiB sitt nett frå eigen pc • personleg lagringsområde på nett, med backup etter UiB sine backup-rutinar Merk deg at det kan ta inntil ein time frå du har stadfesta utdanningsplanen din til du kan opprette brukarkonto.
4. Ta i bruk nettsida Mi side Miside.uib.no er ei personleg nettside med samla tilgang til kalender med timeplaninformasjon, litteraturliste, emneinformasjon, meldingsteneste, personleg fillager og diskusjonsgrupper. Mykje av den faglege og administrative informasjonen blir formidla via Mi Side, og UiB forventar at du tek denne tenesta i bruk.
5. Skaffe deg studentkort Alle studentar må ha eit studentkort. Studentkortet fungerer som: • identitetskort • nøkkelkort • lånekort ved Universitetsbiblioteket • inngangskort til SiB sine treningssenter • betalingskort ved utskrift og kopiering Fotografering og henting gjerast på Kortsenteret på Studentsenteret. Merk at du må vise gyldig legitimasjon ved fotografering. Du må ha stadfesta utdanningsplanen og oppretta brukarkonto seinast dagen før du kan hente kortet. Kortsenteret har utvida opningstider i veke 33–35, kl. 09.00–15.00. Tips! Lær brukarnamnet og passordet ditt utanåt.
15
4. INFORMASJONS- OG RETTLEIINGSTENESTER Infosenteret for realfagsstudenter I Infosenteret finn du skranke og rettleiingskontor. Til skranken kan du komme med små og store spørsmål, for vi i skranken er der for å hjelpe deg med å finne fram i kvardagen som student! Studierettleiarane på studieprogramma gir rettleiing i Infosenteret på faste vekedagar. Du bestiller rettleiingstime i skranken. Infosenteret for realfagsstudentar Realfagbygget, Allégaten 41.
Kontaktpersonar på studieprogramma Vi gjer merksam på at ferieavviklinga kan gjere det vanskeleg å komme i kontakt med nokre av studiekonsulentane våre i slutten av juli. Frå og med 4. august skal alle vere tilbake. Aktuarfag Kristine Lysnes studiekonsulent på Matematisk institutt tlf. 55 58 28 34
Berekraftig havbruk
Infosenteret ligg i underetasjen i Realfagbygget, rett ved hovudinngangen.
Tommy Strand studiekonsulent på Institutt for biologi tlf. 55 58 44 09
Opningstid: måndag til fredag: 09.00–15.00
Biologi
E-post: studierettleiar@mnfa.uib.no Rettleiingstelefon: 55 58 30 30
Beate Ulrikke Rensvik studiekonsulent på Institutt for biologi tlf. 55 58 22 41
Datateknologi Mari Garaas Løchen studiekonsulent på Institutt for informatikk tlf. 55 58 40 25
16
Datavitskap
Kjemi
Mari Garaas Løchen studiekonsulent på Institutt for informatikk tlf. 55 58 40 25
Guro Kristin Øvsthus studiekonsulent på Kjemisk institutt tlf. 55 58 34 45
Fiskehelse
Matematikk
Tommy Strand studiekonsulent på Institutt for biologi tlf. 55 58 44 09
Kristine Lysnes studiekonsulent på Matematisk institutt tlf. 55 58 28 34
Fysikk
Matematikk for industri og teknologi
Irlin Nyland studiekonsulent på Institutt for fysikk og teknologi. tlf. 55 58 27 66
Kristine Lysnes studiekonsulent på Matematisk institutt tlf. 55 58 28 34
Geovitskap (geologi og geofysikk)
Elin Sletbakk studiekonsulent på Geofysisk institutt tlf. 55 58 28 93
Kaia Nepstad studiekonsulent på Institutt for geovitskap tlf. 55 58 35 19
Informatikk-matematikk-økonomi (IMØ) Mari Garaas Løchen studiekonsulent på Institutt for informatikk tlf. 55 58 40 25
Integrert lektorutdanning med master i naturvitskap eller matematikk Marianne Jensen koordinator for lærarutdanninga tlf. 55 58 28 41
Meteorologi og oseanografi
Miljø- og ressursfag Beate Ulrikke Rensvik studiekonsulent på Institutt for biologi tlf. 55 58 22 41
Molekylærbiologi Gunhild Brubakken studiekonsulent på Molekylærbiologisk institutt. tlf. 55 58 45 29
17
Nanoteknologi Hege Ommedal koordinator på Kjemisk institutt tlf. 55 58 34 46
Petroleum- og prosessteknologi Terje Finnekås studiekonsulent på Institutt for fysikk og teknologi tlf. 55 58 28 64 Statistikk Kristine Lysnes studiekonsulent på Matematisk institutt tlf. 55 58 28 34
‘UiB og meg’ Vi anbefaler deg å gjøre deg kjent med innhaldet på sida ’UiB og meg’ som du finn på uib.no/studentinfo. Her har vi samla lenkjer til ei mengde med informasjon og skjema som du har bruk for som student. Har du til dømes spørsmål om betaling av semesteravgift, semesterkort, studentkort, karakterutskrift eller tilrettelegging til eksamen, så er ’UiB og meg’ ein lur stad å leite.
Uib.no/utdanning På nettsida uib.no/utdanning finn du blant anna oversikter over fagtilbod, studieplanar, delstudium i utlandet og rettleiings- og velferdstenester.
Studentsamskipnaden i Bergen Studentlivet er meir enn studia, difor finst Studentsamskipnaden. Når du har betalt semesteravgifta til SiB, kan du nytte alle SiB sine tilbod. SiB gir deg positive kvardagsopplevingar! På Studentsenteret har vi samla dei fleste av SiB sine tilbod under eitt tak:
SiB Rådgivning Her får du individuelle råd og rettleiingstimar, og tilbod om ei rekkje spennande og nyttige kurs i blant anna eksamensmeistring, å ta ordet eller stressmeistring, heilt gratis. Ta kontakt på radgivning@sib.no
SiB Psykiske Helseteneste (SPH) Gratis psykologtilbod til studentar. Kort ventetid. Besøk oss på Studentsenteret eller bestill time på telefon 55 54 51 45.
Refusjon av legeutgifter SiB refunderer dine helseutgifter når dei overstig 550 kr i løpet av eit år. Dersom du
19
har utgifter til lege, fysoiterapeut, transport eller tannskader kan du gå til sib.no/helse, der du finn søknadsskjema og informasjon om kvar du får pengane tilbake.
Legene på Høyden
Senteret hjelper deg òg med CV, jobbsøknader, intervjutrening og tips om arbeidsmarknaden. Karrieresenteret driv traineeprogrammet Trainee vest, som kvar vår lyser ut traineestillingar.
På Vektertorget i Christies gate 13, finn du eit eige legetilbod for studentar. Tenesten er eit fastlegetilbod, men tilbyr også akutt-timar for studentar som ikkje har fastlegen sin i Bergen. Sjå sib.no/no/helse/lege for meir informasjon.
SiB Bustad
SiB Tannhelseteneste
Les meir om tilboda på sib.no.
Studentane har ei eiga tannhelseteneste på Årstad. Her får du tannundersøkingar og tannbehandling til prisar på linje med offentlege satsar. Telefon: 55 20 64 58/59.
Helsestasjon SiB og Engen Helsestasjon samarbeider om å gi eit gratis helsetilbod med fokus på studentar si seksuelle helse. På Engen Helsestasjon får du gratis reseptar og kondom, test av kjønnssjukdommar og råd om sex og samliv. Ope måndag, tysdag og onsdag 15.30–18.00. Inga timebestilling, trekk kølapp når du kjem.
Karrieresenteret Lurer du på kva du skal bruke utdanninga di til? Kom gjerne på Karrieresenteret tidleg i studia og drøft det med ein karriererettleiar.
20
SiB har over 4000 hybeleiningar med ulike fasilitetar. Vi har ein bustad for deg enten du ønsker å bu aleine, dele kjøkken, dele bad, bu med eller utan barn eller bu i kollektiv. Søk om bustad hos oss via sib.no/bolig.
Studentprestane Når livet blir for stort eller for lite Treng du ein å dele tankane dine med, har studentprestane tid. Du bestemmer kva vi skal snakke om. Vårt tilbod er for alle studentar uavhengig av livssyn. Studentprestane er tilsette av Den norske kyrkja. Adresse: Studentsenteret, Parkveien 1 Kontakt: Kan treffast etter avtale Telefon: 55 58 47 14, Inge Høyland 55 58 94 45, Marie Grindheim E-post: inge.hoyland@prest.uib.no marie.grindheim@prest.uib.no Nettside: studentprest.no
5. IKT-TENESTER Brukarstøtte På nettsida ’UiB og meg’ (uib.no/ studentinfo) finn du oversikt over pc-stover, brukarrettleiing for oppkopling av eigen pc, oversikt over tilrådd utstyr og annan nyttig brukarinformasjon. Vi rår deg til å gjere deg kjend med innhaldet på desse sidene. IT-avdelinga har eige Facebook side. Her kan du mellom anna få melding om IKTdriftsavvik og lignande (facebook.com/ itavduib).
IT-assistentar UiB har IT-assistentar som gir generell hjelp og brukarstøtte til studentar, hovudsakleg på UiB sine tenester. IT-asistentane har arbeidsplass rett ved pc-stovane i Realfagsbygget og Høgteknologisenteret. Dei er tilgjengelege kl. 08.00–18.00.
Eiga e-postadresse Når du har oppretta ein brukarkonto, får du automatisk ei eiga, personleg tilpassa e-postadresse; vanlegvis namn.etternamn@ student.uib.no. Det er denne e-postadressa UiB bruker for å sende ut e-post til deg personleg.
22
På Webmail (webmail.uib.no) kan du lese og sende e-post frå ein vanleg nettlesar. Webmail har god lagringskapasitet i tillegg til spam- og viruskontroll. Ein del av e-posten du får frå UiB, inneheld store vedlegg med forelesingsnotat, tekstar og artiklar osv. Hugs å lese e-posten din dagleg!
Oppkopling til UiB frå eigen pc Alle som har ein brukarkonto, kan kople seg opp mot UiB heimefrå. I tillegg kan du bruke din eigen berbare pc på universitetsområdet og kople deg til UiB sitt nett, anten i trådlause soner eller på faste punkt plasserte rundt om på universitetsområdet. På UiB sine serverar har du òg ditt eige heimeområde. Vi anbefaler deg å ta dette i bruk for lagring av dokument og filer. Dersom du ønskjer å ta i bruk desse tenestene, kan du finne meir informasjon om dette på nettsida ’UiB og meg’. Studentbustadene til Studentsamskipnaden i Bergen har gratis oppkopling til UiB. Sjå sib.no/no/bolig/beboer/internet for meir informasjon.
Skal du bruke eigen pc, må du sjå til at han er fri for virus. Maskiner som er virusinfiserte, blir utestengde frå UiB sitt nettverk. På internett kan ein laste ned virusvern gratis frå kjende leverandørar. IT-assistentane kan rettleie ved installasjon av virusvern og oppkopling mot UiB sine tenester, men gir ikkje generell brukarstøtte på private maskiner. Du finn IT-assistentane på nettsida ’UiB og meg’.
Pc-stover Pc-stover er arbeidsplassar for studentar. Her finn du stasjonære maskiner drifta av UiB. Ved pålogging med brukarkonto får du tilgang til eige heimeområde for lagring på UiB-serverar. Fakultet har følgande pc-stover: • 4 pc-stover i 1. etasje på Realfagbygget • 4 pc-stover i 1. etasje i datablokka på Høgteknologisenteret (HIB). Realfagbygget og HIB er opne frå 08.00 til 20.00. I tidsrommet kl. 16–20 må du nytte nøkkelkort og pin-kode for å kome inn.
Surfe-pc-ar Fakultetet har pc-ar som er meint for oppslag på uib.no, stadfesting av utdanningsplan, e-post og anna informasjonshenting på UiB sine nettsider. Her kan du ikkje skrive ut dokument. Desse maskinene krev ikkje pålogging. Du finn surfe-pc-ar i Infosenteret, 1. etasje i Realfagbygget og i Auditoriefløyen.
Utskrift, kopiering og skanning Pullprint er ei betalingsbasert teneste der du betaler for kvar kopi eller utskrift. Det er gratis å skanne sider og få dette sendt som ei fil til eiga e-postadresse. For å få tilgang til tenesta må du ha ein brukarkonto og gyldig studentkort, som fungerer som betalingskort. I tillegg må du fylle pengar på utskriftskontoen via ei webteneste der du kan betale med kredittkort (Visa/ Mastercard). Ver merksam på at det kan ta opptil ei veke før du kan ta tenesta i bruk, etter du har oppretta brukarkonto og skaffa deg studentkort. Les meir på nettsida ‘UiB og meg’.
23
6. FAGLITTERATUR Universitetsbiblioteket
Bibliotek for realfag
Universitetsbiblioteket (UB) er eit moderne læringssenter, og er ein del av det faglege og pedagogiske tilbodet ved UiB. UB har bibliotekavdelingar ved alle fakulteta.
Adresse: Johannes Bruns gt. 12 Opningstid i semesteret: Måndag–fredag: kl. 08.00–19.00 Tysdag: kl. 09.00–19.00
Biblioteket tilbyr • arbeidsplassar med Internett • tilgang til store boksamlingar • tilgang til elektroniske tidsskrift, oppslagsverk og annan faglitteratur på nettet • kurs og rettleiing i informasjonssøking og støtte til oppgåveskriving
Fagbokhandel
Det meste av det som finst av både trykt og elektronisk materiale ved UB, kan du søkje fram via UB sin elektroniske katalog. Studentkortet fungerer òg som lånekort ved UB. Bruk det aktivt! Du er velkommen som lånar ved UB. Bli betre kjend med UB gjennom våre informasjonsfilmar «UB – din kilde til informasjon» og «Et plagieringseventyr», sjå uib.no/ub.
24
Studia er ei fagbokhandel der du finn pensumbøker og alt du treng til studia. Studia sitt hovudutsal er på Studentsenteret.
8. FADDERORDNINGA Sjølv om fadderveka ikkje tek til før i august, har ei stor gruppe studentar brukt heile våren på å planlegge eit program spekka med arrangement og opplevingar som skal gi deg ein introduksjon til det å vere student i Bergen. Målet med fadderveka er at du skal bli kjend med dine nye medstudentar, med Bergen som studieby, universitetet og alt det
spennande du kan engasjere deg i på fritida. Fadderveka er lagd opp slik at ho skal gi deg ein smakebit på det store spekteret av tilbod som finst for studentar. Fadderprogramma for dei ulike fakulteta finn du på våre nettsider uib.no/utdanning. Vi ønsker deg ein god start på studietida!
Fadderleiarane ved UiB og dei andre utdanningsinstitusjonane i Bergen har i lang tid planlagt fadderveka Bak: Sandra Louise Mæland (Haraldsplass), Mai-Linn Blålid (NLA), André Skoog (Det psykologiske fakultet), Knut André Flate Vikås (HiB), Preben Sangolt (Det matematisk-naturvitenskaplige fakultet), Helga Grønlund Hodne (Det juridiske fakultet), Jacob Lade Stenvaag (NHH). Foran: Trude Emilie Særvoll (Haraldsplass), Marie Topaas Storm (Det samfunnsvitskaplege fakultet), Lillian Paulsen (NLA), Ingrid Sørbø Wahlstrøm (Det medisinsk-odontologiske fakultet)
26
9. DET FØRSTE SEMESTERET VED UiB 11.–15. august: Oppstartveke
1. september
• Bli kjend med medstudentar, studieprogram og Universitetet i Bergen • Få på plass alle formalitetane
Siste frist for registrering og oppmelding til eksamen. Men dette bør du allereie ha gjort i oppstartsveka.
Noko undervisning startar.
13.–16. oktober: PÅ VEI
Kort sagt: Legg grunnlaget for eit vellykka studium!
Denne veka gir deg høve til å planlegge studiet ditt vidare. Du skal blant anna sette opp din eigen studie- og karriereplan og delta på eit programmøte for ditt studieprogram der fagtilbodet for vårsemesteret blir presentert. Tidligare studentar kommer for å presentert yrkesmoglegheiter som studia leier fram mot.
Startar du på eit bachelorprogram, bør du ikkje bruke tid på langsiktige studieplanar dei første vekene. Det tek vi opp under PÅ VEI-veka i oktober. Då kan du i ro og mak sette deg inn i andre studieprogram og eventuelle fag du vil velje inn i fagkrinsen. Det er fullt mogleg å skifte program etter nyttår dersom det er ledige plassar!
18. august Undervisninga startar for fullt. Førebu deg og delta aktivt frå første stund − det er lett å kome på etterskot. Eit vellykka fulltidsstudium krev at du bruker minst 40 timar per veke til studia.
28
Du kan delta på Internasjonal dag for å få vite meir om delstudium i utlandet. Målet er at du under PÅ VEI skal legge opp din eigen langsiktige studieplan.
Desember Eksamenstid Juleferie! Han kjem før du anar! Ta deg ein velfortent pust i bakken og lad opp til vårsemesteret.
12. januar 2015 Oppstart av vårsemesteret 2015. Timeplanane for dei enkelte emna vert publisert 1. desember 2014.
Veke 3: Internasjonal veke Vi set igjen fokus på delstudiar i utlandet. Kvifor bør du ta deler av studiet ditt ein annen stad? Kom og høyr på erfaringane til dei studentane som har vore utanlands.
29
Romoversikt realfagsbygget 1. etg
10. ROMOVERSIKT REALFAGBYGGET, U.ET. Hovedinngang
Infosenteret Auditorium 2
Lesesal
Romoversikt Auditorium 1
realfagsbygget 1. etg Seminarrom 1
Hovedinngang Infosenteret Aud. 3 Auditorium 2
Lesesal Møterom 1 Grupperom 1 – 6
Auditorium 1
Seminarrom 1
Ikonenes betydning: Inngang Aud. 3
Dør
Møterom 1 Grupperom 1 – 6
Heis Ikonenes betydning: Inngang
Trapp
Dør
WC Damer
Heis
WC Herrer
Trapp WC Damer WC Herrer
Page 1
Page 1 30
UTGJEVAR: Studieadministrativ avdeling, Universitetet i Bergen GRAFISK DESIGN: Kommunikasjonsavdelingen, Universitetet i Bergen FOTO: Emil Breistein (forside, s. 25) • iStockphoto (s. 5, 27) • Forum scene (s. 6) • Tourist Photo/Willy Haraldsen (s. 9) • Paul S. Amundsen (s. 13, 18, 27) • Sandra Ječmenica (s. 21, 27) • Mona Maria Løberg (s. 26) • Paul-Erik Rosenbaum (s. 27) • Marius E. Hauge (s. 27) • Thor Brødreskift (s. 27) • Endre Hilleren (s. 27) • colourbox.no (s. 27) TRYKK: Bodoni AS, Bergen OPPLAG: 1500 PAPIR: G-Print (115 g/250 g)
Hubrougla er symbolet som er brukt i UiB-logoen. Ugla har fr책 gammal tid betydd klokskap og kunnskap. Bergen museum har brukt hubroen som symbol heilt sidan 1830-책ra. D책 UiB blei skipa i 1946, blei ugla adoptert og har sidan vore ein del av universitetets logo.
uib.no