STUDIESTART
DET PSYKOLOGISKE FAKULTET UNIVERSITETET I BERGEN
HAUSTEN
2014
Velkomen Velkomen til Universitetet i Bergen. Vi er glade for at du har valt å studere hos oss! Dette informasjonsheftet fortel deg om ein del av dei praktiske gjeremåla du må gjennom den første tida som student. Vi håpar vi kan gi deg ein god start på studia ved UiB på ein praktisk, sosial og fagleg måte.
Lykke til!
INNHALD Sjekkliste 4 1. Program for studiestartveka
6
Oversikt over orienteringsmøte for studieprogram . . . 7
2. Ditt første semester
12
Informasjon om emne . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 14
3. Praktisk informasjon
16
1. Betale semesteravgift. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 16 2. Stadfeste utdanningsplanen på StudentWeb. . . . . . 16 3. Opprette brukarkonto. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 17 4. Ta i bruk nettsida Mi side. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 17 5. Skaffe deg studentkort . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 17
4. Informasjons- og rettleiingstenester
18
Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet.18 ’UiB og meg’. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 18 uib.no/utdanning. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 18 Studentsamskipnaden i Bergen. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 18 Studentprestane. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 21
5. IKT-tenester
22
Brukarstøtte. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 22 Eiga e-postadresse. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 22 Pc-stover . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 23 Universitetsbiblioteket. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 24 Fagbokhandel. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 24
6. Faglitteratur
24
7. Fadderordninga
26
SJEKKLISTE Før studiestart: takke ja til studieplassen, svare Samordna opptak innan 26. juli svare innan 3. august på elektronisk spørjeskjema om tilrettelegging av førstesemesterstudiet ditt som du får tilsendt på e-post notere deg den tilsende pin-koden og hente ut studentnummeret frå StudentWeb hente ut betalingsinformasjonen frå StudentWeb og betale semesteravgift til Studentsamskipnaden i Bergen (SiB). Hugs å fylle inn KID-nummer. søke om studielån bli kjend med uib.no
Ved studiestart: delta på orienteringsmøte for fakultetet på Salem konferansesenter måndag 11. august stadfeste utdanningsplanen din på studentweb.uib.no opprette brukarkonto på sebra.uib.no delta på velkomstseremonien i Nygårdsparken og bli kjend med studentorganisasjonane på Studentsenteret tysdag 12. august hente studentkortet ditt på kortsenteret på Studentsenteret logge deg inn på Mi side ta med deg denne brosjyren når du møter til studiestart!
4
1. PROGRAM FOR STUDIESTARTVEKA Måndag 11. august 12.00–12.40 Velkomst og orienteringsmøte for alle nye studentar ved Det psykologiske fakultet og orientering om ex.phil. Stad: Salem Konferansesenter, Sigurds gate 6/Neumanns gate 21 12.40 Bachelorstudentar i pedagogikk, folkehelse og helsefremmande arbeid, generell psykologi og arbeids- og organisasjonspsykologi forlèt salen og går til sine orienteringsmøte (sjå tabell side 7). Årsstudentar i psykologi blir i salen. 12.40–13.30 Orienteringsmøtet held fram for årsstudiet i psykologi. Her blir det orientert om mellom anna ex.phil. og ex.fac. Du får praktisk informasjon om korleis undervisninga er organisert, tider, stader og litteratur, og du blir plassert i ei faddergruppe.
6
13.00–13.45 Orienteringsmøte for bachelorprogramma, sjå stad i tabell på side 7. På orienteringsmøtet vil faglærarar og studierettleiar fortelje deg om korleis programmet er bygd opp, og kva for emne som inngår i graden.
Oversikt over orienteringsmøte for studieprogram NB. Alle nye studentar møter først på Salem Konferansesenter, måndag 11. august kl. 12.00. Deretter har dei ulike programma sine orienteringsmøte, sjå tabell under. STUDIUM
DATO
TID
Bachelorprogram i arbeidsog organisasjonspsykologi
STAD
Måndag 11. august
13.00–13.45 Christies gate 12, aud. 118
Bachelorprogram i generell psykologi
Måndag 11. august
13.00–13.45 Christies gate 12, aud. 130
Bachelorprogram i pedagogikk
Måndag 11. august
13.00–13.45 Christies gate 12, rom 135
Bachelorprogram i folkehelse og helsefremmande arbeid
Måndag 11. august
13.00–13.45 Christies gate 12, rom 111
Årsstudium i psykologi
Måndag 11. august
12.00–13.30
Salem Konferansesenter, Sigurds gate 6/Neumanns gate 21
På uib.no finn du alltid timeplan og litteraturliste for det enkelte emne. Bruk søkefeltet og skriv inn emnekoden, t.d. PSYK100 eller EXPHIL-PSSEM l
Velkomst og felles orienteringsmøte 11. august finn stad på Salem Konferansesenter (bildet) i Sigurds gate 6/Neumanns gate 21. Sjå midtsidene for kart.
7
Tysdag 12. august 09.00–13.30 Studenttorg i Studentsenteret Her finn du rundt 100 studentorganisasjonar – alt frå politiske og idealistiske organisasjonar til kor, korps, idrettslag og studentmedia. Her har du ein eineståande sjanse til å finne ut kva du vil drive med på fritida. Ikkje nøl med å ta kontakt! 10.00–13.30 Hjelp med semesterregistrering i pc-sal for den enkelte faddergruppe. 30 minutt per gruppe. Sjekk tid og stad med din fadderleiar. 14.00–15.00 Velkomstseremoni i Nygårdsparken Rektor Dag Rune Olsen vil ønske velkommen. Leiar av Studentparlamentet vil sei nokre ord, og vi vil overraske med gjestetaler. Det vil også vere ei velkomsthelsing frå Bergen, og musikkinnslag. Velkomstseremonien blir arrangert i Nygårdsparken, rett ved Studentsenteret. For meir og oppdaterte detaljar, sjå uib.no/ utdanning når det nærmar seg.
8
15.30–17.00 Hjelp med semesterregistrering i pc-sal for den enkelte faddergruppe. 30 minutt per gruppe. Sjekk tid og stad med din fadderleiar.
Onsdag 13. august
10.30–11.45 «God start» Eit nyttig kurs med råd om studieteknikk, startvanskar og karrieretips til deg som er ny student. Stad: Auditoriet («Egget») i Studentsenteret. 12.15–15.00 Kva skjer på fakultetet? Her får du smakebitar på den aktiviteten som går føre seg på dei ulike institutta i form av korte faglege foredrag. Stad: Auditorium 130 i Christies gate 12 (Bjørn Christiansens hus).
Fredag 15. august
Årsstudium i psykologi
Første ex.phil.-forelesing, lunsj og lesesalsomvising for alle faddergrupper. Sjekk timeplan på uib.no/emne/EXPHILPSSEM for tid og stad for forelesinga for di gruppe.
Opptak til årsstudium i psykologi gir studierett i eitt år. Årsstudiet kan takast på ulike måtar:
Lesesalsomvising og lunsj for gruppe PS 1.1 til 1.8 10.15–11.30 Lesesalomvising Stad: Startar i Christies gate 12, aud. 130 11.30: Lunsj Stad: Christies gate 12, vrimlearealet i 1. etasje
Lesesalsomvising og lunsj for gruppe PS 2.1 til 2.8 12.15: Lunsj Stad: Christies gate 12, vrimlearealet i 1. etasje 13.00–14.15 Lesesalomvising Stad: Startar i Christies gate 12, aud. 130
10
• Du kan velje dei fem obligatoriske emna (ex.phil., EXFAC03P, PSYK100, PSYK101 og PSYK102) som kvalifiserer for opptak til psykologstudiet. Dersom du vel å studere desse emna, får du ein kollisjonsfri timeplan. • Du kan studere eitt år med opne emne ved fakultetet, eller du kan velje blant andre opne emne ved UiB. Du vel sjølv kva for emne du vil studere. Merk deg at du sjølv må passe på å velje emne der undervisning og eksamen ikkje kolliderer. Same kva studiemåte du vel, kan årsstudiet i psykologi inngå som ein del av dei fleste bachelorprogramma ved universitetet.
2. DITT FØRSTE SEMESTER Ved Det psykologiske fakultet er det første semesteret sett saman av tre emne på 10 studiepoeng kvar. Desse emna er examen philosophicum (EXPHIL-PSSEM/ EXPHIL-PSEKS), examen facultatum (EXFAC03P) og innføring i psykologi (PSYK100) eller innføring i pedagogikk og helsefremmande arbeid (POH100). Samla gir emna ei brei innføring som førebur deg til universitetsstudia både fagleg, praktisk og sosialt; fagleg fordi du blir kjend med fagtradisjonar, metodar og kunnskapsfelt, praktisk fordi du får trene på skrive-, argumentasjons- og arbeidsmåtar, og sosialt fordi du møter andre studentar i mindre grupper. Deltaking i seminargrupper gir godt høve til å bli kjend med andre studentar.
Examen philosophicum (ex.phil.) Ex.phil. skal gi deg ei innføring i sentrale, allmenne grunlagsproblem i vestleg tenkemåte. Emnet skal gi eit overordna filsofisk perspektiv på akademisk kultur og danning. Delar av litteraturen har ein naturleg overgang til litteratur i resten av det første semesteret for psykologar. Kurset set fokus på filosofiske problem som er særleg relevante for psykologistudentar. 12
Sentralt i denne samanhengen står ei problematisering av oppfatninga om at mennesket står i ei særstilling i høve til andre biologiske skapningar. Kurset tek også føre seg spørsmål knytte til logiske omgrep, språkbruk, argumentasjon, tolking og vitskapsforståing. Du kan velje seminarmodellen med seminaroppgåve eller sjølvvstudium med avsluttande skuleeksamen.
Seminarmodellen På seminarmodellen får du tett oppfølging gjennom heile semesteret, og opplegget er skreddarsydd for ferske studentar. Du blir meld på ei gruppe som du følger heile semesteret. Kvar gruppe har sin eigen seminarleiar med ansvar for undervisning og rettleiing. Det er obligatorisk oppmøte i seminargruppene, og det er krav om aktiv innsats gjennom heile semesteret. Du skriv ei seminaroppgåve og denne oppgåva blir til slutt vurdert som eksamensarbeidet ditt. Undervegs i semesteret blir informasjon gitt på seminaret og på Mi side. NB: Det er obligatorisk oppmøte på det første seminaret! Dersom du ikkje møter opp, risikerer du å miste plassen din på seminarmodellen.
Undervisninga startar: fredag 15. august, sjå timeplan på uib.no/emne/EXPHIL-PSSEM Første seminar: veke 35 (NB: Obligatorisk oppmøte!) Kode: EXPHIL-PSSEM Etter at du har takka ja til studieplassen til Samordna opptak, får du tilsendt eit elektronisk spørjeskjema. Plassering i seminargrupper blir gjort i forkant av semesterstart på bakgrunn av dei svara du gir i spørjeskjemaet. Svarfrist er 3. august.
Skoleeksamen Dei som ikkje har høve til å følge seminarmodellen, kan likevel gå opp til ein skriftleg skoleeksamen. Her er det ikkje obligatorisk undervisning, men du har høve til å følge dei opne forelesingane. For å kunne gå opp til skoleeksamen må du skrive ei øvingsoppgåve som dekker alle delane av litteraturen. Du får skriftleg tilbakemelding på øvingsoppgåva. Sjå emneomtalen for å få meir informasjon. Undervegs i semesteret blir informasjon gitt på forelesingar og på Mi side.
Examen facultatum (ex.fac.) tek for seg det teoretiske fundamentet i psykologifaget og den historiske utviklinga faget har hatt som vitskapleg disiplin. Undervisninga startar: veke 34, sjå timeplan på uib.no/utdanning Kode: EXFAC03P Siste frist for oppmelding på StudentWeb: 1. september
Innføring i psykologi gir deg ei brei innføring i den psykologiske vitskapen. Du lærer mellom anna om det biologiske fundamentet i psykologien, minne, læring, personlegdom, utviklingspsykologi og sosialpsykologi. Undervisninga startar: veke 34, sjå timeplan på uib.no/utdanning Kode: PSYK100 Siste frist for oppmelding på StudentWeb: 1. september
Undervisninga startar: fredag 15. august, sjå timeplan på uib.no/emne/EXPHIL-PSEKS Kode: EXPHIL-PSEKS Siste frist for oppmelding til eksamen: 1. september 13
Innføring i pedagogikk og helsefremmande arbeid er ei førebuing til studium innan utdanning og helse. Du lærer mellom anna om utviklinga og det ideologiske grunnlaget til velferdsstaten, kva som kjenneteiknar helse og pedagogikk som fagområde, den administrative oppbygginga i utdanning og helsetenester, og om profesjonalisering av yrkesgrupper. Undervisninga startar: veke 34, sjå timeplan på uib.no/utdanning Kode: POH100 Siste frist for oppmelding på StudentWeb: 1. september
Innpassing av tidlegare utdanning? Usikker på kva du skal velje? Kontakt studierettleiaren ved Informasjonssenteret i Christies gate 13 dersom du har teke ex.phil. og/eller ex.fac. eller andre emne og er usikker på korleis du skal få dei innpassa i graden, eller du er usikker på kva fag du skal velje.
14
Informasjon om emne På uib.no/utdanning og Mi side (du får tilgang når du har oppretta brukarkonto) finn du informasjon som emneskildringar, litteraturlister og timeplanar. Når du har oppretta ein brukarkonto, kan du logge deg inn på Mi side. Her finn du aktuelle meldingar frå lærarar og studierettleiarar, din eigen timeplan veke for veke, oversikt over dei andre studentane på emnet og annan informasjon som du treng.
15
3. PRAKTISK INFORMASJON Det er eit tett program den første veka på universitetet, og det er mykje å hugse på. Derfor har vi laga ei oversikt over kva du må gjere og i kva rekkefølge:
1. Betale semesteravgift
2. Stadfeste utdanningsplanen på StudentWeb Kvart semester må du stadfeste utdanningsplanen din på studentweb.uib.no. Dette kan gjerast frå måndag 11. august.
Alle som skal studere ved UiB må betale semesteravgift til Studentsamskipnaden i Bergen (SiB). Vi anbefaler deg å betale så tidleg som mogleg, og helst før studiestart, for å unngå forseinking. Du må sjølv hente ut nødvendig betalingsinformasjon frå StudentWeb og betale avgifta innan 1. september.
Når du loggar deg inn på StudentWeb, skal du: • melde deg til undervisning og vurdering • stadfeste at utdanningsplanen din er riktig for dette semesteret • finne betalingsopplysingar slik at du kan betale semesteravgifta, dersom du ikkje alt har gjort dette • registrere adressa di
For å logge deg på studentweb.uib.no treng du fødselsnummeret ditt og din personlege pin-kode. Pin-koden finn du i brevet frå UiB med tilbod om studieplass. Dersom du ikkje har motteke pin-kode, kan du enten kontakte informasjonssenteret på fakultetet ditt eller gå på studentweb og gje ditt fødselsnummer og be om å få koden på e-post.
Fristen er 1. september 2014. Til deg som har søkt lån og stipend i Lånekassen: utbetaling blir ikkje gjort før du har betalt semesteravgifta og stadfesta utdanningsplanen.
Semesterkvittering og oblat
Når du har betalt semesteravgifta og stadfesta utdanningsplanen på StudentWeb, vil du få tilsendt ei semesterkvittering i posten. På denne kvitteringa finn du oblatet ditt som skal limast på studentkortet for at det skal vere gyldig. Det er viktig at du registrerer adressa På StudentWeb finn du også studentnummeret di i StudentWeb og sørger for at du har namn ditt, som du treng for å opprette ein brukarkonto. på postkassa di. På semesterkvitteringa finn du Vel ’Betaling’ på StudentWeb for å få fram nødvendig betalingsinformasjon som KID, kontonummer og beløp, og betal avgifta via nettbank.
16
også studentnummeret ditt, som du vil få bruk for i mange samanhengar som student. På nettsida ’UiB og meg’, (uib.no/studentinfo) finn du informasjon om kva du skal gjere om du ikkje har fått semesterkortet innan ti dagar etter at du har betalt semesteravgifta og stadfesta utdanningsplanen.
3. Opprette brukarkonto Når du har teke imot tilbodet om studieplass og stadfesta utdanningsplanen din på StudentWeb, må du opprette ein brukarkonto. Det gjer du ved å gå inn på sebra.uib.no og følge instruksjonane der. For å opprette brukarkonto treng du: • fødselsnummer • studentnummer (frå StudentWeb) • Pin-koden Brukarkontoen gir deg: • tilgang til personlege sider (Mi side) • eiga e-postadresse • tilgang til pc-stover og utskriftsog kopieringstenester • tilgang til UiB sitt nett frå eigen pc • personleg lagringsområde på nett, med backup etter UiB sine backup-rutinar
4. Ta i bruk nettsida Mi side Miside.uib.no er ei personleg nettside med samla tilgang til kalender med timeplaninformasjon, litteraturliste, emneinformasjon, meldingsteneste, personleg fillager og diskusjonsgrupper. Mykje av den faglege og administrative informasjonen blir formidla via Mi Side, og UiB forventar at du tek denne tenesta i bruk.
5. Skaffe deg studentkort Alle studentar må ha eit studentkort. Studentkortet fungerer som: • identitetskort • nøkkelkort • lånekort ved Universitetsbiblioteket • inngangskort til SiB sine treningssenter • betalingskort ved utskrift og kopiering Fotografering og avhenting gjerast på Kortsenteret på Studentsenteret. Merk at du må vise gyldig legitimasjon ved fotografering. Du må ha stadfesta utdanningsplanen og oppretta brukarkonto seinast dagen før du kan hente kortet. Kortsenteret har utvida opningstider i veke 33–35, kl. 09.00–15.00.
Merk deg at det kan ta inntil ein time frå du har stadfesta utdanningsplanen din til du kan opprette brukarkonto.
17
4. INFORMASJONS- OG RETTLEIINGSTENESTER Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet Ved informasjonssenteret • får du informasjon om emne, reglar, fristar osb. • kan du bestille rettleiingstime • kan du få hjelp til å semesterregistrering Hos ein studierettleiar kan du blant anna diskutere: • korleis du planlegg studiet ditt • studietilbodet ved fakultetet • samanhengen mellom fagval og moglege yrkesvegar • utveksling • kva du skal gjere når du ikkje meistrar studia • endring av utdanningsplan Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet Adresse: Christies gate 13 Opningstid. Måndag–fredag 09.30–14.30 E-post: studierettleiar.psyfa@uib.no Telefon: 55 58 27 10
’UiB og meg’ Vi anbefaler deg å gjere deg kjend med innhaldet på sida ’UiB og meg’ som du finn på uib.no/studentinfo. Her har vi samla lenkjer til ei mengde med informasjon og skjema som du har bruk for som student. Har du til dømes spørsmål om betaling av semesteravgift, semesterkort, studentkort, karakterutskrift eller tilrettelegging til eksamen, så er ’UiB og meg’ ein lur stad å leite.
uib.no/utdanning På nettsida uib.no/utdanning finn du blant anna oversikter over fagtilbod, studieplanar, delstudium i utlandet og rettleiings- og velferdstenester.
Studentsamskipnaden i Bergen Studentlivet er meir enn studia, difor finst Studentsamskipnaden. Når du har betalt semesteravgifta til SiB, kan du nytte alle SiB sine tilbod. SiB gir deg positive kvardagsopplevingar! På Studentsenteret har vi samla dei fleste av SiB sine tilbod under eitt tak:
18
SiB Rådgivning
SiB Tannhelseteneste
Her får du individuelle råd og rettleiingstimar, og tilbod om ei rekkje spennande og nyttige kurs i blant anna eksamensmeistring, å ta ordet eller stressmeistring, heilt gratis. Ta kontakt på radgivning@sib.no
Studentane har ei eiga tannhelseteneste på Årstad. Her får du tannundersøkingar og tannbehandling til prisar på linje med offentlege satsar. Telefon 55 20 64 58/59.
SiB Psykiske Helseteneste (SPH)
Helsestasjon
SiB og Engen Helsestasjon samarbeider om å gi eit gratis helsetilbod med fokus på studentar si seksuelle helse. På Engen Helsestasjon får du gratis reseptar og kondom, test av kjønnssjukdommar og råd Refusjon av legeutgifter om sex og samliv. Ope måndag, tysdag og SiB refunderer dine helseutgifter når dei onsdag 15.30–18.00. Inga timebestilling, overstig 550 kr i løpet av eit år. Dersom du har trekk kølapp når du kjem. utgifter til lege, fysoiterapeut, transport eller Karrieresenteret tannskader kan du gå til sib.no/helse, der du finn søknadsskjema og informasjon om kvar Lurer du på kva du skal bruke utdanninga di du får pengane tilbake. til? Kom gjerne på Karrieresenteret tidleg i studia og drøft det med ein karriererettleiar. Legene på Høyden Senteret hjelper deg òg med CV, På Vektertorget i Christies gate 13, finn du eit jobbsøknader, intervjutrening og tips om eige legetilbod for studentar. Tenesten er eit arbeidsmarknaden. Karrieresenteret driv fastlegetilbod, men tilbyr også akutt-timar for traineeprogrammet Trainee vest, som kvar studentar som ikkje har fastlegen sin i Bergen. vår lyser ut traineestillingar. Sjå sib.no/no/helse/lege for meir informasjon. Gratis psykologtilbod til studentar. Kort ventetid. Besøk oss på Studentsenteret eller bestill time på telefon 55 54 51 45.
20
SiB Trening SiB driv seks flotte treningssenter rundt om på campus. Tre av dei ligg i Bergen sentrum, og det største er på Studentsenteret. Hos SiB Trening kan du trene alt frå aerobic, pilates, vekttrening, svømming, klatring og squash med meir til ein rimeleg pris.
SiB Bustad SiB har over 4000 hybeleiningar med ulike fasilitetar. Vi har ein bustad for deg enten du ønsker å bu aleine, dele kjøkken, dele bad, bu med eller utan barn eller bu i kollektiv. Søk om bustad hos oss via sib.no/bolig. Les meir om tilboda på sib.no.
Studentprestane Når livet blir for stort eller for lite Treng du ein å dele tankane dine med, har studentprestane tid. Du bestemmer kva vi skal snakke om. Vårt tilbod er for alle studentar uavhengig av livssyn. Studentprestane er tilsette av Den norske kyrkja. Adresse: Studentsenteret, Parkveien 1 Kontakt: Kan treffast etter avtale Telefon: 55 58 47 14, Inge Høyland 55 58 94 45, Marie Grindheim E-post: inge.hoyland@prest.uib.no marie.grindheim@prest.uib.no Nettside: studentprest.no
21
5. IKT-TENESTER Brukarstøtte
Eiga e-postadresse
På nettsida ’UiB og meg’ (uib.no/ studentinfo) finn du oversikt over pc-stover, brukarrettleiing for oppkopling av eigen pc, oversikt over tilrådd utstyr og annan nyttig brukarinformasjon.
Når du har oppretta ein brukarkonto, får du automatisk ei eiga, personleg tilpassa e-postadresse; vanlegvis namn.etternamn@ student.uib.no. Det er denne e-postadressa UiB bruker for å sende ut e-post til deg personleg.
IT-avdelinga har eige Facebook side. Her kan du mellom anna få melding om IKTdriftsavvik og lignande. (facebook.com/ itavduib)
IT-assistentar UiB har IT-assistentar er som gir generell hjelp og brukarstøtte til studentar, hovudsakleg på UiB sine tenester. IT-assistentane er å finne på eit eige rettleiarkontor i Christies gate 12, rom 005, måndag–fredag kl. 08.00–18.00.
22
På Webmail (webmail.uib.no) kan du lese og sende e-post frå ein vanleg nettlesar. Webmail har god lagringskapasitet i tillegg til spam- og viruskontroll. Ein del av e-posten du får frå UiB, inneheld store vedlegg med forelesingsnotat, tekstar og artiklar osv. Hugs å lese e-posten din dagleg!
Oppkopling til UiB frå eigen pc Alle som har ein brukarkonto, kan kople seg opp mot UiB heimefrå. I tillegg kan du bruke din eigen berbare pc på universitetsområdet og kople deg til UiB sitt nett, anten i trådlause soner eller på faste punkt plasserte rundt om på universitetsområdet. På UiB sine serverar har du óg ditt eige heimeområde. Vi anbefaler deg å ta dette i bruk for lagring av dokument og filer. Dersom du ønskjer å ta i bruk desse tenestene, kan du finne meir informasjon om dette på nettsida ’UiB og meg’.
Studentbustadene til Studentsamskipnaden i Bergen har gratis oppkopling til UiB. Sjå sib.no/no/bolig/beboer/internet for meir informasjon. Skal du bruke eigen pc, må du sjå til at han er fri for virus. Maskiner som er virusinfiserte, blir utestengde frå UiB sitt nettverk. På internett kan ein laste ned virusvern gratis frå kjende leverandørar. IT-assistentane kan rettleie ved installasjon av virusvern og oppkopling mot UiB sine tenester, men gir ikkje generell brukarstøtte på private maskiner. Du finn IT-assistentane på nettsida ’UiB og meg’.
Pc-stover Pc-stover er arbeidsplassar for studentar. Her finn du stasjonære maskiner drifta av UiB. Ved pålogging med brukarkonto får du tilgang til eige heimeområde for lagring på UiB-serverar. Alle fakulteta har eigne pc-stover og plassar for oppkopling av eigen pc. I tillegg kan du nytte deg av tenestene ved læringssentra til Universitetsbiblioteket. Det psykologiske fakultetet har pc-stover (30 plassar) i Christies gate 12, kjelleretasjen. Her er det også felles skrivarar.
Bibliotek for psykologi, utdanning og helse i Christies gate 12 har totalt 60 arbeidsplassar, 38 av desse med pc, samt trådlaust nett som gjev moglegheit for oppkopling med eigen pc. Opningstid: måndag–fredag, 08.30–19.00.
Utskrift, kopiering og skanning Pullprint er ei betalingsbasert teneste der du betaler for kvar kopi eller utskrift. Det er gratis å skanne sider og få dette sendt som ei fil til eiga e-postadresse. For å få tilgang til tenesta må du ha ein brukarkonto og gyldig studentkort, som fungerer som betalingskort. I tillegg må du fylle pengar på utskriftskontoen via ei webteneste der du kan betale med kredittkort (Visa/Mastercard). Ver merksam på at det kan ta opptil ei veke før du kan ta tenesta i bruk, etter du har oppretta brukarkonto og skaffa deg studentkort. Les meir på nettsida ’UiB og meg’.
23
6. FAGLITTERATUR Universitetsbiblioteket Universitetsbiblioteket (UB) er eit moderne læringssenter, og er ein del av det faglege og pedagogiske tilbodet ved UiB. UB har bibliotekavdelingar ved alle fakulteta. Biblioteket tilbyr • arbeidsplassar med Internett • tilgang til store boksamlingar • tilgang til elektroniske tidsskrift, oppslagsverk og annan faglitteratur på nettet • kurs og rettleiing i informasjonssøking og støtte til oppgåveskriving Det meste av det som finst av både trykt og elektronisk materiale ved UB, kan du søkje fram via UB sin elektroniske katalog. Studentkortet fungerer òg som lånekort ved UB. Bruk det aktivt! Du er velkommen som lånar ved UB. Bli betre kjend med UB gjennom våre informasjonsfilmar «UB – din kilde til informasjon» og «Et plagieringseventyr», sjå uib.no/ub.
24
Bibliotek for psykologi, utdanning og helse Adresse: Christies gate 12 Opningstider i semesteret: måndag–fredag: 08.30–19.00
Fagbokhandel Studia er ei fagbokhandel der du finn pensumbøker og alt du treng til studia. Studia sitt hovudutsal er på Studentsenteret.
7. FADDERORDNINGA Sjølv om fadderveka ikkje tek til før i august, har ei stor gruppe studentar brukt heile våren på å planlegge eit program spekka med arrangement og opplevingar som skal gi deg ein introduksjon til det å vere student i Bergen. Målet med fadderveka er at du skal bli kjend med dine nye medstudentar, med Bergen som studieby, universitetet og alt det spennande
du kan engasjere deg i på fritida. Fadderveka er lagd opp slik at ho skal gi deg ein smakebit på det store spekteret av tilbod som finst for studentar. Fadderprogramma for dei ulike fakulteta finn du på våre nettsider, uib.no/utdanning. Vi ønsker deg ein god start på studietida!
Fadderleiarane ved UiB og dei andre utdanningsinstitusjonane i Bergen har i lang tid planlagt fadderveka Bak: Sandra Louise Mæland (Haraldsplass), Mai-Linn Blålid (NLA), André Skoog (Det psykologiske fakultet), Knut André Flate Vikås (HiB), Preben Sangolt (Det matematisk-naturvitenskaplige fakultet), Helga Grønlund Hodne (Det juridiske fakultet), Jacob Lade Stenvaag (NHH). Foran: Trude Emilie Særvoll (Haraldsplass), Marie Topaas Storm (Det samfunnsvitskaplege fakultet), Lillian Paulsen (NLA), Ingrid Sørbø Wahlstrøm (Det medisinsk-odontologiske fakultet)
26
UTGJEVAR: Studieadministrativ avdeling, Universitetet i Bergen GRAFISK DESIGN: Kommunikasjonsavdelingen, Universitetet i Bergen FOTO: Eivind Senneset (forside, s. 11) • iStockphoto (s. 5, 15) • Tourist Photo/Willy Haraldsen (s. 9) • Sandra Ječmenica (s. 15) • Paul S. Amundsen (s. 11, 15, 19) • Paul-Erik Rosenbaum (s. 15) • Salem (s. 8) • Tourist Photo/Willy Haraldsen (s. 11) • Marianne Røsvik (s. 9) • Colourbox (s. 15) • Thor Brødreskift (s. 15) • Endre Hilleren (s. 15) • Marius E. Hauge (s. 15) • Emil Breistein (s. 25) • Mona Maria Løberg (s. 26) TRYKK: Bodoni AS, Bergen OPPLAG: 1300 PAPIR: G-Print (115 g/250 g)
Hubrougla er symbolet som er brukt i UiB-logoen. Ugla har fr책 gammal tid betydd klokskap og kunnskap. Bergen museum har brukt hubroen som symbol heilt sidan 1830-책ra. D책 UiB blei skipa i 1946, blei ugla adoptert og har sidan vore ein del av universitetets logo.
uib.no